
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Dette er unøyaktig sitert. Eg antek at du her meiner situasjon der ein leigetakar leiger eit rom i andres bustad? Eventuelt at det er snakk om å leige ut eit rom i eigen bustad? Å leige eit rom i eigen bustad gir ingen meining sidan leigetakar då alt har bruksrett i form av å være eigar. Uansett det du beskriver her er at det er du som er huseigar, og i kjellaren har du ei (ikkje godkjent) leilegheit som du leiger ut til to eller fleire leigetakarar som kvar disponerer eit soverom og deler kjøkken og bad. Formuleringa i husleieloven er " der leieren etter avtalen har adgang til en annens bolig". At du som huseigar/utleigar har tilgang til utleigedelen er då ikkje av betydning, det som er viktig her er at leigetakaren har adgang til den delen av bustaden som også den andre leigetakaren bruker som sin bustad. At leigetakaren har tilgang til ein annens bolig påvirker oppseiingstida. Husleieloven § 9-6: Hovudregelen er tre månedar oppseiingstid ved vanleg leige, og ein måned der ein leiger eit rom og har ein bruksrett på resten av bustaden (kjøkken, bad og ofte stove), altså typiske bokollektiv. Merk likevel at det er lov å fråvike denne paragrafen om det er gjort avtale om anna oppseiingstid. I enkelte kollektiv, og særleg i kollektiv der det er utleigaren som inngår leigeavtale med kvar enkelt bebuar slik at dei som bur i kollektivet ikkje kan bestemme kven som flyttar inn, så er det forholdsvis vanleg å avtale kortare oppseiingstid. Dette fordi det på begge sider kan oppstå behov for å raskt bytte ut ein leigetakar som ikkje går godt overeins med dei øvrige leigetakarane. Det du spør om er regulert i § 9-7: Normalt skal oppseiinga være skriftleg, begrunna og opplyse om klageadgang. Men i siste ledd står det at ledd 2 og 3 ikkje gjeld i kollektiv. Oppseiinga må i alle tilfelle være skriftleg. Du kan seie opp den eine eller begge/alle leigetakrane som du har i kjellaren og som deler kjøkken og bad utan å måtte oppgi ein grunn for oppseiinga. Oppseiingstida skal være på 1 måned med mindre du har avtalt anna oppseiingstid i leigeavtalen. Eg vil nok påstå at i praksis så betyr det lite at det ikkje er krav om at oppseiinga skal være begrunna i eit kollektiv, det er i dei fleste tilfeller heilt uproblematisk å gi ei begrunning uansett. Eit grunnlag for å avslutte leigeforholdet er typisk at eine bebuaren ikkje klarer å oppføre seg fint ovanfor dei andre i kollektivet enten det er snakk om ein personleg konflikt, manglande vilje til å gjere husarbeid, eller liknande forhold som gjer det lite aktuelt å fortsette leigeforholdet.
- 11 svar
-
- 1
-
-
Det verste er at til tross for at Amazon berre har rettigheiter til bøkene og ikkje filmane til Peter Jackson så er serien stapp full av visuelle grep som er heilt klart referanser til Peter Jackson sine filmar då tilsvarande scene ikkje finnes i bøkene. Om dei ville lage serie basert på Peter Jackson så burde Amazon brukt noko av budsjettet sitt på å kjøpe rettigheitene, eller så burde dei ha laga ein serie som ikkje er basert på Peter Jackson sine filmar. Når dei ikkje en gong hadde rettigheitene til å kalle Hobbitar for hobbit så kunne dei etter mitt syn like gjerne laga ein original fantasy serie. Feilen som Amazon gjer igjen og igjen er at dei prøver å appellere til alle, med det resultat at serien appellerer til ingen. Til dømes så er det mange fans av Lord of the Rings som er fans av slik fantasy nettopp fordi det er klare og tydelege skiller. Der dei gode er dei høge og lyshåra alvane, og dei korte hobbitane med store føter og dei onde er orkane med skarpe tenner. Det er kanskje ikkje realistisk at alle orkar er onde, men det er heller ikkje realistisk med magiske ringar og troll. For å ta det litt tilbake til temaet så er det nok grunn til å frykte at serieskaparane av ein Tomb Raider serie hadde ønska å gjere serien meir "realistisk" og med det gjort heile serien mindre interessant. Det store grunnpreget til Laura Croft er at ho både er tøff og sterk samtidig som at ho er feminin med store puppar og korte shorts.
