
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 826 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Eg er uansett lite bekymra for dette. Det er ikkje som at vi sendte ut Voyager 1 og 2 i jakt på gull, olje og liknande. Eg tenker at fyrste møte med intelligente romvesen vil være i samband med at romvesena er på ekspedisjon og tilfeldigvis snubler over jorda. Om dei finner ut at dei treng resursane på jorda så vil dei nok være nødt til å kome tilbake seinare med rett maskineri og transportkapasiteter. Då Columbus fant "Amerika" så var han på leiting etter India, men det var veldig avgrensa med kva han tok med tilbake til Spania. Han tok riktignok med seg nokre av urbefolkninga, nokre eksotiske dyr og eit lite utvalg ekostisk mat for å kunne bevise kva han hadde oppdaga, men plyndringa av dei amerikanske kontinenta skjedde fyrst etterpå. Med dei avstandane som er i verdensrommet så er det ikkje ein gong sikkert ar romvesena rekk å returnere eller sende signal til sin heimplanet og deretter sende nye skip som skal utnytte resursane på jorda rekk å gjere det før jorda er slukt av sola om 5 milliardar år, og langt mindre innafor menneskeheitas eksistens. Og skulle romvesena kome tilbake tidlegare så har det nok likevel gått så lang tid at vi på jorda kan ha tatt igjen romvesena sin teknologi, og dermed ikkje lenger er forsvarslause.
- 749 svar
-
- 3
-
-
-
Nei. Slik omfattande kopiering har nok aldri vært vanleg. Men før ein fekk gode søkeverktøy for å spore opp sitat og tekstlikheiter så var det nok vanlegare at ein til dømes siterte ting som ein har høyrt andre seie og då ikkje satt inn referanse sidan det ikkje fantes nokon skriftleg kjelde. I dag skal du referere også til munnlege kjelder, som til dømes ved å referere til kva forelesing du høyrte sitatet. Utan at eg kan svare heilt 100% så trur eg også at det var meir vanleg før at ein skreiv om det ein hadde lest andre stadar, og så aksepterte både studenten og sensor at teksten då var studentens orginalverk. I dag blir også forsøk på å skildre teksta med eigne ord markert som mogleg plagiat, særleg der det er snakk om ein enkel oversetting frå eit anna språk til norsk.
- 982 svar
-
- 2
-
-
Den verkeleg store ulempen med demokrati er at den styreforma kan føre til at det tek lengre tid både på å beslutte kva som skal gjerast, og sette tiltaka ut i live. Særleg i krig og kriser så kan diktatur være ein fordel for å få ting gjort ettersom det er ein eller veldig få bestemmer og ingen som taler imot. Sett opp mot det norske demokratiet der regjeringa alltid er ei koalisjon mellom fleire parti, og sjølv då er det ikkje alltid regjeringa har fleirtalet åleine, så er det svært tidkrevande å få gjennomført store tiltak sidan det er mange som må bli einige om å stemme likt. Sjølv internt i ei fleirtallsregjering så kan ein risikere at enkeltpersonar stemmar mot regjeringens vilje og dermed effektivt stopper eit vedtak frå å bli vedtatt. Dette gir ein sikkerheit i form av at uansett kven som får makta etter stortingsvalget i 2025 så blir det ikkje veldig stor endring i AS Norge. Statsbudsjettet for 2026 kan medføre litt skattelette eller litt skatteoppgang, men jamt over ikkje noko som er så stort at livet i Norge blir vanskeleg å leve. Det som er "ulempen" med det norske systemet er også det som er styrken. For sjølv om partiet Raudt skulle ta ein brakseier på stortingsvalget så kan vi være ganske trygge på Norge ikkje blir "kommunistisk" over natta, partiet Raudt må ha makta over fleire perioder før lover og samfunnstruktur kan endrast spesielt mykje.
