Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 826
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det spørs korleis ein meiner å effektivisere. Det Elon Musk har fått i oppdrag å gjere er å stenge ned departement og etatar som Trump ikkje liker, slik som miljøvern og liknande. Det handlar ikkje om å effektivisere statsapparatet, det handler om å hindre staten i å gjere jobben sin. Ein kan gjerne ta diskusjonen på kva som Staten bør drive med, men då må ein nesten starte i ein anna ende. Det er ingen styring verken i Stat eller Privat som blir betre av å kutte personellresursane utan å kutte arbeidsoppgåvene fyrst.
  2. Det er eigentleg motsatt. Det klare utgangspunktet er at du skal ha betalt for den tida du er på jobb. Har du fastsatt arbeidstid så er det meininga at du skal avslutte arbeidet når du har brukt opp den tilgjengelege arbeidstida. For å få rett til overtidsbetaling så må du ha fått beskjed om å jobbe overtid frå sjefen din, og har du ikkje fått beskjed om å jobbe overtid så skal du heller ikkje gjere det. Dersom sjefen meiner at du har disponert tida feil så er det sjefen som må føre bevis for dette. I ditt tilfelle så er det avgjerande spørsmålet om tida du har fått til rådigheit er tilstrekkeleg for å gjere den jobben som skal gjerast med akseptabelt resultat. Om du har fått 3,5 timar til å gjere jobben, men du treng 4,25 timar for å bli ferdig så er det ein tidsforskjell på 22%. Så er det sjølvsagt rom for å stille spørsmål ved om det er du som som brukar 25% for lang tid på jobben, eller om jobben er for omfattande. I tillegg til den tida det faktisk tek å gjere jobben, så skal det også være innberekna eit rimeleg slingringsmonn som sikrer at jobben kan fullførast innafor fastsatt tid også om det skulle være ekstra skittent ei dag eller det skulle være andre ting som hindrar deg. Eg har nok også ein sterk mistanke om at ein ved utrekninga av arbeidstida ikkje har tatt høgde for at det å vaske ein barnehage er noko litt anna enn eit kontorbygg. I eit kontorbygg så er det golva som må vaskast i tillegg til eit par toalett med tilhøyrande vask. Det å vaske fingermerker frå vindu og veggar gjer ein vel berre ein gong i skuddåret i kontorbygg, medan i barnehagen er det nok sikkert nødvendig å vaske slike flater dagleg. Mitt generelle råd er at du bør tørre å stå litt meir på ditt. Som f.eks. at du ikkje jobbar 45 minutt utan betaling. Blir du ikkje ferdig på avsatt tid så blir du ikkje ferdig. Neste gong så må du redusere kvaliteten på jobben du gjer for å sjå om du rekk over alt då. Til dømes at dei gongane du vasker røra under vaskane så vasker du ikkje golva, ein stad må du spare inn tid. Så får sjefen berre bli sur. I verste fall så får du sparken, og då har du ikkje sagt opp sjølv og slepp karantenetida. Merk likevel at NAV kan avgjere at du sjølv er skuld i at areidsforholdet opphøyrte om du blir sagt opp fordi du nektar å gjere jobben din, men så lenge du gjer ein akseptabel innsats for å gjere jobben innafor dei rammene du har fått så blir det vanskeleg å hevde manglande arbeidsvilje som årsak til oppseiinga. Eg tenker at dette er ei vel så bra løysing som å høyre med legen om det er grunnlag for sjukemelding.
  3. Alle snakkar om at samanslåing er viktig for å få på plass gode fagmiljø og levere tenester av god kvalitet. Men om omorganiseringa ikkje viser at det også blir billegare så er det plutseleg ikkje like interessant med tenester av god kvalitet likevel. Styringa av kommuneøkonomien handlar i stor grad om å flytte pengebruken vekk frå kommunens budsjettpost. Legg ein ned den lokale barneskulen så hjelp det godt på eit kommunalt budsjett, at nedlegginga har konsekvensar som at fylkeskommunen må bruke pengar på å sette opp skulebuss er ikkje så nøye med, for det er eit anna budsjett. I verstefall fører slik skulenedlegging til at folk flytter ut av kommunen, for der det er aktuelt å legge ned skular så brukar det ikkje å være flust i jobbtilbod heller. Ringvirkningane blir då fort at det kommunen sparer i å legge ned eit skuletilbod får ein som ei slegge i retur i form av fråflytting og tapte skatteinntekter. For ikkje å snakke om eksempelet ditt med nedlegging av "kvinnearbeidsplassar". Om både ungane og kona i familien må dagpendle inn til sentrale strøk, så er det ikkje sikkert at den familien blir buande der dei bur om det er berre ein i familien som både bur og jobbar i same bygd.
