Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 813
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Artikkelen manglar informasjon om korleis innsamlinga av matavfall har utvikla seg i same periode. Det er sjølvsagt fristande å hoppe til konklusjonen om at Oslofolk tek gratis matavfallsposar som dei bruker til heilt andre ting, men det kan også være fordi Oslofolk sorterer ut meir matavfall enn dei gjorde tidlegare. Når ein no må betale for avfallsposane (sjølv om posane ikkje er så dyre når du kjøper på rull), så kan det være fleire som har blitt flinkare til å sortere for å holde restavfallet til eit minimum. Før poseavgifta så var det nesten ingen kostnad med å være så sløv at alt gikk i restavfallet, men når du må betale for restavfallsposar og får matavfallsposane gratis så kan det være fleire som også ser økonomi i å sortere avfallet. Er ein flink til å sortere så skal det nesten ikkje være behov for restavfall, og er ein flink til å sortere så trengs det fleire posar å sortere i. Personleg så trur eg også at hentefrekvensen er av betydning. Slik som det er no så er det berre matavfallet som blir henta ofte nok til å holde luktproblematikken nede, derfor bør ein eigentleg ikkje kaste noko biologisk i restavfallet.
  2. Oppseiing av heile eller delar av stillinga krev eit sakleg grunnlag. I prøvetida så vil det også være sakleg å basere seg på den tilsettes tilpassing til arbeidet, fagleg dyktigheit, pålitelegheit, osv. Sjukdom kan være sakleg grunnlag for ei oppseiing om det har pågått meir enn eit år. Etter mitt syn så må du vurdere om du skal samtykke til å gå ned i stilling, eller om du skal satse på at kommunen ikkje har grunnlag for oppseiing av heile eller delar av stillinga mot din vilje, eventuelt ikkje har handlekraft til å gjere noko med arbeidsforholdet. Men det er for meg klart at det vil være ei grense for kor ofte du kan bli sjuk etter å ha blitt satt opp på nattevakt før kommunen må gjere noko. Ikkje berre skal du ha betalt for nattevakta du er oppsatt på, men i tillegg må det settast inn vikar for deg som også skal ha betalt, kanskje med overtidsbetaling.
  3. Stort sett så blir du oppfordra til å ta bilder. Bilutleigar dokumenterer tilstanden til bilen, grunnen til at du som kunde bør ta bilder før henting er i tilfelle utleigar er useriøs nok til å leige ut bil ned skade utan å skrive det i skadeskjemaet. Bilda ved innlevering tek du for å kunne dokumentere at alt var i orden ved innlevering.
  4. Det er ein del skjønn innvolvert. Kravet for bremseskiver bak er at det ikkje skal være rust på meir enn 50% av kontaktflata, dette vurderes utifrå ein visuell kontroll. Ofte kan det være nok å bruke bremsene aktivt før kontrollen for å slite vekk overflaterust. Verkstedet vil ofte ikkje riskere å miste godkjenninga til å utføre EU kontroll ved å godkjenne ein bil som Vegvesenet kan underkjenne ved etterkontroll. Om verksted 2 finn bremsene i orden så kan det være så enkelt som at no er rusten slitt vekk slik at du kan framvise bilen på nytt hos verksted 1 for å få godkjent.