-
Eg skjønner kvar du vil, og er heilt einig i at dei aller fleste vil ha stabilitet og fred. Slik stabilitet er det mogleg å få til med alle styresett, også i diktatur. Forskjellen er at i eit diktatur så er ein heilt avhengig av at diktatoren styrer utifrå kva som er bra for folket og ikkje for seg sjølv. I eit demokrati så er det mekanismer som hindrer slikt maktmisbruk, men også her kan det skli ut. Det er mange "diktatorar" som har blitt demokratisk valgt og som deretter berre har tviholdt på makta. Eit godt eksempel der ein har ein eineherskar som jobbar for folket er i tyrani. Sjølv om tyrani i dag er brukt som nærmast synonym med diktatur, så har har tyrani sitt opphav frå antikke Hellas der det var aristikatar som tok makta i byane for å rydde opp og bygge samfunn. Typisk ved å sørge for at det vart bygd viktig infrastruktur som bymurar, avløpssystem, osv. Grunnen til at tyrani i dag blir brukt som noko negativt er fordi tyranane vart omtalt negativt av både den aristokratiske eliten som ikkje lenger fekk leve i stor rikdom på bekostning av folket, og av greske filosofar som ville ha demokrati. Med ein god tyran så kunne ein by få høg levestandard for alle, og stor sikkerheit ved hjelp av gode bymurar og leigesoldatar, men det er klart at det skulle ikkje mykje til for at tyranen gjekk over til å berike seg sjølv. Som med alt mogleg anna så er konteksten avgjerande. Dei fleste totalitære statar gir ikkje sine innbyggarar akkurat nok friheit til at det ikkje blir opprør, dei gir "friheit" til å gjere akkurat det som myndigheitene tillet, og så slår ein brutalt ned ei kvar kritisk røst, ofte med anklage om forræderi slik at kritikarane kan henrettast eller låsast inne på livstid. Folkets behov for å kritisere myndigheitene vil nok variere veldig mykje med med korleis makta blir praktisert. Til dømes i Kina så er mesteparten av folket tilsynelatande fornøgde med å leve i eit kontrollsamfunn, for det er nokre fordelar med at det er låg kriminalitet frå både ekte forbrytarar og påståtte forbrukarar. Det er sjølvsagt heilt forferdeleg å være minoritetskineser, for dei blir stempla som forbrytarar og behandla deretter. Eg er likevel einig i deg at det virker ikkje som at kinesarar flest lengtar etter demokrati og innerst inne håpar at USA skal gå til krig for å sette inn ei USA venleg regjering. Om prisen for demokrati er vold og opprør så er nok ikkje det ein pris som folket er villige til å betale. Det avgjerande spørsmålet er alltid: 1. Fungerer dagens styresett? Her meint at balansen mellom friheit og sikkerheit/levestandard er tilfredsstillande. 2. Er styresettet stabilt? Kva som er passeleg med friheit er det ingen fasit på. Det typiske eksempelet på veldig ulik oppfatting av friheit er måten ein praktiserer friheit på i Norge og i USA. I USA er grunnpillaren at du skal ha friheit til å gjere det det du vil medan den Norske friheita er fundamentert i at du skal ha friheit frå å bli utsatt for ting. Eit eksempel er at i USA har du friheit til å demonstrere mot til dømes ei gravferd med tilrop og plakatar, medan i Norge har ein friheit til å få gjennomføre gravferda utan å bli forstyrra. Stabiliteten er viktig fordi ein av dei store svakheitene ved diktatur er at når den opprinnelege diktatoren må gi seg så blir det veldig lett intern maktkamp om kven som får ta over, særleg der det ikkje er etablert ei arverekke slik som i monarki eller keisersdøme. I Nord-Korea har maktoverdraginga fungert bra i tre generasjonar utan at det blir borgarkrig. I Libya vart det stor maktkamp etter at Gaddafi vart avsatt og drept. Ikkje at nokon av disse diktatura har vært gode styresett. I Nord-Korea så er det eigentleg både fredeleg og stabilit, problemet der er fyrst og fremst at Kim Jong Un ikkje makter å sikre nok mat til befolkninga slik at veldig mange har uoppfylte primærbehov. Det er ikkje mykje protestar i gatene eller kriminelle gjengar, så slik sett er det fredeleg og stabilt i Nord-Korea. Og sjølv om nordkoreanerane hadde vært endå dårlegare stilt om dei i tillegg måtte leve i ei krigssone så er det nok der ganske openbart at folket vil foretrekke eit demokrati med åpne grenser, slik at ein kan importere til dømes mat og andre nødvendigheiter.
-
For deg er det nok enklast å kjøpe ein liten FM sender som f.eks https://www.jula.no/catalog/hjem-og-husholdning/hjemmeelektronikk/tilbehor-for-nettbrett-og-mobiler/mobil-universallader/fm-sender-for-bil-028581/ Då koplar du mobilen til sendaren via Bluetooth, og tek imot musikken via bilradioen over FM bandet.
