Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    1 617
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Aha? Den stemmer jo? E=1/2mv^2...
  2. Nei. Elbiler kunne slå gjennom fordi dei ikkje trengte infrastruktur. Utan ladestasjoner får du lada heime. Bilen er brukbar til det dei fleste bruker bil til dagleg - pendle til jobb. Hydrogen? Om eg hadde fått hydrogenbilen gratis hadde eg takka nei. Fordi det i praksis ikkje finst infrastruktur for å bruke den.
  3. Kva slags dobbeltrolle har politikarane som sa ja til havbotnmineraler i strid med EU sine ønskjer?
  4. Sjekk kva som står på kvitteringa.
  5. Gitt trafikkreglane §12 1. ledd siste bokstav kan en alltid køyre forbi på høgre side i kollektivfelt: https://lovdata.no/forskrift/1986-03-21-747/§12
  6. Gitt trafikkreglane for forbikøyring er det ikkje forbode. Det er varsellinje, og det ser ut til å vere rettestrekke med grei sikt. Då kan du køyre forbi på venstre side. I tilleg vil du kunne køyre forbi på høgre side om du har elbil. https://lovdata.no/forskrift/1986-03-21-747/§12 Ut frå biletet er fasiten feil.
  7. I it-nett har du ein resistor mot jord i nullpunktet. Difor er jordstraumen liten, og du kan operere nettet med ein feil. Kutter du derimot den resistoren vil einaste straumen som går vere gitt av kapasitiv kopling, og i praksis vere svært liten, og avhengig av lengde på nettet. Du får slå opp galvanisk skilje, eller lese om skilletrafo. F.eks. kan du bruke skiljetrafo når du skal måle på utstyr ettersom jord på oscilloskop er faktisk jord. Om du da kopler det du skal jobbe med via skilletrafo kan du jobbe fritt og koble jord på oscilloskopet mot fase på det du jobber på. Skilletrafo kan og brukast for personsikkerhet; har du skilletrafo kan du ta på fase og jord uten straumgjennomgang, Det har eg prøvd mange ganger sjølv.
  8. Du vil ikkje få straum til jord etter ein trafo, med mindre nullpunktet i trafoen er jorda, uavhengig av om trafoen er i eit dobbeltisolert apparat eller ikkje. Induksjonsovner er transformatorer for alle praktiske formål.
  9. Dobbeltisolert har ingenting med isolasjonstrafo å gjere. Dobbeltisolert vil sei at det er to barrierer mot at brukaren kan bli utsett for spenning ved feil - dvs. det må oppstå to samtidige feil. Isolasjonstrafo baserer seg på galvanisk skilje, slik at det ikkje kan gå ein jordstraum - det er ingen elektrisk forbindelse frå apparatet til jord.
  10. Det går fordi sekundærsida på trafoen er tilkopla jord. Kappar du jord på trafoen vil du ikkje ha straum ved jordfeil... Slå opp isolasjonstrafo og galvanisk skilje om du tviler.
  11. Problemet ditt er at med 15% rente så er rentene på 180k 2250 per månad. Dvs. at av dei 3000,- du betaler inn går kunn 750,- til å faktisk redusere gjelda di. Det gjer at det tar ekstremt lang tid å betale ned gjelda. Du bør ikkje betale mindre, men om du kan få lågare rente så bør du absolutt hoppe på det - og betale 3000,- i månaden.
  12. Det er det vanlege. Det einaste spesielle her er at byttet er finansiert gjennom ekstraordinær innbetaling over ein kort periode. Vanlegvis vil slikt skje ved at sameiget tek opp lån og aukar felleskost med litt over ein lang periode for å betale lånet, eller aukar felleskost litt over lang periode for å forskottere vedlikehaldet. Men det gjer det ikkje til mindre felleskost enn om det hadde vore innbetalt med ein tusenlapp i månaden over ti år,
  13. Det er ikkje opp til deg. I prinsippet kunne sameiget krevt inn summen over fem år før byttet.
  14. Tingen er at du strør om deg med påstander. Når nokon kritiserer dei reagerer du med å spele fornærma over at folk ber om kjelder, kjem med nye døme, og er på bærtur med målpostane. Det er enkelt og greit ikkje diskusjon, men at du skal få sutre over kor ille det er.
  15. Det kan vi vere heilt sikre på at det ikkje var. Overfører du elektrisitet via eit magnetfelt får du eit galvanisk skilje. Du får ikkje støt av å ta i ei panne på induksjonskomfyren.
  16. Er du sikker på at det ikkje berre er ei ekstraordinær innbetaling av felleskostnader? Normalt er det ytre sameiget sitt ansvar. Betaler du direkte til entreprenør, eller betaler du til sameiget? Du pliktar å betale felleskost. Sameiget pliktar å halde bygget ved like. Det er grunnlaget. Så... du betaler til sameiget? Ikkje direkte til entreprenør? Korleis veit du på magisk vis når dei har behov for midlane?
  17. Snakk med styret. Du må betale. Det er styret som har avtalt arbeidsomfanget, ikkje du. Du betaler felleskost, ikkje bytte av vindu. Det er ikkje du som er oppdragsgjevar, og det er ikkje du som har sagt kva som skal inkluderast i prisen. Held du tilbake innbetaling av felleskost er det grunnlag for inkasso og til slutt tvangssal. Du betaler ikkje for ei vare. Du betaler felleskostnader for vedlikehald.
  18. Kva statistikk? Kritikken frå EU kom altså i etterkant. Så kva skulle dei bøyd av for? Har det skjedd?
  19. Dei har ikkje overstyrt EU. EU har vedteke kritikk av Noreg. Ikkje bindande direktiv mot havbotnsmineraler. Ja? Har ikkje det vore open høyringsrunde? Har ikkje partidemokratiet vore involvert? Kan du peike på noko i denne saka som ikkje føl normal saksgang for stortingsvedtak? [[Citation needed]]
  20. Så langt har du ikkje greid å peike på alvorlege ting. At Stortinget er ueinige med EU er ikkje alvorleg. Utvinning av havbotnsmineraler har vore utreda på vanleg måte, og så vidt eg har fått med meg har mange parti diskutert saka internt, slik at partidemokratiet absolutt har sagt sitt om den. Så du sutrer. Du har ikkje peikt på alvorlege ting.
  21. Dette er endå ein tråd der du sutrer over samfunnet, og når du får kritiske spørsmål er visa ein variant over No True Scotsman. Du har ikkje peikt på korrupsjon. Du har peikt på at nokon er ueinige med deg. Though life...
  22. Men større når du samanliknar med andre meiningsmålinger. Fordi dei og har feilmargin. Sjå illustrasjonen eg saksa frå Aftenposten som viser feilmargin med skraverte felt.
  23. Det er ifølgje Aftenposten innanfor feilmarginane. Du har null substans,kun konspirativt vas å komme med.
×
×
  • Opprett ny...