Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 832
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er ikkje heilt beint fram å svare på dette. Det fyrste spørsmålet er kva nivå du skal legge deg på. Snakkar du om balansert ventilasjon med varmegjenvinner, berre balansert ventilasjon, eller berre mekanisk ventilasjon? Pris og kompleksitet er veldig avhengig av kva nivå du legg deg på. Det som er vanskeleg med balansert ventilasjon er å prosjektere det rett slik at lufta blir skifta ut ofte nok til å gi godt innemiljø samtidig som at du ikkje unødig pumper ut oppvarma inneluft. Akkurat det å sette opp aggregatet og legge luftekanal er den lettaste jobben. Merk at det også er mange nyhus som er heilt feil prosjektert, ofte fordi ein berre monterer anlegget utan å stille det inn. Eigentleg skal det følgje med dokumentasjon på at ventilasjonsanlegget er innstilt og tilpassa huset, men etter min erfaring så manglar dette ofte på nye hus. Om mogleg så bør du unngå å plassere ventilasjonsaggregatet i kalde rom som kaldloft/krypkjellar. Du kan gjere det men då må du være ekstra påpasseleg med dampsperra slik at du ikkje får problem med fukt. Personleg så tenker eg at dette prosjektet koster meir enn det smaker når du tenker 5-10 år før du uansett skal totalrenovere. Med ein slik tidsramme så hadde eg sett meg fornøgd med vanleg 70-tals ventilasjon via lufteventilar, og heller brukt dei 30 000 kr på å montere varmepumpe for å kompensere for varmetapet ved å ha ventilasjon utan varmegjenvinner.
  2. Det har betra seg litt. Særleg etter at lastebilforbundet eller kven det var gjekk til sak og vant fram med at politiets "rutinemessige" førarkortbeslag var lovstridig og berre kunne gjennomførast når det var vurdert som stor fare for nye ulykker fram til ein eventuell dom på at førarkortet skulle beslagleggast. Det eg likevel ser er at i alvorlege trafikkulykker så får bilisten ofte behalde førarkortet fram til saka er avgjort, medan førarkortbeslag skjer oftare ved mindre trafikkuhell. Ein av grunnane til at det er slik er at utan dashcam eller liknande så er det ofte vanskeleg å presist anslå fart og køyrestil til både bilist og syklist. Uhell som skjer i låg hastigheit har ofte ein større tendens til å bli vurdert som bilisten sin feilettersom bilisten har plikt til å kunne stoppe for ei kvar pårekneleg hindring, og den plikten slår hardare ut når bilisten køyrer i tilnærma gangfart enn dersom ein kolliderer i 60 km/t med ein syklist som kjem omtrent like fort frå venstre gjennom eit kryss. Dette har nok i stor grad med opplæring å gjere. Syklistar skal også følge trafikkreglane men det er ikkje krav til å bevise kompetansen i motsetting til hos bilistar som må bestå både teoretisk og praktisk førarprøve for å få køyre. I tillegg er heller ikkje trafikklovbrot utført av bilistar ei proioritert oppgåve for politiet. Det hender seg at politiet har kontrollar der dei bøtlegger syklistar som syklar på raudt lys og liknande, men eg har aldri høyrt om at politiet har hatt fartskontroll for å påsjå at syklistar følgjer 6 km/t regelen ved passering av gåande. (Eg veit at det har vært utført fartskontroll av elsparkesyklistar, men då opp mot hastigheitsbegrensninga på 20 km/t).
  3. Det å kutte eksporten vil sjølvsagt hjelpe mykje, men dersom vi skal være sjølvforsynte med vasskraft så må vi bygge ut ganske magasinkapasiteten vår, altså treng vi fleire demningar. Vi kan spare inn litt utbygging ved å investere i nye og betre turbinar for å få utnytta vasskrafta litt betre, men vi slepp uansett ikkje heilt unna nybygging. Den store svakheita med vasskrafta er at tilsiget av regn og snøsmelting varierer mykje både med sesongen og frå år til år. Vi har derfor store utfordringar både med at demningane blir så fulle at det må sleppast ut vatn sjølv om det ikkje er behov for å produsere staum, og at det er så lite vatn at produksjonen må sterkt reduserast for å ikkje gå heilt tomme for produksjonskapasitet. Atomkraft kan være ei løysing for å flate ut straumproduksjonen utan å være avhengige av været. Akkurat no er det mest fokus på å prøve å dekke opp straumbehovet med vind- og solkraft samt straumimport frå utlandet, utfordringa i Norge er at straumbehovet er størst om vinteren når det er vanskelegast å produsere straum. Nedbøren om vinteren kjem oftast i form av snø, så den nedbøren får vi ikkje utnytta før snøsmeltinga. Så gjennom vinteren må vi klare oss med det vatnet som finnes under isen i dammane. Solceller får natruleg nok mindre sol om vinteren og produserer dermed mindre, medan vindmøllene får paradoksalt nok for mykje vind gjennom vinterstormane slik at vindkraftproduksjonen blir hemma av den grunn. Om vi i Norge får bygd ut ein buffer med atomkraft så kan vi i mykje større grad gjere oss uavhengige av været.
