Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 614
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Du kan få snodige spenningar ved bortfall av ein fase på IT-nett òg, men helst for låg spenning. Her har du mista fase L2. Straumen går inn på første forbrukar frå L1, men kjem seg ikkje tilbake på L2, så den går bort til andre forbrukar, gjennom den og tilbake på L3.
  2. Skjer dette kun når straumen forsvinn eller når den har vore til stade heile tida òg? Du skriv at lyspærer varer nokre veker, men samtidig at du mistenker eit straumbrot som årsak. Er det kun eitt tilfelle av straumbrot eller fleire? Ved straumbrot kan det oppstå spenningar som får sensitivt utstyr til å ta kvelden. Elektronikk som har stått med spenningen på lenge kan få feil når straumen forsvinn, utan at det har vore overspenning eller andre feil med straumforsyninga, men då gjerne eldre utstyr. Om du har trefase så kan bortfall av ein fase føre til snodige spenningar som kan øydelegge utstyr. Eg håpar du ikkje mistar straumen ofte nok til at det er eit stort problem, men om dette skjer i normal drift så er det kanskje noko å undersøke.
  3. Poenget var at du kan vente på at fondet kjem på "tilbod", men i mellomtida er verdien gått opp nok til at eit fall på 5% ikkje tar fondet under verdien det hadde då du først hadde anledning til å kjøpe. Med tolldramaet om dagen så får kanskje DJViking nye moglegheiter framover. https://e24.no/boers-og-finans/i/KMXW4o/trump-toll-ryster-wall-street-har-tatt-markedet-paa-senga
  4. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg prøvekjørte Q4, ID.4 og Enyaq, og syntes ikkje Q4 var verdt prisen. Den var litt betre å kjøre, men ikkje nok til å putte pengar på det.
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Nei, elbilar er vel betre på det området uansett kor mange hjul som drar, men eg vil tru det i alle fall er ein fordel med bakhjulstrekk om du får sleng, som diverre ikkje alle elbilar har. TM3 har bakhjulstrekk, og det er nok bakhjula som er mest aktive i ein sånn situasjon, uavhengig av hjuldrift. @Snowleopard Feil tråd?
  6. https://www.vektklubb.no/eksperter/eli-anne-myrvoll/Ll5nBP/ekspert-om-hvilken-chips-som-er-sunnest-ikke-linsechips-eller-kikertchips
  7. Zeph

    Elbil-tråden

    Ellers går eg og tenker på om eg skal byte ut Model Y med bZ4X. Eg utheva ein viktig detalj. Etter nokre år med Enyaq og Model Y med firehjulstrekk er mi erfaring at begge fungerer heilt topp, men eg har ikkje samanlikna med Audi. Elbil med firehjulstrekk er suverent på vinteren. Ikkje at det er ein grunn for å kjøre fortare, men om bakenden først slepp så er bilane raskt inne og justerer for å få deg ut av sideveis bevegelse. Eg testar det av og til under trygge forhold der det ikkje betyr noko om eg får meir sleng enn planlagt, men bilen henter seg alltid inn igjen. Det var kanskje større forskjellar med drivstoffbilar. Eg har ikkje prøvd nok til å meine noko der.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    Salgstal for januar: https://ofv.no/aktuelt/2025/god-2025-åpning-for-nybilsalget
  9. Ikkje at det betyr så mykje for den enkelte kva som er “vanleg”. 150-200 g i veka er ganske typisk her. Det blir vel ein 3-5% av kaloriinntaket på ei veke.
  10. Fordi det kjem Bloodborne Remastered til PC og PS5? 🤡
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Forbrukarane betalar sjølvsagt indirekte for all utbetaling, men spørsmålet var kvifor levealderen på bilane skal gå ned. Er det primært pga. at dei oftare blir kondemnert eller er slitasje pga. alder òg ein større faktor enn for drivstoffbilar? Finnes det god statistikk på elbil vs drivstoffbil som gjer ein indikasjon på dette? Det er ofte sagt at elbilar i utgangspunktet kan ha lengre levetid enn drivstoffbilar. Om så er tilfelle er spørsmålet om bilane som får leve lengre bidreg meir til snittalder ved kondemnering enn kondemnerte bilar dreg den ned. Eg ser ikkje vekk frå at det blir vanlegare å kondemnere drivstoffbilar heller mtp. kostnadane ved reparasjon, stadig meir avanserte system og kompleksitet ved ulykker. Heilt einig i at det bør vere eit fokus på å unngå dyre reparasjonskostnader som fører til kondemnering, men det må gjerne koma gjennom påbud på same måte som reparasjon av mobiltelefonar. Det er jo til fordel for produsentane at levetida går ned.
  12. 1. Mat har jamnt og trutt utgjort ein mindre del av inntekta over lang tid og stabilisert seg dei siste 20 åra, men dei siste to-tre åra har ikkje veksten i inntekt klart å halde følgje med matvareprisane. https://www.nrk.no/nyheter/ssb_-forbruket-til-mat-er-stabilt-de-siste-20-ar-1.16683024 I historisk kontekst er ikkje dagens prisar spesielt høge, men ein blir vane med eit prisnivå og legg merke til det når prisane går opp. Det er mykje likt med straumprisane. Me har brukt ein veldig liten del av inntekta til straum samanlikna med resten av verda, men det har stige dei siste åra og nærmar seg kanskje fleire andre land. Noko av forbruket er kanskje litt misvisande sidan det finnes stadig fleire elbilar i landet og straum har overtatt utgiftene som drivstoff har stått for. Ny bil er alltid dyrt, men dei som først har kjøpt elbil vil få lågare utgifter til å lade ein elbil enn dei ville brukt på ein drivstoffbil. På topp av forbruksstatistikken troner framleis bustad ganske suverent, mykje pga. det her i landet er vanleg å eige bustaden du bur i og då må ein ha millionbeløp, lån og betalar mykje i renter.
  13. Zeph

