Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 838
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. For å svare litt meir utfyllande. Det korte svaret er at det ikkje lønner seg, og det litt lengre svaret er at det er ulønnsomt av fleire grunnar. Land som har konstant vannmangel vil nesten utan unntak være fattige land. Rike land med lite naturleg ferskvatn har løyst dette med avsaltingsanlegg fordi dei har råd til det. Land som Saudi-Arabia brukar nesten berre avsalta sjøvatn, faktisk til ein så stor grad at 70% av ferskvatnet som dei produserer ved avsalting blir brukt til å vatne planter. Dei fleste land har tilgang på sjøvatn så om dei ikkje har råd til å bygge slike anlegg så vil dei vanlegvis heller ikkje ha råd til å betale så mykje for å få ferskvatn levert på anna måte. Olje og gass har ein mykje høgare markedsverdi enn vatn, så sjølv om det er kostbart å bygge røyrledningar over lange avstandar, samt nødvendige pumpestasjonar og liknande så får ein så godt betalt for olje og gass at det kan lønne seg likevel. Litersprisen for vatn vil gi svært profittmargin. Avstandane mellom vassrike land som Norge og land med lite vatn som Saudi-Arabia er svært store. Mange av oljeledningane går over langt kortare avstandar. Vassleidningar som går over land vil kreve mykje diplomatisk arbeid for å få løyve til å bygge rørledning i andre land. I tillegg vil det fort være snakk om store høgdeforskjellar. Skal vi sende vatn frå Norge til midtausten og skal ha eit vassrøyr som går via alpane så vil det kreve enorm pumpekapasitet (som igjen er kostbart). Å legge røyra i sjøen kan være eit alternativ, men også her er det store høgdeforskjellar på sjøbotn, og ein vil måtte gå lange omvegar for å nå fram til det landet som treng vatnet. Eit siste punkt er at vatnet vil tape kvalitet under røyrtransporten fordi det tek lang tid å flytte vatnet. Kor fort ein kan forflytte vatnet kjem ann på mange faktorar, men ei vanngjennomstrauming på så mykje meir enn nokre få meter i sekundet er ikkje så veldig realistisk utan at ein må ha særdeles solide røyr som må motstå store krefter. Så det friske norske vatnet med høg drikkekvalitet vil fort være såpass dårleg når det kjem fram at det uansett må gjennom ein renseprosess før det kan drikkast.
  2. Ein liten kommentar her er at ei slik generell avtale om lønnstrekk ikkje vil være gyldig etter ein høgsterettsdom. For å kunne ta trekk i lønn så må det være ein konkret avtale om å trekke eit bestemt beløp på eit bestemt tidspunkt eller periode. Høgsterett konkluderte på denne måten fordi at formålet med arbeidsmiljøloven er å gi arbeidstakarane eit godt vern. Her er til dømes det arbeidsgiverorganisasjonen Virke gir av råd til arbeidsgivarar som vil foreta lønnstrekk. https://www.virke.no/arbeidsgiverstotte/lonn/trekk-lonn/
  3. Problemet er igjen at pride og regnbogeflagget ikkje har ein klar definisjon på kva verdiar som ligg bak. Det starta kanskje som eit flagg for det homofile miljøet på vestkysten av USA, men i dag er det så mange grupperingar som brukar flagget at flagget kan bety alt og ingenting. Så ein person kan bruke regnbogeflagget fordi det står for likeverd og aksept for ulikheite, neste person vifter med regnbogeflagget og meiner med det at homofile samliv er like fulle av kjærleik som heterofile samliv. Og heilt i enden av gata så står det kanskje ein tredje person med stort regnbogeflagg og meiner i fullt alvor at alle skal kunne ha sex med kvensomhelst og kvasomhelst, og at biologiske funksjonar og forskjellar ikkje finnes. Eg tvilar på at Coca Cola brukar regnbogeflagget fordi dei vil fremme P sine rettigheiter, dei vil berre selge meir brus. Men det er heilt klart enkelte som vil inkludere P under pride-paraplyen. Og når vi snakkar om P. Her er det minst tre leiarar. Den litt "nøytrale?" middelvegen som vurderer P som ein sjukdom/liding som bør kartleggast og behandlast. Og ytterkantane mellom dei som meiner at P er både moralsk og juridisk utilgjeveleg og som berre kan kurrerast med avliving, til dei som meiner at P er ein heilt naturleg del av spekteret som må respekterast og få støtte frå storsamfunnet. Ein vil aldri kunne diskutere seg fram til ein fornuftig konklusjon før ein klarer å definere ord, omgrep og symbol godt nok til at ein kan diskutere den same tingen. Her har vi ein svært lang veg å gå, og eg tviler på at vi kjem i mål utan å starte heilt på nytt. Til dømes så vil du aldri få ein konservativ kristen person som meiner at homofili er ei synd til å gå inn i ein debatt om kjønnsidentitet der vedkommande brukar omgrepet "cis" om seg sjølv som har same kjønnsidentitet som biologisk kjønn, for det er ein definisjon og eit omgrep som berre blir av den eine sida i debatten. Eg trur at det beste for Pride-bevegelsen hadde vært å ta nokre skritt tilbake og definert nokre bestemte kjerneverdiar og kva symbol som skal symbolisere disse verdiane, og at alle andre meiningar uansett kor tematisk like dei er må avvisast og henvisast til å bruke heilt andre symbol. Men no er katta ute av sekken, så eg trur det er forseint å få på plass ei felles forståing av kva Pride eigentleg er.
  4. Eg er heilt einig i poenget ditt, men eg synes også at du no er for bastant den andre vege. Det som er heilt rett er at dei ulike behova skal vegast opp mot kvarandre. Vanleg livsutfolding slik at ein slepp å liste seg rundt på ullsokkar i total stillheit vil sjølvsagt vege tungt, opp mot at naboen må tole å høyre at ein har naboar. Det vil absolutt være eit argument for at musikk på badet som er høg nok til å overdøve lyden frå dusjen vil falle i retning av at det oppleves meir som unødig støy frå naboen, enn at det er nødvendig livsutfolding å høyre på musikk disse 10 minutta ein er i dusjen. For i slike tilfeller så er ikkje lenger snakk om eit normalt lydnivå. Tilsvarande så skal det være ei vurdering som ligg til grunn på dette med etter kl 23 reglar. Terskelen for kva naboen må tole er normalt langt lavare etter kl 23, men ting som ligg utanfor naboens kontroll som barnegråt om natta eller at brannalarmen blir utløyst vil sjølvsagt måtte vurderast på ein anna måte enn støy som er heilt unødvendig eller som ein med enkelheit kunne venta med til dagen etter. Eg vil også legge til at grannelova omtalar ikkje tidspunkt, der er det spørsmål om kva som er unødig eller urimeleg. Så om du veit at naboen jobbar nattevakt og søv på dagtid så kan det også vurderast som urimeleg å starte plenklipparen kl 9 om morgonen sjølv om det er heilt normalt i mange andre nabolag.
×
×
  • Opprett ny...