  4. Kor relevant det er med lagring er veldig situasjonsavhengig. For beredskapen din så er det sjølvsagt ein stor fordel å ha din eigen bensinstasjon i garasjen om tilgangen til drivstoff forsvinner. Tanken med å ha elbil i krigssituasjonar er omtrent motsatt, ein tek utgangspunkt i at det er vanskeleg å hamstre opp straum på store batteri, men heller basere seg på at ein mest sannsynleg vil ha tilgang til straum sjølv om det blir krig. Enten gjennom det ordinære straumnettet som ein vil prøve å holde i drift, eller ved hjelp av solceller, vindkraft, osv. Sjølv om straumtilgangen er avgrensa så kan ein ta tida til hjelp og lade sakte, på den måten kan ein nok holde elbilen i gang gjennom heile krigen. Når oljefata med diesel er tomme, så er det tomt, og det er ikkje sikker du klarer å få tak i meir.
  5. Det er heller ikkje gitt at det er bevis å finne sjølv om ein retter søkelyset mot navngitte enkeltpersonar som angiveleg har innrømma kidnapping ovanfor ein tredje person. Ein privatetterforsker kan ikkje gjere så veldig mykje meir enn å bruke tid på saka gjennom å følgje opp offentleg tilgjengeleg informasjon og ved å snakke med aktuelle personar. Politiet på sin side har langt meir tilgang på informasjon. Så lenge politiet etterforsker så er det uhensiktsmessig å skulle ha ein parallell privat etterforsking som er basert på eit tynnare bevisgrunnlag enn det politiet har tilgang til. Det er heller ikkje gitt at tipset framstår som særleg truverdig, særleg i kriminelle miljø så er det ikkje uavanleg at ein skryter på seg kriminalitet som ein ikkje har utført. Både fordi det gir "street cred" å framstille seg sjølv som hardbarka kriminell, men også for å finne ut om ein har tystarar i eigne kretser. Om ein ikkje har gjort ugjerninga så har det liten konsekvens å bli gjenstand for ei politietterforskning basert på tips ettersom det då naturleg nok ikkje finnes bevis sidan heile tilståinga var basert på løgn. Og ved å fortelle litt ulike versjonar av løgnen til ulike personar så får ein også klarheit i kven som har tipsa politiet. Om politiet sikter dei for kidnapping av Anne Elisabeth så veit dei at det er du som tipsa politiet. Om dei blir sikta av politiet for Vålnes drapet så veit ein at det er person B som fekk presentert skrønen om at det var dei som stod bak drapet på Vålnes som har tipsa politiet. Grunnen til at ein leiger inn privatetterforsker er ein av to grunnar. Enten fordi politiet ikkje etterforsker saka slik at ein sjølv må ta ansvar for etterforskninga. Og den andre grunnen er der ein meiner at politiet etterforsker heilt feil spor eller har komt til feil konklusjon. Fram til no har det derfor ikkje vært behov for privatetterforsker. Det kan endre seg no etter at politiet har henlagt saka mot Tom Hagen og ikkje har nye spor å følgje opp. Så det er fyrst no at det er aktuelt med ein privatetterforskar som kan gå gjennom politiets bevis for å sjå om det er ting som politiet har oversett.
  6. Nei det er sjølvsagt betre med energigjenvinning enn å grave ned avfallet, men energigjenvinning er den klart dårlegaste gjenvinningsmetoden. Det som er mest bærekraftig er gjenbruk deretter gjenvinning. Plasten og papiret som blir samla inn bør sjølvsagt brukast som råstoff til å lage nye produkt og ikkje berre brent. Etterkvart som vi får opp effektiviteten på gjenvinninga så blir det lite avfall å brenne til fjernvarme. Det er lite bærekraftig å skulle oppretthalde ein låg grad av gjenvinning og resirkulering for å kunne fortsette å produsere fjernvarme på same måte som i dag.
