-
Innlegg
44 612 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Eit anna tips er å legge auga du treng for å taue bilen ein anna stad enn under bagasjeromsmatta. Kjedelig om du ender i grøfta på fjellet midt på vinteren og må grave ut all bagasjen i -20C for å finne auga.
-
Det er alltid negative ting å finne på ein heilt ny modell frå eit heilt nytt merke. Vel så interessant er ev. feil og obervasjonar som kjem etter lengre tids bruk.
-
Det forstår eg, men kor mange gram kan HUD utgjere på ein bil som veg 2500 kg? Og betyr vekt så veldig mykje for rekkevidda?
-
Eg las at Fisker hadde utelatt HUD for å tyne rekkevidde, er det riktig? Eg ville heller tenkt kostnad, for kan HUD utgjere så mykje for rekkevidda?
-
Stemmer. Ingen utanfor USA som har fått HW4 endå. Uvisst når det skjer. Har vore nemnd Q3/4 eller 2024.
-
Pris utan avgifter står på bestillingssida, men med stjerne bak prisen og denne teksten under: Du kan når som helst trykke opp eit vindauge frå botn av skjermen som viser sluttsummen. Den står i utgangspunktet med leasingpris, men om du endrar til kontantkjøp vil den heile tida vise sluttsummen. I ei annonse måtte dei kanskje hatt det med, men Tesla annonserer ikkje.
-
Der dukka den eg avbestilte opp på nett. Kanskje siste med gamle raudfargen som kjem ut. Det er eit triks for å få rabatt på bestillingsbil om det er rabatt på ferdigbygde bilar. Avbestill den og bestill igjen når den dukkar opp på inventar. Ikkje alltid garantert at den vil dukke opp igjen kanskje, men prisen er redusert med 25k. Ev. følgje med om det dukkar opp ein tilsvarande bil og bytte. Det gjekk ca. ein time frå eg fekk bekrefta endringen på e-post til den vart lagt ut.
-
Det er avslag på Model 3 òg. Den du viser til er satt med 65k og er så dyr fordi den har FSD-pakken. Hadde det vore billegare M3 ute ville dei havna under MY. Det ikkje meir enn 30k forskjell mellom 3 og Y på bestillingsbil.
-
Den har òg 20”. Billegaste er 488k før referral-rabatt, men ingen ute akkurat no.
-
Får du tak i ein ferdigbygd bil så er det 30-50k å spare. Billegaste LR er 483k (inkl. avgifter) om du brukar referral, utan vinterhjul. RWD har rundt 25k avslag, så den kan du få til litt over 400k. Ein modell med AWD og minste batteripakken hadde vore gull.
-
Takk, det var jo eit langt betre tal. Eg har prøvd diverse gjenbruksnett/posar og nokre heimesydde i bomull har vore favorittane. Me har fått nokre reklameartiklar i plast, men der er det ofte dårleg kvalitet og saum som går opp. Det beste er kanskje å bruke eit eldre plagg, gardin eller noko sånt som ikkje vil bli brukt til sin opprinnelege funksjon igjen.
-
Det kan nok hjelpe med litt meir fokus, men ei krone blir det ikkje store greiene av. Om du kjøper ein pose kvar dag blir det 400 kr meir i året. Som nemnd over må du bruke mange av fleirbruksnetta ein god del turar før du har spart tilsvarande utslepp. Spesielt med nett av stoff. Folkeopplysningen på NRK hadde eit innslag om dette emnet: https://tv.nrk.no/se?v=KMTE51001118
- 132 svar
-
- 1
-
-
For første gang på lenge: Ingen Tesla på topp i juli
Zeph svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det er både 2WD og AWD i statistikken. Likt som Enyaq, Model Y osv. -
Desse spela gler vi oss til i august
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Shadow Gambit er bankers. AC er kanskje interessant, men eg vil sjå korleis det blir motteke. Serien har ikkje vore på radaren før no, og det er kun aktuelt fordi det er utvikla av From Software. -
Skal du vente på det siste nye får du aldri kjøpt bil. Det er kjøpars marknad no i det segmentet, mykje pga. Tesla sitt kutt i januar.
-
Det har vore to RWD som eg har sett i dag, men dei forsvinn fort. Då eg bestilte LR var det kun tilgjengeleg for utlevering Drammen, som er ein god kjøretur unna. Seinare på dagen dukka det opp bilar til Sotra òg, som er nærare. Får sjå om dei er der over helga og ev. bytte. Det kunne godt stått estimert leveringsdato på ferdigbygde bilar. Dei ser det kanskje på chatten, men ikkje alltid det er folk der, og når bilane forsvinn fort er det ein fordel om det hadde stått direkte på annonsa.
-
Elon uttalte nyleg at det kunne bli flere kutt i høst, men ingen veit. Kan salgsrepresentantar på chat oppgje info om estimert leveringstid for lagerbilar og er dei å få tak i lørdag og søndag? Om du vil endre ei bestilling må det vel gå via ein av dei for å ikkje miste dei 2500. Edit: Då vart det kvit LR i staden for RWD. 30k avslag pluss rimelegare lakk vart for freistande. Såg det låg ute ein RWD som hadde 25k avslag, men eg får heller angrar på å ha brukt litt for mykje pengar enn å ha kjøpt feil versjon. YOLO osv.
-
https://nltimes.nl/2023/07/26/one-killed-multiple-hurt-fire-cargo-ship-near-ameland Sist gjekk skipet ned så dei fekk aldri undersøkt og kanskje identifisert kvar brannen kan ha starta, og det kan kanskje bli tilfelle her òg.
-
Med forrige brann friskt i minnet: https://www.nrk.no/norge/lasteskip-star-i-brann_-en-dod-og-flere-skadet-1.16495076 Det brann i eit skip i februar i fjor, som til slutt sank: https://www.diskusjon.no/topic/1919258-brennende-skip-med-1100-elektriske-porscher-er-i-drift-på-atlanterhavet/#comments I det tilfellet var òg elbilen i fokus.
-
Aha. Kvifor er det då blitt krav om fast tilkobling for VVB med effekt over 1500W? Jo, pga. mange tilfelle med varmgang og branntilløp. Ein beredar ligg òg sjeldan inne meir enn nokre timar i slengen. Kanksje 5-6 timar for å varme opp ein beredar frå kald tilstand. Ein elbil som skal fylle opp 50-100 kWh med opp til 3600W kan drive på i over eit døgn.
-
Ionity skrudde opp prisane ganske mykje for ikkje så lenge sidan. Sjølv med abonnement er det no ganske dyrt.