  4. Sjølv om eg er einig i deg at det er betre å kutte ut fylkeskommunene som mellomleddet og på den måten legge til rette for kommunesamanslåingar slik at kommunene blir store nok til å kunne ivareta heile det kommunale ansvarsområdet og rapportere til staten, så vil eg likevel påpeike at Ålesund aksepterer i dag å bli styrt av Molde via Fylkeskommunen som har sitt hovedsete i Molde sjølv om Ålesund er største byen med god margin. Sjølv om ein tek utgangspunkt i trådstarters forslag med å legge ned alle kommunene og berre behalde fylkeskommunene, så er det ingen automatikk i at strukturen blir lik som i dag. Skal fylkeskommunen ta over alle kommunale ansvarsområder så krever det store omorganiseringar, og alle kan uansett ikkje sitte i Molde. Då må det i så tilfeller investerast i nytt fylkeshus som er stort nok til å romme alt folket.
  5. Det spørs veldig på omstendigheitene. 10 000 kr er ikkje nok til å kunne bli sofasliter på heiltid, og i alle fall ikkje med øl i handa. Unntaket er om du fortsatt bur på gutterommet der du ikkje betalar husleige og får middag av mor. Normalt sett så må ein rekne med at minst 80% av disse pengane går rett til husleigekostnadar. Etter at hus og straum og slikt er betalt så er det nok svært lite igjen. Om ein er arbeidsfør så vil det kunne motivere til å i det minste jobbe litt for å spe på inntekta. Det vil kanskje også gjere det meir attraktivt å opprette bukollektiv slik at det er to eller fleire som bur saman, då ein på den måten får litt meir å leve for etter at ein har spleisa på husleiga. Utfordringa er dei som av ulike grunnar ikkje kan skaffe seg ekstrainntekt, dei vil då enten ikkje klare seg eller så må dei ha meir hjelp frå det offentlege.
  6. Har også same spørsmål om dette er bruttolønn. 41 000 kr i måneden i brutto tilsvarer knapt over garantilønna til ein fagorganisert 18 åring som jobbar på lager (litt variasjonar alt etter avtaleområde, osv) og litt under garantilønna for ein med fagbrev. Vil uansett anbefale at du opererer med bruttolønn då det gjer det enklare å samanlikne lønna opp mot lønnsstatistikk og andre fagområder. Kva du får utbetalt er så avhengig av kva du betalar i skatt, som igjen er avhengig av din livssituasjon. Som lønnskrav så er nok eit krav på 50 000 greit nok, men det kan være litt mykje å håpe på å få justert lønna over 20%, særleg når det her er snakk om ei heil avdeling. Det er alltid vanskeleg å vite kvar ein skal legge kravet sitt. På den eine sida så vil ein ikkje kreve for lite, samtidig så er det viktig at ein ikkje blir oppfatta som useriøs. Jo høgare krav du stiller, jo meir bør du kunne underbygge at kravet er både realistisk og rimeleg. Ofte gjer ein det ved å vise til lønnsnivå for liknande stillingar andre stadar, men ein kan også sjølvsagt underbygge kravet med å ha forberedt ei god forklaring på kvifor arbeidet i din avdeling er 20% meir verdifult enn i dei andre avdelingane. Kva som er rett lønnsnivå for deg og dine blir ei vurderingssak. Ein veldig viktig faktor er å prøve å konkretisere kva som er forskjellen på din avdeling og dei andre avdelinga. Kor mykje av arbeidsdagen går med til fortolling og kor mykje av arbeidsdagen er tilsvarande arbeid som dei andre har? Korleis vurderes ekstraansvaret, og kor belastande er det? Kven bærer ansvaret dersom ting ikkje blir gjort eller det blir gjort feil? Kan ein påstå at dette ansvaret fører til at det er meir attraktivt å jobbe i dei andre avdelingane der dei får lik lønn og har mindre ansvar? I tillegg til alt det interne der du effektivt sett samanlikner deg med dei andre som jobbar i bedrifta, så er den store X-faktoren kva som er lønnsniåvet i bedrifta samanlikna med lønningane ellers i området? Er dykk frå før lønnsledande der alle andre lagerjobbar betalar mykje mindre? Eller har din bedrift så lavt lønnsnivå at du er sikra lønnsauking og du får deg jobb hos nabobedrifta? Slike ting speler også inn for at lønnsnivået skal være rett i utgangspunktet.
