Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Dette er irriterande men det er også til ei viss grad forståeleg når det såpass ofte oppstår problem med ladinga. Å ta ladekabelen frå naboplassen for å sjekke om det er bilen eller ladaren som er problemet er då forståeleg utifrå ein tanke om å feilsøke. Problemet oppstår når billisten ikkje avbryter ladinga for å enten prøve igjen på rette ladaren eller for å flytte bilen til rett plass. Også her så er nok mykje av problemet at det manglar god standarisering på alt frå utforminga av ladeplassar til betalingsløysinga som ladaren aksepterer.
  2. Dette var et grelt eksempel. Eg finn ingen formildande omstendigheiter. Det hender seg sjøvlsagt at folk plasserer seg idotisk om det er snø slik at oppmerkinga ikkje vises, eller på dei store elektriske varebilane som har ladeluka omtrent midt på langsida av bilen og som ikkje får lada om dei parkerer på vanlig måte, osv. Men her seg eg ingen formildande omstendigheter. Kanskje det verste av alt er at eg ikkje kan sjå nokon fordel med å parkere slik heller. Det skal ikkje mykje til for å bli skikkelig inneparkert når du står slik om du får ein bil på kva side som har parkert på vanleg måte.
  3. For dei aller fleste som leiger inn ein privatetterforskar så handler det om at ein betalar for at etterforskaren skal bruke tid på ting som oppdragsgivaren ikkje sjølv kan prioritere å bruke tid på. Typisk å sitte å følge med kven som går ut og inn av eit hus i løpet av dagen eller kanskje også på å følge ein person på litt avstand. Dette er ting som ikkje krevere utdanning, men det er sjølvsagt ein fordel å både være diskre og god til å notere ned observasjonar. I teorien kunne nok eit overvåkingskamera gjort mykje av same jobben som ein privatetterforskar gjer, men ved å bruke privatetterforskar så omgår ein regelverket som forbyr overvåking. Det er ikkje lov å montere overvåkingskamera som filmer ytterdøra til eksen, men det er lov å betale ein person for å stå på andre sida av gata for å stå der og sjå på ytterdøra. Det finnes sjølvsagt også dyktige privatetterforskarar som er ekspertar på sosial manipulering, ekspertar på å bryte seg inn i bygg eller datasystem, osv. Men dei aller fleste privatetterforskarar er heilt vanlege folk som mot betaling er villig til å gjere veldig kjedelige ting som å følge med ei bygning, leser gjennom alt ein person legger ut på sosiale media, eller tilsvandre tidkrevande oppgåver.
  4. Kor godt ein kan leve på trygd kjem heilt ann på kva ein har av faste levekostnader, og ikkje minst kva ein hadde i lønn før ein vart uføretrygda. Trygda er på 66% av dei 3 beste inntektsåra siste 5 år, for dei som var i fast jobb betyr det at det er snittlønna ein hadde siste åra som avgjer kor mykje trygda blir på. Det er stor forskjell på å ha hatt årslønn på 500 000 kr og dermed ender opp med eit trygd på 330 000 kr i året, kontra om ein hadde minst makslønna på 780 960 kr og får 515 433 kr i året i trygd. Bur du då litt usentralt slik at bukostnadane er forholdsvis låge så vil du ha det ganske greit om du får maksimal uføretrygd. Er du nede på minstesatsen så blir det litt tyngre. Når det gjeld uføretrygda som er på fest, sitter på PCen og driv aktivt med trening så er bildet noko meir nyansert. Største problemet for dei som er uføre med usynlege sjukdommar er at sjukdommen fyrst og fremst rammar personens forutsigbarheit i arbeidet. Ein som er arbeidsufør på grunn av til dømes migrene kan heilt fint jobbe mellom migreneanfalla, den praktiske utfordringa er at det er veldig vanskelig å få seg ein jobb når ein ikkje kan planlegge arbeidsdagen. Det finnes sjøvsagt også jobbar der ein ikkje er avhengig av å kunne møte på arbeidsplassen kvar dag kl 08 eller kan garantere at ein kan delta i møtet fram til kl 14, men det er forholdsvis få jobbar som er så fleksible. Og sjølv om du som arbeidsufør på grunn av migrene får deg ein fleksibel jobb, så er det ikkje gitt at du klarer å finne 8 gode timar i løpet av døgnet slik at du får gjort jobben din likevel. Det sagt så er det nok ofte at ein lar folk få bli uføre fordi det er lettare for NAV reint byråkratisk sett. I motsetting til ein som er