Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Dette må være basert på upresise uttalingar frå ein i "Trump-administrasjonen" som ikkje er inkludert i informasjons-loopen. Det går ikkje ann at USA har sett på kostnadane ved å ta over Grønland før no, det er greit nok at Trump er ein idiot men han har tross alt erfaring med eigedomskjøp frå før, og veit at kjøp av eigedom består både av ein kjøpssum og av løpande driftskostnadar. I dette konkrete tilfellet med Grønland så er det innlysande at det vil koste USA minst den same summen som Danmark betalar. No veit eg ikkje kor mykje av bistandspengane som knytter seg opp mot transport og logistikk men sjølv om vi ofte tenker at Grønland ligg nærmare USA enn Europa så er det avstanden i seglingstid ganske så lik uavhengig av om du transportskipet legger frå kai i New York eller i Hirtshals. I tillegg vil det være fordyrande for USA å innføre nye amerikanske system på alt frå skattemelding til helsetenester samanlikna med Danmark som berre viderefører eksisterande løysing. Og oppå alle disse kostnadane som ein har for å drifte Grønland så må USA i tillegg investere tungt i militærbasar og liknande, for det er heilt vekkasta å ta over Grønland om ein ikkje utnyter eigarskapet ved å etablere ein tydeleg militær og sivil tilstedeværelse. Trump er impulsiv i sine uttalingar, men eg nektar å tru at ingen i Trump-administrasjonen ein gong har tenkt på at det å ta over Grønland ikkje vil være gratis.
  2. Off-topic, men den store faren ved påkjørsel bakfra er at dersom ein ikkje er så lav at ein unngår bakruta med god margin så vil ein ved ein påkjørsel bakfra få sleng på hode bakfra som då gjerne treffer bakruta med stor kraft, deretter blir ein kasta framover og stoppa av bilbeltet, og deretter kjem skadane ved at bilen blir pressa saman. Må også påpeike at svært ofte så gir tilhengaren dårleg kollisjonsbeskyttelse ved at all krafta ved påkjørsel bakfra forplanter seg via hengerfestet og inn i rammen til bilen. Dermed omgår mykje av kreftene dei kompresjonssonene som vanlegvis absorberer energien frå kollisjonen. For dei som er inne i bilen så vil det medføre ein kraftigare akselerasjon når bilen plutseleg blir skjøvet frammover via hengerfestet enn desom bilen bak fyrst hadde måtte knuse bagasjerommet før resten av bilen blir skjøvet framover.
  3. Mobiltelefon er ein ting, ein kan sjølvsagt kjøpe Samsung men ein må likevel forholde seg til Android som er amerikansk. I tillegg kan ein kjøpe Huawei med HarmonyOS, men i dagens politiske verdensbilde så er nok ikkje Kinesisk telefon og operativsystem så mykje betre. Det som kanskje er aller vanskelegast med ein boikott med USA er all den øvrige programvaren, særleg innafor jobbmarkedet der både Office-pakke og mange fagsystemer er utvikla av amerikanske utviklarar. Det er nok ikkje like enkelt for alle bedrifter å skulle bytte over til OpenOffice, det er ikkje ein gong alle som kan gå vekk frå Microsoft Office då dette er program som er tungt integrert i andre system som bedrifta er avhengig av. Likevel. Har du iPhone og ønsker å boikotte USA så kan du fint gjere det "offeret" at du bruker telefonen i 6-12 månedar lenger enn du bruker før du kjøper ny telefon. Ved å ikkje kjøpe ny iPhone kvart år så råker du Apple ved at dei tener mindre pengar enn normalt, så sjølv om det ikkje er like virkningsfullt som å slutte å kjøpe iPhone for evig og alltid så er det ein liten dråpe som saman med alle andre dråpane gir utslag på USA sin utanlandshandel.
