
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 832 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Sjølv om dette forumet ikkje er eit ekkokammer så deler eg ditt inntrykk av at mange av innlegga kjem direkte frå ekkokammer på andre plattformar. Ideelt sett så burde det være eit krav om å dokumentere minst 60 minutt speletid om du vil være med å diskutere eit bestemt spel, men det blir sjølvsagt håplaust å handheve. Det er mange eksempel på at vi får kommentarar der ein kommenterer eit spel, men ein gjer det enten basert på kva ein har høyrt at andre har sagt om spelet, eller at ein baserer seg på traileren og gjer seg opp sin eiga tolking om korleis spelet faktisk er. Utan å ripe opp i gamle diskusjonar så husker eg spesielt godt diskusjonen rundt The Lasts of Us 2 der mykje av kritikken som dømde heile spelet nord og ned var basert på nokre bruddstykker frå eit datainnbrot. I den tråden så var det begrensa kor mange gangar det var interessant å lese "meiningane" til den førtiande forumbrukaren som hadde sett ein YouTube video om temaet og som ikkje hadde sjølv spelt spelet. Eg er likevel einig i at det er rom for å stille spørsmål med kva som er hensikta til spelforumet. Er det meininga at tråden berre skal være ein klagevegg der alle skal få lov til å skrive sin oppfatting av spelet utan å lese eller svare ut kva andre meiner? Er det meininga at det skal være ein diskusjon med dei same argumenta og motargumenta som går fram og tilbake i det uendelege til folk går lei? Eller tenker ein oppriktig at ein skal få til konstruktive diskusjonar som til slutt ender opp med ein konklusjon som alle kan stille seg bak? Det sistnemte er det heilt urealistisk å få til. Det er likevel ikkje gitt at det er poenglaust å ha ein diskusjon sjølv om ein ikkje når ein felles konklusjon.
- 20 svar
-
- 2
-
-
Veldig ofte er slike avgrensingar begrunna i HMS. Enkelt og greitt for at alt som går utover helse og sikkerheit vil utgjere ein sakleg grunn for å kunne nekte ein ansatt å ta seg ekstrajobb. Kjenner ikkje til at det finnes ei avgrensing på kor mange døgn man får være offshore, men vil kanskje gjette på at også dette har med HMS å gjere. Eg veit at på komersielle flygningar så loggar ein strålinga under flyging og at ein har ei grense for kor mykje til dømes ein pilot kan utsettast for av stråling i løpet av eit år. Helikoptera som flyg ut til nordsjøen går ikkje så høgt at strålinga er eit problem, men det kan kanskje være andre uheldige helsepåverkningar offshore som gjer at det ikkje er forsvarleg å ha meir enn eit arbeidsforhold offshore? Eit anna typisk eksempel der ein blir nekta å ta bijobb er dersom du jobbar som sjåfør eller på anna måte handterer tungt utstyr, då vil du vanlegvis bli nekta å ha ein nattejobb i tillegg sidan arbeidsgivaren då kan vise til at det er større fare for ulykker dersom lastebilsjåføren møter trøtt på jobb. Det er likevel ikkje alle jobb-kombinasjonar som er openbart i konflikt med kvarandre, så det er også ein del som har slik regulering som ein del av arbeidsavtalen sin, der det er stilt krav om å innhente samtykke frå hovudarbeidsgivaren dersom ein tek på seg lønna arbeid.
-
Om det ikkje er tydleg nok så er det også slik i det private. I dei fleste butikkar så er det ein butikksjef som er arbeidsgivar sjølv om butikken utgjer ein del av ei kjede som har same eigarane på toppen. Så jobber du på Kiwi og søker jobb i Kiwi-butikken på andre sida av gata så vil dette vanlegvis være to uavhengige arbeidsgivarar sjølv om begge butikkane ser like ut. Så ved å jobbe i ei anna statleg verksemd så blir dett rekna som to uavhengige arbeidsforhold slik at du i teorien kan jobbe 8 timar på sjukehuset og så reise på jobben i forsvaret og jobbe nye 8 timar utan at det blir overtidsarbeid. Merk likevel at du kan bli hindra frå å ta ein bijobb (uansett kven som er arbeidsgjevar) dersom bijobben går utover primærjobben din. Typisk der det er fare for at du møter på jobb utan å være så utkvilt som du må gjere for å gjere jobben, eller fordi det utgjer ein interessekonflikt. Jobber du som f.eks. politi så får du vanlegvis ikkje ta på deg jobb som vekter då ein anser at det er ein fare for rolleblanding i dei to yrka.