arbeidsledig så treng ikkje ein som er erklært 100% arbeidsufør vidare oppfølging utover trygdeutbetalinga. I mange tilfeller har arbeidsuføre ein ganske stor restkapasitet til å jobbe som ein ikkje klarer å utnytte, mellom anna fordi veldig mange jobbar er relativt lite fleksible med låst arbeidstid og låste arbeidsoppgåver som i liten grad gir fleksibilitet. I tillegg er det mange arbeidsgivarar som ikkje ønsker å tilsette folk i deltidsstillingar sidan det ofte krever meir administrasjon å skulle lappe saman fleire personar i deltidsstilling til å fylle ei full stilling. I teorien skal det lønne seg for arbeidsuføre å jobbe likevel sidan lønna ein får ved å jobbe skal være større enn frådraget ein får i trygda for å ha jobba. I praksis er det likevel fleire skjær i sjøen. Mange er redde for å jobbe for mykje som ufør i frykt for at dei kan bli oppfatta som arbeidsføre likevel og dermed mister den sikkerheita som ligg i å være sikra ei livsvarig uføretrygd. Ei anna utfordring er at det krever litt papirarbeid å skulle sjonglere NAV og ein arbeidsgivar samtidig. Gjer ein feil og ikkje innrapporterer det ein har jobba på rett måte så er konsekvensane ganske stor med både krav om å tilbakebetale til NAV og endog fengselsstraff for trygdesvindel. I mange tilfeller så er også differansen mellom det ein sitt igjen med etter skatt for å ha jobba sett opp mot det ein uansett hadde fått som ufør, så liten at mange ikkje synes det er verdt å bruke tida si på å være på jobb, og kanskje også til jobbpendling for relativt lite pengar. Då er det kanskje meir attraktivt å ikkje ha forpliktingar sjølv om ein må leve litt enklare.
  5. Ja, og som igjen er styrt av funansieringa. Universitetet får betalt utfra kor mange som går ut med ein ferdig grad, og kompensasjonen for å ha utdanna ein student til mastergrad er sjølvsagt større enn dersom vedkommande berre tok bachelorgrad. Utdanningssystemet vårt er heilt i ulage med kva arbeidsmarkedet treng. Det er enkelt og greit ikkje lønnsomt å berre undervise i det studenten treng.
  6. Kanskje litt off-topic, men burde dette være løyst ved at det kostar litt meir å lade med CCS på ein kombistolpe? På den måten kan dei som berre har CCS hatt ein fordel av å velge den ledige ladaren utan CHADEMO. Slik som det er no er det berre folkeskikken som hindrar okkupasjon av ein ladestasjon du ikkje fullt ut kan bruke.
  7. Trur nok dette handler meir om måten ein snakkar om kjensler på. Den store forskjellen i dag er at det er fleire måtar å uttrykke seg på, så det som kanskje før var ein privat samtale med nære vennar er i dag ein TikTok-video med 100 000 visningar.
  8. Problemet med køsniking er at det mange stadar ikkje er organisert eit godt køsystem, særleg når det er mange bilar som skal lade. Dette gjer at det ikkje alltid er like lett å følge køa sjølv om ein prøver så godt ein kan. Det å sette ei maksgrense for lading er også problematisk sjølv om eg er einig med deg at for dei fleste bilførarar så er lading opp til 80% tilstrekkeleg med lading sett opp mot tida det tek å lade dei siste 20%. Likevel så er akseptabel lademengde avhengig av kvar ein er på veg og korleis lademoglegheitene er der. Særleg der det er mykje kø med ladestasjonane så forstår eg forsåvidt at det er fristande å lade heilt opp til 100% når du endeleg etter mykje ventetid har fått plugga til ladaren, særleg om dette potensielt sparer deg for enda eit ladestopp med tilsvarande mykje kø seinare på reisa.
  9. Den nye laseren som politiet har tatt i bruk gir litt andre muligheiter enn den gamle. Nemte GP-4027 er truleg erstatta med ny instruks for dei nye lasermålarane. Når det gjeld dei to Ferrariane som vart tatt samtidig så er det påfallande at i følge artikkelen så vart begge bilane målt til 120,42 km/t i 80-sona. Greit nok at dei køyrde etterkvarandre og holdt lik fart, men det er påfallande at begge bilane hadde på hundrendedelen lik fart. Utan at eg skal påstå at det ikkje stemmer så kan det tilsynelatande sjå ut som at det er berre den fyrste bilen som har blitt målt nøyaktig fart på, og så har ein berre lagt same målinga til grunn for bil nummer to som lå rett bak og derfor hadde omtrent same fart.
