
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Juks i utdanningssamanheng er ikkje eit moralskt spørsmål, det er utelukkande eit spørsmål om studenten har levert eit arbeid som gir grunnlag til å vurdere om studenten har lært det som er omtalt i emnebeskrivelsen. Deretter får ein karakter utifrå kor godt ein har klart å vise fram at ein har lært alt i emnebeskrivelsen. For å ta eit litt banalt eksempel. Når du på ungdomsskulen skal skrive norskstil så stryk du dersom du skriv stilen på engelsk. Ikkje fordi du har spart tid på det, du har kanskje brukt mykje meir tid fordi du må slå opp ord og uttrykk i ordboka. Og ikkje fordi stilen er dårleg, innholdet i stilen kan være så bra at stilen kunne blitt trykt i eit vitenskapleg tidskrift eller blitt ei bestselgande novelle. Du får likevel strykkarakter fordi det er heilt umogleg å vurdere kor god du er i norsk når heile stilen er skrevet på engelsk. Definisjonen av juks er heilt klart definert i Forskrift om studier og eksamen ved Nord universitet § 9-1, 5. ledd: Dette er heilt spesifikt Nord universitet sin definisjon av fusk som igjen er det Kjerkol sin oppgåve har blitt vurdert mot. Som du ser så er verken tid eller moral ein del av nord universitet sin definisjon av fusk. Så er det sjølvsagt heilt legitimt å være ueinig i tolkinga, for også definisjonen har eit vist rom for vurdering. I denne konkrete saka så kan ein mellom diskutere kva som er å rekne som "tilstrekkelige kildehenvisninger". Det hjelper ikkje Kjerkol sin sak då problemet er at kildehenvisningane mangla heilt, hadde ho skrever ei dårleg kjeldehenvisning som å til dømes vise til kven sin oppgåve ho har latt seg "inspirere" av så kan det være at ho hadde vunnet fram med at det var tilstrekkeleg sjølv om den eksakte teksten ho brukte på nytt ikkje var merka. Avsluttingsvis så meiner eg fortsatt at universiteta har ei utfordring med at studentane blir vurdert etter ei ordning som ikkje er godt tilpassa dagens læresituasjon. Til dømes så har universiteta oppretta så mange studieplassar på masterutdanning at det å kreve at alle masteroppgåvene skal være forsking på heilt unike problemstillingar som aldri har blitt akademisk vurdert tidlegare er ein utopi. At Kjerkol har kopiert svært mykje tekst og har blit felt på dette er heilt legitimt, det er likevel slik at når universitetet har pumpa fleire hundre masterstudentar gjennom eit fast utdanningsløp så er det ein viss fare for at ein tidlegare student kan ha tatt for seg ein ganske lik problemstilling. At vi i dag har gode søkeverktøy for å avdekke juks på tvers av ulike språk har gjort dette til ei utfordring på verdensbasis som tvinger universiteta til å sette ei grense for kor mange prosent med tekstlikheit som er akseptabel, då tekstlikheiter ved bruk av fagterminologi ikkje er til å unngå når akademikar har skrevet om nøyaktig samme tema 1000 gongar før. Universiteter og mastergrader har blitt ein industri der ein heile tida prøver å utdanne mange nok til å dekke behovet i arbeidsmarkedet. Ein skal huske på at frå gamalt av så var mastergrad noko som ein tok etter eit langt yrkesliv der ein brukte eiga arbeidserfaring til å skrive gode masteroppgåver slik at kunnskapen kunne overrekkast til neste generasjon. Læringa var med andre ord ein kombinasjon av skulegang og praktisk arbeidserfaring som endte opp i ein akademisk grad. I dag så "forsker" ein masterstudent utelukkande basert på kva dei har lært etter 4,5 år med teori, noko som igjen medfører at det store fleirtalet av godkjente masteroppgåver har relativ avgrensa verdi som kunnskapsdatabase. Når Kjerkol skreiv sin masteroppgåve med tittelen "Ledelse i en digitalisert hjemmetjeneste" (som ho i tillegg fekk A for) så er det ikkje vanskeleg å tenke seg at det i liten grad ligg tung akademisk forskning bak ei slik oppgåve. Det var sikkert mykje kloke tankar om temaet som gjorde at ho fekk beste karakter ved fyrste sensur, men om oppgåva hadde blitt ståande utan at juksinga vart avdekt så trur eg likevel ikkje at det er sannsynleg at akkurat denne oppgåva hadde blit brukt som grunnlag for å skrive neste års lærebok om temaet. Min påstand er at dagens mastergrad ikkje er det same som mastergrada var før i tida. På mange måtar har mastergrad blitt den nye bacheloren som "alle" har, og då har betydninga av mastergraden blitt redusert. Skal universiteta fortsette å uteksaminere så mange studentar som kan tittelere seg som master så bør heile vurderingsforma endrast. Det dagens arbeidsgivarar som vil tilsette ein med mastergrad ønsker i dag er ein person som har teoretisk kunnskap og som er i stand til finne svar i eksisterande litteratur. Min påstand er at det er ingen som tilsetter ein med mastergrad fordi det er nødvendig med ein ansatt som skal forske seg fram til svaret, då tilsetter ein personar med doktorgrad.
