
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
For helsevesenet er bemanningsbyrå ei nødvendigheit, men mest på grunn av dårleg planlegging. Det er vanskeleg å få tak i nok folk til å dekke alle skifta med rett kompetanse, og ein viktig grunn til det er at ein har eit lønnssystem som gjer det vanskeleg å tilby den lønna som må til for å få tak i stabil arbeidskraft. Problemet i Norge er ikkje at det er for få sjukepleiarar, problemet er at alt for mange med sjukepleiarkompetanse ikkje brukar den. Enkelt har falt heilt ut og jobbar i dag mes heilt andre ting, og andre er ikkje villige til å jobbe full stilling sidan kompensasjonen ikkje er god nok til å ville binde seg. Når ein då ikkje klarer å få tak i fast tilsette til å gjere jobben, så blir ein tvungen til å gå til bemanningsbyrå og betale 3x så mykje, og då blir det ikkje pengar til høgare lønningar, som igjen gir behov for bemanningsbyrå, osv.
-
Det kjem ein del ann på kva trussel vi står ovanfor. Er det snakk om ein innvasjonskrig der fienden har som mål å drepe alle nordmenn for å ta over landet slik at det å kjempe og om nødvendig dø er einaste måten å redde både eige og alle andres liv på? Då trur eg svarer er ganske openbart. Om det er snakk om ein innvasjonskrig der fienden vil forby norsk språk og kultur, der vi enten blir drept eller så må vi lære nyttspråk, ha nytt styresett, andre verdia, osv. Ja då er det kanskje litt fleire som tenker at det å lære seg kinesisk og innta kinesisk levestandard er heilt OK, men eg trur likevel dei fleste ville være villige til å kjempe for å sleppe å gi slepp på den levestandarden som vi har blitt vande med. Om trusselen er at vi blir innvadert av Sverige og bli ein del av Sverige der einaste endringane er at vi får ny (symbolsk) konge og må bruke svensk flagg, og ellers får vi styre oss sjølv etter norske lover og reglar, ja då er det kanskje ikkje så mange som av reint prinsipp vil ofre sitt eige liv for ei rein symbolhandling.
- 73 svar
-
- 4
-
-
Er det realistisk med nullvisjonen i trafikken?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Ja, men. Du kan få null trafikkdrepte ved å stoppe trafikken heilt. Du kan også få tilnærma null trafikkskadde ved å innføre tiltak som fungerer, då særleg fartsreduserande tiltak. Midtdelar er eigentleg berre eit kompromiss som reduserer faren for front mot front kollisjon utan å sette ned fartsgrensa. Nullvisjonen er eit mål, men eg vil nok påstå at det er urealistisk. Så fort vi får på plass tiltak som auker trafikksikkerheita, så vil det bli eit krav om at å auke fartsgrensene slik at all vegtransport kan bli raskare og billegare. Vegnettet fungerer dårleg om maks fartsgrense er 50 km/t på landeveg og 20 km/t i tettbygd strøk, men konsekvensen ved kollisjonar blir mykje lågare.- 16 svar
-
- 1
-
-
Synes også at ein med stor fordel burde fokusert på arbeidarrettigheiter i Norge på ein slik dag. Ikkje berre fordi ein kan bruke "alle" andre dagar i året på å demonstrere mot Israel, men mest fordi det no er viktigare enn nokon gong å samle oppslutning rundt fagforeiningane ettersom vi har ein nedgang i talet på organiserte arbeidarar. Det skal nevnast at det finnes mange andre fagforeiningar som ikkje ligg under LO paraplyen som ein kan melde seg inn i, og som ikkje har eit tydeleg politisk standpunkt, men det LO driv med her får konsekvensar for heile det organiserte arbeidslivet. Veit om mange som seier at dei ikkje vil fagorganisere seg fordi dei ikkje vil støtte Arbeidarpartiet, men det er fordi dei trur at LO er ein representant for alle fagforeiningar og ikkje har forstått at det også finnes andre fagforeiningar som ikkje har slike politiske band. Dette er nok også grunnen til at Støre vart avbrutt under sin tale, sidan Støre her fekk tilrop for sin rolle som Statsminister. LO er sjølvsagt veldig stolte av å ha sjølvaste Statsministeren i lomma gjennom dei tette politiske banda mellom Ap og LO, men eg meiner at i akkurat denne samanhengen så hadde det vært betre å invitere fagforeiningstoppar, arbeidslivstoppar, eventuelt stortingsrepresentantar som er litt lengre ned på rangstigen. Det er mange som vil snakke med Statsministeren, inkludert pro-Gaza grupperingar og då er det lite strategisk å invitere statministeren til å holde tale om eit heilt anna tema.
