Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 034
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Kom gjerne med alternativ og risikoen i dei. Poenget med ein sånn konto er å unngå at pengane går i minus på ein ordinær sparekonto. Historisk vil du gå ca. i null, sjølv om det er høg inflasjon om dagen.
  2. Der har du Facebook-diskusjonane der alle med FB-konto kan ramle innom. Det er fullstendig håplaust å prøve seg der. Takke meg til diskusjon.no der dei fleste held seg til eit sakleg og moderat nivå.
  3. Bioshock 1 og 2 (+ DLC) står som ei av mine beste spelopplevingar. Det er nokre år gammalt no, men trur det framleis gjer seg godt. Bioshock 3 er òg bra, men eg likte dei andre best.
  4. Ikkje greit synest eg. Om han har behov for anna underhaldning så finnes det nok å ta av på internett.
  5. Elbilforeningen representerer ei gruppe av befolkningen, ja, men det er framleis politikarane som blir valgt inn og avgjer.
  6. Det er alle og ingen si skuld at straumnettet er underdimensjonert. Forbruket har gått jevnt og trutt oppover heilt sidan straumen byrja bli produsert, og lenge før elbilane tok over nybilmarknaden.
  7. Akkurat. Det er regjeringa som styrer alt det der, ikkje forbrukarane. Bli politisk engasjert om elbilfordelane er så stort problem.
  8. Då bør ein like så godt gå til angrep på dei med unødvendig store hus eller hytter som står varme heile året. Elbilane har faktisk positive bidrag til miljøet rundt oss.
  9. Skal du først dra i gang den diskusjonen så er det førarar av enkelte tyske merker som allereie har mange tiårs erfaring med ufin kjøring, og det er ikkje med elbil.
  10. Det kan ikkje handle om uvit og at det er nytt, for dei treng absolutt ikkje kjøpe seg elbil sjølve. Det er dei som er negative til elbil (og elbileigarar) som stikk seg mest ut. Då handlar det ikkje om lyd, lading og alt det der som ikkje påverkar dei, men kostnader, avgifter og mest av alt subsidiar, mangel på eller reduksjon av avgifter. At dei er billegare i drift og har billegare vedlikehald påverkar ikkje andre, men dei meiner at momsfritak, bompengefordelar, parkeringsfordelar osv. er reine djevelens verk som går ut over dei personleg. Så har du nokon som meiner at alt nytt er teit og legg sit hat på elbilistar for å få utløp for sine frustrasjonar i dagleglivet.
  11. Eg skifta frå Android til iPhone for eit par år sidan etter ca. 10 år med Android. Ingen større utfordringar og alt gjekk ganske greit. Litt ulike apptilbud, men det meste er å få tak i. Saknar av og til fleire valalternativ, men det er ikkje krise. Det er stort sett nettlesar eg brukar telefonen til, og då er det veldig lite forskjell.
  12. Eg ville alltid valgt frunk om eg kunne. Enyaq har diverre ikkje, men meir lagringsplass er aldri feil. Eit godt poeng Salvesen har om rygging og bagasjerom. Eg ryggar alltid inn, og då er frunk veldig praktisk.
  13. Det er nok ganske mange som er glad for at andre tar val for dei, ikkje berre når det gjeld bil. I dette tilfellet er det nok meir enn at BMW har mange opsjonar og Tesla få som har ført til kjøp. Salvesen og Complexity ville sikkert kjøpt Tesla sjølv om dei måtte huke av for frunk.
  14. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg kjører stort sett kun i D, som betyr at bilen trillar ganske fritt. Den kan bremse (regenerere) inn mot kryss, rundkjøringar osv. Forbruksmessig er det ikkje store forskjellen, men det er vel sagt at den brukar litt meir i B enn D.
  15. Zeph

    Elbil-tråden

    Du kan ikkje skru av regen på Tesla og på dagens modellar kan du heller ikkje justere det. På eldre modellar kan du velge mellom Low og Standard, men på nye bilar er den fast på Standard. Har du Tesla treng du ikkje tenke så mykje på om du likar det sidan du ikkje har andre alternativ. På bilar der du kan skru av og på regen er det opp til den enkelte. Nokon likar einpedalskjøring med regen og nokon likar å kjøre utan regen.
  16. Eg synest Netflix har mykje bra, men dette burde vore ein serie, ikkje ein film. Elskar Bioshock (mest 1 og 2), og er i utgangspunktet skeptisk, som vanleg til denne type produksjonar.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Om du har tenkt å kjøre over 217 km/t er det greit, men eg antar bremsane på LR er adekvat til den modellen. At P kjem med 21” (staggered?) er ikkje nødvendigvis positivt, men det er jo opp til den enkelte. Poenget var uansett at eg synest du får meir for pengane med LR.
  18. Mykje bruk på loddestasjonar for å lodde elektronikk og anna arbeid i små dimensjonar. Veldig nyttig å kunne vri og vende på det du driv på med.
  19. Zeph

    Elbil-tråden

    Kvifor gjev P meir verdi enn LR? Kva andre forskjellar er det enn litt kraftigare motor for 1.3 sekund fortare frå 0-100? Er det andre ting som er verdt 40 000?
  20. Zeph

    Elbil-tråden

    Heilt einig, men det er vel ikkje så mange med fastpris som sløser for å tene pengar, så av alle milliardane i omløp utgjer det neppe stort. Forbruket vårt så langt i august er 238 kWh, så eg blir ikkje rik på det. Med 26 grader ute er det ikkje så aktuelt å fyre opp alt av golvvarme heller. Måtte latt varmtvatn stå og renne i sluken om det var noko, men eg driv ikkje med sånt. Ikkje at det er så dyrt å lade kommunalt heller her i Oslo. 18 kr/time 9-20 og 13 kr/time 20-9. Finn du ein 11 kW-stasjon og kan fylle bilen på 8 timar blir det 104 eller 144 kr totalt.
  21. Zeph

    Elbil-tråden

    Synd eg ikkje kan lade bilen frå leilegheita no. Denne månaden får eg betalt for å bruke straum pga. fastpris og høg snitt spotpris.
  22. Eg kom aldri heilt i gang med dette. Som stor Souls-tilhengar freista det, men det vart litt "klunky-souls". Får vel gje det eit nytt forsøk til vinteren.
  23. Zeph

    Elbil-tråden

    Der skiller den seg frå Volvo sin typiske kundegruppe. Stasjonsvogn for barnefamilier har jo vore den store greia til Volvo i mange år, men der treff ikkje XC40. Kanskje nyare og større modellar vil fungere, men det blir dyrt og dei har mykje konkurranse. Igjen, ser for meg at ein typisk XC40-eigar har hatt V40 eller noko anna før, er 50+, ingen heimebuande born og difor ikkje det store plassbehovet. Volvo-setene er absolutt av dei beste på marknaden.
×
×
  • Opprett ny...