
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det er lite konkrete tal å ta utgangspunktet i. Men om du i dag har buutgifter på berre 6500 kr i måneden alt inkludert og du er fornøgd med å bu slik så er det ikkje gitt at det lønner seg for deg å låse opp pengane dine i fast eigedom. Om eg også antek at du i dag bur litt usentralt gitt den låge leigeprisen så vil kjøp av bustad i same område truleg ikkje være eit sterk investering ettersom bustadprisane auker relativt lite i disse områda. Ofte vil det nok lønne seg på lang sikt å ende opp i ein nedbetalt bustad, men det er jo også eit spørsmål om kva du prioriterer å bruke pengar på. Med ei såpass billeg huseleige så har du ganske mykje pengar til overs som du kan bruke på sparing eller heilt andre ting, tek du opp bustadlån så blir det nokre magrare år til du har fått betalt godt ned på lånet. I tillegg så er det eit spørmål om kor gamal du er, kor lenge du forventer å leve, og kva du forventer å ha i pensjon. Er du ung og kan kjøpe bustad i sentrale strøk der det er sannsynleg med ei god verdistigning på bustaden så skal det ein del til for at det ikkje lønner seg å kome seg inn på bustadmarkedet raskast råd, også om det medfører at du i ei periode verken har pengar i banken som du har renteinntekter på eller pengar til overs til å bruke på anna enn å betale ned lån. Samtidig, er du 60 år, og ser for deg å pensjonere deg rimeleg snart til tross for minimal pensjonsoppsparing, og i tillegg ikkje har ein einaste slektning som vart eldre enn 80 år, då er det mykje betre å fortsette å leige billig sidan du då har renteinntekter som med god margin dekker leigekostnadane dine, og sånn sett har same "fordelen" som andre pensjonistar som sitt i nedbetalt bustad utan å ha sparepengar som gir renteinntekter. Om det reint økonomisk lønner seg kjem heilt ann på: -Kor stort bustadlån treng du å ta opp for å kjøpe? -Kor mykje kan du klare å betale i måneden --> jo meir du klarer å betale jo raskare nedbetaling. -Kva er forventa verdiauking på den aktuelle bustaden? --> Og er den vesentleg høgare enn det du kan forvente at husleiga di kjem til å auke? -Og kva andre investeringsmuligheiter har du for å plassere pengane? Det å eige primærbustad er forholdsvis gunstig i Norge. -Sist men ikkje minst, kor langt tidsperspektiv ser du for deg?
- 39 svar
-
- 2
-
-
Kravet til BMI er vel på 35, så du er nok innafor dette kravet. Kravet er satt på forholdsvis objektivt grunnlag, som at ein overvektig person ikkje kjem seg gjennom mannlukene som potensielt kan være nødvendig evakueringsveg, samt at det kan være vanskeleg å få på seg ei standard overlevingsdrakt om ein er for stor.
-
Er ganske sikker på at den var HBO eksklusive, og at kritikken når HBO fjerna serien var at den vart heilt utilgjengeleg i Norge, normalbakken er det nettopp ved slike overgangar at serier blir lisensiert ut til andre. Mulig NRK var delvis involvert på produksjonssida eller med tilrettelegging sidan produksjonen foregikk i Norge og Oslo.
-
Om du med gamle dekk meiner at dei har blitt harde men fortsatt har godkjent mønsterdybde så er det dårleg veggrep og større fare for punktering av at gummien har lettare for å sprekke som er største ulempane. Når det gjeld forbruket så varierer det med dekktrykket, men ofte vil du nok oppleve lågare forbruk ved at det er dårlegare friksjon mot underlaget.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Her har du nok ein dårleg sak då det meste av dette var ting du viste om eller burde vist om. Med mindre du har betalt overpris så har du kjøpt heilt vanleg bustad, om dette er det som er av feil og manglar så er du eigentleg heldig. 1. At kjellarstova ikkje er godkjent for varig opphold er heilt normalt, her har også selgar vært tydeleg på at dette arealet må reknast som bod. At du har undervurdert kva som krevs for å bruksendre kan ikkje selgar lastast for. Reint pragmatisk sett så er det heller ikkje gitt at du må få kjellaren godkjent for å bruke den sjølv, du kan til og med leige ut så lenge du er tydeleg på at kjellarstova ikkje er godkjent og at kjellarstova ikkje er farleg å oppholde seg i, særleg med tanke på rømmingsvegar og ventilasjon. 2. Saltutslag er eit teikn på fukt, men treng ikkje å være noko som er kritisk å rette opp i då det ikkje skader muren. For deg er dette kanskje eit viktig punkt om du planlegg å innrede og få kjellaren godkjent, men også dette var det opplyst om. 3. At avløpsrøret må skiftast snart er vanleg vedlikehold på linje med at du etterkvart også må samarbeide med naboen om å få malt rekkehuset.
