Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 805
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Dette er nok ikkje eit veldig godt svar, men her må du enkelt og greit vurdere kor høgt du prioriterer arbeidskomforten du får med stor skjerm, opp mot kor stor PC du vil drasse rundt på. Forskjellen i vekt er ikkje enorm, ser ut til å være 1,51 kg mot 1,24 kg, med disse 250 gramma merkes godt om du er mykje på farta. Til heimebruk så ville eg gått for den største modellen, om du berre har denne eine reisa du tenker å ta med deg laptoppen på, så ville eg ikkje lagt mykje vekt på reisevennlegheita. Så er det det sjølvsagt ein forskjell om du reiser til Brasil med laptoppen i PC-veska og berre har den på hotellrommet, eller om du skal ha med deg laptoppen for å bruke den på alt frå små café bord til langt ute i jungelen.
  2. Direktoratet for medisinske produkter. Dei fastsetter makspris på alle reseptbelagte legemiddel som kan omsettast i Norge. Apotek som ikkje følger pålegg frå direktoratet mister konsensjonen til å selge legemidler.
  3. Det kjem ann på. Fyrst så er det fortsatt ei ueinigheit om kva som er avtalt. Om kjøparen meiner at han/ho har kjøpt bustaden med to vaskemaskiner (og vinner gjennom for dette synet) så er det ikkje din vaskemaskin å gi bort eller selge lenger. Men som du seier, dersom det er kombivaskemaskina som er den vaskemaskina kjøparen ønsker skal følge med og at kjøpar ikkje har anna interesse i vaskemaskina som står i hybelen utover at hybelen er leigd ut med vaskemaskin, så er dette eit godt forslag til minneleg løysing. Einaste X-faktoren er om leigetakaren aksepterer avtalen. Eg trur ikkje det blir eit problem sidan leigetakaren då får ettergitt 800 kr i skuldig straumrekning. Ulempen for leigetakaren ved ei slik løysing er at dersom vaskemaskina blir øydelagt så er det leigetakaren som må fikse det for eiga rekning. Ein leigetakar som leiger med vaskemaskin treng berre å seie ifrå om maskina blir øydelagt og så er det utleiger som må skaffe ny vaskemaskin innan rimeleg tid. Så lenge alle er einige så høyres dette ut som eit godt forslag til løysing.
  4. Kanskje no på sommaren, men om du venter til desember så er det utruleg kva du får handle på apoteket som julegåvetips.
  5. Det er her vi har forskjellen på grossistar og butikkar. Ein av mange grunnar til at vi har høge matvareprisar i Norge er at vi har mange butikkar og dertil mange ansatte som skal lønnast. I eit land der lønningane er høge også i lågtlønna yrker så er det store lønnskostnadar knytta til å ha så mange dagligvarebutikkar. Grossistleddet derimot burde vi ha fleire av. Eit stort hinder for etablering av utanlandske og frittståande daglegvarebutikkar i Norge er at det er lite konkurranse i grosisstleddet, noko som fører til at nye butikkar ikkje får kjøpe sine varer til like gunstig pris som dei store kjedene får. Likeså er det vanskeleg for ein liten lokal matvareprodusent å få varene sine ut i butikkhyllene, for dei får ikkje solgt til grosisstleddet med mindre dei har høg nok produksjon til å forsyne heile norge, og sjølv om produksjonen er stor nok så må ein likevel konkurrere med dei store etablerte matvareprodusentane sidan dei trurer med å trekke sine produkt om butikkane får ta inn ein seriøs konkurrent til sine merkevarer.
  6. Det kan fort føre til dette om konkurransetilsynet ikkje grip inn. Eg er likevel litt usikker på kor stor betydning dette oppkjøpet får for konkurransesituasjonen. Min forståelse er at apoteka tener relativt lite på å selge reseptbelagte medisinar sidan maksprisen er fastsatt av myndigheitene. Det er derfor apoteka i dag også selger spekepølser og strikkavotter, sidan det er dette dei tener penger på. At Jokerbutikkane i dag berre har eit lite sortement av kosttilskot og solkrem handlar berre om butikkprofilen som NorgesGruppen har lagt seg på. Det er ingenting som hindrer daglegvarebutikkane i å slå seg stort opp på å selge fyrstehjelpsskrin, brystmelkpumper og elektriske tannbørste på samme måte som apoteka gjer utover at det går på bekostning av det øvrige vareutvalget i daglevarebutikken.
