Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 848
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Det er stor forskjell på støv og mugg. Støv er heilt normalt og vil alltid legge seg på ventilar sidan luft går inn og ut av bustaden der. Mugg er teikn på dårleg luftsirkulasjon og for høg luftfuktigheit, ofte pga. ventilar som er stengt. Er ventilar ellers i huset/bustaden åpne? Korleis ser dei ut? Om du får åpna ventilen meir så ser du kva som er inni der. Mistenker du mugg så ta bilete før du fjernar det.
  2. AW2 fenga meg ikkje heilt, men eg kjem vel til å kjøpe dette når prisen er gått ned. Ser ut som dei går endå meir i retning humor med denne pakken.
  3. Sjekk kva rente du har, men det er neppe spesielt lågt, så du bør uansett prioritere å betale ned heile lånet. Forbrukslån kan ha rente på 10-30%. Det første dei startar med i Luksusfellen er å få oversikt over lån og betale ned eller kvitte seg med forbrukslån så fort som mogleg.
  4. Eg har runda det meste frå From frå Demon’s Souls til Sekiro utan summons eller anna. Hadde eg vore 10-15 år yngre ville eg nok kjørt på med Elden Ring og lagt ned timane for å slå Malenia på same vis, men eg har ikkje like mykje tid lengre, så etter ei stund med prøving og feiling vart det bruk av ashes der. Elden Ring lar deg i større grad enn tidlegare spel gjere det enklare med summons, så eg har ikkje så store problem med det. Akkurat Waterfowl Dance er spesielt irriterande sidan den har så mange angrep og er vanskeleg å unngå, så eg forstår frustrasjonen til mange. Eg fullførte ER etter 170 timar, men det var i overkant langt synest eg. For min del fungerer den semi-lineære stilen til forgjengarane betre. Det blir mykje riding og farting i ER.
  5. Sjølv om det er lov så er det framleis ikkje anbefalt å kjøre vinterdekk på sommaren, uansett tilstand. Vinterdekk er mjukare og laga for optimal bruk i kulde, på snø og is. Jo høgare temperatur jo verre, og våt veibane er heller ikkje heldig.
  6. Om du har 1m i aksjar eller fond så er likningsverdien 800k, altså 20% rabatt. Innskot (konto) har ikkje rabatt. Har du td. 1m i aksjefond og 900k på høgrentekonto så har du ei formue på 1,9m, men pga. rabatten på fondet så er likningsverdien på fondet 800k, den totale likningsverdien 1,7m og du må ikkje betale formuesskatt.
  7. Zeph

    Tesla - kaféen

    Om komfort er viktig så ville eg ikkje valgt P, men alle har ulike komfortpreferansar. 21”-felgane kan kanskje bytast ut, men er den ikkje meir sportsleg på andre vis òg? Lågare og stivare.
  8. Det vil ikkje skade glaset. Tørk av og ev. vask etterpå. Hugs å la stoffet virke eit minutt eller to. På tjukk lim må du kanskje ta det i fleire rundar. Glas-skrape er skarpt som barberblad. Noko sånt:
  9. Sitrusrens om det er klissete, glas-skrape om det er tørka. Ev. først spray, la det virke eit minutt og skrape av.
  10. Rockstar/Take-Two er ei bedrift som skal skaffe inntekter til eigarane. Jo meir jo betre, og måten dei lanserer sine spel på fører til fleire sal. Porting/utvikling til PC kan vere deler av forklaringa, men hadde dei villet kunne dei lansert det på alle plattformar samtidig.
  11. Les utdraget torbjornen posta. Denne ‘Roaring Kitty’ la ut noko på X. Mange kjøper GME fordi dei har håp om å selge med vinst, og det er ei investering.
  12. Lies of P står framleis på ynskjelista, men Sekiro har eg runda. Det er eit heilt anna kampsystem enn Souls, men det baserer seg framleis på å lære motstandarane sine rørsler ved å dø om og om igjen før du vinn. I Sekiro er rulling/dashing bytta ut med avleding/deflecting. Når ein først forstår greia så synest eg det var mykje likt. Det skal seiast at eg før det hadde runda DeS, DaS og BB. Dei som er ute etter Soulslike har vel gjerne spelt eit spel og tre i sjangeren før, ofte Dark Souls, og veit kva dei går til. For ein heilt nybyrjar så er nok ER det som tilbyr mest hjelp. Samtidig er det veldig langt og omfattande. Er er tilhengar av å spele alt i kronolgisk rekkefølgje, men då med DeS Remake om dei har PS5. Dei med PS3 kan kjøpe originalen.