  10. Slik som eg ser det så er det to store utfordringar med dagens master-race. Det fyrste er at vi har litt for mange studieplassar til svært spissa utdanningar, som nemte person med master i folkehelse som ikkje får jobb. Andelen bedrifter som treng denne kompetansen er relativt liten. Det er 6 universitet som tilbyr denne utdanninga, med eit forsiktig anslag på 20 studieplassar per universitet så betyr det at det kvar vår er 120 personar som er ferdigutdanna innan folkehelse, og det er ikkje spesielt rart at samfunnet ikkje treng 120 nye mastere i folkehelse kvart år. Den andre store utfordringa er at kompetansen ein får med ein mastergrad ikkje nødvendigvis er særleg relevant for 90% av stillingane som ønsker arbeidstakarar med mastergrad. Med mastergrad så har ein også skaffa seg forskningskompetanse, men for dei aller fleste arbeidstakarar så er det lite forsking i jobben sin. (Og inneheld stillinga forsking så søker ein uansett etter folk med doktorgrad uansett). Arbeidsmarkedet treng ikkje nødvendigvis personar som har skaffa seg spisskompetanse innan forskning og rapportskriving, i mange tilfeller hadde det vært betre for arbeidsmarkedet å tilsette ein arbeidstakar som har studert fagfeltet sitt i 5 år, og ikkje slik som i dag som har brukt 2 år grunnfag, 2 år på fagfeltet sitt, og siste året på å skrive masteroppgåve. Det vi burde hatt er ein utdanningsreform der også dei høgare utdanningane i større grad blir spissa mot den praktiske arbeidskvardagen og mindre mot akademisk teori. Blant anna burde ein i større grad innføre arbeidspraksis som ein del av udanningsløpet. Dette ville gitt to store fordelar, primært at dei som er ferdigutdanna blir betre rusta til å gå rett inn i jobben utan internopplæring, og sekundært at fordi det er mindre tung teori så klarer vi å få fleire gjennom utdanningsløpet.
  11. Regulerer ikkje arbeidsavtalen dette? Eller er arbeidsvilkåra dine 100% basert på arbeidsmiljølovens minstebestemmelsar? Enkelt forklart så skal du ha overtidsbetaling når du blir pålagt å jobbe fleire timar enn avtalt. Om timetalet ikkje er avtalt så kan ikkje vanleg arbeidstid være meir enn 40 timar i veka, og maks 9 timar per dag etter arbeidsmiljøloven. (Gjennomsnittsberekning kan ikkje gjerast utan avtale). Arbeidstida di med 07.00 til 15.30, som blir 8 timar etter at 30 min ubetalt matpause er trukket frå, understreker også at arbeidsplassen din praktiserer 40 timars arbeidsveke.
  12. KI er heilt klart eit verktøy som kan gi fordelar, men det finnes også ulemper. Å påstå at alle må bruke KI for å kunne jobbe er som å påstå at du må selge billigprodukter for å kunne overleve i markedet. Det stemmer til ei viss grad, men det er også eit stort kundesegment som er villige til å betale for kvalitet. Skal din bedrift bestille ein rapport frå ein rådgiver så er det mykje billegare med ein KI rapport som tok mykje kortare tid å utarbeide, og kanskje har rapporten god nok kvalitet samanlikna med betalingsviljen. Ulempen er at rapporten kan inneholde feil og svakheiter om den ikkje er godt nok kvalitetssjekka. Vi har mange eksempel på fagområder som vi heilt fint kan automatisere og masseprodusere, men som likevel overlever som handarbeid fordi folk vil ha kvalitet, som til dømes at ein betal for handmalte kunstverk i staden for å kjøpe ein plakat, at ein heller kjøper ein kjøkkenkniv av høg kvalitet i staden for ti billigknivar, osv. Slik som det er i dag så er det alt for mange som skryter av at dei bruker KI som om det i seg sjølv er ein kvalitet. På enkelte områder blir KI eit kjempeverktøy, men det kan også føre til store endringar i korleis vi jobbar. Eg spår blant anna at det snart vil bli heilt slutt på årsrapportar i alle bedrifter og organisasjonar. Det er ingen som er interessert i å lese ei KI generert avhandling om korleis det har gjekk i bedrifta i fjor. Og for dei som ønsker å lese ein slik tekst så kan dei like gjerne generere ei slik årsmelding sjølv ved hjelp av KI. Framtidas årsmeldingar vil berre inneholde tal og kalde fakta, så vil vi bruke KI om vi vil ha dette oversatt til lesarar som ikkje er økonom av yrke.