- 12 svar
-
- 2
-
-
Du får unnskylde om dette var meint ironisk, men poenget til politiet er ikkje offentleg avstraffing. Ransaking kan skje offentleg, typisk på gata og liknande der det ikkje finnes gode alternativ for å gjere det meir skånsomt. Alternativet er ofte å bli arrestert og ført til politistasjonen, noko som er den korrekte framgangsmåten men kan likevel oppleves som meir belastande enn å la politiet får ta ein titt der du er. Eg er einig med deg at skjerma ransaking ikkje er det beste om du har dårleg tillit til politiet og fryktar å få fabrikert bevis mot deg, likevel vil politiet vanlegvis unngå å ta slike ting i full offentlighet nettopp for å unngå å bli tatt for å ikkje ha gjennomført ransakinga så skånsomt som mogleg.
- 79 svar
-
- 1
-
-
Det bør være en statlig dagligvarekjede
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Oppslagstavlen
Det hadde nok fort skjedd noko liknande om staten hadde krevd at til dømes kvar kommune skulle drifte ein daglegvarebutikk, men om staten hadde drevet direkte så hadde nok resultatet blitt betre (og ikkje minst likt over heile landet). Sjølv om det sikkert ikkje er så populært å skryte av kva Staten får til som er bra, så meiner eg at dei tenestene som staten leverer direkte slik som politi, NAV og universiteta fungerer etter forholda bra. I alle fall betre enn eg hadde forventa om til dømes kvart fylke skulle hatt sin eigen politiorganisasjon utan anna statleg innblanding enn pengeoverføring og forventning om at alle oppgåvene skal kunne løysast med berre X kroner. Ikkje at eg er utan vidare positiv til at Staten skal drive daglegvarebutikkar på lik linje med dei andre daglegvarekjedene. Det vil etter mitt syn alltid bli feil, særleg ved at Staten kan sette ned matvareprisane og drive med tap utan at det fører til konkurs. Noko slikt kan sjølvsagt ikkje dei andre daglegvarekjedene konkurrere mot, og på sikt vil det føre til at staten ender opp med monopol også på daglegvarer. Eg er likevel litt meir på gli om staten skulle vært den einaste tilbydaren av matvarer slik at ein kunne drifta daglegvarebutikkar på same måte som Vinmonopola som både ein god måte har klart å drifte godt utan å ha profitt som målsetting, og som har klart å oppretthalde eit vareutvalg som er heilt i verdenstoppen, sjølv ute i distrikta. Staten er heilt tydeleg i stand til å drive butikk, men eg synes likevel at det er feil å skulle skvise alle andre daglegvarekjeder ut i konkurs. -
Det bør være en statlig dagligvarekjede
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Oppslagstavlen
Dette er eit ansvar som i stor grad er delegert vidare til kommune og helseforetak, og som staten i beste fall berre har eit overordna ansvar for ved å sitte å halde igjen på pengebevilgninga. Min påstand er at grunnen til at det er så dårleg stilt med vatn, kloakk, straum, og veg er at det har mangla statleg styring som sikrar at det blir brukt pengar på vedlikehald. Det som har skjedd no er at at vedlikehald har blitt nedprioritert for å bruke pengane på andre ting som utbygging sidan kommunene og straumselskap har fått prioritere bruken av pengane sjølv. Heilt enig i dette. Ei av utfordringane med det norske landbruket er at vi har mange små gardar som har lågt produksjonsvolum i forhold til ressursbruken. Ein del stadar har ein hatt suksess med samdrift der fleire bønder samarbeidar om drifta, men det er ikkje heilt utan ulempar med slik kollektiv drift heller. -
Har også Sky Showtime som poengtilvalg i TV-pakka. Er heilt ærleg relativt lite brukt av meg. Kom nyleg over den norske serien Beforeigners har blitt tilgjengeleg på Sky Showtime etter at den forsvant heilt frå nett etter at HBO Nordic vart til Max. Det er kanskje ikkje av dei aller sterkaste seriane men eg liker sci-fi premisset. I litt same sci-fi gate så har også Sky Showtime britiske The Lazarus Project om du liker tidsreiser. I tillegg så har Sky Showtime ein del klassiske serier som var store og populære for 10+ år sidan som nemte Twin Peaks, House og Star Trek om du ikkje har fått med deg disse. Personleg synes eg at Sky Showtime er best på "gamle" filmar, ikkje seriar.