  7. Om det er krig og straumnettet er så redusert at ein må sjølv produsere sin eigen straum så trur eg ikkje det å søke om konsesjon for å sette opp ein vassturbin eller ei vindmølle er det som får mest prioritet. Som sagt så er det ulike behov, men heile poenget med elbil er at du "fyller tanken" når du har tilgang på straum som du kan køyre på når det er straumlaust. Altså akkurat på same måte som med diesel, du fyller tanken når du har tilgang på diesel og så må du satse på at du ikkje får tom tank før neste gong du får tilgang på diesel. Eg er ikkje heilt einig i at det er veldig enkelt å lage sin eigen straum til å lade elbilen om du treng det. Skal den planen være realistisk så fordrer det at du alt har solceller på taket eller ein turbin som du berre treng å få til å snurre ved hjelp av vass- eller vindkraft. Det sagt så er det ikkje så enkelt å raffinere diesel heller. Dagens bilar er for fintfølande til at du kan bruke anna type drivstoff som til dømes heimebrent.
  8. Kritikk får ein nok uansett, så taktikken blir basert på rein gjetting. I beste fall er taktikken basert på litteratur og statistikk over kva som er mest sannsynleg i slike saker. Hadde politiet gått ut i media med ein gong så kunne ein nok fått inn slike bevis som du nevner som dashboardkamera, webkamera, augevitne, digitale spor, osv, men ved å vente så vart det mykje vanskelegare å samle inn slike bevis. Om ein slik taktikk hadde gitt fellande bevis får vi aldri vite. Det einaste som er rimeleg sikkert er at dersom dette faktisk var ei kidnapping og utpressingssak så ville ein slik mediaoppmerksomheit kunne føre til at kidnapparane gjer alvor av trusslane. Men det er sjølvsagt også mogleg at gisseltakarane hadde blitt skremt til å gi opp og utpressingsforsøket og då frigitt gisselet.
  9. Fjernvarme basert på søppelbrenning er lite bærekraftig, ikkje er det særleg effektiv heller då mykje av avfallet har høg grad av fuktigheit som ytterlegare reduserer varmen du får ut av forbrenninga. Nøkkelen til framtidas fjernvarme ligg nok i å vinne ut biogass frå avfallet, slik at fjernvarmen blir produsert med biogass. Ved ein slik framgangsmåte så kan alt avfall gå via eit biogassanlegg der ein mellom anna får utnytta matrestane i plastemballasjen til å lage biogass, når ein har fått ut alt av biogass så skal det organiske materialet være redusert til tørt materiale som kan sendast vidare til kompostering, medan plastmeballasjen har fått mindre matrestar og er no enklare å smelte om for resirkulering. Ein kan også utnytte kloakken i langt større grad enn ein gjer i dag. Ulempen med varmepumpe er at det er ein investering som ikkje alle har råd til. I mange leilegheiter så er det vanskeleg å få montert varmepumpe ettersom det ikkje er alle stadar ein kan montere utedelen på fasaden. Sidan både fjernvarme og vedprisane i stor grad følgjer straumprisen så blir straum ei relativt billig og enkel oppvarmingskjelde, særleg når ein tek høgde for at ein også får straumstøtte. Du får ikkje straumstøtte på fjernvarme, så i veldig kalde perioder der også fjernvarmen er dyr så kan det fort lønne seg å bruke straum til oppvarming sidan du då får igjen ganske mykje av straumprisen du har betalt men ingenting av fjernvarmen du har betalt.