  4. Som privatperson er ein stort sett avgrensa til å foreta pågriping når det er grunnlag for det, typisk at ein butikktjuv blir tatt på fersk gjerning eller ferske spor. I tillegg skal pågripinga være så skånsom som mogleg. Så er det politiets oppgåve å gjennomføre ei ransaking om det er grunnlag for det. Ofte vil den som blir stoppa samtykke til ei ransaking for å sleppe å bruke tid på å vente til politiet har tid til å kome. Merk også at det er ei grense for kor lenge ein kan holdast igjen utan at det blir uforholdsmessig, nøyaktig kor lenge du må tole å vente på politiet før du kan kreve å få gå vil være ei vurderingssak, men om du må vente i timesvis så vil nok det være ganske klart uforholdsmessig. Risikoen for den tilsette eller eventuelt vekter som foretek ei pågriping er at ein kan bli anmeldt for friheitsberøving om ein blir holdt tilbake uforholdsmessig lenge, og særleg om det har skjedd på manglande grunnlag. I tillegg til jussen så vil slik oppførsel ofte bryte butikkens interne rettningslinjer og instruks frå dei tilsette. For dei fleste butikksjefar så er det er det både feilaktig bruk av tid og ikkje minst ein uforsvarleg fare for vold ved å skulle utøve makt ovanfor ein butikktjuv som kanskje har naska varer av låg verdi. Det er er ein grunn til at dei fleste butikkar har ein ransinstruks som går på at ein skal gjere slik som ranaren ber om utan å sette seg sjølv i fare. Pengane er forsikra og ranaren blir ofte tatt basert på tekniske spor uansett. Det som er dyrt for butikken er om den tilsette blir fysisk eller psykisk skada etter ranet og ikkje er i stand til å jobbe på ei stund.
  5. Ja, det er dette eg trur eg det mest realistiske. Så er det store spørsmålet om Danmark/USA/Europa tørr å erklære USA som ein fiende som står utanfor NATO på grønn av at Danmark taper Grønland. Det var dette som var problemet i 2014, resten av verden reagerte ikkje og meir eller mindre aksepterte at Krim vart ein del av Russland. Litt fordi ein kanskje ikkje forstod kva som var i ferd med å skje, men også fordi resten av verden ikkje var villige til å blande seg inn. Hadde Europa gitt like stor bistand til Ukraina i 2014 som vi gjer no så kunne Ukraina tatt tilbake kontrollen, men sidan dette var ein "sivil" konflikt langt borte så var det ingen som ønska å risikerer noko for å stoppe den openbare uretten som vart begått. Eg er veldig usikker på at at Europa er villig til å bryte alle band med USA dersom Trump bygger eit par nye militærbaser. For ein amerikansk annektering av Grønland vil heilt sikkert ikkje skje gjennom ein militær invasjon til amerikanske soldatar stormar strendene og arresterer den grønnlandske regjeringa. Invasjonen vil skje gradvis slik at det ikkje er enkelt å sette ei klar grense mellom kva som berre er lovleg etablering av militære basar i samsvar med gjeldande avtale, og kva som er ein invasjon. Det er greit nok at Trump er ein tulling, men han kan ikkje være så dum at han går ut på FOX news og erklærer Grønland som ein ny amerikansk delstat og krever at heile resten av verden skal endre sine kart til å vise Grønland som ein del av USA.
  6. Sidan Danmark kan få store utfordringar med å fysisk stoppe USA frå å ta seg til rette på Grønland, så er det nesten som eg lurer på om at Danmark burde ta heilt motsatt framgangsmåte og heller invitere Russland, Kina, og liknande til å bygge eigne militære basar på Grønland. Dette vil då medføre det heilt motsatte for USA sin sikkerheitssituasjon ved at fiendane får etablere seg i USA sin bakgård. Det er likevel lite Trump kan gjere mot til dømes ein kinesisk militærbase som er lovleg etablert på Grønland utan å gå til krig mot Kina, noko som medfører ein heilt anna risiko enn å bølle med Europa. Til og med det å gi vekk delar dei meir øde delane av Grønland til Kina og andre land vil tross alt være eit betre alternativt enn å la USA ta heile Grønland. Sikkerheitspolitisk så er det ikkje sikkert at sikkerheitssituasjonen for resten av Europa blir vesentleg svekka av at Kina får slå seg ned i Atlanterhavet eller ved at Russland får streke seg litt lengre ut geografisk, USA har mykje meir å tape på eit slikt stunt ved at dei får sine fiendar nærmare. For Danmark/Europa sin del så vil vi berre få potensielle fiendar litt nærmare og vil derfor ikkje ha fullt like store ulempar. Kanskje vi til og med kjøper oss ein varig goodwill?