- 11 svar
-
- 2
-
-
Lønnsoppgjøret som snart kommer i staten og generell lønnsøkning
The Avatar svarte på Ænonym sitt emne i Økonomi
Reknestykket blir etter alle praktiske formål korrekt uansett. Det å rekne om frå årslønnsvekst pr 1 januar til datolønnsvekst per 1 mai er berre sjonglering av tal, med eit lite snev av kvalifisert gjetting på om det i løpet av året vil være andre ting som påvirker lønnsnivået enn berre lønnsforhandlingane. Når ein ser på lønnsutviklinga over tid så kan ein bruke frontfagets årslønnsvekst og samanlikne med eigen lønnsvekst per 1 mai. På eit bestemt år så blir det feil, men over fleire år så er dei i praksis ingen grunn til å sjonglere på tala. At lønna du har i januar til og med april inneheld lønnsaukinga som vart avtalt året før, og at lønnsaukinga som blir avtalt i år også medfører at du har den nye lønna også inn i dei fyrste månadane av 2025, er sånn sett ubetydeleg. Om vi held på utgangspunktet om at trådstarter får det same som frontfaget, og frontfaget fekk/får 5,2 % i perioden 1 januar til 31 desember, så betyr det eigentleg ingenting at ein seier at ein seier at det blir ei lønnsauking på 3,6% om ein berre ser på dei 8 månadane frå mai til desember. Dei resterande 1,7% får ein uansett til neste år, det er alt avtalt. Tullet med årslønnsvekst og datolønnsvekst er brukt utelukkande for at ein ikkje vil ha enkle og oversiktlege tal, då det gir mykje meir forhandlingsrom når ein kan prøve å forvirre motparten med å legge til eller trekke frå pengar. For frontfagsresultatet så ønsker ein i tillegg at talet ikkje skal være skrevet i stein. Dersom ein skulle basere lønnsaukinga på fasiten så burde ein utelukkande sett på kva som er det dokumenterte resultatet for fjoråret, for det er det som viser kor mykje arbeidsgivar faktisk har betalt ut i lønn. Når ein på våren anslår lønnsveksten i frontfaget blir 5,2% gjennom heile året, så betyr det at ein bruker erfaringane frå årets fire fyrste månedar og at ein gjettar på om lønnsendringane i årets resterande 8 månadar blir betre, likt eller dårlegare enn dei fyrste månedane av året. Det er er ikkje alltid frontfagsresultatet slår til i praksis, som i fjor når partane på våren så fornøgde med at dei hadde komt fram til ein prosent som gav reallønnsvekst, og så skaut inflasjonen fart i løpet av sommaren og spiste opp heile reallønnsveksten. -
Her ser du nok mest truleg problemer som ikkje finnes. Det å kle seg nesten halvnaken betyr vel at personen er 1/4 naken? Å ha nakne leggar og skjorte som ikkje går heilt ned i buksa/skjørtet er ikkje ein unormal klesstil. At ein snakker om stripping er det ingenting galt i, heller ikkje om dette er det einaste temaet som personen snakkar om (sjølv om eg tviler på at det er tilfellet). No veit eg ikkje heilt i kva du legg til begrepet "strippe dans", men med tanke på at du reagerer på at nokon er kledd nesten halvnaken så tolkar eg det som at du med stippe dans meiner sensuell dans og ikkje at ein danser og kler av seg fleire plagg. At nordmenn danser på fortauet er nok ikkje heilt normal oppførsel, men det er ganske langt frå å være eit symptom på psykisk sjukdom. Å henge på irsk pub er heller ikkje eit symptom på psykisk sjukdom, nok ein gong så veit eg ikkje heilt kva du legg i å henge på pubben, det er sjølvsagt forskjell på å være på pub i helga, og det å henge på pubben heile dagane når vedkommande eigentleg skulle være på UiO for å studere. Strengt tatt er det mykje betre for den psykiske helsen at vedkommande bruker fritida si på noko sosialt og ikkje sitt heime på hybelen og drikk. Eit utagerande sexliv med ukjente partnarar utgjer ein risikoatferd, og sjølv om dette heller ikkje er eit teikn på at personen treng hjelp, så er det sjølvsagt ein ting som du som venn med fordel kan snakke med vedkommande om. Om ikkje anna for å påsjå at aktiviteten foregår på så trygg måte som mogleg. Samtidig så har eg litt vanskeleg for å tru 100% på din påstand om at ho har sex med heilt framande mennesker sett i lys av at du mest truleg også har overdreve mykje når du seier at denne personen stripper på gata. Du er heilt sikker på at dette er heilt framande personar og ikkje bekjente som ho berre har eit seksuelt forhold utan å være i eit forpliktande forhold? Eg har igjen litt vanskeleg for å tru på at dette er heilt ukjente personar som ho ikkje veit noko som helst om, for på ein eller anna måte så kjem ho i kontakt med disse personane så sjølv om det ikkje er verken kjærester eller nære vennar så er det vel mest truleg personar som ho kjenner til og har både namn og telefonnummer til? Dersom du kjenner på at du må gjere noko, så er det uansett heilt feil å kontakte DPS. Du har verken noko med å melde frå til DPS og DPS har heller ingen system for å ta imot tilfeldige bekymringsmeldingar. Beste rådet er å ringe hjelpetelefonen for mental helse på 116 123 slik at du kan snakke med profesjonelle og la dei få vurdere om vedkommande treng hjelp. På denne telefonen kan du være anonym, og du kan også legge fram bekymringane dine utan å gi identifiserande opplysningar slik at du får ein objektiv vurdering. Dersom du er overbevist om at vedkommnade er psykisk sjuk (noko som eg tviler på), så er den formelle måten å sende bekymringsmelding å ta kontakt med fastlegen til vedkommande. Namnet på fastlegen får du ved å kontakte Helsenorge og oppgi namnet på ho som du er ute etter fastlegen til. Kven som er fastlegen er ingen sensitiv opplysning. Ofte må du ha litt meir enn berre namnet på vedkommande som til dømes bustadsadresse og ca alder slik at dei på Helsenorge kan sikre seg at det er snakk om rett person og ikkje berre ein med likt namn.