  7. Til sjølvaste julekvelden blir det nok Gilde non plus ultra. Det eg liker med den er at den er godt modna og derfor kjennes litt mildare ut, så i motsetting til ein del andre akevittar som nærmast brenner på tunga så passe Gilde Ultra fint til god mat. Livet er for kort til å drikke akevitt som må skyllast ned med ein slurk øl.
  8. I forhold til diskriminering så er det nok jamnt over mindre sannsynleg å bli diskriminert med jobb i det offentlege då de er både formelle og uformelle reglar som skal hindre at ein vurderer andre ting enn det som er sakleg. Nå skal det også seiast at dei aller fleste store private selskap er også veldig seriøse med å jobbe mot diskriminering, så diskrimingeringsproblematikken er nok størst i små og mellomstore bedrifter der det kan være veldig personavhengig alt etter kven som er sjefen. Som nemt 1000 gongar før så er det helsesektoren som har dei mest sikre jobbane, og særleg innafor eldreomsorgen. Så dersom du utdanner deg til sjukepleiar og i tillegg vil ta vidareutdanning så er du nok tryggare på å få deg jobb om du vidareutdanner deg innafor demensfaget, enn dersom du utdanner deg til jordmor for å seie det slik. Også andre helseyrker er nok aktuelle, som til dømes psykolog som også er ei yrkesgruppe vi treng stadig fleire til. Sidan vi stadig får ei eldre befolkning så er også fagfeltet som heiter velferdsteknologi eit spennande felt å utforske. Det trengs folk som kan jobbe med alt frå smarthus som eldre klarer å betene sjølv, til batteridrevne eksoskjellett som gjer vernepleiaren i stand til å løfte pasientar heile dagen utan å bli sliten, eller lamme moglegheita til å bevge seg oppreist utan bruk av rullestol. Økonomi var før ganske trygt yrkesvalg, men støttar likevel tanken din om at jobbane kan bli færre på grunn av AI og automatisering. Det er også relativt mange som konkurrerer om dei same økonomijobbane.
  9. Eg har ikkje eit godt svar til deg, men det er ikkje så vanleg å legge reisevirksomheit inn som ein del av stillinga då dette forplikter arbeidsgivar. Det vanlegaste er at reiseaktivitet blir lagt til som ein funksjon til den av dei tilsette som det passar best for. Så er det også forskjell på kva du legg i reiseaktivitet. Er det 5-6 todagarsturar internt i Norge på kundebesøk eller seminar der du får deg eit hotelldøgn eller to, eller snakker vi om 5-6 arbeidsoppdrag der du er på jobb i ein måned om gong i utlandet?
  10. Vil berre legge til at små fagmiljø er ofte meir ein ulempe for kommunane sjølv når det gjeld ansvar for forsvarleg drift, og for å behalde tilsette som helst vil utvikle seg i gode fagmiljø. For innbyggarane kan små og dårlege fagmiljø ofte være ein fordel ettersom byråkratiet også blir mindre. Skal du bygge hytte så er det ofte mykje enklare å gjere det i ei lita kommune der du berre treng å snakke med ein saksbehandlar, og du får godkjent byggesøknaden til tross for at det ikkje er 100% etter alle lover og forskrifter fordi den som har godkjent saka mangler kompetansen til å vurdere alle sider ved saka. Det er ein krevande balansegang å lage ei kommune som er stor nok til å utføre fagleg godt arbeid, samtidig som ein ikkje blir så store at ein druknar i byråkrati.