- 88 svar
-
- 2
-
-
Eg er til dels einig med deg. Det som kanskje taler mot dette er at neger er eit av svært få ord som er konkret beskrivande på norsk. I motsetting til engelsk som bruker "ginger" om raudhåra personar så har vi på norsk ikkje eit tilsvarande beskrivande ord, skal vi på norsk omtale ein person med raudt hår så må vi beskrive dette som "han med raudt hår". Det nærmaste vi har er ordet "raudtopp" for å omtale ein med raudt hår, og sjølv der er det litt juks sidan dette er to ord som er dratt saman til å bli eit ord. Einaste slik eit-ords beskrivelsesord på etnisitetar som ikkje er rein geografi som asiat eller amerikaner, er nettopp orda neger og det nedsettande ordet lapp for samar. Dette taler for at vi lett kan slutte å bruke ordet neger, det er ikkje meir kronglete å seie "mørkhuda", "afrikansk opprinnelse", osv enn det er å seie "raudhåra", "mørk håra", osv.
-
Synes også at når dette kravet fyrst kom så burde produsentane tenkt heilt nytt i staden for å justere på dagens patent. Hadde de tikkje vært mykje betre om ein fjerna heile skrutoppa slik at det ikkje var ein laus del på flaska som potensielt kan havne i naturen utan flaska? Brusflaskene kunne like gjerne hatt korker som på sportsflasker der det er ei lita kork som du dreg opp ei millimeter eller to for å drikke av flaska. Av hygienemessige grunnar burde ei slik kork være innpakka i krympeplast men det burde ikkje utgjere eit spesielt stort problem miljømessig. Skrukork er vel og bra det, men den store ulempen til skrukork (forutan at ein før EU tok grep kunne miste korka), er at skrukork er lite universalt utforma. Mange som har nedsatt fingerferdigheit har problemer med å bruke skrukorker, særleg gjeld dette på drikkekartongar der ein ofte må bruke ekstra mykje kraft fordi korka også skal skjære hol i kartongen. Her burde brusprodusentane nytta høvet til å utvikle heilt nye korker som både er utan lause delar og som kanskje også kan opnast med berre ei hand. Sjølv om det ikkje har noko med miljøvern å gjere så er eg ganske sikker på at ein kunne redusert talet på trafikkulykker på verdensbasis om alle bilførar kunne opna ei Cola-flaske og fortsatt ha eit solid tak i rattet. Sportsflasker er utvikla for at sportssyklistar skulle kunne drikke vatn med berre ei hand, og det einaste som gjer sportsflasker litt upraktisk til vanlege brusflasker er at sportsflaska er konstruert for å være vanskeleg å helle frå då dette lett kunne føre til at syklisten fekk sportsdrikke utover heile skjorta. Ein kunne lett brukt samme patent og gjort den godt egna til å skjenke drikke over i glass.
-
Det er nesten så eg synes at det er for lett å fjerne korka på dei fleste flasker og kartonger. Ved å vri korka 180° så ryker fyrste strengen og da er det oftast berre eit enkelt rykk som skal til før også streng nr. 2 ryk. Sjølv om eg ikkje er nokon forkjemper for forbodet mot lause korker, så synes eg at det nesten er komisk at det er så lett å frigjere korka. Når formålet er at korka skal følge flaska så tilseier jo all logikk at det ikkje burde være ei triviell oppgåve å fjerne korka.