-
Vil Kina innen kort tid annektere/krige til seg Taiwan?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Politikk og samfunn
Det stemmer nok det. Ein slik samisk stat ville blant anna være i strid med den norske grunnlova som seier at kongreriket Norge er udelelig. Likevel så er det svært tvilsomt at landområdet hadde blitt tatt tilbake militært sett, sjølv om Troms og Finmark er mykje enklare å ta militært enn Taiwan som er ei godt beskytta øy. Dersom Kina ender opp med å ta Taiwan militært så vil det heilt sikkert ikkje skje med ordinær krigføring, erfaringa frå Ukrainakrigen viser kor kostbart ein slik krig er. Om Taiwan blir tatt så vil nok det skje gjennom eit kupp mot den politiske leiing i Taiwan, kanskje med støtte frå sabotasje mot viktig infrastruktur som straum og internett. Verdiane i Taiwan ligg i bedrfitene og befolkninga. Å drepe befolkninga og bombe fabrikkane er heilt meiningslaust. -
Nei det stemmer ofte ikke, de er generelt sett langt mer følsomme for kritikk enn "folk flest" og skal man finne på og snakke mot dem møtes man med maktteknikker som at en blir fortalt at en opptrer truende, eller et politi som plutselig beføler våpnene sine, med andre ord en skal være forsiktig med å være for uenig med dem, og høflighet er ikke alltid normen med politi heller, langt derifra. Sørøst er et godt eksempel på et politidistrikt med et politi med tydelige holdningsproblemer, noe vi ser godt eksemplifisert av det som skjedde i Kongsberg, dessverre var dette bare den ene greia som faktisk ble dokumentert, de har hatt et problem mye lenger enn det. Det norske politiet ligg fortsatt langt foran politiet i andre land. Årsaken til at politiet oppleves som meir fientleg innstilt mot befolkninga er at samfunnet har endra endra seg, og dermed har også opplæringa og instruksane endra seg. Når @PaladinNO fortell om sin erfaring så har det sin forklaring, sjølv om det ikkje er ei unnskuldning. Når politiet har trafikkontrollar så er det heilt vanleg at dei skjuler både uniform og politibil slik at billistane ikkje skal oppdage at det er kontroll før det er for seint. Dette forklarer også kvifor politimannen som @PaladinNO snakka med ikkje framstod som politi fordi vedkommande med vilje hadde valgt å ikkje ha på seg den store gule refleksvesten der står politi på for å ikkje gi billistane sjansen til å oppdage kontrollen før det er for seint. At den andre politmannen kjem gåande med handa på pistolhylsteret, så er forklaringa der at politiet igjen har blitt "midlertidig" bevæpna, blant anna på bakgrunn av auka trussel mot jødar. Sikkert reell nok trussel det, men eg vil nok tru at sannsynlegheita for terroranslag mot ein tilfeldig fartskontroll langs landevegen nok ikkje er veldig stor. Likevel så er det slik at når det fyrst har blitt gitt nasjonal bevæpningsordre så må alle gå med pistol på hofta. Pistolen er uhandterleg så då blir det nødvendig å støtte pistolen med å holde ein handa på hylsteret medan ein går, i tillegg til at politiet sjølvsagt heile tida må passe på at ingen uvedkommande klarer å snike seg inn bak ryggen deira og napper pistolen ut av hylsteret medan politiet er opptatt med å snakke trafikksikkerheit med bilisten som har blitt vinka inn. Det som gjer det vanskeleg er at for publikum så oppfattes det sjølvsagt som truande når politiet kjem mot deg med handa på eit våpen. Sjølv om det ikkje er meint som ein trussel så er det slik det oppfattes. Sånn sett kunne ein like gjerne komt gåande med batongen i knyttneven, det framstor som omtrent like truande. Dette får igjen den negative konsekvensen at ei politimann som står langs vegen blir ikkje lenger oppfatta som ein jovial offentleg ansatt som er tilgjengeleg for å gi deg råd og hjelp, politimannen blir oppfatta som ei ordensvakt som ein ikkje skal snakke til. Når politiet berre ser potensielle trusslar og ikkje medmennesker så er det heilt forståeleg at ein blir mørkeredd. Nokon av trusslane som politiet ser er nok høgst reelle som konsekvens av samfunnsendringar, det er blant anna langt fleire psykisk sjuke personar som går fritt i samfunnet i dag. Men andre delar av trusslane er ein respons på svært usannsynlege hendingar som ein rasjonelt sett burde slutte å tenke på for å ikkje bli heilt paranoid. Eg forstår godt at mange i politiet kjenner seg utrygge, for det er stadig fleire trusslar som ein høyrer om, og langt på veg så har politiet langt mindre handlingsrom enn dei hadde før. Og sjølv om at eg er heilt einig i Kongsbergdommen at politimannen brukte unødvendig mykje vold, så er nok sannheita at for 10 år sidan så kunne nok politiet fint sleppe unna med å banke opp småkriminelle, det var ikkje nødvendig å leite etter ein unnskuldning for å gi småkriminelle juling for å korrigere tidlegare og framtidige handlingar. Men i dag så er det forventa at politiet faktisk følgjer lova, og lova sier at politiet må vente med å bruke vold til det er openbart nødvendig. For politiet sitt arbeidsmiljø så er dette sjølvsagt uheldig ettersom det i praksis betyr at politiet må tole å bli forsøkt angrepet før dei kan bruke vold (slik som befolkninga ellers må dersom ein skal kunne påberope seg sjølvsforsvar). Dette fører naturleg nok til at politiet endrer sin oppførsel, så i staden for å tenke korleis ein skal løyse oppdraget til fordel for innbyggaren så er fyrste tanke alltid korleis ein kan bekjempe innbyggaren dersom han plutseleg dreg opp ein kniv. Som eit lite apropos så synes eg også at straffenivået for vold mot offentleg tenestemann er for lågt. Etter mitt syn så er dette beste måten å få tilbake eit politi som i gamle dager. Politiets beskyttelse burde ikkje være stikkvest og pistol, beskyttelsen burde være tryggheita om at ein kvar gjerningsperson som prøver seg på å skade politiet vil bli låst inne i lang tid og at det er slik ein beskytter samfunnet frå ustabile personar. At ein voldeleg rusmisbrukar som har sparka to politikonstablar blir dømt til 21 dagar med betinga fengsel høyrer sjølvsagt ingen stad heime. Då er rusmisbrukaren alt neste dag fri til å vandre gatelangs å utgjere ein trussel mot både politiet og samfunnet forøvrig.
