Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 822
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Eg har problemer med å sjå kva som hadde vært eit betre alternativ? Uansett korleis ein snur og vender på det så er NRK av dei meir nøytrale nyheitsaktørane som vi har. Ein kan gjerne diskutere om dei er nøytrale nok, men etter mitt syn er dei alternative nyheitskjeldene langt meir tydeleg plassert på enten høgre- eller venstresida og er i alle fall ikkje ein nyheitskanal du skal bruke mykje tid på om du ikkje velger din favoritt nettopp fordi du vil ha eit ekkokammer som berre rapporterer om det du sjølv vil lese. Eg synes også at NRK har klart ganske fint å holde på sin partiuavhengige nyheitsdekning til tross for overgangen frå å få pengane sine direkte frå folket via fjernsynlisensen til no å få pengane sine frå regjeringa over statsbudsjettet. NRK har no gode økonomiske incentiv til å stryke sittande regjering langs ryggen for å prøve å unngå at den same regjeringa vedtek budsjettkutt. Mykje av kritikken (også i denne tråden) meiner eg er høgst subjektiv, berre det at det ikkje er einigheit i om SV har fått for mykje eller for lite taletid i denne artikkelen viser tydeleg dette. SV er i dag eit marginalt parti som har generelt veldig lite mediaoppmerksomheit. Raudt er enda meir marginalt og treng etter mitt syn ikkje taletid i ei slik sak ettersom Raudt meiner det same som SV berre litt sterkare. Strengt tatt så er det grunnlag for å hevde at NRK nok ein gong gir for mykje spalteplass til Frp som nok ein gong har fått styre narativet på ei nyheitssak. I begge disse artikklane er det Frp sitt syn som får klart størst plass gjennom overskrift eller ingress, dei aller fleste lesarane får uansett berre med seg overskriftaog eventuelt ingressen, og det som står fyrst er solid støtte til Frp sin politikk. Det at ein representant frå SV får siste ordet i artikkelen følgjer eigentleg berre eit heilt vanleg prinsipp om at ein kvar påstand skal kunne kommenterast frå motparten. Om NRK hadde hatt eit politisk slagside, så kunne NRK fint ha retta fokuset på at dette er ein rapport som Frp hadde kjøpt, og så slengt ut nokre påstandar om at Frp og Sylvi er både rasistiske og manipulerer med statistikk. I staden har NRK valgt å fokusere på hovudfunna i Frp sin rapport, og er trur nok at dei aller fleste som les artikkelen får med at det no er statistisk bevist at ungdom med somalisk bakgrunn er overrepresentert i statistikken med meir enn 10 gongar så mange siktingar mot seg samanlikna med den øvrige befolkninga i Oslo. At SV har fått lov til å kome med ein kommentar til slutt meiner eg drukner totalt i denne artikkelen, særleg sidan SV ikkje klarer å kome med andre motargument enn at det kanskje kan være svakheiter i statistikken frå SSB, samt nokre anekdotisk bevis på at det finnes norsksomaliere som ikkje er kriminelle. At journalister har eit bias er ei kjent problemstilling, tidlegare forsking viser at personar med høgare utdanning som blant journalister er meir venstreorienterte. Den store debatten er i korte trekk om det er slik at skulerte og beleste folk blir venstreorienterte av den grunn, eller om det er utdanningsinstitusjonane som lærer studentane å bli venstreorienterte. Det er ikkje gitt at vi er tent med å løyse denne problemstillinga ved å tilsette journalistar utan formell utdanning for å på den måten få ei politisk balanse. Eg er nok av den oppfattinga at heile journalistjobben har blitt betydeleg svekka dei siste åra med meir og meir klipp og lim journalistikk og mindre undersøkande journalistikk. I gamle dagar så var ein journalist høgt utdanna og belest fordi journalisten måtte kunne sette seg inn i komplekse saker for å kunne gi folket ein kortversjon i form av ein nyheitsartikkel. I dag så utdannar vi journalistar på høgskulenivå og gir dei i jobb å klippe nyheitssaker frå politiloggen eller andre nyheitsbyrå sidan det gir flest klikk for minst arbeid. Dette ser heller ikkje ut til å betre seg i framtida ettersom stadig fleire nyheitsformidlarar inkludert NRK no bruker kunstig intelligens til å hente fram konklusjonane i staden for at journalisten sjølv sett seg godt inn i saka. Det som hadde vært spennande i denne konkrete saka hadde vært om NRK hadde utfordra SV til å sjølv lage ein rapport utifrå den same statistikken, for å på den måten avdekke om det finnes noko som helst rom for å tolke statistikken på anna måte enn det Frp gjer, men ein del av det å være nøytral journalist er også å la talspersonane for SV og Frp snakke fritt utan instruksjon frå journalisten.