    Elbil-tråden

    Kvifor trur du det blir redusert levetid på bilane basert på garantitida? Det mange var mest bekymra for var levetida til batteriene, men erfaringa så langt har vel vore at dei har klart seg greit og gjerne kan halde lengre enn andre deler av bilen? Eg meiner å ha lese at elbilar oftare blir kondemnert etter skade pga. dyre reparasjonar av batteripakkane, så det kan bidra til redusert levetid, men då etter ei ulykke der eigaren gjerne har fått ein forsikringssum.
  14. Du kan redusere treninga, om det gjer deg veldig sliten og utmatta. Det er strengt tatt ikkje nødvendig å trene for å gå ned i vekt. Trening er positivt på mange måtar, men det kan bli for mykje av det gode om det går ut over livet ellers. Så lenge det er kaloriunderskot vil vekta gå ned. Om du har eit høgt nivå av trening må òg kaloriane litt ned om du reduserer treninga. Litt vil kanskje gå av seg sjølv sidan du brukar mindre energi og kroppen ikkje ynskjer like mykje. Ris, poteter, pasta og mjølprodukt er godt, men òg mykje tomme kaloriar. Prioriter protein og grønsaker, helst i form av mat, ikkje pulver. Begge deler bidreg til å fylle magen utan for store mengder kalorier, så lenge det ikkje er for mykje saus til.
  15. Det blir litt som med Black Friday. Når prisane blir satt ned etter å ha blitt satt opp i forkant så er folk villige til å kjøpe meir sidan det framstår som ein betre pris. https://www.tek.no/nyheter/nyhet/i/B0eJ9Q/omfattende-luretilbud-i-norske-nettbutikker
  16. Zeph

    Elbil-tråden

    Kva som er det beste kjøpet er avhengig av dine behov, samt litt flaks sidan du aldri veit kva modell som får meir problem enn andre på sikt. Er det verdt å betale meir for dei tyske merkene er noko å tenke over. Hadde ikkje pris vore så viktig ville eg nok personleg sett på BMW og Mercedes for komfort og kjøreeigenskapar, men det er dyrt og kan bli dyrt med vedlikehald. Rekkevidde og lading på tur er eit viktig poeng for mange, spesielt på vinterstid. Om det er viktig for deg så kan nok enkelte bilar eliminerast allereie der. NAF har kjørt rekkeviddetestar på ein drøss bilar sommar og vinter i nokre år, som kan vere greit å sjå over. Det er ikkje noko fasit og med kun ein tur per bil er det fare for misvisande resultat, men det kan gje ein indikasjon. Du kan bruke diverse undersøkingar som utgangspunkt for å peile deg inn på merke. Finnes kanskje noko gratis der ute, men om du tar ei veke med VG+ så har dei ein del artiklar om kva merker folk er mest nøgd med, kva merkar som har flest feil, kva bilar dei meiner er best osv. Motor har ein stor database med biltester. Det finnes enorme mengder subjektive meiningar der ute, så eg synest det er ei god tilnærming å starte med statistikk som baserer seg på hundrevis eller tusenvis av datapunkter, og så heller gå meir i detalj på enkeltbrukarar når du har fått færre bilar på lista. Det er uansett viktig at du prøverkjører så mange modellar du orkar, og meir enn ein halvtime. Det er fort bilar som blir ekskludert etter ein prøvetur. Start der så kan du forhåpentlegvis korte ned lista litt. VAG har litt utfordringar med app, men Skoda-appen er blitt betre og meir stabil. Den er framleis litt treg, men til mitt bruk, som stort sett er å slå på varme/kjøling, ev. styre lading, så fungerer det heilt greit. Det er ikkje noko som ville avgjort eit kjøp for min del, men du kan ha andre meiningar.
  17. Zeph

