
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Då må kommunen hjelpe vedkommande. Reint praktisk så vil nok det skje ved at det kjem ein anna person i kommunen som jobbar helse og omsorgssektoren som tek med spade for å spa opp brøytekanten. Vedkommande tek sikkert også med seg posten også når ein etterpå skal inn for å ta oppvasken.
- 94 svar
-
- 1
-
-
Sensur blir problematisk opp mot yttringsfriheita, og ikkje minst blir det problematisk med kven som skal ha definisjonsmakta til å bestemme kva som skal sensurerast. Den mest løysinga som eg kjem på er dersom det på lik linje som yttringsretten kan ettablerast ei rett til å kome med tilsvar. Det som kanskje er mest problematisk med enkelte av dei politiske ytringane frå folk med ekstreme meiningar er at påstandane i stor grad får stå uimotsagt. For Musk sin del som eig og kontrollerer Twitter så er det problematisk at han kan bruke Twitter til å spreie løgner, utan at nokon får sleppe til for å avsløre løgnane. Heile formålet med yttringsfriheita var opprinneleg at det skulle være rom for å ha offentlege debattar om alt mogleg. I dag brukes yttringsfriheita til monologar og protestar der einaste formålet er å synleggjere din eiga meining, det er sjeldan det blir invitert til ein konstruktiv debatt og felles forståing. Om du skriv eit debattinnlegg i avisa så er det heilt naturleg at det neste dag står eit tilsvar i same avis. Mellom anna fordi det då er ein ansvarleg redaktør som legg til rette for dette. Men når du skriv innlegg på sosiale media så finnes det ingen redaktør, og eventuelle motsvar blir effektivt sett "sensurert" av den som styrer plattformen. Det er nesten så at eg meiner at dagens yttringsfriheit er ein like stor trussel mot demokratiet som at det er ein forutsettning for demokratiet. Hadde vi klart å ha opne og ryddige debattar om alt frå politikk til religion så hadde vi kunne fått ei utvikling og felles forståing, men det som skjer i dag er at ein står på kvar sin såpeboks og skrik ut sine eigne meiningar samtidig som ein held seg for øyrene og nektar å lytte til andre synspunkt. Då har vi ikkje lenger ei meiningsutveksling, då er det berre støy.
- 162 svar
-
- 2
-
-
-
Utfordring ligg sjølvsagt i å frakte sjøvatnet frå sjøen og opp til der det brenner. Til dette trengs det tankbiler og fly/helikopter, og sjølv då så er det lite effektivt. Er ikkje gjort i ei handvenning å pumpe 10 000 liter vatn opp frå sjøen og inn på ein tankbil, deretter skal tankbilen køyre fram til dit ein treng vatnet til sløkking. Om ein reknar det om til liter per minutt med sløkkevatn så betyr det at ein med tankbil kan levere 100 liter vatn per minutt om heile rundturen frå sjøen til brannen og tilbake til sjøen tek 100 minutt. Byggereglane i Norge seier at ein hydrant der det er småhus må kunne levere minst 1200 liter i minuttet. Du skal ha enormt mange tankbilar for å kunne hente nok sløkkevatn frå sjøen, og sjølv om ein har så mange tankbilar så kreves det også at vegane er såpass framkomelege at det ikkje blir trafikkork når så mange tankbilar skal køyre fram og tilbake. Det andre alternativet er å pumpe sjøvatnet direkte frå sjøen, men då må ein legge slange/røyr og tilstrekkeleg med pumpestasjonar fram til der det er sannsynleg at ein treng sløkkevatnet. Ein kan nok likevel stille spørsmål om kvifor ein i Los Angeles ikkje har brukt pengar på å bygge opp ein beredskap. Hadde ein før det startar å brenne gravd eller demma opp kunstige innsjøar på fjellet, kanskje også med røyrgater og pumpestasjonar for å etterfylle med sjølvatn, så hadde forutsetningane for å stoppe ein slik storbrann vært langt større.
- 249 svar
-
- 2
-
-
-
Mitt inntrykk er at det i stor grad er slik det blir løyst i dag, dei fleste (alle?) brøytesjåførane prøver å gjere jobben som er til minst mogleg ulempe for grunneigarane, samtidig som ein får gjort den jobben som er viktigast, nemeleg det å påsjå at vegen er køyrbar. Det er også mange stadar at det er for dårleg tilrettelagt for brøyting slik at det ikkje er nok plass til å legge fra seg brøytekantar og snø.