-
Lønnsoppgjøret som snart kommer i staten og generell lønnsøkning
The Avatar svarte på Ænonym sitt emne i Økonomi
Ja det er rett. Dersom forhandlingsresultatet ditt blir tilsvarande som frontfagets 5,2% så ganger du noværande årslønn med 1,052 for å få den nye lønna. I praksis vil du nok få sjå eit litt anna reknestykke fordi ein skiller mellom lønnsaukinga du i snitt får i løpet av budsjettåret 2024 (fordi det er denne summen som arbeidsgivar prøvde å gjette på i fjor når lønnsbudsjettet for 2024 vart satt opp), medan tariffavtalen seier at forhandlingsresultatet skal ha virkning frå 1 mai. Dette gir ein liten matematisk utfordring sidan du då har gamal lønn frå januar til mai, og ny lønn frå mai til desember, som ein då gjennomsnittsberekner for å sjå kva som blir resultatet dersom du hadde fått lønnstillegget flatt fordelt gjennom heile året (for å kunne samanlikne resultatet opp mot lønnsbudsjettet). For deg som uansett berre bryr deg om kor mykje lønna auker frå år til så speler det eigentleg inga rolle at frontfagets resultat på 5,2% gjeld frå januar til januar, medan dine lønnstillegg går frå mai til mai. Over tid så blir det i bunn og grunn ubetydeleg kva dato du tek utgangspunkt i.- 12 svar
-
- 1
-
-
Største sikkerheitstrusselen med biometri er at nokon kan dope meg ned for å på den måte få skanna fingeratrykk eller ansiktet for å få tilgang til mine system. Men kjeltringar som er villige til bruke slike metodar er nok langt meir truande til å heller gi meg bank til eg går med på å skrive inn passordet mitt. Beste kompromisset hadde nok vært om BankID med biometri hadde fungert litt meir slik som BankID på mobil, altså at ein fyrst låser opp telefonen med biometri og deretter skriv inn ei PIN kode. Kombinasjonen av fingeravtrykk og ei firesifra PIN-kode burde være tilstrekkeleg for å både sikre at biometri åleine ikkje er nok, men at det som krevs av passord er såpass enkelt at du kan skrive det på 1 sekund. Det er vel ein hovudregel at god sikkerheit består av noko du er (biometri), noko du kan (passord/PIN) og nok du har (mobiltelefon/kodebrikke). Men sjølv om nokon i teorien kan drepe meg og då klare å logge seg inn berre ved bruk av mobilen min som forbrytaren har tatt frå meg og min daude kropp, så tenker eg at den risikoen er ikkje så stor for 99% av befolkninga til at det er nødvendig å dobbeltsikre seg med å også kreve passord. Om god sikkerheit skal være basert på at det skal være vanskeleg å lure meg til å gi frå meg passord, mobiltelefon eller biometriske data, ja då burde heller ikkje biometrien vært basert på fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning. For det gir nok openbart mykje betre sikkerheit om BankID hadde krevd at eg skal skanne endetarmsopninga for å kome meg inn i nettbanken, for då kunne ein i det minste anta at eg har logga meg inn ein stad der eg kan sitte skjerma, og at eg mest truleg ikkje sitt på 14 bussen med buksa rundt anklane fordi eg treng å sjekke saldoen i nettbanken. Etter mitt syn så har BankID heilt gløymt viktigheita av brukarvennlegheit i iveren etter å kunne skryte av høg sikkerheit.
-
Lønnsoppgjøret som snart kommer i staten og generell lønnsøkning
The Avatar svarte på Ænonym sitt emne i Økonomi
Kva som blir utfallet i Staten i år kjem veldig ann på. Akademikerne er i brudd og skal i mekling i november. Deretter skal LO i frivillig mekling med utgangspunkt i kva slags avtale Akademikerne får på plass. Ein av tinga som det no er ueinigheit i er nettopp bruken av lønnstabell, der Akademikerane i dag har ein avtale om at ein har lønnstillegg i kroner og ikkje bruker tabellen, medan staten (og LO) ønsker at alle som jobbar i staten skal ha ein tariffavtale med lønnstabell. Lønnsutviklinga i staten er basert på at ein får eit lønnstillegg som er framforhandla sentralt, og ei lokal forhandling om pengar som skal fordelast lokalt. Korleis dette skjer er komplekst å forklare, men kortversjonen er at lønnsjusteringa vil variere alt etter om ein tilhøyrer ei gruppe som dei sentrale partane har prioritert, og om kva ein lokalt velger å fokusere på. I tillegg er det mogleg å få anna lønnsregulering utanom dei vanlege lønnsforhandlingane, då ofte knytt til endringar som nye arbeidsoppgåver eller at du har fått eit betre lønnstilbod hos ein anna arbeidsgjevar. Jamnt over så kan du forvente ei lønnsutvikling som er relativt lik lønnsutviklinga ellers i samfunnet. Det eksakte resultatet vil sjølvsagt variere, men den gjennomsnittlege lønnsaukninga over tid for alle statleg tilsette ligg ganske nært frontfagsresultatet. Det er likevel enkelte forskjellar blant anna utifrå kven som blir prioritert. Sidan frontsfagresultatet i år vart 5,2% så kan du nok forvente ei lønnsauking som liknar. Resultatet kan være både høgare og lågare for deg akkurat i år. Staten vil aldri være ein lønnsdrivande arbeidsplass, men også i staten er det mogleg å få gode lønnsoppgjer enkelte år, og særleg på fagområder der det er vanskeleg å behalde arbeidskrafta. I fjor så fekk statleg tilsette i snitt ei lønnsauking på 6,4% mot frontfagsresultatet på 5,2%. Også i kommunene vart resultatet litt betre enn frontfaget med eit snitt på 5,6%. Innafor NHO området (privat sektor) vart det gjennomsnittlege resultat litt under frontfaget med 4,8% i fjor. For Virke (butikkane) vart resultatet i snitt berre 3,9%, så resultatet kan variere. Merk at det ikkje er slik at alle i Staten fekk ei lønnsauke på 6,4% i fjor, for det er eit gjennomsnitt. Eg har ikkje satt meg inn i korleis lønnsoppgjeret i staten i fjor vart fordelt, men det er verdt å merke seg at sjølv om snittet i staten vart 6,4% så er ikkje det nødvendigvis ei auking av grunnlønna. Ofte vil delar av forhandlingsresultatet være knytt til bestemte arbeidssituasjonar som auka tillegg for nattarbeid eller kompetansetillegg. -