-
Tyson’s nederlag mot Jake Paul - så du kampen?
The Avatar svarte på Borger___ sitt emne i Sport og idrett
Einaste spenninga i denne kampen var vel om Tyson ville klare å ta knock out på Jake Paul i løpet av dei fyrste sekunda. Når det ikkje skjedde så var det ikkje overraskande at Jake Paul ville ta han på utholdenheit. -
Sjølv om dette kan skje til tross for at det bryt kvalifikasjonsprinsippet, så forklarer ikkje dette kvifor det har tatt så lang tid. Om dette var tilfellet så ville ein forvente å få kjapt avslag, for kvifor holde på i månedsvis når ein alt før utlysinga hadde bestemt kven som skulle få jobben?
-
Denne vurderinga er veldig svart/kvitt. Forskrift om offentlig godkjenning av virksomheter som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring, og om kjøp av slike tjenester, definerer bilpleie som innvendig og utvendig vask av bil. Bruk av vaskemidler er ikkje definert, men ved å utelukkande spyle med reint vatn så er argumentasjonen at det ikkje tilføres anna forureining enn ein får ved at bilen står ute i regnvær.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Eg trur nok også at det går på at det som før var så vanleg at "alle" gjorde det, i dag blir avslørt av betre system. Med andre ord, det argumenters med at oppgåva må vurderast utifrå datidens verktøy og ikkje det ein har i dag. Men det virker rotete formulert. Det einaste som eg er einig med Kjerkol i, er at det er eim viss urettferdigheit at derdom ein skal analysere masteeoppgåver med nytt og moderne antjukseverktøy. Ei slik ny vurdering burde vært ein systematisk vurdering av alle oppgåver, og ikkje berre basert på publikumstips. Det kan godt være folk som også har juksa, og som har stillingar dei ikkje burde hatt, men som aldri blir avslørt fordi det er ingen som gidder å ettergå masteroppgåva.
- 982 svar
-
- 2
-
-
-
Oppsigelsestida blir ikkje forlenga på grunn av sjukdom, oppsigelsestida går som normalt etter at du har sagt opp. Er du sjuk(meldt) så kan du ikkje jobbe. Blir du frisk før oppsigelsestida er over så må du tilbake for å jobbe siste resten av oppsigelsestida. Merk likevel at ved oppsigelse under sjukemelding så er det ikkje uvanleg at ein avtalar med arbeidsgivar om å avslutte arbeidsforholdet med umiddelbar virkning dersom det uansett er usannsynleg at du kjem tilbake for å jobbe i oppseiingstida. For ein arbeidsgivar som uansett ikkje får utnytta arbeidskrafta di i oppseiigstida så kan det være ein fordel å få avslutta arbeidsforholdet så tidleg som mogleg då dette også fritek arbeidsgivar frå sine pliktar til å følge opp sjukmeldte. Med tanke på ny jobb så spørs det litt kva som er grunnlaget for at du er sjukmeldt. Det er mogleg å være sjukmeldt frå berre enkelte arbeidsoppgåver eller ein enkelt arbeidsplass når det er snakk om psykisk belastning. Typisk døme er at dersom du jobbar som røyrleggar og er sjukmeldt fordi du har knekt ein fot, så kan du likevel jobbe om du får kontoroppgåver. Men pass på at dersom du får sjukemelding så får du også fram at du er frisk nok til å utføre anna arbeid, som til dømes hos ein anna arbeidsgivar.
