Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 800
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Om regjeringa ønsker å innføre eit slikt tiltak så kan det innførast med vilkår, som at bankane får refundert sine kostnadar opp til ein gong i året per kunde. Om disse 500 kronene gjer at det ikkje lenger lønner seg å bytte bank så tenker eg også at det er lite hensiktsmessig å bytte bank. Eg veit likevel ikkje om eg som skattebetalar ønsker å være med på å betale for at enkelte ønsker å refinansiere huslånet sitt for å spare 27 kr i året hos ein annan bank. Om du i tillegg trekker frå det du og alle andre må betale i ekstra skatt (eller mindre offentlege tenester) så blir det fort eit tapsprosjekt både for din privatøkonomi og alle andre skattebetalarar at det skal være gratis å refinansiere huslånet.
  2. Start med eit familiemøte der dykk diskuterer ulike måtar å gjennomføre eit slikt kjøp på. Litt avhengig av dykkar personlegheit og viktigheit av pengar så kan det være at dykk kjem fram til ei enkel løysing som alle er fornøgde med utan å involvere eksterne rådgjevarar som fordyrer oppgjeret. Heilt objektivt så er nok den beste løysinga å kjøpe huset til markedspris, og inngå ein formell leigeavtale med din far som betalar markedsleige for kjellarleilegheita. Det som er mest utfordrande er å verdifeste ditt bidrag med å hjelpe din far, herunder å finne ut om det skal gi grunnlag for at du skal få ta over huset til under markedspris eller ikkje. Eg tenker også at det er greit å diskutere ulike alternativ med din far. Det å selge huset kan frigjere kapital som gjer at din far kan velge å flytte til ny og betre leilegheit om han ønsker det. Det er sikkert fint for han å bu heime i huset lengst mogleg, men antagelegvis så er ikkje kjellarleilegheita den beste bustaden å bli gamal i. Ei fornuftig løysing i forhold til framtidig arveoppgjer er at du kjøper huset og gjer din far gjeldfri og med ein viss formue, og så kan din far gi bort delar av denne formuen til kvar av dykk som gåve. Om din far er sjuk og ein tenker at neste steg er sjukeheim så er det ikkje eit mål i seg sjølv at han skal etterlate seg så mykje arv. Sjølv om formen ikkje inngår i inntektsgrunnlaget for eigenandel for sjukeheimsplassen som kan være opptil 85% av inntektene, så vil renteinntektene frå formuen reknast med i inntektsgrunnlaget. Din far treng ikkje å blakke seg heilt, men samtidig er det liten grunn til å flytte inn på sjukeheim med mykje pengar på konto. Ovanfor din far så kan du godt argumentere at ved å gi vekk mykje av pengane no så har han større kontroll på kvar pengane havner, og han har moglegheit til å skeivfordele kva han vil gi bort i gåve både mellom dykk to brødrene, men også om han vil donere pengar til gode formål, kjøpe seg ny bil, reise på ferie, osv. Hadde eg vært din bror så hadde eg ikkje telt så nøye på kronene, det er klare fordelar med å ikkje være sin fars nærmaste nabo med det arbeidet det vil og kan medføre, og litt avhengig av kor stor verdi det er på dette huset sett opp mot vedlikeholdsbehov så har det absolutt ein verdi å sleppe å ta over eit gamalt hus som det må leggast mykje arbeid i å sette i stand. Om eg var din bror så ville eg også sett på det som positivt at det er familie som skal ta over huset, så eg hadde ikkje stått hardt på at huset skal selgast på det opne markedet for å få flest mogleg kroner igjen i arv.
  3. Ja dette med parkeringskapasitet er eit resultat av ein politikk der det no er stilt krav om maksimal antall parkeringsplassar ved slike utbyggingar i staden for minstekrav om at det må være minst X parkeringsplassar slik som det var før. I kva grad dette er eit problem kjem sjølvsagt heilt ann på korleis ein ser på det. Det er på det reine at dersom det ikkje finnes parkeringsplass så er det også langt mindre attraktiv å ta bilen til jobb. Samtidig er det eit spørsmål om det er realistisk å kome seg på jobb utan bil. Eg skjønner godt at sjukehusleiinga ønsker at flest mogleg av dei ansatte skal reise kollektivt, for det er jo tross alt pengar spart ved å redusere størrelsen på parkeringsplassen. For den ansatte så blir kostnaden og tida det tek å kome seg på jobb ein del av reknestykket når ein vurderer å ta jobben, men mange vil nok oppleve denne flyttinga til ny arbeidsplass som ein lønnsnedgang gjennom auka pendleutgifter, og då er det eit spørsmål om sjukehuset klarer å holde og skaffe den kompetansen som trengs for å drifte sjukehuset. Og sjølv om eg har full sympati med dei ansatte som no må bruke lengre tid og meir pengar på å kome seg til og frå jobb, så er det likevel viktigast at det er nok parkeringsplass for pasientar og til dels besøkande. Ansatte som er friske og raske toler å ta bussen til sjukehuset, men det er ikkje alle pasientane som skal inn til behandling som har like lett for å forflytte seg. I tillegg til pasientane så meiner eg også at eit slikt sjukehus bør ha ein viss overkapasitet for ekstraordinære situasjonar, som ved store hendingar der ein kallar inn folk på fritida som hiver seg i bilen for å hjelpe til. Det blir for dumt at operasjonssjukepleiaren som har blitt utalarmert for å kunne utføre livreddande operasjonar på fleire pasientar samtidig blir hindra av full parkeringsplass eller sitter fast på ein buss som skal innom alle holdeplassar.