  11. Det er dette som er realiteten. Enkeltfag frå VGS ha veldig liten verdi isolert sett sjølv om det gir ein kompetanse. Det finnes nokre unntak der enkeltfag frå VGS kan ha noko for seg. Som til dømes om du droppa ut etter ungdomsskulen men har seinare tatt økonomifaga frå vgs så står du litt betre rusta til å få deg ein ufaglært kontorjobb, men då konkurrerer du berre ut andre jobbsøkarar som også har droppa ut etter ungdomsskulen og som ikkje har tatt ekstrafag. Kjem det ein søkar med fullført vgs så er vedkommande langt meir kvalifisert. Tilsvarande så finnes det nokre små fordelar dersom du har fullført vidaregåande men med nokre enkeltfag frå andre linjer som er kjekt å ha, men det gir i liten grad uttelling utover at det kan være akkurat dette faget som gir deg jobben med hårfin margin. Bestått VGS er i praksis heilt avgjerande for å kome seg vidare. Det å ikkje bestå VGS (sjølv om det berre er eit fag du manglar) betyr at du har ungdomsskule som høgste fullførte utdanning. Har du gått yrkesfag så er det fagbrevet som gir deg lov til å jobbe sjølvstending, og som gir deg lønna som fagarbeidar. At du har lært nesten alt i f.eks. elektrikarfaget men utan at du har papir som gir deg lov til å jobbe på elektrisk anlegg, gjer deg berre marginalt meir kvalifisert enn ein anna søkar som aldri har vært borti elektrikarfaget. Og går du allmennfag så opner det nesten ingen nye dører når det gjeld jobb, det du treng vitnemålet frå VGS til er som grunnlag for å søke høgare utdanning. Det er aldri feil å ha lært noko, men det å berre ha bestått nokre enkeltfag er ikkje veldig imponerande for ein arbeidsgivar som uansett må gi deg internopplæring før du kan utføre jobben du får tilbod om.
  12. Om det er overlappande verv så er ikkje det så rart ettersom Helseplattformen AS er eit firma som er oppretta og eigd av Helse midtnorge og kommunene som har valgt å kjøpe seg inn. Berre det at det er nødvendig å kjøpe seg inn i eit aksjeselskap for å få lov til å kjøpe nytt dataverktøy burde vel føre til at det ringer nokre alarmklokker. Det er ikkje ei vanleg løysing, det er ingen helseforetak som har måtte kjøpe aksjer i Microsoft for å kunne bruke Office pakken. Det finnes sikkert gode grunnar til at det er fornuftig med eit aksjeselskap, men det er i alle fall grunn til å stille spørsmål om kvifor det er nødvendig. Eg kan ikkje sjå for meg anna enn at dette er ei overføring av ansvar. Ved normalt innkjøp av eit datasystem så ville partane vært helseforetaket som brukar og Epic Systems som programutviklar. No er det vel Epic Systems som har solgt lisensen til Helseplattformen AS, og så er det ein avtale mellom helseforetaket og Helseplattformen AS om å ta i bruk systemet. Det gjer at det er Helseplattformen AS som må stå ansvarleg for alle feil og manglar, og ikkje utviklaren. Er Helseplattformen AS eit aksjeslskap som er oppretta for å kunne slå selskapet konkurs for å på den måten fristille seg frå alle reklamasjonskrava?
