Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    3 328
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. At det er eit forslag som ikkje er vedteke av EU. Det er ikkje veldig dramatisk; det dukker opp mykje rart i forslag som vert endra i løpet av lovprosessen i EU. Nei, fordi det ikkje er eit krav. I tillegg er det idiotisk av deg å spekulere i at AP har akseptert det, ettersom artikkelen du lenker til skriv at AP avviser det.
  2. Send reklamasjon til Klarna der du krev alt innbetalt tilbake, og vis til at selger ikkje har levert vara. Klarna er kredittyter, og du kan difor halde dei ansvarlege for seljar sine forpliktelsar j.f. finansavtalelova §2-7.
  3. Nei, Windows NT er ikkje basert på MS-DOS. Windows ME var siste Windows-versjon med element av MS-DOS.
  4. Vil sei det er gjentakande problem over alt på diskusjon.no; så lenge det ikkje er grove personangrep får det leve, og det å bare repetere ting funker som strategi, fordi ingen setter stopper for det. Moderering er krevande, og tungt. Men total frihet fører ikkje til ytringsfrihet og mangfold, det fører til ekkokammer der den som roper høgast vinner. Resten går lei.
  5. Har andre gitt slike politiske signaler, utover IEA si formulering av nitti dager av net import?
  6. Hint: harmonisering av regelverk, og fremme ein politikk majoriteten av medlemslanda støtter. Problemet er at det er ingenting som tilseier at det er grunnen til IEA si formulering av regelen. Det framstår som ei forklaring du har funne på for å kunne skulde på EU. Du har repetert påstanden i denne tråden, men du har ikkje greid å gjere meir enn å repetere den; beklager - det er for lettvint. Diskusjon med deg er uinteressant, fordi du ikkje er villig til å diskutere - du skal hamre laus på at EU er problemet. Legg merke til at eg gjentatte ganger seier meg einig med deg i sak, men reagerer på at argumentasjonen din er ... mangelfull.
  7. Trur du at WHO og EU lever i kvar si verd? For din del handler åpenbart alt om EU-bashing. Når EU foreslår ein regel påstår du det hadde vore meir truverdig om eit anna internasjonalt organ hadde foreslått regelen. Når eit anna internasjonalt organ foreslår ein regel er den til på grunn av at EU har påverka det internasjonale organet. Det er åpenbart at det for din del handler om at EU alltid skal ta feil. Andre syndebukker framstår som utenkelig. Det er intellektuelt uredeleg frå di side, og du skyter deg sjølv i foten med åpenbare feil. Igjen; plukk opp ei av NTEU sine årbøker og få faktisk argumentasjon mot EU, ikkje lettbeinte løgner. I utgangspunktet er eg skeptisk til EU, av fleire årsaker, men idiotien frå deg gjer meg strengt tatt meir positiv til EU...
  8. I diskusjon om kadmium i løk hadde du klokketru på at WHO kunne sett fornuftige grenseverdier. Her er det ikkje-EU-organ som har laga regelverket, og då er det brått EU sin feil det og. Det er åpenbart eit spel du ikkje kan vinne; EU har alltid skulda uansett. Forøvrig produserer Noreg ~1.6 millioner fat per dag, og bruker rundt rekna 250k fat per dag. Om vi bygde opp lageret over eitt år ville det ta 3-4% av norsk produksjon.
  9. Det er IEA sjølv som gir det påståtte stimuliet. IEA følger altså IEA sine anbefalinger, som er lager på 90 dager netto import. Det er påpeikt for deg før i tråden, men du velger å fortsette å lyge om det. Voksent.
  10. Veldig mykje av beredskapslager er lagra i fjellhaller. Det er f.eks. slike fjellhaller på Mongstad.
  11. Heilt einig! Også heilt einig i at vi bør bygge lager. Men kvifor kan ikkje du foreslå det uten å komme med tåpelege løgner om at vi er pålagt å ikkje ha lager?
  12. Ikkje nødvendigvis einig, fordi oljeproduksjonen vi har er sårbar, så auka lagring er fornuftig. Men debattstilen vokteren står for er motbydelig, med billige løgner og monomant eu-hat.