  7. I teorien er dette eit enkelt spørsmål, svaret er det som står i vedtaket. Om det er fatta vedtak om å oppheve gangfeltet så er det dette vedtaket som gjeld og både skilting og vegmerking skal være i samsvar med vedtaket. Sidan skilta er korrekt merka som opphevde så indikerer det at det er fatta vedtak om fjerning av gangfeltet sjølv om vegmerkinga ikkje er fjerna. Men det er sjølvsagt også mogleg at skilta er endra utan at det er fatta gyldig vedtak om dette. Den vanlege problemstillinga rundt slike gangfelt oppstår på uskilta gangfelt når vegen er snødekt slik at sebrastripene ikkje er synlege, då er gangfeltet fortsatt aktivt sjølv om ein ukjent bilist ikkje har realistiske forutsetningar for å finne ut at det er eit gangfelt der. Eg tenker heilt motsatt. Bilisten må sjølvsagt alltid køyre aktsomt, men når ein kryssingsstad for gåande er oppheva så tolker eg det som eit ønske om at biltrafikken skal flyte raskare forbi denne staden, eventuelt at ein ikkje ønsker at billistane stopper i gata. Om eit utkryssa skilt skal medføre ei særskilt aktsomheit så vil det medføre at trafikkenflyten blir meir redusert enn den var før. Krysser ein fotgjenger gata så må billisten stoppe uansett då ein ikkje har påkjørsrett, og utan dedikerte gangfelt så er det meir pårekneleg at fotgjengere krysser gata også på andre punkt enn der det før var gangfelt.
  8. Stridens kjerne ligg i kva kunden har akseptert å prøve. Er det ein prøve av bladet til redusert pris eller er det ein prøve av å abonnere til redusert pris? Mitt syn er at tilbodet framstår som eit tilbod om å betale 39 kr for å få to nummer, verken meir eller mindre. Er tilbodet meint som eit abonnement som må seiast opp så burde teksten vært noko alla "2 første nummer for 39 kr". Einaste argumentet eg kan sjå til fordel for Bladkongens påstand om at dette var eit abonnement er at kunden/trådstarter som er eksisterande kunde måtte vite at Bladkongen berre selg anonnement på ukeblad og ikkje driv med laussalg, og at kunden måtte ha forstått at dette var startprisen på eit abonnement. Dersom dette tilbodet var retta mot folk som ikkje er kundar hos Bladkongen så inneheld tilbodet for lite informasjon om vilkåra, men det kan utgjere eit litt svakt argument for at dette er tilstrekkeleg informasjon til ein eksisterande abonnement-kunde.
  9. I forbrukerrådets mal for leigeavtaler så står det ingenting om innboforsikring. Det bruker å være eit vilkår i avtale-malen frå huseigarforeningar som ofte stiller litt sterkare krav retta mot leigetakar.
  10. Du har rett til å få med deg det som er ditt ved samlivsbrot, både av verdiar og av gjeld. Stridens kjerne er kva som kan bevisast. At leilegheita er eigd 50/50 på papiret treng ikkje å reflektere den reelle eigarbrøken. For leilegheita isolert sett så kan ein sjå på kva dykk gikk inn med som eigenkapital og kor stor andel kvar av dykk har betalt på lånet. Det som fort kompliserer reknestykket er om dykk har organisert økonomien slik at du tek hovedbyrden av huslånet medan ho tok hovudansvaret for husholdninga og betalte mesteparten av mat og straum. Det kan fort bli aktuelt å motrekne slike utgifter. Skal du være særleg kranglete så kan du hevde at ved 50/50 eigarskap så er begge partar også ansvar for 50% av gjelda, og at ho skulder deg pengar for at du har måtte betale meir enn din andel av lånet, og at dette må gjerast opp før dykk kan dele salgssummen 50-50. Av lausøyre og ting som dykk har i leilegheita så må ein då skille mellom det som er ditt, det som er hennes, og det som dykk eig i fellesskap. Sofaen du tok med frå forrige leilegheit er din i sin heilheit, spisebordet dykk kjøpte saman eig dykk begge to. Tilsvarande er du også eigar av maleriet som du kjøpte for 5 år sidan utan hennar kjennskap. Gåver dere har gitt kvarandre vil som hovudregel tilhøyre den som fekk gåva, men ikkje om gåva er gitt på bristande forutsetningar. Den klassiske 50/50 fordelinga av heile formuen etter skilsmisse, særleg kjent frå Hollywood filmar baserer seg tanken om at ektefellen som ikkje har generert inntekter inn til husholdninga, likevel har bidratt til formuen på sin måte. Klassisk at kona har vært heime og stelt med hus og barn slik at ektemannen har kunne fokusere på karrierebygging og høg lønn. Det å skulle få til ein rettferdig fordeling vil være enormt ressurskrevjande, og vil ofte ikkje være verdt det i verken tid eller utgifter.