- 8 svar
-
- 2
-
-
Tokyo er rekna som ein av verdens dyraste byar. Lønnsnivået i Japan er omtrent som i Norge, noko som også betyr at kostnadane er omtrent på norskt nivå. Så du må forvente at hotellprisane er på norskt nivå eller litt høgare sidan Tokyo er ein storby.
- 10 svar
-
- 1
-
-
Manglande kunnskap har blitt eit stort demokratisk problem, også blant politikarane. Når politikarane får saksgrunnlag som er for store til å klare å sette seg inn i så blir det eit problem, og då kan vi i alle fall ikkje forvente at innbyggarane klarer å sette seg inn i alle aspekt. Brexit er eit godt døme der ein stemte utifrå kva ein trudde var rett, kanskje ein også var så naive at britane trudde at politikarane hadde ein plan for å framforhandle nye avtalar etter EU.
- 679 svar
-
- 2
-
-
-
Eg trur ikkje slike ting er ein bevist strategi, mangelfulle spelmekanikk er jo slike ting som kan gjere at fyrste spelet ikkje selg noko særleg og då blir det i alle fall ingen oppfølgere. I eksempelet med Sniper Elite så trur eg at svaret er så enkelt som at dei i utviklinga satsa alt på skytedelen. Det som eg derimot trur er ein bevist strategi er at spelstudioa ikkje tek seg tid til å ferdigutvikle spela før spelet blir utgitt, gjerne som early access. Då får vi spel som manglar diverse funksjonar fordi tida ikkje strakk til, og fordi ein til ei viss grad kan selge dette som DLC på eit seinare tidspunkt.
-
Det er ganske mange som ryker på intervju-delen, så det handlar nok meir om at PHS ikkje klarer å avdekke alt. Eg er ellers berre delvis einig i at politiet tiltrekker seg maktsjuke personar. Som politimann har ein mykje makt men samtidig er det ikkje like lett å sleppe unna sidan politiet alle følger med på politiet og har låg terskel for å anmelde. For dei som vil praktisere makt finnes det mange andre yrker der ein virkelig kan bølle med andre utan at ein så lett blir tatt for det. Eg trur nok det er meir eit problem med adrenalin-junkies som søker seg til politiet for å kunne køyre fort, bruke våpen, og andre ting som gir spenning.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Er nok ikkje eit stort tap, sjølve historia i Tomb Raider var vel det som var minst interessant. Og for å være ærleg så var Laura Croft ein forferdeleg dårleg arkeolog der ho knuste og øydela historiske gjenstandar i håp om å finne ein skatt. Med mindre dette var planlagt som ein reinspikka action serie så er det lite spennande å hente frå denne merkevaren, då kan dei like gjerne lage sitt eige univers i staden for å lage noko dårleg basert på Tomb Raider merkenavnet.
- 8 svar
-
- 1
-
-
I beste fall får vi ein rettsleg avklaring på kva som er psykisk vold og kva straffenivået skal være. Det vanskelege med psykisk vold er å bevise at det forelåg ein intensjon om å bruke psykisk vold til å endre eller stoppe uønska oppførsel, som igjen må kunne skillast klart frå det som er lovleg i rollen som foresatt. Den prevantive virkninga kan være at enkelte reflekterer over om deira eigen oppførsel ovanfor eigne barn kan være slik psykisk vold, men eg trur nok at denne situasjonen er såpass spesiell at det er få som vil finne likheiter opp mot oppdraginga av eigne barn.
- 623 svar
-
- 2
-
-
Viktig kontrollspørsmål, har du meir enn ein lokalbutikk? Det skader ikkje å prøve eit lite framstikk, men samtidig så kan det være greit å ikkje stå ansikt til ansikt med same dama omnesten kvar dag om alt går skeis enten ved at du blir avvist der og då eller ved at du inngår eit kortvarig forhold.