  13. Det er godt at du i det minste har ein god erfaring med at du slepp å krangle med NAV i tillegg. Dessverre så er det slik at sjølv om NAV garantien fungerer greit nok, så er det meir usikkert enn å ha pengar tilgjengeleg på ein depositumskonto. Manglande betaling er relativt greit sidan det er veldig objektivt og greit å forholde seg til. Det som ofte er verre er saker som går på skadeverk. Der kan det ofte være lettare å gå til forlikrådet med eit krav om å få trekke av depositumskontoen på grunn av skader utover normal slitasje, enn det er å skulle krangle med ein byråkrat i NAV om kva som er normal slitasje og kva som er skadeverk i tillegg til at saka må i forliksrådet. Den virkelig store ulempen med NAV garantien er at det ikkje er standariserte vilkår, så som utleigar så er det viktig at du får garantien skriftleg slik at du ser kva vilkåra er. Det er også ein fare for at NAV garantien kan gå ut på dato ettersom NAV garantien vanlegvis er tidsavgrensa. Sjølv om det sikkert er store forskjellar mellom dei ulike NAV kontora så er er mitt inntrykk av NAV garantien tilsvarer garanti for det som er vanleg depositum, altså tilsvarande tre månedsleiger. Har ein depositum etter husleigelova så kan ein kreve opp til seks månadars depositum. Her kunne NAV garantien blitt gjort langt meir attraktiv ved at den garanterte for eit halvt år med manglande betaling, ulempen med å kreve seks månadars depositum i det vanlege leigemarkedet er at det er vanskeleg å finne leigetakarar som har råd til å betale ut eit så stort beløp, og derfor må utleigarane ofte avgrense kravet ned til tre månadars depositum. Med NAV garanti på eit halvt år, så er det faktisk rom for at ein kan gjennomføre tvangsutkasting utan å tape husleige sidan tvangsutkasting fort tek lengre tid enn berre 3 månedar. For fyrst skal ein ha misleghald i form av manglande husleige før ein i det heile tatt kan sende varsel om at ein har starta prosessen med tvangsutkasting. At utbetalinga skjer seint er sjølvsagt ikkje bra, men det viktigaste er at pengane kjem, og at du får dekt alle dine utgifter og ikkje f.eks. berre blir avspist med at du får erstatning for 3 av 4 månadar utan betalt husleige.
  14. Innvandring har ikkje betydning for den midlertidige bevæpninga som er no (med mindre du ser så stort på at du tenker at alle med jødisk bakgrunn som innvandrarar). Grunngjevinga med auka fare for terror mot jødar i Norge som resultat av Palestina/Israel krigen reknar eg med er høgst reell, og eg forstår også at detaljane på kva som eksakt ligg bak den vurderinga er sjølvsagt ikkje offentleg. Reint politisk så meiner eg likevel at ei midlertidig og landsdekkande bevæpning er feil medisin på den utfordringa, og er vel meir eit resultat av politisk symbolpolitikk for å vise at ein gjer tiltak. Det er langt frå alle stadar i landet at det i det heile tatt finnes synagoger eller eit synleg jødisk miljø, og då er det etter mitt syn meiningslaust at det ute på kvar ei øy og inne i kvar ein dal skal sitte ein lensmann med skarpladd revolver i tilfelle terroristane kjem. Bevæpninga er berre eit tilsvar på auka terrortrussel der det finnes eit mål for terror, så det er mykje betre at ein innfører bevæpning og vakthold der det finnes potensielle terrormål. Eg oppfattar det slik at midlertidig bevæpning av politiet akkurat no bærer preg av å være meir for at politiet skal kunne beskytte seg sjølv, meir enn at ein skal kunne stoppe pågåande terrorhandlingar som ein tilfeldigvis kjem over under patruljering. Og er det ei pågåande skyteepisode, så er det vel objekt betre for både politiet sjølv og potensielle offer at politiet tek dei 30 sekunda det tek å få på seg skuddsikker vest og låse ut tohandsvåpenet enn at ein skal springe inn i kampens heite iført t-skjorte med pistolen i handa?
  15. Synes eigentleg at det er imponerande mykje ressursar som er lagt til å lage noko som må være lov å kalle for ein Fortnite klone. Det er nok sikker også forklaringa på kvifor spelet både må kjøpast og har mikrotransaksjonar. Eg forstår at planen var å lage eit nytt varemerke, men her overvurderte dei kundegruppa sin vilje til å betale for eit spel som i liten grad innførte nyvinningar for sjangeren. Om tanken var å nå eit publikum som vil ha eit vidt spekter av representasjon i spela sine, så har nok speldesignet svikta med for lite mangfold. Ei litt tjukk dame og ei litt gamal dame + aliens er litt for lite i den samanhengen.