  13. Atomvåpen er ei god avskrekking, men ikkje god nok. Atomvåpen er som å gå rundt med bombe i ryggsekken for å forsvare seg mot ran, avskrekkinga mister sin effekt når ranaren veit at du ikkje tørr å detonere bomba. Atomvåpen redda ikkje Israel frå Hamasangrepet 7 oktober 2023. Det var i praksis umogleg for Israel å svare med atomvåpen, og det viste Hamas godt. Hadde Israel brukt atomvåpen så hadde verdenssamfunnet vendt seg mot dei. Ikkje hindra atomvåpena at dei to atommaktene Pakistan og India gjekk i konflikt med kvarandre heller. Det einaste som skjer med meir atomvåpen er at det er større sannsynlegheit for at nokon er dumme nok til å bruke dei.
  14. Svaret på korleis dette kunne skje ligger nok i at vi i Norge er eit tillitssamfunn der vi stoler på å få riktige opplysningar. Dette kombinert med dårlege rutinar for oppfølging har ført til at dette ikkje har blitt oppdaga. Mannen det her er snakk om er lege utdanna i Bulgaria, det som er saka er at han har påstått at han har skaffa seg spesialistkompetanse innan gastrokirurgi i Danmark og at han etter denne spesialiseringa mottok norsk godkjenning. I denne saka så er det nesten som at det er sjukehusleiinga som har gjort dei største brølerane. Fyrst ved å ikkje etterspørre dokumentasjon på spesialiseringa. At den bulgarske legen har vitnemål på bulgarsk som ingen på sjukehuset forstår er ein ting, men når han påstår å ha tatt vidareutdanning i Danmark så burde det vært etterspurt dokumentasjon, om ikkje anna berre for å arkivere det i personalmappa til legen. Eit slikt vitnemål på dansk burde det også være lett å lese for ein nordmann så det å få slik dokumentasjon på dansk burde være særleg arkivverdig for sjukehuset. For ikkje berre ville vitnemålet frå Danmark være dokumentasjon på spesialiseringa innen gastrokirurgi, men det hadde også vært dokumentasjon (på dansk) som stadfester at det danske universitetet har verifisert at legeutdanninga frå Bulgaria tilfredsstiller opptakskravet for spesialiseringa.
  15. Det kan heilt klart ha betydning, særleg når saka for deg kanskje særleg handler om du holdt ei hastigheit på 36 eller 35 km/t over fartsgrensa så alt som kan så tvil om nøyaktigheita på målinga av betydning ved ei bevisvurdering. Det er likevel ikkje sikkert at videokvaliteten får betydning, det vil være nok å identifisere at det var ein bil som ligner på din bil og legge fram at det er heilt usannsynleg at bilen på videoen som politiet har målt farta på har svingt av vegen samtidig som du har komt inn på vegen og på den måten blitt forveksla med bilen som køyrde for fort. På ein hovudveg med av- og påkøyringsramper så kan du kanskje argumentere at det opprinnelege bilen har svingt saumlaust av vegen samtidig som du køyrde på vegen om bilen på videoen har vært ute av syne på ein slik stad, men det skal nok litt til. Det at det er din kompis som var i bilen bak taler nok også for at det er rimeleg usannsynleg at du heilt tilfeldig har komt frå ein sideveg og køyrt inn foran din kompis kl 1 om natta når det ikkje var anna trafikk på vegen. Det at det var mørkt ute kan også brukast mot deg då regelen om at du mister sertifikatet i 3 til 5 månedar ved 36 km/t over tillat fartsgrense er basert på nærmast perfekte køyreforhold. I tapsforskrifta står det at ved bruk av tabellen for fartsovertredning så skal det leggast til grunn at farta vart målt på tørr vegbane i dagslys, på rett vegstrekning utan kryss eller fotgjengarfelt og utan at det føreligg omstendigheiter som bør tilleggast skjerpande vekt. Det står også at ved slike skjerpande omstendigheiter kan tap av førarrett fastsettast ved mindre hastigheitsoverskridingar enn det som framgår av tabellen. Det er derfor ein viss fare for at dersom retten vurderer at videoen er for mørk til å fastslå nøyaktig fartsmåling på 36 km/t over fartsgrensa så er det også for mørkt til at det er fyrst ved slik fart at du kan fråtakast førarkortet.