- 42 svar
-
- 3
-
-
Det kjem veldig ann på kva ein anser som "jobbintervju", at det er noko overlapp i kva ein snakkar om både både date, jobbintervju og som småprat med ein nabo er ganske naturleg. Dei mest særegne jobbintervjuspørsmåla har eg aldri høyrt på date, spørsmål som; kva er dine fem mest positive eigenskapar? Fortell om ein gong der du har løyst ei arbeidsoppgåve på ein god måte? Eller, korleis taklar du konflikter på arbeidsplassen? Dette er spørsmål eg aldri har høyrt i dating samanheng. At ein date for kan foregå som eit intervju er heilt vanleg, heile poenget er tross alt å bli kjent med personen, både heilt overflatisk som kva ein jobbar med, alder, om ein har søsken, osv og meir djuptgåande spørsmål som kva ein ønsker ut av eit forhold og kva fritidsinteresser du har. Alternativet er jo den klassiske drikke seg sveiseblind, ha tilfeldig sex, og aldri dra. Det er nokre forhold som har har starta på den måten der ein blir kjent med kvarandre undervegs i forholdet, særleg om sexen førte til barn. Det vanlegaste (og ryddigaste) er å bli kjent med personen før ein inngår meir langvarige forpliktingar. Om ein bruker daten som ei utspørring for å finne "red flags" så er det noko heilt anna, og er nok forbeholdt dei som er blitt veldig kravstore. Eg meiner også at du skal være ekstremt god menneskekjenner om du klarer å analysere personen heilt korrekt basert på små ting som du legge merke til på første date. Typiske røde flagg som ein ofte høyrer at folk ser på under ein date som at daten virker for interessert eller at daten bruker meir enn 60 sekund på å svare på SMS, er eigentleg berre eksempler på unskuldningar som ein sjølv kan bruke for å ikkje gi daten ein sjanse. Og joda, det finnes folk som er så keen på fast forhold at dei har ein tidsplan for huskjøp, baby og stasjonsvogn at du sjølv ikkje rekk å tilpasse deg ein slik plan. Men då er det ikkje daten som utviser eit raud flagg, då er det du som har gått på date til tross for at du ikkje er villig til å gjere anna enn å dyppe tåa i vatnet medan daten gjerne vil stupe. Det er nesten ingen som snakkar om raude flagg i dating samaheng som er "ekte" raude flagg som du må ta på alvor og kome deg vekk fortast mogleg, som at daten forteller at dei har problem med rus og sinne, at draumepartneren er ein person som ikkje har andre hobbyar eller venner enn partneren, eller at har hakekorstatovering på halsen, og andre slike meir alvorlege ting som kan tyde på overhengande fare for partnervold og misbruk. Men kom ikkje her og sei at folk som gjekk frå daten fordi partneren hadde "crazy eyes" har spesielt godt vitenskapleg grunnlag for å påstå at det var augene som avslørte at dette ville blitt eit skadeleg forhold. I 100% tilfella så ser ein det ein vil sjå, og bruker det som unskuldning for å ikkje opne seg sjølv opp for eit romantisk forhold.
- 22 svar
-
- 1
-
-
Forbundsstaten Norden: En visjon hvis tid har kommet?