- 81 svar
-
- 1
-
-
Vi har alt fått indirekte svar, ved at ein har brukt Webber teleskopet til å fotografere områder på stjernehimmelen som vi trudde var tomme og som viser seg å være fulle av galakser som igjen er fulle av stjerner som vi før Webber teleskopet ikkje har klart å sjå. https://www.scientificamerican.com/article/how-taking-pictures-of-nothing-changed-astronomy1/ Jo fleire stjerner og galakser vi finner, jo større sjanse er det for at det finnes stadar der forholda er akkurat rett til at det har oppstått kjemiske bindingar som er heilt unike. Det treng ikkje ein gong å være liv slik som vi kjenner det frå jorda, det vil også være kjempespennande om vi finn andre heilt unike forhold, alt frå unike gassatomsfærer med spennande eigenskapar, til planetar som går i så tette baner rundt kvarandre at det har danna seg ein stor smultringforma planet. I dag kan vi knappast forestille oss at planetar og astroidebelter kan sjå annaleis ut enn dei vi har i vårt eige solsystem, men triller du terningen mange nok gangar så kan ein forvente at sjølv dei mest usansynlege samansettingane skjer. Eg har blitt langt mindre bekymra for dette. Sannsynlegheita for at vi finn ein anna sivilisasjon som i tillegg er så like oss at dei ser på menneskeheita eller jorda som noko med verdi er nok veldig liten. Det er veldig sannsynleg at utanomjordisk liv er så forskjellig frå oss at alt på jorda er giftig, og er det tilfellet så er det heller ingen verdi i å ta slaver på jorda som då ikkje kan produsere ressursar på jorda som er nyttige for romvesena, og det vil heller ikkje være nyttig å kidnappe menneske til å jobbe på planetar der menneska uansett ikkje kan leve. Eg trur at besøk frå intelligente romvesen vil likne mindre på Europereane sitt inntok i amerika som kom til eit frodig land fult av folk og ressursar som kunne unyttast, og vil i staden likne meir på eit forskningsteam som reiser til Antarktis der miljøet er så ugjestmildt at ein må ha på seg spesialdrakter, det er nesten ingen mat der sidan forskarane ikkje kan leve av is og stein, det finnes litt pingvinar og liknande som teoretisk sett kan bli mat, men som er så langt nede på preferanselista at nesten all anna mat er å foretrekke. Eg trur det er veldig usannsynleg at utanomjordisk liv vil likne på livet på jorda. Og sjølv om livet skulle være likt så kan det være veldig ulikt. Til dømes så har molekyl ulike biologiske eigenskapar alt etter om det er høgre eller venstrehendt. Dette kan gi utslag som at eit stoff som i ei orientering er fordøyeleg som mat, er i ei anna orientering giftig sjølv om bestanddelane og samansettinga er praktisk talt lik. Ofte brukar ein hansker som analog, begge hanskane er laga av same stoffet og er heilt like på alle områder utanom at den høgre hansken ikkje passer på venstrehanda. Så sjølv om alt er tilsynelatande likt, så skal det ein del til at biokjemien mellom liv som har utvikla seg på ulike stadar og til ulike tider er så like at ein har overlappande behov og eigenskapar.
- 749 svar
-
- 1
-
-
Her er eg heilt einig. Tenk berre korleis vegstandarden hadde vært om vi ikkje hadde Statens Vegvesen som ivaretek riksvegane. Skulle kvar enkelt kommune sørga for brøyting, asfaltering og anna vedlikehold på dei få kilometrane som går gjennom sin kommune, då hadde vi fått veldig ulik kvalitet på vegen alt etter kommuneøkonomi og prioriteringar. På vegdrifta så har ein alt dumma seg kraftig ut ved at Fylkeskommunane for nokre år sidan tok tilbake ansvaret for sine fylkesvegar (tidlegare tok Statens vegvesen ansvaret for både riksvegar og fylkesvegar). Resultatet er at fylkeskommunane rundt om måtte tilsette masse nye folk og investere i brøytebilar og alt som høyer med. Særleg innafor helse så kan ofte nokre få enkeltbrukarar åleine være med å velte heile kommunebudsjettet alt etter kor mange brukarar som krev personleg assistanse døgnet rundt som kommunen tilfeldigvis har busett akkurat no. Det finnes enkeltpersonar som har så store behov at prisen kjem opp i fleire titals millionar, og har ein kommune fleire slike brukarar så strekk ikkje kommuneøkonomine til. Eg synes også at det tenderer til respektlaust at kommunestyret nærmast spretter champagnen om ein brukar med slike pleiebehov døyr ettersom det då fristiller så mykje pengar på budsjettet at kommunen får råd til å f.eks. åpne ein ny barnehage. Sannsynlegheita for at folk blir så sjuke/skada at dei treng veldig mykje oppfølging tenker eg er relativt lik i befolkninga, så "risikoen" for at ei kommune må tilby slike tenester burde gjennomsnittsbereknast