BankID appen støtter biometri, og når du får aktivert og brukt biometrien så fungerer BankID appen veldig bra ved at du berre bekrefter identiteten din med biometri. Problemet er berre at aktørane som får bruke BankID til autorisering får velge mellom to sikkerheitsnivå, vanleg og høg sikkerheit. Dersom dei vel det høge sikkerheitsnivået så fungerer bankID appen slik at du berre skal trykke OK for å bekrefte at det er du som prøver å logge på før du blir ført tilbake til sidan for å skrive inn passordet. BankID har bestemt at biometri ikkje er sikkert nok til å gi høg sikkerheit, dermed er biometrisk innlogging utan passord berre tilgjengeleg på dei tenestene som har valgt å ha eit lågare sikkerheitsnivå. Det som er utfordringa er at det er nesten ingen tenester som i dag bruker BankID som har valgt at biometrisk innlogging som sikkert nok, for alle meiner sjølvsagt at deira teneste er så viktig at den sjølvsagt må ha høgste sikkerheitsnivået. Dermed er det veldig få tenester med BankID som gjer at du får bruke dei fordelane som BankID appen skulle ha framfor BankID på mobil. Etter mitt syn så har dette høge sikkerheitsfokuset ført til at sikkerheita totalt sett blir redusert for brukaren. Skal du bruke BankID appen ofte, så vil det være ein stor fordel å bytte til eit mykje enklare passord som går fort å skrive både på PC og mobil. BankID aksepterer at du har eit enkelt passord beståande av åtte små bokstavar, så særleg dersom du ofte må skrive inn BankID passordet på mobiltelefon så bør du nok av praktiske hensyn skifte til passordet "qwertyui", og for alle del ikkje kaste vekk tid på å skrive passordet "$Bås5!l6lisagikktilskolen#@M7". Det er sjølvsagt ein ulempe at alle som er i nærheita av deg ser enkelt at du berre dreg fingeren bortover tastaturet for å skrive "qwertyui", men kva gjer ein vel ikkje for å spare litt tid i kvardagen. Etter mitt syn så burde fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning gi minst like god sikkeheit, og utan at nokon kan sjå deg over skuldra og fange opp passordet ditt.
- 14 svar
-
- 2
-
-
-
Uten at det er noen unnskyldning for dekkhotella som gjer feil, så er forklaringa at prisane er pressa. Når ein betalar 400 kr i året for oppbevaring og dekkskifte to gongar i året så er det ikkje så rart at boltane blir skrudd forsiktig inn med fingrane før ein strammar med muttertrekker. Forkuset er at det skal gå fort så då hamrer ein på med lite tid til kvalitetskontroll. Det er sjølvsagt ikkje alle dekkhotell som er slik, men regelen er at du får stort sett det du betalar for, så dersom ditt dekkhotell er mistenkeleg billeg så bør du være på vakt. Eg har også høyrt fleire som har erfart at dekkhotellet har rota vekk hjula, mest truleg ved at hjula har blitt montert på feil bil utan at det har litt oppdaga før siste kunden kjem innom og alt som er igjen på dekklageret er eit sett med utslitte dekk på gamle stålfelgar som ingen vil ha.
- 86 svar
-
- 1
-
-
Er einig med deg i at vi ikkje veit om utleigar har ein fornuftig grunn til å vente. Likevel så gir ikkje disse grunnane eit sakleg grunnlag for å ikkje utøve sin tapsbegrensingsplikt. Dersom tanker er oppussing så er det rart at utleigar ikkje har informert om det. Eit ønske om å pusse opp styrkar også leigetkaren sin sak sidan oppussing berre kan gjerast når leigetakaren har akseptert å ta tilbake bustaden, og i så tilfelle så fell også leigetakers betalingsplikt når utleigar har tatt over husrommet. Det gir heller ikkje meining at utleigar har planar om å pusse opp i januar sidan leigetakar har fått tilbakemelding om at leilegheita blir annonsert på finn i januar. Eventuelt oppussing må i så tilfelle utførast i tida leigetakar skal ha full bruksrett på husrommet. At det er plagsomt med at folk forsvinner på kort varsel og forventer at utleigar skal finne nye leigetakarar på kort varsel er nok heilt sant, men det gjer det ikkje spesielt sakleg å skulle "straffe" leigetakaren med å ikkje samarbeide om å avgrense tapet til leigetakar. At utleigar er utilgjengeleg kan sjølvsagt også være, men det er snakk om 2,5 måned fram til 1 januar, det er ikkje mange som er vekkreist i så lang tid. Skal utleigar reise vekk i jule og nyttårstider så er jo det berre større grunn til at husrommet bør annonserast no i oktober og november for å få på plass leigetakarar før ein reiser vekk. Og dersom det skulle være tilfelle at utleigar er vekkreist heile vinteren så fritek ikkje det utleigar for sine forpliktingar som utleigar. @^fmj Ved framleige på til dømes AirBnB så er hovudregelen at du må ha samtykke frå utleigaren, men utleigaren kan ikkje nekte framleige utan sakleg grunn. Kva som er sakleg grunn blir ei vurderingssak, men å nekte kortids framleige på grunnlag av at ein nekter å gjennomføre sin tapsbegrensningsplikt og annonsere etter faste leigetakarar kan nok vanskeleg seiast å være sakleg.