-
Dette er ei typisk sak der behovet til fleirtalet trumfer behovet for den enkelte. Reint praktisk så kunne kommune, fylkeskommune og stat tilsett enda fleire brøytemannskap med enda fleire maskiner slik at også brøytekantane blir fjerna og køyrt vekk til eigne deponi, men det er klart at ei slik løysing hadde blitt veldig dyr. Sett opp mot alle dei andre offentlege oppgåvene som skal løysast så er ulempen med at kvar enkelt huseigar også må ta brøytekanten foran innkøyrselen når ein likevel er ute og måker resten av innkjørselen, ansett som akseptabel. Kommunen har ingen uforbeholden rett til å blokkere innkjørslane til huseigarane, men inntil vidare så er det vurdert opp mot grannelova at det å sette igjen brøytekant framfor innkjørselen ikkje er ein urimeleg eller uturvande ulempe. Grannelova presiserer at ved vurderinga av kva som er urimeleg eller uturvande så skal ein også sjå på kva som er teknisk og økonomisk mogleg, samt at ein skal vurdere kva dette opp mot kva som er vanleg. Nøyaktig kor store ulempar huseigaren må tole før det blir urimeleg vil være ei vurderingssak. Eg vil til dømes tru at dersom store brøytekantar som frys til i løpet av natta slik at det ikkje er mogleg å fjerne brøytekanten med vanleg spade, så vil nok det være over grensa for kor stor ulempe huseigaren må finne seg i. Men at du må ut med snøskuffa for å flytte brøytekanten er nok godt innafor. Så er det sjølvsagt ein større ulempe for eldre og funksjonshemma enn det er for unge og funksjonsfriske å fjerne slike brøytekantar, men om ein ikkje er i stand til å gjere jobben sjølv så må ein eventuelt betale nokon andre for å ta på seg jobben. Det er også slik det fungerer med tanke på brøyting av fortau og sikring mot at snø og istappar utgjer ein fare for gåande på fortauet. Det er huseigars ansvar, og om huseigar gjer jobben sjølv eller får nokon andre til å gjere jobben, det blir det opp til huseigaren sjølv å bestemme.
- 94 svar
-
- 1
-
-
Har du avslutta innboforsikringa som du hadde med fagforeningsrabatt? Ofte er fagforeningsrabatten berre basert på ei eigaerklæring så det er ikkje gitt at dei fanger opp at du har meldt deg ut. I tillegg så er det gode sjansar for at du kan klare å oppnå ein tilsvarande pris på forsikringa i same selskap som ein personleg avtale. Forsikringsselskapet er interessert i å behalde kundane sine og då er det dårleg butikk å sette opp prisen så mykje at du bytter forsikringsselskap. Som ein kunde som tidlegare har oppfylt vilkåra for å få ein rabatt gjennom fagforeiningstilhøyrigheita så har nok ikkje risikoen ved å ha deg som kunde endra seg spesielt mykje, så det kan være rom for å forhandle om å få eit godt tilbod som privatperson. Det er mange lag og organisasjonar som har framforhandla gunstige innboforsikringar. Særleg fagforeiningar men også reine interesseorganisasjonar som Huseiernes landsforbund og liknande har kollektive forsikringsavtalar. Merk også at enkelte fagforeiningar har såpass mykje rabatt på sine forsikringsavtalar at det kan lønne seg å melde seg inn i fagforeininga berre for å få rabatten, du treng strengt tatt ikkje å fortelle verken sjefen eller kollegaene dine at du er fagorganisert, du kan fint være organisert berre for å få tilgang på medlemsfordelar som rabattert forsikring. Finansportalen.no sin forsikringsteneste er midlertidig lagt ned, men du finner forsikringsoversikter frå andre kjelder som til dømes: https://forbrukertorget.no/forsikring/beste-og-billigste-innboforsikring Her har dei kåra Gjensidige som den beste innboforsikringa totalt sett. Merk likevel at kva som er beste innboforsikringa for deg vil være ei individuell vurdering av pris, kva som er dekt, størrelse på eigenandel, osv. Også maks forsikringsdekning er det relevant å sjå på. Du bør sjølvsagt ha ei innboforsikring som er romsleg nok til å kunne dekke alt inventaret ditt om du skulle miste alt i til dømes ein brann, men samtidig så er det ikkje vits i å betale ekstra mykje for at forsikringa skal dekke større verdiar enn du faktisk har.
