-
Innlegg
44 837 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Lite kalk her òg. Tørker av og til, men det er litt lite motivasjon for det når bilen er våt igjen med ein gang pga. regn.
-
Bladrust og klimaendringar påverker òg spesialkaffi, ref. Wendelboe i den siste videoen om kaffien dei sender ut til abonnenter i desember:
-
Det er mange gode brukte elbilar på marknaden i dag, så om du ikkje vil bruke meir pengar enn nødvendig eller må ha det nyaste så er ein 2-3 år gammal bil å anbefale. Om du vil ha tips til konkret modell må du skrive meir om kva du har bruk for. Rekkevidde, passasjerplass, bagasjeplass, type bil (stor, medium, liten), hjuldrift, ev. merker du vil ha eller vil unngå, hengerfeste, osv. Og ikkje minst pris.
- 54 svar
-
- 1
-
-
Må så høgt altså. Trur eg kan få ein Easee til same prisen. Har hatt ladekabelen som fulgte med TMY på ladaren.
-
Skoda Enyaq og Tesla Model Y. Eventuelt ein husstand med ein Nissan Leaf. Det er to husstander der det pdd. finnes ein Easee-boks. Den andre husstanden må ha noko lading. Kabling og arbeid ordnar me sjølv. Eg har vore inne på tanken om ein heilt enkel ladeboks til våre bilar (Skoda og Tesla) og la bilane styre lading. I vårt hus står ein Easee i dag, men den kan ev. flyttast over til huset som har ein stk. Leaf. Kva er billegaste ladeboks med type 2? Ulempen med dum boks er ev. at Skodaen kanskje ikkje kan regulere lagestraum. Teslaen trur eg har noko meir, men Skoda har kanskje kun ein modus for å skru det heilt ned til 2 kW. Om det står på maks kjem med kanskje over 10 kW-grensa og over i neste trinn på nettleiga.
-
Kva ladeboks ville de valgt i dag? Er det noko nytt på dagens Easee ift. ein 5-6 år gammal boks?
-
ON/OFF knappen på strømforsyningen, hvordan/når bruker dere den?
Zeph svarte på Mr.M sitt emne i Strømforsyninger
Ledningen i kabelen frå støpselet går inn i brytaren, så det er ett fett om du drar ut støpselet eller slår av brytaren. Eg har aldri opplevd noko BIOS-hikk av å dra ut støpsel eller slå av PSU. Det står eit lite batteri på hovudkortet som skal ta vare på innstillingane i BIOS. Drar du ut støpselet og tar ut batteriet må du kanskje prøve å starte maskina ein gang før all straum er vekke og BIOS går tilbake til fabrikkinnstillingane. Har gjort det nokre gonger ifm. overklokking og anna roting i BIOS som måtte reverserast. -
https://www.motor.no/aktuelt/mange-betaler-mer-enn-nodvendig-pa-bilverkstedene/333846 Det påfallande var at spesielt Mekonomen ofte hadde betydeleg høgare pris enn konkurrentane over heile linja, men etter å ha fått vite om artikkelen har dei justert ned prisane. Det er visst oppstått "feil", og dei ikkje har vore godt nok kvalitetssikra eller at dei no tilfeldigvis vil justere ned prisane. Det er veldig tydeleg at Mekonomen tar seg veldig godt betalt så lenge kundane kjem. Lista går på kva kundane er villig til å betale, ikkje faktiske kostander ved jobben. Når dei blir tatt så blir prisen satt ned, men dei prisane Motor har fått oppgitt er ikkje nødvendigvis dei den neste kunden får. Korleis ser prisen ut om nokre veker eller månader? Lærdomen er å alltid sjekke pris fleire stader.
- 14 svar
-
- 4
-
-
-
Dette er dei beste Black Week-tilboda
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Kvifor skal du styre unna BF om prisen er på det lågaste den har vore? Ta eksempelet med Sony WH-1000XM4. 2290,- er stort sett det billegaste du har fått kjøpt det til 2 år bak i tid (med eit lite unntak, men det var kanskje demovare). Betyr det noko om Komplett reklamerer med 700,- eller 900,- kroner avslag om prisen er så god som du historisk sett kan få den? Power-tilbod kombinert med DNB-supertilbod er kanskje eit alternativ, men det er ikkje sikkert dei to kjem samtidig.- 21 svar
-
- 1
-
-
Dette er dei beste Black Week-tilboda
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Komplett reklamerer sjølvsagt ikkje med rabatt samanlikna med andre butikkar. Det du "sparer" er forskjellen mellom fullprisen til Komplett og BF-prisen. Som du viser har du kunnet kjøpe dei til godt under 3190,- lenge frå andre butikkar, som demonstrerer nytten av tenester som Prisjakt, men eg synest ikkje Komplett gjer noko feil her. Dei satte prisen opp frå 2490,- i slutten av september for å kunne reklamere med 900,- kr i rabatt, men det er lov.- 21 svar
-
- 3
-
-
-
Dette er dei beste Black Week-tilboda
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det burde ikkje overraske nokon at kampanjene til ein butikk er for å selge meir. Dei gjer ikkje dette for å vere snille mot folk og tape penger, sjølv om enkelte butikkar kanskje kjennes seg tvunget til å redusere prisane for å få solgt noko denne månaden.- 21 svar
-
- 1
-
-
Har stort sett kjøpt 4 for 3 på Kaffa. Det blir 0.66 kr/filter med dagens pris, så ganske likt som B&K. Då tar eg samtidig med nokre posar kaffi. Ein kopp med TW-bønner kostar meg ca. 11 kroner, så filteret utgjer ikkje så mykje. Eg har ikkje fått dei nye V60-filtrene frå Hario til å fungere heilt, så eg har testa litt andre typar. Moccamaster, Filtropa, Rombouts. Fleire av merkene blir sikkert produsert på same fabrikk. Akkurat no brukar eg Ali-filter. Veit ikkje kva dei kostar, men det billegaste på Meny.no er 0.20 kr/filter, så eg betalar neppe meir på Kiwi.