-
Dette er ikkje eit spørsmål som ein enkelt kan svare ja eller nei på. Dei praktiske forholda er at du ikkje har krav etter arbeidsmiljøloven på å få fri til å gå i gravferd verken med eller utan lønn då arbeidsmiljøloven ikkje regulerer dette. Mange tariffavtalar gir likevel slik rettigheit enten direkte eller meir indirekte i form av velferdspermisjon. Ofte er permisjon med lønn forbeholdt gravferd til nær familie. Mange har også personalhandbok som ytterlegare regulerer når ein kan få permisjon. Eg tenker umiddelbart at det er kunstig å bruke familieforhold som målestokk for å vurdere om personen som skal gravleggast er nærståande nok til at du kan få permisjon, kanskje også permisjon med lønn. Det kan jo fort skje at du har ein venn som du ikkje er i slekt med og som stod deg veldig nært samtidig som du har ei biologisk mor som du har brutt all kontakt med. Det er likevel vanskeleg å etterprøve når du for femte gong går til sjefen for å be om permisjon med lønn for å gå i gravferda til naboen din som du hevder du stod veldig nært. No er det ei stund sidan denne aktuelle begravelsen vart gjennomført, men av forhold som eg ville lagt til grunn i eit så lite firma er: -Er det i det heile tatt mogleg for firmaet å innvilge permisjon utan store økonomiske tap? -Nære kollegaer bør vurderast å få permisjon med lønn. -Vil det å få delta i gravferda være viktig med tanke på arbeidsmiljøet? Det kan tenkast at det å gi fri for å reise i graferda kan redusere anna sjukefråvær seinare, og kanskje også bidra til at dei gjenværande blir meir lojale mot firmaet som tek godt vare på sine tilsette. -Kanskje ikkje eit veldig viktig punkt, men det kan også ha ein viss reklameeffekt at både kollegaer og sjefen sjølv er til stades ved gravferda. Faktisk er det vel mange personalhandbøker som har eigne statuttar for at arbeidsgivar kjøper bårebukett til gravferda.
-
Du ligg nok godt ann. Du kan lese deg litt opp her: https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/artikler/hva-er-vanlig-formue Som du ser på grafen så er snittet i aldersgruppa 25-34 år ein nettoformue på 1,33 mill. Du ligg berre ein liten tanke bak. Merk også at det er vanleg å ha 2 mill i gjeld, då fordi ein har kjøpt bustad som også teller med i formuen. Vil likevel også dra fram at sjølv om snittet er litt høgare enn din formue, så ligg du lang over medianen i din aldersgruppe som har ein netto formue på berre 307 500 kr. Så dei aller fleste i din aldersgruppe har mykje mindre deg. Om vi berre ser på medianen som er den formuen som flest personar har så har du ein formue som tilsvarer det dei fleste 50 åringar har opparbeida seg (då med mykje realkapital i verdien på bustaden og eit noko redusert huslån). Det finnes alltid folk som har mykje meir pengar enn deg og som dreg snittet veldig mykje opp, men samanlikna med dei fleste på ditt alderstrinn så har du langt mykje meir i formue enn det som er vanleg å ha.