basert på befolkningstalet, noko som tilseier at disse pengane burde kome frå statsbudsjettet til dei kommunane som for tida treng å tilby slike tenester. Det er også forferdeleg mykje papirarbeid som til dømes analysearbeid som alle kommuner i dag sitter og utfører for sin kommune, medan det i nabokommuna sitt ein tilsvarande gjeng som gjer same arbeidet og ender opp med ein rapport som er 99% lik, her kunne mykje vært spart ved å koordinere slikt arbeid frå eit overliggande nivå. Her er eg berre delvis einig med deg. Dersom alle nye skular skal byggast heilt likt alle stadar så blir det billegare men samtidig mister ein moglegheita til å bygge skular som er godt eigna til å oppfylle dei lokale behova. Det sagt så burde det være slik at når ein kommune har bygd ny skule så blir teikninga og prosjekteringa gjort tilgjengeleg for alle kommuner, slik at når nesten kommune også skal bygge ny skule så kan ein sjå korleis andre har gjort det tidlegare. Det vil både være tidsbesparande og dermed kostnadsbesparande, og det hadde gitt tilgang til erfaringslæring slik at neste kommune får vite kva som fungerte bra og kva som var mindre gode løysingar. Eg har tilsvarande reservasjon med drift og system i kommunene, skal alle kommunene bruke same system så er det veldig praktisk sidan ein sjukepleiar som er opplært i ei kommune kan gå rett inn og jobbe i ei anna kommune. Det eg er bekymra for er at vi då kan få systemleverandørar som i praksis har monopol og dermed kan auke prisen og senke kvaliteten på systemet som blir levert. Tenk om alle helseforetaka hadde kjøpt Helseplattformen samtidig. Største lyset i enden av tunnelen for Helseplattforma akkurat no er at det er heilt avgjerande at ein får Helseplattformen til å fungere slik som den skal før det i det heile tatt er aktuelt for andre helseforetak og kommuner å kjøpe dette programmet. Hadde alle kjøpt dette samtidig så hadde det nok ikkje blitt fortgang i utbetringsarbeidet ettersom utviklaren alt har fått sin betaling og dermed har liten motivasjon til å legge meir arbeid i systemet.
- 35 svar
-
- 1
-
-
Eg har tru på prosjektet, og eg er ikkje så veldig redd for at det blir motarbeida av NAV sjølv om enkelte naturleg nok vil være urolege for arbeidsplassane sine. Spørsmålet mitt er kor mykje relevant data ein får ut av dette pilotprosjektet. For det fyrste så har det etter mitt syn ingenting med borgarlønn å gjere, slik som eg har forstått prosjektet så vil ein fortsatt få omtrent same utbetalingane basert på dei same vurderingane, forskjellen er berre at det no blir sendt inn ein søknad og så er det NAV som internt samordnar seg utifrå dei gitte opplysningane. Den viktigaste "nyvinninga" er slik som eg forstår det at dersom ein ser at personen får for lite utbetalt til å kunne leve av, så er det nav som på vedkommandes vegne søker om sosialhjelp for å supplere utbetalinga opp til vanleg nivå. Med den "gamle" ordninga så ser ikkje vedkommande at det er for lite pengar å leve av før ein får utbetalinga, og så må ein nok ein gong gå til NAV for å få hastebehandla ein søknad om sosialhjelp. Eit slikt behov bør det være mogleg å forutsjå og på den måten spare NAV frå å behandle nok ein søknad. Denne gruppa av unge voksne som ikkje er i jobb eller under utdanning er nok såpass lik både med tanke på behov for oppfølging og levekostnadar at det nok ikkje er så vanskeleg å behandle alle likt. Det er nok relativt få i denne gruppa som er arbeidsuføre på grunn av fysiske plager, og det å sleppe å skaffe legeerklæring på at ein slit psykisk kan nok gjere det enklare å prøve seg ut i arbeidslivet. Eg har likevel ei lita bekymring for at eit slikt prøveprosjekt har litt avgrensa med verdi når ein ikkje også endrar systemet rundt. Særleg så meiner eg at både som arbeidsufør og arbeidsledig så burde det være enklare å kombinere tilgjengeleg arbeidskapasitet med studier. Eg kan forstå at ein kan stille spørsmål om ein arbeidsufør er ufør om ein studerer på fulltid, eller tilsvarande om ein arbeidsledig er fulltids jobbsøkande når ein studerer på fulltid, men det burde være rom for å fullføre i alle fall ein eksamen per semester. Slik som det er nok så er det offentlege tilbodet til studentar at ein kan gå til lånekassa for å få lån som blir delvis omgjort til stipend. Det tilbodet er ikkje like lett tilgjengeleg for ein som har falt utanfor arbeidslivet og kanskje ikkje er kredittverdig nok til å få studielån, og ikkje minst at ein er uvillig til å ta opp eit studielån når ein ikkje er sikker på å kome seg ut i jobb der ein får betalt tilbake lånet.