  2. Forstod det slik at biltilsynet berre skulle ha teoriprøva og at det var køyreskulane som skulle vurdere den praktiske køyringa. Jamfør tidlegare innlegg. Dersom det fortsatt skal være både teoriprøve og oppkøyring på trafikkstasjonen så forstår eg ikkje korleis ein klarer å korte ned tida? Er tanken at det i staden for ein knapp time med oppkøyring skal være ein 10 minutters køyretur slik at sensor kan klare å vurdere fleire kandidatar på kortare tid? Kortare oppkøyring der eleven berre skal vise at ein er i stand til å køyre i 8-tall rundt to kjegler kan ein fint innføre også i dag om poenget er å redusere kvaliteten på sensors vurdering for å redusere ventetida. Eller er tanken at biltilsynet skal kalle inn til stikkprøvekontrollar der tilfeldige bilførarar som har fått sertifikatet med køyreskulen må bevise at dei er gode nok til å få behalde sertifikatet? Det er omtrent det same systemet som vi har i dag der køyreskulen gir den obligatoriske opplæring i tillegg til å kome med anbefaling på om kandidaten er klar for oppkøyring med ein gong eller om det er behov for fleire øvingstimar før oppkøyring. Inndirekte så får køyreskulelæraren ei oppgåve med å fråråde oppkøyring for elevar som har låg sannsynlegheit for å få bestått, slik at ein på den måten slepp å kaste vekk sensor tid på oppkøyringar som ikkje blir bestått når det står mykje flinkare elevar i kø og venter på sin sjanse. Reint praktisk er det likevel kostnaden med å ta oppkøyringa samt at du får minst fire vekers ventetid som er riset bak speilet for å melde seg opp til førarprøve før eleven er klar for det. Ventetida kan fort bli lengre enn fire veker også om det ikkje er ledige timar etter berre fire vekers venting.
  3. Det er i utgangspunktet toll på alt du importerer til Norge. Det er likevel eit unntak for personleg innførsel som du har med deg i reisegodset og du kan legge fram varene ved tollkontroll. Vilkåret er at du er under verdigrensa på 6000 kr om du har vært i utlandet i minst 24 timar. Gåver til personleg bruk og som har verdi under 1000 kr er også tollfritt. Gåver med verdi over 1000 kr må du betale toll og avgift for. Dersom gåva blir tatt med personleg så blir verdien rekna inn i verdigrensa på 6000 kr. Bryllupsgåver gitt av ein person busatt i utlandet er likevel fritatt frå toll. Konklusjonen min er at dette er import av varer som du må betale moms og eventuell toll på. Ved å tolldeklarere forsendinga som gåve så vil du nok kunne kome deg unna sidan verdien er under 1000 kr, det er sendt frå ein privatperson, og at gåvene er pakka inn (slik som eg forstår det). Det at du kan lure deg unna avgiftene betyr ikkje at det er lov.
  4. Mykje av dei reglane som du refererer til her er lokale reglar som kvart enkelt renovasjonsselskap har laga frå sitt område. Noko som eg må innrømme er ein del av utfordringa ettersom både kva som blir resirkluert og kva farge dunk du skal kaste det ulike avfallet i vil variere frå kommune til kommune. Har du hytte i nabokommunen eller er på besøk hos andre så er det langt frå gitt at reovasjonen fungerer slik som du er vandt til. Til dømes "forbodet" mot å kaste knust glas i "glass og metall" er ikkje eigentleg eit forbod mot knust glas som sådan. Det som er at i "glass og metall" berre skal kastast glas og metall emballasje slik som syltetøyglass, vinflasker og hermetikkbokser. Glasskår frå knuste vinglas eller gamle spiker er ikkje emballasje og skal leverast på ditt lokale avfallsdepot. Tekstil vil det fortsatt være lov å kaste i restavfall, strengt tatt så krev dei fleste renovasjonsselskap at øydelagte, våte, og tilgrisa tekstiler skal kastast som restavfall. Endringa i avfallsforskrifta medfører at kommunen og bedrifter no har plikt til å sortere ut tekstilar til ombruk eller materialgjenvinning som kan gjenvinnast. Det som ikkje kan brukast på nytt eller gjenvinnast er fortsatt restavfall. Den nye plikta til å samle inn tekstiler medfører ikkje krav til ny dunk, det er tilstrekkeleg å tilby miljøpunkt for innsamling av tekstiler. Når det gjeld rotteproblematikken så handler det mest om kva som er praktisk for renovasjonsselskapet som skal tene pengar på å vidareselge avfallet. I den samanhengen så blandar ein nok litt korta i forhold til kva som gir miljømessig hensikt, og kva som er i renovasjonsselskapets økonomiske interesser. Dei fleste stadar har dette endt opp i eit kompromiss der det er anbefalt å skylle ut av plastemballasje men at ein ikkje skal kaste vekk varmevatn og såpe på å vaske emballasjen. Det er likevel ei kjennsgjerning at for renovasjonsselskapet så er plast som er både vaska og sortert mykje meir verdt som ressurs sidan den plasten