
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 807 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Ja det er for å synleggjere totalsummen, både med tanke på finanseringsbevis og ikkje minst for at det skal være lettare å samanlikne den reelle prisen på ulike bustadar. Fellesgjelda løyser ein ikkje ut, fellesgjelda utgjer ei fast utgift som den nye eigaren startar å betale ned på via fellesutgiftene. Det finnes riktignok burettslag og sameiger som gir kvar enkelt andelseigar adgang til å løyse ut sin del av fellesutgiftene ved å betale inn alt med ein gong, men det er ei spesialløysing som har både fordelar og ulempar. Som huskjøpar må du betale det som er salgsprisen, men du må ha økonomi til at du også klarer å betale avdraga på fellesgjelda. Det å kjøpe bustad med stor fellesgjeld kan være fordelaktig i enkelte situasjonar. Til dømes dersom ein person har for låg inntekt for å kunne låne ein sum tilsvarande felleskostnadane i banken, men som gjennom til dømes arv eller liknande har fått ein stor nok sum pengar til at ein kan betale salgsprisen for bustaden utan å ta opp huslån i banken. Det er også tilfeller der det har gått fullstendig galt med fellesgjeld. For nokre år sidan så var det fleire burettslag/sameiger som gjekk konkurs fordi leilegheitene vart solgt til ein nesten symbolsk pris der den reelle kostnaden var i form av ei fellesgjeld som kjøparane ikkje klarte å betene. I tillegg var det ofte slik at felleslånet var betalingsfritt dei fyrste 5 åra, så for dei som flytta inn og betalte eit par hundre tusen for ei stor leilegheit med 5 mill i fellesgjeld så kunne dei bu kjempebillig i 5 år til fyrste rekninga på fellesgjelda kom. Då var det nærmast umogleg å få solgt leilegheitene fordi det ikkje fantes kjøparar som var villige til å i praksis betale for at den opprinnelege eigaren ikkje hadde betalt på fellesgjelda dei siste åra. Tanken bak disse prosjekta var at til dømes studentar skulle kunne kjøpe seg inn for ein billig penge, og så skulle rekninga for fellesgjelda kome fyrst etter at studenten var ferdigutdanna og i fast arbeid, men det som kunne fungert i teorien fungerer ikkje nødvendigvis like enkelt i praksis sidan mange studentar må flytte for å få jobb, ikkje får jobb, bruker lenger tid på utdanninga enn planlagt, osv.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Dette betyr at du må få lån i banken på 1,99 mill for å kunne kjøpe bustaden. Fellesgjelda "arver" du, så den totale gjelda du må kunne betene vil være på 2,79 mill. Når banken vurderer kva du kan få låne så blir fellesgjelda innrekna når banken skal vurdere din betalingsevne. Merk at det lånet du tek på deg som fellesgjeld kan ha andre rentevilkår og nedbetalingstid enn det huslånet du har i banken. Typisk vil du betale ei høgare rente på fellesgjelda fordi burettslaget/sameiget ofter binder renta på fellesgjelda for å sikre forutsigbare renter, sjølv om dette ofte er litt dyrare enn å ha fleksibel rente. Finansiereingsbeviset du har fått frå banken må være på minst 2,79 mill for at du skal kunne kjøpe denne bustaden, sjølv om du berre låner 1,99 mill frå banken. Om finanseringsbeviset du har fått berre garanterer for lån opp til 2 mill så vil banken gi deg lån på maks 1,2 mill om du kjøper bustad med 800 000 kr i fellesgjeld.