  7. Dette kan ein gjere ved å ta seg til rette. Om naboen din starter å bygge garasje på din tomt så vil det fort ende opp med ein langvarig rettsleg tvist. Om du går til fysisk angrep eller fysisk hindrer naboen din i å bygge så du eskalere situasjone og plutseleg er det deg politiet vil ha med tilbake på politistasjonen fordi du din voldelege oppførsel er vurdert som eit verre lovbrot enn ulovleg bygging. I tillegg vil politiet i liten grad legge seg opp i sivilrettslege kranglar om kvar nabogrensa går, politiets oppgåve er å gjenopprette ro og orden, og så får rettsvesenet rydde opp i grensespørsmålet. Til forskjell frå det sivile liv med ein nabokrangel så har vi ikkje eit verdenspoliti som kan kome for å fysisk rette opp. FN og resten av verdenssamfunnet vil nok fordømme USA for å ta seg til rette, men de vil ha avgrensa med effekt. Om Danmark vil hindre USA i å bygge så må Danmark bruke fysisk vold, enten reint militært eller som minimum ved å sende sivilt politi som arresterer alle dei amerikanske bygningsarbeidarane. Om Danmark gjer dette så kan det opne for at det er legitimt at Trump setter inn hæren som vakthold, og han kan då argumentere med at det ikkje er moralsk forsvarleg å drepe folk over ein rettstvist om eigedom. Trump kan også langt på veg påstå legitimt grunnlag for å bygge ut militærbasar på grunn av at det føreligg ein slik samarbeidsavtale mellom USA og Danmark. Så lenge Trump stiller garanti for amerikanske investeringar så vil nok investorane kome (om dei stoler på at Trump faktisk kjem til å betale tilbake om Danmark får satt ned foten). Det som gjer det ekstra vanskeleg angåande Grønland er at nesten heile øya er avfolka, USA kan annektere 99% av Grønland utan å kome i direkte konflikt med lokalbefolkninga, særleg om dei ikkje hindrar fri ferdsel i samband med jakt og fiske. Det store spørmålet er eigentleg kor langt Danmark er villige til å gå for å beskytte sitt territorium, kva metodar danskane vil bruke, kva Trump vil svare med, og ikkje minst korleis verdenssamfunnet stiller seg. For Danmark sin del så vil det nok være mest nærliggande at dei går til EU og FN med krav om å innføre handelsforbod mot USA som straff, ein krig mellom USA og Danmark med eller utan resten av europa vil være meiningslaus, og dersom USA invaderer fastlands-Danmark så vil resultatet bli fullskalakrig ettersom ingen europeiske land kan akseptere eit slikt angrep på Danmark.
  8. Dei 324 kronene kjem i tillegg til 812,50 kronene som ein får ved at timelønna auker med minst 5 kr. Dei som jobbar i dei 25 utvalgte områdene som har lågast lønn får i år ei auking i årsløna på 13 650 kr. I tillegg kan det være noko meir å hente sidan det også er avtalt at disse 25 bransjane skal gjennomføre lokale forhandlingar. Det er også valgt ut 5 avtaleområder som ikkje får forhandle lokalt, dei får det doble, 4 kr ekstra per time og ender opp på ei total lønnsauking på 17 550 kr, eller 1462,50 kr i måneden. Det har ikkje komt ut så mykje detaljar endå, men tradisjonelt sett så blir det også litt av pengane satt av til å løfte ulempetillegg som kvelds, natt og helgetillegg. Fleire av dei 25 utvalgte bransjane vil typisk ha arbeidstid der dei med stor stilling har rett på nattillegg, slik som trykkeritilsette, resturanttilsette, taxisjåførar, og trafikkdirigentar jobbar typisk om natta og vil også nyte godt av enventuell auking av nattsatsane. Dei største taparane i frontfagsoppgjeret er tilsette i lavtlønte yrker som i tillegg blir hindra frå å tene noko ekstra ved å innehente ulempetillegg. Sitter du fast i ei dagtidsstilling der du aldri får jobbe overtid eller på andre tidspunkt, så er det berre minstelønna du har av lønn. I tillegg vil du måtte forvente å få mindre enn dei 4,4% som partane har blitt einige om i gjennomsnitt sidan dei prioriterte gruppene får meir enn sin del av kaka og då er det eit mindre kakestykke igjen til dei tilsette som ikkje har blitt prioritert. Sjølv om det absolutt ikkje er ein fordel å måtte jobbe om kvelden, så er det kjærkomne pengar å få seg nokre kveldsskift, litt overtidsbetalt, og likande når lønna i utgangspunktet er låg.
  9. Ja, om butikken har eit problem med å tillate sekker i butikken så får dei syte for å sette opp oppbrvaringsskap eller anna løysing der butikken tek på seg ansvaret for at eigedelane dine blir passa godt på. Sjølv med ei slik løysing så er det problematisk i eim tid der ein helst skal ha med seg sekker og bagger på dagligvarebutikken for å redusere bruken av plastposar.