kan hivast rett i smelteovnen for å lage nye produkt utan vidare bearbeiding. Det å pålegg vanlege husholdningar å resirkulere er nok i stor grad vedtatt fordi det er holdningsskapande at folk flest sorterer sitt avfall. Og sjølv om kvar enkelt hushaldning ikkje bidreg så veldig mykje, så blir det store volum samla sett. Det er ganske mange tonn med papp som hadde gått tapt om alle husholdningane hadde kasta mjølkekartongane i restavfallet. Det er ikkje like viktig at kva einaste post-it lapp går i papiravfallet og kvar einaste epleskrott går i matavfallet. Eg synes ikkje at det er verken hysteri eller unødvendig med avfallsortering, men eg gjer meg nokre tankar om at det ikkje er all sorteringa som er like hensiktsmessig, særleg i kommuner der renovasjonsselskapet ikkje får nyttegjort sorteringa på ein god måte. Eg meiner at nemte "glass og metall" sorteringa er utført på ein lite hensiktsmessig måte. Skrapjern burde absolutt bli samla inn på ein skikkeleg måte, det er mykje jern og aluminium av høg verdi som i alt for stor grad går i restavfallet fordi folk flest ikkje tek seg bryet med å stikke innom miljøstasjonen for å levere 11 spiker og 2 kjøkkenknivar. Grunnen til at ein i dag berre samlar inn glass og metall emballasje er at det berre er emballasjen som er ilagt miljøavgift som dekker delar av kostnadane ved å samle inn avfallet. Renovasjonsselskapet vil ikkje bruke pengar på å hente vinglas og vindusruter som det ikkje er betalt miljøavgift for. Eg meiner også at alle renovasjonsselskap burde hatt krav til å samle inn elektronisk avfall. Etter mitt syn så fungerer det for dårleg med dagens ordning der du tek med batteri og lyspærer til daglegvarebutikken, og toastjern og lampar til elektrovarehuset. Eg er rimeleg sikker på at det er svært mange batterier og småelektriske produkt som går i restavfallet fordi det er for stort "tiltak" å ta med seg det gamle produktet tilbake til butikken der du kjøpte produktet. Ei slik innsamling hadde etter mitt syn hadde større miljøverdi enn dette kravet til tekstilinnsamling som i dei fleste kommuner uansett er ivaretatt gjennom at Fretex og andre organisasjonar har satt ut containere for tekstilinnsamling.
  5. Fungerer denne dingsen også via Bluetooth eller deling av data over wifi frå mobilen? Så vidt eg kan sjå i farta så må denne være tilkopla eit wifi nett, og då fungerer det kanskje ikkje for trådstarter sidan utekontakten er for langt frå wifi-nettet i leilegheita. Men det er mogleg du kan koble denne til mobilen og via appen sette opp ein timeplan for bruken slik at dette fungerer også utan kontinuerlig internettilgang. Dei fleste tidsur med klokke som eg kjenner til er ganske store dingser. @ElisabethHR Er dette slik ettermontert kupevarmer der du har tilgang til ledninga inne i kupeen? I så tilfelle så kan det være eit alternativ å klippe ledninga for å montere stikkontakt og støpsel på denne ledinga. Då kan du ha tidsuret mellom støpsel og stikkontakt inne i bilen og slepp dermed å ha tidsuret ute på stolpen der den er utsatt for vær og vind, samt tukling frå uvedkommande.
  6. Før denne debatten sklir ut i ein debatt om opent kontorlandskap så må eg korrigere meg sjølv litt. Trådstarter skriv at dette er eit kontrofellesskap, og at denne damen er på nabokontoret. Det kan derfor være at det her er snakk om eit kontorfellesskap beståande av cellekontor, og at det ikkje er nokon som sitt i opent kontorlandskap. I så tilfelle så er vel løysinga så enkel som at denne dama må lukke døra inn til sitt kontor, og på den måten skåne dei andre frå både lydane og smittefaren.
  7. Du skal helst køyre så langt som mogleg i akselerasjonsfeltet for å utnytte vegkapasiteten. Som minimum må du køyre så langt at den kvite linja har gått frå å være heiltrukket til å være stripplete. Det er fyrst når du har fått striplalinje at du har lov til å krysse vegen. Skal du køyre heilt etter boka så skal du flette deg inn langs den stripla linja. Når stripplalinja slutter så er det i praksis berre eit køyrefelt der begge bilane er i same køyrefelt, denne delen av vegbana er sikkerheitsmarginen for at du skal kunne kome deg inn på motorvegen eller i verste fall nødbremse om flettinga ikkje har skjedd langs stripplalinjen. Reint praktisk så vil du likevel oppleve at dei køyretøya som står i køa på motorvegen forventer at du skal flette deg inn så tidleg som mogleg, om ikkje kan du riskerer tuting og hytting med neven fordi du er kø-sniker. Den jamne billist setter altså ikkje pris på at du køyrer trafikkeffektiv, men du skal helst køyre så lang som du kan på akselerasjonsfeltet for å unngå at køen strekker seg lengre bakover enn nødvendig.