- 982 svar
-
- 5
-
-
-
Dette er ikkje heilt presist. Danmark tok Grønland som ein del av Norge i samband med at Sverige trakk seg ut av Kalmarunionen slik at Danmark då hadde råderett over alt som svenskane ikkje tok sjølvråderett over. Når Norge seinare vart ein eigen stat i union med Sverige i 1814 så tok ein då berre med seg fastlandsnorge slik at dei tidlegare norske øyene Island, Grønland og Færøyane ikkje vart med inn i unionen med Sverige. Om dette skuldast at Norge ikkje lenger ville ha disse øyane, om det var Danmark som nekta å gi slepp på disse øyane, eller om ein rett og slett gløymte at dette var tidlegare norske områder, det er det ikkje brei einigheit om. Mest truleg så er det nok ein god blanding der det for den norske nasjonalismen var viktigast å få oppretta ein norsk stat, noko ein ikkje fekk gjere under Danmark men som vart mogleg under Sverige sjølv om det var ein del av ein union. Det er derfor ikkje heilt utenkeleg at ein ikkje turte å også kreve å få med seg Grønland, Færøyane og Island inn i den nye norske staten då eit slikt krav potensielt kunne ha stoppa heile statsbygginga av Norge.
- 32 svar
-
- 1
-
-
Bitterheita i øl kjem frå humlen, og den skarpaste delen av bitterheita ligg i oljen som blir kokt ut av humlen under brygging. Denne oljen er som anna olje og flyt som eit tynt lag på toppen av væska. Ølskummet vil bidra til å løfte oljen ut av overflata, det tener to funksjonar både at litt av dei bittraste smakane får fordampe frå skummet men også at den bittre oljen som er i skummet får sleppe gradvis tilbake i ølet og gir ei meir heilheitleg smaksoppleving. Bakdelen med at den bittre oljen blir løfta opp i skummet er at då blir sjølvsagt også skummet bittert på smak. På smaklaust øl med lite bitterheit så betyr det ikkje så mykje, men på ei kraftigare øl så merkes det betre om du må kjempe deg gjennom det bittre skummet for å få tatt ein sup med øl.
- 127 svar
-
- 2
-
-
Så lenge du ikkje kan hjelpe deg sjølv så er det sjølvsagt innafor å ringe etter hjelp. Om du har så sterke smerter at du må ha sterke medisinar eller til og med må opererast så er det fort eit ambulanseoppdrag. Ved slike smerter så vil du i liten grad kunne transportere deg sjølv til f.eks legevakta på ein forsvarleg måte, så då må du ha hjelp. Men det er klart at dersom det er praktisk gjennomførbart å dra på legevakta eller apoteket, eller kanskje også kan vente til du får time hos fastlegen, så skal du sjølvsagt ikkje ringe etter ambulanse. Den situasjonen du legger fram er openbart ein akuttsituasjon.
- 20 svar
-
- 1
-
-
Vil gjette på at dei russiske anklagane er stetkt overdrevne men med eit snev av sannheit. Trur ikkje det har komt fram noko meir i media om kva slags militær aktivitet Russland hevdar Norge bedriv på Svalbard. Forsvaret er til stades også på Svalbard men då i sivil rolle som bistand til sysselmesteren, kystvakta som er innom, eller rett og slett forskingsarbeid utført av personell tilknytta forsvaret.