-
Ikkje spesielt overraskande ettersom omtrent samtlige skrudde korka tilbake på både flasker og kartongar før panting eller resirkulering. Dei pengane som vart brukt på å designe nye korker og lage nye produksjonslinjer kunne nok utvilsomt blitt brukt til miljøtiltak som har meir effekt. Som tidlegare nemt så er det eigentleg ei lita miljøkatastrofe at EU skal tvinge oss til å senke seg ned til europeisk nivå i staden for å dra resten av Europa opp på vårt nivå. Å fyrst sikre at alle EU land har ei panteordning burde vært prioritert fyrst. At vi i Norge skal sikre at vi får inn kanskje hundre bruskorker som hadde forsvunnet om dei ikkje satt fast i flaska blir berre dumt når det finnes EU land som ikkje har pantesystem og dermed har ein panteprosent på 0%.
-
Dette er nok fasiten med to strek under svaret. Begrepet "sambo" kjem frå språkleg påvirkning frå svensk. Før fant vi mest svensk språkpåvirkning i grensestrøka på austlandet men akkurat dette begrepet vil eg anta har komt inn i norsk daglegtale via påvirkning frå svensk TV og film. Eg finn det heilt usannsynleg at dei som bruker "sambo" for sambuar har henta ordet frå ei 100 år gamal barnebok og deretter valgt å konsekvent omtale sambuaren sin som "sambo" i den hensikt å være nedlatande. Personleg har eg ein teori om at ein del av dei som bruker "sambo" gjer det for å fylle eit språkleg hol. Ordet sambuar er eit nøytralt ord som ikkje seiner noko om sivilstanden til dei som bur saman, likevel så bruker Staten begrepet sambuar i betydning av to ugifte personar som lever i eit ekteskapsliknande forhold i forhold til både arvelov og skattemelding. Dersom to vennar bur saman utan å dele seng så kan både det å kalle seg sambuarar og det å kalle seg eit kollektiv være upresist, begrepet kollektiv brukar ein vanlegvis om minst 3 voksne personar som bur saman. Språkleg sett så manglar vi eit godt ord for platoniske sambuarar som deler alt i husholdninga utanom senga.
-
Å tenne på huset sitt vil ikkje være å bruke huset til straffbar handling, om du stjel naboens bil så får ikkje naboen inndratt sin bil berre fordi du ville stjal den. Det må være ein meir direkte samanheng mellom huset og kriminaliteten, som til dømes at du bruker huset som bordell eller likande.
- 5 svar
-
- 2
-
-
Forsikringsselskapet vil gjerne ha nokon å dele rekninga med, for deg som kunde så har det ingen betydning, du kan uansett velge kva forsikringsavtale du vil gjere gjeldande. Når du har fått erstatning frå ei forsikring så kan du ikkje kreve erstatning på nytt frå eit anna selskap sidan du ikkje lenger har lidd eit tap når du har fått pengane. Unntaket her er om dekningsgrada er for låg slik at du har eit restkrav etter at fyrste forsikringsselskap har dekt tapet opp til maksbeløp.