-
15 meters bremselengde tilsvarer hard oppbremsing frå ei fart på 55 km/t under atterhald om gode dekk på tørr asfalt. Merk at dersom du skal stoppe på 15 meter så må du også rekne inn reaksjonstida som tilseier at du kan ikkje køyre fortare enn 35 km/t om du skal kunne klare å stoppe for ei uventa hindring 15 meter framfor bilen. Type dekk, lufttrykk, og mønster påvirker bremselengda. Dyre dekk er generelt mykje betre enn billige dekk, men ikkje alle gode dekk er like gode til alle køyreforhold. Dekk med liten mønsterdybde vil typisk ha stor kontaktflate mot underlaget noko som sikrer god friksjon på tørr asfalt, men slike dekk er typisk dårlege mot vannplaning. Vinterdekk og for så vidt såkalla heilårsdekk har typisk djupe mønster for at vatn og snø skal kunne ledast vekk og gi mest mogleg gummi mot underlaget under slike forhold, ulempen er at ved sommarføre der det ikkje er behov for slike djupe mønster så er det mykje av dekkets overflate som berre er i kontakt med luft. Dette gjer at slike dekk har mykje mindre friksjon på tørt underlag. Det er fysisk umogleg å lage dekk som har gummi med perfekte eigenskapar under alle forhold enten asfaltens overflate har temperatur på -30 til +60. Slike heilårsdekk er alltid eit kompromiss og gir i beste fall middels køyreeigenskapar under alle forhold. Dei dekka som blir solgt som heilårsdekk er produsert for bruk på sørlegare breddegrader der frost er mindre vanleg slik at det er akseptabelt å være litt dårlegare skodd akkurat dei døgna det er kvitt på bakken sett opp mot kostnaden ved å sette på dedikerte dekk for dei to vekene i året det er behov for betre dekk. Prisen ein betalar for å ikkje ha eigne vinterdekk er at mesteparten av året så køyrer ein rundt med dekk som medfører større bremselengde enn kva ein kunne hatt med dedikerte sommardekk. Om ein er bevist på ulempane med heilårsdekk så går det fint å køyre på heilårsdekk i enkelte geografiske områder i Norge. Merk då at det ikkje er snakk om piggfrie vinteredekk som fungerer veldig dårleg når temperaturen blir høg. Den generelle tommelfingerregelen er at heilårsdekk kan nyttast der det er færre enn 10 døgn med temperaturar under 7 grader eller snødekte vegar, og der det ikkje er vanleg med snøvær. Bur du langs kysten der hovudvegane er svarte heile året så kan du bruke heilårsdekk om du berre køyrer lokalt, men då vil du være for dårleg skodd dei dagane i året der det er skikkelig kaldt eller om du treng å køyre opp i høgda der det er vesentleg kaldare.
- 155 svar
-
- 1
-
-
Dette er nok forholdsvis uavhengig av kva konkurrentane gjer. Det er ein vanleg taktikk blant forsikringsselskapa at dei tilbyr deg prisgunstig forsikring for å få deg som kunde, når dei fyrst har deg på kroken så justeres prisane og av og til også dekningsgraden litt etter litt. Dei fleste kundane er ganske så passive og betalar likevel, om kunden ringer for å klage så justeres ofte prisen ned igjen for å hindre deg i å bytte forsikringsselskap. I ditt tilfelle er du ekstra sårbar fordi det også kan være andre grunnar til at det er vanskeleg for deg å bytte forsikringsselskap. Det beste er å høyre med andre forsikringsselskap for å få pristilbod, då kan du enten bytte forsikringsselskap eller presse Gjensidige med at dei må redusere sin pris til eit tilsvarande nivå for at du skal bli.