  8. Når forsikringsselskapet snakker om unntak for tjuveri innad i husstanden så viser ein til straffelova som grunnlag for det vilkåret. Eg veit ikkje om dette hjelper så veldig mykje, men i denne samanhengen så ser det ut som at med å tilhøyre husstanden er knytt mot personar som kan ha grunn til tru at dei hadde rett til å bruke bilen utan å spørre den formelle bileigaren om løyve før kvar køyretur. Altså at ein med denne formuleringa hindar ein ektemann som er eineigar av familiebilen frå å anmelde kona som biltjuv etter at ho køyrte på butikken etter ein samlivskrangel. Denne leigetakaren kan reknast som tilhøyrande husstanden om ein legg til grunn at ein husstand er dei som bur under same tak. Det er ikkje gitt at det er tilstrekkeleg at leigetakaren har eksklusiv bruksrett på berre eit soverom for å ikkje være rekna som ein del av husstanden, det å dele sentrale rom som kjøkken, bad og stove vil nok være tilstrekkeleg for å kunne seie at ein utgjer same husstand. Måten leigeforholdet er organisert på vil også ha betydning. Til dømes så definerer SSB ei husholdning som dei som bur i same bustand og som også deler minst eit felles måltid per dag. Så jo meir familieaktig du lever saman med leigetakaren din, jo meir aktuelt er det å rekne dykk som ein del av same husstand. Sjølv om forsikringsvilkåra ikkje gjer seg gjeldande om leigetakaren blir rekna som ein del av husstanden, så har du likevel rett til å kreve erstatning for eventuelle skader. Forskjellen er då berre at du sjølv må stå for pengeinnkrevinga og at du ikkje får noko forskuttert frå forsikringsselskapet. Dersom leigetakaren din ikkje vil betale frivillig så må du gå vegen om konfliktrådet for å få ein dom som du kan bruke som grunnlag for at Namsmannen skal tvangsinndrive kravet. Eg tenker at dersom det har oppstått ein skade på bilen som er meir enn triviell så hadde eg meldt det inn som forsikringsselskap, og eventuelt krangla litt dersom forsikringsselskapet meiner at leigetakaren er ein del av husstanden din. Ved bruk av forsikringa så ville eg likevel retta krav om at leigetakaren skal dekke eigenandelen og kostnaden av bonustap sidan dette er eit objektivt økonomisk tap. Også her kan det være at du må om konfliktrådet for å få dom til å kreve inn pengane. Om forsikringsselskapet ikkje vil være med på å betale så må du rette heile kravet mot leigetakaren. Eg tenker også at du vil ha grunnlag for å kunne heve leigeavtalen med umiddelbar virkning. Husleieloven § 9-9 pkt. e) opner for at øvrig misleghald som gjer det nødvendig å avslutte leigeforholdet er gyldig grunn. Ein leigetakar som stjeler frå deg vil utgjere eit såpass grovt lojalitetsbrot at det ikkje er rimeleg at leigeforholdet skal forbli uendra eller at det fyrst må gis skriftleg advarsel. Sjølv om det å tjuvlåne bilen ikkje er direkte tjuveri så utgjer det likevel eit grovt tillitsbrot, i verste fall så riskerer du tiltale for medvikring til ruskjøyring om det er mistanke om at du kan ha lånt ut bilen til ein ruspåvirka førar.
  9. Om ho har hosta i tre månedar så er det nok ikkje spesielt stor smittefare å snakke om då det tyder på at det dreier seg om kronisk hoste og ikkje sjukdom. Det er fleire måtar å gripe ann ein slik situasjon på, det fyrste du må finne ut av er kva du ønsker å oppnå. Er det å sende denne dama ut av kontorfellesskapet, eller er det for deg å få rolege arbeidsforhold. Om sistnemte så blir det igjen eit spørsmål om kva som er godt nok, eige cellekontor, støydempane headsett, reglar for skikk og bruk i kontorfellesskapet, osv. Reint formelt sett så kan du gå direkte til din arbeidsgivar som etter arbeidsmiljølova plikter å syte for at du får tilfredsstillande arbeidsforhold. Reint praktisk så er det kanskje mest fornuftig å snakke med dama fyrst for å sjå om det er mogleg å løyse dette på lågast mogleg nivå utan å innvolvere heile kontorfellesskapet. Det er nok gode sjansar for at ho til dels kan endre sin oppførsel slik at det blir mindre forstyrrande, som til dømes å holde tilbake hostinga, gå ut på gangen eller toalettet for å hoste skikkeleg, hoste i eit lommetørkle eller liknande. Dei som eig kontorfellesskapet har nok ingen rolle i dette med mindre eigarane har fastsatt reglar for kontorfellesskapet som denne dama bryt. Det er din arbeidsgiver som har ansvaret for ditt arbeidsmiljø, dama sin arbeidsgivar som har ansvaret for hennar arbeidsmiljø, og dei fysiske forholda i kontorfellesskapet er nok regulert av leigeavtalen mellom eigarane og arbeidsgivarane som leiger kontorplassar.
  10. Den streiken handler om forutsigbarheit, og ikkje om lønnsnivået som sådan. Som det står i artikkelen så kan maskinisten tene godt over 2 mill i året om fisket går godt. Men den einaste garanterte lønna er på under 100 000 kr i året som er hyren for maskinisten. Den prosentvisen andelen av fisket som ein får som lønn er også etter at ein har trekt frå utgiftene til skipet. Ved dårleg fiske eller ved behov for større reparasjoner av skipet så risikerer maskinisten å sitte igjen med langt under den lønna som er normal ellers i samfunnet. Streiken dreier seg om kven som skal bære risikoen for eit dårleg fiske, dei tilsette eller rederiet. Dagens ordning fungerte fint når fiskeriet bestod av ein kompisgjeng som saman reiste ut for å fiske og som delte inntektene rettferdig mellom seg, men i dag så er det langt meir profesjonelt drevet med store bedrifter i ryggen som kan tole eit eventuelt. Dei fleste som har selgarjobb med provisjonlønn har i dag ein stor nok garantilønn til at lønna er levedyktig også dersom salget går dårleg i ei periode.