-
Det er god sannsynlegheit for at marked tek seg opp igjen så fort Trump kjem på betre tankar. Om eg skal prøve å spå framtida så vil eg tru at tollsatane til USA blir ståande ei veke til med tilhøyrande børsfall før Trump går ut og reduserer tollsatsane igjen med dertil normalisering som resultat. For at Trump skal kunne gjere dette utan å miste ansikt så er han likevel avhengig av å kunne påstå at dei andre landa har sagt seg villige til å kome til forhandlingsbordet for å diskutere korleis land som importerer mykje frå USA skal kunne kjøpe like mykje tilbake i form av amerikanske varer. Utfordringa her er at det vil i liten grad være mogleg å få til, mange asiatiske land selg både klær og elektronikk billig til USA, men dei har i liten grad økonomi til å kjøpe tilbake dyre varer produsert i USA. Nettopp det at USA har eit handelsunderskot til disse landa er jo også grunnen til at USA får tilgang til billege varer, hadde USA skulle bytta billige Vietnamesiske joggesko heilt likt i dollarverdi mot f.eks. amerikanske bilar så ville disse joggeskoa måtte bli mykje dyrare og dei amerikanske bilane mykje billegare for at det skal gi meining, og det er nok ingen av landa spesielt interessert i. Så det store spørsmålet er korleis Trump skal klare å ro seg ut av denne situasjonen utan å måtte innrømme at han har gjort eit dyrt feilsteg utan å oppnå noko som helst for USA. Trump sin draum om at heile resten av verden skal forplikte seg til å kjøpe rådyre amerikanske varer som ikkje kan konkurrere på verken pris eller kvalitet vil nok bli med ein draum. Grunnen til at Europa nesten ikkje kjøper amerikanske bilar er jo fordi amerikanske bilar i liten grad oppfyller europeiske behov. Fyrst og fremst ved å være for dyre, men også ved at utanom Tesla er det lite elektriske køyretøy, og at andre land produserer bilar av høgare kvalitet. Kanskje. Det sparer deg for ein del stress at du ikkje treng å tenke på at kursen er negativ, samtidig kan det være at det er akkurat no du bør investere i aksjar/fond for å dra nytte av låg verdi og potensielt høg verdistigning.
- 188 svar
-
- 2
-
-
Burde er politiet i Norge være bevæpnet permanent?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Er også rimeleg sikker på at det etter kvart vil utvikle seg ein kultur med å bruke det verktøyet som er enklast å bruke for å løyse oppdraget. Oppdrag som i dag blir løyst med tilsnakk, batong, pepperspray i mangel på bevæpningsordre kan fort bli løyst ved å trekke pistolen for å oppnå tilsvarande avskrekkande og avvæpnande effekt på gjerningspersonen. Mitt største ankepunkt med generell bevæpning er at dersom ein full bråkemaker går raskt mot politiet så blir løysinga med våpen på hofta ofte at det er politiet som tek nokre skritt bak og samtidig trekker våpen. Utan våpen på hofta så er det meir naturleg å tette avstanden og være i posisjon til å legge bråkemakeren i bakken utan frykt for at bråkemakeren kan få tak i pistolen under basketaket. Eg vil være meir positiv til generell bevæpning om slik bevæpning blir innført med fornuftige avgrensingar, som at våpenet ikkje skal være skyteklart i normalsituasjonar og at våpenet kan låsast inn i bilen ved arbeidsoppgåver der det er viktig med sivilt preg, som til dømes ved førebyggande arbeid opp mot barn og unge. Utfordringa her er at dersom regjeringa gir løyve til fast bevæpning så vil regjeringa i liten grad kunne detaljstyre korleis dette blir gjennomført i praksis. -
Forbundsstaten Norden: En visjon hvis tid har kommet?
The Avatar svarte på Joanne sitt emne i Politikk og samfunn
Er svært usikler på om alle ulempane med å starte ein ny nasjon er verdt det, i alle fall sett opp mot gevinstane vi mykje enklare kan hente gjennom eit nordisk samarbeid. Er særleg skeptisk til alt byråkratiet som må samordnast. Sjølv om vi har mykje likheiter så har vi også mykje forskjellar. Vi må mellom anna vedta heilt nye lovar og reglar, og alle som opererer etter lov og forskrift må lære dei nye reglane. Dette vil medføre ei enorm omstilling som både kjem til å ta tid og koste mykje. Realistisk sett så er tanken om ein slik føderasjon berre realistisk sett etter mange år med aktivt samarbeid med fokus på å standarisere og nærme oss kvarande på måten vi driv nasjonane på. Kommune og fylkessamanslåinga blir berre barnemat samanlikna med dette, og då handla det nesten berre om å endre kvar og kven som skulle gjere jobben. Den nye samanslåtte kommuna skulle gjere dei same oppgåvene, under same regelverk, og utan behov for å omskulere dei tilsette. Ein ny føderasjon er noko heilt anna og vil koste ekstremt mykje og i tillegg vil vi være svekka i lang tid ved at vi har alt for få personar som kan levere offentlege tenester i samsvar med ein ny nordisk nasjon. Då er det mykje meir realistisk å holde på dagens nasjonar, og heller fokusere på samarbeid. -
Synes rådet her er lite tydeleg frå mattilsynet. Fyrst seier dei at lukta skal forsvinne omgåande, deretter står det at det skal lukte både tydeleg og skarpt av sjølve kjøttet. For meg gir dette lite meining og eg står stødig i å tørke av kjøttet og deretter ta ein ny luktetest.