- 6 svar
-
- 2
-
-
-
Det er nok ikkje direkte ulovleg å stille eit slikt spørsmål, men det er heilt urimeleg. (Ein kan kanskje argumentere for at dette utgjer ei form for trakassering som er ulovleg etter arbeidsmiljølova men det skal litt meir til enn berre eit spørsmål før ein kjem nokon veg med ein slik påstand). Sjefen er ikkje din lege og kan sjølvsagt ikkje uttale seg om din sjukemedling, og du som pasient kan ikkje friskmelde deg sjølv. Det er legen som sjukemelder. Riktignok er det fint mogleg å få sjukemelding der du som pasient får lov til å forsiktig prøve ut arbeid igjen så langt det går, men det er berre legen som kan friskmelde. Sjølv om du er sjukemeldt så kan du ikkje nekte lederen å ta kontakt med deg, som arbeidsgiver så har dei ein del plikter til oppfølging, blant anna tilrettelegging. Eg er ganske sikker på at lederen sa meir over telefonen enn berre "kan du friskmelde deg?". Eit slikt type spørsmål tenker eg vil være naturleg å stille om sjefen i samme samtale forteller om kva tilrettelegging som kan tilbys. Det vil være heilt vanleg å ha ein dialog om arbeidstakaren kan kome heilt eller delvis tilbake i jobben dersom sjefen justerer på arbeidsoppgåver og arbeidstid, kjøper inn tekniske hjelpemiddel, eller liknande tiltak som gjer det lettare å kome tilbake på jobb.
- 27 svar
-
- 5
-
-
-
Hadde et samfunn uten følelser fungert?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Det spørs veldig på korleis ein definerer kjenslene. Biologisk sett så kan ein ikkje berre legge bak seg kjenslene, ein kan til dømes ikkje berre bestemme seg for å slutte å være redd i farlege situasjonar. Om vi definerer kjenslene som måten kjenslene blir manifisert på, så er dette noko som vi i stor grad alt gjer i dag. Alt frå gjennom sosiale normar som at menn ikkje skal grine i offentlegheita, til meir juridiske reglar som at det i dei fleste tilfeller vil være ulovleg å utagere i sinne. Tenker i alle fall at at det er like gjennomførbart med eit samfunn der ein straffer alle som ikkje opptrer stoisk som karakterane frå Star Trek, som det er å ha eit samfunn der ein straffer alle som ikkje trur på Gud, eller eit samfunn der individualisme blir slått ned på. Sistnemte er var veldig vanlege i ein del Asiatiske land der det var veldig tabu å ikkje følge samfunnsnormen. Og det er ikkje så mange år sidan vi i Norge både hadde kirkeplikt og hadde strenge straffer for ukristelege handlingar. Det store spørsmålet er om det blir eit godt samfunn, og det trur eg nok vi kan ganske sikkert svare nei på. Som med dei fleste andre ting så får vi den beste løysinga om vi har ei god blanding. Ein kan ikkje forby folk å vise at dei har kjensler og er emosjonelle vesener, samtidig så kan heller ikkje gå heilt motsatt retning der heile samfunnet er kjenslestyrt, vi må ha nokon lover og reglar til å regulere folks oppførsel. -
Dette kan variere. Det finnes fleire måtar å organisere arbeidet på som kalles 5 skift. Det kan bety at arbeidet er delt inn i fem bolker der du jobber ei veke dagtid, ei veke kveld, ei veke fri, ei veke natt, og ei veke fri, før du starter på nytt med ei veke dagtid. I denne samanhengen er det 5 skift fordi det er ein rotasjon der du har samme arbeidstid berre kvar femte veke. Men det kan også bety at du jobbar fire veker med kveldsskift og så har fri den femte veka før det er nye fire veker med kveldsskift. Eller dersom det er ein arbeidsplass der ein jobbar alle sju dagane i veka så kan det ei 5 skift ordning medføre at ein deler inn dagane i fem ulike skift slik at du på ei slik ordning jobbar til dømes kvar femte søndag. Kort sagt så må du forhøyre deg om korleis skiftarbeidet er organisert der du fekk jobbtilbodet. Om dette er ein jobb i ein bedrift med tariffavtale så kan du sjekke opp i aktuell tariffavtale om det der er definert ei skiftordning, om ikkje så må du være klar over at det ikkje finnes ein fastsatt definisjon på kva som er 5 skift arbeid. Det du i alle fall må finne ut av er om skiftordninga også innbefatter nattskift og/eller helgearbeid. Nokre stadar er det skiftarbeid 365/24/7, andre stadar jobbes det berre måndag til fredag frå 07 til 23. Sjølv om det er berre arbeides 16 timar per dag så kan det være store forskjellar på korleis skifta er organisert, nokre stadar er det berre to skift med enten dag eller kveldsarbeid, andre stadar så er det tredelt der nokon startar tidleg, nokon midt på dag og nokon til kvelden slik at det stadig overlapp av tilsette på arbeidsplassen. Måten ein roterer mellom dei ulike skifta kan variere, typisk at du jobber ei veke i gongen på samme tidspunkt eller at du rullerer frå dag til dag. Kva skiftordning som er mest gunstig er ofte høgst individuelt. Nokre vil helst jobbe intensivt med lange perioder med fri, andre vil helst ha hyppige men kortare friperioder.