-
Kan ikkje tråden få dø i fred om du ikkje har tenkt å svare på det TS spør om?
- 197 svar
-
- 4
-
-
Sjølvsagt blir det dyrare. Hensikten til Telenor er å få nokre kroner av at du abonnerer på tre strøymetenester, ikkje at det skal bli billegare for deg. Å legge til eit ekstra ledd blir sjeldan billegare. Poenget er vel heller ikkje at det skal vere billegare, men enklare å manøvrere? Prisen du betalar er forskjellen mellom å abonnere på dei kvar for seg og prisen Telenor tar. For dei som synest det er verdt forskjellen er det sikkert fine greier, men at du må ha minst tre tenester samtidig er ei dyr ulempe, med mindre du alltid har det. Me har av og til abonnement på ei teneste om gangen, av og til ingen, veldig sjeldan to eller fleire.
-
Rykter peker mot Grand Theft Auto VI på Switch 2
Zeph svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Nedskalert versjon. -
Eg tar 20+ mus kvart år med Rapp-fellene. Som langsiktig tiltak kan det absolutt vere verdt jobben med å leite etter stader dei kjem inn. Det er lettare sagt enn gjort, spesielt på eldre hus. Det er utruleg kor små opningar dei kjem seg inn i.
- 26 svar
-
- 2
-
-
-
https://www.tek.no/nyheter/nyhet/i/o3JoOB/minneprisene-forblir-hoeye-gjennom-hele-2026
-
Det er smart om du veit at det kjem ein større nedgang, men det veit ingen. Det blir prata om bobler og krakk heile tida. Av og til skjer det, men stort sett ikkje. Den enkelte må finne ut av kva dei kan sove godt med å ha pengane sine investert i.
-
Er tapet det du hadde tent dei siste tre åra pluss pensjon, samt at du slepp starte uttak før 70? Det reknestykket vil alle få om dei tenker tanken på å slutte før dei kan. Eg har ikkje tenkt å jobbe fullt ut, så eg sparer og legg opp til eit liv med litt mindre å rutte med enn i dag. At eg har bruk for færre kroner i 60-70-åra med nedbetalt bustad, ingen heimebuande born, ikkje behov for å spare meir osv. er ganske realistisk. For dei som vil reise mykje til syden eller andre stader og leve med meir luksus i den fasen bør kanskje vurdere å jobbe så lenge dei kan.
-
Eg satte litt inn på IPS dei åra grensa var 45k, men kom fram til at eg ikkje ville plassere meir der pga. ulempene med ordninga. Spesielt det at du ikkje får ta ut heile beløpet før du er 80 år. Det vart ikkje meir attraktivt då dei senka grensa til 15k.
-
Forskjellen i prosent er faktisk ganske stor. Eit eksempel frå Nordnet: https://www.nordnet.no/academy/sa-mye-er-skattefordelene-i-ips-verdt For dei rike så er kanskje grensa på 25 000 (fom. 2026) ein grunn til at det ikkje er så interessant. Det blir ikkje all verdens summar av det når beløpet du investerer ikkje kan overstige 25k i året. Endå verre no når det har vore 15k nokre år.
-
Fordelen er at du får frådrag på skatten, som du igjen kan investere neste år. Når du tar ut pengane betalar du tilbake skatten du har lånt av staten, men først etter å potensielt ha fått avkastning på den i mange år. Du kan kjøpe td. globale indeksfond fond med ASK som IPS. Då vil ev. avkastning vere lik så lenge investert beløp er likt, men på IPS kan du altså investere lånte pengar og kunne investere meir med dem inntekta du har enn om du satte det inn på ASK. Det er fleire ulemper, som at du ikkje kan få ut pengane før pensjonsalder og staten kan ta ein stor del om du hamnar på sjukeheim eller noko sånt. Om nokon av ein eller anna grunn ikkje betalar skatt i det heile tatt eller mindre enn du kan få frådrag for, så er det mindre gunstig, men dei fleste over 18 betalar i alle fall nokre tusen i skatt. Kva du brukar den sparte skatten til er opp til deg. Om du i 2026 set inn 25 000 på IPS kan du få redusert skatten din med 5500. Neste år kan du setje inn dei 5500 og fylle opp med 19 500 frå inntekt. Då har du investert 25 000 ved å bruke 19 500 og lånt 5500 av staten. https://www.smartepenger.no/99-pensjon/504-ips-individuell-pensjonssparing
