
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 826 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Charter-Hilde kritiserer utslitte realitykonsepter
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i TV-serier og -programmer
No har eg lite kunnskap om Charterfeber som realitykonsept både før og no, men også fyrste sesongen av Charterfeber hadde vel innslag av at ein lo av dei rare karakterane som gjorde heilt merkelege ting når dei var på ferie, enten det var at dei festa dagen lang, var så lite bereiste at dei fekk problem med å betale med Euro, at dei gjorde alle dei dumme turisttinga, osv. Charterfeber har vel aldri vært ein dokumentarserie der vi følger heilt vanlege A4-mennesker på heilt vanleg ferietur? At reality-seriar har tatt ei ønska rettning der meir og meir av innholdet er regisert og planlagt, kan nok være. Det er likevel stor forskjell på program til program. Det er vel litt typisk at nye realitykonsept der deltakarane ikkje kjenner spelet så gir det god nok underholdning om ein berre filmer det som skjer og sender det ut på skjermen utan særleg med bearbeiding. Men det er klart når ein kjem til sesong 25 av Love island der alle deltakarane har studert tidlegare sesongar og kjem inn med ein klar strategi på korleis dei skal spele spelet for å vinne fyrstepremien, så tvinges også produksjonen til å kaste inn skruballar om ein skal klare å halde på sjåarane sin interesse. Dersom 71 grader nord hadde kåra vinner basert på kven av deltakarane som brukte kortast tid på gå dei ulike fotturane i kvar episode så hadde vi som sjåarar etter fyrste episode sett kven som var best trent og som sannsynlegvis kjem til å vinne heile konkurransa. Ved å legge inn andre element som at ein skal padle i staden for å gå, at ein må få hjelp av publikum for å få haik til mål, at ein må svare rett på ein quiz, eller ved å legge til rette for at ein må inngå og bryte alliansar for å nå heilt til topps, ja då lagar ein også drama som gjer at det fortsatt kan være spennande å sjå kven som blir kåra som vinner i siste episode. Charterfeber var ikkje ein gong ei konkurranse, Charterfeber er eit program der sjåarane får være med på å sjå korleis det går når apekattane får sleppe ut av dyrehagen utan oppsyn. Påstanden om at ein før lo saman med apekattane og ikkje av apekattane tek eg med eit stor klype salt. -
Du kan sjølvsagt spørre, men i praksis så vil ikkje det spele nokon rolle. Det kan være masse gode grunner til at politiet ikkje vil svare deg. Du har uansett ingen spesielle rettigheiter før du eventuelt får status som sikta i saka. At politiet behandlar deg som mistenkt i ei sak betyr berre at ein jobbar med å prøve å finne ut om det er grunnlag for å sikte deg, eller om du kan skrivast ut av saka. Eg kan aldri tenke meg at du får eit skikkeleg svar på eit slikt spørsmål med mindre svaret er heilt openbart. Dersom du er under etterforsking så vil ikkje politiet gi deg informasjon som du kan bruke til å skjule spor eller unndra deg straffeforfølging. Og motsatt, dersom du ikkje er under etterforsking så vil du i beste fall få svaret at du akkurat no ikkje er under etterforsking, det kan fort endrast dersom det dukker opp nye opplysningar som gjer det aktuelt å etterforske deg. Det er også eit stort spørsmål om kva som er taktisk lurt av deg å gjere i dette tilfellet. Ved å ta kontakt med politiet så kan du lett flytte nettopp din sak langt fram i prioriteringsrekka. Berre det at du stiller spørsmål om kva politiet veit om deg opner for ei rekke med mistanker. Alt frå at du spør som ei innrøming på dei faktiske forhold, til at du er opptatt av at politiet fokuserer på småtinga og ikkje dei større tinga du har kanskje har gjort. Ei lita sak som ingen ein gong bryr seg nok om til å spørre etter har langt høgare sannsynlegheit for å bli liggande til den blir henlagt enn dersom ein plutseleg får telefonar og epostar som minner ein om å ta tak i denne saka. Off-topic: Personleg så tenker eg at det å leve i uvissheit om kva som skjer med eit lovbrot som du statistisk sett kjem til å sleppe unna med er ein del av det kriminalitetforebyggande arbeidet. Om du nok går i nokre veker eller månedar og tenker på denne saka så er det nok større sjans for at du neste gong held deg på riktig side av lova.