-
Ville nok anbefalt å varme opp vinen på anna måte enn i mikrobølgeovn, som i kjele eller i vannbad. Dette for å sikre jamn oppvarming av alle bestanddelane i vinen. Det skal ikkje utgjere så stor forskjell i praksis men med mikrovarming så kan du riskerere å koke av delar av alkoholen medan andre delar av vinen ikkje blir særleg oppvarma. Ved å varme i kjele så kan du kontrollere betre at ingen delar av vinen overstiger 40-50 grader. Ellers er det tommel opp for å eksperimentere med serveringstemperatur. Kva som er beste temperaturen kjem ann på kva vin du har. Kjøleskapskald rødvin vil fort smake som ein kvitvin, særleg om rødvinen ikkje er særleg kraftig sidan kulda hemmer ein del smakar. Oppvarma vin har motsatt effekt ved at det er meir fart i molekyla slik at vinen både lukter og smaker meir. Om det er gode eller dårlege smakar du framhever kjem heilt ann på vinen. Enkelte samanliknar oppvarmar rødvin med gløgg, og det er nok ikkje heilt ulikt. Største forskjellen er at gløgg typisk er litt billegare vin som ein spriter opp smaksmessig med sukkerlake og ekstra krydder. Dersom du bruker ein raudvin med god sødme og rike smakar så treng du ikkje å tilsette noko ekstra.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Utvidet kaskoforsikring på ny elbil - er det nødvendig?
The Avatar svarte på Hobby2000 sitt emne i Elbil
Største fordelen med at du har dekning for batterifeil (heiter vanlegvis maskinskade på fossile bilar) er at du kan hente erstatninga frå forsikringsselskapet utan å sjølv måtte krangle med bilselgaren for å få tatt det på reklamasjon. Ofte vil slik utvida kaskoforsikring også inkludere slike ting som leigebil ved verkstedopphald, utbetring av ei parkeringsskade utan bonustap/lågare eigenandel, osv. Om det er verdt det blir det sjølvsagt opp til deg å vurdere, men viktigaste fordelen er at du kjøper deg ut av å måtte krangle med bilselgaren dersom du får problem med bilen.- 14 svar
-
- 3
-
-
Grafisk stil er sjølvsagt ein smakssak, personleg så hadde eg foretrukket ein enda enklare retrografikk. Sjølv om ein tek sikte på nostalgien til Doom og Quake spela så hadde eg foretrukket om også våpen og UI holdt same grafikkstil. Då hadde ein lettare fått følelsen av at ein har tørka støvet av ein 90-/00-tals klassiker i staden for å framstå som ein hybrid. Det sagt så er retro 3D grafikk noko av det vanskelegaste ein kan prøve seg på, det er ein grunn til at veldig mange indie spelutviklarar går for pixel grafikk som er mykje lettare å få til gjennomført gjennom heile spelet. Eg trur også at dette spelet hadde hatt godt av ein modus utan gore og andre distraksjonar på skjermen, då hadde spelet vært ein ypperleg kandidat for e-sport med klassisk FPS stil berre i litt meir moderne drakt.
-
Du har rett til eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø. Rektor/kommunen har etter arbeidsmiljølova plikt til å gjere tiltak for å forhindre uheldige fysisk og psykisk påkjenningar, herunder å vurdere om det er arbeidsmiljømessig forsvarleg med åleinearbeid. Det som er vanskeleg i skuleverket er at etter den nye opplæringslova så har skulen ei aktivitetsplikt for å ivareta skulemiljøet til elevane, heriblant at rektor har ei plikt til å iverksette tiltak og rapportere til skuleleiinga dersom det er mistanke om at ein elev blir krenka av ein lærar etter § 12-5 i opplæringslova. Dersom rektor/kommunen ikkje følgjer opp saka tilstrekkeleg så går den vidare til Statsforvaltaren som kan ilegge skule tvangsmulkt til tiltaka er gjennomført. Når rektor står i skvisen mellom å følgje opp elevens rettigheiter opp mot plikta til å ivareta ditt arbeidsmiljø, så ser vi i praksis at læraren sine rettigheiter blir satt til sides. Det beste rådet mitt er at når du melder inn dette som avvik så presiserer du at avviket gjeld kritikkverdige forhold i verksemda, og at du har rollen som varslar etter arbeidsmiljølova. Då presiserer du at arbeidsgivar/rektor har eit særskilt ansvar for å følgje opp varslet innan rimeleg tid, og at det skal særskilt påsjåast at du som varslar har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, og at det blir iverksatt tiltak som førebygger gjengjeldingar mot deg som varslar. Det overordna problemet er likevel at rektor har to motstridande regelverk å forholde seg til, og ettersom det har vært så sterkt fokus på mobbesaker der kommunen har blitt dømt til å betale erstatning til elevar så blir ditt krav på arbeidsmiljø satt til sides.
-
Kor viktig er det eigentleg å stramme til med rett moment? Poenget er vel berre at ein skal stramme godt nok til at mutter/bolt ikkje løsner under køyring, samtidig som at ein må påsjå å ikkje stramme med så mykje kraft at du øydelegg gjengane. Sjølv ved bruk av momentnøkkel så må ein jo uansett gå over for å kontrollere/etterstramme etterpå? Eg forstår at det sjølvsagt er lett å stramme for hard særleg dersom ein strammar med latmannsarm. Men sitt bolt/mutter så hardt at du må bruke latmannsarm eller må hoppe på hjulkrysset for å få av dekket så bruker ein jo openbart for mykje moment når ein strammer til.