  10. Her peiker du nok i stor grad på roten av problemet. Vi har rett og slett ikkje datingkultur i Norge, sjølv ordet "dating" har vi importert frå engelsk i nyare tid. Den norske måten å gjere det på er at alle bruker kvar einaste helg i ungdomsåra til å drikke seg så full at du ender opp til sengs med ein person. Deretter må du berre krysse fingrane for at morgenen etter ikkje er så klein at du ikkje tek kontakt med personen på nytt. Dersom alt gjekk bra så treffes ein kanskje også neste helg, og deretter er ein i eit forhold. Denne måten å gjere det på forklarer også kvifor Norge er heilt i toppen når det gjeld mellom anna klamydia og andre seksuelt overførbare sjukdommar. Når ein etterkvart blir så voksen at ein ikkje ramler ut på fylla heile tida så blir alt mykje vanskelegare. Vår høffligheitskultur tilseier at det ikkje er akseptabelt å starte å småprate med folk på butikken eller på bussen. Så du kan ikkje gå ditt det er folk å starte ein samtale. Det er berre to måtar det er akseptabelt å ta kontakt med framande personar. Den fyrste er på fjelltur. Når vi er ute på tur så er det lov å stoppe for å prate med folk du ikkje kjenner frå før. Dersom du er så heldig at dykk kan slå følge eller dykk møtes veldig ofte på tur så kan ein ta det litt lengre og gjere avtale om å pratast også i andre samanhenger enn på fjelltur. Den andre akseptable måten å kome i kontakt med framande på er å melde seg inn i ein fritidsklubb. Etter å ha deltatt på same fritidsaktivitet mange nok ganger så er det igjen lov å ta kontakt for å snakke om ting som ikkje gjeld fritidsklubben. Denne kulturen blir også overført til datingappane. I Norge så fungerer datingappane relativt sett dårleg til å oppnå relasjonar. I staden så blir appen berre ein digital måte for å gå på bar for å finne nokon å ha sex med, og deretter kan ein ta initiativ til å bli kjent med personen. Ein bruker ikkje datingappen til å få seg ein "venn" som ein deretter kan gå vidare til eit seksuelt forhold med. Om noko så har eigentleg appane gjort ting vanskelegare fordi utvalget har blitt større og då blir ein meir kresen. I "gamle dagar" så måtte ein snakke med dei få som budde i nærområdet som var i omtrent rett alder. I dag så er utvalget langt større. Andre land og kulturar har sikkert liknande utfordringar på ein anna måte, så dette er nok ikkje ei særnorsk problemstilling. Eg veit ikkje kva ein eventuelt skal gjere for å betre dette utover å kanskje lære litt av meir utadvente kulturar. For delar av problemet er at det manglar uformelle møteplassar.
  11. Vi har dette i Norge også. NAV har rammeavtale for innkjøp av hjelpemiddel for seksuallivet. For å kvalifisere til å få dette gjennom folketrygda så må du ha ein sjukdom eller skade som reduserer den seksuelle funksjonevnen. Du må søke via fastlegen. På lista finn du hjelpemiddel for begge kjønn, samt hjelpemiddel som er retta mot partneren når du sjølv ikkje har den nødvendige funksjonsevnen. Likevel så er ikkje dette tilbodet meir enn eit minimum. Eg tviler eigentleg på at tilbodet er særleg mykje brukt, særleg med tanke på at slike enkle hjelpemiddel er relativt sett billige og blir levert på døra i diskré innpakking. Så behovet for å få fastlegen til å bestille ein vibrator til 200 kr til deg er nok ikkje veldig stort. Det er likevel bra at tilbodet er der for dei som ikkje har økonomi til å kjøpe slike ting sjølv. Det er også eit krav at den seksuelle funksjonsevnen skal være varig nedsatt, og ha vart i minst 2 år. Så knekk du begge armane så må du berre vente til du får av gipsen. Som funksjonhemma så får du til og med muligheit for bistand til å gjennomføre akten dersom du treng det.
  12. Det blir eit definisjonsspørsmål, men eg vil påstå. at det ikkje bygges bustadar for berre ein person, alle bustadane som bygges er store nok til å busette to personar. Når det gjeld spørsmålet om det er ein samanheng mellom aleinebuarar og bustadmangel, så tviler eg sterkt på det. Hadde det vært stor nok bustadmangel så hadde langt fleire oppretta kollektiv om dei ikkje har ein partner. Det kan ikkje være mange som ikkje har råd til å bu åleine, for her finnes det tilskotsordningar som ein kan bruke om ein ikkje har råd til husleige.
  13. Heilt ueinig. Du kan gjerne argumentere for at det burde være slik. Snittalderen på fyrstegongsfødande i Norge er 30 år, og det er nok mykje fordi dei fleste 20 åringar fortsatt er under utdanning, og deretter skal ein rekke å få seg ein jobb og få etablert seg med bustad. Resultatet av dette er at einpersonshusholdningar har blitt normalen, særleg for unge voksne. Så tvert imot er nesten alt i samfunnet lagt opp til at ein skal kunne bu aleine. Sjølv den dyre investeringa det er å kjøpe bustad kan ein fint gjere åleine. Det er til dømrs ingen bankar som krever at ein har to lønningar. Eg kjem ikkje på noko som helst som samfunnet har ordna slik at ein har mindre moglegheiter om ein bur åleine.