- 15 svar
-
- 2
-
-
🔞 Feil aldersgrense på film | Spermageddon
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Film
Det er vanskeleg å vurde ein film eg ikkje har sett. Men det ser ut som at det er heilt korrekt å gi denne filmen 12 års grense for "lite nærgåande skildring av seksualitet eller seksualitet på barn og unges premisser" og ikkje 15 års grense for "detaljerte seksuelle skildringer. Seksuelle skildringer kan være omfattende men ikke eksplisitte". Merk også at aldergrensa settes utifrå ei vurdering om filme er skadeleg for barn og unge, og ikkje utifrå om filmen er eigna for barn og unge. Det skal også leggast vekt på kva kontekst innhaldet blir presentert i. Nakenheit og intimitet får ikkje aldersgrense om settinga ikkje også er seksuell. Aldersgrensene settes utifrå bildeprogramlova. Basert på det eg veit om filmen så er det ingenting som indikerer at aldersgrensa må være 15 eller høgare. Snarare tvert imot så ser det ut som at filme er spesielt godt eigna som seksualopplysning til dei som akkurat har komt i puberteten. Då blant anna ulike formar for prevensjon er eit tema. -
Heilt einig. Nå husker eg ikkje eksakt når Telenor gjekk frå at 2G skulle stengast ned i 2025 til at 2G skulle stengast ned etter 2025, men det er uansett lite bra at Telenor i det lengste har sittet på gjerdet og håpa at både private- og bedriftskundar skulle ta utgifta med å bytte ut utstyret. Slik som det er no så premierer ein eigentleg dei treigaste medan dei som har vært pliktoppfyllande har tatt på seg kostnadar som no viser seg å være unødige sitter igjen med skjegget i postkassa.
- 91 svar
-
- 3
-
-
Bra at ein utsetter stenginga med 3 år. Dette er ei forlenging på 2 år i forhold til tidlegare beskjed som var at Telenor skulle starte utfasinga av 2G i 2026.
-
Nei, ikkje om det var slik det foregikk. Men om dette var oppfatta som å hindre politiet ved bruk av vold så synes eg ikkje påstand om opp til 16 dagars fengsel er heilt feil påstand frå aktoratet når strafferamma for dette er fengsel seks gongar så lenge. Sjølv om ho hadde blitt dømt så er det svært usannsynleg at ho hadde blitt dømt like strengt som aktoratet nedlegg påstand om. Hadde ho blitt dømt så hadde ho realistisk sett fått halvparten av straffa, og det som betinga dom. Med mindre kvinna låg på bakken med ein vekter som nekta henne å reise seg opp, så er det nok å hindre politiet om ein ligg og kaver på bakken i staden for å reise seg opp for å prate med politiet på skikkeleg måte. For å kome i posisjon til å kome borti leggen til politimannen så er det nok liten tvil om at kvinna har ligget på bakken og sprella når politimannen gjekk heilt bort til henne. Det kan sjølvsagt være at ho kom borti politimannen i det ho snudde seg rundt for å reise seg opp for å snakke med politimannen, men det er nok meir sannsynleg at ho låg på bakken og fortsatt var utagerande etter at politiet ville ha kontakt med henne. Sjølvpåført rus gir ikkje fritak frå straffeansvar. Det kan godt være at ho ikkje meinte å hindre politiet i å gjere sin jobb (og det er vel også grunnen til at ho ikkje vart dømt). Slike saker løyses vanlegvis ved at politiet snakker med den utkasta gjesten for å vurdere om ho kan ivareta seg sjølv eller ikkje. Om ho kan det så vil ho typisk bli ilagt pålegg om å forlate området, og er ho ikkje i stand til å ivareta seg sjølv så blir det biltur til legevakta og deretter til fyllearresten. Det å bli køyrt til fyllearresten er ikkje straffbart i seg sjølv, det er lov til å være ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Men det er ikkje uvanleg at ein som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv også er kranglete og på den måten pådreg seg ei anmelding eller to.
