-
Innlegg
44 612 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Eg har hatt begge Wilfa-kvernene og ville valgt Uniform. Den billegaste fungerer heilt greit for dei som berre skal ha litt koffein, men er ein litt interessert og kjøper betre bønner (gjerne lysbrent) så synest eg du får mykje igjen for kjøpet. Eg kjøper kun lysbrent og fersk kaffi. Då eg starta å drikke gjekk det i mørkare variantar, men vart vane med at eg måtte ha litt sjokolade til, for det vart for bittert. Etter ein periode med det kjøpte eg ein pose Tim Wendelboe espresso for å sjå kva greia var. Det første eg tenkte var at dette smaka jo ingenting og at det ikkje var noko for meg, men posen var dyr så eg ville bruke den opp. Ei veke seinare hadde smaksløkane blitt vane med det og forsto eg kva greia var. Sidan har eg aldri sett meg tilbake. Ellers må eg nemne at styrke når ein snakkar om kaffi handlar om mengde kaffi per eining vatn. Kva som ender opp i koppen vil variere etter bryggemetode, men med lik metode så er eit sterkare brygg eitt der du brukar meir kaffi til lik mengde vatn. For filter er 60 g kaffi per liter ganske vanleg, så 65 g til ein liter ville vore ein sterkare kaffi og 55 g svakare. Det er fort gjort å tenke at mørkare kaffi er sterkare, men det er smaken som er den store forskjellen, ikkje styrken. Mørkare kaffi har meir bitter og kraftig smak med lite syre. Mange tenker at mørkare kaffi er sterkare og gjev meir “krutt”, men ironisk nok vil den ofte ha mindre koffein enn tilsvarande volummengde lysbrent kaffi sidan den mørke er meir brent og lettare pga. vatn som fordampar frå bønnene. Brukar du vekt og tar lik mengde i gram ved brygging så er det stort sett lik mengde koffein, men etter volum vil du sannsynlegvis få mindre koffein. I entusiastbransjen er det mest lysbrent, men det finnes “spesialkaffi” som i alle fall er medium brent. Mykje av poenget med filosofien til bransjen er å få fram nyansar og smaksprofiler til den enkelte type bønne og kaffi. Når bønnene blir mørkbrent forsvinn alt sånt og dei bitre, brente og mørke smakane dominerer. Difor finn du lite mørkbrent spesialkaffi.
-
Er det berre meg eller er ryggelys blitt dårlegare dei siste åra? Er tanken at kamera er gode nok til at dei ikkje treng bruke så mange kroner på ryggelys? Frontlysene er knallbra, men i mørke er det nesten null effekt av ryggelysene. Av og til må eg bremse for å lyse opp med bremselysene. Kamera er eit fint hjelpemiddel, men stort sett føretrekk eg speglane. Om kamera er litt dekka av skit eller snø så er det nesten rygging i blinde. På Enyaq kan eg spyle ryggekamera, som hjelper godt, men det har ikkje Tesla. Min erfaring kjem hovedsakleg frå VAG og Tesla, så andre merker kan vere betre.
-
TMY LR 2023. Temperaturen var frå 2 til -6 grader og hadde kjørt opp ca. 1000 høgdemeter. På vei nedover frå fjellet kom symbolet for avgrensa regenerering opp, så det blir tydelegvis ikkje varmt nok når det er kaldt ute, sjølv på ein lang tur. Etter at det hadde gått sakte over fjellet pga. snø så fekk eg litt fart på bilen i ein tunnel, men då bremsa ikkje regenereringa nok og eg måtte bruke bremsen. Kan ein få opp batteritemperatur utan for mykje greier eller må du ha OBD-dongle og styr? Det er sjeldan behov for, så ikkje noko stor sak, men det hadde vore moro å sett kva den faktisk var. Det finnes sikkert erfaringar frå andre eigarar om kva ladeeffekt du kan få ved ulike batteritemperaturar. Om du droppar forvarming vil den vel varme batteriet i alle fall delvis opp på ladestasjonen, så energien brukt til formålet blir kanskje ikkje så ulik uansett.
-
Treng bilen verkeleg forvarme batteriet i over ein time før lading? Eg var nyleg på langtur og allereie då eg var 1 time og 38 minutt frå planlagt ladestopp starta den med forvarming. Då hadde eg kjørt eit par timar allereie. På Energi-appen sto det at den hadde brukt nesten 10% på forvarming, som heller ikkje var estimert for turen. 🤨 På turen tilbake var det same greia. Då avbraut eg turen for å stoppe. Hadde uansett god nok tid til lading.
-
Har høyrt om tilsvarande hendingar frå andre VAG-eigarar, td. Enyaq. Har visst vore ein funksjon hos VAG lenge. Funksjonen kan slås av i menyen. Kunne med fordel vore avslått som fabrikkinnstilling, i alle fall for bilar som skal til Norge. Bruksområde antar eg er for å ventilere bilen ein varm sommardag.