  13. I verste fall putte det i ein pose og kaste i restavfall.
  14. Kanskje ein app som driv i bakgrunnen og brukar straum. Du kan trykke på grafen i innstillingane for Batteri og få opp kva som brukte straum time for time. Du kan òg prøve ein omstart av telefonen om det ikkj er ein spesiell app som er problemet. Når den er inaktiv så brukar min 14 Pro nesten ikkje straum.
  15. Zeph

    Tesla - kaféen

    Mi erfaring er at bilen ikkje bryr seg stort om gulstripa, men hyler fort om eg nærmar meg den kvite.
  16. Er det ikkje sånn at dei som har lett for å bli avhengig av noko òg har lettare for å bli avhengig av anna? Det kan vere spel/gambling, videospel, narkotiske stoff, alkohol, jobb osv. Eg har i alle fall eit par bekjente der det har vist seg å stemme.
  17. "Spillavhengig" er vel det riktige omgrepet her.
  18. https://www.nrk.no/nyheter/flere-tusen-av-sbankens-fondskunder-kan-fa-kompensasjon-fra-dnb-1.16901339
  19. Om det er rom i lånet på primærbustad, kvifor skulle du ikkje kunne auke det lånet med det du treng for EK til fritidsbustad, kjøpe fritidsbustad med 15% EK og resten lån? Banken har tryggleik for begge lån i dei respektive bustadane og du er innanfor 85%-grensa på begge. Du kan jo bruke det du ev. aukar lånet med til kva du vil. Bil, ferie, oppussing, så kvifor ikkje EK på fritidsbustad? Det høyrest meir fornuftig ut enn å gje deg 100% lån på fritidsbustaden, sjølv om du totalt sett ender opp med like stort lån. Forskjellen er jo at banken då får betre tryggleik på fritidsbustaden. Om dei hadde gitt deg 100%, du solgte primærbustaden og dei måtte tvangsselge fritidsbustaden så er det ikkje gunstig å ha 100% lån. Du må uansett ha to lån.
  20. Å ha god kontroll på økonomien er å anbefale, uansett korleis livet ellers fungerer. Det finnes nok av tilfelle der økonomien har ført til konflikt i eit forhold, både i fredstid og ved samlivsbrot. Me har sjølv levd mykje likt som TS tenker. Hos oss hadde Part 1 ca. dobbel inntekt av Part 2 og alle fellesutgifter var delt ca. etter inntekt (70/30). Ved bustadkjøp var det kun Part 1 som stilte med EK. Lånet vart i utgangspunktet delt 50/50, men pga. ekstra innbetalingar valgte me å dele det opp i to lån som den enkelte betjente. Ved kjøpetidspunktet var eigarbrøken 60/40-ish, og så vart den endra til 50/50 seinare ved at Part 2 tok over delar av lånet til Part 1 og då endte opp med å ha større lån enn Part 1. Det gjorde me samtidig som me splitta lånet i to. Alt vart dokumentert i sambuarkontrakt. Faste utgifter som ikkje hadde med bustaden å gjere vart òg fordelt etter inntekt ved at begge overførte eit fast beløp på felleskonto. Det finnes ikkje noko fasit på fordelinga av utgifter i eit forhold, så dei enkelte må finne ut kva som fungere for dei, men eg vil alltid anbefale å ha større verdiar krystallklart, der bustad og bil ofte er det mest aktuelle.
  21. https://langsethadvokat.no/familie-og-arverett/saereie-og-samboere/ https://www.huseierne.no/alt-om-bolig/samliv-og-arv/okonomisk-forhold-mellom-ektefeller/
  22. Ein sambuarkontrakt kan brukast til å fordele eit lån på andre måtar enn 50/50. Ellers er det greit å merke seg at om du i seinare tid vil endre tinglyst eigarbrøk så må du betale dokumentavgift for beløpet som blir endra, og det blir det fort kroner av. Mange startar med skeiv brøk, men endrar den seinare, så det kan vere lurt å tinglyse 50/50 og bruke sambuarkontrakten til å avtale faktisk eigarbrøk. Om de då på sikt går over til 50/50 vil det som er tinglyst stemme. Uansett kan de alltid bruke sambuarkontrakten til å endre den i ettertid.