  4. Vil også legge til at slike element av uønska kultur finner vi også innad i den norske kulturen. Ofte blant den delen av befolkninga som lever i fattigdom eller med liten grad av sosialt sikkerheitsnett. Det som er vanskeleg med diskusjonen om rasisme er at datasettet kan manipulerast, særleg når du omtalar eit land eller ein region og seier noko generelt om kulturen der så er det ikkje til å unngå at det også finnes mennesker med ein heilt anna kultur og verdisett som urettmessig blir dratt inn i den definisjonen. Det er også store kulturelle forskjellar også innafor vesten. I Norge så er vi eit tillitssamfunn der vi i svært høg grad stoler på både Staten og Naboen, då er det ikkje så rart at det blir klinsj når det kjem folk som er vandt til at ein passar på det ein har av verdi. I Norge er det stort sett nok at plommetreet står i hagen for at plommene får stå i fred, i andre land så forventer ein at eit plommetre som ikkje er innegjerda er ein invitasjon til å få hjelp til å plukke plommene. Eg meiner at vi kan oppnå gode forbetringar ved å bruke litt av argumenta på både høgre og venstresida. Sjølv om det er enklare i teorien enn i praksis så burde vi hatt meir fokus på å få klarheit i om vilkåra for opphold er oppfylte før vil let asylsøkarar og andre få innvandre. Dei som har behov for beskyttelse må få den beskyttelsen, men samtidig så må vi kunne stille krav og vilkår for å tilby beskyttelse. Tilsvarande i forhold til arbeidsinnvandring, men der er det ofte lettare å dokumentere at ein enten har eit jobbtilbud i ei norsk bedrift, eller har ein dokumentert kompetanse som vi treng i Norge. Det som bør strammast inn på er dei som får innvandre basert på familiegjenforeining og liknande der vi ikkje stiller konkrete krav til den som innvandrer utover familierelasjon til den som fyrst fekk opphaldsløyve. Vi kunne godt brukt midlertidige opphaldsløyver meir aktivt. Ulempen med midlertidige opphaldsløyver er at det kan gå utover motivasjonen for integrering sidan ein ikkje har tryggheita i at opphaldet i Norge blir langvarig, men denne ulempen kan motvirkast ved å stille krav for å få forlenga opphaldsløyvet. På dette området er språkopplæring eit viktig kriterium, for dei som har vanskelegheiter med å lære nye språk så kan vi også ha andre kriterier å vurdere. Poenget er ikkje nødvendigvis at dei har lært seg godt norsk, det viktigaste er at integreringa går bra. For sjølv om at det å kunne norsk er ein viktig forutsetning for aktiv deltaking i det norske samfunnet, så er det mykje ein kan gjere med bruk av tolk, oversettings-app, nikk-og-smil, osv. Det som er viktig er at vi hindrer innvandrarar frå å grave seg for djupt ned i eigne gettoar der ein danner eit heilt parallell-samfunn som nordmenn ikkje får innpass i. Eg skjønar ønsket om sosial tryggheit ved å omgås folk med samme kultur som deg, men det kan ikkje være slik at du får varig opphald i Norge og aldri lærer deg språket fordi du klarer deg på morsmålet ditt både på jobben, på butikken og i heimen, og på NAV har du rett på tolk slik at du heller ikkje der treng å lære deg norsk. Om vi hadde klart å sortere innvandringa basert på motivasjon for innvandring så har eg tru på at vi kan luke ut mykje av dei uønska elementa. Den som søker asyl fordi dei reelt fryktar for livet i heimlandet burde ha høg motivasjon for å bli ein så lovlydig og produktiv innbyggar som mogleg, likeins med dei som innvandrer for å kunne bygge seg eit nytt liv med betre forutsetningar. Utfordringa er dei som innvandrar med einaste invitasjon av at dei vil ha eit enkelt liv utan å skulle ta i eit tak sjølv. Den utfordringa er ikkje unik for innvandrarar, vi har også mykje same problemet med norske ungdommar som av ulike grunnar ikkje kjem seg inn i arbeidslivet. Eg meiner å sjå