- 32 svar
-
- 1
-
-
I teorien skal det være like mykje arbeid bak kvart studiepoeng, kva som er enkelt blir veldig personavhengig. Det aller enklaste å studere er ting som du alt kan frå før og som du berre manglar dokumentasjon på. For mange vil eit årsstudium i engelsk være ganske enkelt sidan ein kan språket frå før. Tilsvarande kan økonomi være relativt enkelt om du har syssla litt med rekneskapen og budsjett tidlegare.
-
burde det avkreves helseattest når det opprettes et testamente?
The Avatar svarte på Mr.M sitt emne i Juss
Det er ein balansegang mellom å hindre at nokon kan utnytte eit eldre menneske son sinsforvirring til å endre testamentet, opp mot prinsippet om at det skal være lov å ombestemme seg. Hadde testamentet blitt "låst" i sei 10 år så hadde det også vært problematisk opp mot til dømes arvingar som bryt all kontakt så fort testamentet er underskrevet og arva er sikra. Det beste er uansett at ein skriv testamentet tidleg og at ein har endeleg bestemt seg slik at det berre er ved ekstraordinære endringar at det er behov for nytt testamente. Det er også mogleg å formulere testamentet på ein slik måte at det ikkje må oppdaterast så ofte. Til dømes ved å formulere korleis arva skal fordelast ovanfor eventuelle barnebar som ikkje er fødde når testamentet blir skrevet. Skal ein kreve helseattest så blir det også eit spørsmål om kva krav som skal gjelde, og ikkje minst når ein kan erklære testamentet som ugyldig. Skal arvingane kunne kome i ettertid for å stoppe ei arv til ein veldedig organisasjon under påstand om at farmor var deprimert, forkjøla, full, eller liknande? Eit slik krav om helseattest kan fort føre til at det i praksis ikkje er mogleg å skrive testamente lenger sidan det er vanskeleg å bevise at ein er ved sine fulle fem. -
Oppfølgingsspørsmålet blir kva du bruker din Mac Mini til? Om du berre er ute etter pris per terrabyte så kan du sortere etter dette dette på prisjakt.no. https://www.prisjakt.no/c/eksterne-harddisker?direction=asc&sort=property.64014 Dersom du følger denne lenka så er lista ferdig sortert på pris/TB (bruk kollonnevisning for å få gjort Pris/TB kollonen synleg. Den som ligg øvst akkrat no ei Segate Expansion Deskotop Drive på 20 TB gir ein prs på 215,20 kr TB. Den er basert på 3,5'' disk og må ha ekstern straumforsyning. Det er likevel mange andre kvalitetar som bør være med i vurderinga som kor mykje pengar er du villig til å bruke på ein eksterndisk totalt sett? Har du behov for eksterndisk med innebygd kryptering? Kva med ulike tilkoplingsmoglegheiter og overføringshastigheit? Du får også kjøpt heilt trådlause eksterne harddiskar som brukar oppladdbart batteri og wifi til å overføre filer om det er noko du har behov for, til dømes om du vil ha haddisken kopla til din Mac Mini og samtidig vil enkelt kunne hente fram filmene på anna device som mobiltelefonen din.
-
Så er vel lønns- og prisspiralen i gang...
