-
Innlegg
44 614 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Start privat sparing til pensjon så tidleg som du kan i tilfelle du vil pensjonere deg før. Vil du miste uforholdsmessig mykje pensjon i dagens system (innskotspensjon) av å pensjonere deg før normal pensjonsalder? Kan du miste meir enn du ville tjent opp dei siste åra? Det du allereie har spart opp må sjølvsagt dekke fleire år.
-
Her var det vel snakk om å selge til Danmark, ikkje importere frå? Med dagens kronekurs er 1.2m DKK ~1.9m NOK.
-
Nintendo skal lage The Legend of Zelda-film
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Om den får låg nok PG-rating så blir den aktuell for millionar av born, medfølgjande sal av leiker, effektar osv.- 5 svar
-
- 1
-
-
Kva rente har de på BSU og lån i dag og åra framover?
-
Skodespelarprestasjonane har alltid vore bra og står ut som av dei betre i bransjen. GTA med dårleg skodespel hadde mista mykje. Eg har spelt på både konsoll og PC med manuell siktig. Mtp. kor stor del av spelet skyting er så hadde det absolutt ikkje gjort noko med ei revitalisering. Om eg minnes riktig var det mykje det same i RDR2
- 35 svar
-
- 1
-
-
Ai ai. Over ti år sidan første utgåve av GTAV vart lansert. Blir veldig interessant å sjå kva dei har fått til på så lang tid.
- 35 svar
-
- 1
-
-
Utgangspunktet for ein bil er at lakken skal vare ut levetida, ikkje omlakkere heile greia med eit fast intervall. Den vil sjølvsagt få steinsprut, andre kosmetiske skader og potensielt større skader, men det er ikkje anna å vente av ein brukt bil utan meir beskyttelse.
-
Prisar utan moms på nettsida ja. Vanvittige prisar for å få ein anna farge.
-
Mellom 22k og 25k altså. Kva type folie er det? Varer den faktisk i sju år? Har kvit sjølv og vore inne på tanken om foliering, men pris og varigheit har bremsa det litt.
-
Er det behov for å smøre pakningen for vinduene når vinteren kjem? Me har hatt eit par tilfelle der bakrutene går opp og så litt ned igjen, så det ser ut som dei er for langt nede. Det står i manualen at: Kva temperatur erfarer de at dette skjer ved? Det var vel rundt 0-3 grader då det skjedde her. Eg fann ut her ein dag at speglane har varme som blir aktivert om du slår på bakrutevarme. Burde lese gjennom heile manualen, men kven har vel tid til det? 😛
-
Synd at du må ut med 18 laken for Ultra Red. Hadde ikkje gjort noko med fleire av dei på veiane.
-
Koffeinhovudpine er vond. Ei gang var me tom for kaffi og eg tenkte det skulle gå bra. Endte opp med å gå på butikken og laga kaffi heime kl. 22:00 på kvelden. Eit alternativ er vel å trappe ned gradvis, men kjem du deg gjennom dei første 2-3 dagane så går det ofte nedover.
-
Action RPG. Stort sett går det ut på å utforske, drepe, samle våpen og utstyr, oppgradere våpen og level på karakteren. Det er ei historie og bakgrunn, men veldig lite er fortalt direkte underveis. Det meste av informasjon om kva som føregår i verda ligg i beskrivelser på alt du an plukke opp. Definitivt ikkje basert på oppdrag. Du møter karakterar som har oppdrag du kan gjennomføre, men det finnes ingen logg eller instruksjonar, så det er ofte tilfeldig om du klarar å gjennomføre oppdraget sidan mange av dei flyttar rundt på kartet underveis utan at du veit kvar det er. Spelet har eit hovedoppdrag, som har enkelte ting du må gjennomføre for å nå fram til siste boss, men det meste av spelet kan du i teorien ignorere om du vil. Ulempa med det er at du ikkje får sakna valuta for å oppgradere karakter og våpen, samt går glipp av store delar av spelet. Om du aldri har vore borti Demon's Souls, Dark Souls, Bloodborne eller Sekiro så er denne typen spel ofte ganske utfordrande for nye spelarar, men Elden Ring meir enn tidlegare spel gjev deg hjelpen du treng for å fullføre det utan å bruke time etter time på enkelte områder eller boss-er.