to veldig ulike grupperingar av innvandrarar, dei som kjem hit med topp motivasjon og jobber så hardt at dei setter nordmenn til skamme fordi dei har fått ein gyllen sjanse til å bygge det livet dei ønsker her i Norge. Og den gruppa som kjem hit fordi velferdsstaten er så god at her kan ein leve pensjonisttilverelsen heile sitt yrkesaktive liv i gratis bustad og garanterte innbetalingar kvar måned uavhengig av om du har jobb eller naver. Har ikkje fått med meg nokon som tek til orde for å straffe barn som voksne, men eg synes absolutt at vi burde vurdere å fjerne den kriminelle lågalderen slik at det er mogleg å også straffe barn på ein eigna måte. Sjølv i dag så er det heilt vanleg at unge lovbrytarar enten dei er akkurat blitt 15 eller 18 år får litt mildare straff enn det som er strafferamme og som det er rettspraksis på å dømme voksne lovbrytarar til, fordi ein også vektlegger korleis straffa påvirker ungdom og unge voksne. Eit superenkelt tiltak for ungdomskriminelle er å ha ein mellomting mellom barnevernsinstitusjon og eit ungdomsfengsel. Det burde gå heilt fint å gi barn og ungdom barnevernsfagleg oppfølging der dei også blir låst inne på rommet sitt utan at ungdommen må være innelåst i ei betongcelle. I dag så kan ikkje samfunnet stole på at foresatte verken er i stand til eller har vilje til å oppdra eigne barn, og då nytter det ikkje med ei straffelov som tek sikte på at ungdom under 15 år mottek nok straff heime til å bli lovlydige voksne. Sidan det er relativt få mindreårige lovbrytarar så tenker eg at forholda ligger godt til rette for å opprette felles skandinaviske institusjonar der ein kan bygge opp både eigna fasiliteter og gode fagmiljø for å ivareta kriminelle barn. Det vil være nokre utfordringar om barna må sone langt unna venner og familie, men samtidig må det være lov å stille spørsmål ved om det er til barnets beste å omgå disse personane.
  5. Tja. Mitt inntrykk er at Norge må være eit av landa der kvinner har lavast forventning til at mannfolka skal ordne opp. Norske damer er melr likestilte enn sine søstre i andre land, og sidan vi har ein kultur med lite småprat og sjekking så må damene være med på å dra igang lasset. Det er nok få land der ei attraktiv dame får lov til å være i fred utan tilnærmingar som i Norge, nettopp fordi vi har ein tradisjon for å respektere sosial avstand om ein ikkje har fått invitasjon. Norske damer kan kanskje være kravstore, men dei færraste er så passive at dei forventar at mannen skal bestille for dei på restauranten. Du skal ikkje lenger enn til austeuropa før idealet er at mannen skal bestemme menyen og betale for daten, og dama sitt ansvar er å pynte seg og være underdanig ute i offentlegheita.
  6. Det er nok større sjanse for at lovbrytarar blir meir desperate i sine forsøk på å sleppe unna straff, særleg når det er ein automatikk i når du kan forvente dødsstraff. Det er liten grunn til å etterlate seg vitner, legge korta på bordet, og ellers bistå politiet om takka er dødsstraff. Litt off-topic men dette er også grunnen til at eg ikkje er heilt einig i at vi har oppheva foreldingstida for drap. Det medfører at drapsmenn aldri vil fortelle om kva som skjedde og på den måten gi dei etterlatte svara dei har venta på. Eg gjer meg også nokre tankar om at før vi hoppar rett til dødstraff som ikkje kan reverserast, så er det mange andre muligheiter for straff som vi kan innføre om vi ønsker å gå vekk frå rehabilitering og over til rein avstraffelse, som til dømes straffearbeid.
  7. Satsar på at det alt foreligg gode planar for å isolere Kaliningrad som motsvar. Det burde være både enkelt reint praktisk sett ved å stoppe alt av køyretøy, båtar og fly frå å krysse grensa. Og reint politisk så kan dette gjerast utan å teknisk sett okkupere russiske territorier.