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Mitt største ankepunkt mot stort sprik i lønna mellom leiarane og arbeidarane er at det reint økonomisk sett er dårleg økonomistyring når leiaren har stå stor lønn at ein kunne i staden valgt å ha ein moderat leiarlønn samt tilsatt ein person til. Det å tilsette ein person til skal være positivt for bedrifta både ved at ein får større produksjonskapasitet og at ved å ha fleire personar å dele dei tyngste arbeidsoppgåvene på så vil det bidra til å redusere sjukefråværet. Dette er forøvrig også grunnen til at arbeidsmiljølova krev at overtidsarbeid berre skal brukast ved særleg og tidsavgrensa behov, for overtid slit ut dei tilsette og høg arbeidsbelastning kan best løysast ved å gi jobb til fleire. Det er mange bedrifter som har møtt vanskelegare tider og som har vært nødt til å nedbemanne med det resultat at sjukefråværet har gått opp, som igjen gir dårlegare økonomi, og så er spiralen mot konkurs i gang. Då hjelp det lite å ha betalt ein toppleiar store summar for å ta den tøffe jobben med seie opp tilsette om sluttresultatet uansett blir konkurs. Når det er slik det blir så angår høge leiarlønningar dei tilsette på ein negativ måte. At leiarar skal ha høgare lønn på grunn av at det er stort ansvar og og ein aldri får heilt fri er heilt klart. Problemet er når leiarlønningane blir mange gangar så høg som lønna til dei som jobbar i bedrifta. Det som virkerlig tar kaka er når dei samme leiarane ikkje fungerer og må byttast ut slik at dei får sluttpakke med lang tid med etterlønn, nok som medfører at firmaet betalar millionlønn til to leiarar samtidig, ein leiar som gjer jobben og ein leiar som får betalt for å ikkje jobbe. Når dette attpåtil skjer i offentlege virksomheiter der det er skattebetalarane sine penger som blir sløst vekk så er det verkeleg ille. -
Med mindre du har reiseforsikring som dekker at du ombestemmer deg så er ikkje dette ei sak for reiseforsikringa. Dei fleste reiseforsikringa dekker når UD fråråder reise ellet ved sjukdom ellet ulykkr hos deg sjølv, reisefølget, eller hos nærmaste familie. Reint praktisk er ikkje demonstrasjonar spesielt vanskeleg å unngå, det er heller ingen umiddelba fare for militærkupp og stengte grenser heller. Din beste sjanse er nok å snakke med flyselskapet for å høyre om du får endre på billettane til eit anna reisetidspunkt likevel. Det bruker å kunne endre seg mot eit lite gebyr så lenge du ikkje skal kansellere heilt.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Nei, heile poenget er at det skal oppgis den formuen og inntekta som er grunnlaget for ditt skattetrekk, slik at andre kan kontrollere at du betalar det du skal av skatt. Det skattelistene ikkje kan brukast til er å finne ut kva du har av inntekt og formue då det på skattelistene ikkje er oppgitt kva du har av frådrag på tiø dømes gjeld, pendling, osv.
- 13 svar
-
- 2
-
-
Scenarioet er for så vidt relevant. Dersom det er snakk om noen køyretøy og ein handfull med personar som i dette tilfellet så vil nok Norge handtere dette som ei sivilsak, altså at dei blir pågrepet av politi/grensevakt. Sidan Russland benekter at disse personane er der på oppdrag frå russiske myndigheiter så blir det heller ingen internasjonal sak ut av det, og langt mindre ein sak for NATO. Då blir personane fengsla i påvente av rettssak og det blir tatt beslag i køyretøya. Norge kjem ikkje til å opne ild mot verken grønnkledde eller sivilistar så lenge dei ikkje utgjer ein umiddelbar fare. Dette er ei av svakheitene med NATO alliansen, ved utradisjonelle fientlege handlingar så er det vanskelegare å påstå seg angrepet slik at artikel 5 kan aktiverast. Putin gjorde noko liknande når dei tok Krim halvøya ved at det var "ukjente" soldatar som hjalp pro-russisk busetting på Krim halvøya til å ta makta og kreve lausriving frå Ukraina. Nå er ikkje Ukraina eit NATO land men det var krevande for oss i vesten å gjere noko med det då vi vanskeleg kunne protestere på at innbyggarane avholdt valg og demokratisk valgte å bli ein del av Russland, og sidan Russland benekta at dei hadde noko med opprøret å gjere så var det også vanskeleg å ilegge Russland sanksjonar. Den største trusselen for Norge er ikkje at det kjem nokre russiske soldater som slår leir på norsk side av grensa. Trusselen er at Russland i hemmelegheit kan yte støtte til dei ca 10% av befolkninga i Kirkenes som er russiske, slik at ved neste valg så blir det valgt inn russarar eller pro-russiske personar inn i kommunestyret, kanskje også ordførarvervet. Deretter så blir det næra oppunder ei pro-russisk bevegelse som etterkvart ønsker at Kirkenes skal knytte sterkare band til Russland, og som etterkvart kan ende opp i eit "folkekrav" om å innlemme Sør-Varanger som ein del av Russland. Dette kan potensielt skje utan å løysne eit einaste skot og vil då ikkje nødvendigvis framstå som eit "angrep" som aktiverer NATO avtalen. Og sjølv om artikkel 5 blir vurdert som gjeldande så vil nok fleire av våre allierte ha betennkelegheiter med å sende væpnede styrker til ein by der det ikkje er fientleg militær aktivitet. NATO-alliansen er dårleg rusta for å bruke mot sivile ueinigheiter, det er ikkje heilt stuereint at verken norske, finske eller amerikanske styrker starter å skyte mot sivilbefolkninga i Kirkenes berre fordi dei har tatt til orde for å lausrive Sør-Varanger frå Norge.