- 7 svar
-
- 1
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Er i grunn einig, men det er også eit spørsmål om det er nødvendig å teste med reell alarm to gongar i året. Burde være nok å teste den reelle alarmen ein gong i året som f.eks i januar, og så bruke testfunksjonen for å teste i juni. -
Objektivt sett så er det ingen sjans for at Trump blir som Hitler. Så kan ein sjølvsagt meine kva ein vil om Trump oppfører seg som om han var Hitler, men då berre i overført betydning. Om USAs president oppfører seg like ille som Hitler gjorde, det blir ein subjektiv og politisk diskusjon. Det kan til og med hende at Trump blir verre enn Hitler på mange måter. Eg kan likevel aldri sjå for meg at Trump kjem til å gro ut ein liten bart, snakke om "lebensraum" for å utvide USA, og opprette konsentrasjonsleierer for å utrydde jøder, homofile, og andre som blir rekna som uønska. Trump kjem aldri til å bokstaveleg talt bli ein ny Hitler, men han kan fortsatt bli like ille for alle andre som Hitler vart både for verden og for tyskere generelt.
- 43 svar
-
- 2
-
-
Kan ikkje tenke meg at du finn andre investeringar der ei eingongskostnad på 50k gir deg ei årleg avkastning på 48-60k etter at husleiga er betalt. Det er jo ei auking på 100%. Neste år kan du investere profitten i ei maskin til, og då har du to maskiner som står og miner eit overskot på 100-120k i året, som igjen gir deg råd til å investere i to maskiner til, osv, osv. Spørsmålet er jo berre om det verkeleg er så enkelt? Er straumen heilt gratis? Er du sikker på at det ikkje er eit einaste vilkår om vanleg bruk eller på anna måte regulert at det er forutsatt vanleg kontordrift og ikkje at du kan bruke kontoret til energiintensiv industri? Og sjølv om det ikkje står noko særskilt i leigeavtalen om straumbruken, er du sikker på at din plan om å tene pengar på utleigars rekning ikkje er å rekne som så illojalt mot avtaleparten din at avtalen kan hevast? I tillegg så har du usikkerheita som er rundt bitcoin som verdi. Avtaler om å leige kontorlokaler bruker ofte å være tidsbestemte for ei litt lengre periode, så det er også eit spørsmål om du har råd til å investere i både ein leigeavtale og ein miner. Du kan fortsatt tape nesten alt om spådommane om at bitcoins kjem til å kollapse faktisk slår til.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Det mest korrekte er å skrive det dobble etternavnet ditt som eit langt etternamn. Formelt sett så er ikkje bindestreken ein bokstav, det er berre eit teikn som skal gjere det lettare å lese ord som er for lange til å ha samanhengande. Så heiter du Hansen-Johnsen så er det likestilt med Hansenjohnsen språkleg sett. Alternativt kan du sjølvsagt berre sette eit mellomrom, eg trur det er ganske mange som gjer det men det er ikkje språkleg sett heilt korrekt sjølv om etternavnet ditt vil tilsynelatande likne meir det som står i passet. Hos dei fleste flyselskap så kan du skrive bindestrek og apostrof ved bestilling, som blir "oversatt" til eit samanhengande ord på sjølve billetten når systemet ikkje takler spesialteikn.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Om du kaster vekk tida di eller ikkje kjem jo heilt ann på korleis du verdsetter tida di. Om du ikkje har stor økonomisk interesse i dette så rekner eg med at motivasjonen tenderer meir mot hobby eller frivillig arbeid? (Sjølv om du har tenkt å ta såpass betalt at du ikkje taper penger). Når det gjeld markedet så er også det veldig avhengig av lokale forhold, og ikkje minst kva som blir totalprisen som lag or organisasjonar må betale for tenestene dine. Det kan godt være at mange lag og organisasjonar har betalingsviljen på plass, men det er ikkje sikkert at dei har betalingsviljen. Eg tenker at det koster deg relativt lite å prøve, særleg når du tenker på dette som ein bijobb og ikkje noko som du skal måtte klare å leve av. Eksakt kor mykje arbeid det er med konsulentfirmaet kjem også ann på kva slags organisasjonsform du velger. Skal du berre leige deg ut for å bistå lag og organisasjoner. Det er ikkje dyrt å lage enkeltpersonforetak. Du vil heller ikkje trenge å ha revisor. Omsetter du for under 50 000 kr så treng du ikkje ein gong å ha rekneskap, du må berre dokumentere inntekter og kostnader (fakturaer du sendt ut og kvitteringar for kjøp du har gjort). Går du over 50 000 kr så har du bokføringsplikt