Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 615
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Makspris for barnehageplass i 2023 var 3000. Dei 380 kronene er til mat, som du ikkje får frådrag på. 3000*5 = 15 000.
  2. Så lenge du ikkje selger så er det ikkje eit tap.
  3. Skulle ikkje Danske Bank forsvinne frå Norge? Og kundane gå over til Nordea?
  4. Ja, det er eit fleirtal av menn/gutar. Det heng nok litt saman med at forumet opprinneleg for 20+ år sidan var Hardware.no, eit forum for å diskutere PC-relaterte emner. Etter kvart har det dukkar opp mange nye kategoriar og fleire kvinner/jenter, men det er framleis flest menn/gutar. Med unntak av KG, babyverden og liknande så vil eg tørre påstå at dei fleste, om ikkje alle, forum av denne typen har flest menn/gutar som brukarar. Om du leiter så finn du trådar om kvardagslege emner her òg, men det vil aldri bli KG.
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Så lenge det er snakk om potensiell energi så må vel alle tap tas med sidan delar av den potensielle energien går vekk til tap? Ep = m*g*h Eks.: Bil på 2000 kg, 500 m nedstigning (høgdemeter). Ep (i kWh) = 2000*9,81*500*2,78e-7 = 2,7 kWh. Kan du få tilbake 0,9*2,7 = 2,43 kWh? Kilometer er ikkje så interessant, eg tenker kun på energien lagra i og henta ut av batteripakken.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Det høyrest for høgt ut om du meiner at 90% av den potensielle energi ender opp i batteriet. Noko av energien går vekk i tap for å få bilen framover, friksjon, luftmotstand osv. Så er det tap i dynamoen og inn på batteriet. 3 kWh på eit 70 kWh-batteri hadde vore 4,3%.
  7. Kyle MacLachlan og Walton Goggins lover godt.
  8. Zeph

    Elbil-tråden

    3 kWh regenerert eller potensiell energi på toppen? Om det er potensiell energi, kor mange prosent ender opp i batteriet?
  9. Litt OT her, men heiter det ikkje fartshump? I mitt hovud er dump noko som går nedover, eit søkk som er lågare enn veien, mens ein hump er noko som går oppover og er heva over veien.
  10. Manglar det informasjon om pris her? Ref. skotørkertesten så mangla Hedgehog blant dei som vart testa. Me har hatt ein Hedgehog i vinter og er veldig nøgd så langt. Det ligg ein del negative omtaler på nett pga. koblingar som ikkje heng fast, men produsenten seier det er utbetra og me har i alle fall ikkje hatt problem med det så langt. Dei kostar litt, men på tilbud, ev. med 20% DNB-rabatt på Power så er det ikkje så vondt. Varer den ein del år så synest eg den er verdt prisen samanlikna med dei andre alternativa.
  11. Zeph

    Tesla - kaféen

    Takk, dette var oppklarande!
  12. Ganske laber start på sesongen ja. Typisk golf. Frå verdstoppen til midt på treet.
  13. Regjeringa får vel ikkje meir oppslutning av den grunn, men dei har ingenting med den avgjersla å gjere. Borch gjekk av sjølv, så Støre og co. har ikkje tatt noko handling i denne saken bortsett frå å kommentere den.
  14. Zeph

    Tesla - kaféen

    Den er grei å vite om. Skal slå den på. Filmar den heile tida og lagrar om du tuter eller blir påkjørt eller må du tute for at den skal filme? Om du ikkje er i ein kollisjon, men har sett noko du vil lagre, har den filma og kan lagre bakover i tid med eit tut? Eg får bla i manualen og prøve meg litt i bilen ein dag.
  15. Zeph

    Tesla - kaféen

    Er det noko eg bør endre i innstillingane mtp. kamerabruk? Eg er klar over Sentry-modus, den blir lite brukt, men kva funksjonar er det lurt å ha på til vanleg? Filmar bilen heile tida når du kjører og slettar det etter ei viss tid? Om du kjem opp i ei ulykke eller situasjon der du gjerne vil ha det siste som vart filma, må ting vere satt opp i forkant?
  16. Eg får ingenting dekka direkte mot mine utgifter, men får ein fast kompensasjon på lønnsslippen kvar månad. Den er normalt skattepliktig, men om me har behov for internett i jobbsamanheng heime så kan ein viss sum bli skattefri.
  17. Zeph

    Tesla - kaféen

    Dei har solcelleanlegg på taket, med planar om å utvide i følgje ein artikkel, men fabrikken har nok eit ganske stort forbruk, og solcelleproduksjon er ikkje stabil nok til å kunne drifte fabrikken til ei kvar tid. Å ha batteribackup som kan dekke alt forbruket til eit så stor anlegg er unødvendig og bortkasta. Sjølv midt på sommaren er det ikkje full produksjon frå eit solcelleanlegg heile dagen, og no er me i starten på mars.
  18. Zeph