  11. Når du ikkje har samtykka til førarkortbeslag så må politiet innan tre veker ta saka til tingretten for å få avgjort om det er grunnlag for å opprettholde førarkortet. Deretter blir det rettssak der politiet må legge fram bevis som er sterke nok til å dømme deg. I kva grad politiet har sterke nok bevis blir vanskeleg å bedømme. Sterkaste beviset er politiets vitneforklaring som er underbygd av fartsmålinga. Saka kan også ende opp med å bli henlagt om politiet ikkje kan prioritere nok tid til å møte i retten eller om bevisa blir vurdert som for svake. Særleg om politiet ikkje får medhald i å oppretthalde midlertidig førarkortbeslag utover tre vekers fristen så indikerer det at tingretten meiner at bevisgrunnlaget er for tynt.
  12. Eg ser argumentet for at annonsen framstår som at du betalar 39 kr for to nummer av dette bladet, og ikkje at du teikner eit abonnement. Spørsmålet er om du vinner fram ved å bestride inkassokrav, det kan fort bli ganske mykje dyrare. Eg ville nok vurdert det slik at det er for uklart om du kan kome deg unna betaøingskravet til at det er verdt å vente på inkasso. Skal du gjere noko så bør du enten ta direkte kontakt med leverandør og overtale dei om å trekke kravet utan å gå til inkasso, eller at du berre betalar og melder inn saka til forbrukarrådet som villeiande annonsering.
  13. Du er uansett avhengig av å få svar frå EA for å få tilgang. Spørsmålet er om du har registrert andre opplysningar på kontoen slik at EA får verifisert at du er den rettmessige eigaren av kontoen til tross for manglande epost tilgang. Det skal tross alt ikkje være berre å ringe EA og oppgi ein konto som du vil ha tilgang på.
  14. Dette blir finjus då ein både må sjå på avhendingslova om kva som skal følge med, og opp mot kva ny eigar som trer inn i leigeavtalen må ta over. Eg kan absolutt sjå at det vil være ei stor diskusjon på om kjøp av møblert utleigedel også medfører kjøp av møblane (lausøyre) eller om det er den nye eigaren som må skaffe nye møblar for å oppfylle sine plikter etter leigeavtalen. Det er også eit spørsmål om det er rimeleg at leigetakaren skal få sin bolig tømt for møblar og deretter møblert med nye møblar. Leigetalaren har tross alt inngått leigeavtale på bakgrunn av korleis utleigedelen framstod ved avtaleinngåing, herunder tilstanden på møblane. Min konklusjon er at du stiller sterkt. Om du baserer deg på den standardiserte lista over kva som skal følge med, altså at kvitevarer ikkje følger med så er regelen at vaskemaskina berre følger med om det er avtalt. Såpass tvetydig atterhaldet er formulert og det faktum at det er to vaskemaskiner i huset gjer det vanskeleg å hevde at det er inngått særskilt avtale. Dette underbygger eg med at den aktuelle vaskemaskina som kjøper no vil ha ikkje er den same vaskemaskina som det var dialog om før salget. Avslutningsvis så ville eg likevel vurdert å gi etter. Ei slik vaskemaskin er ikkje så dyr, og ved å sette igjen vaskemaskina så sparer du deg nokre tunge løft ved ut- og innflytting. Ny vaskemaskin kan du bestille ferdig levert og få bært heilt inn i nyebustaden. Då har du også fordelen av splitter ny vaskemaskin med full garanti. Sett opp mot kor lenge ein slik krangel kan vare (og koste) så kan det være lønnsomt å sette igjen vaskemaskina likevel.
  15. Vil også legge til at dersom kjøparen hadde til hensikt at atterhaldet skulle bety at begge vaskemaskinene skulle følge med så hadde det vært rimeleg å forvente at atterhaldet var "vaskemaskiner" i fleirtal, og ikkje i bestemt eittall.
