Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 033
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Er 14 (etter ryktene) så mykje slankare då? Det er basert på salgstal, og ein får ikkje eit godt inntrykk av det gjennom omtaler på nett av enkeltpersonar. Dei kan alltids innføre ein mindre modell igjen seinare.
  2. Reknar ikkje med det kjem 14 Mini, og då blir det 13 Mini.
  3. Om noko blir svekka av lang tids bruk så er det kontakten, ikkje støpselet. Med mindre støpselet var feilmontert og det har vore varmgang.
  4. “woke” har for øvrig vore eit uttrykk brukt i positiv omtale fram til for nokre år sidan, då det vart ein blanding av forskjellig. Det er naturleg at spel og andre medium følgjer samfunnet ellers.
  5. Litt overtid på kveldane, kurs på fritid og bonus så blir det fort pengar av det, men overtid må ein sjølvsagt rekne med.
  6. Er det inkludert ventetid på overtida?
  7. @Mato Det er gjerne startlønn. Med 10 års ansiennitet er du kanskje oppe i 800k. Det er fleire selskap med gode overtidsordningar, så det skal ikkje så mykje til for å legge på nokre hundretusen. Industri Energi og SAFE har tariff for Equinor-tilsette. Arbeid ut over 14 dagar er veldig godt betalt, og med 12 timar om dagen treng du ikkje jobbe så mykje overtid heller før det blir pengar av det.
  8. Du proklamerer at Rockstar si kreative storheitsperiode er over samtidig som du seier at det siste spelet dei gav ut er glimrande? Ubisoft har vore langt bak R* uansett, og me kan vel vente til GTA6 er ute før du dømmer det nord og ned?
  9. Du måtte bruke passord med BankID på telefonen òg. No må du berre bruke eit anna passord. Ikkje så dumt å kunne passordet til bankkontoen sin. Du får vel logga inn med same ID i fleire bankar? Du treng ikkje eitt passord per bank?
  10. Einaste forskjellen er at det er blitt ein app i staden for å gå over SMS eller kva det no er. Du brukar telefonen til å logge inn på PC akkurat som før.
  11. Stemmer det, men det hadde ingen betydning for spelet, anna enn ulike fargar på kleda til karakteren.
  12. Det var på tide. Tenkte tilfeldigvis på det her om dagen at GTA6 burde få kvinneleg karakter. Eg studerte ikkje lekkasjen så nøye, men om det hadde blitt meir som RDR2 så trur eg det kan bli eit positivt løft. Eg synest RDR2 hadde betre flyt og dynamikk i historia enn GTAV. Det hadde ikkje gjort noko om dei prøvde seg på noko anna enn å ta utgangspunkt i ein amerikansk storby. Å kjøre sportsbil mellom skyskraparar og fotgjengarar har me gjort sidan første GTA.
  13. Jodå, på papiret, men eit lån og ei investering er gjerne over lang tid, så ved å betale ned på lån i gode tider så kan ein ha eit betre utgangspunkt for potensielle dårlegare tider. Med stigande rente og forhåpentlegvis meir normalisert inflasjon nokre år fram i tid så er det snudd rundt. Ikkje at det finnes noko fasit på akkurat det der. Det er opp til den enkelte kva dei er komfortable med. Nokon som har sett noko meir til plattformavgifta DNB skulle innføre forresten?
  14. Det er viktig å skilje mellom inntekt som prosent av eigarforholdet og utgifter til eit lån som er delt. Så lenge eigarforholdet er 70/30, så har du rett på 70% av inntektene. Om de har felles lån og betjener det 50/50 så er det fordi du har meir eigenkapital enn ho. Om begge hadde hatt ansvar for eit lån på 1m kvar, du hadde all eigenkapital og bustaden var verdt 3.3m, så hadde ho betalt 50% av lånekostnadane, men likevel eigd 30% av leilegheita og skal difor ha 30% av leigeinntekter.
  15. Auke prisen for å få tilbake kundane høyrest jo ut som ein god taktikk. Kva med mobiltelefon som mange brukar til Netflix? Må du betale for å sjå Netflix utanfor heimen? Me har hatt Netflix i mange år og det er framleis ein jamn straum med gode seriar som gjer det verdt å behalde for vår del. Ein film her og der.
  16. Dei med god råd sjølvsagt sidan det er så mange nye bilar. Dei som ikkje hadde råd til ny drivstoffbil har uansett ikkje råd til ny elbil. Hensikten med momsfritak og andre fordelar er å stimulere til kjøp av elbil. Det er ikkje ei økonomisk støtteordning for folk med dårleg råd, men sidan det er dei som har råd til ny bil som kan kjøpe, så er det sjølvsagt dei som får mest nytte av det i første omgang.
  17. Dei billegaste elbilane er heilt kurant prisa for folk flest i dag. Utfordringa har heller vore få bilar på bruktmarknaden og høge prisar. Prisane er framleis høge, men det blir ein stadig større andel elbilar på Finn, så det vil bli bruktbilar å få tak i for dei fleste framover. Forhåpentlegvis vil nybilproduksjonen hente seg inn igjen for å få ned leveringstidene og prisane på brukte bilar. Når ei ny drivlinje skal innførast på marknaden så må nesten dei første bilane vere nye og dyre. Dei kan ikkje legge ut bruktbilar som ikkje finnes.
  18. No har eg ikkje Tesla, men hadde eg måtte betale for navigasjon etter å ha betalt på tusenvis for navigasjon ved kjøp så hadde eg heller brukt telefonen, som eg stort sett brukar uansett. Tesla har vel ikkje støtte for Carplay og Android Auto, så det er jo litt dumt. Er Standard Connectivity noko du må ha for å i det heile tatt kunne bruke navigasjon eller er det snakk om oppdateringar av kartene?
  19. Tatt ut av kontekst så kan eg forstå det, men du må lese det i lag med resten av innlegget. Det var du som tok opp temaet om at karakteren kanskje ikkje var så morosam å spele med. Om du meinte noko anna enn eg svarte på så må du forklare betre kva du meinte. Poenget mitt var at det spelar ikkje så stor rolle om du spelar med Mario, Luigi eller Toad, så sant dei kan utføre akkurat det same.
  20. Kva er så kult med å spele som Mario? Drake i Uncharted? Karakteren i INSIDE? Gordon i Half-Life? Ein katt i Stray? Tarnished i Elden Ring? Underhaldningsverdien i eit spel er ikkje avhengig av at karakteren er så morosam å spele med. Bøker og film er heilt andre medium enn spel. Det er gameplay som betyr mest, ikkje om karakteren din er morosam å spele med, kva det no skulle bety. I nokre spel er sjølvsagt karakteren viktigare enn andre, som The Witcher, GTA og RDR.
  21. Eg meiner å hugse at det var eit tilfelle for mange år sidan, men det var ganske snakk om 113 og medisinsk hjelp.
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Laderaseri blir kanskje det nye om utbygging av ladestasjonar ikkje klarar halde følgje med elbilutviklinga. "Elbileiere raser over lange ladekøer" "Mons måtte vente to timer på å få lade, nå tar han heller ferien hjemme" "- Dæm hestkukan som lada opp til 100% sku hatt juling, sier en tydelig frustrert sjåfør"
  23. Spotprisen, marknaden, kablane og alt det der er ein anna diskusjon som er tema i fleire andre trådar. Her handlar det om fastprisavtalar etter at prisane no har tatt av og korleis regjeringa kan legge til rette for at leverandørane i det heile tatt vil tilby det og kundane kan ynskje det.
×
×
  • Opprett ny...