- 19 svar
-
- 2
-
-
Om det fortsatt er to dagar igjen på holdbarheita så ville eg tørka av fileten og lagt den tilbake i kjøleskapet for ein ny lukt-test litt seinare. Mest truleg så er det berre kjøtt-safta som det lukter litt surt av og ikkje sjølve kyllingkjøttet.
- 19 svar
-
- 2
-
-
Gyldigheita er nok av liten betydning, denne avtalen er uansett snart 10 år gamal og er ikkje lenger relevant. Det som sjølvsagt kan være tvil om er om kontrakten er reell då det mangler underskrift av Gjert, men dette får ein nok klarheit i. Formålet med å legge fram denne kontrakta er nok å vise graden av kontroll som er utøvd, her til og med i skriftleg form. Slike avtalar som stiller vilkår for å få låne bil er relativt vanlege, men det er fleire forhold i denne avtalen som er regelrett urimelege. Særleg inngripande er nok kontraktens siste setning som i praksis gir Gjert all myndigheit til å avgjere om kontrakten er brutt eller ikkje.
- 623 svar
-
- 2
-
-
Mistenker at dette har meir med at mange har feiljusterte lys. Sidan nye bilar heller ikkje skal inn tl EU-kontroll før etter 4 år så er det gode muligheiter for at feiljusteringa ikkje blir påpeikt på ei stund. Utan å ha belegg for påstand så kan eg lett så for meg at mange verksted tar lett på kontrollering og justering av lysa då dette kan være litt pirkete arbeid som krever nøyaktigheit, for ikkje å snakke om å forsikre at bilen står plant, har rett dekktrykk og slikt før ein justerer lysa. Eg vil likevel også dra fra at med dei nye LED lysa så får du vesentleg mykje betre sikt når du bruker fjernlysa, så i kva grad dei nye LED lysa er farlegare på grunn av blending, eller tryggare på grunn av betre sikt er eg neimen ikkje heilt sikker på. I tillegg er det også mykje feil lysbruk generelt sett, frå den gamle klassikaren der ein kjøyrer med grøftelys og nærlys samtidig, til dei meir nyintroduserte feila med at ein let automatikken ta seg av alt frå automatisk nedblending av fjernlysa til å slå på baklysa når det blir mørkt nok.
-
Hovedregelen i arbeidslivet er at folk skal tilsettast i fulltidsstillingar, det er også arbeidsmiljølovens hovedregel: Når ikkje anna stillingsprosent er presisert så følger det at stillinger er ei heiltidsstilling. I tillegg så skal arbeidsgiver som du ser ha skriftleg dokumentasjon på at det er behov for å lyse ut deltidsstilling, som igjen understreker behovet for å presisere at det er snakk om deltidsstilling. Merk likevel at arbeidsmiljølova aksepterer vekentleg arbeidstid på 40 timar, og seier ingenting om lønn. Det hadde sjølvsagt vært ryddig av deg å etterspørre bekreftelse på stillingsprosent, om du får gratis kaffe på jobben, om det er fleksitidsordning, muligheit for gratis parkering, om du fritt kan forlate arbeidsplassen i matpausa, osv, osv, men det er heilt vanleg å berre akseptere at slike ting er innafor det som er å rekne som normalt i arbeidslivet.