  10. Å boikotte Tesla er heilt legitimt det. Eg er likevel ikkje sikker på kor mange det er som kjenner på Tesla skam, og ikkje minst kor mange det er som ser ein Tesla-eigar og tenker at dette er ein person som er enig med Musk på alle områder? For dei få som helst vil køyre andre bilmerker på grunn av politikken så gir det meining å selge Teslaen, men dette er då ei rein symbolhandling som ikkje endrer noko som helst for Musk. Det å drive hærverk på Teslaer er berre idioti, det gir jo meir pengar til Tesla ved at forsikringsselskapet må kjøpe delar eller ein heilt ny Tesla til bileigaren. Formålet med ein boikott er å ikkje gi nye pengar til den du vil boikotte, og i den samanhenger så er det meiningslaust å drive hærverk. På eit litt meir overordna nivå så meiner eg at det er fornuftig å prøve å gjere seg mindre avhengig av USA, detber ikkje nødvendigvis boikott som er løysinga, men mange bør nok sjå seg om etter gode alternativ til amerikanske tenester og varer. Alt frå å vurdere om du skal lagre backupen din på andre tenester enn Google drive, til å sjå om det finnes anna brus enn Pepsi Max som du liker. Om det skulle tilpasse seg med handelskrig så er det ikkje gitt at amerikanske varer og tenester vil fortsette å være lett tilgjengelege til ein billig penge, og då vil det openbart være ein ulempe om du plutseleg har blitt utelåst frå skylagringa eller butikken er tom for Pepsi Max.
  11. Arbeidsmarkedet vil variere. Om du ser på stillingsutlysningar der ein søker etter vikarar eller der arbeidsstaden er uti i distrikta så står det veldig ofte noko slikt som "for den rette kandidaten dekker vi grunnutdanning". Har du tatt vekterutdanninga privat så vil det gi deg eit fortrinn, står det til slutt mellom to kandidatar der den eine har kurset og kan starte umiddelbart, og den andre må sendast på kurs fyrst så vil vekterselskapet sjølvsagt spare seg dei kostnadane og tilsette den som er ferdigutdanna. Likevel er det relativt lite pengar for eit vekterselskap å tilby vekterkurs så du kan ikkje rekne med at dei vil tilsette ein dårleg kandidat berre fordi dei har papira i orden. Mitt råd er uansett at du søker jobb fyrst, og deretter tek vektarutdanninga når du får jobbtilbudet. Så kan du heller forhandle der og då på om du får nyejobben til å dekke kurset eller om du kaster deg rundt og tek kurset for eiga rekning før du startar i jobben. Unntaket er dersom du skal søke vekterjobb i til dømes Oslo der det er svært mange søkarar på stillingane, då kan det være at du treng alle fortrinn du kan finne inkludert å ha tatt utdanning på førehand. Når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidstid så kjem det heilt ann på type stilling. Stort sett så vil du søke på og få ei vekterstilling med bestemte arbeidsoppgåver. Det er ikkje spesielt vanleg å være tilsett som generell vekter og så er det litt meir tilfeldig om du blir sendt på billettkontroll, sitt i resepsjonen på eit museum, er dørvakt eller køyrer rundt i byen klar for å rykke ut på innbruddsalarmar. Om du ikkje vil jobbe med billettkontroll så er det enkelt og greit berre å ikkje søke på stillingane som billettkontrollør.
  12. Svaret finn du (på norsk) på side 39 i bruksanvisninga: Max 30 minutt på eit normalt ladda bilbatteri, om du har eit litt gamalt bilbatteri så er det nok fornuftig å ta pause etter 20 minutt. Du blir også fråråda å ha bilen på tomgang da det kan redusere effekta på bilbatteriet når du både lader og forbruker samatidig. I tillegg kan det alltid være ein risiko for at du kjem borti girspaken når du driv å støvsuger, noko som kan føre til at bilen blir satt i bevegelse utan at du sitt i førarsetet om du lar bilen være i gang under støvsuginga.