  16. Har ikkje sett programmet så skal ikkje uttale meg for sterkt om konseptet, men slik eg har forstått det så er dette eit program der du både må legge ned mykje gratis arbeidstid utan å få noko igjen for slitet med mindre du vinner, og du får ei hytte som i stor grad er bygd av amatørar, og kanskje verst av alt er det at sidan alle får velge sin personlege stil på dei romma som dei har ansvaret for så får ein ei merkeleg hytte utan ein heilheitleg stil. Største fordelen med å være med i programmet slik som eg ser det er at verdien på hytta når du selg den etter programmet kan være relativt høg. Dei fleste andre realityprogram har relativt små premiar, dei fleste realityprogram har i dag ein premie på nokre hundre tusen kroner, det er få realityprogram ein kan melde seg på der ein kan vinne 1 mill. Ulempen med at det er sjølvaste Sommarhytta som er fyrstepremien er at til tross for at den i teorien kanskje er verdt 2-3 mill så er det vanskeleg å få solgt den. At halve Norge har sett hytta blitt bygd av amatører har vist seg å ikkje være spesielt fordelaktig ved eit salg. Dei fleste hyttekjøparar foretrekker å bruke tilsvarande sum på ei hytte som er bygd av fagfolk.
  17. Det er fint mogleg å ta fleire køyretøy samtidig. Om politiet har fartsmåling på din kompis som lå bak deg så har du nødvendigvis holdt tilsvarande hastigheit om du ikkje vart tatt igjen. Dersom det er lang avstand mellom din bil og din kompis sin bil så kan det være eit spørsmål på om din kompis har innhenta deg gjennom måletida slik at du i teorien kan ha holdt fartsgrensa og berre din kompis køyrde for fort fram til du vart tatt igjen, men det blir eit spørsmål om bevisvurderinga. Med videoopptak så kan politiet gå gjennom opptaket bilde for bilde og rekne ut farta basert på kjente avstandar. Avstand mellom lyktesolpar er eit vanleg mål å bruke, og då kan det være nødvendig at politiet tek ei kontrollmåling på avstanden for å bekrefte avstanden. Kjem politiet til retten utan å ha slik kontrollmåling så er det ikkje umogleg at du vinner fram med at politiet ikkje har sterke nok bevis mot deg. At videoen ikkje viser registreringsnummeret på bilen din får ingen betydning ettersom du vart stoppa. Det er derfor heilt umogleg at det kunne vært ein heilt anna bil som vart fanga på video, og sidan du vart stoppa så veit også politiet at det var du som satt bak rattet. Korleis vart den fyrste målinga gjennomført? Kan den ha vært gjort med laser? For å foreta ei gyldig fartsmåling med laser på fyrste bilen så krever det ikkje mange meterane for å få ei god måling, bil nummer to kan lett takast ved å legge seg bak og sjå på hastigheita til politibilen og avstanden til bilen foran. Når det gjeld lasermåling generelt sett så har utrykningspolitiet i eit års tid hatt tilgang på ein nyare laser som både måler fart og tek bilde av bilen. Dette gir både betre bevis for ettertida ved at både registreringsnummer og føraren viser på bildet saman med fartsmålinga, i tillegg gir det politiet moglegheit til å "skyte" fleire bilar etterkvaradre og så bla seg gjennom bilda etterpå slik at alle bilane kan bøtleggast. Heilt konkret så bør du her vurdere om du trur politiet har nok bevis til å få deg dømt. Merk at beviset treng ikkje nødvendigvis å fysiske bevis, politiets vitneforklaring er også eit bevis. Spørsmålet då blir berre om retten anser politiets observasjon som gode nok bevis til å dømme. Sidan det her er snakk om 1 km/t i forskjell på om du får behalde førarkortet eller ikkje, og du sjølv meiner at du ikkje køyrde så mykje som 36 km/t over fartsgrensa, så vil eg på generelt grunnlag seie at du bør trekke samtykket for å få saka vurdert av tingretten. Du har relativt lite å tape her utover at du må møte i retten og at du kan bli dømt til å betale sakskostnadane i tillegg. Det er likevel relativt gode sjansar for at tingretten vil trekke frå meir som sikkerheitsmargin enn det politiet som foretok målinga kanskje gjorde, slik at du då havner akkurat under lappegrensa. Største argumentet for å bite i deg straffa er nok at dersom du fyrst skal miste førarkortet i 3 månedar, så er dette kanskje beste tida å være utan førarkort på både i forhold til at det er fint vær å være fotgjenger i, og at du gjennom sommarferien i mindre grad treng førarkort i samband med jobb eller skule. Det er sånn sett verre å være utan førarkort til hausten når både været er dårleg og du i større eller mindre grad er avhengig av bilen for å kunne jobbe.
