Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 034
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Zeph

    La bilen stå

    Å, nei, må brøytebilen fram igjen? Også midt på vinteren.
  2. Stål- og jernpanner kan det òg vere uheldig å steike sauser i over lengre tid. Eg brukar ofte steikepanna eller ei sautépanne i rustfritt (tunge med tjukk botn) til å steike både proteiner og grønt, for deretter å tilsetje ingredienser for ein saus. Med ei stålpanne ville eg først steikt i den og så flytta ting over i ei gryte eller panne som passar betre til resten.
  3. Eg har prøvd karbonstål, men vart aldri heilt nøgd med den. Det vart ofte eit lag olje eller feitt som hang igjen og var vanskeleg å bli kvitt, mest på sidene som vart mindre berørt av maten. No har eg rustfritt stål og synest den fungerer veldig bra. Enkel å gjere rein og kan gå i oppvaskmaskina. Har i tillegg teflon til egg, fisk, ost og liknande.
  4. Takk for gode innspel! Eg hadde ein runde på Reddit òg, så det blir Bitwarden. Fann òg ut at ein kan eksportere og importere det meste for at det skal gå litt fortare. https://bitwarden.com/help/import-from-lastpass/
  5. Om du handlar mest hos Norgesgruppen er Trumf-kort kurant med 2% på alt, samt litt betre bonus på trippel-Trumf-dagar. Har du plass til å oppbevare ting så kan du handle ganske mykje på trippel-Trumf-dagen som er ein gang i månaden og få 4% bonus. Då blir det litt kroner av det. Me handlar mest på Kiwi, så eg tenkte å prøve det.
  6. Zeph

    Elbil-tråden

    Eg er blitt meir betenkt over Tesla etter at eg kjøpte TMY. Hadde eg vore på leiting etter bil i dag, eit halvt år seinare, så er det ikkje sikkert det hadde blitt Tesla. Delvis pga. det Simen nemner, delvis pga. historiane om dei som blir saksøkt av Tesla.
  7. Med så høg rente ville eg definitivt betalt ned lånet om eg kunne. Det er over kva ein kan vente frå eit indeksfond.
  8. Eg har hatt eit 10-års abonnement på Premium hos Lastpass som akkurat gjekk ut, og vurderer eg å skifte til ein anna tilbyder. Er det ein spesiell tilbyder de føretrekk? Eg brukar stort sett FireFox på iPhone og Chrome på PC. Må kunne vere innlogga på minst 2-3 einingar samtidig pga. telefon og fleire PC-er i bruk. Betyr ikkje så mykje om det er gratis eller kostar eit par hundre i året. Tryggleik og funksjonalitet er førsteprioritet.
  9. 1% Trumf-poeng blir vel ete opp og vel så det av månadspris på 49,- og 5,90 øre/kWh påslag.
  10. Ja, men dei fleste innlegga etter førstepost fokuserte på DNB. Det er alltid DNB som er den store, stygge ulven, sjølv om det neppe er store forskjellane på bankane.
  11. https://www.abcnyheter.no/nyheter/norge/2024/02/05/195980325/over-50-milliarder-i-overskudd-for-nordea
  12. Kva synest du ikkje er bra med den?
  13. Det blir spådd kollaps heile tida. Ein dag skjer det, men dei fleste dagane skjer det ikkje. Teknologi er så mangt, mykje meir enn kunstig intelligens. Teknologien er grunnlaget for den enorme utviklinga verda har sett det siste århundret, og det er ingen grunn til å tru at teknologi ikkje blir like viktig framover. Det betyr ikkje at ein teknologitung indeks vil gjere det best, men globale indekser har òg mykje teknologi. Om du har undersøkt forskjellane og har trua på teknologi-indeks så kjøp for all del det. Er du ute etter ein litt tryggare måte å investere på, men som samtidig er venta å ha grei avkastning på lang sikt så er ein global indeks å anbefale. Fasiten får du den dagen pengane skal ut igjen.
  14. Det er eg klar over, men har dei større rentemargin enn andre bankar? Justert for mengd kundar, har DNB eit uforholdsmessig stort overskot? Uansett, det er fritt val av bank her i landet, så eg ser ikkje noko poeng i å klage på DNB. Har du dårlege vilkår så skift til ein bank som har betre.
  15. Det er vel ikkje einaste banken med stort overskot pga. renta. Kva med dei andre? Poenget med ein bank er som alle andre bedrifter, å tene pengar for aksjeeigarane. Jo høgare overskot jo betre.
  16. Zeph

