
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 826 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Hva ville skjedd om vi fikk gratis strøm fra neste uke?
The Avatar svarte på Sjorren sitt emne i Energi
Straumforbruket hadde utvilsomt gått opp, men eg håpar og trur at folk flest hadde utvist litt moderasjon. Eg trur derfor at vi hadde fått relativt få som har holdninga "haha strømmen er gratis" og som hadde satt varmeovnar ut i hagen berre for å bruke opp straumen utan nytte. Det er heller ikkje slik at dei som berre betalar fastpris for vatnet og som ikkje har vassmålar lar alle kranene i huset stå og renne heile dagen fordi vatnet er "gratis". Såpass tillit til folket har eg at vi hadde nok ikkje fått så mykje av regelrett sløsing. Det sagt så hadde straumforbruket heilt sikkert mangedobla seg. Med gratis straum så er det ingen grunn til å ikkje ha ein varmeovn i garasjen, eller legge varmekablar i oppkjørselen slik at ein slepp å måke snø, osv. Eg trur også at vi hadde fått ein eksplosjon i bruk av airconditioner på sommerstid. I dag er det veldig få som har aktiv kjøling av huset sitt om sommaren, blant anna på grunn av at det er forholdsvis dyrt med slik kjøling. Men hadde straumen vært gratis så trur eg veldig mange hadde satt varmepuma på automatikk og aldri latt innetemperaturen gå over 22 grader. Folk flest hadde nok funne mange områder der det hadde vært praktisk å bruke straum, men som ein i dag ikkje prioriterer å betale for i dag.- 14 svar
-
- 1
-
-
Årsaken til manglende / deffekte lys på møtende biler?
The Avatar svarte på Buffelo sitt emne i Bil og motor
Eg har ikkje inntryk at det er spesielt mange fleire bilar med berre eit lys no i forhold til kva det var før. Eg trur nok at forklaringa er at dagens pærer varer mykje lenger, det er nesten slik at frontlyktene på ein bil ikkje lenger er ein slitedel som skal byttast ut. Eit LED lys varer like lenge som bilen om det ikkje oppstår teknisk feil. Men baksiden er at dersom lyset fyrst sløkner så er ikkje dette noko som den jamne bilist kan ordne sjølv. Det er lenge sidan det berre var å svinge innom bensinstasjonen for å kjøpe ny lyspære, og så poppe panseret og bytte pæra før du køyrte vidare. I dag er det gjerne ein verkstedjobb, og du må ofte bytte heile lykta. Det gjer nok det at mange av billistane som får ei defekt frontlykt venter i det lengste med å ta rekninga på å utbetre feilen, typisk at ein venter til at det også er noko anna som må reparerast. Det er heller ikkje berre kostnaden åleine som gir utfordringar, for veldig mange så er det også ein stor kostnad at ein må ta seg fri for frå jobb eller skaffe leigebil fordi bilen må stå på verksted heile dagen. Heilt einig, dette er nok eit eksempel på eit EU regelverk som ikkje er tilpassa norske forhold, men som likevel overstyrer det særsnorske kravet om at køyrelysa skal være påskrudd under køyring. Etter EU reglane så er det godt nok at baklysa berre slår seg på når det er mørkt, og sidan det er godkjent i EU så er det også godkjent i Norge at ein køyrer slik bil på automatisk lysstyring. Sjølv om at automatikken på mange måtar har blitt ganske god, så er det fortsatt slik at baklysa ikkje slår seg på før det blir mørkare enn berre skumring, og når ein køyrer inn i tunnelar så er det ganske mange sekunds forsinking før baklysa slår seg på. Det som særleg gjer denne løysinga i Norge er at i Norge varer skumringa mykje lenger der vi er midt mellom dagslys og natt. Lenger sør i Europa så varer denne overgangen mykje kortare. Vi har i tillegg den utfordringa i Norge med saltslaps om vinteren, noko som gjer at refleksane bak på bilen blir tilgrisa og dermed ikkje fungerer. Hadde dei raude refleksane bak bilen vært reine til ei kvar tid så hadde ein i det minste sett refleksane sjølv om baklysa er avslått. Som ein liten ekstra kurrositet så gjer dette EU regelverket at du som billist må være mykje meir påpasseleg når du køyrer med tilhenger. På tilhenger er det ikkje unntak frå reglen om at køyrelysa skal være på, så om du berre henger på tilhengeren og lar lysstyringa stå på automatikk så vil heller ikkje lysa på tilhengaren slå seg på, og du risikerer bot. -
Fossil-biler best mtp. beredskaps-hensyn, hvis krig?