    Elbil-tråden

    Kvifor brukar AC meir straum enn varmepumpe til kjøling?
  18. Eg et chips kvar lørdag, om eg er på kaloriunderskot, overskot eller på det jamne. Du må ikkje ha eit underskot kvar dag, og som sagt er det måtar å unngå at det blir for mykje kaloriar ved å redusere andre plasser. Om det derimot er snakk om chips kvar dag eller mange dagar i veka så er det ei større utfordring, men kan seinast om så mangt. Det er maten som utgjer den største delen av inntaket ila. ei veke som betyr noko, ikkje avvika ein eller to måltid her og der.
  19. Eg sa ikkje du måtte droppe, men avgrense kaloriinnhaldet. Om du lagar ein middag utan ris/pasta/poteter/bakevarer, droppar ev. feittrike sauser osv. så kan du framleis få ein sunn middag som har eit langt mindre kaloriinnhald. Eventuelt droppe nokre brødskiver som sikkert har minst 50% sikta mjøl ila. dagen. Det er mange kaloriar ein kan kutte ila. ein dag utan å miste noko særleg vitamin og næring. Jo, eg har lyst på chips uansett kor god middagen er, sunn eller ikkje sunn. Ikkje sikkert middagen til mange der ute er noko betre mtp. feitt og salt heller. Og uansett, om problemet er for mange kaloriar så klarar du deg utan ein fullverdig middag ein dag i veka, men dette er ikkje noko eg ville gjort ofte.
  20. Om du trykker i deg 100 g chips (ca. ein halv pose) så er det ca. 400-500 kcal, som utgjer ca. 15-20% av energibehovet til ein voksen mann som ikkje har vore i alt for mykje fysisk aktivitet. Redusér lunch eller middag med tilsvarande så kjem i alle fall ikkje chipsen på toppen av resten. Er det litt sjokolade, godteri og kalorihaldig drikke til stade samtidig så kjem du fort opp i 1000 kcal, som er 30-40% av energibehovet. Då må du kanskje droppe heile middagen, ev. ete kalorifattige grønsaker eller redusere litt på alle måltid gjennom dagen. Alt med måte, så ved eit avgrensa inntak betyr det neppe stort om du konsumerer superchips eller tradisjonell chips. Chips er min favorittsnacks og livet er alt for langt til at eg kjem til å droppe den. Om eg så måtte sykla 30-45 minutt på ergometersykkel for å kompensere for kaloriane.
  21. Dette er valgkamp. Det skjer i forkant av alle stortingsval.
  22. Zeph

    Tesla - kaféen

    Fiksa den litt. Me veit jo at Musk tidvis er tidsoptimist.
  23. Eg kjøpte TMY for 1 1/2 år sidan. Musk var tidvis på bærtur den gang òg, men ikkje like mykje som i dag, i alle fall politisk. Det var sjølvsagt ja for 1 1/2 år sidan, men eg stemte nei for eit år sidan og nei i dag. Ein hovedgrunn er Musk. Ikkje fordi eg er bekymra over kva andre meiner om meg og mine val, men fordi eg ikkje vil ha noko med han å gjere. Bilane vil eg ikkje påstå er dårlege, dei er gode på veldig mange områder, men det er fleire detaljar ved dei eg ikkje er så begeistra over og som andre bilar er betre på. Så årsaken til nei i dag er ein kombinasjon av Musk og bilane. Hadde det ikkje vore for kostnad og styr ved å skifte ut bilen så hadde eg nok gjort det. Blir det endå meir ekstreme medieoppslag om Musk så går det kanskje den veien uansett, for å få det ut av systemet.
  24. Rente er det du betalar for å ha fått lov til å låne pengane, og du betalar med utgangspunkt i summen du skuldar i dag. Avdrag er pengar du betalar tilbake til dei du lånte av, banken. For kvar kroner du betalar som avdrag blir lånebeløpet du har igjen ei krone mindre. Terminbeløp er summen av renter og avdrag.
  25. Kvifor ikkje? Det er heilt normalt at enkeltaksjar svinger opp og ned. Eit globalt indeksfond har kanskje nokre få prosent av porteføljen i Nvidia, så det gjev ikkje all verden til utslag. Skal du vurdere globale indeksfond så må du sjå på ein tidshorisont på 5+ år, ikkje ein dag. Nvidia har ikkje ramla lengre ned enn der den var i september i fjor.
×
×
  • Opprett ny...