  16. Når atterhaldet er på berre eit ord så er nok dette ei tilvising til tidlegare diskusjon om vaskemaskin. Eg tenker umiddelbart at det er kjøpers risiko at atterhaldet var unøyaktig og no er oppe til diskusjon. Det å skulle bevise i ettertid kva partane har diskutert (og blitt einige om) angåande temaet vaskemaskin er ei vanskeleg oppgåve. Utifrå konteksten så er det mest nærliggande å tenke at atterhaldet gjeld at vaskemaskina skal følge med, (men det kan også vise til at det skal være opplegg for vaskemaskin, eller at eksisterande vaskemaskin som på grunn av sokkellist er å rekne som fastmontert skal være fjerna av selgar fordi kjøparen skal montere si eiga vaskemaskin). Eg ville nok sagt at sidan vaskemaskina i utleigedelen var særleg omtala under visninga som at dette var ei vaskemaskin som du eigde (i motsetting til at det var leigetakaren sin vaskemaskin), så er det ikkje urimeleg å forstå atterhaldet "vaskemaskin" som at vaskemaskina i leigedelen skal følge med. Leigeavtalen seier berre at vaskemaskin skal være tilgjengeleg for leigetakaren så det kan være at kjøparen var bekymra for at du skulle ta med deg vaskemaskina i utleigehybelen og sette igjen ei billegare vaskemaskin til leigetakaren for å oppfylle minstekravet i leigeavtalen. Denne konkrete vaskemaskina i hybel må ikkje følge med, at leigetakaren skal ha tilgang til vaskemaskin er verken ei spesifisering på type vaskemaskin eller eit forhold som er regulert av kjøpsavtalen.
  17. Kva har selskapet gjort i denne perioden? Har du fortsatt å motta tenesta eller har både betaling og tenesteleveringa uteblitt i denne perioda? I kva grad du er forplikta til å betale kjem ann på kva som står i avtalen du har inngått. Det normale er at du har forplikta deg til å betale medan selskapet har forplikta seg til å levere tenesta. Det å syte for at betalingane kjem fram til selskapet er ditt ansvar sjølv om det er vanleg å varsle kunden så tidleg som råd, nettopp for å hindre at kunden må betale for mange månedar på ein gong. Kravet er likevel gyldig i 3 år før det blir forelda. Når det gjeld selskapets adgang til å kreve inn pengane så er det litt meir ressurskrevande for selskapet enn det hadde vært å kreve inn pengane i USA. Om selskapet har internasjonale kundar så har dei nok også kontakter for inndriving av pengekrav. Typisk vil slike selskap ha avtale med eit inkassobyrå i Europa som igjen har avtaler med norske inkassoselskap som kan kreve inn gjelda. Hadde dette vært ei gjeld som du pådrog deg på reise i USA med eit lite lokalt firma i USA så er det ikkje sikkert at selskapet hadde brukt tid på å kreve inn pengar på tvers av landegrensene, men eit selskap som driv med aksjehandel på vegne av internasjonale kundar har garantert eit nettverk for pengeinnkreving, i alle fall i Europa. Det å ikkje betale rekninga er i beste fall eit sjansespel. Kor sannsynleg det er at selskapet kjem til å bruke inkassoselskap for å kreve inn pengane er nok veldig avhengig størrelsen på tapet. Om du i 14 månedar har mottatt verdiar for 1200 kr i måneden utan å betale for det så er beløpet såpass stort at eg er ganske sikker på at beløpet vil bli krevd inn. Om du verken har betalt eller mottat tenester så er tapet meir eit teoretisk tap der du kunne vært ein betalande kunde i 14 månedar, men var det ikkje på grunn av utgått kredittkort. Du kan sjølvsagt fint gå i forhandling med selskapet, men eg trur nok du stiller svakt. Som nemt så er det heilt vanleg at du som kunde forplikter deg til å betale, det å bli minna på manglande betaling av selskapet er nesten rein høflegheit. Det er jo ikkje slik at dagligvarene dine er gratis om du forlater Kiwi butikken utan å bli spurt om å betale, du har som kunde forplikta deg til å oppsøke beteninga/kassa for å betale for deg.