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
I den grad det finnes sivile skip som ein kan tømme for drivstoff, så skal det mykje til for at det er sivilbefolkninga som får den gleden. Det er nok fyrst og fremst militæret som har både transportkapasitetar og makt til å sikre seg et slikt lager med drivstoff. Sivilbefolkninga må nok klare seg på restane som er så små at militæret ikkje prioriterer å bruke energi på å sikre seg drivstoffet. Sivilbefolkninga sitt håp er i ein slik situasjon at ein finn ein gamal traktor med halvfull dieseltank, at ein berre kan dra ned på havna og tappe frå cruise skipet som ligg forlatt der er det nok liten sjanse for. Eg er ikkje like sikker. Sjølv om vi går tomme på olje på eit eller anna tidspunkt så vil det gå veldig lang tid til det blir heilt tomt. Det som vil skje er at oljen som ligg under bakken blir dyrare og dyrare å pumpe opp, slik at prisen etterkvart blir så høg at det ikkje er verdt å gjere jobben. Militæret er ein av få aktørar som kan basere seg på diesel i hundrevis av år til, sjølv når oljen er så vanskeleg å få tak i at dieselen koster 1000 kr literen så er det fortsatt diesel som militæret vil bruke om det bli ansett som beste drivstoffet. Men det klart ein når sjølvsagt ei grense for der det er både billegare og meir militær slagkraft i å ha 10 tanks som er elektriske kontra å fortsette å bruke ein dieseldreven tank, også om 5 av dei elektriske tanksane til ei kvar tid må stå til lading. Grunnen til at det brukes mykje olje i dag er at oljen er relativt sett eit billig drivstoff. Kostnaden av å taue ei oljeplattform ut i Nordsjøen og putte eit sugerør i oljeforekomsten og berre la oljen straume opp i 50 år er veldig liten. Men når ein må starte å bruke dei små oljeforekomstane som berre gir grunnlag til å pumpe olje i eit par månadar før heile oljeplattforma må flyttast, det er då det blir dyrt. Mykje av dieselbehovet vil nok også i framtida bli dekt av syntetisk olje, bio drivstoff, osv. Dette trur eg du har heilt rett i. Når ein tanks til fleire titals millionar (pluss kostnadar til crew og logistikk) kan bli satt ut av spel av ei hobbydrone til 499 kr så seier det seg sjølv at tanksen nok har utspelt sin rolle. Framtidas krigar blir nok ikkje ei slagmark med etablerte frontlinjer, det blir nok mykje meir bruker av droner som aktivt leiter opp sine mål langt inne i fientleg område. I dag er dronane relativt store og klarer akkurat å frakte ein granat som kan sleppast på utvalgte mål. Framtidas dronekrig blir nok store svermar med droner på berre nokre få cm som automatisk søker opp varmeprofilen til eit menneske og som enten har ei knøttliten mengde sprengstoff som drep ved å detonere heilt inntil person, eller kanskje ein går heilt motsatt retning der ein går heilt vekk frå sprengstoff slik at stridsmiddelet er kjemisk eller giftig stoff som blir levert med eit nålestikk. Her kan eg til og med sjå for meg at dronene leverer ei gift som den eine sida har motgift til, og at ein i framtida "tagger" fienden med å injektere ei lita dose med gift og la soldaten må overgi seg innan X timar for å få motgift og redde livet.- 97 svar
-
- 1
-
-
Du får dørpumper som har klemsikring. Både av den meir avanserte sorten som bruker sensor til å oppdage hindringar, til den litt meir low tech løysinga med at dørpumpen dreg døra sakte igjen mot slutten slik at dersom ein kjem i klem så er det både mykje mindre krefter i sving og at ein får tid til å stoppe og skyve opp døra igjen før klemskaden blir alvorleg. Du får også kjøpt eiga klemsikring som du monterer ved hengslet. Ofte er dette en liten plastplate som er hengsla og som dekker til opninga mellom dør og karm på hengslesida, dei litt meir fancy klemsikringane er i form av ei rullgardin som dreg seg ut når døra opner seg og då hindrer at ein kan få fingrane i mellom. Dette er den løysinga som ofte er mest estetisk pen. Sidan problemet du vil løyse er å beskytte døra dersom den blir tatt av vinden ved opning, så er nok den lettaste og beste løysinga å ha ein fjøyrbelasta dørstopper som demper døra før den slår heilt opp og treff veggen.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Du skal i alle fall melde dette inn som reklamasjon på setningsskade så raskt som råd slik at du ikkje mister retten til reklamere ved å vente for lenge. Sprekken må undersøkast nærmare og haldast under oppsyn. Dette kan være både eit reint kosmetisk avvik der betongen har fått ein sprekk og deretter har stabilisert seg, men det kan også være ein sprekk som berre vil fortsette å utvide seg til ein har fått sikra grunnen.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Vanligvis så har burettslaget ansvaret for den delen av bygninga som er felles, altså vegg mot nabo eller fellesområde, vassledningar til kvar enkelt leilegheit, osv. Det som er innafor leilegheitas fire veggar vil det normalt være bebuaren sjølv som har ansvaret for. Utifrå det utgangspunktet så kan nok burettslaget argumentere for at burettslagets ansvar stopper ved stengeventilen som går inn til din leilegheit, og at sjølve radiatoren er det du som eig og er ansvarleg for. Eg har likevel ikkje vært borti at eit burettslag ikkje har tatt på seg ansvaret også for radiatoren, då radiatoren ofte blir sett på som ein del av bygningens infrastruktur. Dersom det er du som eig og er ansvarleg for radiatoren så betyr det også at du står heilt fritt til å skru igjen stoppekrana på radiatorrøret og kvitte deg med heile radiatoren. I dei fleste burettslag med radiatorar så er det eksplisitt forbod mot å fjerne radiatoren frå leilegheita. Ofte vil du også få dekning for mindre vannskader gjennom innboforsikringa, men typisk vil slike skader være dekt av husforsikringa som burettslaget har. Ei løysing som er enkel for deg er å melde inn saka til ditt forsikringsselskap, så vil dei eventuelt ta saka vidare med forsikringselskapet som har husforsikringa om selskapet du har innboforsikring hos meiner at det ikkje er deira skade å betale for.