  8. Kombinasjonen av at vi i skandinavia har stor kjøpekraft å bruke på rusmiddel, og forholdsvis låge straffer har gjort Norge og Sverige til land det er gunstig å smugle narkotika til. Innvandring er av betydning, men opne grenser og stor eksport/import har gjort det enklare å smugle. Den elleville voldsbruken er eit direkte resultat av at det er så store pengar som står i spel om konkurrerande narkotikaselgarar får etablere seg, og konkurrentane vil gjerne etablere seg fordi det er så store pengar å tene. No kjenner eg ikkje det svenske systemet godt nok, men i Norge så manglar vi kontrollmekanismane for å motvirke slik kriminalitet. Fengselsvesenet vårt er bygd opp for å rehabilitere lovbrytarar og sleppe dei tilbake i samfunnet. Den framgangsmåten er effektiv når vi rehabiliterer eigne borgarar, men det har mindre effekt på utlendingar som ikkje har til intensjon å bli lovlydige norske borgarar. Mange av dei kom hit for å tene pengar på kriminalitet og har innkalkulert risikoen for å få nokre år i fengsel. Sidan det kriminelle lågalderen er 15 år så har vi blitt ganske handlingslamma ovanfor kriminelle som bruker barn til dei mest risikofylte jobbane. Mangelen på regulert narkotikahandel medfører at det ikkje finnes lovlege måtar for rusavhengige å skaffe seg narkotika utan å støtte kriminelle miljø. Taktikken med å stoppe folk i få tak i narkotika før dei blir avhengige eller får ein preferanse for det rusmiddelet har ikkje fungert. Sidan det heller ikkje vart noko av avkriminaliseringa for mindre brukardosar så får heller ikkje politiet informasjon som kan brukast for å stoppe bakmennene, for kven går til politiet med slik informasjon når det fyrste som skjer er at du sjølv blir kasta på glattcelle og får ei stor bot? Etter mitt syn så må vi tenke heilt nytt om heile verdikjeda, om ikkje så vil situasjonen berre forverre seg for kvart år som går.
  9. Om rentekostnaden er høgare enn aukinga i bustadprisen så er det mindre lønnsomt å kjøpe seg opp. Mykje av poenget med å kjøpe seg opp til dyrare bustad er at ofte så er verdistigninga på bustaden mykje større enn det du betalar i lån. Så ved å frigjere eigenkapitalen i eksisterande bustad og bruke den for å få eit høgare lån på ein dyrare bustad så sitter du igjen med omtrent like store lånekostnadar, men med mykje større samla verdi på huset ditt når du har blitt gjeldfri. Ein må også sjå på slike oppkjøp som langsiktig investering, den største gevinsten får du ikkje før bustaden er nedbetalt og du sitter igjen i ein bustad som er verdt 10 mill og ikkje berre 3 mill. Den meir indirekte fordelen her er at dersom bustadbobla sprekker og bustadane blir omtrent verdilause både i direkte pengar og som sikkerheit for lån, så er det langt betre å sitte igjen i ein einebustad med fem soverom og dobbel garasje som du ikkje får finner kjøparar til, enn det er å sitte igjen med ett-roms leilegheit midt i sentrum som du ikkje får solgt. Du har så uendeleg mykje meir alternativ om siste bustaden din er eit stort hus framfor ei lita leilegheit på alt frå muligheitene til å stifte stor famile til potensialet for å leige ut gjesteromma. Bytter du bustad for ofte så vil du tape mykje i omkostningar, men samtidig, dersom bustadprisane aukar drastisk så vil det lønne seg å bytte bustad så fort du kan gjere dette utan å skatte av salget. Så lenge utgangspunktet for reknestykket er at auking i bustadprisen ligg under lånerenta så vil ikkje dette lønne seg, i alle fall ikkje før du kjem så langt at du kan kjøpe hus utan å ta opp lån.