-
Ville nok konferert med elektrikker for å sjå kor omfattande det er å oppgradere fullt ut, må du trekke nye kablar utan at det er lagt inn trekkrør så baller det for på seg ved at du også må pusse opp dersom du ønsker skjult elektrisk anlegg. Sidan du bur i leilegheit så er det ikkje sikkert det er så aktuelt, men om du fyrst skal gjere mykje arbeid på det elektriske anlegget så ville eg underholdt tanken om å få satt opp eigen kurs på verandaen som kan brukast til såkalte balkongpanel (solceller som henges på veranda/vegg og plugges i stikkontakt. Nye NEKen har opna litt meir opp for at det kan etablerast dedikert kurs for dette. https://www.dsb.no/elsikkerhet/aktuelt-elsikkerhet2/pluggbare-solcellepaneler-innebarer-risiko/ Det er nokre hinder, mellom anna at det må brukast eigen plugg. Det er kanskje litt tidleg for å satse på dette sidan det så langt ikkje er laga ein internasjonal standard for pluggen enda, men skal du fyrst ha utekontakt så ville eg underholdt tanken med å også få lagt opp kabel slik at du seinare kan montere standarisert plugg. Med tanke på komande straumprisar og billegare solcellepanel så er det nok fleire som kjem til å gjere dette. På ein innglassa veranda slik som du har så vil du kunne sette opp eit slikt solcellepanel utan å henge panelet på utsida med dertil naboklager og søknad til styret. Ein ekstra bonus er at slik dedikert kurs for straum inn vil også være ypperleg til å kolpe til eit vanleg straumaggregat om du skal tenke litt eigenberedskap for langvarige straumbrot.
-
Einig i det. At han tidlegare har jobba for Uber kan forklare bakgrunnen for hans politiske ståstad om drosjenæringa, men det er ikkje korrupsjon å ha hatt ei fortid. Eg er ikkje ein gong sikker på om det er ugreit å ikkje opplyse om slike tidlegare tilknyttingar heller, Snortheim har ikkje lenger eigeninteresser i saka sidan han ikkje lenger jobber for Uber. Hadde han både vært politiker og hatt denne jobben så kan det kanskje være ein interessekonflikt, men så lenge Snortheim argumenterer utifrå eige partiprogram så kunne han nok også hatt denne jobben i Uber utan at det blir interessekonflikt. Etter mitt syn er det som alle dei politikarane som diskuterer landbrukspolitikk samtidig som at dei sjølv har budd på ein gard, vanlegvis vil ein sjå på dette som nyttig erfaring for å kunne meine noko fornuftig om landsbrukspolitikken. Skulle vi kasta ut alle som enten sjølv driv eit småbruk eller har familiemedlem som er bonde så er det mange politikarar som ikkje hadde fått uttale seg.
- 96 svar
-
- 4
-
-
-
Hvor farlig er det å kjøre rundt med gamle dekk?