  16. Nudler er lite mettande, koster lite fordi det er nesten berre vatn og buljong. Til lunsj er saken grei, matpakke med grovbrød og pålegg. Grovbrød inneheld ca 10% protein så det er eigentleg ikkje nødvendig å også ha eit proteinrikt pålegg. Når du fyrst opner ei boks med tunfisk så rekner eg med at du bruker alt som pålegg der og da? Fordelen med ost eller spekepølse som pålegg er at det går mykje mindre pålegg. Sjølv om det ikkje er så dyrt med ei boks tunfisk, så kostet det omtrent like mykje som ei boks med f.eks leverpostei som varer til fleire nistepakker. Når det gjeld middag så er det meir eit spørsmål om kor billeg du vil gjere det. Om du berre lager middag til deg sjølv så er mitt beste råd at du bruker litt tid på å jakte datovarer og at du lager middag basert på kva du finn der. Sjølv om det er dyrt med biff, så er dette noko som ofte er å finne som datovare, og den biffen kan heilt fint modnast i kjøleskap til etter best før datoen. Trikset for å gjere biff til ein billig middag er å skjære tynne skiver og la kjøttet bli sideretten til ris og grønsaker, og ikkje hovudretten.
  17. Synes dagens kompromiss er godt nok. Ubevæpna og deeskalerande til vanleg, og med våpen tilgjengeleg når det trengs. At ein må bruke 30 sekund på å gå til bilen for å låse ut våpen er heiøt greit. Sjølv om det argumenteres med at kvart sekund er avgjerande, så er det vel ca 99% av alle oppdrag som krever bevæpning, oppdrag der politiet uansett må via bilen for å rykke ut til. Då har ein også fordelen av å kunne hente ut tohåndsvåpen til dei oppdraga som krever våpenmakt. Eg meiner at bevæpning gir eit dårlegare politi ved at ein får eit politi som ikkje lenger tørr å gå tett opp til publikum i frykt for at uvedkommande skal kunne ta frå dei våpenet. Det er mykje betre for sikkerheita til både publikum og politiet sjølv at politiet vurderer andre virkemidler enn skytevåpen, alternativt trekker seg tilbake og då skaffer seg tenkerom før ein eskalerer med skytevåpen. Sannsynlegheita for at politi som patruljerer til fots kjem over ei terrorhandling som kan avvergast ved å ha tilgang til skytevåpen etter 3 sekund og ikkje 2 minutt, er liten. Sett opp mot sannsynlegheita for at politiet skyt paykisk syke eller liknande så redder ein statisk sett langt fleire menneskeliv ved å ikkje skyte, enn ein redder med våpenbruk. Unntaket er som nemnt reine terrorhandlingar der politiet tilfeldigvis er nært nok til å utgjere stor forskjell ved å ha pistol i beltet.
  18. Det varierer ein del, men typisk så er det slik at det er viktig at du forstår matematikken, men i det daglege vil du bruke mykje tabellar og programvare.
  19. Mangelen på lokaldemokrati er nok den største utfordringa. Den neste er avstanden mellom den administrative leiinga og der tenestene skal produserast/leverast. Eg trur likevel ikkje at dette er umogleg å få til, men eg tenker at det er enklare å opprette storkommuner som er store nok til å legge ned fylkeskommune, for det er fylkeskommunene som i dag er mellomleddet.
  20. Tja. Det ser jo tilsynelatande veldig likt ut. Eg forstår sjølvsagt at du meiner du og dine har meir ansvar og andre oppgåver i tillegg, men for den overordna leiinga så er du vel einig i at det ser ganske likt ut? Fyrste steg er derfor å få fram at grunnen til at du skal ha meir lønn er ansvaret med tollpapir og liknande, og ikkje den delen av jobben som går på plukking og pakking.
  21. Mykje av saka her ligg i detaljane på kva som er avtalt. Dersom det er gitt pristilbod så kan ikkje det være høgare enn 15% over pristilbodet. Typiske ting det då krangles om er fyrst spørsmålet om det er gitt eit bindande pristilbod eller berre ei prisantydning. Det neste spørsmålet som må avklarast er om dette ekstraarbeidet ligg innafor det arbeidet som er bestilt, og då kjem det igjen ann på kva som er bestilt. Dersom det blir oppdaga behov for tilleggsarbeid så skal oppdragsgivaren informerast om dette. Ofte vil valget være mellom å ta utgiften eller å stoppe arbeidet, men det er det kunden som må bestemme. Deretter er tredje punkt som det krangles på er om entreprenøren har gitt oppdragsgivaren den informasjonen som er nødvendig til å ta eit opplyst valg om bestillinga. Dersom behovet for to kummer var ein pårekneleg konsekvens av arbeidet, så kan det være innafor om oppdragsgivaren også fått nødvendig informasjon for å forstå det. Merk også at entreprenøren har plikt til å utføre fagmessig arbeid, og til å fråråde arbeidet dersom arbeidet ikkje kan utførast på ein måte som er hensiktsmessig både fagmessig og økonomisk. Dette punktet gir også rom for å diskutere kva som eigentleg var bestilling og kva prisen som vart anslått eigentleg innbefatta. Det er nok gode faglege grunnar til at det må settast ned kum for drenering ved asfaltering av oppkjørselen for at regnvatnet ikkje skal forårsake skader. Spørsmålet er eigentleg om det gjekk klart nok fram at slike kummer var ein pårekeleg ekstrakostnad, eller ikkje. I alle tilfelle så skal ein spørre kunden før ein utvider oppdraget til å blir meir omfattande enn det som er bestilt.