-
Blir folk mye hardere hvis de opplever katastrofer?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Synes premisset er litt fei. Norge er ikkje eit omsorgssamfunn utanom at vi har ein velfungerande vellferdsstat. At det norske fengselsvesenet og lovverk ikkje fokuserer på lange og harde straffer har ingenting med at vi vil tilgi og straffe kriminelle minst mogleg. Det norske systemet er tufta på forskning og kunnskapen om at svært mange kriminelle kan rehabiliterast til å bli gode lovlydige samfunnsborgarar igjen, og då er det ingen grunn til å gi rehabiliterte kriminelle kost og losji på statens rekning når vi kan sleppe dei ut som gode skattebetalarar. Det sagt så vil krig og katastrofer påvirke oss til å bli mindre empatiske ovanfor andres død og ulykke. Ein kan venne seg til det aller meste, og når det blir daglegdags at du får vite at ein venn, kollega, familiemedlem eller nabo har blitt drept i krigen så er det ikkje rom for at du kan sørge i dagesvis over tapet av kvar enkelt person. Det er ei luksus vi har når død og ulykke skjer veldig sjeldan. Dette er ikkje det same som å være harde, for vi kjem nok til å bry oss like mykje som før. Det er berre at i til dømes ein krig så vil du ikkje ha kapasitet til å vise like mykje empati som du gjorde før. Sjølv om du i samband med ein krig ender med å måtte drepe andre mennesker så vil ikkje dette gjere deg hard, du vil nok heilt sikkert ha liknande meining om kva som er rett strafferamme for fyllekøyring, vold og trygdesvindel. Det kan hende at du har endra syn på kva krigsforbrytarar og landssvikarar fortjener av straff når ein etter krigen skal ta eit oppgjer med dei som har skuld og ansvar for krigen, men på dei vanlege straffesakene så tviler eg at ein endrar særleg mykje syn i forhold til kva ein meinte før. Det er ikkje som at eit land som har vært i krig og der befolkninga har vendt seg til å sjå døde folk i gatene at ein kjem ut av krigen med ei oppfatting om at alle tjuvar som har stjelt for meir enn 1000 kr skal fengslast i 20 år, og alle voldsforbrytarar skal skytast på open gate. I Ukraina så straffa dei tjuvar og plyndrar ved å tape dei fast til lyktestolpar og dra ned buksene på dei for offentleg ydmyking, men det har heller ingenting med at ein er harde mot kriminelle og meir med at i starten av krigen så var det såpass med kaos at det vanlege straffesystemet ikkje fungerte. Hadde ukrainarane vært harde så skulle vi forventa at mobben ville ha straffa tjuvar og plyndrarar med voldsbruk. Det skjedde sikkert også, men mesteparten av befolkninga var tydelegvis meir opptatt av at det var betre at slike småkriminelle fekk ei straff som var til skrekk og advarsel for andre tjuvar, utan å være mishandling. -
Det blir ikkje heilt rett å sette slike saker opp mot kvarandre. Terskelen for å følge opp ei sak som politiet alt er direkte involvert i er sjølvsagt langt lågare, enn at den nevnte politipatruljene forlater den fulle dama som ligg på fortauet og spreller for å sjå om det kanskje er mogleg å oppklare eit sykkeltyveri som skjedde i førre veke. Ordet politivold blir vanlegvis brukt motsatt frå slik du bruker det her. Vanlegvis så meiner ein med politivold at det er politiet som står for voldsbruken. Den lågaste grensa for kva som er forulemping av ein politibetjent er bruk av skjellsord. Skjellsord gir grunnlag for bøter, det å nekte politiet i å gjere jobben sin har strafferamme på 6 månaders fengsel. Dersom ein hindrer politiet med vold eller trusslar så er strafferamma 3 år, og ved grov vold så er strafferamma 6 år. Politiet som er satt til å handheve lovverket har eit sterkt vern fordi det skal være avskrekkande å motarbeide politeit og gjere jobben med å oppretthalde lov og orden vanskelegare. Har ikkje høyrt podden så kjenner ikkje detaljane i saka, men ved å legge seg på bakken så har ein alt det gått inn for å hindre politiet i å gjere jobben sin, her er det i tillegg brukt (mild) vold i form av eit spark og då har ein gått utover det som kan straffast med bøter. Så er det sjølvsagt eit definisjonsspørmål på kva som er vold, og om eit uhell klassifiserer til vold om det ikkje var med vilje, om det faktisk var eit uhell, osv, men det blir ei tolkingssak. For å snu litt på det så kan det være at sparket mot politibetjentens legg var meint som eit voldsforsøk sjølv om det ikkje gjorde vondt. Ein skal vanlegvis straffast utifrå kva ein hadde intensjon om å oppnå og ikkje berre på om det var eit vellykka spark som påførte politimannen skade. Av allmennprevantive grunnar så har politiet lav terskel for å anmelde vold og voldsforsøk. Og misforstå meg rett. Slik som du gjenforteller historia så virker det å være særdeles strengt å skulle anmelde kvinna for vold mot offentleg tenestemann om ho berre kom broti leggen til politiet utan at det ein gong gjorde vondt. Men om politiet som var utsatt for "angrepet" oppfatta dette som eit forsøk på å sparke eller slå skikkeleg så er det rett å bruke straffelova fullt ut slik at det ikkje blir ein presendens for at ein ustraffa skal kunne sparke og slå politiet så lenge det ikkje gjer så veldig vondt.