  14. Så då kan du ha HDMI kabel mellom PC og TV?
  15. Det er snakk om to ulike behov. For sivilbefolkninga i Ukraina er no elbilar å foretrekke fordi drivstoff er forbeholdt til forsvaret og på grunn av at drivstofflagera er militære behov. For forsvaret sjølv så er ikkje tilgang på drivstoff eit stort problem, då det er forsvaret som kontrollerer tilgangen på drivstoff og har eigen logistikk for å få drivstoffet ditt det trengs. Forsvaret treng uansett diesel til tanks og anna tungt utstyr, så for forsvaret er det enklare å berre ha personbilar med dieselmotor som kan bruke same drivstoffet. Til personleg eigenberedskap så vil det nok være mest praktisk å ha elbil i husholdninga ettersom det vil bli prioritert å syte for at husholdningar har tilgang på straum av humanitære hensyn, medan bensinstasjonane vil fort bli konfiskert av forsvaret og underlagt rasjonering.
  16. Er einig i at ein ikkje bør bruke sjukemelding i slike situasjonar, men samtidig er det slik systemet er bygd opp. For det fyrste så nok dei objektive vilkåra for sjukemelding oppfylt, eg forstår godt at ein slik sak påvirker syken sjølv om det et sjølvforsynt. For det andre så forstår eg at lønna permisjon/ferie ikkje er aktuelt når du har rett på sjukemelding med lønn. Det er også slik at dersom du blir sjuk medan du har ferie så har du rett til å få ny ferie, fordi sjukemelding skal være tid til å bli frisk, og ferie skal være avkopling for å unngå å bli sjuk. Det sagt så burde politikarar som ender opp i ein slik situasjon være flinkare til å gå foran med eit godt eksempel. For sjølv om eit slikt mediapress er objektivt sett belastande på psyken, så er det etter mitt syn på same nivå som å sjukemelde seg på grunn av fyllesjuke. Ja objektivt sett er du også sjuk når du er fyllesjuk, men det er ikkje så mykje forlangt å forvente at arbeidstakaren ikkje setter seg i ein slik situasjon.
  17. Sida ein ikkje veit kva som har skjedd så er det vanskeleg å meine så mykje om kva bevisa peiker mot. Det vi veit er at heile etterforskinga kom skeivt ut og vart veldig på etterskot fordi politiet handterte saka som ei kidnappingssak der ein frykta at kidnapparane hadde overvåking på huset og ville gjere alvor av truslane om politiet vart varsla. Utifrå utgangspunktet om at ein ønska å få Anne-Elisabeth i frå kidnappinga i live så var det nok korrekt at politiet nedprioriterte bevissikringa, men utifrå det vi veit i dag så burde sjølvsagt politiet sikra bevis og gått ut i media med etterlysning langt tidlegare.
  18. Det kjem sjølvsagt veldig ann på kva du har av preferanser. Av dei nyare seriane så er det eigentleg berre å gå inn for å lese ulike topp 10 lister for å sjå om du finn noko spennande. Av litt eldre serier som kanskje er innafor ditt serie-segment basert på kva serier du har sett så vil eg særleg dra fram: Firefly Freaks and Geeks Community The Expanse Stargate SG1 Barry Generation Kill The Bodyguard Journeyman
  19. Det er i alle fall ikkje veldig vanleg med slike feil, asert på kor mange bilar som er ute på vegane så er det veldig få slike saker. Og sjølv om bilen har ein feil som fører til at den akselerer ukontrollert, så skal det veldig mykje til at føraren ikkje kan gjere tiltak, som til dømes å trykke inn bremsen. Den saka som var for mange år sidan med Toyota Prius som hadde fått gassen opphengt løyste seg når ein fekk minna bilføraren på at bilen ville stoppe om ein slo av tenninga. Det som er utfordringa med elbilar er at det er mykje krefter i sving, så dersom bilføraren blir pedalforvirra og trykker gassen i dørken så får ein både ein sterk akselerasjon , samt at bilen har kraft nok til at den ikkje lar seg stoppe av vegg som i Sandvika.