  18. Firmaet til broren til ordføraren får også legge inn offentleg anbod på jobben. Deretter må kommunen velge firma utifrå ein objektiv kravspesifikasjon som alle kan få innsyn i. Ordføraren er nok innhabil i det endelege vedtaket om kva firma som skal få jobben, men kommunen kan fint velge dette firmaet om dei har levert beste tilbodet. Grensa mellom relasjonskorrupsjon og erfaringsbasert beslutningstaking er ofte lite tydeleg. Om kommunen skal tilsette ein arbeidstakar og det står mellom to kandidatar som på papiret er like, der einaste forskjellen er at eine kandidaten kjenner kommunerepresentanten så er det to måtar å sjå på saka. På den eine sida kan ein hevde at dette er relasjonskorrupsjon sidan kjennskapet var avgjerande for å få jobben. Men du kan også sjå på det som at det er beste kandidaten som vart valgt basert på tilgjengeleg informasjon. Om jobbsøkaren er kjent frå før så har kommunen eit grunnlag for å vite korleis personen er i jobbsamanheng, den andre jobbsøkaren som ein ikkje kjenner frå før vil då være eit sjansespel å ansette, sidan ein ikkje veit noko som helst om korleis denne personen vil fungere i jobbsamanheng. Grensa er mykje klarare når det er jobbsøkaren som er ukvalifisert men som er kompis med den som tilsetter som får jobben framfor alle dei andre søkarane som er kvalifiserte, men innanfor offentleg sektor skjer dette sjeldan sidan det er krav til både saklegheit og dokumentasjon. Konflikter i etterkant av tilsettingssaker i offentleg sektor går oftast på ueinigheit i korleis kvalifikasjonane til kandidatane skal rangerast. Offentleg korrupsjon som vi faktisk korrupte land er langt meir synleg, for der er det jobbsøkaren som betalar mest til intervjuaren som får den offentlege jobben.
  19. Litt off-topic, men E39 har aldri hatt eit definert formål. E39 er ein hovudveg som går frå Trøndelag, nedover vestlandskysten til Kristiansand, og som fortsetter gjennom delar av Danmark frå Hirtshals til Aalborg. E39 er ingen kystveg sjølv om mykje av vegnettet som vart definert som europaveg låg langs vestlandskysten. Krangelen om E39 pågår fortsatt sidan det ikkje er einigheit om kva vegen skal være. Det argumenteres om både at det skal være ein kystveg som er pepra med fjordkryssingar, at det skal være ein ekspressveg mellom Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand, og at det skal være ein samleveg som går innom viktige stadar for folk og gods, som nemte Førde. At ein politikar som er valgt inn for å kjempe for sitt distrikt jobbar for å få viktig infrastruktur til det området er sjølvsagt ikkje korrupsjon. Det er politikk. Norge er ikkje eit korrupt land, men det betyr ikkje at det ikkje finnes korrupsjon.
  20. Det er ganske få som har erfaring med å kræsje på vinterføre, og av dei som har erfaring med å kræsje på vinterføre så er det nettopp dårlege dekk dei skuldar på (for det er i alle fall ikkje mangel på sjåførkompetanse som gjorde at dei kom med for stor fart inn i svingen). Når det gjennomføres spørreundersøkingar om kor flinke folk er til å køyre bil så er det omtrent 80% som svarer at dei er over snittet gode sjåførar og omtrent 5% som meiner dei er under snittet. Det er svært mange erfarne sjåførar som grovt overvurderer sin eigen kompetanse, og som igjen gjer at dei køyrer med dårlege dekk og trur at så lenge dei ikkje har kræsja så er dekka gode nok.
  21. Det beste er å ha tre sett med dekk. Sommardekk til sommarføre, piggfritt til haust og vår, og piggdekk til dei kaldaste vinterdagane når vegane er islagte. Piggdekk er det beste på våt is, men dårlegare på våt asfalt. Det er stadig fleire som sluttar med piggdekk rett og slett fordi dei fleste vegane er godt brøyta og salta så 90% av vinteren så køyrer ein på våt asfalt og ikkje på snø. Det er likevel få som gjer dette sidan kostnaden og tida det tek ofte ikkje er verdt det for ein ganske minimal fordel. Dette blir likevel gjort på enkelte yrkesbilar som køyrer veldig mykje.
  22. Ein ting er at det skal være rettferdig, men om konkurransane skal være meir enn eit nisjeprodukt så må det være av interesse for publikum. Ein kan heilt sikkert innføre handicap også i friidretten der dei beste utøvarane må konkurrere med sekk på ryggen slik at alle spring nøyaktig like fort og vi får foto finish nesten kvar gong. Men det er ikkje særleg spennande for publikum at dei best trente skal tyngast ned fordi det er "urettferdig" at dei har naturleg anlegg for å springe fort. Heile poenget med å sjå på kvinneidrett er jo å sjå kven som er dei beste kvinnene, så fort ein slepper til mannfolk og utøvarar som har beinprotserer som er optimalisert for fart og påstår at det er urettferdig at nokon ikkje får stille til start, ja då forsvinn også mykje av spenninga. Det kan være av ein viss interesse å sjå rare ting som om Ussain Bolt kan slå ein middels familiebil i 100 meter sprint, men det er underholdning for heilt spesielt interesserte.