-
Ber spillere si fra når de er vitne til hets
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det er sikker nødvendig med ein slik kampanje sjølv om det burde være unødvendig. Eg er likevel einig i at det må være lov å kome med litt fustrasjon i konkurransesamanheng. For sjølv om det burde være nok å feire sin eigen seier, så er det slik at det gir vel så mykje lykkerus å høyre motstanderlagets fustrasjon over å tape. Særleg i skytespel så blir det etter mitt syn litt vel stivt om alle skal være Gentlemen der ein takkar høffleg for kampen uansett om ein vann eller tapte. Då kan ein like godt spele brettspel. Det er også vanskeleg å finne rette nivået å legge seg på når det gjeld kva som er akseptabelt. For det er heller ikkje heilt ukjent at spelarar misbruker rapporteringssystemet. Det er sjølv sagt heilt unødvendig å oppfordre til sjølvmord over eit spel, samtidig så skal ein ha litt gangsyn på kva som er vanleg språksjarong i slike settingar. Det kan godt være at det har gått for langt og at det har blitt for akseptert å tulle med svært alvorlege ting som det kanskje ikkje skulle vært gitt aksept for. Samtidig så er språket i endring. Når nokon seier "faen ta" så reknar eg med at det er meint berre som eit kraftuttrykk og ikkje eit genuint ønske om at satan skal ta deg med til evig pinsle i helvete, som er uttrykkets teologiske opprinnelse. -
Hvordan var det for norsk eksportindustri i 2013?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Økonomi
Ser på SSB at eksportstatistikken utanom skip og oljeplattformar ser slik ut: 2010: 781 067 mill 2011: 892 480 mill 2012: 929 563 mill 2013: 909 538 mill 2014: 901 683 mill 2015: 826 330 mill 2016: 739 078 mill 2017: 849 329 mill 2018: 991 771 mill 2019: 907 961 mil 2020: 774 057 mill 2021: 1 478 223 mill 2022: 2 653 993 mill 2023: 1 878 035 mill I 2013 var det ein nedgang i forhold til 2012, ein nedgang som fortsatte til og med 2016. Det var ikkje før i 2018 at eksporten var oppe igjen på 2012 nivå. Også interessant å sjå på at det var ein veldig kraftig nedgang i koronaåret 2020 med ein voldsom auking i både 2021 og 2022. Det er sikkert mange måtar å tolke statistikken på, det er ikkje sikkert at eksport utan skip og oljeplattformer er den mest relevante statistikken å bruke heller. Basert på ei kjapp oversikt så ser det ut som at til tross for ein nedgang i åra etter 2012 så var ikkje nedgangen enormt stor. Eg kan heller ikkje huske at det var stor krisestemning, men det kjem kanskje mykje ann på mediavinklinga. Isolert sett så er jo ein nedgang på over 1 Billion frå 2022 til 2023, men samtidig så har vi tydelegvis hatt usedvanleg gode eksportår sidan 2021.- 3 svar
-
- 1
-
-
Det er mykje skrot i sjøen, så kor viktig det var å bruke ressursane på å heve denne frysaren for å sjekke den, kontra å bruke ressursane på å leite andre stadar, får vi kanskje aldri svaret på. Folk dumper avfall stadig vekk, så det i seg sjølv er ikkje så uvanleg. Grunnen til at denne frysaren vart funnet og identifisert i utgangspunktet var i samband med undervannssøk etter ein kropp. Denne frysaren var det einaste avfallet som ein fant i dette søket som mogelegens kunne inneholde ein kropp. Dersom nokon skulle kome tilbake for å hente frysaren så hadde det vært vanskeleg å gjere utan å bli observert. Sjølv om det ikkje er styggdjupt alle stadar så reknar eg med at fryseboks var dumpa på over 20 meters djup slik at den var vanskeleg tilgjengeleg for fritidsdykkarar? Å heve noko frå sjøen er ikkje så veldig enkelt, særleg når ein også skal leite etter objektet. Så dersom nokon har komt før politiet og fjerna fryseboksa så burde det vært lett å oppdage som mistenkeleg båtaktivitet. Spørsmålet er om politiet burde satt overvåking på området? For kjem det nokon og possisjonerer båten pp funnplassen med utstyr for å heve ting, så vil ein ha eit forklaringsproblem.