  13. Det som er vanskeleg er at Trump er vanskeleg å forutsjå, men eg vil nok tru at ei annektering vil skje utan behov for militære operasjonar. For på tilsvarande måte så har eg vanskeleg for å sjå at Danmark vil svare på Amerikansk annektering med vold. Om Amerikanarane kjem til Grønland og startar å bygge hus og militæranlegg utan å søke om løyve så vil nok ikkje Danmark svare med å skyte mot amerikanske byggningsarbeidarar som tek seg til rette. Det nærmaste eg kan sjå for meg av militær operasjon er at enten USA eller Danmark setter opp ei handelsblokkade med krigsskip der enten danskane gjer det for å holde amerikanerane unna, eller at USA gjer dette for å hindre danskane i å kome til Grønland.
  14. Juks i utdanningssamanheng er ikkje eit moralskt spørsmål, det er utelukkande eit spørsmål om studenten har levert eit arbeid som gir grunnlag til å vurdere om studenten har lært det som er omtalt i emnebeskrivelsen. Deretter får ein karakter utifrå kor godt ein har klart å vise fram at ein har lært alt i emnebeskrivelsen. For å ta eit litt banalt eksempel. Når du på ungdomsskulen skal skrive norskstil så stryk du dersom du skriv stilen på engelsk. Ikkje fordi du har spart tid på det, du har kanskje brukt mykje meir tid fordi du må slå opp ord og uttrykk i ordboka. Og ikkje fordi stilen er dårleg, innholdet i stilen kan være så bra at stilen kunne blitt trykt i eit vitenskapleg tidskrift eller blitt ei bestselgande novelle. Du får likevel strykkarakter fordi det er heilt umogleg å vurdere kor god du er i norsk når heile stilen er skrevet på engelsk. Definisjonen av juks er heilt klart definert i Forskrift om studier og eksamen ved Nord universitet § 9-1, 5. ledd: Dette er heilt spesifikt Nord universitet sin definisjon av fusk som igjen er det Kjerkol sin oppgåve har blitt vurdert mot. Som du ser så er verken tid eller moral ein del av nord universitet sin definisjon av fusk. Så er det sjølvsagt heilt legitimt å være ueinig i tolkinga, for også definisjonen har eit vist rom for vurdering. I denne konkrete saka så kan ein mellom diskutere kva som er å rekne som "tilstrekkelige kildehenvisninger". Det hjelper ikkje Kjerkol sin sak då problemet er at kildehenvisningane mangla heilt, hadde ho skrever ei dårleg kjeldehenvisning som å til dømes vise til kven sin oppgåve ho har latt seg "inspirere" av så kan det være at ho hadde vunnet fram med at det var tilstrekkeleg sjølv om den eksakte teksten ho brukte på nytt ikkje var merka. Avsluttingsvis så meiner eg fortsatt at universiteta har ei utfordring med at studentane blir vurdert etter ei ordning som ikkje er godt tilpassa dagens læresituasjon. Til dømes så har universiteta oppretta så mange studieplassar på masterutdanning at det å kreve at alle masteroppgåvene skal være forsking på heilt unike problemstillingar som aldri har blitt akademisk vurdert tidlegare er ein utopi. At Kjerkol har kopiert svært mykje tekst og har blit felt på dette er heilt legitimt, det er likevel slik at når universitetet har pumpa fleire hundre masterstudentar gjennom eit fast utdanningsløp så er det ein viss fare for at ein tidlegare student kan ha tatt for seg ein ganske lik problemstilling. At vi i dag har gode søkeverktøy for å avdekke juks på tvers av ulike språk har gjort dette til ei utfordring på verdensbasis som tvinger universiteta til å sette ei grense for kor mange prosent med tekstlikheit som er akseptabel, då tekstlikheiter ved bruk av fagterminologi ikkje er til å unngå når akademikar har skrevet om nøyaktig samme tema 1000 gongar før. Universiteter og mastergrader har blitt ein industri der ein heile tida prøver å utdanne mange nok til å dekke behovet i arbeidsmarkedet. Ein skal huske på at frå gamalt av så var mastergrad noko som ein tok etter eit langt yrkesliv der ein brukte eiga arbeidserfaring til å skrive gode masteroppgåver slik at kunnskapen kunne overrekkast til neste generasjon. Læringa var med andre ord ein kombinasjon av skulegang og praktisk arbeidserfaring som endte opp i ein akademisk grad. I dag så "forsker" ein masterstudent utelukkande basert på kva dei har lært etter 4,5 år med teori, noko som igjen medfører at det store fleirtalet av godkjente masteroppgåver har relativ avgrensa verdi som kunnskapsdatabase. Når Kjerkol skreiv sin masteroppgåve med tittelen "Ledelse i en digitalisert hjemmetjeneste" (som ho i tillegg fekk A for) så er det ikkje vanskeleg å tenke seg at det i liten grad ligg tung akademisk forskning bak ei slik oppgåve. Det var sikkert mykje kloke tankar om temaet som gjorde at ho fekk beste karakter ved fyrste sensur, men om oppgåva hadde blitt ståande utan at juksinga vart avdekt så trur eg likevel ikkje at det er sannsynleg at akkurat denne oppgåva hadde blit brukt som grunnlag for å skrive neste års lærebok om temaet. Min påstand er at dagens mastergrad ikkje er det same som mastergrada var før i tida. På mange måtar har mastergrad blitt den nye bacheloren som "alle" har, og då har betydninga av mastergraden blitt redusert. Skal universiteta fortsette å uteksaminere så mange studentar som kan tittelere seg som master så bør heile vurderingsforma endrast. Det dagens arbeidsgivarar som vil tilsette ein med mastergrad ønsker i dag er ein person som har teoretisk kunnskap og som er i stand til finne svar i eksisterande litteratur. Min påstand er at det er ingen som tilsetter ein med mastergrad fordi det er nødvendig med ein ansatt som skal forske seg fram til svaret, då tilsetter ein personar med doktorgrad.