  11. Isolert sett så tener køyreskulen på å holde på kundane sine lengst mogleg ja, men konkurransen er hard for å få tak i nye elevar. Negativ omtale, og særleg negativ omtale som går på at ein må ha fleire køyretimar enn minimum gjer at kundane heller velger andre køyreskular. Veldig mange av elevane er ikkje interessert i best mogleg kvalitet, dei er ute etter å skaffe seg sertifikatet med minst mogleg bruk av tid og pengar. Mange av køyreskuleelevane går på vidaregåande skule, og i tillegg til at dei ikkje har allverdens med pengar på å bruke til køyreopplæringa, så har dei også den praktiske utfordringa med fråværsgrensa. I dag er det berre den obligatoriske opplæringa (minstekravet) som gir godkjent fråvær, alle øvingstimane som ein må ha i tillegg blir ført som fråvær. Fråværsgrensa er som kjent på 10% med ugyldig fråvær, så det å bruke mange køyretimer i tillegg til det obligatoriske kan fort føre til at ein ikkje får karakter i eit eller fleire fag, som igjen fører til at vidare utdanningsløp blir forsinka med eit år. Enkelte køyreskular tilbyr køyretimar på laurdagar, men det er både dyrt og med for få tilgjengelege timar til å være eit alternativ for alle. Dersom køyreskulane tyner elevane sine for flest mogleg køyretimar så tener ein godt på det på kort sikt, men på lengre sikt så er det ingen som vil anbefale ein køyreskule som både er dyr og som har eit kvalitetsnivå som gjer at du risikerer å måtte ta eit ekstra år på vgs. Dersom det er køyreskulane som skal godkjenne elevane så er det heller ikkje realistisk å bytte køyreskule undervegs, ettersom ein seriøs køyreskule kjem til å forvente å ha eit bestemt minimum av køyring før dei kan godkjenne elven for førarkort. Ein 45 minutts køyretur vil garantert ikkje være nok for at ein køyreskule skal gamble sitt livsgrunnlag på at eleven er ein god sjåfør og ikkje berre hadde flaks akkurat på denne køyreturen. Prøvetidsperioden på to år er også ei ordning som fungerer relativt dårleg. Utan at eg har gode tal på det så vil eg gjette på at minst halvparten av 18 åringane som tek førerkort ikkje disponerer eigen bil og køyrer spesielt mykje i løpet av dei to fyrste åra. Mange skal bli studentar og har ikkje råd til å ha eigen bil og vil i liten grad opparbeide seg køyreerfaring i løpet av prøvetida. Og sjølv om ein køyrer dagleg så skal du ha veldig uflaks eller køyre veldig stygt for å miste sertifikatet (om du ikkje havner i ei ulykke og blir tatt på den måten). Det er ikkje nok trafikkontrollar langs vegane til at vi kan rekne med at dei dårlege sjåførane blir fråteke førarkortet. Er du så dårleg sjåfør at du alltid køyrer langt under fartsgrensa så er det særleg lite sannsynleg at du blir stoppa av politiet, trafikksinker blir nesten aldri stoppa, og om dei blir stoppa så får ein vanlegvis berre tilsnakk. Off-topic rant: Strengt tatt er det så dårleg med trafikkontrollar at økonomisk sett så er det nok langt billegare å køyre utan førarkort og heller berre betale bøtene. Bota for å køyre utan førarkort er ca 8000 kr, og det skal ein del til før du blir vinka inn til tilfeldig kontroll meir enn 5 gongar i løpet av karrieren. Får du bot 5 gongar i løpet av dei neste 50 åra så betaler 40 000 kr, omtrent det same som du må ut med som minimum for å ta førarkortet i dag, berre at då må du betale heile beløpet nesten samtidig. Teknisk sett risikerer du også fengselsstraff om du blir tatt utan førarkort, men rettspraksis viser at du praktisk talt ikkje blir straffa. Det er masse eksempel på folk som aldri har hatt førarkortet som ikkje har blitt dømt til fengselsstraff før dei har blitt tatt for køyring meir enn 10 gongar, og sjølv då så er det snakk om 2-3 veker med fengselsstraff. Dette er ei så kort fengselsstraff at dei aller fleste kan ta ut ferie og sone disse dagane utan at det er til større ulempe for jobb og privatliv enn om ein hadde tatt disse tre vekene i Spania som sommerferie. Det einaste som kan bli dyrt er dersom du havner i ei ulykke og må betale frå eiga lomme sidan du ikkje har gyldig forsikring, men om vi mottrekner det mot det du har spart på å at du i 50 år ikkje har betalt for forsikring så blir det mykje pengar. I snitt kostar ei bilforsikring 15 000 kr i året, over 50 år så utgjer det 750 000 kr som burde være tilstrekkeleg for å gjere opp for ulykker som du er skuld i med mindre det er snakk om ulykker som fører til betydelege personskader. Det er latterleg lite konsekvensar for gjengangarane som gir blaffen i heile vegtrafikklova. Sjølv dei som køyrer så sjokkerande farleg at dei mister førerkortet "på livstid" har ein uforbeholden rett til å få ta ny oppkøyring etter berre 5 år så lenge ein i mellomtida ikkje er dømt for nye trafikkale lovbrot, som å fortsette å køyre utan førarkort, og sjølv om du blir tatt for ulovleg køyring etter å ha mista førarkortet på livstid så er konsekvensen stort sett at du får ei ny bot på 8000 kr, makan til idioti.