- 29 svar
-
- 1
-
-
Regelverket er ikkje heilt enkelt her. Styret har heilt klart ansvaret for vedlikehold og drift av eigedommane, herunder ansvaret for brannsikkerheita. Både gjennom eigarseksjonslova, gjennom forskrift om brannforebygging som eigarrepresentant, og ikkje minst gjennom internkontrollforskriften. Plikta til brannvarsling og sløkkeutstyr i bustaden til eigaren av bustaden, i eit sameige beståande av sjølveigarbustadar er det tenknisk sett kvar enkelt eigar som har ansvaret for det som skjer inne i leilegheita/seksjonen. Dette i motesetting til eit burettslag der det er styret som teknisk sett er eigar også av andelane sjølv om det er nokon andre som har kjøpt seg bruksrett til andelen. Så strengt tatt så er det sløkkeutstyret i fellesareala som styret må ta ansvar for direkte, i tillegg må styret ha ein internkontroll som også omfatter leilegheitene men styret har ingen eller i det minste svært redusert muligheit til å syte for at sløkkeutstyret i kvar enkelt andel blir kontrollert. Pragmatisk sett så tenker eg derfor at det er best å ta alt over felleskostnadane, då legg styret til rette for at alle som ønsker god sikkerheit får kontrollert sitt sløkkeutstyr, og dei som ikkje bryr seg blir i det minste pålagt å ta sin del gjennom å betale for at ting er i orden hos dei øvrige bebuarane. Å overlate dette til kvar enkelt eigar å ordne sjølv blir ofte berre rot, mange vil også kunne ha praktiske utfordringar med å få utført slik service i privat regi sidan valget er ofte at sameiget inngår ein kollektiv avtale slik at firmaet kjem til sameiget for å ta kontrollen, eller så må kvar enkelt ta med sine apparat til verkstedet. Ettersom apparata er tunge og det kanskje ikkje er alle som har bil så er det nok mange som unngår servicen rett og slett fordi dei reint praktisk ikkje får det til. Som styre er det enklare å ta alt over felleskostdnadane og få alt inn i same system. Merk også at det er ikkje gitt at det skal være service på brannsløkkingsapparata kvart 5 år. For det fyrste så er det ulik frekvens mellom skum- og pulverapparat i bustadar, der skumapparatet må ha service kvart 5 år medan pulverapparat skal berre ha ein kontroll etter 5 år og service etter 10 år. Sløkkeutstyr som ikkje er i bustad, herunder sløkkeutstyret som er i fellesområda skal i utgangspunktet ha årleg kontroll, og service etter 5/10 år. Disse krava til kontrollintervall er likevel ikkje lovfesta, kontrollintervalla og krava til kvalifikasjon hos kontrollør er nedfelt i ein Norsk Standard, som igjen betyr at det er bransjens eigen anbefaling på kva bransjen meiner må til for å oppfylle krava etter regelverket. Om du kjenner til NEK 400 så er det ein tilsvarande norsk standard for elektriske installasjonar. Omtrent alle elektrikarar vil bruke NEK 400 som fasit på kva som gir god nok sikkerheit og funksjon, men standarden er ikkje eit regelverk. Standarden er skrevet slik at dersom man følger standarden så følger man også regelverket, men man kan likevel velge å gjere det elektriske arbeidet på heilt andre måtar så lenge ein kan dokumentere at det er like godt. Litt enkelt sagt så er det formelle kravet til sløkkeutstyr at ein må ha nok sløkkeutstyr og at ein må være sikker på at sløkkeutstyret fungerer den dagen det oppstår ein brann. Den enklaste måten for styret å dokumentere at alt er i orden er ved å leige inn eit firma som gjennomfører kontrollane i samsvar med standarden. Gjer ein det på anna måte så kan det være ei krevande øving for styret å dokumentere at styret har full kontroll på at alt fungerer som det skal. Off-topic
- 4 svar
-
- 4
-
-
-
Hvordan går det med din egenberedskap ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Ja, med tanke på eigenberedskapen så burde dopapir ligge ganske langt nede på lista over nødvendigheiter, det er fint mogleg å holde seg rein også på andre måtar. Som ein del av eigenberedskapen så skal ein ikkje ignorere viktigheita av god hygiene, men i staden for å fylle halve boda med plasskrevande dorullar så er det nok mykje lurare å bruke denne plassen til å lagre vatn, og ha ein liten bunke med vaskeklutar som ein kokvasker og som då kan brukast mange gangar. Å basere eigeneberdskapen på eingongsprodukt er relativt korttenkt med mindre ein satsar alt på samfunnet vil gå tilbake til normalen før forbruksmateriellet er