- 19 svar
-
- 2
-
-
Her er det neste spillet fra Naughty Dog
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Så Porsche-romskip og Adidas-sko er inkludert utan at dei selskapene har lagt ei krone i potten? Kvar i traileren såg du ein NES? -
Har du kortare arbeidsdag pga. lengre reisetid til jobb? For dei fleste har dei ei fast arbeidstid og ev. endringar i reisetida går ut over fritida, ikkje arbeidstida og inntekta.
- 28 svar
-
- 2
-
-
Her er det neste spillet fra Naughty Dog
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Reklamen var skuffande ja. Eit Porsche-romskip… Litt skuffa over at det er sci-fi, som ikkje er noko favorittsjanger. Etter TLOU hadde eg håpa på ein bra, ny IP, men me får sjå kva det blir. -
Eg var ikkje klar over at nokre tilbydarar kun lar deg opprette ein ASK. Det finnes altså tilbydarar som lar deg opprette fleire ASK. Me har eigen ASK til kvart born. Vil du ikkje det så har Herr Brun fasiten. Sjå på andelar, ikkje kroner. Du må òg ta stilling til skatt. Det blir skatt på avkastninga, og om det står på ASK vil du ikkje løyse ut skatten om du tar ut ein sum frå ASK som er mindre enn det som er satt inn. Då vil skatten ligge der og bli løyst ut ved seinare uttak.
-
Hurra! Meh… Ein DS3-boss i traileren og noko som såg ut som DS3-maiden. Blir vel meir arcade-aktig.
-
Vekta svinger opp og ned frå dag til dag. Er du uheldig og først måler ein dag den er under snittet og så ein dag den er over så kan det sjå ut som den er gått to kilo eine eller andre veien. Veg på same tidspunkt ei veke og noter vekta så ser du betre kva den svingar rundt. Etter første toalettbesøk, men før frukost på morgonen er eit bra tidspunkt.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Vi kjørte Fords nye «Obos-Mustang»
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Rund i formene ja. Er det runde former alle vil ha i dag eller er så mange bilar runde pga. kollisjonsteknikk eller andre årsaker? -
Eg har ei Kruve-sikt liggande og prøvde meg på å sikte kaffi frå ei billeg kvern for nokre år sidan, men syntes det var for galt å kaste noko som har reist heilt frå Afrika eller Sør-Amerika, så eg kjøpte heller ei betre kvern der alt blir brukt. For nokre år sidan las eg litt frå nokon som dreiv med, men mange meinte det tok vekk noko av kompleksiteten. Nær 100% uniform kverning var ikkje nødvendigvis det som gav best resultat. Småpartiklar (fines) i seg sjølv er ikkje noko problem, men det handlar om mengde og partikkelfordeling. På rimelege kverner er gjerne dei store partiklane meir negativt for resultatet enn dei minste. ”Fines are fine” er eit uttrykk som dukka opp i den diskusjonen. Det kom ein hyggeleg pakke i posten i dag. Blir moro å teste.
-
Det er absolutt ikkje behov for noko meir pipe. Av og til må piper rehabiliterast, men det er pga. tilstanden på pipa, ikkje ovnen. På nye hus eller hus som blir renovert og tetta igjen meir enn dei var er det noko ein bør vurdere, men på eldre hus er det sjeldan problem med nok tilluft. Ein ny ovn må gjerne ha litt meir luft ienn eldre, men i eit hus frå 60-talet er det neppe eit problem. Er rommet lite kan du òg kjøpe ein liten ovn, og det treng ikkje bli så dyrt. Ved er ganske dyr måte å fyre med om du kjøper ferdig sekk til marknadspris. Er behovet verkeleg lite så ville eg vurdert om behovet er der i heile tatt. Kan ein panelomn fungere vel så bra? Ved kostar fort 1-3 kroner per kWh om du ikkje får den billeg, og då er du i prisområdet for ein panelomn. Straumpris over 85 øre blir kraftig redusert pga. stønad frå staten. Forskjellen for deg på 100 øre og 300 øre er 20 øre. Du sparar pengar både på kjøp av ovn og fikse pipa, samt at du slepp styre med ved og fyring. Kjøper du ein panelomn med styring kan den startas frå app eller automatikk. https://vedkalkulator.no/Home/ShowMain
-
Er det snakk om peis eller ovn? Det er to forskjellige ting. Om det er snakk om ein eldre ovn ville eg uansett kjøpt ein nyare og reintbrennande som vil gje meir varme til rommet og mindre ut pipa. Kan finne sånt på Finn om det blir dyrt med ny. Er det snakk om peis ville eg gjort det same og kjøpt ny ovn.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Det er ikkje så ofte eg er på Meny, men det er ganske ofte når eg er der at eg får stikkontroll. Har ein teori om at det er større sjanse på butikkar du sjeldan er innom. At logikken legg inn fleire stikkontrollar då enn på kundar som er der hyppigare. Siste tre turane på IKEA har eg òg fått kontroll. Eller så er det tilfeldig.