  22. Det er to forskjellige sider. Mobiltelefonen bruker mykje mindre batteri om den er begrensa til å berre bruke 2G nettet, og ikkje treng å bruke straum på å leite etter nettilkopling for 3G, 4G eller 5G. Mobilmasten som rommer sendaren derimot brukar meir straum for å sende ut 2G signalet. Når du bruker straumsparingsfunksjonen på mobiltelefonen din så er eit av straumsparingstiltaka som telefonen gjer å slå av 5G og la telefonen få bruke maks 4G. Låser du telefonen til å maks bruke 3G så sparer du enda meir batteri. Det er derfor 2G er fint på diverse dingser som ikkje kan ladast kvar dag, men det er også eit godt alternativ til å slå telefonen heilt av når du er på fjelltur der det uansett ikkje er 4G dekning. Ved å hindre at telefonen heile tida leiter etter 4G og 5G så varer batteriet lenger sjølv om du har telefonen påslått.
  23. Ja, opplada batteri er meir brannfarlege. Det er i hovudsak to grunnar til det, særleg på litiumbateri som ein finn i mobiltelefonar, elsparkesyklar, osv så er det energien i batteriet som utgjer brenselet som brenner. Slike batteri kan fint brenne utan å bli tilført anna brensel. For vanlege forbruksbatteri som AA batteri så utgjer straumen i batteriet fyrst og fremst ein fare for varmgang ved kortslutning som antenner andre brennbare ting i nærheita. Det er i praksis vanskeleg å gjere batteria heilt straumlause, men eit fullt opplada batteri utgjer ein større brannrisiko. Dersom du kortslutter eit heilt nytt 9V batteri så vil batteriet bli både varmare og over lengre tid dersom det er mykje tilgjengeleg energi. Så sjølv om du uansett ikkje skal kaste batteri i restavfallet, så skal du i alle fall ikkje kaste batteri som er fulllada. Må også legge til at Europearane var eksponert for fleire sjukdommar gjennom å være eksponert for mange ulike kulturar. Så medan urbefolkninga i Amerika hadde vært isolert frå andre befolkningar i omtrent 30 000 år før Europearane dukka opp, så hadde Europearane vært både i Afrika og i Asia gjennom blant anna handel langs silkevegen, osv. Den amerikanske urbefolkninga var langt meir isolert gjennom sitt stammesamfunn, så sjølv om dei var mange så var det god spredning og litt mindre handel mellom stammene. Det var til samanlikning mykje meir handel og kontakt mellom Europa og Asia, mellom anna fordi det var ein omfattande handel med luksusvarer mellom dei to verdensdelane. Europerane hadde god tilgang på metall som kobber, gull og sølv som vart bytta mot krydder og silke. I tillegg så levde mange (nord)Europearar tett på sine husdyr, noko som ikkje var like nødvendig i varmare strøk. Før Europearane kom til Amerika med hestar så hadde den amerikanske urbefolkninga stort sett berre hundar som husdyr, og var då langt mindre eksponert for sjukdom frå dyr. Staten har lenge hatt ein heilt ukritisk holdning til app-utvikling. Nesten alle departement og direktorat har på eit eller anna tidspunkt hatt ein eller fleire appar. Fellesnemnaren er at appane har dekt eit svakt behov, har i stort sett berre vært ei nettside, og har vært så lite brukt at dei fleste appane ikkje lenger finnes. Fin ein gamal NRK sak om nettopp dette. Integrerings og mangoldsdepartementet brukte 1 mill på å lage ein app mot tvangsekteskap som vart lasta ned berre 70 gongar, og utan at det står nok om det så vil eg tru at alle 70 var statstilsette og journalister som lasta ned berre for å sjekke appen. Nå har nok ikkje utviklinga av poitiloggappen vært spesielt kostbar, for det er ein ganske enkel app. Eg er likevel heilt einig i at det å ha ein eigen app for berre dette burde være unødvendig. Den gode nyheita er at alle statusoppdateringane er tilgjengelege som RSS feed. https://www.politiet.no/rss/ Det er dermed fritt fram for å bruke den RSS leseappen som du liker best. Då kan du også sette opp kva andre nyheitsvarsel du vil ha i appen. Dette gir også moglegheit for at andre kan bruke RSS feeden frå politiet som utgangspunkt for å utvikle ein heilt ny app med tillegsfunksjonalitet.