The Avatar svarte på Lyncs sitt emne i Bil og motor
Veteranbilar køyres ofte også i maks 40 km/t på søndagar med finvær. Det er ikkje så mange veteranbilar som rullar på vegane så det er relativt få ulykker med veteranbilar, men når det fyrst skjer så bruker det å gå veldig galt. Er fleire eksempel på at kræsj med veteranbil fører til dødsulykke, som no tidlegare i sommar: https://www.eikernytt.no/2025/06/12/frigivelse-av-navn-etter-trafikkulykke-i-hokksund/ Det er sjølvsagt ikkje alltid at det er dekka som er årsaken til ulykka, men dei som køyrer veteranbil på gamle dekk er veldig klar over risikoen og tilpassar køyringa si deretter. -
innfører krav om gentest før friidretts-VM i september
The Avatar svarte på Mr.M sitt emne i Sport og idrett
Synes det er heilt greit at alle deltakarane skal testast sjølv om det tilsynelatande er unødig. Ved å behandle alle deltakarne likt så slepp friidrettsforbundet å måtte ta stilling til kven dei mistenker har SRY-genet, det er pårekneleg at det hadde blitt meir styr med den eine utøvaren som friidrettsforbundet tvinger til å avlegge gentest og opplever dette som stigmatiserande enn at det blir at Iuel også avlegger gentest til tross for at ho har født barn. Som det står i artikkelen så tek Iuel dette med stor ro og seier det ikkje koster henne noko å avlegge ein slik test. Det er også eit poeng at ved å gjere gentesten obligatorisk så er det heller ingen fare for korrupsjon der utøvarar som har SRY-genet bruker pengar og innflytelse til å få friidrettsforbundet til å teste nokon andre i staden for. Eg synes det er bra at ein forsøker å rydde litt opp for å gjere konkurransane meir rettferdige, samtidig så er eg litt usikker på eksakt kor grensane bør gå for å få konkurrere i kvinneklassen. Ved å innføre denne testen som målestokk så setter ein ei hard grense på at kvinnelege utøvarar må ha XX kromosom, og at Y kromosom utelukker deltaking. Når ein frå før har grenser for testosteron nivå og liknande, så meiner eg at det mest rettferdige (og kanskje også mest interessant for publikum) hadde vært å avvikle herre- og kvinneklasser og heller bruker andre biologisk inndeling alt etter idrettsgrein. Altså litt på same måte som at i boksing så deler ein inn kjønna i vektklasser slik at også korte menn kan hevde seg i eiga vektklasse og ikkje alltid bli slått ut av dei beste i super tungvekt klassa. I sprint så kan det nok være vel så interessent å ha ei oppdeling basert på beinlengde/høgde og ikkje berre på kjønn. -
Ved kjøp av bustad så bør ein ha lang tidshorisont, i pressområder kan ein ha litt kortare tidshorisont før ein casher ut verdistigninga, men det skal nok litt til for at ein som er ufør klarer å kjøpe seg bustad i eit pressområde. Sidan trådstarter nevner studentbustad så antek eg at trådstarter er forholdsvis ung. Då vil det være fordelsaktig å prøve å få kjøpt eit eller anna og betale ned huslån i staden for å betale husleige. Klarer ein som ufør å få nedbetalt ein bustad så vil det utgjere ganske mykje om nettopp 30-40 år. Den store ulempen med å skulle kjøpe bustad er at det blir ekstra tungt økonomisk når du har huslån. Summen av renter og avdrag er fort vesentleg høgare enn tilsvarande leigepris. Ein uføretrygda person som er godt voksen vil ofte ha det vel så godt økonomisk ved å fortsette å leige. Det er litt som ungdom som skal velge mellom å starte i fast jobb etter vidaregåande eller fortsette med utdanning. Sett over tid så er det klart mest lønnsomt å ta utdanning sidan du då tener meir i løpet av yrkeskarrieren. Det blir likevel nokre tunge år der ein skal leve på studielån og deretter få ein relativt dårleg betalt jobb som fyrste jobben der ein samtidig skal betale studielån. Den som går rett ut i arbeidslivet tener mindre i løpet av yrkeskarrieren fordi ein fortare når lønnstoppen, men til gjengjeld har ein mykje meir pengar mellom hendene når ein "tjuvstarter" på arbeidslivet og får lønn frå dag 1 og ikkje fyrst om 5 år om ein fyrst skal ta utdanning. Om drømmen er å kjøpe ny bil så vil du ved å starte å jobbe kunne spare opp til å kjøpe heilt ny bil som 25 åring, går du vegen via universitetet så er du fort oppe i 40-50 års alderen før du har spart opp nok til å kjøpe splitter ny bil.