-
Til dette finnes det programvare i både gratis og betalingsversjon som analyserer bildefiler på jakt etter indikasjon på manipulering. Slik programvare vil typisk gjere ein betre jobb til å avdekke juksing med bilder, og kanskje aller viktigast i ei sak der du treng å være 100% sikker på om bildet er originalt eller manipulert så vil du ved bruk av programvare kunne la motparten gjere sine eigne undersøkingar og få same resultat. Leiger du inn ein eigen ekspert som kan vitne i din favør om at vedkommande har zooma heilt inn på pixlane og meiner på at det er uoverstemmelsar i fargenyansane, så har det mindre bevistyngde. Det er riktignok ein ekspertuttaling men det er også stor fare for at motparten finner sin eigen "ekspert" som kjem med motsatt konklusjon.
-
Det dette betyr er at dersom det stemmer at det ikkje foreligger ein kostnadsoversikt så så har Trump ingen plan med denne annekteringa utover at han ønsker ein amerikansk stat oppe i arktis slik at det er mogleg for USA å ha ein større militær tilstedeværelse. Det virker i alle fall ikkje som at Trump-administrasjonen har hatt nokon tankar for korleis dei vil ivareta grønlenderane utover at dei burde være taknemmelige for å bli amerikanske statsborgarar utan at det i seg sjølv medfører nemneverdige fordelar. Dette igjen tyder på at Trump har meint alvor når han snakka om å ta Grønland militært, der planen har vært at grønlendarane skal sendast på flukt. Om Trump hadde tenkt å gi grønlederane eit godt tilbod for å bli ein del av USA i staden for Danmark så er det ei umoglegheit at han som skryter av å være så god business mann ikkje har tenkt på kva det kostar å ta over eit land, eit folk og eit samfunn. Grønland har liten produksjon av varer og tenester som gir inntekter og klarer berre å dekke 60% av eige BNP gjennom eiga verdiskapning, resten må dei få frå Danmark. Det vil være minstekostnaden som Trump må hoste opp om grønlendarane skal ha identisk tilbod som dei har i dag. Det Trump burde vurdere før han slang med leppa og gjorde det umogleg å samarbeide med Grønlkand/Danmark er å vurdere om alle disse pengane som Trump no gjerne vil investere i å ta over Grønland heller kunne vært brukt på å bygge militærbasar i samsvar med avtalen som er inngått. For 0,85 milliarder dollar årleg så kunne ein finansiert mykje militær tilstedeværelse, og dette er minimumskostnaden forutsatt at USA heilt uproblematisk kan ta over for Danmark utan at kostnadane auker. I denne summen ligg både direktetilskota frå danmark i reine pengar samt kostnaden ved å tilby tenester knytt til politi og rettsvesen.
-
Det som kan problematiserast er i kva grad du har berettiga forventning til at ein privat samtale blit hold privat mellom dei som var til stades. Her tek lovverket utgangspunkt i at om du for å sjølv huske samtalen tek lydopptak, noterer, eller berre husker samtalen går for det samme. Med dagens teknologiutvikling så kan ein nok ikkje forvente mindre opptak. Det som kan være aktuelt er å justere regelverket på bruken av slike opptak, som til dømes at i ein rettssak så kan ikkje opptaket leggast fram direkte men må i staden gjenfortellast av den som var til stades og gjorde opptaket. Men ei slik endring vil også ha negativ betydning, som til dømes at det blir vanskelegare å legge fram sterke bevis.
-
For min eigen del så er det rollen i Kiss Kiss Bang Bang eg huskar han best frå.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Det er lov til å dokumentere det aller meste med både lyd og video etter åndsverksloven. Det er stort sett bruken av opptaket som kan være straffbar etter straffelova. Nokre unntak er det som når filminga i seg sjølv utgjer ei krenking av privatlivets fred eller når fotografering er gjort ulovleg av andre grunnar som til dømes sikkerheitsomsyn. Om det er lov å gjere opptak for å bruke opptaket i ei konflikt kjem mykje ann på formålet og særleg i kva grad opptaket viser dei faktiske forhold. Eg er glad for at vi i Norge har fri bevisførsel, det viktigaste er å få klarheit i kva som har skjedd, så kan ein heller straffe den som har skaffa bevisa på ulovleg måte etterpå. Det er likevel slik at eit opptak åleine er ikkje lenger eit vasstett bevis, og retten tek med seg i bevisvurderinga at ein berre får ein liten del av samtalen.
- 35 svar
-
- 2
-