- 9 svar
-
- 3
-
-
Som Android bruker så benytta eg meg av eit tilbod på Apple TV her i haust der eg betalte 59 kr eller noko slikt for tre månedar med Apple TV. Det er er mykje bra der av både film og TV-seriar, men brukaropplevinga var heilt forferdeleg som Android-brukar. Ikkje fantes det app til Android, den såkalla "appen" til PC var eigentleg berre nettsida til Apple TV, og for å caste til TVen så måtte eg gå omvegen via å caste heile PC-skjermen eller bruke HDMI kabel for å speile PC-skjermen. Fungerer sikkert fint med Apple devices, men for Android brukarar så frista det ikkje å forlenge abonnementet til tross for at det var nokre gode seriar der som eg gjerne ville ha sett fortsettelsen av.
- 35 svar
-
- 1
-
-
Huseier låste seg inn i leiligheten mens jeg var hjemme
The Avatar svarte på toppsecret sitt emne i Juss
Alt taler for at det ikkje er nokon dramatikk bak dette ved at utleiger fyrst prøver å ringe, deretter banker på og roper etter leigetakaren, og til slutt låser seg inn før utleigaren frivillig går ut igjen etter å ha fått kontakt med leigetakaren. Eg er einig med @Milhouse85 at ger er det nok meir snakk om ein utleigar som har tatt ein veldferdssjekk utan å reflektere over lovlegheita. Om trådstarter vil foreta seg noko meir etter at å ha mottatt ei unskyldning så er det sjølvsagt alltid eit alternativ å skifte lås. Som leigetakar kan du bytte lås og på den måten hindre utleigar adgang, det er også slik at dersom du bytter lås så er dette din lås som du kan ta med deg ved utflytting, forutsatt at du då monterer tilbake den originale låsen og at du ikkje har påført døra ein skade. Går du for ein litt dyrare smartlås så får du samtidig logg som viser når døra har vært forsøkt opna samt at du kan fjernstyre låsen for å sleppe inn utleigar ved til dømes brann eller vasslekkasje utan at utleigar treng å ha eigen nøkkel/kode.- 36 svar
-
- 4
-
-
-
Det å få burettslaget til å ta opp felleslån er ei betre løysing enn å ta opp personleg lån, sjølv om gjeldsbelastninga blir den same så vil fellesgjelda følger boligen ved seinare salg, og det som ofte er viktigast for folk flest er at det at burettslaget tek opp fellesgjeld kan være ein måte å få låne meir pengar totalt sett enn det banken vanlegvis vil gi ut. Å cashe ut fellegjeld er eigentleg berre lønnsomt om du har tenkt å bu det lenge og du uansett har pengane som du like gjerne kan bruke på gjeld som på investering. Det er også ein viss grad av tryggheit i at at fellesgjelda er eit kollektivt ansvar sjølv om dei fleste ser på dette som noko negatovt ettersom det er større fare for at det er naboen som mislegheld gjelda enn at det er du.
- 22 svar
-
- 1
-
-
Eg ville i alle fall ikkje brukt sovemedisin med mindre du har brukt det før, er veldig lett å gjere vondt verre. Det er generelt enklare å holde seg våken lengre og stå opp tidlegare, enn det er å skulle ta søvne på forskudd. Personleg så synes eg ikkje jetlag er så problematisk når du er på ferie. Det er mykje å oppleve både tidleg om morgonane og seint på natta. Om du ender opp med å enten stå opp eller legge deg veldig tidleg dei fyrste dagane så betyr det ganske. Det er mykje verre når du reiser i jobbsamanheng og må kunne fungere mellom kl 8 og 16 lokaltid uavhengig av din biologiske klokke.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Sidan det er jobbmesse så er det vel berre å parkere og føre parkeringsavgifta på reiserekninga? Uansett, for moroskuld så tok eg ein kjapp titt på google kartet / streetview. Eg scanna kjapt over parkeringsplassar på flyfoto og tok deretter eit dykk ned med Streetview. Då fant eg nabobygget til Nøtterøy camping som heiter Oseberg Services AS som ser ut til å ha ein uregulert parkeringsplass som ikkje er skilta med parkeirngsvilkår. I følge google-kartet skal det ta 18 minutt å gå, truleg raskare sidan 18 minutt er ganske lenge på 1,3 km i flatt terreng, basert på google sin foreslåtte rute så kan du nok spare ein del tid ved å ta nokre snarvegar i staden for å følge hovudvegen.