-
Skal starte butikk, men trenger lån. Hvordan går jeg frem?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Det er eigentleg ikkje så rart, disse butikklokala er ofte dei einaste som er ledige og innflyttingsklare for nyoppstarta butikkar, og sidan dei ofte har stått tomme ei stund så er lokala også relativt billige. Som nyoppstarta butikk så er det ikkje alle som har verken økonomi eller risikovilje nok til å slå på stortromma og etablere seg i dyre og attraktive lokaler, dei fleste satser på at dei får kundar likevel. Skal ein leige lokaler på eit kjøpesenter eller liknande så må ein ofte vente til noko blir ledig og ein må ofte binde seg til lange leigeavtalar, då blir også fallhøgda ved konkurs desto større dersom ein ikkje får butikken til å gå rundt. Mange gründere har også ein kanskje litt naiv optimisme på at akkurat denne butikken ikkje treng å investere i gode butikklokaler sidan produkta er så gode. Logisk sett så trur eg dei fleste forstår at dersom du etablerer deg i ukurante lokaler som både ligg langt unna der folk ferdes og kanskje også er litt bortgjemt, så må ein satse enda meir på reklame og synlegheit, men dette er ofte ein stor kostnad utan garanti for suksess. -
Det er nok ofte at iveren etter selge overgår evnen til å levere, enten ved at alarmtenester tilbys kundar som bur for langt unna, eller ved at der ikkje er nok vektarar tilgjengeleg. Vektertenesta er eit nisjeprodukt for dei som ikkje har vennar/familie som kan bistå når ein sjølv er vekkreist. Den kanskje mest verdifulle tenesta vektaren kan tilby er dette med å få spikra igjen knuste ruter og reparere oppbrotne dører slik at huset kan låsast av på forsvarleg måte, den delen av tenesta er det vanskeleg å finne informasjon om. Om du som huseigar uansett må ringe etter handtverkar, glassmester, osv så kan du liksågodt også være din eigen vaktsentral og få varselet på mobilen.
- 29 svar
-
- 1
-
-
Kva du velger å prioritere er sjølvsagt din sak, men når du bruker 10 000 kr i måneden på mat så velger du aktivt bort mykje anna. Då blir det fort lite igjen til sparing.
- 63 svar
-
- 3
-
-
-
Norge er fortsatt lavt på korrupsjonsskalaen, og samanlikna med mange andre land er vår korrupsjon forholdsvis "uskyldig" og går mest på lobbyvirksomheit og rolleblanding. Vi har lite til ingen korrupsjon på dei store områda som økonomi og rettsvesen. Dette med rolleblanding har nok til dels også med at vi er eit lite land med dertil små fagmiljø, det aukar faren for at det er samme personane som roterer mellom stillingar og verv innan det faget.
- 96 svar
-
- 7
-
-
Ikkje uventa. Varetektsfengsling i fire veker framstår som ein overreaksjon. Eg trur likevel at politiet kan ha rett i at det er stor fare for at spanjolen reiser heim til Spania sjølv om han har meldeplikt. Men å holde han i varetek i ein måned berre fordi han er utlending framstår som nemt som ein overreaksjon når det ikkje er fare for at bevisforspillelse.