men det er ikkje veldig mykje arbeid med det heller, særleg om du spanderer på deg å betale eit par hundrelappar i måneden for å bruke eit av dei mange rekneskapsprogramma som retter seg mot ENK og små bedrifter. Om det er bestemte lokale lag og organisasjonar som du har lyst til å hjelpe, så kan det også være eit alternativ at du får deg eit styreverv i disse laga. Til dømes i det lokale idrettslaget der du tek ansvaret for å framforhandle sponsoravtalar på vegne av styret. Dette kan du motta styrehonorar for, så ein slik framgangsmåte krever då ingenting av deg utover sjølve jobben. PS. Om du jobber med noko liknande i den vanlege jobben din så må du forsikre deg om at det ikkje oppstår interessekonflikt om du startar som konsulent. Mest truleg er det heilt uproblematisk etterom du sikter deg inn på ei heilt anna kundegruppe, men du må likevel sjekke opp at det ikkje utgjer eit problem.
-
Betaling for dårlås med opphør av avtale med alarmsentral
The Avatar svarte på rozon sitt emne i Juss
Kontrakta kan lesast på begge måtar. Det står at utstyret til ei kvar tid er eigd av selskapet, men på neste setning så står det at kunden kan be om å få eigedomsretten til den elektroniske dørlåsen etter kontrakta er opphørt. I den siterte teksta er det ikkje en føresetnad at du må betale for låsen, einaste kravet er at bindingstida må være over og at du ikkje kan være skuldig pengar. Uansett så har du ein personleg avtale, og den avtalen du inngikk på boligmessa er heller ikkje i konflikt med det som står i kontrakta. Den praktiske utfordringa er å vinne fram med at du har ein avtale om at du skulle ta over dørlåsen kostnadsfritt etter bindingstida som ein del av eit messetilbod.- 2 svar
-
- 2
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Varsel på mobil er ein stor framgang samanlikna med tyfonane som var einaste varsling før det. Vi kan i teorien gå tilbake til å bruke kyrkjeklokkene men vi har ikkje lenger eit system for slik varsling, både ved at det ikkje finnes varslingslister for å få kyrkjetenaren til å reise til kyrkja for å ringe, men også fordi det ikkje føreligg rutiner for kva ringinga skal bety. Eg vil nok også gjette på at 90% av befolkinga i dag uansett ikkje veit når det er normalt at kyrkjeklokkene ringer og når det er unormalt med kyrkjeklokker. Sivilforsvarets tyfonar kan teoretisk sett nå halvparten av befolkninga ved at tyfonane er plassert i tettbygde strøk der det bur flest folk. Problemet er berre at det er ganske få som faktisk høyrer alarmen. Dei som er innendørs er stort sett i bygg som er designa for å isolere ut støyen frå gata, og då er det heller ikkje lett å høyre alarmen. Sjølv blant dei som oppheld seg utandørs så er det mange som går med støydempane headset og som ikkje får med seg alarmen av den grunn. Om vi samanliknar med brannalarmen i bygg så er den konstruert for at alarmen skal høyrast i alle rom, og skal i tillegg være tilpassa det som er normal aktivitet i rommet, slik at det må være høgare lyd i rom med mykje bakgrunnstøy, og i produksjonslokaler med støy så må brannalarmen varslast med blinkande lamper. Om du ikkje er heime så er kanskje ikkje brannalarmen til så mykje hjelp ettersom du alt er i sikkerheit, men slik er det med alarmen for flyangrep også, den skal varsle dei som ikkje er klar over at bombeflya er på veg, det er ikkje like viktig at dei som alt sitter i bomberommet også høyrer varslet. Det sagt, om det startar å brenne heime medan du er ute av huset så gjer det i alle fall ingen skade. Og kven veit, kanskje er det ein nabo eller ein tilfeldig forbipasserande som høyrer brannalarmen din og får redda huset ditt sjølv om du ikkje er heime. -
Det er knotete formulert. Siste delen av setninga tilseier at opphøret skjer ved utløpet av ein kalendermåned, med andre ord at opphøret skjer på den siste dagen i den aktuelle måneden. Fyrste del av setninga tilseier at det ikkje kan være mindre enn 2 månedar mellom varslet om opphøyr og opphøyret på den siste kalenderdagen. Om du skal flytte ut så raskt som råd den 31 mars så betyr det at avtalen må seiast opp seinast på den siste kalenderdagen to månedar før, som igjen medfører at oppseiinga må være varsla seinast 31 januar. Blir oppseiinga forsinka og ikkje levert før dagen etter den 1 februar så blir dei to oppseiingsmånedane mars og april, med siste dag 30 april.