The Avatar svarte på Joanne sitt emne i Politikk og samfunn
Som Sverige? Dette er sjølvsagt ikkje eit spørsmål som er svart/kvitt, men det er viktig å ta ei avveging mellom å frivillig gi frå oss sjølvstendigheita ved å underlegge oss ein stat fordi det kan være ein risiko for at vi ender opp med å bli underlagt ein annan stat. Om Norge ikkje kan forbli sjølvstendig så er det openbart betre for oss å bli styrt frå Stockholm samanlikna med å bli styrt frå Moskva, det foretrukne alternativet er likevel å sikre vår sjølvstendigheit ved avtalar og alliansebygging utan å selge vår sjølvstendigheit. Eg klarer ikkje å sjå at dette forslaget har openbare fordelar som vi ikkje også kan oppnå gjennom eit nordisk samarbeid utan å danne ein føderasjon. Eg er ikkje overbevist om at vi som ein nasjon med 25 mill innbyggarar og ei felles stemme inn i internasjonale forum stiller spesielt mykje sterkare enn når vi tropper opp i FN med fem representantar som til tross for mindre representasjon i ryggen har fem likelydande stemmer inn i debatten. Eg ser argumentet om at ein Nordisk føderasjon kan bli store nok til å få ein rolle inn i G20 med dagens opptakskrav, samtidig så er G20 eit sjølvoppnemt organ så det er ingen automatikk i at alle land på topp 20 lista over økonomiar får innpass i dette organet. Sjølv om at eg ikkje er ein sterk EU støtter så er det også verdt å nevne at det 20. medlemmet er EU og ikkje ein stat, noko som både viser at det ikkje er nødvendig å være ein etablert Stat for å bli invitert, og at både Sverige, Danmark og Finland alt er inne i varmen gjennom å bli representert av EU.- 64 svar
-
- 1
-
-
Dette er litt på siden av trådens tema, men i kva grad kjernekraft er regulerbart eller ikkje er meir eit definisjonsspørsmål. Kjernekraft er mindre regulerbart enn til dømes vasskraft der vi kan spare magasinert vatn for å produsere meir straum på eit seinare tidspunkt, men i motsetting til vindturbiner som ikkje kan produsere straum om det er for lite eller for mykje vind, så kan kjernekaft regulerast ved å sleppe dampen forbi turbinen. Utslepp av damp som ikkje produserer straum er ofte vekkasta energi om varmen ikkje blir brukt til andre ting som fjernvarme, men eg synes at det er unøyaktig å seie at kjernekraft ikkje er regulerbar som at anlegget putrar og går med konstant straumproduksjon 24/7 når det fyrst er starta opp. Eg meiner at det er meir korrekt å kategorisere kjernekraft som ei mellomklasse mellom regulerbar og ikkje regulerbar kraft. Også vasskraftverk som er sett på som sterkt regulerbart må i våte perioder tole det økonomiske tapet med å tappe ned vassmagasina utan å produsere straum for å hindre at demningane flommer over.
- 188 svar
-
- 1
-
-
Det er lite konkrete tal å ta utgangspunktet i. Men om du i dag har buutgifter på berre 6500 kr i måneden alt inkludert og du er fornøgd med å bu slik så er det ikkje gitt at det lønner seg for deg å låse opp pengane dine i fast eigedom. Om eg også antek at du i dag bur litt usentralt gitt den låge leigeprisen så vil kjøp av bustad i same område truleg ikkje være eit sterk investering ettersom bustadprisane auker relativt lite i disse områda. Ofte vil det nok lønne seg på lang sikt å ende opp i ein nedbetalt bustad, men det er jo også eit spørsmål om kva du prioriterer å bruke pengar på. Med ei såpass billeg huseleige så har du ganske mykje pengar til overs som du kan bruke på sparing eller heilt andre ting, tek du opp bustadlån så blir det nokre magrare år til du har fått betalt godt ned på lånet. I tillegg så er det eit spørmål om kor gamal du er, kor lenge du forventer å leve, og kva du forventer å ha i pensjon. Er du ung og kan kjøpe bustad i sentrale strøk der det er sannsynleg med ei god verdistigning på bustaden så skal det ein del til for at det ikkje lønner seg å kome seg inn på bustadmarkedet raskast råd, også om det medfører at du i ei periode verken har pengar i banken som du har renteinntekter på eller pengar til overs til å bruke på anna enn å betale ned lån. Samtidig, er du 60 år, og ser for deg å pensjonere deg rimeleg snart til tross for minimal pensjonsoppsparing, og i tillegg ikkje har ein einaste slektning som vart eldre enn 80 år, då er det mykje betre å fortsette å leige billig sidan du då har renteinntekter som med god margin dekker leigekostnadane dine, og sånn sett har same "fordelen" som andre pensjonistar som sitt i nedbetalt bustad utan å ha sparepengar som gir renteinntekter. Om det reint økonomisk lønner seg kjem heilt ann på: -Kor stort bustadlån treng du å ta opp for å kjøpe? -Kor mykje kan du klare å betale i måneden --> jo meir du klarer å betale jo raskare nedbetaling. -Kva er forventa verdiauking på den aktuelle bustaden? --> Og er den vesentleg høgare enn det du kan forvente at husleiga di kjem til å auke? -Og kva andre investeringsmuligheiter har du for å plassere pengane? Det å eige primærbustad er forholdsvis gunstig i Norge. -Sist men ikkje minst, kor langt tidsperspektiv ser du for deg?