  5. Mangel på kontrakt får nok ingen konsekvens. For det fyrst følger det av allminnelege erstatningsreglar at du er erstatningsansvarleg, og for det andre så er er det sannsynleg at du forstod dei viktigaste forutsetningane når du mottok bilen, som at dette var ein leigebil som du fekk låne. For det tredje så har du også eit ansvar for å sjølv sette deg inn i vilkåra, hadde du spurt om kontrakt og vilkår så hadde du fått det. Dette er litt som når du bestiller tenester enten det er med snekker eller frisør utan å avtale pris på førehand, då har du akseptert å betale det handtverkaren vil ha så lenge den prisen ikkje er urimeleg høg. Vil du ha billige snekkerteneste så må du avtale pris på førehand, om ikkje så betalar du i øvre sjikt av kva slike tenester bruker å koste. At andre kan ha disponert bilen etter at du leverte den tilbake er eit argument i din favør. Skal utleigar gå rettens veg for å kreve erstatning frå deg så er det til utleigars ugunst at det kan sås tvil om det er andre enn deg som har brukt bilen. Åleine er nok ikkje det nok til at du slepp unna erstatning, for det mest sannsynlege er likevel at skaden har skjedd medan du disponerte bilen. At nokon skal ha låst ut nøkkelen og køyrt rundt med leigebilen den 1 mai er mindre sannsynleg. Sjølv om det er forseint for deg no så bør ein alltid ta seg tid til å filme ein liten videosnutt av at du går rundt bilen både før uthenting og ved innlevering. Det beste er å ta bilder sidan video ikkje alltid fanger opp alle detaljane som lakkskader, osv, i tillegg bør du ta bilde av dashbordet for å dokumentere kilometerstand og full drivstofftank, men å gå rundt bilen medan du filmer er så fort gjort at det bør du alltid gjere. Det som er vanskeleg med leigebil er at hos dei aller fleste seriøse utleigarar så er det ikkje så viktig å dokumentere tilstanden sidan dei uansett berre krev erstatning ved store skader som ein kollisjon eller andre openbare skader. Men så kan du alltid møte på den useriøse utleigaren som har ein leigebil med ripe i lakken og berre venter på fyrste kunde som leverer tilbake bilen utan å ha tatt bilder for å kunne dumpe heile rekninga for omlakkering på ein kunde som ikkje har skada bilen men som heller ikkje kan bevise sin uskuld.
  6. Det beste er å få hjelp frå studierettleiaren på utdanningsinstitusjonen. Det du trenger er ein høgskule/universitet som kan skrive ut dokumentasjon på at du har oppnådd graden. For at dei skal kunne gjere det så må du dokumentere at du har den kompetansen som krevs etter læreplanen. For å finne ut om faget du har tatt på ein anna høgskule oppfyller alle krava så må du gå gjennom kvart enkelt læremål og samanlikne med læreplanen. Det er ikkje uvanleg at du etter å ha tatt til dømes 30 studiepoeng får godkjent det faget som 20 studiepoeng til den bacheloren du vil ta etter ei vurdering på at 1/3 av faget du tok ikkje er relevant for læreplanen i den graden du vil ta. Enkelte bachelorar er enklare å sette saman sjølv enn andre, dei enklaste bachelorgradene er dei som har lite obligatoriske emner og som berre krev at du fyller opp dei gjenværande 180 studiepoenga med godkjent studiepoeng.
  7. Ikkje for å sparke i ein død hest, men med fotograferfaring så har du noko å tilby ved å være bak kameraet. Onlyfans er kanskje satt litt på spissen, men blant influensere forøvrig så er det mykje å hente frå ein god fotograf. Dei fleste heimekontorjobbar er nok utelukka for deg då du må være inne på arbeidsmarkedet for å få slike stillingar. For deg er det kanskje mest realistisk å svare på spørreundersøkingar mot betaling. Det finnes fleire tilbydarar av slike tenester. Betalinga er ikkje spesielt god, typisk 10 til 50 kr per undersøking alt etter kor lang tid undersøkinga tek. For ei 50 kroners undersøking så må du rekne med at du må bruke ein halvtime på å svare på spørsmål. Dette er ikkje ein jobb som erstatter vanleg inntekt, men det kan potensielt bli litt pengar likevel om du er villig til å investere tid. Enkelte betalar også med gåvekort så ikkje all betalinga kan omsettast i pengar direkte. Største utfordringa med slike undersøkingar er at du ofte må være litt på høgget med å tegne deg på lista då dei fleste betalte undersøkingar har ei maksgrense på antall deltakarar som får betalt. Utanlandske spørreundersøkingar vil nok ikkje lønne seg for deg ettersom dei typisk betalar svært dårleg, så sats på undersøkingar for det norske markedet. Har du helse til å ta på deg jobb som støttekontakt? Som støttekontakt så vil du typisk jobbe berre nokre timar om gongen, men du må nesten ha helse nok til at du kan møte opp på avtalt tidspunkt. Om du har veldig variabel helse slik at du aldri veit når du har kapasitet til å jobbe så blir det fort vanskeleg å ha ein jobb saman med andre enten det er ein fysisk eller digital jobb. Kan det forresten være eit alternativ å være dyrepasser? No når vi nærmar oss sommertid og mange skal reise vekk utan å ha funnet kennel til hunden eller katten, eller kanskje dei har ein hund som ikkje trives godt saman med fleire hundar, så kan det være ein del som er interessert i eit slikt tilbod. Typisk vil ein som hundepassar enten passe hunden heime hos seg sjølv, som nok er det mest aktuelle for deg, eller så tilbyr ein å passe hunden der den bur ved at hundepassaren kjem på besøk for lufting og slikt. Om du ikkje er hundeperson eller har vanskar med å gjennomføre luftinga så er kattepass sikkert eit betre alternativ. Eg kjenner ikkje til markedet men eit kjapt googlesøk viser at det er fleire i Osloområdet som tilbyr å passe katten heime hos seg sjølv for 500 kr i døgnet, prisen kan nok variere ein del alt etter lokalt tilbod og ikkje minst gode tilbakemeldingar. For store hundar er det fleire som krev fleire tusen kroner per døgn, men slike hunder krever ganske mange aktive arbeidstimar i løpet av eit døgn med lufting og aktivitetar.