  15. Dette er ikkje heilt presist. Danmark tok Grønland som ein del av Norge i samband med at Sverige trakk seg ut av Kalmarunionen slik at Danmark då hadde råderett over alt som svenskane ikkje tok sjølvråderett over. Når Norge seinare vart ein eigen stat i union med Sverige i 1814 så tok ein då berre med seg fastlandsnorge slik at dei tidlegare norske øyene Island, Grønland og Færøyane ikkje vart med inn i unionen med Sverige. Om dette skuldast at Norge ikkje lenger ville ha disse øyane, om det var Danmark som nekta å gi slepp på disse øyane, eller om ein rett og slett gløymte at dette var tidlegare norske områder, det er det ikkje brei einigheit om. Mest truleg så er det nok ein god blanding der det for den norske nasjonalismen var viktigast å få oppretta ein norsk stat, noko ein ikkje fekk gjere under Danmark men som vart mogleg under Sverige sjølv om det var ein del av ein union. Det er derfor ikkje heilt utenkeleg at ein ikkje turte å også kreve å få med seg Grønland, Færøyane og Island inn i den nye norske staten då eit slikt krav potensielt kunne ha stoppa heile statsbygginga av Norge.
  16. Bitterheita i øl kjem frå humlen, og den skarpaste delen av bitterheita ligg i oljen som blir kokt ut av humlen under brygging. Denne oljen er som anna olje og flyt som eit tynt lag på toppen av væska. Ølskummet vil bidra til å løfte oljen ut av overflata, det tener to funksjonar både at litt av dei bittraste smakane får fordampe frå skummet men også at den bittre oljen som er i skummet får sleppe gradvis tilbake i ølet og gir ei meir heilheitleg smaksoppleving. Bakdelen med at den bittre oljen blir løfta opp i skummet er at då blir sjølvsagt også skummet bittert på smak. På smaklaust øl med lite bitterheit så betyr det ikkje så mykje, men på ei kraftigare øl så merkes det betre om du må kjempe deg gjennom det bittre skummet for å få tatt ein sup med øl.
  17. Så lenge du ikkje kan hjelpe deg sjølv så er det sjølvsagt innafor å ringe etter hjelp. Om du har så sterke smerter at du må ha sterke medisinar eller til og med må opererast så er det fort eit ambulanseoppdrag. Ved slike smerter så vil du i liten grad kunne transportere deg sjølv til f.eks legevakta på ein forsvarleg måte, så då må du ha hjelp. Men det er klart at dersom det er praktisk gjennomførbart å dra på legevakta eller apoteket, eller kanskje også kan vente til du får time hos fastlegen, så skal du sjølvsagt ikkje ringe etter ambulanse. Den situasjonen du legger fram er openbart ein akuttsituasjon.
  18. Vil gjette på at dei russiske anklagane er stetkt overdrevne men med eit snev av sannheit. Trur ikkje det har komt fram noko meir i media om kva slags militær aktivitet Russland hevdar Norge bedriv på Svalbard. Forsvaret er til stades også på Svalbard men då i sivil rolle som bistand til sysselmesteren, kystvakta som er innom, eller rett og slett forskingsarbeid utført av personell tilknytta forsvaret.