-
Frivillig arbeid er nemt, og sjølv om det sikkert er mange som vil bidra i jula så er det ikkje alltid at det er sjølve julekvelden som det er flest som vil bruke på slikt arbeid. Akkurat sjølve juledagane tenker eg at du fint kan bruke til å nyte stillheita om du vil det. Du skal ikkje kjenne på eit press om at du må ut for å jobbe eller gå på besøk disse dagane. Sidan du snakker om å leige hytte eller reise vekk i jula så tolker eg det slik at du uansett planlegg å være åleine i jula, og at du eigentleg har meir behov for å kome deg ut av huset (kanskje for å sleppe overraskande besøk av folk som trur det er synd på deg fordi du er åleine i jula?). Men fire veker er ganske lange, så det bør kanskje vurdere å dra på julebesøk til vennar eller familie i romjula. I romjula og rundt nyttår så er det heller ikkje like mykje stress og mas som akkurat 24 og 25 desember. Om du skal reise vekk og vil kome litt vekk frå jula så kan det kanskje være ein tanke å reise til f.eks. Storbritania og være der til og med julaften, og så reise tilbake på fyrste juledag? I storbritania så er 24 desember eigentleg berre ein vanleg dag der butikkane og slikt er opne som vanleg. Det er fyrste og andre juledag som blir feira i Storbritania. Det er sikkert ikkje mykje billigbillettar dit å finne, men vil i alle fall nevne det som eit alterativ. Eit tilsvarande alternativ er å reise til eit muslimskland der dei ikkje feirer jul. Dei største turistplassane vil no feire jul også i muslimske land, men om du ikkje drar til dei verste turistfellene så kan det også være ein måte å sleppe unna julestyret på. Til dømes kan ein tur til Egypt kanskje være noko for å sleppe alt julestyret?
-
Kan man jobbe som ringevikar når man venter på dagpenger?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Du treng ikkje å gå arbeidsledig i heile karantenetida nei. Det er heile poenget med karantenetida, dersom du seier opp jobben utan god nok grunn så skal karantenetida presse deg til å skaffe ny jobb så raskt som råd. Om du har ordna deg ny jobb før du seier opp (som er det mest vanlege) eller du hiver deg rundt og får deg ny jobb speler ingen rolle. Poenget er at du ikkje skal kunne seie opp jobben din grunnlaust og så ta ein måned eller to med dapengar som ein bonusferie der du ikkje arbeider. Formålet er ikkje at du skal "straffast" til å leve 18 månadar utan pengar, formålet er fyrst og fremst å få folk til å ikkje seie opp fast jobb før ein har ordna seg ny fast jobb å gå til, og sekundært for å gi deg eit spark i baken til å prøve å skaffe deg jobb og inntekt så raskt som råd. Om du etter 18 veker fortsatt ikkje har klart å finne deg jobb så får du dagpengar som vanleg, rett og slett fordi du skal ha noko å leve av medan du fortsetter å leite etter jobb. Når du er ferdig med oppseiingstida så er du heilt ferdig med stillingsforholdet du har hatt. Då kan inngå ny arbeidsavtale med sjefen om å få deg ny midlertidig jobb som ringevikar. Eg ser likevel ikkje heilt kva som skal være formålet med å starte i ny jobb under den same sjefen som fekk deg til å seie opp den forrige jobben. Du skal jobbe som vanleg ut oppseiingstida. Så den 1 januar er du ledig til å ta på deg andre jobbar. Så sjølv om du jobbar som vanleg så er det lurt å starte med å søke på nye jobbar alt no og ikkje vente til oppseiingstida er ute og du står der utan verken lønn eller dagpengar. Har du litt flaks så får du ordna deg ny jobb å gå til 2 januar, slik at du slepp å gå arbeidsledig utan dagpengar på grunn av karantenetida. -