- 6 svar
-
- 3
-
-
Det er aldri ein ulempe med pengar, men særleg i Norge der også kvinner kan ha ein arbeidskarriere så er ikkje pengar like viktig som det er i land der kvinner i praksis er avhengig av ein arbeidsfør mann for å kunne ha råd til å stifte familie innafor nokonlunde trygge økonomiske rammer. For å bli skikkeleg god i idrett så er det også ein veldig stor fordel å kome frå ei pengesterk familie. Både reint praktisk fordi det medfører at du kan fokusere 100% på treninga utan å bruke tid på ein deltidsjobb for å tene til livets opphald. Men også indirekte ved at risikoen dersom du ikkje lykkes i å bli proff er mindre ettersom du då har familiepengar å lande på. Kjem du frå fattigare vilkår og har droppa å ta utdanning for å satse på idretten så får du det tungt økonomisk om du må gi opp på håpet om ei idrettskarriere, og står tilbake som 35 åring utan vitenemål eller relevant arbeidserfaring, og att på til så er du ein heilt ukjent person som heller ikkje har ei kjendisrolle å flyte på ettersom du aldri klarte å markere deg i idretten. Dessutan, kvinner som sender friarbrev til toppidrettsutøvarar forstår nok ikkje kva dei begir seg ut på. Mange toppidrettsutøvarar bruker 12 timar om dagen på jobben sin, er mykje ute og reiser, og kjem til å flytte inn på gjesterommet eller hotell så fort du snufser litt ettersom sjølv ei vanleg forkjøling kan utgjere forskjellen mellom ei pallplassering og ein fjerdeplass. Skal ein stifte familie med ein aktiv toppidressutøvar så må ein være innstilt på at karrieren alltid prioriteres før familielivet.
- 102 svar
-
- 6
-
-
-
Opererer Komplett med to lager?
The Avatar svarte på Adrgha sitt emne i Butikker og verksteder (data)
Det kan også være så enkelt som at Komplett prioriterer å levere til seg sjølv fyrst då det gir betre avkasting å selge ferdigbygde PCar enn det gir å selge komponentane direkte. Komplett risikerer relativt lite med ein slik praksis ettersom kunden ikkje kan gjere så mykje anna enn å holde tilbake betalinga til varen er levert eller potensielt å erstatte eit eventuelt tap som kunden kan bevise, i tillegg til at det sjølvsagt er dårleg reklame om kundane må vente unødvendig lenge.- 9 svar
-
- 1
-
-
Havnivået vil stige når landisen på Grønland smelter, men det vil til dels bli motvirka av landheving når fjellområda ikkje lenger er nedtynga av isbreer, noko som igjen medfører at tyngdefeltet blir lågare, som igjen betyr at kreftene som dreg havnivået oppover er lågare. Kor mykje landhevinga vil påvirke Grønland er det vanskeleg å berekne, men enkelte forskarar spår at havnivået på Grønland vil synke ved issmeltinga medan det meste av resten av verden får høgare havnivå. Grønland har potensielt berre fordelar med global oppvarming, som meir landareal og mildare klima.