  18. Det å ha dårlege forutsetningar har i mange tilfeller vært sjølve forutsetninga for å få asyl i Norge. Det er klart at når vi tek imot haugesvis av folk som er krigsskada både fysisk og psykisk, og satsar på at asylanten sjølv finner ut av korleis det norske helsevesenet fungerer og søker hjelp, så får vi svært mange som ender opp å gå rundt i samfunnet utan behandling. For mange av disse asylantane så er det heller ikkje nødvendigvis eit mål om at dei skal bli godt integrert i Norge sidan dei ber definisjon er er midlertidig til det er tygt å reise tilbake. Det norske helsevesenet har knappast nok kapasitet til å handsame nordmenn med psykiske lidingar, korleis skal ein då forvente å kunne gi eit fullverdig helsetilbod til asylsøkarar som har levd gjennom ein krig der dei kanskje har både drept og sett drap bli utført?
  19. Utfordringa er at dei færraste har kapasitet til å lese gjennom alle lovforslaga, og langt mindre reflektere over forslaget på grunn av mengden av saksdokument. I denne saka så er sjølv oppsumeringa av endringsforslaget på 18 sider. Sjølve forslaget er eit dokument på 158 sider, så det vil ikkje være veldig overraskande om dei fleste på Stortinget berre stoler på at endringsforslaget er fornuftig. Det står litt i endringsforslaget om at formålet med opplysningsplikta er å kunne innhente opplysningar om bemanningsbehovet til bedriftene og kva arbeidstakarar som kan settast til ulikt arbeid. Sjølve ordlyden i forslaget til ny § 28 punkt h) er henta frå forsvarsloven der det er ei liknande formulering på at forsvaret kan innhente opplysningar om kven som er skikka for militærteneste, men det er openbart ein stor forskjell på forsvarets adgang til å spørre legen din det relativt enkel spørsmålet om du er fysisk skikka til å gjennomføre militærteneste og det å gi Regjeringa fullmakt til å innhente detaljerte helseopplysningar berre med formål om å lage kriseplanar. Reint pragmatisk så skjønner eg formålet med opplysningsplikta, problemet er mest at det som endte opp som lovforslag er så generelt at opplysningsplikta er veldig lett å misbruke. Det er enormt stor forskjell på å spørre legen om å gi tommel opp eller tommel ned på om ein bestemt person har helse til å kunne tenestegjere som soldat, kontra det å spørre legen om å få lese heile journalen. Eller kanskje meir relevant, at ein ber legen som gjennomførte helsekontrollen til ein lastebilsjåfør om det er sannsynleg at lastebilsjåføren blir friskmeldt til å fortsette yrket også dei neste 5 åra eller om ein må planlegge for at nokon andre må køyre lastebilen dersom det blir krig om nokre år. Då treng ikkje legen å svare på kvifor lastebilsjåføren kanskje ikkje består helsekontrollen neste gong, det kan være alt frå at sjåføren har fått litt for smalt synsfelt til at sjåføren har blitt diagnosert med schizofreni.