- 14 svar
-
- 2
-
-
-
Helseplattformen - en IT-skandale
The Avatar svarte på Svein M sitt emne i Annen teknologi og vitenskap
Største overraskelsen er vel eigentleg at Riksrevisjonen berre slår inn opne dører utan å vise til kva som konkret skulle vært gjort annaleis i arbeidet med å planlegge, organisere og innføre helseplattformen. Det vises til at det har oppstått svakheiter i arbeidet, men beviset for at arbeidet er svakt er at Riksrevisjonen påstår ei rekke ting som kan skje. Blant anna at kostnadane kan føre til at helseforetaket får mindre økonomisk spelerom til å gjere vurderingar. Utanom at innføringa har blitt dyrare enn antatt så har ikkje Riksrevisjonen konkrete saker å vise til, som eksempel på dødsfall eller andre alvorlege konsekvensar som følgjer av innføringa av helseplattformen. Det at Riksrevisjonens anbefalingar til helse og omsorgsdepartementet er at dei må følgje opp at helseplattformen bidreg tilå nå helsepolitiske mål, og at det skal stimulerast til ytterlegare samordning og samarbeid mellom Helse Midt-Norge og dei andre helseregionane, er etter mitt syn berre vis-vass prat. Det å kritisere pengebruken er sjølvsagt lavthengande frukt for Riksrevisjonen, det eg er mest overraska over er at Riksrevisjonen ikkje har sagt noko om at pengebruken har vært vekkasta. Slik som eg les rapporten så går kritikken mest i retning av at budsjetteringa burde vært betre slik at sluttrekninga ikkje kom som ei overrasking. Etter mitt syn så burde kritikken i langt større grad vært retta mot beslutningstakarane. Heilt overordna så er det to store manglar i arbeidet med innføring av helseplattforma. 1. Leiinga har mangla bestillingskompetanse, og ein har rått slukt salgsargumentet om at med helseplattforma så skulle alle helseopplysningar kunne registrerast med eit museklikk. Det har i alt for liten grad vært vurdert om dette har vært realistisk, og ein har satt alt for lite krav til leverandøren, heriblant retten til å halde tilbake heile eller delar av betalinga fram til systemet er innført og fungerer slik som ein har blitt lovd. At ein betalar fullpris til ein leverandør som berre har levert eit halvferdig produkt høyrer sjølvsagt ingen stad heime. 2. Leiinga har fullstendig gløymt at brukaropplæringa ikkje berre skal være kva knappar ein trykker på for å gjere ulike ting i systemet. Den viktigaste brukaropplæringa i eitkvart system er korleis ein skal jobbe for å få mest mogleg ut av funksjonaliteten til det nye programmet. Om brukarane prøver å jobbe på gamlemåten i det nye systemet så er det ikkje rart at det oppleves som både fustrerande og ueffektivt. Ofte er det planlagt at mesteparten av gevinsten med det nye systemet skal realiserast ved å bruke systemet til å jobbe smartare. Det nytter ikkje å irritere seg at du ikkje finn knappen for å printe ut brevet slik at du får satt på frimerke og lagt det i postkassa når systemet er konstruert for at brevet automatisk skal bli sendt digitalt så fort ein er ferdig med saka. Når kontorarbeidsplassane ellers i samfunnet innførte Teams og skylagring, så var det vel openbart at dei tilsette også måtte endre måten dei jobbar på for å kunne bruke det nye systemet rett? Skylagring er ein veldig effektiv måte å gjere at fleire personar kan jobbe i same dokument i sanntid, både frå kontoret og frå andre stadar. Men om ein insisterer på å jobbe på gamlemåten og laster ned det som ligger i skya for å jobbe med dokumentet lokalt, og deretter laster dokumentet tilbake til skya og då overskriver dei endringane som kollegaen gjorde dagen før, så er det ikkje rart at ein blir forbanna og meiner at det nye systemet berre lagar krøll og ekstraarbeid. Feilen som helseforetaket har gjort er at ein ikkje har starta med å gi opplæring i korleis arbeidsflyten skal være i framtida. I staden har ein kjøpt eit dyrt system, gitt grunnleggande opplæring i korleis ein navigerer i brukergrensesnittet, og kryssa fingrane og håpa på at dei tilsette sjølv skal finne ut av kva som er den mest effektive måten å jobbe på.- 56 svar
-
- 3
-
-
-
Kvinnelig bokser slår for hardt til å være troverdig.
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Sport og idrett
Ja det stemmer. IOC overlater normalt reglar og kriterier for konkurransen til forbunda. Men det er fordi at IOC har hatt tillit til forbunda. Det er uansett IOC som har siste ordet for OL deltakelse. Under OL i Paris tok IOC over styringa då alternativet var å stryke boksing frå programmet. Poenget mitt er at det er IOC som må bestemme kva rolle OL skal ha, og kva det skal konkurrerast i. Forholdet opp mot kvinneklasse og transpersonar er ei av dei tinga som den olympiske komite må gjere eit bevist valg rundt. Tilsvarande må IOC bestemme seg for kva prinsipp som skal ligge til grunn for politiske føringar. Særleg spørsmålet om utestenging av nasjonar er heit potet, herunder også spørsmålet om kva som skal være kriterier for å bli utestengt. Akkurat no så er det ei salig blanding av utestenging på politisk grunnlag for enkelte nasjonar og utestengig for sportsleg misleghald for andre nasjonar. Til dømes er Russland utsestengt frå OL for gjentatte brot på dopingreglane, medan Belerus er utstengt for sin rolle i krigen mot Ukraina. -