- 627 svar
-
- 1
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det er helt unødvendig, det vil stort sett alltid være nokon som tek ansvar for å hente opp denne tråden kvart halvår. Det minner meg om at det er snart vår og tid for å bumpe den store tråden om å forby russefeiringa. Du setter det repeterande varslet slik som du sjølv vil. Personleg så satte eg det opp for mange år sidan som ein notis i kalenderen som ligg der kl 12.00 utan lyd. Om ein har lett for å kippe seg når nødvarslet kjem så er det jo berre å sette opp push varsel kl 11.55 slik at du rekk å førebu deg (eller sette mobilen i flymodus i nokre minutt). No har eg såpass god kontroll på når testdagane er at eg eigentleg ikkje treng ei påminning. Andre onsdagen i januar og andre onsdagen i juni kl 12 er ikkje så vanskeleg å huske. Eg synes også at media har dei siste åra blitt flinkare til å informere på førehand. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det ser ut som at nodvarsel.no har sletta loggen over tidlegare varsel, før låg det full liste der. Men fyrste gongen nødvarselet vart brukt på reell hending var i set store jordraset i Vistdal der meir enn 60 personar måtte evakuerast, ein del av dei ved hjelp av helikopter. Men det har også blitt brukt under væpna politiaksjoner, som den i Ibestad: https://www.vol.no/nyheter/i/76gQaB/naa-politiaksjon-paa-ibestad-naboer-evakuert Og på togvelten på Arna der eit godstog mes farleg gods velta: https://www.nrk.no/vestland/godstogulukke-ved-arna-stasjon-pa-bergensbanen-1.16818332 -
Om issmeltinga slår til slik som det er spådd så åpner det også for store areal på land og til sjøs som blir lett tilgjengelege. Framtidas Grønland er nok meir verdt enn dagens Grønland.
- 627 svar
-
- 1
-
-
Dette er ein avtale der det ikkje finnes standardvilkår du kan støtte deg på. Her er det heilt avhengig av kva som er avtalt. Er det einigheit mellom kjøpar og selgar at disse handpengane er ei sikkerheit som selgar har rett til å behalde? Eller er det rom for å hevde at dette "depositumet" er fyrste delbetalinga? Etter kjøpslova så har du rett som selger rett til å kreve oppfylling av avtalen, altså at du krever at kjøper skal betale full kjøpssum og at du skal få levere frå deg bilen. Du kan også heve avtalen. Spørsmålet er kva som er i din interesse å gjere, mest truleg er er nok du som selger mest kjent med å kreve at kjøper skal oppfylle sin del av avtalen ved å kjøpe bilen, men igjen er det litt avhengig av kva som konkret er avtalt, herunder om du har avtalt at kjøper kan trekke seg frå avtalen.
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det er derfor det står i varselet som vart sendt ut kl 12 at dette berre var ein test, og at ved ein ekte alarm så ville det også stått informasjon i nødvarselet. Dette er styrken med nødvarselet, at ein kan sende ut informasjon saman med varselet. Ein har likevel ikkje gått vekk frå systemet om at nødmeldinga betyr at du skal søke informasjon om kva som skjer. Det vil uansett være nyttig å skaffe seg meir informasjon enn det som er mogleg å få fram i ei kort nødmelding. -
Tenker det er heilt motsatt og veldig usannsynleg at det blir kamphandlingar, blant anna fordi det i praksis ikkje er infrastruktur eller militær tilstedeværelse å nedkjempe. Det eg er bekymra for er snarare tvert imot at det ikkje blir slåssing fordi danskane ikkje er i stand til å forsvare seg mot USA åleine, og fordi det nok vil være liten Europeisk interesse i å gå til krig mot USA over noko slikt. Det eg frykter er ei annektering lik det som skjedde på Krimhalvøya der russarane gjekk inn "for å sikre ro og orden" utan at Ukraina var i posisjon til å gå til krig mot Russland og utan at resten av verden brydde seg i særleg grad om kva som foregjekk. Det er sjølvsagt mogleg at dersom Trump prøver å ta Grønland at danskane vil gjere slik som britane gjorde når Argentina prøvde å ta Falklandsøyane. Det som skjedde då var at Argentina var så trygge på at Storbritania ikkje ville våge eller ha økonomi til å starte ein ein krig på nesten på andre sida av jorda berre for å beskytte nokre isolerte øyer, men der Thatcher drog fram krigsøksa og sendte det britane hadde av militære styrkar for å jage argentinarane heim. Det er nok ingen som forventer at danskane kjem til å ta opp våpen og starte ein krig over Grønland, men vi har ingen garantiar. Trump er absolutt truande til å berre erklære Grønnland som amerikansk territorium og ta seg til rette samtidig som han hevder "false news" når Danmark protesterer. Fyrst vil Trump hevde at danskane tek feil og at USA ikkje har annektert Grønnland, og seinare vil han nok gå over til å hevde at danskane aldri har vært eigarane av Grønland. Det er dette som er farleg med Trump og Trump sin politikk, han gjentek dei same løgnene så mange gangar at det blir sannheita.