  8. Det er stadig utvikling på disse områda. Vi i vesten ser ut til å bevege oss i ei meir konservativ retning der både rettigheiter for LGBT og ytringsfriheita står under press. Samtidig er vi i vesten ikkje best på alle disse rettigheitene, til dømes er det nok få land som har større toleranse for transpersonar enn Thailand.
  9. Konsekvensen er at bilutleigar må gå til sak mot deg for å kreve inn pengane. Som del av den saka så må utleigaren bevise at dei har eit legitimt krav mot deg. Utfallet av ei slik sak er at du enten blir dømt til å betale erstatning, eventuelt at bilutleigar ikkje klarer å bevise at du er ansvarleg slik at du slepp erstatningskravet. Utifrå det du skriv så har du nok ein dårleg sak då du ikkje kan bevise din uskuld ved å legge fram bilder ved innlevering. Det vil være nærliggande å holde den som disponerte leigebilen ansvarleg for skaden, altså deg. Det sterkaste argumentet eg kan sjå for din sak er at det høyres usannsynleg ut at skadane som no er store og godt synlege etter at bilen er vaska kunne vært skjult for deg på grunn av skitten bil. Småriper og småbulkar kan kanskje være skjult av skitt, men store skader burde være synlege likevel med mindre bilen var full i gjørme. Samtidig kan nok utleigar argumentere at netopp det at du ikkje vaska bilen er "bevis" for at du ikkje har kontrollert bilen på alle sider før innlevering. Hadde du vaska bilen så er det nok nærmast umogleg at du ikkje hadde oppdaga skaden under vaskinga. Spørsmålet du må stille er om denne skaden kan ha oppstått i tida mellom du leverte bilen på onsdag og utleigar merka skaden på fredag, her kan det mellom anna være relevant å sjå på korleis bilen har stått parkert. PS. Du kan også sjekke opp om du har reiseforsikring som dekker eigenandelen ved skade på leigebil. Min reiseforsikring har slik dekning utan eigenandel. Du har kanskje eigenandel på din reiseforsikring (om du har reiseforsikring) men det er nok gode sjansar for at eigenandelen er mindre enn 6000 kr. Ved å bruke reiseforsikringa så løyser du problemet for din del, og så får ditt forsikringsselskap vurdere om utleigarens erstatningskrav er berettiga eller ikkje.
  10. Det vil nok være veldig personavhengig, og ikkje minst politisk overbevising. For mange russarar som no bur i Norge så er det kanskje like greit om Putin tek over, men det er nok også mange russarar som har flytta til Norge nettopp for å sleppe unna det Russland er i dag. Av dei russerane i Norge som støtter Putin så er det nok heller ikkje i den gjengen slik at alle vil at Putin tek over om det også medfører å gå tilbake til russisk lønnsnivå og russisk levestandard. Av øvrige innvandrarar så kjem det nok mykje ann på kva dei har utvandra frå og ikkje minst kor etablert og knytta dei har blitt til Norge. Enkelte har nok innvandra til Norge av rein tilfeldigheit og merker ikkje så stor forskjell på om dei bur i Norge eller Tyskland, andre har vendt sitt gamle heimland ryggen og har investert alt dei har av både økonomi og nettverk til sitt nye heimland.