  23. Å bytte forsikringsselskap er ofte prisgunstig to gongar. Fyrst så bytter du til eit billegare forsikringsselskap, deretter så ringer det opprinnelege forsikringsselskapet deg for å tilby deg ein enda gunstgare pris for å komme tilbake som kunde. Lojalitet straffer seg alltid. Det er dei trufaste kundane som betalar dyrt for at at forsikringsselskapet skal kunne premiere utro kundar med billege forsikringar.
  24. Ja det er for å synleggjere totalsummen, både med tanke på finanseringsbevis og ikkje minst for at det skal være lettare å samanlikne den reelle prisen på ulike bustadar. Fellesgjelda løyser ein ikkje ut, fellesgjelda utgjer ei fast utgift som den nye eigaren startar å betale ned på via fellesutgiftene. Det finnes riktignok burettslag og sameiger som gir kvar enkelt andelseigar adgang til å løyse ut sin del av fellesutgiftene ved å betale inn alt med ein gong, men det er ei spesialløysing som har både fordelar og ulempar. Som huskjøpar må du betale det som er salgsprisen, men du må ha økonomi til at du også klarer å betale avdraga på fellesgjelda. Det å kjøpe bustad med stor fellesgjeld kan være fordelaktig i enkelte situasjonar. Til dømes dersom ein person har for låg inntekt for å kunne låne ein sum tilsvarande felleskostnadane i banken, men som gjennom til dømes arv eller liknande har fått ein stor nok sum pengar til at ein kan betale salgsprisen for bustaden utan å ta opp huslån i banken. Det er også tilfeller der det har gått fullstendig galt med fellesgjeld. For nokre år sidan så var det fleire burettslag/sameiger som gjekk konkurs fordi leilegheitene vart solgt til ein nesten symbolsk pris der den reelle kostnaden var i form av ei fellesgjeld som kjøparane ikkje klarte å betene. I tillegg var det ofte slik at felleslånet var betalingsfritt dei fyrste 5 åra, så for dei som flytta inn og betalte eit par hundre tusen for ei stor leilegheit med 5 mill i fellesgjeld så kunne dei bu kjempebillig i 5 år til fyrste rekninga på fellesgjelda kom. Då var det nærmast umogleg å få solgt leilegheitene fordi det ikkje fantes kjøparar som var villige til å i praksis betale for at den opprinnelege eigaren ikkje hadde betalt på fellesgjelda dei siste åra. Tanken bak disse prosjekta var at til dømes studentar skulle kunne kjøpe seg inn for ein billig penge, og så skulle rekninga for fellesgjelda kome fyrst etter at studenten var ferdigutdanna og i fast arbeid, men det som kunne fungert i teorien fungerer ikkje nødvendigvis like enkelt i praksis sidan mange studentar må flytte for å få jobb, ikkje får jobb, bruker lenger tid på utdanninga enn planlagt, osv.
  25. Dette betyr at du må få lån i banken på 1,99 mill for å kunne kjøpe bustaden. Fellesgjelda "arver" du, så den totale gjelda du må kunne betene vil være på 2,79 mill. Når banken vurderer kva du kan få låne så blir fellesgjelda innrekna når banken skal vurdere din betalingsevne. Merk at det lånet du tek på deg som fellesgjeld kan ha andre rentevilkår og nedbetalingstid enn det huslånet du har i banken. Typisk vil du betale ei høgare rente på fellesgjelda fordi burettslaget/sameiget ofter binder renta på fellesgjelda for å sikre forutsigbare renter, sjølv om dette ofte er litt dyrare enn å ha fleksibel rente. Finansiereingsbeviset du har fått frå banken må være på minst 2,79 mill for at du skal kunne kjøpe denne bustaden, sjølv om du berre låner 1,99 mill frå banken. Om finanseringsbeviset du har fått berre garanterer for lån opp til 2 mill så vil banken gi deg lån på maks 1,2 mill om du kjøper bustad med 800 000 kr i fellesgjeld.
×
×
  • Opprett ny...