  12. Det å ønske god jul på ein livssynsnøytral måte er nok litt meir problematisk på engelsk sidan dei der seier "merry christmas" som direkte refererer til Jesus. På norsk er det å ønske "god jul" ein nøytral betegnelse, og er eit ord som språkleg sett betyr vintersolver, vinter, eller fest. Ordet jul er urgermansk og har sine røter lenge før vikingtida og er dermed også eldre enn den hedenske julefeiring. "Merry christmas" betyr direkte oversatt til norsk "lystig Kristi messe" og er dermed direkte tilknytta Kristendommen. Vi hadde nok fått skriverier dersom NAV eller politiet hadde ønska alle ei lystig Kristi messe på sosiale media. Dette er også ein av grunnane til at ein på engelsk ofte bruker skriverformen "x-mas" fordi det framstår som eit litt meir nøytralt uttrykk sidan referansen til Kristus er gjemt bak X-en.
  13. Om tanken var at dette skulle være fullverdig erstatning for fyrverkeri så kosta det nok meir enn det smakte, då hadde det vært betre med droneshow. Ein hadde fått stort fyrverkerishow for disse 2 millionane. Det koster sjølvsagt å være teknologisk pioner, men her kunne ein like godt latt være. Største tabben er vel at ein brukte laser som om det var fyrverkeri. Eit lasershow burde holde på heile kvelden med litt ekstra trøkk akkurat kl 00.00.
  14. Det er utvilsomt ein standardheving å asfaltere, så verdien på eigedommen vil gå opp. Dersom salget er nært forestående så vil du nok ikkje få igjen for investeringa, i beste fall gjer du eigedommen meir salgbar. Når det gjeld varmekabel i oppkjørselen så ville eg ha vurdert nøye kost/nytte. Om installeringa ikkje er så dyr, så kan det være greit å legge kabel. Du må tross alt ikkje ha varmekabelen påskrudd i det heile tatt, du kan fortsatt måke manuelt. Men for ein ny eigar så kan det være attraktiv til å bruke varmekabele sjølv om straumen er dyr, om alternativet er å inngå brøyteavtale fordi du ikkje er i stand til å måke sjølv så er det ikkje sikkert det er så dyrt å bruke varmekabelen lilevel.
  15. Kvifor ikkje eige parti for dei som jobber i staten med under 500 000 kr i årslønn? Det er fritt fram å starte politisk parti, du treng berre 5000 underskrifter eller noko slikt. Slike mikroparti er stort sett protestparti og har ofte berre ei politisk sak på valgprogrammet. Behovet for eit eige parti for høgtlønna er rett og slett ikkje tilstades. Merk også at blant dei som er høgt utdanna så er det faktisk ein klar overvekt som stemmer på eit venstreorientert parti, noko som ofte kjem fram som ei utfordring i media ettersom store delar av journalistutdanna holder med venstreorienterte parti slik at det er fare for at høgrepolitiske parti ikkje får sin andel av positiv omtale i media. Kjernevelgaren til Frp, for å ta eit enkelt eksempel, er typisk ein som ønsker å få betre råd og som derfor ønsker velkommen forslag om å redusere offentlege kostnadar og innføre lågare prisar. Som nemt over så er det ikkje 800k+ gjengen som let seg friste av lågare tobakksavgift og fjerning av bompengar. Det er derfor ikkje gitt at det er særleg mange av dei høgtlønna som ønsker eit eige parti som bygger ned velferdsstaten og som gir mest til dei som alt har mest. Det er snarare tvert imot slik at mange av dei som tener godt ønsker at også alle andre skal få gratis utdanning og helsetenester og ha moglegheit til å leve eit liv der det ikkje er økonomien som er styrande.
  16. Kyrkja har for lenge sidan mista eineretten til jula. Ca 1000 år etter at kyrkja stjal den hedenske jolefeiringa og lata som at den handla om Jesus, så handlar julefeiringa i dag mest om nisser, juletre, gåver og god mat. Det er lite lesing av juleevangelie, besøk i kyrkja, og bordbønn før julemiddagen. I dag er ikkje jula berre for kristne, også muslimar og humametikarar kan henge opp lyslenker og pynte juletre om dei vil. Det er svært lite av det som folk flest forbinder med jula som handler om Gud og Jesus.
  17. Det er nok nokon som har det som prinsipp at kropp og sex ikkje er ei salgsvare, og at det i seg sjølv er grunnlag for å være imot prostitusjon. Men lova var innført nettopp fordi ein meinte at eit forbod mot sexkjøp ville hindre dei negative konsekvensane med tvang, utnytting og inntekter til kriminelle miljø. Eg vil derfor tru at dei aller fleste som er imot lovleg prostitusjon er det fordi dei meiner det er negativt for både samfunnet og individet, og ikkje fordi at sjølve sex-akten er problematisk. (Det er sjølvsagt fortsatt ein del som meiner at sex er forbehold gifte hetrofile par, så dei vil sjølvsagt heller ikkje være positive til sex mellom vilt framande som ikkje ein gong er forlova).