  11. At det er dyrare å utvikle spel med inflasjon og slikt er sjølvsagt sant. Det å både forvente spel med heilt open verden og hundrevis av speletimar, samtidig som at spelet er billig, og at spelet skal ha enda betre grafikk og fysikk enn tidlegare spel, det går berre ikkje opp. Sånn sett vil eg heller ha dyre spel som er ferdige, enn å betale nesten full pris for eit early access spel som er fullt i bugs og manglande funksjonar. Spørsmålet er om spelprodusentane har rett i sin analyse av kva forbrukarane vil ha? Er det store påkosta AAA spel til over 1000 kr vi vil ha? Det blir også utvikla mange spel av små spelstudio som berre kostar nokre få hundrelappar, disse presser sjeldan grafikken til det ytterste men dei kan ha veldig godt gameplay likevel.
  12. Det spørs på kva du skal dokumentere. På enkelte ting så må du ha bekrefta rett kopi, altså må du til kommunen eller andre etatar som kan vertifisere at originalen er ekte, og som då stempler kopien for å bekrefta at det er tatt kopi av originalen og at dette ikkje er ein kopi av kopien. For andre ting så kan du scanne eller fotografere slik du vil så lenge dokumentet er lesbart. Dette vil typisk være godt nok når du skal legge fram vitnemål og attester i samband med ein jobbsøknad, særleg nårbdet gjeld attestar og slikt som ikkje er formelle krav for å få jobben. For å sikre mot juks og forfalsking så kan du seinare bli bedt om å også vise fram originaldokumenta.
  13. Demokrati har vist seg å fungere best for å styre eit land utan at ein får ei korrupt maktelite. For at demokrati skal fungere så må ein ha ei opplyst og samla befolkning som ønsker å få ting gjort, det finnes derfor tilfeller der ein sterk leiar kan være nødvendig for at ein ikkje skal bli handlingslamma på grunn av manglande oppslutning. Problemet er når denne leiaren ikkje kjenner sin besøkelsestid og nekter å gå av.
  14. Synes eigentleg at det var eit større problem med manglande informasjon om korleis arbeidskvardagen kan bli med dei ulike utdanningane. Det var lett å få råd om kva fag du burde ta for å ha alle muligheiter opne, men om ei uansett ikkje har tenkt å ta høgare utdanning som krev ekstra fag utover studiekompetanse så er det ei unødig belastning å skulle ta alle realfaga. På tildømes økonomiutdanning så fekk eg god informasjon om kva skular som hadde slikt studietilbod og kva som var forventa krav for å kome inn. Det som mangla var informasjon om kva ein kunne jobbe med dersom ein tok bachelor i økad. Å få til svar at du kan jobbe i bank var lite tilfredsstillande, og ikkje minst eit unøyaktig svar.
  15. Heilt einig. Eg trur at ei av løysingane på personalmangelen ligg i å spesialisere arbeidsoppgåvene. Det er mykje sjukepleiarjobb du kan utføre sjølv om du ikkje har fått autorisasjon til å berekne medisindosering, samtidig kan det ofte være meir effektivt å ha ein sjukepleiar som spesialiserer seg i dosering, noko som også kan medføre at det blir gjort mindre feil. På mange områder er vi litt for opptatt til å utdanne generalistar, og vi er litt for redde for å gjere forskjell på folk sjølv om jobben dei gjer er vidt forskjellig.
  16. Du har nok rett i dette, men det er her bruken av tvang kjem inn i bildet. Vi har lovverk som gjer at vi kan tvinge folk ut i krigen, og stilt ovanfor alternativa mellom å være desertør eller soldat så vil dei fleste "frivillig" velge å framstå som heltemodige. Det igjen gjer at det blir lettare for alle etternølarane å følge etter. Det er det same ved eksmpelet med ulykker. Det er ein stor fare for at ei gruppe av framande blir handlingslamma, men så fort ein bryt ut i handling og tek leiinga så bruker det ikkje å være vanskeleg å få folk til å hjelpe til. Så når ein person dett i bakken med hjerteinfarkt, så kan det være at når to startar å hjelpe til at dei 18 andre tenker at då har dei kontroll på situasjonen, men om ein av dei seier: "du, ring 113", "dykk to, spring til butikken over gata og høyr om dei har hjertestarter, "dykk 5, dann ein ring og skjerm pasienten", "du, kom hit og hjelp til med HLR", osv. så vil dei aller fleste både lyde og gjere så godt dei kan. Frykta mange sitt med når dei er i ei større gruppe er å gjere noko som er "feil" og som gjer at du stikker deg ut. Forsvaret er dette satt i system. Det er ikkje kvar enkelt vernepliktig som åleine vurderer å melde seg til teneste, det er mykje gruppepress innvolvert.