Det er fleire grunnar til at ein har foreldingsfrist. Då ein for nokre år sidan fjerna foreldingsfristen for drap så var eit av dei viktigaste motargumenta at utan foreldingstid så må vi rekne med at fleire drapssaker forblir uløyste slik at familien til offeret aldri får eit svar på kva som skjedde. Ein drapsmann som vil lette på sin samvittigheit utan å risikere å bli dømt til fengsel må i dag vente til ein ligg på dødsleiet og er sikker på at ein ikkje blir frisk nok til å bli bura inne. Før når også drapssaker vart forelda så var det nokre saker som vart oppklart ved at drapsmannen fortalte om kva som hadde skjedd 25+ år seinare. Så sjølv om ein då ikkje kunne dømme drapsmannen for drap, så hjalp det til å få oppklart nokre drapssaker som var uløyste. Ein ting er at det kan være til god hjelp for dei etterlatte å endeleg få svar, men det er også av ei viss betydning å få "fasiten" på kva som skjedde slik at til dømes politiet kan evaluere sin etterforskning og eventuelt lære av eventuelle feil som førte til at ein ikkje klarte å finne den skuldige. I tillegg er det som nemt slik at når hovedformålet til fengselet er å rehabilitere kriminelle, så gir det lite meining å skulle rehabilitere kriminelle som alt er rehabiliterte til lovlydige borgarar. Det er nok også eit vist moment av at ein reknar med at den skuldige som i mange år har måtte sjå seg over skuldra og heile tida har måtte uroe seg at i morgon så kjem politiet på døra, så er det ein slags straff i seg sjølv. I mange tilfeller vil det nok også være lite hensiktsmessig å fengsle nokon mange år seinare sidan slik fengsling for kan gi uforholdsmessig store ulempar for familie, vennar og arbeidsgivar. I ditt eksempel så vil det å no skulle fengsle denne faren i 10 år være ei større straff for den familien som han no har etablert, enn det hadde vært om han vart dømt i 1993 når handlinga angiveleg skjedde. Det er sånn sett berre vekkasta offentlege pengar å skulle straffe kriminelle som ikkje lenger treng straff. Så kan ein sjølvsagt diskutere om det burde være rom for inndra utbyttet etter kriminalitet utan tanke på forelding, det burde kanskje vært gjort i denne saken om ein klarer å gave fram bevis for kva som skjedde. Samtidig så er det ikkje heilt utan konsekvensar det heller, og det er heller ikkje gitt korleis ein skal rekne ut verdien av utbyttet så mange år seinare. Skal dein då inndra dei 2 millionane som det var snakk om? Eller skal ein inndra også alt av verdiar som har blitt mogleggjort på grunn av disse 2 millionane. I dette konkrete tilfellet vil det sistnemte medføre at det er tre hotell og fleire butikkar som går med i dragsuget, med dei arbeidsplassane og verdiskapninga som høyrer med. Det er på ingen måte gitt at samfunnet heller er tent med å skulle rote borti slike saker så lenge etterpå.
- 16 svar
-
- 3
-
-
Ikkje uavhengig av alvorlegheitsgrad. Foreldinga av straffesaker varierer med alvorlegheitsgrad, sakene blir forelda etter 2, 5, 10, 15 og 25 år alt etter kor høg strafferamma er. Det er kun forhold som kan føre til 21 års fengsel som blir forelda etter 25 år, mindre alvorlege lovbrot blir forelda tidlegare. Kvitvasking har ei øvre strafferamme på 15 år, og blir då forelda også etter 15 år. Så om dette skjedde i 1993 så vart saka forelda i 2008. Det er nokre saker som ikkje har foreldingstid. Før var det berre det aller mest alvorlege slik som folkemord og terror, men for nokre år sidan så vart blant anna mord og voldtekt lagt til lista over forhold som ikkje blir forelda. Økonomisk kriminalitet blir forelda. Om denne personen no har levd lovlydig i over 30 år så er det lite formålsteneleg å putte vedkommande i fengsel no så lenge etterpå for at personen skal bli rehabilitert til å ikkje begå ny kriminalitet. Det vil nok også være utfordrande å få ein fellande dom etter så lang tid.