  24. Sjølvsagt ikkje til evig tid, men ei så lege det er samfunnsmessig nytte med å ha 2G nettet i drift, så er det også verdt å betale for det. Her vil teleselskapa sparer pengar ved å stenge ned 2G nettet og flytter då rekninga over på alle andre. Grunnen til mange eCall i bilar, tryggheitsalarmar, heistelefonar, osv osv er på 2G nettet er jo fordi det er meir hensiktsmessig å ikkje bruke straumslukande 4G/5G nett. Eg meiner at det er betydeleg meir samfunnsviktig å fortsette å tilby 2G no når IoT dingsar verkeleg har blitt både teknologisk og økonomisk gjennomførbart. At alle bilar skulle ha ein innebygd mobiltelefon for eCall og systemoppdatering var omtrent utenkeleg for berre for nokre få år sidan, no kan varmeovnane på hytta og halsbandet til hunden være påkobla internett utan behov for eigen mobiltelefon til formålet. Det er sjølvsagt ikkje alt av dette som er samfunnskritisk, men om ein alt no i praksis sett ein stoppar for IoT er ikkje dette eit felt som får utvikle seg. Sett opp mot at Telenor sparer litt på straumrekninga på sine basestasjonar så er det mindre viktig. Ja det er sjølvsagt eit poeng at den store ulempen til 2G er at det krev meir straum på sendarsida, men etter mitt syn er det langt betre å bruke straum på ei mobillast for å då kunne drifte mobiltelefonar som kan være påslått ei veke utan lading, kontra å spare litt innlagt straum på mobillasta og så berre forsyne mobiltelefonar som må ladast kvar dag. Tilsvarande så meiner eg at behovet for 4G/5G er godt nok dekt i dag. Gevinsten for forbrukarane ved at 2G nettet blir gjort om til 4G er etter mitt syn forsvinnande lite. Særleg fordi at i dag så er det eit relativt avgrensa behov for å laste ned store mengder data med høg hastigheit over mobilnettet, største databehovet for 99% av mobilbrukarane er tross alt videostreaming i HD kvalitet, noko som 4G taklar bra. Det er likevel ikkje slik at vi skal stoppe den teknologiske utviklinga, men konsenvensen av at vi stenger 2G nettet for å bygge ut betre kapasitet på 4G nettet er at mange einingar som i dag brukar 2G nettet må oppgraderast til 3G eller høgare, som igjen spiser opp delar av den kapasiteten som blir utbygd fordi det samtidig er tvunge fram eit nytt behov. Største kapasitetegevinsten vil nok kome av at utstyr som bruker 2G ikkje blir oppgradert, som til dømes at eCall på dei fleste bilar berre vil slutte å fungere etter nedstenginga utan at verken bilprodusent eller bileigaren tek utgifta ved å oppgradere og drifte eCall over 4G nettet.
  25. Kortversjonen er at det er mykje billegare med straum enn bensin/diesel per kilometer. På veldig dyr hurtigladar og med køyring når det er veldig kaldt, så kan du kanskje oppnå ein kostnad som liker bensinprisen, men du vil aldri være dyrare med elbil. Det er billegare med saktelading enn hurtiglading når du har tid til det. Sjølv om det hadde vært meir bekvemmeleg å kunne lade heime i sameiget, så er det heilt uproblematisk å lade medan du uansett er på butikken.
×
×
  • Opprett ny...