- 627 svar
-
- 2
-
-
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Sjølv er eg positivt overraska over at ein har klart å ha ein ganske restriktiv holdning til nødvarsel, eg var også veldig redd for at det skulle gå ut nødvarsel støtt og stadig på grunn av regn og vind. Etter min erfaring så har det i liten grad skjedd, og det viser også loggen av utsendte nødvarsel. Det meste som av reelle nødvarsel har dreid seg akutt rasfare, pågåande politiaksjonar, ulykker med farlig gods, osv. Nødvarselet ved uværet Hans var kanskje litt på grensa, og burde kanskje ha fokusert meir på dei konkrete farane knytt til oversvømming og ras i staden for berre uværet som sådan. Problemet ved nødvarslinga av uværet Hans var at det var tekniske problem som gjorde at det var fleire enn berre dei som skulle ha varselet som vart varsla. Slik feilvarsling bidreg til å senke tilliten ein har til at nødvarselet berre blir sendt ut når det er behov for at nettopp du gjer aktive grep for å sikre deg sjølv. På dette området så meiner eg at nødvarslinga burde ha fleire kategoriar av varsling. Frå låg prioritet som burde være ein pop-up utan lyd som berre kjem med viktig informasjon om ting som kan være farleg i ditt område, som ekstremvær. Ein middels kategori som kan middels med lyd og som bør brukast når det oppstår akutt farlege situasjonar, og til slutt ein høg prioritet som skal varslast med full lydstyrke, vibrasjon, lys og alt som går ann, og som då berre skal brukast når det er behov for at du slepp det du har i hendene for å springe i sikkerheit. Altså eit varsel som er øyremerka nært foreståande flyangrep, pågåande terroraksjonar, og liknande hendingar der du er i reell livsfare om du ikkje evakuerer omgåande. Det er derfor nødvarselet inneheld tekst slik at du kan lese på meldinga kva varsel som er sendt ut. Om nokon hadde gått til angrep rett etter kl 12 så ville vi fått eit eige varsel om det, då gjerne med teksta "dette er ikke en test", og kanksje også fleire gongar. Tyfonane som skal ule "viktig melding søk informasjon" med 3x3 lange tut hadde nok varsla med flyalarmlyden som er gjentakande støtvis tuting, nettopp for å vise at dette ikkje er ein test. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det alternativet er vist ikkje ønskeleg sidan ein forutsetter at: a) Alle har funksjonen aktivert b) At nødvarsel er i sin natur så viktige at dei må lesast umiddelbart Eg er likevel ikkje ueinig, særleg når vi ser på at systemet må testast to gongar i året. Det burde vært rikeleg nok at berre ein av testane var med lyd, og at den andre var ein lydlaus test berre for å sjekke at medlingane blir sendt ut og mottatt. Eg er også av den oppfattinga at det ikkje er i alle situasjonar der høg lydvarsling er nødvendig, som til dømes under bilkøyring så kan det være uheldig at mobilen i lomma startar å hyle sjølv om du har satt den i lydlaus nettopp for å ikkje bli forstyrra. Og har du telefonen kopla mot bluetooth slik at meldinga kjem opp på bilskjermen så burde det i alle fall ikkje være nødvendig med varsellyd i tillegg. Ikkje om du les varselet før du klikker det vekk. Du får varslet to gongar, ein gong på engelsk og ein gong på norsk. I tillegg så betyr nødvarselet at du skal søke informasjon. Så det mest korrekte svaret er at du skal slå på radioen din eller gå inn på nodvarsel.no for å sjekke kvifor flyalarmen går.