  10. Ein øydelegg i liten grad bevisa ved å skyte ned droner, og i alle fall om alternativet er å la dronen sleppe unna slik at ein står igjen utan fysiske bevis så er det klart å foretrekke å pusle saman fragmenta etter nedskutte droner. Slik som det framgår av artikkelen så valgte politiet å ikkje forsøke å skyte ned dronene fordi det vart vurdert som farlegare enn å la dronene være i fred. Om dronene berre hadde til hensikt å forstyrre trafikken så er det rett vurdering. Hadde dei skutt ned dronene slik at det ligger vrakdelar på rullebana så måtte ein i tillegg brukt tid på kosting og fjerning av slike fragment som kan bli sugd opp i flymotoren og forårsake havari før flyplassen kunne opnast igjen, dette at kunne ført til dagar med stengt flyplass. Når det gjeld kven som står bak så er blir nok det vanskeleg å bevise. Sjølv om mistanken fort havner på Russland så kan det i teorien også være "guttestreker" av nokon som av heilt andre grunnar ville lage litt kaos. Om det skulle vise seg å være Russland som står bak så er det mange ulike grader av russisk involvering, frå at ein russar har betalt nokon i Danmark til å utføre droneflyginga, til at pengane kjem rett frå den russiske staten, er utført av russiske statsborgarar, eller til den mest direkte involveringa om droneflyinga er utført av russiske myndigheiter. Slik som eg ser det så er det ikkje gitt at vi i vesten skal gjere så veldig mykje mot denne trusselen. Om nokon vil bruke droner med eksplosiver til å ta ut passasjerfly på ein flyplass så er det veldig vanskeleg å hindre dette aktiv, og det er stor fare for at dei sikkerheitstiltaka som blir innført fører til vel så store skader som eit fysisk angrep. Det er berre å sjå til 11.09.2001 og dei tiltaka som vart innført då, dei sikkerheitstiltaka som vi fortsatt lever under førte til dyrare flybillettar sidan sikkerheitsinnretningane som vart innført var kostsbare, og det gjorde det langt meir tidkrevande å fly. Før 2001 så kunne du med handbagasje møte opp berre rett før avgang sidan du berre hadde ein heilt enkel sikkerheitskontroll du skulle gjennom. No tek sikkerheitskontrollen mykje lengre tid slik at flyselskapa krever oppmøte minst 1 time før.
  11. Det hadde vært fint om også overskrifta hadde nemt at prisaukinga er i USA. Skriv gjerne artikkel om korleis dei i USA har boikotta Disney+ og kva Disney+ gjer for å motvirke boikotten, men særleg når artikkelen også dreg fram at vi i Norge har hatt stabil pris sidan 2023 så angår det oss i Norge i liten grad.
  12. Typisk så et det fordi nokon har lånt din PC til å logge seg på med eigen konto, den som då logger seg på får ikkje tilgang til dine filer som ligg pp ditt private område. Unntaket er dersom du lagrer ting direkte på c:, men det som ligg i mine dokumenter, skrivebord, og nedlastingar er låst til brukarprofilen din.
  13. Om du opplever at arbeidsgjevarar ikkje forstår samanhengen mellom namnet på utdanninga di og det du har lært, så kan det være ein idé å vurdere om du skal "skjule" at du er sikkerheitsingeniør ved å berre skrive "bachelorgrad i ingeniørfag ved Høgskulen ...." i CVen. Dei fleste stillingar har uansett berre ei formulering om at kompetansekravet er bachelor eller mastergrad innenfor relevant fag, og sjølv dei som er så spesifikke at dei skriv krav om bachelorgrad i byggfag så er det nesten alle som hiver på ein "eller tilsvarende kompetanse". Det som er viktig å få fram for deg er at du er høgskuleingeniør, og ikkje nødendigvis om du fordjupa deg i bygg, logistikk eller sikkerheit. Så ved å ikkje oppgi din eksakte ingeniørtittel i CVen så kan det være med å auke sannsynlegheita for at søknaden din blir seriøst vurdert. Din ekstakte ingeniørtittel vil uansett framgå i vedlegget der du laster opp vitnemålet ditt, det er berre at dei fleste som skal ansette går ikkje inn og leser disse detaljane før eventuelt heilt i sluttfasen av tilsettingsprosessen.
  14. Det einaste rådet eg kan gi deg på generelt grunnlag er at du ikkje er for selektiv på kva jobbar søker på. Det er ganske vanleg å bli for selektiv og ikkje søke på jobbar som kan vise seg å være veldig gode. Den store styrken med ingeniørutdanning er at du stort sett kan inneha alle slags ingeniørstillingar. Sjølv om du er utdanna i eit litt anna retning så er det mange arbeidsplassar som gjerne vil ha litt bredde i ingeniørfagmiljøet.
  15. Så fort som hastigheita på datamaskiner utvikler seg så tek det ikkje så lang tid før datamaskinene er gode nok. Sjølv om instinkta vår reagerer raskt så er utfordringa at mange også reagerer feil fordi ein reagerer utan å ha full oversikt. Då får vi typiske møteulykker der ein bilisten vrenger bilen over i motsatt køyrefelt fordi det hopper ein katt ut i vegen. Rasjonelt sett hadde det vært betre å ikkje reagere og kanskje køyre på katten enn det er å forsøke å styre unna og få ein bil i fronten. Eg trur likevel at nøkkelen til sjølvkøyrande nivå 5 bilar er at ein må blande sensorteknologien. Å skulle få til heilt sjølvkøyrande bilar basert på billige webkameraer vil ta mykje lenger tid før vi får datamaskiner som berre ved hjelp av 2D bilder klarer å forstå trafikkbildet. Vi må nok ta oss råd til å bruke mellom anna LIDAR-teknologi.