  20. Overvåking rammer berre dei som det ikkje er behov for å overvåke og som likevel må gi slepp sine personlege friheiter. Det er ikkje mange gjeng drap som skjer på open gate der det er eller kan være kameraovervåking, og der det skjer så klarer politiet stort sett å oppklare drapet sjølv utan overvåking av det offentlege rom. Det vil være mykje betre ressursbruk å sette av politiressursar til å gjere denne jobben, som at politiet patruljerer sentrumsområdet på nattestid med både uniformert og sivilt politi. Det er mykje betre å ha eit politi som er til stades og kan gripe inn for å stoppe vold og ran enn at volden er festa til film slik at voldsmannen muligens kan identifiserast og arresterast nokre veker seinare. Forskninga viser til at strengare straffer i liten grad hjelper, og at det er betre å fokusere på rehabilitering. Likevel så har vi fått ei endring i ungdomskulturen og særleg innafor enkelte miljø som i dag har null respekt for autoritetsfigurarar enten det er foreldre, lærarar eller politiet fordi dei veit så utmerket godt at dei ikkje får gjere noko. Lærarar i skulen kan knappast nok kjefte på elevar som ikkje oppfører seg, for i tillegg til at lærarane i dag ikkje får lov til å gi fysisk straff så kom det ei lovendring i 2017 som også forbyr læraren å krenke ein elev. Sjølv om det å irettesette ein elev i seg sjølv ikkje medfører ei krenking så er det i grenseland, spesielt om eleven ofte blir irettesatt. For der ungdom som har vokse opp i trygge omgivnadar med foreldre som tek ansvar og ein sunn respekt for autoritetar kan kome på betre tankar etter ein bekymringssamtale med politi eller barnevern, så biter ikkje ein slik samtale på ungdom som ikkje har foreldre som evner å følge opp. Som nemt så treng ikkje svaret å være straff for kriminelle ungdommar. Løysinga kan være så enkle som å innføre enkle og gode fritidstilbod. Eit lavterskel tilbod vil etter mitt syn være å innføre leksetid som ein obligatorisk del av skuletida. Dette vil både sikre at elevane får like god hjelp til leksene uavhengig av om dei har foreldre heime som kan hjelpe til med leksene, og det vil fylle tida med meiningsfult arbeid som gir mindre tid til å berre henge rundt utan noko å finne på. Sjølv om det koster nokre kroner med eit slikt tilbod så er det nok mykje billege totalt sett om ein både kan førebygge kriminalitet og kanskje også hjelpe fleire ungdom til å ta ei utdanning og kome seg ut i arbeidslivet.
  21. Vi treng ein oppdatert metodikk for å bekjempe ungdomskriminalitetet, særleg viktig er det at politiet har kapasitet til å både etterforske og gripe inn slik at det gir konsekvensar for ungdommane. Det kan ikkje være slik at konsekvensane tek lang tid, og når ventetida er over så skjer det i form av eit brev om at saka er henlagt. Kanskje særleg det at politiet er nesten makteslause ovanfor mindreårige er eit problem ved at ein må bruke silkehanskar og det beste ein kan håpe på av konsekvensar er ein bekymringssamtale. Kanskje må vi også diskutere den kriminelle lavalderen? Ikkje nødvendigvis at 14 åringar skal behandlast som voksne, men kanskje ved at det blir etablert eigne fengsel som er tilpassa barn og ungdom som er kriminelle, og ikkje institusjonar for barn og unge med avferdsproblem.
  22. Generell overvåking vil ha liten effekt her utover at lovlydige innbyggarar må gi slepp på personvernet sitt. Nyttige data vil drukne i mengden av opplysningar. Slik overvåking må spissast mot den organiserte kriminaliteten. Største problemet her er at eit slikt drap framstår som relativt billig. 2 mill for å få nokon drept er mykje pengar men fortsatt ein sum som veldig mange kan hoste opp. Og på den andre sida så er det ikkje i nærheita til nok pengar for ein leigemordar å kunne leve på pengane etter ein eventuell fengselsdom. Det er tydeleg at ein her sikter seg inn på ungdom under kriminell labalder som trur dette er store og lettente pengar.
  23. Vil eigentleg seie at serien og spelet for den slags skuld eigentleg ikkje handler om zombier i det heile tatt, zombiane er berre brukt som bakteppe for å fortelle karakterdrevne historier. Sjølv om eg personleg liker estetikken med overgrodde ruinar av bygningar og bilar, og med cordyceps som ein halvrealistisk forklaring på zombie-utbrotet, så er The Last of Us ein serie om menneskelege relasjonar. Ein kunne nok fortalt mykje av same historia om Ellie hadde vært ein foreldrelaus unge med ein stor hemmelegheit også i heilt andre settingar, enten det er jødeforfølging under andre verdenskrig eller eit sci-fi eventyr om romvesener som vil utrydde menneskeheita. Dette med at folk gjer narr av "I'm gonna be a dad" sitatet handler mest om at folk leser