-
Har ikkje så mykje erfaring. Men på jobb gjekk eg frå Jabra Evolve 65 mono (tilsvarande det du har i dag berre at mitt headsett berre dekte eine øyret), over till Jabra Evolve 2 65, som er ein litt eldre modell frå den du lenker til. For meg vart det ein heilt anna verden. Sjølv om støydempinga ikkje er veldig viktig så synes eg det er behageleg med støydemping som reduserer susing i bakgrunn samtidig som det slepper inn tale heilt greit. For min del har eg ikkje problem med størrelsen på Jabra Evolve2. På maks stille kan eg lett dra Evolve2 slik at det er ca 18 cm mellom øyreklokkene om det hjelp deg noko med å vurdere om dei er store nok. Så om din bedrift bruker Jabra-utstyr så synes eg at du utvilsomt skal bytte ut Evolve 65 med Evolve2. Evolve 2 er litt tyngre, men det er god lyd og ettersom det også er litt støydemping så er det langt meir behageleg å sitte i lange Teamsmøter ettersom det er lettare å høyre kva som blir sagt utan å konsentrere meg for mykje.
-
Som hovudregel så er det ikkje frekt å ete seg mett på den maten som blir servert. Det er likevel litt forskjell alt etter settinga. Får du servert mat på fat, så er det uhøffleg å ete lite, men det er likevel lov å la mat være igjen på tallerkenen om du har blitt servert alt for stor porsjon. Er du på buffet eller sjølv forsyner deg frå gryta som står på bordet så skal du ikkje forsyne deg med meir enn du klarer å ete opp. Så er det også litt avhengig av kor mykje mat som er satt fram, dersom det er satt fram litt lite mat i forhold til talet på gjestar så forsyner du deg med veldig lite om gongen slik at det er nok til at alle får minst ei runde med mat utan å måtte skrape panna. Når alle har fått forsyne seg 1-2 gongar så meiner eg at det er fritt fram for å forsyne seg med nok ei runde fram til det er tomt. Det er vanleg at ein let siste pølsa og siste poteten ligge igjen av høfflegheitsomsyn, for det kan bli sett på som uhøffleg å ta siste kakestykket om ein ikkje har spurt om det er greit fyrst. Særleg på kakebordet så er dette ofte veldig synleg i form av at folk skjærer mindre og mindre kakestykker jo mindre det er igjen av kaka, så det "høffligheitsstykket" som står igjen er ofte berre ei tynn flis. (Eg har også høyrt teorien om at grunnen til at mange ikkje skjærer kakestykket heilt inn til sentrum er fordi då blir det igjen ein liten rest i midten av kaka som gjer at sjølv om du tek siste kakestykket så er det forsatt litt kake igjen på fatet). Sjølv synes eg likevel at dette er ein litt misforstått høfflegheit, som vert så setter eg stor pris på om alt eg sett fram på bordet blir tømt slik at eg slepp å ha rester å ta vare på eller i verste fall må kaste mat etter middagsselskapet. Eg tenker også at dersom det blir servert nok mat til å forsyne seg fleire gongar så vil det kunne være frekt å ikkje forsyne fleire gongar, det er likevel ingen plikt til å bli stappmett. Dersom du møter i middagsselskap der det er servert mykje mat utan at du klarer å ete så mykje, så vil det mest høfflige være å forsyne seg i to omgangar med små porsjonar. Om du berre et ein porsjon og så "nekter" ei runde nummer to så kan det oppfattast som at du ikkje likte maten.