  16. Eg synes det bør være eit "cut off point" for slik publisering, men er i stor grad eining. Grunnen til at eg vil ha nokre grenser for alvorlegheit og kanskje også tidsbegrensing på kor lenge opplysningane er søkbare, er at det må også være rom for rehabilitering og kome seg tilbake i samfunnet utan å bli tvungen ut i kriminalitet fordi du ikkje får verken jobb eller leilegheit på grunn av at du kjem opp på disse listene.
  17. Synes det er greit med tanke på alle ryktene som går, og ikkje minst alternative kommunikasjonsvegar. Det er klart at ein får oppmerksomheit når media publiserer navn og bilde, men samtidig så betyr det at det er mindre grunn for folk å diskutere og spekulere når identiteten er offentleg kjent. Ein annan ting er at gjerningsmannen sjølv sitt i varetekt med brev og besøksforbod og vil ikkje finne ut av mediadekninga før lenge etterpå. I denne konkrete saka så var spekulasjonane der umiddelbart på kva hudfarge mordaren hadde, sånn sett er det greit at ein møter dei spekulasjonane med ein gong før ryktebørsen får teikne eit heilt anna bilde. Sånn sett synes eg kanskje at mediene burde oftare identifisere folk tidleg, også navnet på den drepte. Det er i dag stadig vanskelegare for politiet å rekke å gi dødsbudskapet til familien på korrekt måte utan at familien alt har fanga opp ryktene. Og eg er ikkje overbevist om at det er meir belastande å lese i VG at politiet har bekrefta identiteten, enn det er å høyre rykter om at det kanskje er din søster/datter/mor som er drept frå framande. Også i forhold til sjølvmord så synes eg at vi burde ha større openheit slik at folk verkeleg forstår omfanget. Så vidt eg har fått med meg så støtter forskninga at det er omtale av metode som kan være triggande, og ikkje omtale av at eit sjølvmord har skjedd. Og utan at eg er fagperson så trur eg det til ei viss grad vil kunne være førebyggande at vi snakkar om all den elendigheita som eit sjølvmord medfører for både dei etterlatte og samfunnet forøvrig.
  18. Har samme erfaring med at eg starta med inverted, men etter at eg tok ei lengre pause frå FPS og oppdaga at fleire spel ikkje støtta inverted så bruker eg i dag berre vanleg oppsett. For meg har det vært meir intuitivt å lene kroppen bakover for å sjå opp, eg kan ikkje forklare kvifor eg ikkje følger same logikk for høgre og venstre, men det kan kanskje ha noko med at det var få spel som tillot invertering av begge aksane? Men kanskje det er fordi dette reflekterer nakkebevegelsane om eg skal sjå meg rundt med stivt blikk sifan eg då bøyer meg fram for å sjå ned og til venstre for å sjå til venstre. Når det gjeld forskninga så veit eg ikkje om eg kjøper konklusjonen om at invertert går saktare men med meir nøyaktigheit utan at dette skal ha nokon som helst samanheng med flysimulatorar det nettopp rolege og nøyaktige bevegelsar på stikka er avgjerande. Det virker då veldig beleileg at løysinga som vart valgt til flystikka på grunn av mekaniske forhold også viser seg å være best eigna som flykontroll når ein flytter styinga til det digitale medium. Og med tanke på at dette er ein artikkel på gamer.no, er konklusjonen at vanleg oppsett er best for spray'n'pray, og inverted er best for snipers som må treffe på fyrste skuddet?
  19. Reint produksjonsmessig så er det nok tryggare å bruke deltakarar som frå før har bevist at dei klarer å vise fram personlegheita si gjennom TV-kameraet. Det er nok også til dels enklare å berre jobbe med folk som har TV-deltakelse som yrke, på alt frå at dei forstår kva som gir godt TV-innhold, til at kjendisane veit godt kva dei går til og trenger sikkert mindre psykolog oppfølging. For ikkje å snakke om at kjendisar som har dette som jobb slepp å la seg hindre av praktiske forhold som at ein ikkje får permisjon frå jobben, osv. Lager du reality med ukjente så er det ein risiko for at dei spennande personane som vart valgt ut på audition ender opp med å framstå som flate og kjedelige i TV ruta. Min påstand er at ved å bruke ein kjendis som du kjenner godt til frå f.eks. nyheitene så fyller denne kjendisen rollen til Ola som gjekk i parallellklassa di på ungdomsskulen. Med 5,5 mill innbyggarar så vil det ikkje være mogleg å finne 12 randoms det heile Norge har eit personleg forhold til, men velger du 12 kjendisar frå ulike samfunnslag så vil absolutt alle kjenne til minst ein av kjendisane. Det er ikkje like bra med ein kjendis som du høyrer på radioen, som det er om Lisa frå økonomiavdelinga på jobben deltek, men det er eit betre substitutt med kjendisen enn ein random som 99,9% aldri har høyrt om før.