  20. Kor avansert og teknisk vanskeleg vil du ha byggesettet? Byggeset er vanlegvis ikkje spesielt avansert å sette saman, men dei mest avanserte byggesetta krever ofte god tid og syn for detaljar. Sidan du nevner byggesett i 3D i treverk, så tenker eg at det å bygge sitt eige fjernstyrte fly kan være ei fin utfordring. Då kjøper du ikkje eit ferdig byggesett, men heller byggematerialer i balsatre/trefiner og byggeteikningar for korleis flyet skal byggast. Då blir det ei ekstra utfordring at ein fyrst må produsere delane av balasatre, og deretter montere delane.
  21. Alle selgarane på Elkjøp og Power anbefalar også ulykkesforsikring sjølv om du alt har dekning for dette på innboforsikringa. Sjølv om du snakkar med fagpersonar så skal du ikkje ta alt som gode råd når fagpersonen har ein eigeninteresse i at du skal bruke pengane dine på ei slik forsikring. Når det gjeld bustadkjøparforsikring så har sjølvsagt alle ulike utgangspunkt både i kunnskap, arbeidsvilje, økonomi og risikovilje. Så for enkelte så kan det være fornuftig å betale for ei bustadkjøparforsikring dersom du ikkje har råd til å kunne følgje opp eventuelle reklamasjonssaker sjølv. Men etter mitt syn så kostar det meir enn det smaker. Ikkje fungerer bustadkjøparforsikringa slik at du kan betale deg ut av arbeidet heller, forskjellen er berre at i staden for å legge inn eigeninnsats i å reklamere mot selgaren så må du mest truleg legge tilsvarande eigeninnsats i å få ditt eige forsikringsselskap til å gjere jobben du har betalt dei for. Mange har også innboforsikringar som inkluderer rettshjelp til nettopp slike rettstvister. Som selgar derimot så er det ofte fornuftig med ei bustadselgarforsikring sidan du då har betalt eit forsikringsselskap til å ta jobben med å svare ut ein kjøpar som vil reklamere.
  22. Det er mange nyansar som burde ha klarare definisjon. Personleg så ser eg ikkje heilt forskjellen mellom å kjøpe seksuelle tenester som er ulovleg og det å kjøpe massasje som heilt lovleg. Eg ser at det et ein moralsk forskjell mellom å kjøpe ei teneste som berører ein naken kropp alle stadar utanom kjønnsorganet, og det å berre kjøpe berøring av kjønnsorganet, men det er eit veldig kunstig skille. Reint jobbmessig så er det ikkje så stor forskjell mellom vanleg massasje og seksuell massasje, og det er utelukkande på grunn av samfunnstabooet at den eine nytelsestenesta er ulovleg å betale for medan den andre er fullt lovleg.
  23. Ja, det er heilt kurrant å spørre. Om lønnsnivået er viktig så er det bra for både deg og arbeidsgiver at det ikkje kastes vekk tid på å gjennomføre intervju og referansesjekk om søkaren uansett kjem til å takke nei på grunn av lønnsnivået. Det einaste som kan være er at du nødvendigvis ikkje får eit veldig godt svar ettersom lønna du blir tilbudt ofte er basert på ei konkret vurdering av korleis din verdi blir vurdert, du bør likevel forvente å få eit omtrentleg svar på kor nivået vil ligge, og i alle fall kva nivå du ikkje vil kome over på grunn av til dømes leiarlønningane i avdelinga. Husk også å spørre om kva dei kan tilby av andre goder. Eg rekner med at sjølv om du får nøyaktig same lønn så kan det likevel være aktuelt om du får andre goder som du ikkje har frå før som heimekontor, firmabil, kortare arbeidsdagar, bonusordningar, osv osv. Det er fint med høg lønn, men du skal kanskje mykje opp i lønn før det er verdt å bytte til ein arbeidsgivar som ellers er kjip på alt frå fleksibel arbeidstid til at du aldri får tilbod om kompetanseutvikling.