-
Eg føretrekk ein kalkulator eller formel i eit rekneark. https://laanekalkulator.no/
-
Eg handlar det meste til veka på ein tur. Av og til det må ein liten tur til, men med god planlegging går det greit utan. Poenget er ikkje å spare kroner, men å bruke mindre tid på butikken og vite at me har alt me treng til middag resten av veka. Det medfører at ein sånn handletur ofte går innom 2-3 butikkar for å få med alt, og kjem eg over tilbod på ting me brukar så kjøper eg det. Av og til blir det sushi til middag den dagen fordi det var ein datolaks i butikken. Kunne blitt flinkare til å sjekke avisene, men det er sjeldan eg finn så mykje der som me brukar uansett. Mykje ferdigprodukt, pasta og godteri. Handlar mest på Kiwi, og i veker med Trippel-Trumf burde eg vel handla på torsdagen. Ellers er eg glad i sjølvbetjente kassar. Då er det stort sett alltid ledig, i staden for å stå i kø på betjent kasse. Me kan gjerne klage over at folk ikkje får arbeid, men sånn er næringslivet. Eg har ikkje studert det så i detalj siste tida, men snittet på mat og drikke ligg på 10-12k i månaden for familie på fire med to under fem år. Då ligg alkohol, litt dyr kaffi, kafébesøk, kiosk osv. inni der òg, men det er primært daglegvarer. Det inkluderer tørkepapir, bleier og anna ikkje-etande me kjøper på butikken.
-
Enkelte fagforeiningar har avtale som kan gje deg gratis advokathjelp for sånt. Om ikkje så er det greit å spandere nokre kroner på det, men undersøk i forkant og få alt av verdiar ned på eit papir. Det er nokre spørsmål de gjerne må ta stilling til som du sikkert finn i artiklar om ektepakt på nett.
-
Det er ein kombinasjon av alder, kilometer, tilstand, utstyrsnivå osv. Alder kjem inn den dagen bilen blir henta som ny hos forhandlar. Så kan den kjøre ti kilometer og miste tusenvis i verdi fordi den då er definert som brukt.
-
Med avgifter kjem TMYP på minst 586k. Ikkje heilt 620k, men dei har kanskje brukt gamle prisar eller lagt på noko utstyr. Uansett er det vanskeleg å samanlikne utan meir info om utstyr på Seres.
-
Putt ein lampe eller noko sånt i stikkontakten for å sjå om den fungerer.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Prisar går alltid opp. Om ein synest prisen er verdt det du får ut av det, betyr det noko kva prisen var før? Disney som alle andre må finne ut av kva prismodell som fungerer best. Går dei for høgt så mistar dei kundane. At prisen for noko blir auka betyr ikkje at det ikkje er verdt den nye prisen. Det er dyrt om ein skal abonnere på alt, men 70-130 kroner i månaden er ingen høg pris for det dei tilbyr så sant innhaldet er av interesse. Prisen hadde gått opp uavhengig av om dei lanserte eit nytt abonnement, og det abonnementet er i kroner billegare enn det utan reklame.
-
Om du betalar vanleg pris så får du ikkje reklame. Dette er eit rimelegare alternativ der du betalar litt ved å sjå reklame.
-
Akkurat! Møller har ikkje oppgitt noko som helst. For Tesla så står det for generell bilvask: I tillegg har dei spesifisert følgjande: pH-grense er veldig greit å stille seg til, men av mediaoppslagene så er det visst ikkje så rett fram likevel. Min plan er å bruke fortynna avfetting på delar av metall og plast som er lakkert, dvs. ikkje lykter, kamera osv., og såpe med pH 7-8 på heile bilen. Blir det for dårleg effekt så prøver eg ev. noko med høgare pH, men ikkje over 13. Så lenge du har eit produkt med pH over 13 kan Tesla prøve seg på argument med at du kan ha fått reint produkt på lykter som krakkelerer. Det hadde vore interessant om nokon som jobbar med bilvask hos Tesla hadde forklart kva produkt dei brukar og korleis bilane blir vaska.
-
Vart sjølvsagt feil vei det ja. Så om du unngår alt med pH under 7 så er du innafor det punktet. Det finnes enkelte syrehaldige produkt for spesialoppdrag, så dei bør du halde vekke frå bilen. Autoglym Clean Wheels har pH på 1,05.