-
Det er ein litt ond sirkel. Dagens bilar kan ein jo knappast nok gjere noko som helst med sjøl, berre det å bytte lyspære kan fort ende opp med at du må demontere halve bilen. På mange bilar er det einaste du kjem til under panseret påfyllinga for spylervæske. Når det ikkje lenger er ein kjapp reparasjon å stikke innom bensinstasjonen for å kjøpe ei lyspære eller ei reim som du bytter på 5 min ute på parkeringsplassen, så blir det også færre som kjøper slike bildelar på bensinstasjon, som igjen gjer at det er mindre aktuelt for bensinstasjonar å selge slikt utstyr. Sidan reprasjonar i dag ofte må planleggast så har nettbutikkar samt eigne utslag for bildelar tatt over markedet. Det blir rett og slett for dyrt å betale bensinstasjonsprisar når reparasjonen uansett kjem til å ta lang tid. Eg vil tru at det er berre eit spørsmål om tid før også bilhjula blir utstyrt med bolt/mutter som krever spesialutstyr for å skru ut, slik vi alle må på godkjente verksted for å bytte hjul. Statens Vegvesen har definert at arbeid med dekk og hjul er såpass viktig for trafikksikkerheita at det krevs løyve frå vegvesenet å få drive med slikt verksted. Då vil eg tru at det er heilt på nåde at vi som privatpersonar får lov til å tukle med så trafikkritiske ting som hjul. Det fyrste som kjem er nok eit forbod mot å skifte dekk på køyretøy som du ikkje er registrert eigar av for å på den måten få slutt på at folk hjelper svigermor eller naboen med å skifte hjul utan å ha søkt til Statens Vegvesen om løyve.
- 86 svar
-
- 3
-
-
-
Korleis du ser ut er ikkje farlig med. Den aller viktigaste årsak bak slik kvardagsrasisme du opplever i samband med jobbsøknad er at mange arbeidsgivarar er redde for å tilsette nokon som snakker/skriver dårlig norsk. Det handler ofte ikkje om hudfarge og klesstil, men på språkferdigheiter. Grunnen til at ein ikkje blit innkalla til intervju dersom du har eit utanlandsk namn er at arbeidsgivaren er for feig/konfliktsky til å sette av tid til å finne ut av dette gjennom å snakke med søkaren. Då er det tryggare å kalle inn Ole Johansen som med høg sannsynlegheit knappast har vært i utlandet på ferie. I ein ideell verden så burde rekrutteraren sjå på kva kandidaten har oppgitt av språkkompetanse, problemet er i praksis at veldig mange jobbsøkerportalar har ein svært avgrensa skala, ofte berre med valga: flytande, godt, grunnleggende. Når dei fleste også overdriver sin språkkompetanse (ein er trossa alt ute etter å framstille seg så godt at ein får jobben) så medfører det at ein i praksis ikkje kan stole på at kandidaten som oppgir å kunne flytande norsk og engelsk faktisk kan språka så godt som påstått. Ein enkel måte å kome i forkant av slik diskriminering er enkelt og greit å ta kontakt med arbeidsgivaren mot slutten av søknadsfristen slik at du kan vise fram dine språklege ferdigheiter. Det kan også være aktuelt å adressere temaet direkte i søknadsteksten, ved blant anna å skrive litt om nettopp namnet ditt, bakgrunnen din, kor lenge du har budd i Norge, osv. Også det å skrive litt om kvar i Norge du bur og har budd kan være ein fin måte å fortelle litt meir om deg sjølv på. Sjølv om det ikkje eigentleg skal ha betydning kvar du bur og har budd, så påvirker det litt arbeidsgivaren dersom du viser til at du har ei lokal tilknytting til området der jobben ligger, særleg dersom arbeidsplassen ligg eit lite stykke frå din bustadadresse. Dersom du er innvandrar så kan det være til god hjelp om du skriv litt om kor lenge du har budd i det aktuelle nærområdet, eller om du eventuelt har budd andre stadar i landet før. Husk at det er ikkje alle arbeidsgivarar som er like flinke til å lese jobbsøknadane godt, men det er enda færre som ringer jobbsøkaren for å få utfyllande informasjon, så dersom det er ting som arbeidsgivar burde vite om deg så er det viktig å få det i søknadsteksten.
- 47 svar
-
- 2
-
-
I dag er det slik. På min fyrste golf var den medfølgande jekken rikeleg nok sidan bilen var så lett og eg ikkje tok snarvegen ved å løfte to dekk om gongen slik at bilen vart ustabil. Med dagens biler er ein slik jekk ikkje ein gong brukandes til nødbruk (med mindre du har så flaks at du punkterer på heilt flatt betonggolv slik at jekken er stødig. Ein jekk som er så farleg at den berre kan brukast til nødbruk er i alle fall ikkje trygg å bruke i nødsfall. Det ligg i sakens natur at den dagen du treng "nødjekken" så befinner du deg i ein grøftekant med underlag av laus grus, og gjerne i regnver om natta også. Før var jekken meint for å brukast, men etterkvart som bilane vart tyngre så ville ikkje produsentane lenger gå god for at jekken var sterk nok.
- 86 svar
-
- 1
-
-
Mange bilar har berre ei sprayflaske med tetteskum og ingen kompressor. Nødløysinga er då at du køyrer på eit dekk som er fylt med "byggskum" I staden for luft. Kompressor i tillegg slik at du fyrst tetter punkteringa og deretter fyller hjulet med rett trykk er sjølvsagt beste løysinga men ofte forbeholdt dei dyrare modellane.