oppbrukt. Det er akkurat det samme med våtservietter, fint hjelpemiddel når du er ute i skogen eller på anna måte ikkje har tilgang til såpe og vatn, men beredskapsmessig så er det mykje betre å passe på at du har eit par såpestykker som kan vare i månedsvis med sparsommeleg bruk enn ein pakke med våtserviettar som tek 3-4 gongar så mykje plass og som du går tom for i løpet av ei veke. Samme gjelde det for andre nødvendigheiter som varme. Har du lite plass til å ha beredskapslager heime så er det langt viktigare å sørge for at du har varme klær og ein god sovepose. Ein sekk med ved tek omtrent like mykje plass, men sekken med ved varmar deg berre nokre timar medan ein god termodress kan holde deg varme i årevis. -
Hvordan går det med din egenberedskap ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Holdbarheita på bensinen har meir med måten ein oppbevarar bensinen på. 98 oktan som inneheld mindre etanol (5%) vil tiltrekke seg mindre fuktigheit enn 95 oktan som inneheld 10% etanol. Den viktigaste faktoren for lagring av bensin er likevel kor mykje luft som du har på tanken i tillegg til bensinen, og kva kuftfuktigheit denne lufta har. Bensin som er lagra i høg lufttemperatur vil ha relativt kort holdbarheit uansett om det er 95 eller 98 oktan. Det andre forholdet som påvirker lagringstida til bensinen er kor godt forsegla bensinen er oppbevart. Ved lagring på ei billig bensinkanne i plast så vil dei fluktigaste stoffa frå bensinen fordampe og lekke ut, den væska som er igjen blir då vanskelegare å antenne noko som kan føre til startvanskar på ein del motorar. Under ideelle forhold så vil bensinen kunne holde seg evig. Grunnen til at ein ofte anbefalar 98 oktoan på plenklipparar og liknande er fordi når plenklipparen blir ståande med halv tank gjennom vinteren så vil kondensering av vatn frå lufta som blander seg med bensinen kunne utgjere eit betydeleg problem, dette problemet kan til dels minimerast ved å ha full tank med bensin som inneheld lite etanol. Det ideelle for oppbevaring av bensin uavhengig av oktantal er å oppbevare bensinen på heilt tette tankar som er fylt heilt opp slik at det ikkje er plass til fuktig luft, og oppbevart så kjølig som mogleg slik at det som er av luft i bensinkanna ikkje kondenserer til vatn. Det å oppbevare heilt fulle bensinkanner er vanlegvis ikkje å anbefale ettersom det vil bli trykkaukning i bensinkanna om innholdet blir utsatt for varme, så om du skal oppbevare bensin på denne måten så er det viktig å ha god kontroll på temperaturen i rommet gjennom heile lagringa. Skal du lagre bensinen veldig lenge så er det også viktig at du bruker tankar som tolker langvarig lagring utan at det løyser seg opp til dømes rust-partiklar som blandar seg i bensinen og gjer bensinen ubrukeleg på mange motorar. -
For å utbrodere rådet om å snakke med advokaten fyrst når du likevel koplar på advokat, så handlar det om at det er mange nyanser å vurdere. Som til dømes i kva grad du har gjort det skuldig i forsikringssvindel. Det er til dømes forskjell på om dette er eit 100% fiktivt forsikringskrav eller om det er eit delvis reelt erstatningskrav. Det er forsikringssvindel også å gi feilaktige eller holde tilbake opplysningar, men det kan utgjere stor forskjell på alvorlegheita, og ikkje minst på kor lett det er å bevise at dette var bevist svindel utan at du tilstår. Den gode nyheita her er at du ligg nok godt under grensa for kva som blir rekna som grov forsikringssvindel, denne grensa går vanlegvis ved 100 000 kr. Advokaten vil også kunne hjelpe deg med å vurdere fordelar og ulempar ved ulike framgangsmåter. Finnes det rom for at du kan sleppe ustraffa frå dette? Er det realistisk at forsikringsselskapet dropper heile saka om du legg korta på bordet med ein gong? Og dersom det blir ei straffesak ut av dette så er det også eit spørsmål om kva du kan forvente som utfall. I tillegg til straffa for sjølve svindelen så er det sannsynleg at forsikringsselskapet vil kreve sine kostnader dekt av deg, særleg medgått arbeidstid og juridisk bistand. Jo tidlegare du legg korta på bordet jo mindre ressursar rekk forsikringsselskapet å bruke på saka, og jo mindre økonomisk tap har forsikringsselskapet å kreve frå deg.
- 29 svar
-
- 2
-
-
Tenker du bør ta dette med advokaten din som har betre forutsetning for å kjenne detaljane i din sak.
