Gå til innhold

barfoo

Medlemmer
  • Innlegg

    3 442
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av barfoo

  1. Øh, nei. Idealgasslova er som kjent pV=nrRT, der p, V og T er hhv. trykk, volum og temperatur. Men atmosfæren utveksler energi med omgjevnandane, volumet er ikkje konstant, trykket er ikkje konstant og temperaturen er ikkje konstant. Venus er ikkje varm på grunn av trykket per se. Flytter du Venus til Pluto si bane vil trykket vere identisk til å begynne med, men temperaturen avta kjapt. Så eg er oppriktig usikker på kva slags argument du kjem med her, men det er feil.
  2. Nei, det er veldig enkelt. Enten kan du spore sola basert på tid, eller to lyssensorer og ein kant som lager skygge - og enkelt og greit vri til begge sensorer har lik lysintensitet. Det er veldig enkelt. Problemet er at mekanikk koster penger, og krev vedlikehald. Det er sannsynligvis billigare å kompansere ved fleire panel.
  3. Det er ikkje typisk Linux-brukere. Det er typisk 98% av befolkinga elns. Dei fleste tar mobilfoto og ser rart på deg om du nevner raw og fotoredigering utover snapchat-filter...
  4. Dette er jo knapt nyhet. Tillater du eksamen med BYOD kan du ikkje utelukke juks, enten gjennom nettverk du ikkje får stansa, eller software. Det er to-tre løysinger på problemet: Tillat alt. Det vil jo likne meir på jobbsituasjonen, og vil endre innhald på ein del studier. Ikkje tillat byod og ha kontroll på dingsen. Still oppfølgingsspørsmål til svara gjennom munnleg eksamen i etterkant. At AI tilfeldigvis er hype word endrer ikkje det grunnleggande prinsippet, som er at du kan ikkje stole på en dings andre kontrollerer - som jo er tilfellet når folk får bruke eigne dingser på eksamen.
  5. Det er universalmotor, dvs. at viklinga skal ligge i serie med børstene. Kondensatoren er vel sannsynligvis støykondensator som skal ligge i paralell med børstene. Dobbeltisolasjon yo. Om ytterkapslinga er plast er det nesten alltid dobbeltisolert og ujorda.
  6. Prøv å sett til native. Passthrough er at den ikkje ruter IPv6 og det er ikkje det du vil. Telenor gir deg et prefix (/48) som du må rute.
  7. Ville lagt 50-100W per kvadratmeter, så 3-600W for rommet. Det sagt: legg varmekabler. Det koster ikkje allverden å legge; en time eller to med elektriker før siste runde med påstøyp og kostnad for kabelen. Tilkopling og termostat kan du vente med til du eventuelt ser eit behov.
  8. Tipper forskjellen er ~0. Hadde det vore konkrete dokumenterbare forskjeller hadde reklamekampanjen vore ... all over the place. Det er den ikkje, og det er snakk om vage antydninger, ikkje konkrete påstander som er falsifiserbare.
  9. Det er jo reklamasjonssak, så når du har berga data bør du jo kontakte selger for å reklamere på telefonen. Du har fem års reklamasjonsrett.
  10. Nja, i mange av sakene var jo problemet for svak dokumentasjon av barnets beste, slik at utfallet fort kunne vorte eit veldig anna med betre dokumentasjon i sakene.
  11. Den anmeldte vil normalt sett motta brev om at saka er lagt vekk, på linje med meldar. Der vil grunnen framgå, t.d. ingen grunn til å tru at det er straffbart, kapasitet e.l.
  12. Det er vanskelig å forstå kva du meiner på grunn av tegnsettinga, men meiner du at borna i dei konkrete EMD-sakene burde vore tilbakeført? I så fall er det enkle svaret nei - på grunn av barnets beste. Tilbakeføring etter lang tid til omsorgspersoner barnet ikkje kjenner er ikkje betre enn fortsatt adoptivforeldre e.l., samt at norsk lov har ein absoluttfrist for omstøyting av adopsjon.
  13. Nei, du har ikkje slimhinner i øyret. Men praksis ser ut til å variere... https://www.aftenposten.no/digital/i/qL8L9E/passer-ikke-oereproppene-da-kan-du-ha-et-problem