  19. I teorien skal det være like mykje arbeid bak kvart studiepoeng, kva som er enkelt blir veldig personavhengig. Det aller enklaste å studere er ting som du alt kan frå før og som du berre manglar dokumentasjon på. For mange vil eit årsstudium i engelsk være ganske enkelt sidan ein kan språket frå før. Tilsvarande kan økonomi være relativt enkelt om du har syssla litt med rekneskapen og budsjett tidlegare.
  20. Det er ein balansegang mellom å hindre at nokon kan utnytte eit eldre menneske son sinsforvirring til å endre testamentet, opp mot prinsippet om at det skal være lov å ombestemme seg. Hadde testamentet blitt "låst" i sei 10 år så hadde det også vært problematisk opp mot til dømes arvingar som bryt all kontakt så fort testamentet er underskrevet og arva er sikra. Det beste er uansett at ein skriv testamentet tidleg og at ein har endeleg bestemt seg slik at det berre er ved ekstraordinære endringar at det er behov for nytt testamente. Det er også mogleg å formulere testamentet på ein slik måte at det ikkje må oppdaterast så ofte. Til dømes ved å formulere korleis arva skal fordelast ovanfor eventuelle barnebar som ikkje er fødde når testamentet blir skrevet. Skal ein kreve helseattest så blir det også eit spørsmål om kva krav som skal gjelde, og ikkje minst når ein kan erklære testamentet som ugyldig. Skal arvingane kunne kome i ettertid for å stoppe ei arv til ein veldedig organisasjon under påstand om at farmor var deprimert, forkjøla, full, eller liknande? Eit slik krav om helseattest kan fort føre til at det i praksis ikkje er mogleg å skrive testamente lenger sidan det er vanskeleg å bevise at ein er ved sine fulle fem.
  21. Oppfølgingsspørsmålet blir kva du bruker din Mac Mini til? Om du berre er ute etter pris per terrabyte så kan du sortere etter dette dette på prisjakt.no. https://www.prisjakt.no/c/eksterne-harddisker?direction=asc&sort=property.64014 Dersom du følger denne lenka så er lista ferdig sortert på pris/TB (bruk kollonnevisning for å få gjort Pris/TB kollonen synleg. Den som ligg øvst akkrat no ei Segate Expansion Deskotop Drive på 20 TB gir ein prs på 215,20 kr TB. Den er basert på 3,5'' disk og må ha ekstern straumforsyning. Det er likevel mange andre kvalitetar som bør være med i vurderinga som kor mykje pengar er du villig til å bruke på ein eksterndisk totalt sett? Har du behov for eksterndisk med innebygd kryptering? Kva med ulike tilkoplingsmoglegheiter og overføringshastigheit? Du får også kjøpt heilt trådlause eksterne harddiskar som brukar oppladdbart batteri og wifi til å overføre filer om det er noko du har behov for, til dømes om du vil ha haddisken kopla til din Mac Mini og samtidig vil enkelt kunne hente fram filmene på anna device som mobiltelefonen din.
  22. Mitt største ankepunkt mot stort sprik i lønna mellom leiarane og arbeidarane er at det reint økonomisk sett er dårleg økonomistyring når leiaren har stå stor lønn at ein kunne i staden valgt å ha ein moderat leiarlønn samt tilsatt ein person til. Det å tilsette ein person til skal være positivt for bedrifta både ved at ein får større produksjonskapasitet og at ved å ha fleire personar å dele dei tyngste arbeidsoppgåvene på så vil det bidra til å redusere sjukefråværet. Dette er forøvrig også grunnen til at arbeidsmiljølova krev at overtidsarbeid berre skal brukast ved særleg og tidsavgrensa behov, for overtid slit ut dei tilsette og høg arbeidsbelastning kan best løysast ved å gi jobb til fleire. Det er mange bedrifter som har møtt vanskelegare tider og som har vært nødt til å nedbemanne med det resultat at sjukefråværet har gått opp, som igjen gir dårlegare økonomi, og så er spiralen mot konkurs i gang. Då hjelp det lite å ha betalt ein toppleiar store summar for å ta den tøffe jobben med seie opp tilsette om sluttresultatet uansett blir konkurs. Når det er slik det blir så angår høge leiarlønningar dei tilsette på ein negativ måte. At leiarar skal ha høgare lønn på grunn av at det er stort ansvar og og ein aldri får heilt fri er heilt klart. Problemet er når leiarlønningane blir mange gangar så høg som lønna til dei som jobbar i bedrifta. Det som virkerlig tar kaka er når dei samme leiarane ikkje fungerer og må byttast ut slik at dei får sluttpakke med lang tid med etterlønn, nok som medfører at firmaet betalar millionlønn til to leiarar samtidig, ein leiar som gjer jobben og ein leiar som får betalt for å ikkje jobbe. Når dette attpåtil skjer i offentlege virksomheiter der det er skattebetalarane sine penger som blir sløst vekk så er det verkeleg ille.