  18. Dette er sjølvsagt berre spekulasjon på tynt grunnlag, men i artikklane så er det avbilda ein mørk bil med kulehol i frontruta. Det er ikkje utenkeleg at dette er ein sivil politibil, og at den drepte 40 åringen har skutt bakover frå eigen bil mot politiet som var i bilen bak. Normalt sett så er det jo slik at politiet innhenter bilen som skal stoppast bakfrå, det er då typisk at ved skuddveksling så har politiets køyretøy skotskader i fronten medan mistenktes køyretøy har skotskader bak. Eg har likevel vanskeleg for å sjå for meg at politiet ikkje har brukt blålys i ein slik situasjon, så sjølv om det skulle være snakk om ein mørk sivil politibil så burde det være veldig synleg at dette var ein utrykkingsbil. Så kan det sjølvsagt være at politipatruljen kom frå motsatt retning slik at dei to bilane stoppa front mot front før skytinga, i så tilfelle er det naturleg at begge køyretøya har skotskadar i fronten.
  19. På spørsmålet i avstemminga så tenker eg at utroskap er utroskap uansett kva form det tek. Om partneren ligger med alle kompisane så er det ikkje det at ho tok betalt som største sviket, største sviket er at ho har hatt sex med andre. Om det er avtalt at ein har eit åpent forhold, så er det etter mitt syn heilt urelevant om ho tek betalt, fikk påspandert drink eller middag, eller endog at ho sjølv betalte ein mannleg prostituert. Det er også veldig individuelt kva som ein synes går over grensa. Enkelte par rekner det som utroskap om ein har ein litt for dyp samtale med ein annan person og reknar det som følelsesmessig utroskap, andre synes at småkyssing er greit men ikkje klining, og andre igjen reknar det ikkje som utroskap før det er snakk om full penetrering. Om ein har ein prostituert som partner så handler det om å sette grenser, det er langt frå uvanleg at prostituerte setter klare grenser for kva som er for intimt til å dele med andre. Det er slik som eg forstår det mange prostituerte som sett grensa ved ingen berøring over brystvortene då overkroppen og særleg ansiktet er forbeholdt partneren og er ikkje til salgs. Andre igjen kan ha det bokstaveleg talt omvendt og seier at kunden ikkje får gjere noko under beltestedet medan alt over er fritt fram. Grensesetting er ein viktig del av eit kvart forhold. Eg tenker nok at ei vel så viktig grense dersom du har ein prostituert som partner er kor langt det er greit å gå. Eg tenker kanskje at at mange vil synes det er over grensa å skulle selge seg til kjentfolk og at det å ha kompisar på kundelista er ugreit. Eg tenker også at mange vil ha det som krav at prostitusjonen skal skje i trygge former med bruk av kondom under heile akten, osv. Men slik er det også for dei som har opne forhold, det er ikkje slik at eit par som har avtalt eit ope forhold har gitt klarsignal for absolutt alt. For nokon kan det være greit at partneren har ein kjæreste til men ikkje at ein ligger rundt, og for andre kan det være omvendt med at det er lov å ligge rundt men ikkje å være kjæreste med nokon andre.
  20. Alt som handler om sex er stigmatisert. Det er heller ikkje alle som stolt proklamerer at dei jobber på Kondomeriet heller, sjølv om det er ein butikkjobb der ein selg lovlege varer. Det å jobbe på sexbutikk er nok langt mindre stigmatisert i dag enn det var for 20 år sidan, no har det blitt langt meir normalisert og det er til og med reklame for slike butikkar på TVen. At prostituerte blir stigmatisert handlar ikkje berre om sexen, det handler vel så mykje om at det er ein jobb som ikkje er 100% lovleg. Det gir heller ikkje kjempehøg status å proklamere at du er NAVer fordi du har lurt legen din til å skrive legeattest på at du er arbeidsufør. Strengt tatt er det nok ganske stigmatisert å være arbeidsufør i det store og det heile, så det blir i alle fall ikkje noko betre om du har begått trygdesvindel. Eg er heller ikkje einig i at det berre er kvinnene som blir påført skam, det er også ganske fornedrigande for ein mann å måtte betale i dyre dommar for noko som andre menn klarer å ordne seg heilt gratis. Sjølv om at det for enkelte menn er høg status å ha hatt sex med flest mogleg kvinner, så er det ikkje like stor status om flesteparten av disse kvinnene er prostituerte.
  21. Det er aldri dumt å søke hjelp. I tillegg til barnevernet så er det også aktuelt å kontakte politiets førebyggande avdeling som jobbar med å hindre ungdomskriminalitet. Eg har dessverre ingen konkrete råd å gi, men det finnes fleire hjelpetilbod alt etter kva som passer best.