Politiet har ikkje plikt til å opplyse om prikkar der og då. Men politiet som etat skal snarast mogleg sende skriftleg varsel når du har fått registrert fire eller fleire prikkar. Det betyr då at dersom du ikkje har fått brev om prikkar dei siste tre åra, så er førarkortet ditt trygt ved forenkla forelegg (med mindre du har brutt fleire trafikkreglar samtidig, som å køyre for fort gjennom eit kryss der du hadde vikeplikt). I worst case scenario så har du tre prikkar frå før slik at du akkurat ligg under grensa for å få brev om at du har prikkar, og at du i tillegg ikkje har tatt lærdom av å bli bøtlagt tidlegare og deretter rykker på eit dobbelt trafikklovbrot slik at du får 3+2 prikkar og dermed kjem opp i 8 prikkar og førarkortbeslag utan å ha fått infobrev frå politiet. Er du under prøvetid så er minste talet på prikkar du kan få ved fartskontroll fire prikkar ettersom det er dobbel prikkbelastning i prøvetida. Det medfører at sjølv om du blir tatt i låg fartsoverskriding som normalt hadde gitt to prikkar så får du fire prikkar direkte og dermed har du også fått fire prikkar som er grensa for at du får advarselbrev frå politiet. Reglane for prikkar er eigentleg ganske enkle. Det medfører på den eine sida at politiet heilt fint burde informert deg om både foreleggets størrelse og talet på prikkar, men samtidig så er reglane også så enkle at det nok var grunn til å tru at du viste kva det ville medføre av prikkar. Regelen er at alle overtredningar gir tre prikkar, unntaket er at du berre får to prikkar om fartsoverskridelsen er liten, ikkje meir enn 15 km/t i 60 soner og nedover, og ikkje meir enn 20 km/t i 70 sone og oppover. Det er også berre to prikkar om du har usikra barn under 15 år i bilen. Det siste unntaket er at under prøvetida så får du dobbel prikkbelastning. Det er eg heilt einig i, det bør ikkje være opp til skjønn om ein får bot eller ikkje. Det som eg tenkte på i mitt eksempel om å at fartsgrensene i enkelte tilfeller burde være litt meir fleksible, er at ein i større grad kunne brukt elektroniske skilt til å endre fartsgrensa ved behov. Som til dømes at fartsgrensa forbi ein barneskule blir satt ekstra låg i skuletida når det er flest ungar langs vegen. Når UP då har fartskontroll så skal den sjølvsagt utførast i samsvar med den fartsgrensa som er skilta og skal sjølvsagt ikkje være opp til politibetjenten å vurdere.
- 150 svar
-
- 2
-
-
Kvinnelig bokser slår for hardt til å være troverdig.
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Sport og idrett
https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/rPmKle/kjoennsdebatt-inkludering-foran-rettferdig-idrett-man-kan-ikke-faa-i-baade-pose-og-sekk Eg klarer ikkje å forstå kva som er så vanskeleg med denne saka. Etter mitt syn er det veldig enkelt. Steg 1 er at IOC så må definere kva dei vil at OL utøvarane skal konkurre i, deretter må dei sende ei bestilling til det internasjonale bokseforbundet om å finne tak i dei beste utøvarane som oppfyller kriteria som IOC har satt for OL. Bokseforbundet kan sjølvsagt også sette opp konkurranser med andre kriterier utanfor OL. Tradisjonelt sett så har dei fleste idrettsgreiner blitt delt opp i herre og kvinneklasse, men det er ingen regel då det finnes fleire greiner der det ikkje er kjønnsdelte klasser. I kampsport har det i tillegg vært vanleg å sortere i vektklasser, men heller ikkje det er ein fast regel. I tillegg til alt dette så opererer ein med nokre litt meir usynlege kriterier via dopingreglane der ein blir diskvalifisert dersom ein brukar prestasjonsfremmande doping, men ein kan også bli utestengt etter dopingreglane om ein bruker medisinar eller har natruleg høge verdiar av eit stoff som andre utøvarar tek for å prestere betre. IOC kan heilt fint bestemme at at i OL så finnes det berre ei bokseklasse, og ein deler berre ut eit OL gull i boksing og det er den som står igjen til slutt etter å ha slått ut alle andre boksarane. Gjer ein det på denne måten så er sannsynlegheita stor for at vinnaren er ein mann i klassen tungvekt og ikkje ei kvinne i klassen fluevekt. Då er det fullt lovleg å delta i OL også for dei som veg under 90 kg, men du må rekne med å ikkje kome særleg høgt opp på resultatlista (på same måte som at ein sprinter på over 90 kg nok ikkje vil kunne hevde seg på 200 meteren sjølv om det ikkje er ei regelsatt vektbegrensning i sprint). Om IOC vil at kvinneklassa skal være open for alle som har kvinne som juridisk kjønn så kan dei gjere det, ei slik ordning er då veldig enkel å administrere sidan utøvaren berre treng å vise passet sitt for å bli plassert i rett klasse. Det IOC gjer i dag er nesten dette, berre at i tillegg til å sjekke passet så har IOC akseptert at bokseforbundet utfører tilfeldig kromosontesting. Det