- 29 svar
-
- 1
-
-
Til å begynne med så vil ein sikkert få lønn etter vanlege arbeidsavtaler då dette både er enklast of fordi i starten vil det nok være ganske få som bli ilagt arbeidsplikt, i alle fall så lenge regjeringa velger å bruke sin adgang til at dei kan dekke kostnadane. Når dette etterkvart blir for dyrt så må ein nok forvente dårlig med betaling. Ikkje har arbeidarane noko å stille opp med heller så lenge valget er mellom å adlyde eller bli fengsla på ubestemt tid. Sjølv om eg har tillit til at politikarane ikkje vil kaste oss rett ut i slaveri, så blir dette lovforslaget for enkelt. Det er nok at vi får ei Regjering som definerer eldrebølga som ein trussel mot rikets sikkerheit, og vipps kan mesteparten av helsesektoren beordrast til å jobbe gratis. Det hadde holdt lenge å avgrense Regjeringas handlingsrom til berre krig og katastrofer, det er heilt unødvendig å også gi Regjeringa definisjonsmakta på når vi står ovanfor ei krise som gjer at lova kan takast i bruk.
-
Hvordan går det med din egenberedskap ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Den andelen kan ikkje være spesielt stor lengre, og er nok i all hovudsak dominert at godt voksne. Andelen av befolkninga som ikkje har sovet utandørs ei einaste natt er nok kraftig i vekst. Dagens ungdommar har heilt andre interesser og kunnskapar. Hadde det brutt ut krig i dag så er det relativt få i aldersgruppa 20 til 30 som kunne tatt jaktrifla og gjemt seg på fjellet i 14 dagar, i alle fall samanlikna med andelen som kunne gjort og gjorde det same i 1940. Rundt om i heile landet står det flotte frukthagar med rotnande frukt kvar haust på grunn av at ingen gidder å bruke ein halvtime på å plukke epler. Hadde vi mista internett så er det nok mange som ikkje hadde hatt peiling på korleis frukt og bær kan hermetiserast til å vare gjennom heile vinteren. -
Hvordan går det med din egenberedskap ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Det skal normalt sett ikkje være nødvendig å desinfisere. Vanleg reint vatn på heilt normalt reine dunkar skal være tilstrekkeleg om du fyller dunken heilt opp og oppbevarer den mørkt. Det er likevel sikrast å desinfisere for å være heilt på den sikre sida. Klorin er litt upraktisk ettersom du uansett må skylle godt med reint vatn frå springen for å få vekk all kloren. Vil anbefale å bruke desinfisering som er laga for slikt bruk, dette kan du kjøpe hos alle som selg utstyr til brygging av øl og vin. Fordelen med disse desinfiseringsmiddela er at dei ikkje er giftige slik at det ikkje er nødvendig å skylle like godt. Straumaggregat kan være fornuftig, men du bør ha ein klar plan for bruken. Å ha eit støyande aggregat utanfornhuset og med open dør/vindu for skøyteledninga så er ikkje det veldig praktisk. Husk også at tilgangen til bensin kan bli ei urfordring, så om det blir krig eller krise så er det ikkje gitt at du får like mykje nytte ut av aggregatet som du eigentleg vil ha. -
Hvordan går det med din egenberedskap ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
No har ein ikkje fått konkludert kva som var grunnen til straumbrotet i Spania, men det VG artikkelen omtalar er at ein mistenker at feilen ligg på høgspentledningane og dermed ikkje har nok som helst med energikjeldene å gjere. Uansett så er atomkraft ikkje væravhengig i det heile tatt, einaste untaket er ved så ekstrem tørke at det ikkje er mogleg å oppdrive kjølevatn. Atomkraft er ikkje utan ulemper då det er sårbart særleg for driftsstans og nødvendig vedlikehold. Atomkraft er heller ikkje vanskeleg å regulere. Det verste som kan skje med eit atomkraftverk i forhold til regulering er at dersom straumproduksjonen blir for stor så kan ein risikere å måtte ventilere ut damp utanom turbinane. Det er ein heilt uproblematisk måte å regulere kraftproduksjonen på, men det har sjølvsagt den ulempen at det er vekkasta energi å sleppe ut varm damp utan å få utnytta energien til noko konstruktivt. Vindkraft derimot er veldig væravhengig, det er likevel fint mogleg å minimere ulempane ved å satse på mange ulike energiformer. Statistisk sett så flater energiproduksjonen ut då det særleg er på sommarhalvåret at det kan være lite vind. Her vil utbredt bruk av solceller kunne kompansere ved at det typisk er meir solenergi å hente om sommaren. På same måte blir det motsatt om vinteren der det ofte er mykje vind men lite sol. -