  23. Med mindre du har reiseforsikring som dekker at du ombestemmer deg så er ikkje dette ei sak for reiseforsikringa. Dei fleste reiseforsikringa dekker når UD fråråder reise ellet ved sjukdom ellet ulykkr hos deg sjølv, reisefølget, eller hos nærmaste familie. Reint praktisk er ikkje demonstrasjonar spesielt vanskeleg å unngå, det er heller ingen umiddelba fare for militærkupp og stengte grenser heller. Din beste sjanse er nok å snakke med flyselskapet for å høyre om du får endre på billettane til eit anna reisetidspunkt likevel. Det bruker å kunne endre seg mot eit lite gebyr så lenge du ikkje skal kansellere heilt.
  24. Nei, heile poenget er at det skal oppgis den formuen og inntekta som er grunnlaget for ditt skattetrekk, slik at andre kan kontrollere at du betalar det du skal av skatt. Det skattelistene ikkje kan brukast til er å finne ut kva du har av inntekt og formue då det på skattelistene ikkje er oppgitt kva du har av frådrag på tiø dømes gjeld, pendling, osv.
  25. Scenarioet er for så vidt relevant. Dersom det er snakk om noen køyretøy og ein handfull med personar som i dette tilfellet så vil nok Norge handtere dette som ei sivilsak, altså at dei blir pågrepet av politi/grensevakt. Sidan Russland benekter at disse personane er der på oppdrag frå russiske myndigheiter så blir det heller ingen internasjonal sak ut av det, og langt mindre ein sak for NATO. Då blir personane fengsla i påvente av rettssak og det blir tatt beslag i køyretøya. Norge kjem ikkje til å opne ild mot verken grønnkledde eller sivilistar så lenge dei ikkje utgjer ein umiddelbar fare. Dette er ei av svakheitene med NATO alliansen, ved utradisjonelle fientlege handlingar så er det vanskelegare å påstå seg angrepet slik at artikel 5 kan aktiverast. Putin gjorde noko liknande når dei tok Krim halvøya ved at det var "ukjente" soldatar som hjalp pro-russisk busetting på Krim halvøya til å ta makta og kreve lausriving frå Ukraina. Nå er ikkje Ukraina eit NATO land men det var krevande for oss i vesten å gjere noko med det då vi vanskeleg kunne protestere på at innbyggarane avholdt valg og demokratisk valgte å bli ein del av Russland, og sidan Russland benekta at dei hadde noko med opprøret å gjere så var det også vanskeleg å ilegge Russland sanksjonar. Den største trusselen for Norge er ikkje at det kjem nokre russiske soldater som slår leir på norsk side av grensa. Trusselen er at Russland i hemmelegheit kan yte støtte til dei ca 10% av befolkninga i Kirkenes som er russiske, slik at ved neste valg så blir det valgt inn russarar eller pro-russiske personar inn i kommunestyret, kanskje også ordførarvervet. Deretter så blir det næra oppunder ei pro-russisk bevegelse som etterkvart ønsker at Kirkenes skal knytte sterkare band til Russland, og som etterkvart kan ende opp i eit "folkekrav" om å innlemme Sør-Varanger som ein del av Russland. Dette kan potensielt skje utan å løysne eit einaste skot og vil då ikkje nødvendigvis framstå som eit "angrep" som aktiverer NATO avtalen. Og sjølv om artikkel 5 blir vurdert som gjeldande så vil nok fleire av våre allierte ha betennkelegheiter med å sende væpnede styrker til ein by der det ikkje er fientleg militær aktivitet. NATO-alliansen er dårleg rusta for å bruke mot sivile ueinigheiter, det er ikkje heilt stuereint at verken norske, finske eller amerikanske styrker starter å skyte mot sivilbefolkninga i Kirkenes berre fordi dei har tatt til orde for å lausrive Sør-Varanger frå Norge.
×
×
  • Opprett ny...