hadde vært ein veldig enkel sak for IOC å berre skjære gjennom og seie at i OL så definerer vi herre og kvinneklassen berre utifrå kva som står i passet. Alternativt at ein ikkje kaller det herre og kvinneklasse lenger, men i staden gjennomfører kromosontest og deler opp i XX og XY klasser. At det kjennes inngripande å blir kromosontesta og få resultatet av kromosontesten offentleg kjent er ein ærleg sak det, men eg meiner at det burde eignetleg ikkje være så mykje meir inngripande enn dagens praksis med at utøvarane går opp på scena under pressekonferansen og stripper ned til undertøyet før vekta deira blir annonsert til pressekorpset. At ein sport som er inndelt i vektklasser krev at veginga skal være offentleg og vertifiserbar burde være openbart. Ein ikkje berre skal stole på utøvaren sin påstand om at dei definitivt ikkje veg meir enn maks 69,9 kg før kampen, og så bli overraska om det viser seg at alle boksarane har pynta litt på sannheita. Dersom ein innfører kromosonklasser så vil det være heilt naturleg at kromosontestinga er offentleg, så får ein heller trekke seg om ein ikkje ynskjer at resultatet skal bli offentleg kjent. Dette skill seg ikkje så veldig mykje frå dagens vektklasser der ein boksar som heile tida har ulempen med å være i den lågaste delen av sin vektklasse må slutte å konkurrere i verdenstoppen ettersom ein heile tida møter betre boksarar som har sin vekt i øvre del av vektklassa. IOC kan også heilt fint bruke heilt nye kriterier for å lage rettferdige konkurranser, for eksempel ved å gå vekk frå å berre ha ei enkel vektmåling. I dag kan ein ganske enkelt måle berre muskelmassa slik at vektklassene berre er basert på muskelmasse og ikkje av vekta av vatn og fett i kroppen (som bonus då så får vi kanskje sunnare boksarar som ikkje dehydrerer seg før ei viktig veging). Om lengda på armane og bredda på skuldrane blir vurdert som viktige kriterier så går det fint ann å ta med det i berekninga, som til dømes at den nye "vektklassen" består av kilo muskelmasse multiplisert med armlengde frå skulder til handleddet. Då vil ein kunne få rettferdige konkurranser mellom ein sterk boksar med korte armar som har vanskeleg for å nå konkurrenten men som treff med ekstra stor kraft om ein fyrst får inn eit slag, medan motstandaren er litt svakare men har lengre armar slik at vedkommande får inn fleire slag i løpet av kampen men alle med mindre kraft. I kampsport så er det alt så utruleg mange inndelingar frå før, så det å innføre nye kriterier for å gi transpersonar, kvinner med XY kromoson og kvinner med høgt testosteronnivå ein arena til å konkurrere på rettferdige vilkår utan å øydelegge for andre utøvarar burde være veldig enkelt. Alternativt så må ein berre bestemme seg for at ein fortsetter som før, sjølv om det betyr at kvinner med XX kromoson og lågt testosteronnivå då aldri vil kunne blir gode nok til å hevde seg i verdenstoppen i kvinneklassen. Det er sånn sett ingen rettigheit at ein skal få konkurrere utelukkande med konkurrentar som har identisk kropp som deg sjølv. Når ein i OL konkurrerer i basketball så har ein ikkje ei eiga klasse for utøvarar som er under 1,60 høge, om ein ikkje klarer å hamle opp med konkurrentane som er over 2 meter høge så ryker ein ut av konkurransen tidleg.- 292 svar
-
- 2
-
-
@Nonorium Spørsmålet her spørsmålet om berettiga interesse og at forbodet ikkje er utilbørleg fortrenging. Det å henvise til at offentlegheita går 10 meters omveg til den tilrettelagte turstien bak garasjeanlegget i staden for å gå rett forbi huset er fort både ei berettiga interesse og ikkje til utilbørleg fortrenging for turgåarane som uansett kjem til rekreasjonsområdet ved å gå langs den opparbeida stien.
- 45 svar
-
- 3
-
-
-
Bør Høyre få ny partileder/statsministerkandidat?
The Avatar svarte på DetteErBareMinMening sitt emne i Politikk og samfunn
Slike motsettingar er sjølvsagt festlige då det er klare motsettingsforhold mellom det ein forkynner og det ein sjølv gjer. Samtidig så tenker eg at det er viktig å påpeike at personleg erfaring er også ein kvalifikasjon. Det et lett for ein som aldri har røyka å seie at det er berre å stumpe røyken, og då gir klarsignal hei for ein stor kampanje som ikkje fungerer. Ein som røyker sjølv har kanskje større forståing for at det å redusere røykinga også har ein helsegevinst sjølv om ein ikkje klarer å stoppe heilt. Oversatt til fedme og folkehelse så er det vel så viktig at 100 personar ikkje blir feitare enn at ein 1 feit person klarer å bli normalvektig. Når det gjeld trådens tema så tek det for lang tid å bygge opp gode partileiarar, så det å bytte leiar vil nok føre til at ein midlertidig mister fleire stemmer enn ein vinner. For dei fleste som vurderer å stemme Høgre så er aksjehandelsaka uansett gløymt eller bortforklarr, så den saka har nok liten betydning for stemmetalet. At opposisjonen er opptatt av saka har ingen praktisk betydning.- 105 svar
-
- 1
-
-
Er det greitt å slå saman/ legge ned skoler ?