Det eg savner ved dette lovforslaget er den opne debatten om kva er det eigentleg denne lova skal beskytte? Er det viktig at Regjeringa får så vide fullmakter for å kunne leie Norge gjennom krig og kriser? Eller er dette ei lov som meir beskytter Regjeringa sin adgang til å holde på makta til tross for krig og kriser? Eg kunne også tenkt meg at det vart diskutert om kor mykje vi skal være villige til å ofte for å behalde Norge som sjølvstendig nasjon? Er det verdt å kjempe for ei friheit som vi må ty til slavearbeid for å behalde? Og kor lenge er vi som nasjon villige til å jobbe som slavearbeidarar for at Norge igjen skal bli sjølvstendig? 1 år? 10år? Ein generasjon? Eg forstår at det vil gå vekk mykje byråkratisk arbeidskraft om vi skulle laga til dømes ei heilt ny arbeidsmiljølov som angir kva reglar som gjeld ved krig og kriser, for ei slik lov tek det både mykje tid å utarbeide og forhåpentlegvis så skal vi heller aldri få bruk for lova. Eg synes likevel at reint prinsippmessig så bør vi ikkje selge all friheit til Regjeringa i bytte mot at Regjeringa kanskje er betre rusta til å holde Norge fritt. At folk skal måtte trå til i krig og kriser trur eg nok alle er inneforstått med, og då vil det fungere dårleg med maksimal arbeidstid på 40 timar i veka og rett på arbeidsfri minst anna kvar søndag. Eg synes likevel det bør være grenser som hindrer Regjeringa å ved hjelp av tvang tvinge tilfeldige Nordmenn til å jobbe døgnet rundt utan lønn. Som minimum så burde lova ha ei bestemmelse om at Regjeringa må yte kompensasjon for arbeidet, i alle fall på nivå med vernepliktige som får dekt kost og losji samt litt i dagpengar. Det skal nok mykje til for at vi får ei krise som er så stor at Regjeringa må ty til bokstaveleg slavearbeid, likevel så er eg ikkje heilt komfortabel med at Regjeringa skal ha så vide fullmakter. Sidan lova heller ikkje seier noko om korleis utvelginga til slikt arbeid skal skje så ligg det også farleg godt til rette for at Regjeringa kan innføre arbeidsplikt på svært urettferdige vilkår, som at det berre gjeld for nordlendingar, fritak for dei som har årslønn over 700k, kun byfolk, osv.
-
Så vidt eg kjenner til så har ikkje svenskane ein eigen benemning som tilsvarar det vi i Norge kaller karbonadedeig. I Norge så er karbonadedeig definert som malt kjøtt med høgst 5% fett og alt med høgare fettprosent kalles kjøttdeig. I Sverige bruker ein nötfärs om alt malt kjøtt frå okse, og denne nötfärsen finnes i fleire kvalitetar både når det gjeld fettprosent, salttilsetting, og tilsetting av is (vatn). Det er ikkje gitt at alle butikkar i sverige har heile spekteret av kjøttdeig, men alle større dagligvarebutikkar har malt kjøtt med både høgt og lågt fettinnhold. Som forbruker er det viktig å være oppmerksom på når det er tilsatt mykje fett i kjøttfarsen fordi fett er billegare per kilo enn reint kjøtt slik at ein kan presse kiloprisen på ferdig produkt. Ein kjøttdeig på 15% fett har i beste fall berre 85% storfekjøtt, ofte mindre om det også er tilsatt salt og vatn. Selg ein kjøttdeig som berre inneheld ca 80% kjøtt så blir det openbart billegare enn karbonadedeigen som består av over 90% kjøtt. Samtidig så må ein ikkje sjå seg heilt blind på låg fettprosent. Det er mange ting som den norske karbonadedeigen ikkje egner seg til sidan det blir for tørt og smaklaust. Kalorimessig så er det heller ikkje gitt at det er særleg lønnsomt å kjøpe mager kjøttdeig om du må tilsette store mengder olje/smør ved steiking uansett for at det ikkje skal bli tørt og brent. Når det gjeld prisar mellom vanlege daglegvarebutikkar og butikkar lengre inne i landet så er det ingen fast regel. Ein del varer er dyrare på grensebutikken, særleg på varer som alt er dyrt i Norge slik at nordmennene synes det er billig sjølv om varen er overprisa etter svenske forhold. Ein del ting er likevel billegare på grensebutikken sidan salgsvolumet på grensebutikken ofte er så stort at butikken kan gi heilt andre prisar enn daglevarebutikkane som er lengre inne i landet og som er både mindre og har fleire konkurrentar. I tillegg har dei ulike kjedene tilbud på ulike varer og til ulik tid.