  23. Når du selger bustaden vil lån bli nedbetalt. Part 1 som får 3,125m vil først betale ned restlånet på 2m og sitje igjen med 1,125m. Part 2 får tilbake 1,875m og etter lån på 1m sitje igjen med 875k. Ikkje tenk så mykje på eigenkapital. Poenget her er korleis eit lån fungerer. Ved at Part 1 er ansvarleg for eit større lån enn Part 2 så er samtidig risikoen for tap større. Har du meir i lån så er det eit større beløp å betale tilbake, og det ansvaret betyr òg at du får meir avkastning ved verdiauke. Hadde summen blitt fordelt 50/50 etter nedbetalt lån så ville Part 2 fått ein større del av verdiauka enn lånet vedkomande sto ansvarleg for representerer. Det å betale eigenandel kan du sidestille med lånebeløpet den enkelte er ansvarleg for. For å ta eit alternativ der marknaden har fått ein knekk, det blir samlivsbrot og bustaden blir solgt for 3m før første avdrag er betalt, altså 1m mindre enn den vart kjøpt for. Part 1 vil få 3*0,625 = 1,875m og har 2m i lån, så vedkomande vil ha eit restlån på 125k. Part 2 vil få 3*0,375 = 1,125m og har 1m i lån, så vedkomande vil ha få 125k tilbake på konto. Om dei i staden for ville betalt ned lånet først, uavhengig av kven som var ansvarleg for kva del, så ville begge stått igjen med 0 kroner. Dette hadde vore ein stor fordel for Part 1 sidan vedkomande eigentleg var ansvarleg for ein større del av lånet. Risikoen med å ha ansvaret for eit større lån utgjorde altså ingenting for kva dei fekk igjen. I det første eksempelet ville Part 1 hatt restlån som konsekvens av at vedkomande sto ansvarleg for ein større del av lånet. I det sekundet de signerer lånepapirene så forpliktar det noko av begge to, og om dei har forplikta seg til ein ulik del av lånet så må det òg vise igjen i eigarbrøken. Når verdien går opp på bustaden så vil avkastninga reflektere at Part 1 har tatt ein større risiko og difor fått i kroner og øre høgare avkastning enn Part 2. Ja, fordi Part 1 har tatt ein større risiko og er ansvarleg for å betale tilbake eit større lån. Kvifor skal Part 2 få avkastning for ein større del av bustaden enn vedkomande har betalt eller hatt lån på? Igjen, ikkje kun tenk på eigenkapital. 500k i EK og 500k i lån representerer akkurat like stor del av bustaden.
  24. Om bustaden blir solgt til mindre enn den vart kjøpt for, får part 1 tilbake 250k minus verditap? Eg ser ikkje poenget med å bruke kroner i staden for prosent, men så lenge det blir rekna riktig så skal det vel bli rett.
  25. Planlegg for at dette skal fungere ved eit ev. samlivsbrot. Det meste går greit i fredstid, men om det står 50/50 i skøyte, du har betalt meir på lånet og bustaden blir solgt om nokre år pga. samlivsbrot så kan det bli eit tap for din del. Metoden eg føreslår fungerer like godt etter ein dag, eitt år eller til lånet er nedbetalt. Søker du litt på nett så vil du sjå at den er den løysinga bankane og økonomiekspertar anbefalar, men hugs for all del å skrive det ned i ein kontrakt. Vedlikehald og oppussing bør òg følgje eigarbrøken. Om du eig ein større del av bustaden bør du betale ein tilsvarande større del av den type utgifter. Då er alt på stell. Fordel utgifter til daglegvarer, Netflix og kva det måtte vere som de vil, men verdiar, ofte bustad, bør alle ha full kontroll på. Du kan tape store beløp til sambuar ved eit ev. brot om ting blir gjort feil.
×
×
  • Opprett ny...