  20. Svaret er ganske enkelt. Det er ofte meir interessant å sjå folk du kjenner på TV enn vilt framande. Kjendisane oppfyller denne nisjen ved at "alle" kjenner dei utan å kjenne dei personleg. Det er litt som å lese lokalavisa. Det er lett å interessere for kvar det skal byggast nytt bustadfelt, om lokalpolitikarane vedtok å bevare eller legge ned barneskulen, osv, men det er sjeldan særleg interessant å lese lokalavisene for andre delar av landet sidan du ikkje kjenner til dei plassane og personane som lokalavisa skriv om.
  21. Det vil koste ein liten formue når kvar nye president skal gjere sine tilpassingar i interiøret også. Sjå berre til USA og korleis det hvite hus endrer seg etterkvart som det flytter inn ny president og ikkje minst presidentfrue. Det er ein viss innsparing i langsiktigheita vi har ved å ha ein monarksom er meir styrt av tradisjonar enn mote. Prinsessetittelen er det nok vanskeleg å gjere noko med, ho vi alltid være datteren til kongen og vil derfor være prinsesse uansett. Då blir det fort symbolhandling. Det Kongen burde ha gjort er å ta Märtha ut av arverekka. Per dags dato så stor ho som nummer fire i rekka etter kronprinsen og hans to barn Ingrid Alexandra og Sverre Magnus. Sjølv om det skal ein del til for at heile kronprinsfamilien går bort så synes eg det uansett er riktig å ta Märtha heilt ut av arverekka. Kong Harald har såleis avverga ei lita bombe ved då han satte Haakon som fyrstearving til tross for Märtha er den fyrstefødte. Eg kjenner meg ganske trygg på at vi vil få ein gaske så definitiv spiker i kista for monarkiet om det er Dronning Märtha og Kongegemal Durek som skal ta over som regent, så av den grunn er det heilt unødvendig at ho i det heile tatt er i arverekka. Kong Harald bør berre bestemme at det er Kronprins Haakon og hans barn som utgjer arverekka, og at dersom alle disse arvingane faller bort så må Norge velge ny konge (og dermed kongefamilie) om Norge forstsatt vil være monarki.
  22. Det er fint av deg å ville bruke litt pengar på veledigheit, men eg trur nok eg vil råde deg til å bruke litt av pengane på deg sjølv og ting du synes er litt luksus. Ikkje fordi du ikkje skal gi til veledigheit, men fordi eg trur ikkje at det å donere til veledigheit vil bidra til at du får eit meir "normalt" pengebruk. Slik som eg forstår det så ønsker du å komme deg litt vekk frå å leve enkelt og billig fordi du ikkje ønsker å framstå som gjerrig. Eg trur då at ved å donere til veledigheit og få ei god kjensle av å ha gjort ei god gjerning så vil det berre forsterke behovet ditt for å leve enkelt og billig, for jo billegare du lever jo meir har du til å gi vekk. Angåande matbudsjett så vil valget av å kjøpe dyre eller billige råvarer ofte være nært knytta til kor mykje tid og energi du legg i matlaginga. Det er mykje raskare å lage middag beståande av indrefillet og nypoteter sidan du då omtrent berre treng å varme råvarene, billegare råvarer krever ofte at du investerer meir tid på kjøkkenet slidan grytekjøkket må kokast heilt til det blir mørt, osv. Så lenge du ikkje er så sparsommeleg i matvegen at det går utover eit sunt og variert kosthold så er det ingenting galt i å kjøpe billige råvarer, og ivertfall ikkje om du er glad i å lage mat og klarer å få gode og velsmakande måltid ut av enkle råvarer. Det er verre om du aldri kjøper f.eks. torskefillet fordi det er så dyrt, og i staden så kjøper du fiskepinner med 5% fisk og kallar det ein fiskemiddag. At du oftare kjøper grønnsaker som er på tilbod på grunn ustandarisert størrelse eller skjønheitsfeil tenker eg er svært ansvarleg av deg både økonomisk og miljømessig, du treng ikkje å kjøpe paprikaen med plastfilm berre fordi du har råd til den når lavpris alternativet er like godt.