The Avatar svarte på Buffelo sitt emne i Politikk og samfunn
Eg synes også at det er viktig å ha fokus på å kunne tilby dei linjene som elevane er interessert i, samtidig så er det også ein veldig klar trend både på vidaregåande og høgskule at svært mange velger sin utdanning basert på kva som er lokalt tilgjengeleg. Det gjer at i den bygda ein har bilmekanikarlinje så blir det utdanna veldig mange bilmekanikarar som har vokse opp i akkurat den bygda, og i småbyen der det er sjukepleiarutdanning så blir det utdanna for mange sjukepleiarar til å dekke det lokale behovet. Det er alt for mange som velg sin utdanning utifrå kva som er bekvemmeleg og utifrå ein tanke om å sleppe å skaffe seg eit nytt nettverk, men utfordringa er at det er vanskelegare å få fordelt yrkeskompteansen ut i storsamfunnet på ein måte som best mogleg dekker behovet for arbeidskraft. Den eine eleven som er veldig interessert i å mekke på bil som velger å reise til ein vidaregåande skule litt lenger unna, har langt større muligheiter til å både fullføre fagbrevet å få seg ein god jobb når vedkommande då er den einaste mekanikaren som søker om lærlingplass i ei bygd der der det ikkje er så mange mekanikarar. Prioriteringar er alltid eit vanskeleg valg. Eg er likevel heilt einig i at det er ein viss fare for at denne kortvarige besparinga ved å legge ned skuletilboda kan ende opp med å koste samfunnet mykje meir. Det er massevis av ukjente og potensielle kostnadar som det er vanskeleg å vite så mykje om. Den kan være fleire som dropper ut av skulen utan å ha fullført vidaregående fordi kombinasjonen av belastninga det er å både gå på skule og måtte reise langt blir for mykje til at ein klarer å stå løpet ut. Dette kan fort føre til arbeidsledigheit og dermed NAV utbetalingar. Ein kan få befolkningsnedgang fordi skuletilbodet er redusert, noko som igjen gir kommunen mindre inntekter. Osv, osv. Det blir som kommunane som sparer 1 mill på å kutte ei stilling i psykisk helsevern for ungdom, og som får det igjen i form av ei årleg rekning på 10 mill fordi disse ungdommane som ikkje fekk den hjelpa dei trengte no slit med rus og psykiatri og har blitt både arbeidsledig og agressiv nok til å bedrive hærverk på sin kommunale bustad. Forebygging er alltid billegare enn å drive behandling seinare.- 56 svar
-
- 2
-
-
Som igjen er grunnen til at du bør stille opp på dei intervjua du får tilbod om, sjølv om tilbodet om intervju kjem som følgje av at du har søkt under eit dekk-navn. (Forutsetter då sjølvsagt at det øvrige i søknad/CV er korrekt på dei relevante områda). At det forgår diskriminering er nok på det reine, men det hjelper deg lite når du ikkje får sjansen til å vise kven du er på intervju. Har du fyrst fått den fyrste jobben så blir vidare søknadsprosess mykje mykje enklare sidan du då både har relevant arbeidserfaring på CVen og relevante referansepersonar som jobber i rette bransjen. Det andre alternativet er at du må jobbe mykje meir aktivt i søknadsprosessen enn dei du konkurrerer med. Som nemnt tidlegare i tråden så bunner slik diskriminering ofte ut i at ein er redd for at du med utanlandsk namn ikkje snakker godt norsk / kjenner norske arbeidsforhold godt nok. Den som tilsetter har ofte så mange søknadar at ein ikkje prioriterer å sjekke opp om antakelsen stemmer, og dermed får du ikkje tilbod om jobbintervju. Der det er slike ting som ligg bak diskrimineringa så vil det hjelpe veldig mykje om du tek kontakt og på den måten tjuvstarter med eit fyrsteinntrykk. Eit anna råd er også at du vurderer litt kritisk kva du søker jobb og kva stillingar du søker på. Mellom anna så vil du ha litt meir slagkraft om du påberoper deg diskriminering i ei tilsettingssak i offentleg sektor. I det offentlege har ein eit kvalifikasjonsprinsipp der ein ved tilsettinga skal begrunne at det er den beste kandidaten som får jobbtilbodet. Det er også lovfesta at saka skal være så opplyst som mogleg før det blir fatta vedtak, for offentlege stillingar kan det medføre eit objektivt krav til å gjennomføre fleire interjvu for å være sikker på at ikkje gode kandidatar blir kutta for tidleg. I private virksomheiter så er det heller ikkje lov å diskriminere, men samtidig er det mindre reguleringar som gjer at ein privat arbeidsgivar i større grad kan bruke skjønn.
- 47 svar
-
- 2
-
-
-
Er det greitt å slå saman/ legge ned skoler ?
The Avatar svarte på Buffelo sitt emne i Politikk og samfunn
I tillegg så er det også eit poeng å lære seg sosial omgang sjølv om det ikkje står i læreplanen. Blir det veldig få i klassa så lærer ein ikkje å forholde seg til ulike personlegheiter. At det er dyrt å drifte ein liten skule er berre ein del av vurderinga, det skal også værr eit forsvarleg skuletilbod.- 56 svar
-
- 1
-
-
Er det greitt å slå saman/ legge ned skoler ?
The Avatar svarte på Buffelo sitt emne i Politikk og samfunn
Lønnskostnaden til ein bussjåfør, dieselen som bussen bruker, samt slitasje av bygget. Kommunen/fylkeskommunen som er eigar av bygget har vedlikeholdsansvaret, blir ivaretatt av at ein enten selg bygget for å kvitte seg med bygningsmassen eller ved at ein finn nye leigetakarar, ofte i form av at nokon vil starte privatskule eller liknande. Prioriteringar, og endra krav til skulane. Særleg kravet til spesialtilpassa undervisning til både framandspråklege og elevar med særskilte behov gjer at det i dag er langt dyrare å drifte enn ein barneskule i dag enn det var før. I tillegg er det å ikkje legge ned ein barneskule ofte veldig viktig lokalpolitikk der det for lokalpolitikarar ofte er lettare å kutte i eldreomsorgen eller anna usynleg tenesteproduksjon for å kunne oppretthalde ein barneskule med mindre enn 20 elevar. Minste elevtalet er som nemt eit politisk spørsmål, i dei verste tilfella er der barneskular der det er fleire voksne enn elevar på skulen. Nei, det er nok i liten grad god nok konsekvensanalysert av lokalpolitikarane kva det betyr å for eksempel legge ned ein skule. Det er eit uttrykk som heiter "å spare seg til fant", noko som ofte er tilfellet når politikarane skal spare pengar. Småpengar spart på årets budsjett er ofte mykje meir verdt enn dei store framtidige kostnadane som ein får fordi ein har tissa i buksa for å holde seg varm. Typisk så vil nedlegging av ein barneskule føre til fråflytting og mindre tilflytting fordi det er for upraktisk å bu i nærområdet med barn i skulealder som må sendast på lange bussturar til den nærmaste skulen. -
Min fyrste tanke er at du har for mykje tid mellom treningsøkta 08.30 til 11.30 og vaskejobben din kl 17-21. Eg trur at at det er mykje enklare om du starter dagen roleg med husarbeid og slikt, deretter tek ei treningsøkt f.eks. kl 12 til 15, og at du då har to timar til å roe ned etter treningsøkta før du går på jobb. Etter mitt syn så lager du deg 12 timars arbeidsdag til tross for at du berre jobbar 50% pluss to timar med trening per dag. Det er ein grunn til at arbeidsmiljølova setter forbod mot arbeidsdagar over 1 1 timar, det er rett og slett ikkje bra for helsa. Det at du har nesten 6 timar med fri midt på dag bidreg nok til at du kjenner deg sliten sjølv om du ikkje har jobba heile dagen.