-
På den andre sida så er det stor fare for at den som har jobba "på golvet" har blitt veldig farga av sin erfaring og sitter igjen med inntrykk av at det ikkje er nokon vits i å prøve noko nytt, for det vil aldri fungere. Det er heller ikkje gitt at det å ha jobba på golvet medfører at ein klarer å sjå det store bildet. Eg vil nesten påstå at det kan bli like ille om alle stortingspolitikarar skal ha arbeidserfaring frå golvet, om det medfører at ein ikkje klarer å sjå dei overordna behova. Har du jobba 10 år som reinhaldar så veit du utmerket godt kva som krevs for eit godt reinhald av byggningar, men det er ikkje gitt at din erfaring med å dra moppen over golvet har gitt deg eit godt utgangspunkt for å vurdere balansegangen mellom kva som er for lite, godt nok eller for godt reinhald sett opp mot kostnadane ved å drive reinhald. Etter mitt syn så er viktigaste eigenskapen som ein politikar må ha er viljen og evna til å sette seg inn i ulike saker, noko som både medfører at sakspapira blir lest og at ein lyttar til fagfolk på ulike nivå. Igjen om du berre lyttar til reinhaldarane og aldri lytter til reinhaldsleiaren så kan vi fort få ein politikk der golvet blir vaska kvar time sjølv om det berre er behov for å vaske ein gong i veka. I ein slik situasjon så er det ein stor fordel at politikaren ikkje har hatt "skoa på" og heller fastsetter politikk utifrå kva som er det beste for samfunnet som heilheit og ikkje berre ser på detaljane.
- 34 svar
-
- 1
-
-
Som stemmegiver så har du ikkje lenger denne muligheita. Før når du kunne stryke kandidatar så kunne du stemme ved å velge partiet ditt og så flytte opp dei politikerane i partiet som du ville ha inn på stortinget. I dag må du avgi stemme etter den kandidatlista som partiet sjølv har satt opp, typisk då med partileiaren øvst, deretter nestleder, osv. Skal du stemme på politikarar med yrkeserfaring eller utdanning så må du finne eit parti som har valgt å sette sine politikarar med erfaring/utdanning øverst, men då må du mest truleg stemme på eit parti som fører ein overordna politikk som du ikkje er einig med. Kva bakgrunn politikarane skal ha er ein litt vanskeleg balansegang. Av og til så er det nyttig at den politiske leiinga har praktisk erfaring frå det fagområdet dei skal bestemme over, men det kan også være ein stor ulempe om lekfolk ikkje får lov til å bestemme korleis samfunnet skal utvikle seg.
- 34 svar
-
- 1
-
-
Hvordan kan jeg endelig lykkes med å gå ned i vekt? Feiler gang på gang
The Avatar svarte på Lyseblå sitt emne i Helse
Det er alltid avvegningar å ta, og apropos røyking eller snusing så er det fortsatt slik at mellom anna kreftforeininga slå fast at snusing er marginalt betre enn røyking. Det er fortsatt stor kreftfare ved snus, men innhalering av tobakksrøyk er litt meir helseskadeleg. Kunstig søtningsstoff er på ingen måte sunt, men når det primært er kampen mot kaloriane som er i fokus så er det eit fullgodt alternativ. Det beste er å slutte heilt med sukkertøy, for det er det sunnaste. Men blir søtsuget for stort så er det betre å velge sukkerfrie alternativ framfor ekte vare. Tilsvarande er det også veldig mange som slit med rusavhengigheit som klarer å bli rusfrie ved å bruke tobakk i staden for andre rusmiddel. Det er sjølvsagt ikkje sunt å ta opp røyking i voksen alder, men det er gode sjansar for at forventa levealder blir mykje høgare om ein går over til tobakk framfor å drikke seg til skrumplever eller sette heroin rett i blodomløpet. -
@sedsberg Eg er litt spent på korleis siste ledd i den nye forbrukerkjøpslova blir praktisert. Eg er einig i at det er ein viss fare fare for at produsentane pusher ut slike ondsinna oppdateringar etter 3-4 år som forbrukaren må installere for å ikkje miste reklamasjonsretten dei siste åra av reklamasjonstida. Kan lett sjå for meg at mange opplever å få avvist sine reklamasjonskrav fordi dei nekta å installere "sikkerheitsoppdateringa" som også reduserer batteritida. @Pop Angåande forventa levetid så er det nesten som at eg vil ta til orde for at produsent/butikk skal måtte merke sine produkt med best før dato. På den måten vil det være lettare for kunden å vurdere kva produkt som er verdt å kjøpe, i staden for at ein må bruke tid på å krangle med butikktilsatte som openbart har fått feilaktig opplæring (som ei viss elektrokjede som ei stund hardnakka påstod at elektronikk som fikk plass i ein pose ikkje hadde meir enn 2 års reklamasjon).