    Tesla - kaféen

    Gje dei gjerne trekk for knappane til Tesla. Eg saknar viskerspaken kvar gang eg er ute med bilen i regnvêr, unntatt dei dagane den fungerer i auto. Knappane er dårlege og du må trykke fleire ganger for å finne riktig innstilling. I tillegg gjerne eit blikk på skjermen for å sjå at du traff riktig innstilling. Ender ofte med at eg heller endrar på skjermen. Ellers er det positivt at dei set meir fokus på betjening og korleis det tar fokus vekk frå veien.
  19. Continental anbefalar å rotere. Ved normal bruk der framdekk blir mest slitt så anbefalar dei altså å flytte dei bak for å få jamn slitasje. Dei anbefalar derimot at når to dekk blir skifta så monterer du dei nye bak, men skriv samtidig at nokon meiner du skal ha dei beste framme: https://www.continental-tires.com/no/nb/b2c/tire-knowledge/mixing-tires/ Diverse resultat frå Google er ikkje samstemt. Fleiretalet av artiklane anbefalar å ha dei beste bak, mens enkelte anbefalar å ha dei framme. Eg har ikkje noko fasit, men ut frå det eg har lese så tolkar eg det som at det er situasjonsavhengig. Ved normal kjøring på tørr vei i riktig hastigheit betyr det nok lite. Ved mykje vatn, snø eller is så kan det i ein situasjon vere best å ha dei beste dekkene bak (om bakenden sklir ut), og i neste situasjon best å ha dei framme (du mistar kontroll pga. at framhjulene sklir). Ved å rotere dekkene kvart år unngår du å måtte skifte to og to dekk, så sant det ikkje oppstår skade på eitt eller to dekk. Om ein kjører veldig mykje i løpet av eit år så er det ikkje feil å rotere dekkene halvveis i sesongen, men ved normal bruk vil eg tru det er nok å rotere ved kvar sesong. På min Enyaq kan eg ikkje rotere eller flytte eit einaste hjul med dekka eg har i dag, som vil føre til større slitasje framme og hyppigare skifte, ev. skifte av to og to dekk. Bakhjulene er breiare enn framhjulene samt at dei har angitt rotasjonsretning.
  20. Du kan fint ha buffer i fond, med den risiko at om du får bruk for dei så kan du måtte ta dei ut til ein langt lågare verdi enn du kjøpte for. 150k er ganske mykje, så om ikkje alt så kan du sikkert flytte delar av det til fond. Økonomien totalt, inntekt, tryggleik for jobben, bil eller ikkje bil og andre faktorar spelar inn på kva du kan få bruk for.
  21. Mange av dagens lampar er ikkje laga for å bli reparert, men at heile armaturen blir skifta når elektronikk, trafo eller anna sluttar å fungere.
  22. Eg ville betalt ned billånet, men latt resten stå i fond. Det er derimot mange forhold å vurdere, som inntektsnivå, tryggleik på inntekt, tidshorisont på fondet, risikovilligheit osv. Vil du redusere lånet kan du ta ut det du har putta inn og ikkje løyse ut skatt, med den føresetnad at det står på ein aksjesparekonto. Gjer det ikkje det, bør du få det over der.
  23. Tja, han er ganske langt unna toppen. Få veit vel kva han har drive med dei siste 13 åra, men skal du prestere i profesjonell golf så må du spele profesjonell golf. Tida vil vise, men han er ikkje like interessant som han var for 13 år sidan på PGA-touren. Som 38-åring tvilar eg på han har så store ambisjonar, så nokre år på LIV-touren for å samle inn pengar er sikkert midt i blinken.
  24. To lån er veldig ryddig. Med felles lån er det enklast at begge har faste trekk heile tida som er betjent iht. sambuarkontrakt. Den som har meir til overs kan ev. setje det inn på høgrentekonto og betale ned større summar i slengen som er lettare å halde styr på. Å betale ekstra ned på lånet betyr i utgangspunktet ikkje at eigarbrøken må endrast, men at de endrar fordelinga på lånet. Om utgangspunktet var 50/50 så kan det f.eks. gå over til 60/40 pga. ekstra nedbetalingar utan at det påverkar eigarbrøken. Det som skjer er at ein person betalar ekstra ned på sin del av lånet. Å endre eigarbrøken samtidig blir ganske rotete og kanskje ikkje riktig heller. Du betalar ned på lånet etter kjøpesummen, men verdien på bustaden kan ha endra seg, så det er ikkje sikkert at nedbetaling av 1% av lånesummen tilsvarar like stor del av bustaden som det hadde gjort ved kjøpetidspunktet. Då bør ein skaffe nye verdivurderingar og det blir mykje styr. De må betale ekstra terminbeløp for to lån, men det er veldig enkelt å halde styr på og kostnaden er ganske liten i det store biletet. Me gjorde vårt felleslån om til to i ein tilsvarande situasjon av akkurat same årsak. Då kan de legge avtalenummer på den enkelte sitt lån i kontrakten og skrive at de er ansvarleg for betjening av 100% av summen. I fredstid går det meste greit, men det er viktig at det legg opp til ein avtale som fungerer og er rettferdig om det skulle bli samlivsbrot.
  25. Om du har store summar ståande på brukskonto så er det di eiga feil. 0% rente der er det for øvrig mange bankar som har.
×
×
  • Opprett ny...