- 39 svar
-
- 2
-
-
Kravet til BMI er vel på 35, så du er nok innafor dette kravet. Kravet er satt på forholdsvis objektivt grunnlag, som at ein overvektig person ikkje kjem seg gjennom mannlukene som potensielt kan være nødvendig evakueringsveg, samt at det kan være vanskeleg å få på seg ei standard overlevingsdrakt om ein er for stor.
-
Er ganske sikker på at den var HBO eksklusive, og at kritikken når HBO fjerna serien var at den vart heilt utilgjengeleg i Norge, normalbakken er det nettopp ved slike overgangar at serier blir lisensiert ut til andre. Mulig NRK var delvis involvert på produksjonssida eller med tilrettelegging sidan produksjonen foregikk i Norge og Oslo.
-
Om du med gamle dekk meiner at dei har blitt harde men fortsatt har godkjent mønsterdybde så er det dårleg veggrep og større fare for punktering av at gummien har lettare for å sprekke som er største ulempane. Når det gjeld forbruket så varierer det med dekktrykket, men ofte vil du nok oppleve lågare forbruk ved at det er dårlegare friksjon mot underlaget.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Her har du nok ein dårleg sak då det meste av dette var ting du viste om eller burde vist om. Med mindre du har betalt overpris så har du kjøpt heilt vanleg bustad, om dette er det som er av feil og manglar så er du eigentleg heldig. 1. At kjellarstova ikkje er godkjent for varig opphold er heilt normalt, her har også selgar vært tydeleg på at dette arealet må reknast som bod. At du har undervurdert kva som krevs for å bruksendre kan ikkje selgar lastast for. Reint pragmatisk sett så er det heller ikkje gitt at du må få kjellaren godkjent for å bruke den sjølv, du kan til og med leige ut så lenge du er tydeleg på at kjellarstova ikkje er godkjent og at kjellarstova ikkje er farleg å oppholde seg i, særleg med tanke på rømmingsvegar og ventilasjon. 2. Saltutslag er eit teikn på fukt, men treng ikkje å være noko som er kritisk å rette opp i då det ikkje skader muren. For deg er dette kanskje eit viktig punkt om du planlegg å innrede og få kjellaren godkjent, men også dette var det opplyst om. 3. At avløpsrøret må skiftast snart er vanleg vedlikehold på linje med at du etterkvart også må samarbeide med naboen om å få malt rekkehuset.
- 12 svar
-
- 2
-
-
Du får unnskylde om dette var meint ironisk, men poenget til politiet er ikkje offentleg avstraffing. Ransaking kan skje offentleg, typisk på gata og liknande der det ikkje finnes gode alternativ for å gjere det meir skånsomt. Alternativet er ofte å bli arrestert og ført til politistasjonen, noko som er den korrekte framgangsmåten men kan likevel oppleves som meir belastande enn å la politiet får ta ein titt der du er. Eg er einig med deg at skjerma ransaking ikkje er det beste om du har dårleg tillit til politiet og fryktar å få fabrikert bevis mot deg, likevel vil politiet vanlegvis unngå å ta slike ting i full offentlighet nettopp for å unngå å bli tatt for å ikkje ha gjennomført ransakinga så skånsomt som mogleg.