-
Hvor farlig er det å kjøre rundt med gamle dekk?
The Avatar svarte på Lyncs sitt emne i Bil og motor
På generell basis så vil eg anbefale deg å bytte dekka, det er stor sannsynlegheit for at dekka har blitt harde og mista mykje av friksjonen sjølv om mønsterdybden er grei. Det kan likevel variere ein del utifrå korleis dekka har blitt brukt dei 7 åra dei vart brukt, kva kvalitet det er på dekka, og ikkje minst korleis dekka har blitt oppbevart dei siste 8 åra. Eit anna moment er også korleis bilen skal brukast. Det er stor forskjell om dette er ein bil som du omtrent berre bruker i tettbygde strøk der det er 50 sone eller om du skal køyre mykje på landevegar i høg hastigheit. Om du velger å bruke dekka så er det viktig at du heile tida er bevist på at du har dårlege dekk og at du avpasser køyringa deretter både når det gjeld fart og avstand til bilen foran. Sikkert unødvendig å presisere men det er særleg viktig med fartsavpassing i svingar og stadar der det er pårekneleg at du fort må bremse opp til dømes på grunn av fotgjengarar eller dyr i vegbana. -
Det er § 15 som er endra. Det forrige lova som vart vedtatt i 2002 hadde denne bestemmelsen: I den nye lova gjeldande frå 2024 så er paragrafen kraftig utvida der retten til oppdatering er nemt fleire gongar, (med mine uthevingar): Den gamle lova omtalte berre generelt at tingen som skulle ha dei eigenskapane som følger av kjøpsavtalen, den nye lova understreker no at oppdatering av produktet er ein del av tingens eigenskapar. Merk siste ledd som også innfører ei plikt for forbrukaren om å installere tilgjengelege oppdateringar om forbrukaren har blitt oppfordra til å oppdatere.
-
Det er verdt eit forsøk å tvinge telefonen til å prioritere 4G nett og ikkje drive å søke etter 5G. Dette gjer du inder instillingar-tilkoblingar-mobilnett. Det kan være at akkurat denne telefonen har dårlegare antenne for å få inn 5G signal eller liknande, så å tvinge telefonen til å være på 4G og sjekke batteritida er i det minste verdt eit forsøk. Tilsvarande kan det også være aktuelt å teste telefonen i flymodus med avslått wifi og BT for å finne ut om det er telefonen i seg sjølv som suger batteri eller om det er om det er radiokommunikasjonen.
-
Grovheitsskalaen er også litt misvisande. Brød som har 2/4 grovheit kan ved fyrste augekast sjå ut som at det er 50% grovheit, men sanheita er at brødet kan være så lite grovt som 25% og fortsatt få denne merkinga. Dei grovaste brøda treng berre 75% eller meir for å få maks score på skalaen, men det er stor forskjell på eit brød som har grovheit på 77% kontra eit brød med 92% grovheit sjølv om merkinga er lik.
- 283 svar
-
- 1
-