- 5 svar
-
- 2
-
-
Skaffe kjæreste i fattig land
The Avatar svarte på desperatfaen99 sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Det er ikkje dette du spørr om, men eg vil heilt klart anbefale deg å legge dette besøket til eit nøytralt tredjeland. Dette av fleire grunnar. Ein ting er sikkerheitssituasjonen der reiser til Russland er fråråda då norske myndigheiter har veldig avgrensa muligheit til å yte bistand om noko skulle skje. Viktigaste grunnen er likevel at ved å foreslå at dykk heller ferierer saman så gir det deg eit grunnlag til å vurdere hennar motivasjon til å møte deg. At du reiser dit ho bur kostar ikkje henne ein kalori og er ein enkel måte å holde deg på kroken lengst mogleg dersom det er snakk om svindel. Den andre grunnen til at det å feriere saman er ein god idé er at då blir dykk kjent på like premiss og du slepp å risikere stadige avbrytingar som kan skje dersom dykk møtes i Russland når det plutseleg er ein onkel som kjem innom på besøk, ho må jobbe overtid på jobben, ho møter gamle vennar ute på byen og prioriterer å snakke med dei framfor deg, osv. Ved å møtes til dømes i Tyrka som er eit enkelt reisemål for dykk begge to så er dykk begge ute av dagleglivets trygge rammer, og dere er på forholdsvis likefot på alt frå å bestille på restauranten på litt klønete engelsk til å oppleve nye stadar saman. Den tredje grunnen til at ein slik fellesferie er fornuftig er at dersom alt raser saman enten at du avslører svindelforsøk, ho ikkje dukker opp for å møte deg, eller enkelt og greit at dykk ikkje passar saman i levande live, så har du betre rettrettmuligheiter ved at du bryt kontakten og tek dette som ein sydenferie åleine. Det er ikkje fullt like enkelt å være enslig turist i ein stor russisk by med alt frå språklege utfordringar til at det kan være regelerett mistenkeleg at ein nordmann reiser til Russland åleine og spasserer gatelangs i tre veker utan nokon planar. Og ikkje for å nære oppunder den litt ekkle følelsen du har av at dette er svindel så bør du også være oppmerksom på at det er to risikoar for svindel som du må være oppmerksom på. Den fyrste er at ho er ute etter å svindle deg for pengar ved å inngå eit forhold og deretter be deg om pengar. Den andre formen for svindel som du må være oppmerksom på er faren for at du blir forsøkt brukt til spionasje, særleg i den sikkerheitspolitiske verdenen som vi no er i så kan det alltids være ein fare for at du blir brukt av russiske myndigheiter til å enten skaffe til vege etterretningsinformasjon eller for å gi ein kvinneleg spion legitim grunn til å reise til Norge.- 48 svar
-
- 2
-
-
Burde er politiet i Norge være bevæpnet permanent?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Fundamentalt ueinig. Hadde det vært opp til politiet så hadde det ikkje vært nødvendig med rettsleg grunnlag for å gjennomføre ransaking, tillate forsvarer ved avhør, og andre slike borgarrettar som gjer det vanskelegare å straffe kjeltringar som ein på førehand har bestemt seg for er skuldige. Politiet skal handheve reglane som politikarane/folket setter. Ein skal sjølvsagt få uttale seg og argumentere, men beslutninga er til sjuande og sist politisk.- 79 svar
-
- 4
-
-
-
Burde er politiet i Norge være bevæpnet permanent?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Akkurat dette er det vel relativt enkelt å vise til. I alle tilfeller der politi har blitt skadd eller drept så kan ein påstå at tilgang til skytevåpen kunne utgjort ein forskjell frå Klungland som vart skutt under Nokas ranet til Berntsen som vart drept på Utøya så kan ein alltid hevde at dersom dei hadde hatt våpenet i handa så kanskje dei kunne forsvart seg sjølv. Det er likevel mykje som har svikta om utfallet blir avgjort av kven som er raskast på avtrekkaren.- 79 svar
-
- 3
-
-