  22. Sjølv med legalisering og statleg regulering så kan eg aldri sjå for meg at Staten kjem til å gå inn som arbeidsgivar, då bytter ein berre ein hallik med ein ny statleg hallik. Eg reknar med at premisset med lovleg sexkjøp er at dei prostituerte er enten sjølvstendig næringsdrivande eller har sjølv organisert seg som eit privat selskap. Det vil nok aldri bli ei statleg stilling der vi har prostituerte på tarifflønn med offentleg tenestepensjon. Eg kan aldri sjå for meg at prostituerte blir eit lavtlønnsyrke, til det er nok balansen mellom tilbod og etterspørsel såpass forskjellig at dei prostituerte kan kreve omtrent det dei vil utan at det medfører mangel på kundar. Det med å informere om fordelar og ulemper med yrket er eg heilt sikker på at bransjen kjem til å ordne sjølv gjennom å opprette interesseorganisasjonar, på lik linje som ein gjer med andre yrker. For dei som gjer prostitusjon til eit yrke og eit levebrød så kjem dei ikkje til å ha interesse av at markedet skal renne over 19 år gamle jenter som trur dette berre er lettkjente pengar utan negative konsekvensar. Det vil underbygge dei som prøver å være seriøse i bransjen. At myndigheitene skal gå inn med eit eige kursopplegg tviler eg på vil skje, på lik linje med at det i dag ikkje finnes statleg informasjon om ulempane ved å starte i andre yrker. Ein 19 åring som vil bli fiskar må oppsøke fiskeribransjen for å få opplysningar om korleis det er å jobbe som fiskar, det kjem ingen TV-reklame for myndigheitene om at fiskeri er den klart farlegaste jobben i Norge med ein personskadefrekvens på 61 per 1000 årsverk. Eg er ikkje ueinig i at den som startar i ein slik jobb må være klar over kva det medfører, men eg ser heller ikkje korleis ein skal klare å fange opp dette informasjonsbehovet. Det må i så tilfelle være ved å underlegge prostituerte eit autorisasjonsopplegg der det berre er lovleg med sexsalg for prostituerte med offentleg godkjent utdanning, men då er ein nok fort tilbake på alle ulempane med dei som i heilt privat regi selger sex og som må gjere det i det skjulte som svart arbeid.
  23. Det kan være litt både og. Matavfall utgjer kanskje ikkje så mykje volum i restavfallet, men det tilfører ofte ganske mykje vekt, som igjen gir meir kostnadar i forhold til å transportere avfallet. Mitt inntrykk er likevel at dei fleste produserer relativt lite matavfall, særleg no når det er så mykje fokus på å forhindre matsvinn. For dei som bruker mykje frukt og grønssaker, og som i tillegg er veldig liberale med kva ein skjærer vekk og ikkje vil bruke til mat så er det ikkje så vanskeleg å produsere ganske mange kilo med matavfall mellom hentingane.
  24. 1. Er i dag ulovleg. Både gjennom forbodet mot menneskehandel, og forsåvidt også gjennom at ein av definisjonane av voldtekt er å ha sex med nokon som ikkje kan motsette seg handlinga. 2. Tvang er alt ulovleg, sex gjennom tvang er voldtekt. 3. Det er også ulovleg å overføre smittbar sjukdom som gir betydeleg skade på kropp eller helse, med mindre forsvarlege smitteverntiltak er iverksatt. Overføring via seksuell omgang er sjølvsagt også ulovleg, riktignok med eit unntak av at overføring av seksuelt smittbar sjukdom likevel er lovleg med samtykke. Litt off-topic angåande seksuelt overførbare sjukdommar. Dersom prostitusjon blir eit lovleg yrke så vil også Arbeidsmiljøloven gjelde for sexarbeidarar. Det blir då interessant å sjå kva som blir vurdert som eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø, det mest nærliggande er at kondombruk i praksis blir påbode sidan det er uansvarleg å ikkje bruke tilgjengeleg verneutstyr. Det blir spennande å sjå om Arbeidstilsynet vil akseptere hyppig testing av alle innvolverte partar som tilstrekkeleg vern.
  25. Den helsemessige kompetansen er ikkje nødvendigvis dårlegare, men når ein ikkje kan kommunisere med pasienten så har ein eit kraftig handicap. Det er relativt få arbeidsoppgåver der tilbakemelding frå pasienten ikkje er nødvendig eller i det minste viktig for å kunne gi best mogleg behandling. Det er klart at dersom du er kirurg som opererer på bedøvde pasientar, eller sjukepliar som jobbar med bevistlause pasientar på intensivavdelingen så treng du ikkje så mykje språkforståing, men du kjem nok ikkje heilt unna at kvaliteten på behandlinga blir betre dersom helsepersonellet også har klart å lese journalen. Største problemet med helsepersonell som er utdanna i utlandet og som har lært seg norsk er ikkje kompetansen i seg sjølv, problemet er ofte at dei har lært å jobbe på ein litt anna måte enn til dømes ein norsk sjukepleiar. Du skal ikkje berre kunne helsefaget, du må også kunne jobbe i det norske systemet, og det har du ikkje nødvendigvis lært om du har din utdanning frå Spania eller Vietnam. Det er mange nordmenn som drar til utlandet for å få utført operasjonar eller tannbehandling fordi det er billegare og med lik eller høgare kvalitet enn ein får i Norge. Ein hadde ikkje utført slike inngrep i utlandet dersom ein ikkje hadde stolt på at kirurgen har kompetansen i orden.
×
×
  • Opprett ny...