-
Hvordan går det med din egenberedskap ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Generelt sett så er det vatn som folk flest er for dårlige til å ha tappa opp på førehand. Veldige mange har ein plan som er tilsvarande den du har, altså å gå i elva for å hente vatn. Stort sett så vil nok det fungere greitt, om ein ikkje har vassrensar slik som du har kjøpt så kan ein alltids koke vatnet. Kor realistisk og gjennomførbar din plan er kjem veldig ann på kva som skjer og kor mange andre som har god tilgang til den same elva. Ved atomnedfall så så hjelp det ikkje å rense eller koke vatnet, så det å ha tappa opp vatn på dunkar gjer at du kan leve på dette vatnet i dei dagane og vekene der nedfallet er størst. Med rennande vatn så går det ikkje så lang tid før det verste av radioaktivitetet er skylt bort, opne vasskjelder skal ein derimot være veldig forsiktig med ettersom det der kan samle seg store mengder radioaktivitet som varer lenge. Så dersom det skjer ei atomulykke så kan du risikere å være utan trygt drikkevatn om du baserer deg berre på elva. Den andre ulempen som du i større grad kan motvirke mellom anna med rensing og koking er biologisk forureining. Særleg om vassforskyninga har vært ute nokre døgn så kan du riskere at kloakk frå improviserte utedoar og liknande sig ned i elva. Om du bur øvst oppe i dalen og ikkje har naboar over deg så er det kanskje ikkje så stort problem, bur du lengre nede så kan du riskere at det reine elvevatnet ikkje er reint så veldig lenge. Det kan også fort bli veldig mange som kjem til den same elva for å hente vatn, noko som kan føre til at elvebotnen blir meir forstyrra enn vanleg slik at vatnet blir meir grumsete enn normalt på grunn av auka aktivitet. Om heile bygda/byen har nøyaktig same plan som deg for å hente drikkevatn så er det ikkje gitt at planen fungerer like godt i praksis. Om elva renn rett forbi så er jo det veldig lettvint, for dei som bur litt lengre unna elva så kan det med transport blir ei utfordring, det er ikkje gitt at ein kan basere seg på å bruke bilen. Alt det sagt så er det ikkje gitt at atomkrig med radioaktivt nedfall og at ein EMP puls har tatt livet av alt av køyretøy og straumforsyning er det scenarioet som det er viktigast å være førebudd på. Får vi ein slik situasjon så er det kanskje ikkje nok å være sjølvforsynt i 7 dagar uansett. Og sjølv om vatnet i elva er forureina, så vil det uansett kome godt med til andre vassbehov utover drikkevatn og matlaging. Sjølv om du baserer deg på elva, så bør du ha i det minste nokre liter med heilt reint vatn i tillegg. Dei fleste stadar i Norge så er drikkevatnet uansett så reint at du strengt tatt kan fylle ein plastdunk frå hageslangen og sette i boda i eit års tid utan å legge arbeid i å desinfisere plastdunken på førehand. Om du gjer dette og fyller på nytt vatn neste år så er det enkelt å ha ein eller fleire 20 liters dunkar ståande med reint drikkevatn med minimal eigeninnsats. Det beste er likevel å koke glasflasker som du nøysommeleg fyller og korker for å oppbevare mørkt og kjølig, men det tenker eg er meir arbeid enn det er verdt, i alle fall når det ikkje er ein openbar trussel som gjer det nødvendig å legge så mykje tid i eigenberedskapen. -
Når på døgnet stiller man dato på ei analog klokke?