-
Ja du kan sjølvsagt ta deg full jobb om du skulle bli frisk nok til det, men då mister du sjølvsagt trygda som ufør. Det kan gi deg nokre praktiske utfordringar ved at dersom du får tilbakefall etter å ha vært i full jobb så må du på nytt gjennom utredning før du på nytt blir erklært som 100% ufør, og då kan du ikkje rekne med at du får behalde fordelane du har som ung ufør. Det er derfor ikkje gitt at det er verdt det å i det heile tatt prøve seg i jobb, sjølv om du idieelt sett burde jobbe så mykje som du klarer.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Er det greitt å slå saman/ legge ned skoler ?
The Avatar svarte på Buffelo sitt emne i Politikk og samfunn
Kan starte med å seie at dette er sjølvsagt ein diskusjon som har veldig mange sider. Rekninga for busstransport er nok vesentleg mykje lågare enn rekninga for å drifte eit heilt skulebygg med lærarar og alt mogleg. Det er kun om ein også må ta med internatkostnadar ved at eleven må bu på skulen at den rekninga eventuelt kan bli større enn å opprettholde ein skuleplass. Eg er ikkje ueinig, men samtidig så er det ein balanse mellom det å ha god nok fagleg tyngde på utdanninga og samtidig gjere utdanninga tilgjengeleg for flest mogleg. Ein kunne sjølsagt samla dei beste lærarane på berre ein skule i landet, men då er det færre som får tilbod om å få slik utdanning. Kunsten er å finne den passelege balansen mellom kva som gir god nok kvalitet opp mot kvantitet.- 56 svar
-
- 2
-
-
Montere balansert ventilasjon på egenhånd.
The Avatar svarte på DIYDari sitt emne i Hus, hage og oppussing
Det er ikkje heilt beint fram å svare på dette. Det fyrste spørsmålet er kva nivå du skal legge deg på. Snakkar du om balansert ventilasjon med varmegjenvinner, berre balansert ventilasjon, eller berre mekanisk ventilasjon? Pris og kompleksitet er veldig avhengig av kva nivå du legg deg på. Det som er vanskeleg med balansert ventilasjon er å prosjektere det rett slik at lufta blir skifta ut ofte nok til å gi godt innemiljø samtidig som at du ikkje unødig pumper ut oppvarma inneluft. Akkurat det å sette opp aggregatet og legge luftekanal er den lettaste jobben. Merk at det også er mange nyhus som er heilt feil prosjektert, ofte fordi ein berre monterer anlegget utan å stille det inn. Eigentleg skal det følgje med dokumentasjon på at ventilasjonsanlegget er innstilt og tilpassa huset, men etter min erfaring så manglar dette ofte på nye hus. Om mogleg så bør du unngå å plassere ventilasjonsaggregatet i kalde rom som kaldloft/krypkjellar. Du kan gjere det men då må du være ekstra påpasseleg med dampsperra slik at du ikkje får problem med fukt. Personleg så tenker eg at dette prosjektet koster meir enn det smaker når du tenker 5-10 år før du uansett skal totalrenovere. Med ein slik tidsramme så hadde eg sett meg fornøgd med vanleg 70-tals ventilasjon via lufteventilar, og heller brukt dei 30 000 kr på å montere varmepumpe for å kompensere for varmetapet ved å ha ventilasjon utan varmegjenvinner. -
Det har betra seg litt. Særleg etter at lastebilforbundet eller kven det var gjekk til sak og vant fram med at politiets "rutinemessige" førarkortbeslag var lovstridig og berre kunne gjennomførast når det var vurdert som stor fare for nye ulykker fram til ein eventuell dom på at førarkortet skulle beslagleggast. Det eg likevel ser er at i alvorlege trafikkulykker så får bilisten ofte behalde førarkortet fram til saka er avgjort, medan førarkortbeslag skjer oftare ved mindre trafikkuhell. Ein av grunnane til at det er slik er at utan dashcam eller liknande så er det ofte vanskeleg å presist anslå fart og køyrestil til både bilist og syklist. Uhell som skjer i låg hastigheit har ofte ein større tendens til å bli vurdert som bilisten sin feilettersom bilisten har plikt til å kunne stoppe for ei kvar pårekneleg hindring, og den plikten slår hardare ut når bilisten køyrer i tilnærma gangfart enn dersom ein kolliderer i 60 km/t med ein syklist som kjem omtrent like fort frå venstre gjennom eit kryss. Dette har nok i stor grad med opplæring å gjere. Syklistar skal også følge trafikkreglane men det er ikkje krav til å bevise kompetansen i motsetting til hos bilistar som må bestå både teoretisk og praktisk førarprøve for å få køyre. I tillegg er heller ikkje trafikklovbrot utført av bilistar ei proioritert oppgåve for politiet. Det hender seg at politiet har kontrollar der dei bøtlegger syklistar som syklar på raudt lys og liknande, men eg har aldri høyrt om at politiet har hatt fartskontroll for å påsjå at syklistar følgjer 6 km/t regelen ved passering av gåande. (Eg veit at det har vært utført fartskontroll av elsparkesyklistar, men då opp mot hastigheitsbegrensninga på 20 km/t).