- 79 svar
-
- 1
-
-
Det bør være en statlig dagligvarekjede
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Oppslagstavlen
Det hadde nok fort skjedd noko liknande om staten hadde krevd at til dømes kvar kommune skulle drifte ein daglegvarebutikk, men om staten hadde drevet direkte så hadde nok resultatet blitt betre (og ikkje minst likt over heile landet). Sjølv om det sikkert ikkje er så populært å skryte av kva Staten får til som er bra, så meiner eg at dei tenestene som staten leverer direkte slik som politi, NAV og universiteta fungerer etter forholda bra. I alle fall betre enn eg hadde forventa om til dømes kvart fylke skulle hatt sin eigen politiorganisasjon utan anna statleg innblanding enn pengeoverføring og forventning om at alle oppgåvene skal kunne løysast med berre X kroner. Ikkje at eg er utan vidare positiv til at Staten skal drive daglegvarebutikkar på lik linje med dei andre daglegvarekjedene. Det vil etter mitt syn alltid bli feil, særleg ved at Staten kan sette ned matvareprisane og drive med tap utan at det fører til konkurs. Noko slikt kan sjølvsagt ikkje dei andre daglegvarekjedene konkurrere mot, og på sikt vil det føre til at staten ender opp med monopol også på daglegvarer. Eg er likevel litt meir på gli om staten skulle vært den einaste tilbydaren av matvarer slik at ein kunne drifta daglegvarebutikkar på same måte som Vinmonopola som både ein god måte har klart å drifte godt utan å ha profitt som målsetting, og som har klart å oppretthalde eit vareutvalg som er heilt i verdenstoppen, sjølv ute i distrikta. Staten er heilt tydeleg i stand til å drive butikk, men eg synes likevel at det er feil å skulle skvise alle andre daglegvarekjeder ut i konkurs. -
Det bør være en statlig dagligvarekjede
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Oppslagstavlen
Dette er eit ansvar som i stor grad er delegert vidare til kommune og helseforetak, og som staten i beste fall berre har eit overordna ansvar for ved å sitte å halde igjen på pengebevilgninga. Min påstand er at grunnen til at det er så dårleg stilt med vatn, kloakk, straum, og veg er at det har mangla statleg styring som sikrar at det blir brukt pengar på vedlikehald. Det som har skjedd no er at at vedlikehald har blitt nedprioritert for å bruke pengane på andre ting som utbygging sidan kommunene og straumselskap har fått prioritere bruken av pengane sjølv. Heilt enig i dette. Ei av utfordringane med det norske landbruket er at vi har mange små gardar som har lågt produksjonsvolum i forhold til ressursbruken. Ein del stadar har ein hatt suksess med samdrift der fleire bønder samarbeidar om drifta, men det er ikkje heilt utan ulempar med slik kollektiv drift heller. -
Har også Sky Showtime som poengtilvalg i TV-pakka. Er heilt ærleg relativt lite brukt av meg. Kom nyleg over den norske serien Beforeigners har blitt tilgjengeleg på Sky Showtime etter at den forsvant heilt frå nett etter at HBO Nordic vart til Max. Det er kanskje ikkje av dei aller sterkaste seriane men eg liker sci-fi premisset. I litt same sci-fi gate så har også Sky Showtime britiske The Lazarus Project om du liker tidsreiser. I tillegg så har Sky Showtime ein del klassiske serier som var store og populære for 10+ år sidan som nemte Twin Peaks, House og Star Trek om du ikkje har fått med deg disse. Personleg synes eg at Sky Showtime er best på "gamle" filmar, ikkje seriar.
-
Dette er ikkje eit spørsmål som ein enkelt kan svare ja eller nei på. Dei praktiske forholda er at du ikkje har krav etter arbeidsmiljøloven på å få fri til å gå i gravferd verken med eller utan lønn då arbeidsmiljøloven ikkje regulerer dette. Mange tariffavtalar gir likevel slik rettigheit enten direkte eller meir indirekte i form av velferdspermisjon. Ofte er permisjon med lønn forbeholdt gravferd til nær familie. Mange har også personalhandbok som ytterlegare regulerer når ein kan få permisjon. Eg tenker umiddelbart at det er kunstig å bruke familieforhold som målestokk for å vurdere om personen som skal gravleggast er nærståande nok til at du kan få permisjon, kanskje også permisjon med lønn. Det kan jo fort skje at du har ein venn som du ikkje er i slekt med og som stod deg veldig nært samtidig som du har ei biologisk mor som du har brutt all kontakt med. Det er likevel vanskeleg å etterprøve når du for femte gong går til sjefen for å be om permisjon med lønn for å gå i gravferda til naboen din som du hevder du stod veldig nært. No er det ei stund sidan denne aktuelle begravelsen vart gjennomført, men av forhold som eg ville lagt til grunn i eit så lite firma er: -Er det i det heile tatt mogleg for firmaet å innvilge permisjon utan store økonomiske tap? -Nære kollegaer bør vurderast å få permisjon med lønn. -Vil det å få delta i gravferda være viktig med tanke på arbeidsmiljøet? Det kan tenkast at det å gi fri for å reise i graferda kan redusere anna sjukefråvær seinare, og kanskje også bidra til at dei gjenværande blir meir lojale mot firmaet som tek godt vare på sine tilsette. -Kanskje ikkje eit veldig viktig punkt, men det kan også ha ein viss reklameeffekt at både kollegaer og sjefen sjølv er til stades ved gravferda. Faktisk er det vel mange personalhandbøker som har eigne statuttar for at arbeidsgivar kjøper bårebukett til gravferda.