- 28 svar
-
- 2
-
-
Av og til kan det være hensiktsmessig å ta opp lån for å investere i nye bygg og tenester, då eit godt tenestetilbod kan være med å auke innflyttinga eller i det minste bremse fråflyttinga. Det er nok likevel ei kjensgjerning at nytt kulturhus eller badeland fyrst og fremst er eit godt tilbod for ein relativt liten andel av innbyggarane, og at den politiske motivasjonen for å ta opp slike lån er at det er stas å få klippe snor under opningsfesten. Nytt kulturhus og badeland er også eit konkret tiltak som ein politikar kan få til, det er ingen som blir gjenvalgt ved å bruke tida i kommunestyret til å betale ned gjeld og vedlikeholde eksisterande bygningsmasse. For politikarane er fyrste kneika å bli gjenvalgt i 2027, så at rekninga skal betalast er i beste fall ei utfordring for kommunestyreperioden 2027-2031. Dersom ein skal lånefinansiere nye kommunale bygg så bør det primært være bygg som er viktige for ein stor andel av befolkninga, som til dømes skular og sjukeheimar. Det er slike bygg som kan være ei investering for framtida til tross for lånefinansieringa ved at slike bygg legg til rette for at folketalet kan gå opp, og dermed blir også skatteinntektene større. Det er heller ikkje slik at det er spesielt alvorleg for ei kommune å stå på ROBEK lista. Reint praktisk så betyr det berre at på grunn av at kommunen/fylkeskommunen har eit budsjett med større utgifter enn inntekter så skal kommunaldepartementet også inn for å godkjenne budsjett og låneopptak. Kommunedrifta går som før, så der det ikkje finnes nok pengar til å dekke nødvendige utgifter så kan budsjettet ende opp med å bli godkjent av departementet til tross for at det er budsjettert med underskot, eller meir vanleg at departmentet tillater at kommunen tek opp nok eit lån for å få budsjettet i balanse og så håper ein at økonomien styrker seg i framtida meir enn lånekostnadane. Største ulempen med å stå på ROBEK lista er at det er eit stort prestisjetap for kommuneleiinga. Det er sjølvsagt ikkje noko stas å sitte som ordførar i ei ROBEK kommune der alt av fest og morro som ein prøver å få inn på budsjettet blir strøket av departementet. I ei kommune som har dårleg økonomi men som ikkje står på ROBEK lista så kan kommunestyret vedta at det skal prioriterast å bygge kulturhus i staden for å bruke pengane på å betale gjeld eller vedlikehalde eksisterande bygg. Slikt tull vil sjølvsagt ikkje departementet akseptere, så då får ordføraren budsjettet i retur med beskjed om å stryke planane om nytt kulturhus og sjå om budsjettet kjem i balanse om ein berre gjer det som er økonomisk nødvendig. Likevel, i kommuner der det manglar eit brukandes kulturhus så kan det likevel være at departementet gir tommel opp for å ta opp lån for å bygge kulturhus, då dette kan seiast å være ei lovpålagt oppgåve. Men då blir det nok eit litt enklare bygg og ikkje eit kulturhus med italiensk marmor og kobbertak. Eigentleg så tenker eg at alle kommuner burde stå på ROBEK lista permanent. Sjølv om det skaper ekstra byråkrati at eit departement skal oversjå kva lokalpolitikarane planlegg å bruke pengar, så trur eg at innsparinga ein får av at ein nøytral utanforståande også ser på budsjettet vil gjere opp for byråkratikostnaden. Ein del av kommunens pengebruk er rein politisk styring, og det er sjølvsagt også litt av vitsen med å ha eit kommunestyre. Eg trur likevel at det også vil være ei støtte for lokalpolitikarane dersom eit departement stiller betimelege spørsmål, som f.eks. om ein skal tviholde på å holde drift i to barneskular med alt for lågt elevtal berre fordi det er politisk sjølvmord å skulle meine noko om det er skule A eller B som bør leggast ned? Det er ikkje reint sjeldan at kommunen opprettheld svært dyre kommunale tilbod fordi ein fryktar at det blir bråk om ein prøver å gjere endringar i tråden med kva som er økonomisk forsvarleg utifrå dagens behov.
- 35 svar
-
- 1
-
-
Håper at det berre er sjefen som er elendig på å ordlegge seg. Det er openbart urimeleg å forvente full nedvask der det berre er satt av tid til dagleg reinhald. Det sagt så er er jo dette å sjå på som ei arbeidsbestilling, sjefen ønsker at du prioriterer å bruke avsatt vasketid til å vaske toaletta. Då er alt anna mindre viktig og må nødvendigvis nedprioriterast.
- 81 svar
-
- 1
-
-
Om stillinga er ledig frå slutten av desember så er det nesten så eg mistenker at dei spekulerer i at stillinga skal stå ubesatt fram til mars for å spare tre månadar med lønnsutgifter.