  24. Om du kjøper spelet på Steam (kanskje eg i disse dager må skrive "kjøpe" med hermetegn når vi snakker om Steam) så kan du få tilbake pengane om du har under to timars speletid. For dei som er interessert i å gjere seg opp ei meining om spelet så er det gode muligheiter til å gjere det kostnadsfritt om ein berre er villig til å legge ut for å få prøve spelet. Når det gjeld tidsinvesteringa så er det eit godt poeng. Men om du har sett timesvis med YouTube videoar med skitslenging om eit spel, så er det ikkje urimeleg mykje forlangt at ein investerer ein brøkdel av den tidsinvesteringa til å gjere seg opp ei eiga meining. Om ein uansett berre skal poste i forumet at du høyrte at ein person på Youtube ikkje likte spel X, og du har blitt overbevist av denne personen til å ha same meininga, så tenker eg at eit slikt innlegg ikkje har spesielt stor diskusjonsverdi. Det blir som å møte i ein bokklubb der du berre har sett bokomslaget. Du kan sjølvsagt ha mykje meiningar om bokomslaget var pent eller stygt, men du har då ingenting interessant å meddele om kva som faktisk står i boka utover kva du enten har gjetta på basert på bokomslaget, eller har fått vite via andre. Det du har fått vite via andre er lite interessant for dei andre i bokklubben som er ute etter å diskutere med dei som har lest boka.
  25. Er det på det reine at det er behovet for ein samtalepartner for å bekjempe einsomheit som er behovet som blir dekt? Det er mogleg eg tenker alt for rasjonelt her, men dersom behovet er kommunikasjon så finnes det vel andre tilbod der ein kan kjøpe ein venn utan at denne vennen også må tilby sexarbeid mot betaling? Eg skjønner at det blir eit stort samfunnsproblem om ein kjøper seksuelle tenester for å fylle samtalebehovet, for då blir det ekstra vanskeleg å finne seg ein ekte venn om ein forventer at slikt vennskap skal kome med ekstra goder. Eg har eigentleg tenkt at grunnen til denne tenesten har blitt så populær er at det er ein meir etisk forsvarleg måte å kjøpe pornografi på ettersom dei fleste modellane gjer dette av eigen fri vilje og at dei får direkte betalt for jobben dei utfører. I motsetting til å kjøpe pornografi gjennom ulike firma der ein ikkje har kontroll på kvar pengane havnar, og i enkelte tilfeller også i kva grad modellen har samtykka til slik eksponering. Ein høyrer jo stadig om historier om modellar som i byte mot småpengar gjekk med på å være modell på ein photoshoot under lovnad om at bilda skule være kunstneriske og inngå i samlinga til ein privat samler, for så å oppdage at dei har blitt lurt og bilda har blitt solgt verden rundt til stor forteneste til bakmennene. Ved å betale modellar som er sjølvstendig næringsdrivande så bidreg enn i liten grad til å finansiere bakmenn som gjennom svik og utnytting misbruker sine modellar. Altså at kunden får ei større tilfredsheit ved å vite at modellen er fullt ut samtykkande. Det finnes mykje gratis tilgjengeleg pornografi på nettet, men mykje av det er regelrett hevnporno eller bilder/film som modellen i dag angrer på men ikkje får fjerna. Onlyfans har også sine problem med piratkopiering av innhold, men modellen har i det minste litt større moglegheiter til å slette sin tilstedeværelse når dei vil kaste inn handlkleet sidan det via Onlyfans er lagt inn sperrer på kopiering og mogleghieter for sporbarheit. Så ved å betale for pornografien (nesten) direkte til modellen så opptrer ein så moralsk og etisk forsvarleg som det er mogleg å være som pornografikunde. Men det kan godt være at eg totalt sett har misforstått og at det berre er incels som trur dei har fått seg ein kjæreste i bytte mot 99 dollar i måneden som bruker tenesten. Dersom det er tilfellet så endrer det min oppfatting frå at det må være greitt å tilby sine tenester via Onlyfans, til at det er moralsk forkasteleg å utnytte ensome som utvilsomt er i ein sårbar situasjon. Skal eg kverrulere på det så er det vel nesten så ein kan argumentere at kundane kan kreve pengane sine tilbake fordi det i avtale loven står at: Har nogen utnyttet en andens nødstilstand, letsind, forstandssvakhet, uerfarenhet eller det avhængighetsforhold, som denne staar i til ham, til at opnaa eller betinge fordele, som der ikke skal ydes vederlag for, eller som staar i aapenbart misforhold til vederlaget, blir den anden part ikke bundet ved sin viljeserklæring. Så ein modell som bygger sin forretningsmodell nettopp på å utnytte kundens nødstilstand, letsind og uerfarenheit bryt strengt tatt avtalelova.
×
×
  • Opprett ny...