-
Du ligg nok godt ann. Du kan lese deg litt opp her: https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/artikler/hva-er-vanlig-formue Som du ser på grafen så er snittet i aldersgruppa 25-34 år ein nettoformue på 1,33 mill. Du ligg berre ein liten tanke bak. Merk også at det er vanleg å ha 2 mill i gjeld, då fordi ein har kjøpt bustad som også teller med i formuen. Vil likevel også dra fram at sjølv om snittet er litt høgare enn din formue, så ligg du lang over medianen i din aldersgruppe som har ein netto formue på berre 307 500 kr. Så dei aller fleste i din aldersgruppe har mykje mindre deg. Om vi berre ser på medianen som er den formuen som flest personar har så har du ein formue som tilsvarer det dei fleste 50 åringar har opparbeida seg (då med mykje realkapital i verdien på bustaden og eit noko redusert huslån). Det finnes alltid folk som har mykje meir pengar enn deg og som dreg snittet veldig mykje opp, men samanlikna med dei fleste på ditt alderstrinn så har du langt mykje meir i formue enn det som er vanleg å ha.
-
Det er god sannsynlegheit for at marked tek seg opp igjen så fort Trump kjem på betre tankar. Om eg skal prøve å spå framtida så vil eg tru at tollsatane til USA blir ståande ei veke til med tilhøyrande børsfall før Trump går ut og reduserer tollsatsane igjen med dertil normalisering som resultat. For at Trump skal kunne gjere dette utan å miste ansikt så er han likevel avhengig av å kunne påstå at dei andre landa har sagt seg villige til å kome til forhandlingsbordet for å diskutere korleis land som importerer mykje frå USA skal kunne kjøpe like mykje tilbake i form av amerikanske varer. Utfordringa her er at det vil i liten grad være mogleg å få til, mange asiatiske land selg både klær og elektronikk billig til USA, men dei har i liten grad økonomi til å kjøpe tilbake dyre varer produsert i USA. Nettopp det at USA har eit handelsunderskot til disse landa er jo også grunnen til at USA får tilgang til billege varer, hadde USA skulle bytta billige Vietnamesiske joggesko heilt likt i dollarverdi mot f.eks. amerikanske bilar så ville disse joggeskoa måtte bli mykje dyrare og dei amerikanske bilane mykje billegare for at det skal gi meining, og det er nok ingen av landa spesielt interessert i. Så det store spørsmålet er korleis Trump skal klare å ro seg ut av denne situasjonen utan å måtte innrømme at han har gjort eit dyrt feilsteg utan å oppnå noko som helst for USA. Trump sin draum om at heile resten av verden skal forplikte seg til å kjøpe rådyre amerikanske varer som ikkje kan konkurrere på verken pris eller kvalitet vil nok bli med ein draum. Grunnen til at Europa nesten ikkje kjøper amerikanske bilar er jo fordi amerikanske bilar i liten grad oppfyller europeiske behov. Fyrst og fremst ved å være for dyre, men også ved at utanom Tesla er det lite elektriske køyretøy, og at andre land produserer bilar av høgare kvalitet. Kanskje. Det sparer deg for ein del stress at du ikkje treng å tenke på at kursen er negativ, samtidig kan det være at det er akkurat no du bør investere i aksjar/fond for å dra nytte av låg verdi og potensielt høg verdistigning.
- 188 svar
-
- 2
-