Når alt fungerer som det skal så er det ikkje veldig farleg, då produserer den CO2 og vassdamp som om du hadde hatt fleire personar i bubilen. Den store faren er om du får ufullstendig forbrenning som kan oppstå om oksygennivået blir redusert, eller dersom ovnen sløkner slik at uforbrent gass slepper ut. CO gass medfører langt større kvelnimgsfare enn CO2 gass. Har du ein godkjent ovn som fungerer som den skal så har den sikkerhetsfunksjon som skal stenge av gassen om flammen sløknet eller oksygennivået blir for lavt til å få fullstendig forbrenning. Faren er eigentleg størst når gassovnen ikkje er i bruk og du får ein lekkasje, i tillegg til at forgiftingssymptoma er at du blir trøtt noko som kan gjere det vanskeleg å innsjå at det har oppstått eit problem. Andre symptom som kan oppstå er svimmelheit og kvalme. Kombinert med trøttheit kan det gjere det veldig vanskeleh å forstå at du held på å bli CO forgifta og at det ikkje er vinglaset du har kosa deg med som har gjort deg trøtt og svimmel. CO varsling er ei god investering. I tillegg så kan du med fordel oppbevare oven/gassflaska utvendig eller inne i eit skap med lufting ut i friluft i staden for inn i bilen. Du skal normalt lukte lekkasjen, men om det skjer medan du aøv såner det ikkje sikkert du merker det.
- 15 svar
-
- 2
-
-
Burde er politiet i Norge være bevæpnet permanent?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Det er silkert det er så viktig at politiet har spart 30 sekund på å ta ladegrep på starten av skiftet, då kan politiet kome til unsetting etter 1 time, 59 minutt og 30 sekund i staden for å bruke 2 timar. 😛- 79 svar
-
- 1
-
-
Burde er politiet i Norge være bevæpnet permanent?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Tanken er at vi tida for eit heilt ubevæpna politi er nok over. Samtidig så har norsk politi fortsatt den eigenskapen av å være de-eskalerande, både gjennom god utdanning og ved at ein ikkje stiller opp bevæpna ved alle oppdrag. Eg meiner også at det er ein styrke at det norske politiet kan tørre å gå tett opp i ein situasjon utan å være redd for at tjenestevåpenet kjem på avveie. Dette var mellom anna ein av årsakane til denne politivoldsaka i Kongsberg der ein av grunnane til at høgsterett vurderte voldsbruken som akseptabel var at politimannen ikkje kunne avstå frå å slå fordi det ville gi Simensen ein sjans til å gripe våpenet som politimannen hadde på seg då det på det aktuelle tidspunktet var innført midlertidig bevæpning. Eit politi som må løyse alle oppdrag på 15 meters sikkerheitsavstand er etter mitt syn ikkje eit godt politi. Eg meiner også at utstyret til politiet aldri må bli ei unskuldning for å redusere bemanninga, det er litt på sida av hovudpoenget men eg fryktar at vi kan få ei utvikling der ein kuttar ned på bemanninga sidan to konstablar med våpen kan handtere situasjonar som ein før sendte minste fire ubevæpna konstablar på. Grunnen til at eg ønsker framskutt våpenlagring som den foretrukne startegien er fordi eg meiner at det er eit akseptabelt kompromiss at politiet får bruke dei få minutta det tek å svinge til sides, låse ut våpen, ta på seg alt verneutstyret, og ikkje minst mentalt forberede seg på aksjonen medan ein ikler seg nødvendig utstyr. Den drapssaka som også var i Kongsberg med han som skaut med bil og boge inne på dagligvarebutikken kan fort ha fått eit heilt anna og mykje betre utfall om fyrste patrulja på staden hadde tatt seg tid til kle seg opp og legge ein plan i staden for å springe rett inn i situasjonen i t-skjorte og etterfulgt av ein bråstopp fordi risikoen vart for stor. Ved masseskyting så kan det potensielt dø ein person per sekund som politiet blir forsinka, likevel så meiner eg at det er ein akseptabel pris å betale for at politiet som kjem til unsetting har fått 30 sekund til å mentalt forberede seg på å løsne skudd, slik at når politiet fyrst kjem fram så er politiet mentalt førebudd på å uskadeleggjere trusselen i staden for å kome inn i situasjonen full av adrenalin og lite forberedt. Ja vi har god politiutdanning, men for dei aller fleste politibetjentar så er det uvanleg å være i ein situasjon der det er nødvendig å ta liv, og enda meir uvanleg er det å ende opp i ein slik situasjon heilt