-
No har DNB lansert Apple Pay, så då har eg ikkje bruk for Curve lengre, men har fungert heilt topp. På Norgesgruppen-butikkar brukar eg Trumf-appen der du òg får 1% ekstra bonus. Eg meiner det sto at det var tidsavgrensa i starten, men fann ikkje noko om det no. Om den ekstra bonusen forsvinn kan ein ev. bruke Apple Pay sidan du uansett må scanne QR-koden for å betale med appen.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Eg går ned ved å ete akkurat det same som før til alle måltid, men litt mindre. Så lenge inntaket er under normalen som har haldt vekta stabil så går det nedover. I enkelte brødmåltid kan det vere så enkelt som å byte ut eit par brødskiver med knekkebrød. Av trening er det kun styrke. Det krever disiplin, men det må ein stort sett ha uansett metode.
-
Nå kan du tæppe med Vipps i butikken
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Sikkert fint det, men eg ventar på Apple Pay. Curve og Trumf-app tar jobben foreløpig.- 31 svar
-
- 2
-
-
Det er kun om den eine parten betalar mindre i skatt enn dei kan få i avdrag. For folk flest med begge i arbeid blir det ingen forskjell.
-
Alt det baserer seg på påstanden om forbruket frå 16:00 til 18:00. Om det finnes studier på emnet så del gjerne dei. Eg veit at prosjektet COFACTOR driv på med sånt, men har ikkje studert nokre publikasjonar. No er uansett ikkje matlaging der det er mest å hente. Litt av poenget med kapasitetsleddet er å hindre høgare topplast enn før fordi folk lada bilane sine samtidig som bustaden brukar meir energi på oppvarming av rom og vatn, samt til matlaging i det tidsrommet. Effekten til akkurat det å koke poter har kanskje ikkje endra seg nevneverdig eller kjem til å endre seg.
-
Nei, ikkje så lenge alt forbruket er fordelt ut over dei to timane, men det veit du ikkje og kan ikkje styre. Hadde alle brukt mindre effekt så veit du at det ikkje vil bli eit problem. Om alle går frå 1 kW til 2 kW så er det tilfeldigheiter som styrer det. Nettet må vere dimensjonert for det høgaste augneblinksforbruket som oppstår i det daglege.
-
Det fungerer så lenge forbruket faktisk blir jevnt fordelt, men det er tilfeldig. Dei dagane forbruket tilfeldigvis er samtidig så blir delar av netter overbelasta.
-
Sjølvsagt er det ikkje likt. I kWh betyr det ingenting om du brukar 1000 W i to timar eller 2000 W i ein time, men sistnemnde treng dobbelt så stor kapasitet på nettet, og det er heile poenget med kapasitetsleddet. Høgare effekt betyr høgare straum og meir belastning på linjene, trafoer osv. Om heile landet hadde brukt halvparten så stor effekt i det tidsrommet kan overføringsnettet kanskje i teorien vere halvparten så stort. Utfordringa dei siste åra er høgare straumforbruk og høgare effekt på tida dei fleste brukar mykje straum, som på ettermiddagen. Hadde alle starta lading av elbilen sin på det tidspunktet ein kald vinterdag, gjerne med 6+ kW ladeeffekt, så blir det ein enorm belastning på linjene samanlikna med å programmere ladinga til tider på døgnet det ikkje er like høgt forbruk ellers, som på natta, gjerne med mindre effekt enn maks. Om heile landet får seg elbil og skal lade med 6 kW på natta så kan det bli problem der òg. Dagens linjer fungerer, men er ikkje dimensjonert for ei veldig auke i effekt. Å fornye linjer, trafoer, brytarar og anna til større tverrsnitt er ekstremt dyrt og noko alle er tent med å unngå. Du kan samanlikne det med å gå langsamt eller springe opp ei trapp. Kva variant krevjer best kondisjon? Ein 80-åring kjem seg opp i riktig tempo, men har ikkje sjanse til å springe opp like fort som ein treng, yngre person.
- 131 svar
-
- 1
-
-
Hvorfor er nedgang i befolkningstall et problem?
Zeph svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Veksten er avtakande og dagens modellar spår ein topp 60-100 år fram i tid på mellom 9-12 milliardar menneske. Auke i velstand over store delar av verda fører til lågare vekst.- 393 svar
-
- 2
-