  13. [[Citation needed]] Du kaster ut påstander. Dei blir sjekka. Det er direkte løgn. Du kaster ut nye påstander... Altså, EU-hatet ditt er fullstendig åpenbart, men som sagt før: gjer deg sjølv ei teneste og finn saklege argument. Dei er det mange av, og t.d. Nei til EU sine årbøker gir deg den argumentasjonen. Lettbeinte løgner derimot...
  14. Dette er blank løgn frå deg. Ingen pålegg oss å ikkje ha lager. Frå IEA sine medlemskapsvilkår. Det er altså ikkje slik at Noreg er pålagt å ofre eiga sikkerhet til fordel for EU. Derimot pålegg IEA (som FRP viser til) Noreg - og andre medlemsland - å ha reserve tilsvarande nitti dagers netto import. Vel, Noreg har ikkje netto import av oljeprodukter, og er difor fritatt frå kravet. Det vil ikkje sei at vi ikkje kan ha 90 dagers reserve, kun at IEA ikkje krev det. FRP si framstilling er også meir eller mindre blank løgn.
  15. I utgangspunktet kan dei ikkje heve avtalen nei, med mindre det er åpenbart feilprisa. Ta kontakt og forklar at dei ikkje har rett til å heve kjøpet.
  16. Du har kjøpt PS5, ikkje eska. Har Komplett levert det dei solgte? Ja.
  17. Banken betaler for nye kunder.
  18. https://en.wikipedia.org/wiki/Crypto_Wars I praksis ikkje et problem, sterk krypto er fritt tilgjengeleg på internett, og f.eks. RSA er vanleg å omtale i matematikkundervisning. I tillegg er det klart at det kan vere ulovleg å eksportere software, men det er aldri ulovlig å eksportere algoritmer. Dvs. at du kan skrive ned algoritma, eksportere den, så kan den implementerast i software utanfor USA.
  19. Politiet kan anmelde drapsforsøk sjølv. Dei er ikkje avhengige av å vente på at B anmelder det.
  20. Du har ikkje krav på gratis hjelp generelt sett. Vil du ha juridisk hjelp får du kontakte advokat. Og betale for det.
  21. Eg greier heller ikkje å forstå at en regel er idioti fordi EU. Ja, EU har negative sider. Dette er ikkje ei av dei. Det er litt som å være for røyking fordi Hitler var imot det...
  22. Det er ikkje trygg nedre grense. Det er snakk om å redusere inntaket. Korleis er det å redusere inntaket av tungmetall negativt? WHO omtaler forøvrig kadmium som folkehelserisiko, og anbefaler tiltak for reduksjon, og nevner m.a. grønnsaker som ei hovedkjelde for mange.
  23. Ja, det er andre kilder til kadmium. Men argumentasjonen din er totalt på trynet. Viss vi ikkje fikser alle problemer så skal vi ikkje fikse nokon problem? Det er perfect solution fallacy. Problemet er summen av inntak av tungmetall. Reduserer du ein plass er det bedre enn å ikkje redusere. Det beste er såklart å bli kvitt det, men ikkje la det beste bli det godes fiende. Dønn seriøst, EU gjer mykje idiotisk. Dette er ikkje ein av dei tinga, og argumentasjonen din er så åpenbart biased at det er direkte latterlig. Gjer deg sjølv ei teneste; les Nei til EU sine årbøker som vil gi deg faktisk argumentasjon mot EU. Trådane dine på diskusjon.no er påfallande nok ting eg - og veldig mange andre - meiner er gode ting frå EU, f.eks. reduksjon av tungmetaller i maten...
  24. Betalte du med kort? Ta kontakt med banken og gi beskjed om at selger ikkje oppfyller sine forpliktelser (leverer produktet), og heller ikkje svarer på krav om heving, og at du derfor ber banken betale tilbake beløpet. Legg ved e-postkorrespondanse du har hatt med selger. Vent fem dager så har du penger på konto.
×
×
  • Opprett ny...