-
Styrtrik stat bør bekoste all ny nettutbygging nå.
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Det å kutte eksporten vil sjølvsagt hjelpe mykje, men dersom vi skal være sjølvforsynte med vasskraft så må vi bygge ut ganske magasinkapasiteten vår, altså treng vi fleire demningar. Vi kan spare inn litt utbygging ved å investere i nye og betre turbinar for å få utnytta vasskrafta litt betre, men vi slepp uansett ikkje heilt unna nybygging. Den store svakheita med vasskrafta er at tilsiget av regn og snøsmelting varierer mykje både med sesongen og frå år til år. Vi har derfor store utfordringar både med at demningane blir så fulle at det må sleppast ut vatn sjølv om det ikkje er behov for å produsere staum, og at det er så lite vatn at produksjonen må sterkt reduserast for å ikkje gå heilt tomme for produksjonskapasitet. Atomkraft kan være ei løysing for å flate ut straumproduksjonen utan å være avhengige av været. Akkurat no er det mest fokus på å prøve å dekke opp straumbehovet med vind- og solkraft samt straumimport frå utlandet, utfordringa i Norge er at straumbehovet er størst om vinteren når det er vanskelegast å produsere straum. Nedbøren om vinteren kjem oftast i form av snø, så den nedbøren får vi ikkje utnytta før snøsmeltinga. Så gjennom vinteren må vi klare oss med det vatnet som finnes under isen i dammane. Solceller får natruleg nok mindre sol om vinteren og produserer dermed mindre, medan vindmøllene får paradoksalt nok for mykje vind gjennom vinterstormane slik at vindkraftproduksjonen blir hemma av den grunn. Om vi i Norge får bygd ut ein buffer med atomkraft så kan vi i mykje større grad gjere oss uavhengige av været. -
Fossil-biler best mtp. beredskaps-hensyn, hvis krig?
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Kor relevant det er med lagring er veldig situasjonsavhengig. For beredskapen din så er det sjølvsagt ein stor fordel å ha din eigen bensinstasjon i garasjen om tilgangen til drivstoff forsvinner. Tanken med å ha elbil i krigssituasjonar er omtrent motsatt, ein tek utgangspunkt i at det er vanskeleg å hamstre opp straum på store batteri, men heller basere seg på at ein mest sannsynleg vil ha tilgang til straum sjølv om det blir krig. Enten gjennom det ordinære straumnettet som ein vil prøve å holde i drift, eller ved hjelp av solceller, vindkraft, osv. Sjølv om straumtilgangen er avgrensa så kan ein ta tida til hjelp og lade sakte, på den måten kan ein nok holde elbilen i gang gjennom heile krigen. Når oljefata med diesel er tomme, så er det tomt, og det er ikkje sikker du klarer å få tak i meir. -
Det er heller ikkje gitt at det er bevis å finne sjølv om ein retter søkelyset mot navngitte enkeltpersonar som angiveleg har innrømma kidnapping ovanfor ein tredje person. Ein privatetterforsker kan ikkje gjere så veldig mykje meir enn å bruke tid på saka gjennom å følgje opp offentleg tilgjengeleg informasjon og ved å snakke med aktuelle personar. Politiet på sin side har langt meir tilgang på informasjon. Så lenge politiet etterforsker så er det uhensiktsmessig å skulle ha ein parallell privat etterforsking som er basert på eit tynnare bevisgrunnlag enn det politiet har tilgang til. Det er heller ikkje gitt at tipset framstår som særleg truverdig, særleg i kriminelle miljø så er det ikkje uavanleg at ein skryter på seg kriminalitet som ein ikkje har utført. Både fordi det gir "street cred" å framstille seg sjølv som hardbarka kriminell, men også for å finne ut om ein har tystarar i eigne kretser. Om ein ikkje har gjort ugjerninga så har det liten konsekvens å bli gjenstand for ei politietterforskning basert på tips ettersom det då naturleg nok ikkje finnes bevis sidan heile tilståinga var basert på løgn. Og ved å fortelle litt ulike versjonar av løgnen til ulike personar så får ein også klarheit i kven som har tipsa politiet. Om politiet sikter dei for kidnapping av Anne Elisabeth så veit dei at det er du som tipsa politiet. Om dei blir sikta av politiet for Vålnes drapet så veit ein at det er person B som fekk presentert skrønen om at det var dei som stod bak drapet på Vålnes som har tipsa politiet. Grunnen til at ein leiger inn privatetterforsker er ein av to grunnar. Enten fordi politiet ikkje etterforsker saka slik at ein sjølv må ta ansvar for etterforskninga. Og den andre grunnen er der ein meiner at politiet etterforsker heilt feil spor eller har komt til feil konklusjon. Fram til no har det derfor ikkje vært behov for privatetterforsker. Det kan endre seg no etter at politiet har henlagt saka mot Tom Hagen og ikkje har nye spor å følgje opp. Så det er fyrst no at det er aktuelt med ein privatetterforskar som kan gå gjennom politiets bevis for å sjå om det er ting som politiet har oversett.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Nei det er sjølvsagt betre med energigjenvinning enn å grave ned avfallet, men energigjenvinning er den klart dårlegaste gjenvinningsmetoden. Det som er mest bærekraftig er gjenbruk deretter gjenvinning. Plasten og papiret som blir samla inn bør sjølvsagt brukast som råstoff til å lage nye produkt og ikkje berre brent. Etterkvart som vi får opp effektiviteten på gjenvinninga så blir det lite avfall å brenne til fjernvarme. Det er lite bærekraftig å skulle oppretthalde ein låg grad av gjenvinning og resirkulering for å kunne fortsette å produsere fjernvarme på same måte som i dag.