  23. The Avatar

    Ny elbil i brann

    Dette er nok flisespikking fra min side, men eg vil påstå at ein av grunnane til at vi har denne myten er fordi ein bruker begrepet "brannfarlige". Dette ordet kan forståast på ulike måtar. I denne artikkelen så er det brukt i betydninga av kor lett/ofte det oppstår brann, men ordet brannfarleg er også ein beskrivelse av kor raskt eller voldsom brannen er. Når ein seier at ein elbil er brannfarleg, så kan det bety: - Elbilar har lett for å starte å brenne. eller - Elbilar som brenner (i batteripakken) gir ein kraftig brann. Det er derfor fint mogleg å argumentere for at "elbilar er meir brannfarlege" om ein berre legg rette premissa til grunn. Til dømes så kan ein elbil starte å brenne mange timar enn at den er parkert sidan det går straum i dei elektriske ledningane enten frå ladekabelen eller frå batteriet. Ein dieselbil vil berre ha kortslutning i 12 V systemet som potensiell brannkilde om bilen er parkert og alle motordelar er avkjølt og kalde. Ein kan også argumentere at ein elbil er meir brannfarleg fordi at sjølv om at det er sjeldan at brenn i sjølve batteriet så er det meir problematisk med ein brann som ein ikkje klarer å sløkke med vatn. Startar det å ryke frå dieselbilen så kan det være at du klarer å sløkken den sjølv med hageslangen om du er rask nok, startar det å ryke frå sjølve batteriet så er det beste resultatet du kan håpe på med hageslangen å hindre brannen frå å spreie seg til andre brennbare ting. Etter mitt syn vil det derfor være hensiktsmessig å være meir konkret på om ein snakkar om antall brannar eller skadepotensialet når ein seier at ein biltype er meir brannfarleg.
  24. Lurer litt på kven som er målgruppa her? Siste spelet som vart sluppet var Blacklist i 2013, og til tross for gode anmeldingar så var det ikkje kjempepopulært, blant anna fordi Hitman var ein stor konkurrent i same sjanger. Kjernegruppa av dei som spelte fyrste spelet er langt oppe i 40 åra og kjem kanskje ikkje til å prioritere akkurat denne serien når ein får litt TV-tid etter at ungane har lagt seg. Og sjølv om det er ein smakssak med kva slags kunstneriske uttrykk ein sitter igjen med, så hadde eg foretrukket at denne serien var live action. Særleg i action filmar som prøver å holde seg innafor forholdsvis realistiske rammer så hadde det vært langt kulare med ekte skodespelarar. Animasjon kan ha sin sjarm, men eg synes animasjon passar betre til superheltar og andre historier som uansett bryt med vanlige fysiske lover.
  25. Synes også at det er bra å få tatt oppigjen saka så lenge hovedpersonen sjølv er i live og forhåpentlegvis kan få oppleve ei eventuell frifinning. Eg skjønar at dei etterlatte ikkje liker tanken på gjenopptaking som kan føre til frifinning, for det vil då nødvendigvis bety at drapet forblir uoppklart. Det er heilt vanleg at etterlatte slår seg til ro med at den skuldige har blitt tatt og straffa, og på mange måtar er det opprivande at den personen ein har bært nag til som mordar i alle dei år plutseleg skulle vise seg å ikkje være drapsmanen likevel. Mitt einaste ankepunkt mot gjenopptaking 42 år etter at dommen falt er at det er tvilsomt at retten vil finne nye læringsmoment som er relevante for dagens drapsetterforskningar. I så måte er det liten samfunnsnytte i gjenoppta saka. Politiet har for lengst endra sine rutinar både i forhold til avhørsmetoder, det å hindre vitner i samsnakkast før avhøyr, at tilståingar kan være feilaktige, osv. På 80-talet så aksepterte politiet i mykje større grad ei tilståing utan ytterlegare bevisførsel, i dag har ein for lengst etablert rutiner om at det skal leggast fram bevis for at tilståinga er korrekt, mellom anna fordi det ikkje skal være mogleg at nokon tek på seg all skuld for å beskytte ein medsamansvoren, elller endog for å bevise at tilståinga ikkje er kjøpt og betalt av den ekte drapsmannen. Til slutt vil eg legge til at at dette med at det skjedde dødsfall når Arnfinn Nesset ikkje var tilstades er ikkje nødvendigvis eit bevis for uskuld. Gift fungerer ulikt alt etter type gift og ikkje minst dose. Det vil nok fint være mogleg å forgifte nokon over tid slik at døden inntrer på eit seinare tidspunkt, særleg når det er snakk om eldre mennesker som frå før er svake så kan sjølv små helseendringar føre til ein framskunda død.
×
×
  • Opprett ny...