undertoner som ikkje er der. Ein blander saman skodespelaren som kallar seg ikkje-binær med karakteren Ellie. Eg er heilt einig med deg at dette sitatet var meint som eit eksempel på Ellie sin humor som vi frå før har fått etablert som sentrert rundt ordspel. Det er ikkje meint som eit eksempel på at Ellie tek avstand frå sosiale normer og gjer eit poeng ut av at det er ho som er "mannen" i forholdet. Største svakheita til serien er at serien er nesten scene for scene alle "cut scenes" frå spelet. Dette gjer serien veldig tro til spelet, men innimellom blir det litt påfallande at historien ikkje er tilpassa TV-formatet. I fyrste sesong / fyrste spel så spelte det liten rolle sidan også spelet var veldig linært med unntak frå nokre flashbacks som vi også fekk i serien. I sesong 2 derimot så meiner eg at sesongen ikkje burde slutta med den scena vi fekk heilt til slutt, sesongen burde stoppa på den foregåande scena. Eg formulerer meg slik for å være sikker på å ikkje spoile om du ikkje har sett ferdig heile sesongen, har du sett siste episoda så forstår du nok kva scener eg sikter til. Eg trur at sesong 2, og det vi kan vente oss i sesong 3 og 4 burde vært omstrukturert til TV formatet. Slik som det ser ut nok så ser det ut som serieskaparane fortsetter med å spele inn alle cut scenes som live action i stadan for å skape noko unikt. Og då trur eg vi mister ein viktig flyt i historien når vi må vente 1 år, kanskje også 2 år før vi får neste "sesong" som strengt tatt burde vært neste episode. For sjølv om serien har lagt til nokre scener for å utfylle historien eller gjere litt endringar, så mister TV-sjåarane alle dei timane som spelarane har brukt på å bli kjent med karakterane gjennom å spele seg fram til neste cut-scene. Då hadde deg vært betre om dei hadde filma ferdig heile historia i spel nummer to, og klipt dette saman til ei heilheitleg historie. Vi hadde tolt å vente nokre år til for å få servert alt frå sesong 2, 3 og 4 samla til ei historie. Om ein fyrst skal følge spela heilt slavisk så er det verdt å nemne at spelarane måtte vente i 7 år på å få fortsettelsen. Dette er kanskje litt lenge å vente mellom sesongane i ein TV-serie, men avhengig av kor fort produksjonen jobber så er det ikkje umogleg at det går nesten like lenge før vi får servert sesong 4. Ein anna fordel med å filme alt samla er at ein hadde sluppet å tenke på skodespelarane som også blir eldre jo lengre tid produksjonen dreg ut i tid. Om ein går på youtube så finner du mange som har satt saman alle scenene i spelet til ei lang historie, og du kan eigentleg like gjerne sjå ein slik video som å sjå TV-serien. Største forskjellen er eigentleg at TV-serien er live action og med skyhøg produksjonsverdi. Ideelt sett så burde TV-serien gitt noko nytt til serien eller utforska andre vinklingar enn det ein får ved å spele spelet.
  24. Skjønner argumentasjonen frå Dagbledet. For sjølv om det finnes eit marked for spel-journalistikk så har eg ingen interesse for å gå inn på Dagbladet.no for å lese kva kultur-journalisten som vanlegvis skriver om puppe-glipper og artiklar om kva som skjedde på gårsdagens episode av Farmen. Vil eg lese om spel så går eg heller andre stadar. Dagbladet er nok uansett ikkje villige til å skrive ordentlige artiklar. Når journalistane til vanleg berre driv med klipp og lim frå andre nyheitsbyrå som dei bruker til å lage artiklar fulle av skrivefeil, så har eg lite tru på at dei er villige til å investere fleire titals timar i eit spel for å kunne skrive noko informativt i artikkelen. Eg bruker forøvrig ikkje Dagbladet til å lese andre anmeldelsar heller, for kvifor vil eg lese kva ein Dagbladet-journalist meiner om film? Det er for meg ganske uinteressant.
  25. Det blir umogleg å meine noko om det så lenge vi ikkje veit meir om området det er snakk om og kvar naboens hus er plassert. Det er ikkje uvanleg at bustadhusa blir plasser i ei slags klynge nært den kommunale vege sjølv om tomtene er veldig store. Det er blant anna ofte ein fordel å sleppe å etablere fleire hundre meter med privat oppkjørsel som ein må brøyte å vedlikeholde sjølv. I alle tilfeller så høyres det umiddelbart ut til å være praktisk å plassere tilhengaren på den delen av tomta som er nærmast offentleg veg. Slik som saka er lagt fram så ser eg lite som tyder på at dette er gjort for å være plagsom. Denne oppkjørselen er også belyst av tidlegare eigar av huset til TS som har montert lys og planta blomster langs vegen til tross for at mesteparten ligg på naboens eigedom. Eg kan absolutt sjå for meg at det er lettare å rygge tilhengaren på plass på ein opplyst oppkjørsel kontra ein vilkårleg anna grusveg på eigedommen.
×
×
  • Opprett ny...