  17. Det er mange som finner motivasjon etterkvart som dei blir eldre. Det å komme seg gjennom eit bachelorstudie er ikkje så krevande, men det er klart at dersom ein berre så vidt klarte å komme seg gjennom vidaregåande med ståkarakterar så kan ein ikkje fortsette på samme måte på høgskulen og tru at ein kan flyte seg inn til ein ståkarakter. Etter mitt syn er problemet vel så stort andre vegen, dei som går ut av VGS med berre femmere utan å gjere lekser. Dei kan ofte slite når dei går vidare til høgskule eller universitet fordi dei ikkje har lært seg studieteknikk. Eg trur at mange av dei som stryk gjer det fordi dei prøver å satse på at dei med nok flaks kjem seg gjennom utan å gjere arbeidet, slik som mange gjer når dei skal ta førarkortet, tek fyrste forsøk utan å lese. Så etter å ha strøket fyrste gong så må dei bite i det sure eplet og pugge teorien før forsøk nummer to. Sjølv blant heilt vanlege studentar med godt snitt så har det blitt mindre vanleg å fullføre på normert tid. I følgje SSB så er det i dag berre 56,4% som fullfører 3-årig bachelorgrad på 3 år. 72% klarer å fullføre i løpet av 5 år. Då er det 28% som enten aldri fullfører eller som fullfører etter meir enn 5 år. Tala for mastergrad er omtrent like. 50,8% fullfører på 5 år, og 67,2% fullfører innan 7 år. No er det sjølvsagt ikkje alle som bruker lengre tid fordi dei stryk i fag, nokre får også pauser i studieløpet på grunn av at dei må jobbe, blir sjuke, får barn, må i militæret, osv. Det er også ein del som bruker lengre tid av reint strategiske årsaker der ein ved å redusere antall studiepoeng ein tek per semester klarer å sette av meir tid og dermed ende opp med høgare karakterar enn om ein skulle tatt alt samtidig. Eg er likevel tildels einig med deg i at det å redusere karakterkravet i matte for sjukepleiarar og lærar kan fort være ei bjørneteneste dersom det er studentar som startar på studiet og som ikkje klarer å prioritere matematikken slik at dei får fullført utdanninga. Eg trur nok at du kan ha rett i at vi om nokre år får veldige mange som er nesten utdanna sjukepleiarar, men som ikkje får graden sin på grunn av stryk i medisinrekninga. På den andre siden så er ein av dei store utfordringane både innafor helse og skulesektoren at ein har for få personar,
  18. Kanskje, men berre dersom vi samtidig held på dagens sikkerheitstiltak, primært at vi held på lave fartsgrenser. Det vil fort friste å auke fartsgrensene etterkvart som bilane blir sikrare.
  19. For dei aller fleste så får det ingen konsekvens i praksis. Kommunen klarer ikkje å føre tilsyn med alle bustader men dei kan føre tilsyn tilfeldig og ikkje minst ved at ulovlegheita har blitt fanga opp gjennom at nokon har sett annonsen. I praksis så er kommunens kapasitet avgrensa, så det skal være ganske alvorleg før kommunen legg arbeid i å følge opp slike småting. At du som huseigar har seng på tørkeloftet eller sovepose i klesskapet vil nok ingen bry seg om, terrassen kan fort være meir problematisk sidan det påvirker naboen din og er synleg for alle. Konsekvensen ved eit tilsyn er at du får pålegg om å søke løyve i ettertid, eventuelt å tilbakeføre til original tilstand. Om du ikkje gjer det vil du få tvangsmulkt. Ei praktisk utfordring ved å søke løyve i ettertid er at du mæ følge dei byggereglane som gjeld ved søknadstidspunktet, så eit tiltak som hadde kunne blitt godkjent etter byggereglane som gjaldt før kan fort bli umogleg å få godkjent i dag. Det kan også få betydning for forsikringa, men då må det typisk være ein årsakssamanheng, som til dømes at brannen i nabohuset ikkje ville spredd seg til ditt hus om det ikkje var for den ulovlege terassen, osv.