-
Metas AI-roboter hadde sex-samtaler med mindreårige
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Poenget her var vel at det er ein viss usikkerheit rundt test-metodikken. Det Wall Street Journal her har avdekt er at det er eit potensiale for at Meta sin AI snakker seksualisert med brukarar som seier dei er mindreårige. Overskrifta i artikkelen er feilaktig sidan det reint faktisk ikkje har vært mindreårige involvert. Det unskylder ikkje at dette er oppførsel som chatboten burde unngå, men det som kanskje er mest kritikkverdig her er at Meta sin AI utgir seg for å være ein kjendis noko som også kan utgjere ei straffbar seksuell krenking for kjendisen. Det hadde vært ei heilt anna sak om Wall Street Journal hadde observert ein gjeng 14 åringar bruke Meta sin chatbot, då kunne ein med rette sagt at Meta har sagt slike ting til mindreårige. Kva informasjon Meta sin chatbot har tilgjengeleg ser ikkje ut til å være belyst, eg trur nok ingen hadde blitt veldig overraska om Meta sin AI henter personopplysningar frå Facebook. Du treng ikkje nødvendigvis å være innlogga på Facebook heller, det er nok at det er lagt igjen cookies om Facebook-brukarens profil. Slike cookies brukes vanlegvis for å gi målretta reklame blant anna mot bestemte kjønn og aldersgrupper, at Meta sin AI også bruker denne dataen til å forme diskusjonen til chatbotten vil ikkje være veldig overraskande.- 12 svar
-
- 1
-
-
Det er strengt tatt ikkje nødvendig å avtale at ein må betale som no-show. Det følger av vanleg erstatningsrett at ein kan kreve erstatning om ein har blitt påført eit tap som ein kan bebreide nokon for. Vilkåret er at det både er ein ansvarsgrunnlag, årsakssamanheng og at det føreligg eit økonomisk tap. Eigne avtalar om no-show avgift blir vanlegvis inngått fordi det fører til at dei som melder seg på har høgare terskel for å ikkje møte opp, eller at dei i det minste melder avbod så tidleg som mogleg. Ein anna grunn til å avtale no-show avigift gjennom eigen avtale er om ein vil ha grunnlag for å kunne kreve inn meir pengar enn det dokumenterte økonomiske tapet.
-
Tenker at dette er eit godt eksempel på områder der KI gjerne kan brukast. Å generere slike matteoppgåver med fasit sparar mykje arbeidstid som kan brukast til meir nyttige ting som å gi personleg oppfølging til studenten. Teknologien opner for at ein kan generere mange ulike versjonar slik at det blir mindre sannsynleg at oppgåva du får på eksamen er lik ei oppgåve som har blitt gjort på ein tidlegare eksamen. Og kanskje viktigast av alt, sidan dette er matematikk så er det veldig enkelt for læraren å kvalitetsjekke at oppgåvene gir meining og at fasiten stemmer. Så lenge den kvalitetsjekken faktisk blir utført så skal det ikkje være fare for at studenten får eksamensoppgåver med feil.