uplanlagt. Eg meiner at dersom politiet kjem i ein situasjon der det som redder dagen er det faktum at politiet har pistol på hofta som det er berre å peike og trekke av fordi det ikkje ein gong er tid til å ta ladegrep så er veldig mykje som har gått gale. Ved til dømes terroraksjonar i utlandet så er det fleire angrep der terroristen har angrepet politiet fyrst, både for å uskadeleggjere trusselen men nok også fordi det gir terroristen muligheit til å oppgradere knivangrepet til eit skyteangrep ved å ta tenestepistolen. Det krev null våpenerfaring når tjenestevåpenet er skarpladd og ein ikkje engong treng å leite etter ein liten fysisk sikringsknapp for å avfyre våpenet. Derfor meiner eg at som minimum så bør norsk politi som er fast bevæpna gjere dette på same måte som nesten alle andre lands politistyrker bærer våpen, magasinet i, utan kulle i kammeret og sikringa på. Dagens våpeninstruks som politiet også bruker ved midlertidig bevæpning er heilt klart tilpassa situasjonar der politiet tek fram våpenet fordi ein skal inn i ein situasjon der det er påregneleg å måtte skyte, og i slike situasjonar så er det fullstendig rasjonelt å ta ladegrep før aksjonsstart i tilfelle du ikkje får tid til å ta ladegrep under aksjonen. Men når du møter på politistasjonen og skal patruljere i bil, gjere litt kontorarbeid, osv så er det fullstendig urasjonelt å starte dagen med å ta eit ladegrep i tilfelle du blir snikangrepet bakfrå av ein terrorist, og i alle fall er det urasjonelt med ein slik instruks når du skal partuljere Nordfjordeid sentrum(?) ein onsdags formiddag. -
Så er vel lønns- og prisspiralen i gang...
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
Heile kommunesamanslåinga kom veldig skeivt ut ved at det vart eit spørsmål om kvantitet og ikkje kvalitet, då det gikk politisk prestisje i å få til flest mogleg samanslåingar, og motsatt gjekk det etterpå politisk prestisje i å få omgjort samanslåingane. I tillegg var det alt for lite fokus på kva som var formålet med kommunesamanslåinga, noko som førte til at det vart oppretta større fagmiljø, som igjen førte til større produktivitet, som igjen førte til at kommunene prioriterte å løfte den faglege kvaliteten, noko som igjen førte til behov for fleire tilsette som igjen krevde fleire leiarar. Til slutt satt ein igjen med store samanslåtte kommuner som no hadde blitt store nok til å innsjå at det var behov for å tilsette fleire om ein skulle løyse alle dei ny oppgåvene som ikkje vart prioritert tidlegare når kommunen var liten og hadde meir enn nok med å gjennomføre dei viktigaste praktiske oppgåvene. Plutseleg vart det kapasitet til å både utføre praktiske arbeidsoppgåver og til å jobbe med kartlegging, analysering, rapportering og alle slike papirflyttejobbar som til tross for å være lovpålagt vart nedprioritert til fordel for viktigare oppgåver. Dette er forøvrig ikkje eit problem berre i det offentlege, same fenomenet ser vi også når to private bedrifter fusjonerer og plutseleg så er det behov for ei heil avdeling som berre jobbar med avviksregistrering og HMS der dei to bedriftene før klarte seg med nokre få personar som ivaretok til dømes HMS-systemet. -
Siste frist i dag dersom ein ønsker å behalde 50% rabatt på anna enn det som no blir den nedgraderte standarpakken til Max. Er sjølv i prosess med å oppgradere til premium har fått rabattkode som eg skal oppgi når abonnementet har utgått. Som tidlegare nemt så er det litt styrete når abonnementet er organisert via tredjepartsaktør, i mott tilfelle Google play. Ikkje var det lett å finne telefonnummer heller med det dukka opp til slutt ved å skrive ringe på telefon eller snakke med menneske i den relativt dårlige KI chatten på supportsida. Er som tidlegare nemt relativt missfornøgd ved at ein blir henvist til kundesupport-sida der ingen av artiklane omhandlar verken korleis ein skal gå fram for å behalde 50% livet ut rabatten eller kontaktinformasjon for å kontakte kundesupport på telefon, epost eller chat.
- 35 svar
-
- 2
-
-