  20. Kjenner ikkje detaljane. I teorien er det ingenting i vegen for at du kan få plass om det ikkje er nok søkarar til å fylle alle plassane. I mangel på søkarar med høgt snitt så vil BI sleppe til kvalifiserte studentar som er villige til å betale framfor å la plassen forbli ledig.
  21. Vanlege schuko pluggar (vanlege runde støpsel) samt europluggar som er den litt smalare varientanen som er vanleg på blant anna mobilladarar, kan du fint bruke i Spania. Det du ikkje kan bruke er runde støpsel utan jording (men dei får du ikkje brukt alle stadar i Norge heller).
  22. Tviler på at Valve klarer å kome med noko banebrytande, den teknologien som dei eventuelt planla å bruke på HL3 har nok både komt og blitt utdatert mange gangar. Oh dersom Valve sitter på ein heilt unik teknologi så tviler eg nesten på at dei sparer den til HL3 som fort kan bli utsatt nok ein gong.
  23. BI opererer med minstekrav på genrell studiekompetanse og 35 poeng. For deg som kjem rett frå vidaregåande så tilsvarer det eit karaktersnitt på 3,5. Har du tatt realfag så får du nokre ekstra poeng der, opp til maks 4 poeng. Har du tatt R1 og R2 matte så gir det 1,5 poeng, Det same gir Fysikk 1 og 2. Om du i tillegg har tatt kjemi, biologi , geofag eller informasjonsteknologifaga så får du maks tillegspoeng. Ein søker med 3,3 i snitt, eller 33 poeng vil kunne oppnår dei påkrevde 35 poenga ved å ha valgt ei studiesamansetting som gir 2 tilleggspoeng. (Ein liten tilleggskommentar her er at tilleggspoenga kjem av at det er pårekneleg at du kan få litt lågare snitt ved å velge dei tunge realfaga, så derfor er det innført ein ordning som gir tilleggspoeng slik at det ikkje skal straffe seg å ta realfaga). BI har så vidt eg har oppfatta såpass gode søknadstal at dei kan holde på minstekrav sidan dei stort sett kan fylle alle studieplassane med søkarar som har langt meir enn 35 poeng. Ved søknad til offentlege høgskular og universitet så berekner samordna opptak eit poengkrav basert på kva som var snittet for dei som fekk studieplass året før. Den store forskjellen der er at på offentlege høgskular og universitet så vil du få studieplass så lenge du oppfyller minstekrava som til dømes generell studiekompetanse og det er ledige plassar. Du vil derfor sjå at samordna opptak setter karaktersnittet som "alle" på enkelte studier, det betyr at alle kvalifiserte søkarar fekk studieplass. Dette gjer at for dei som har svakt snitt så kan det være enklare å få studieplass på ein mindre høgskule der det ikkje er nok søkarar til å fylle alle studieplasssane. Eit triks der er at ein går fyrsteåret på ein liten distriktshøgskule der alle kommer inn, og så søker ein seg inn på ein meir populær skule på andre eller tredjeåret når det har opna seg ledige plassar etterkvart som at enkelte studentar fell frå studieløpet.
  24. Ja, i eit slikt tilfelle bør du fullføre dei vaktene du har forplikta deg til å jobbe. Med tanke på at denne ekstrajobben er innafor same bransje som du har hovudjobben i så vil du nok unngå å få eit dårleg rykte i bransjen, då dette kan gjere det vanskeleg å få ein ny jobb seinare.
  25. Nei. Berre pass på at du oppfyller det som er avtalt om oppseiingstid. Dette vanlegvis grunnen til at ein har prøvetid, at både arbeidstakar og arbeidsgivar skal få vurdere om dette fungerer før eim forpliktar seg med lengre oppseiingstid.
×
×
  • Opprett ny...