  14. Ville krangla på at det var intimprodukt. Det er ikkje hygieniske grunner til å ikkje dele slikt...
  15. Du har jo angrerett som mulighet.
  16. Det er vel rimelig utvilsomt at så ikkje alltid har skjedd, j.f. rundane med norsk barnevern i menneskerettsdomstolen, og dei påfølgande oppgangane i høgsterett. Så barnevernet - og andre instanser - gjer feil. I somme tilfelle, som med samvær, vert feila systematiske fordi etablert praksis viser seg å vere feil, slik at høgsterett som følgje av EMD-dommer måtte endre praksis. Om det har skjedd i dei sakene som er omtalt i denne tråden er jo uråd å vite.
  17. Og så da? Praksislæraren, som sikkert har gitt melding, er ikkje part i skikkaheitsvurderinga. Så kvifor er det relevant? Nei, du kan ikkje konstantere at du føler deg mobba, og difor er sakshandsamar ugild. Det er ikkje du som får vurdere det. Det er sakshandsamaren sjølv og eventuelt overordna. Er du ueinig i den vurdering har du klageadgang og eventuelt søksmålsadgang. Men som nevnt over er ikkje vedkommande part i saka eingong. Ergo er eventuell inhabilitet irrelevant. Elles hadde det vore umogeleg å fatte vedtak til ugunst for nokon.
  18. Ei sakleg konflikt er åpenbart ikkje nok; då vil ingen vedtak som går imot det parten ønskjer vere fatta av nokon som er gilde. Særegne famner nok litt djupare ting enn ei enkel konflikt. Krikkert har påpeikt at særleg nært vennskap eller uvennskap kan vere nok. Det at slekt lenger ute enn søsken ikkje medfører ugildheit tilseier at det skal ganske mykje til. I tillegg er skikkaheitsvurderinger avgjorde av nemd, og at to nemder skal vere ugilde på grunn av konflikt framstår som... urealistisk.
  19. Nei, ikkje spesielt. Eg kan gjette meg til sånn omlag kva som har skjedd basert på det du skriv, og detaljane er ikkje så interessante. Oppførselen din her avslørande nok. Du har vel fått tilbakemeldinger i praksisperiode, eller tidlegare under studiet, du ikkje var einig med. Du har kverulert på dei og begynt å dra inn mobbing og whatnot på saklege tilbakemeldinger. Det har ført til at praksisrettleiar konkluderte med at du er uskikka, og meldt frå om det til utdanningsinstitusjonen du studerer ved. Dei har sett grunn nok, basert på eigne erfaringer og varselet til å gå viare til skikkaheitsvurdering. Innimellom alt anna tipper eg det har vore forsøk på rettleiing, som du ikkje har vist vilje til å ta til deg. Du er neppe einig i mi framstilling over, men tipper dokumenta fortel omlag den historia.
  20. Saka har jo vore gjennom ei nemd med fleire deltakarar, som har fatta vedtaket. Kven som leverte varselet er forsåvidt ikkje viktig. Vedkommande som har levert meldinga er ikkje part i saka! Du må angripe vedtaket, og få det omgjort. Det er ei klagenemd du kan klage til. Om nemd og klagenemd har komt til likt resultat kan du gå til domstolen, skjønt basert på oppførselen din i denne tråden trur eg det er bortkasta penger. Du er ikkje eigna for læraryrket gitt oppførselen din her.
  21. Kva er grunnlaget for at konflikt fører til at sakshandsamar er ugild?
  22. Har ikkje spesiell betydning afaik. Men spørsmålet er om det er behov for det; har du lågt vasstrykk? Kva viser manometeret?
  23. Korleis kan ein gjere seg inhabil? Ligge med sambuaren din?
  24. Du er ikkje inhabil fordi den saka angår er ueinig. Di tolking er neppe i tråd med faktisk inhabilitet.
  25. Tanken har ei gummiblære. Den bør ha passelig trykk slik at du lagrer vatn med rett trykk i tanken. Typisk 2-5 bar, litt avhengig av arbeidstrykket du ønsker. Skru av topplokket på den så finn du sikkert ein vanleg dunlop-ventil du kan pumpe inn luft i.
×
×
  • Opprett ny...