- 11 svar
-
- 1
-
-
Om fartsgrensa skal være regulert på denne måten så forutsetter eg at den er samordna med aktiviteten på skulen. Både med tanke på SFO, men også med god margin på at elevar som ikkje går heim umiddelbart etter siste time må krysse ein veg med høg fartsgrense. Eg tenker meir på at det kan være anna fartsgrense til dømes mellom kl 20 og 07, i den tida er det sjeldan barn på skuleområdet.
-
Tja, har politet fyrst møtt opp så kan dei like gjerne fullføre jobben. Hadde ikkje tatt mange sekunda å ilegge pålegg av å gå ut av den private hagen.
- 67 svar
-
- 7
-
-
Hadde dei no i det minste søkt. Eg forstår at ytringsfriheita står sterkt, men når demonstrasjonen både er uvarsla og skjer på privat eigedom så synes eg at ein går over ei grensa for at politiet burde tatt grep og som minimum eskortert demonstrantane ut til fortauet for å demonstrere der. Attpåtil så er det vel ein del andre juridiske spørsmål her, som at ein her tek seg til rette og forsøpler på privat eigedom, og at ein slik uvarsla demonstrasjon i hagen til det som eg antek er ein familiemann er vel openbart eigna til å kunne vurderast som hensynsløs adferd? Eg tenker at dei tinga gir grunnlag for at politiet må/bør gripe inn. (Som innspill så kan det sjølvsagt være at det er lurt av politiet å ikkje gripe inn ettersom det hadde nok gitt saka meir oppmerksomheit enn at protestantane blir ignorerte, eg vil tru at demonstrantane her hadde rekna med å bli arrestert slik at det gir oppmerksomheit til saka). Off-topic; men kvar går eigentleg grensa for ytringsfriheita? Om eg tek på meg ein refleksvest og lagar ein plakat, kor mykje ugagn kan eg då lovleg og ustraffa gjere så lenge eg påstår at dette er ein uvarsla demonstrasjon? Kan eg bryte meg inn på ein butikk, og dersom politiet/vektaren kjem og tek meg på fersk gjerning så kan eg påstå at dette er ein uvarsla demonstasjon for å ikkje bli arrestert for å ha begått innbrudd?
- 67 svar
-
- 6
-
-
At ein tilsettingsprosess foregår over 3 månedar er uvanleg sjølv for offentleg sektor. Eg gjer meg nokre tankar om det er arbeidsgjevaren som her ikkje er motivert for å tilsette nokon. Det er greit nok at ein har mykje å gjere, men det som oftast tek lengst tid er det å finne tidspunkt for å gjennomføre intervjua der det passar for alle som skal være med. For å bestemme kven som skal få jobbtilbodet så burde det være mogleg å presse inn tid til å ta ein beslutning. Det er nesten som eg lurer på det kan være ein nøkkelperson som har blitt sjukmeldt eller liknande ettersom det dreg så mykje ut i tid.
-
Om dette er ein prosess som har pågått sidan august, og du fekk beskjed om at du ville få beskjed ca 4 veker etter intervjuet så er det nok ikkje grunn til bekymring sjølv om det har gått 5 veker. Eg trur likevel ikkje at du skal være redd for å ta kontakt. Du skal ringe ofte før du oppfattes som masete. Husk at det også er eit poeng å vise at du fortsatt er interessert i jobben.
- 11 svar
-
- 2
-
-
Nytt system for artikkelkommentarer i TU Media
The Avatar svarte på Svein-Erik Hole sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Når TU også kutter papirutgåve frå 1 januar slik at NITO og Tekna medlemmane ikkje får lese TU i papirutgåvene så vil nok lesertalet synke drastisk. Sjølv om ein får rabatt på digital abonnement så tviler eg det er nok for å behalde særleg med lesarar. Fullprisen for å abonnere digitalt er tross alt svimlande 259 kr i måneden, eller 2490 kr om du binder deg for eit heilt år. Så sjølv om Tekna og Nito medlemmar får 50% rabatt så er 130 kr i måneden fortsatt ein stiv pris å betale, særleg samanlikna med andre abonnement tenester som produserer langt meir innhold i løpet av ein måned. For å toppe det heile så vil ein no med berre digitale abonnement få veldig tydeleggjort kor få lesarar det eigentleg er snakk om. Med papirutgåva så kunne ein påstå ovanfor annonsørar at alle mottakarane var lesarar sjølv om mange nok ikkje leste bladet. Eg spår at TU er konkurs før året er omme, for no blir det nok nesten umogleg å få særleg med annonseinntekter.- 367 svar
-
- 3
-