    Tesla - kaféen

    Nødbrems som kun hadde fungert med CC aktiv ville vore dårlege greier. Den er heldigvis alltid aktiv. Eg har opplevd det oftast når eg prøvde å rygge på nokre høge gras-strå, samt eitt tilfelle i ein stillegåande kø der eg ikkje fulgte med og fekk med meg at bilen framfor hadde stoppa. Har du opplevd ein nødbrems så veit du det.
  17. Så lenge utviklaren ikkje føler at dei har plagiert så har dei nok ikkje det.
  18. På mobil kan du ta skjermskot av faktura, om det er PDF eller e-post, og hente biletet frå galleriet i mobilbanken.
  19. Eg har aldri kjørt buss, verken diesel eller elektrisk, men eg har vore passasjer i Oslo ganske mange ganger og sjåførane er ivrige på gasspedalen. Kombinert med glatt føre og elbuss så kan det gå dårleg. Spesielt med leddbuss som har drift på den bakre delen. Det kan godt vere elbussane kunne vore konfigurer annleis eller hatt ein vintermodus der pedalen gav mindre pådrag i starten, men dette driv dei vel og prøver å finne ut av. Poenget er at det neppe er det at bussane er elektriske som er problemet og at dei burde klare seg fint på glatt føre med riktig kjøring. Det skjer for øvrig at dieselbussar får problem når det er glatt òg. Enkelte føre er det rett og slett ikkje mogleg å kjøre på, spesielt ein leddbuss.
  20. Har du kjørt elbil? Eg har ikkje problem med å gje lite pådrag i ein elbil. I tillegg har du antiskrens som reagerer langt raskare enn på drivstoffbil. Om nokon kjører bil med av/på regulering, altså fullt pådrag eller ingenting, så burde dei fått inndratt førerkortet.
  21. Du har stort sett høgare akselerasjon med elbil, men det finnes mange elbilar med 0-100 tider i 6-10 sekund sjiktet og drivstoffbilar under 6 sekund. Tråkker du pedalen for hardt så fungerer ikkje det på glatt føre uansett kva bil du har. Teknologien og responsen i ein elbil gjer den betre eigna på glatt føre enn drivstoffbilar. Om du kjører ein elbil som ein drivstoffbil kan det gå dårleg, men det er det heller ingen som anbefalar deg å gjere.
  22. Zeph

    Elbil-tråden

    Så påstanden din er at så lenge det ikkje skjer ei ulykke kan du drive med akkurat kva du vil i bilen så lenge det ikkje er ein mobiltelefon? Sjå film på ein laptop, lese bok, barbere seg, sminke seg, skifte klesplagg osv?
  23. Lønnskonto eller sparekonto med låg rente er det vel ingen som anbefalar å ha buffer på? Høgrente utan begrensing er det sikraste som du kan ta ut på dagen.
  24. 3 millionar, 25 år, 5,5% rente, 50 kroner i gebyr. Første månad er det 4675,- kroner i avdrag, og så stig beløpet med 23 kroner per månad. Rentene er 13.757,- kroner første månad og synk i snitt med 23 kroner per månad. Dei som har litt til overs kvar månad kan med fordel betale ned ekstra på lånet.
×
×
  • Opprett ny...