-
Det er fleire måtar å sjå på denne saka, og det avgjerande spørsmålet er kva som er raskt nok. Det er ikkje heilt utenkeleg at ein utleigar kan ha rett i at det er innafor det som er raskt nok å bruke oppseiingstida på å finne tak i ny leigetakar på grunnlag av at det er ein grun til at ein har avtalt tre månadars oppseiingstid. Det sagt så er det også eit spørsmål om kva som er realistisk tid for å få tak i ny leigetakar. Der det er press på leigemarkedet så burde 1-2 månadar være tilstrekkeleg for å få tak i ny leigetakar, i områder med mindre press så kan det kanskje være innafor med meir tid. Strengt tatt så har nok du meir å tene på å være mindre samarbeidsvillig. Dersom du melder frå at du anser leilegheita som overlevert og at husleiga for oktober var siste husleiga du kjem til å betale så legg du press på utleigar om å gjere noko. Enten ved å gå til sak mot deg der ditt forsvar er tapsbegrensningsplikta, eller ved at leigetakar får ut fingeren og annonserer leilegheita som ledig for å få inn ein villig betalar. Tilsvarande framgangsmåte gjeld sjølv om du har depositum sidan utleigar då må rette og dokumentere eit krav på å få trekke heile eller delar av depositummet. Om dykk ikkje blir einige om kva som er tilstrekkeleg med innsats frå utleigar til å avgrense dine tap, så kjem du ikkje vekk frå at dykk vil trenge ei rettsleg avgjersle for å avgjere kven som har rett. Den andre løysinga er at ettersom du uansett må betale ut oppseiingsperioda så beheld du råderetten til bustaden og at du heller baserer deg på kortidsutleige, som til dømes AirBnB. Særleg no når vi går inn i julebordsesongen så burde det være kurrant med kortidsutleige til festglade mennesker. Utleigar kan berre nekte framleige med sakleg grunn, og det er vanskeleg å hevde at det er sakleg å nekte framleige når grunnnen til at det i det heile tatt er aktuelt med framleige er at utleiger ikkje ynskjer å annonsere bustaden som ledig.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Har ikkje lagt merke til at bensinstasjonane har slutta å tilby trykkluft. I mitt nærområde har bensinstasjonane snarare tvert imot investert i nye fyllestasjonar med digital og automatisert luftfylling. Er ikkje heilt sikker på om det er eit krav at bensinstasjonar skal ha trykkluft tilgjengeleg eller om det berre er eit servicetilbod som gjer at det er større sjangs for at dei som svinger innom for å fylle luft også kjøper boller og kaffe. Husk at luftfylling er ikkje berre aktuelt når ein bytter hjul, ein skal eigentleg sjekke og korrigere lufttrykket gjennom sesongen alt etter utetemperatur og kor tungt ein har lasta bilen. Noko av behovet har kanskje forsvunnet no når alle nye bilar har dekksensor som både måler dekktrykk og varsler om lavt dekk trykk, men ein må likevel kunne etterfylle om lufttrykket blir lavt. Om det berre er tilgangen på trykkluft som er problemet så løyser du dette problemet enkelt og billig ved å kjøpe din eigen kompressor, om det er slik at bensinstasjonane slutter å tilby trykkluft så er det eigentleg berre større grunn til å ha ein kompressor i bilen. Når det gjeld påstanden om at "alle" kan gjere denne jobben sjølv, så vil eg tørre påstå at det ikkje heilt stemmer likevel. Jobben med å skifte hjul har blitt meir krevande dei siste åra. Tyngre bilar gjer at du må ha skikkeleg garasjejekk for å gjere jobben, og mange bilar blir heller ikkje levert med jekk slik at dersom du skal skifte hjul sjølv så må du uansett investere i utstyr då jekk og hjulkryss ikkje lenger følger med bilen. Eit anna moment er at mange bilar har fått veldig store dekk som er langt meir krevande å løfte på, så særleg om du er litt oppe i åra og ikkje får til å bøyde deg så mykje så er det stor forskjell på store 20" dekk og små 15" dekk som dei fleste kan løfte med ei hand. Ei tredje utfordring er at med elbilar som har batteripakken på undersida så har det blitt mykje mindre feilmargin dersom du skulle kome i skade til å sette jekken på feil punkt. Det er ikkje vanskeleg å finne kvar ein skal sette jekken, men det krever litt meir kunnskap når ein har batteri på undersida som for all del ikkje skal punkterast, samt at bilane er mykje tyngre. Med gamal Golf som veg 900 kg og har 14 tommers dekk var tabbekvoten veldig stor før du gjorde den heilt store brølaren. No kan du med ti tommeltottar ganske enkelt kondemnere bilen din om du løfter på feil stad og i tillegg mister bilen av jekken. For dei som har kompetanse og interesse av å skifte hjul sjølv så er det ikkje den store investeringa å kjøpe ein garasjejekk, eit hjulkryss og ein liten kompressor. (Kjøper du ein større kompressor så kan du også kjøpe muttertrekker og gjere jobben mykje enklare for deg sjølv).
- 86 svar
-
- 3
-
-
-
Det er i alle fall tøft gjort, og det finnes sikkert eit marked for slike retro spel også. Basert på anmeldingane som ligg på Steam så ser det ut som at folk liker flyten og rytmen i spelet. Personleg så så synes eg grafikken ser litt vel trippy ut men det er nok dette som er appelen til dei som liker slike spel. Eg trur likevel at det må bli tøft å skulle prøve å leve av dette. Sjølv om spelet berre kostar ein hundrelapp så er det slik at veldig mange er veldig gjerrige på tiarar og tjuekroner, noko som både billeg Steam spel og mobilspel forøvrig lid av. Spelet kostar ikkje meir enn ein kinobilett og gir sikker mykje meir underhaldning, men det er nok dessverre ein grunn til at mange spelutviklarar må over på mikrotransaksjonar for å få inntekter frå spela.