The Avatar svarte i et emne i Elektronikk og mekanikk
Dei fleste (alle?) analoge klokker stiller du datoen ved å dra krona halvvegs ut slik at du berre stiller på datoen. Datoen bør settast ein gong mellom klokka 12 midt på dagen og midnatt. Gjer du det så skal datoen endre seg automatisk ved midnatt. -
AP går inn for fri abort til uke 18
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Politikk og samfunn
Eg synes eigentleg ikkje det handler om å sette ei grense. Når ein diskuterer antall veker så handlar det i stor grad om subjektiv oppfatting, og har blitt eit slikt kompromiss der ein seier, - greitt det skal være lov å ta abort, men ikkje etter veke X. Den kliniske grensa for når ein foster kan overleve utanfor livmora gitt tilstrekkeleg behandlingstilbod tenker eg heller ikkje er særleg relevant, den grensa blir stadig lavare etter kvart som teknologien blir betre. Går nok ikkje ufatteleg mange tiår til at ein kan legge eit befrukta egg i inkubator heilt utan (surrogat)-mor. Eg er heilt sikker på at vi lenger inn i famtida også skal kunne få til å bygge eggcella frå grunnen av i laboratorium, men det var ein digresjon. Eg er for at ein skal kunne bestemme over eige liv, og at også sein abort er heilt innafor. Den meininga står ikkje i konflikt til at alle foster har ein eigenverdi, det er berre at eg verdsett livet til mora høgare enn barnet. Nøyaktig kvar folk setter grensa er som tidlegare nemt høgst subjektivt, så å krangle om grensa skal gå ved 12 eller 18 veker er meir ei politisk forhandling basert på verdisyn enn det er basert på objektive forhold. Det debatten burde gå på er kven som skal få ha siste ordet på om eit foster skal få lov til, eller bli tvinga til å bli født. I dag er lovverket slik at det er kvinna sjølv som bestemmer fram til no veke 18, nemda som bestemmer fram til veke 22, og deretter seier staten at det er straffbart å avbryte svangerskapet, som i praksis er å tvinge kvinna til å gjennomføre svangerskapet om det har gått meir enn 18/22 veker. Eg gjer meg også nokre tankar om at behovet for sein abort vil kunne reduserast sterkt med betre helsetilbod og ikkje minst kunnskap og oppfølging. Mange oppdagar ikkje at dei er gravide før menstruasjonen uteblir, og mange forstår heller ikkje det signalet og tenker at det kanskje er stress eller liknande som er årsaken. Deretter så skal ein rekke å ta det som er ønskeleg av prøver og testar for å eventuelt vurdere abort. Den store debatten som ingen tørr å ta skikkeleg tak i er kva som er grunnlaget for at ei kvinner velger abort. Personleg så meiner eg at det er særdeles stor forskjell på det å ta abort fordi fosteret har sjukdom eller skadar som vil kreve ekstra mykje oppfølging, kontra det å ta abort som om det var vanleg prevensjon. Det å ta abort på eit friskt foster i veke 18 fordi ein vil behalde ein ungdommeleg kropp med stram mage blir noko heilt anna enn å ta abort etter fostervatnprøva viser at fosteret ikkje er friskt. Som del av denne debatten så bør ein også snakke om kva som er gode og dårlege grunnar for å ta abort (eigentleg uansett kor langt det er komet). Skal det være heilt opp til kvinna å bestemme utan å trenge å oppgi grunn? Vil ønsket om karriere være god nok grunn? Er det at ein ikkje er i stabilt forhold og dermed ikkje kan danne kjernefamilie ein god nok grunn? Er det at ein har tre ungar frå før og ikkje orker tanken på å ha ein fjerde unge grunn nok? Osv. For sjølv om eg er for sjølvbestemt abort, så tenker eg at det kanskje bør være i alle falle nokre samfunnsforventingar til kva som skal få lov til å være gode grunnar. At det skal være faste reglar synes eg blir litt for strengt igjen, særleg med tanke på at kva som er gode grunnar kan være svært individuelt og avhengig av livssituasjon. Skal ein være litt kynisk så er det jo også betimeleg å spørre seg om alle foster som seinare blir barn har ein eigenverdi som er så høg at den skal ivaretakast for ein kvar pris. Eit multihandikappa barn vil nok ikkje bli ein god skattebetalar, og i tillegg er det sannsynleg at ein eller begge foreldra må slutte i sin jobb, og at det må brukast til dels store personellressursar på assistanse livet ut. Det er sjølvsagt få som seier at dei heller ville sleppe å bli født enn å vekse opp, men samtidig så er det nok dei fleste som må innrømme at dersom dei fekk valget om å bli født på nytt, så ville dei helst bli født med best moglege forutsetningar for å kunne leve eit innhaldsrikt liv der ein ikkje hadde trengt å ta hensyn til kroppslege-, mentale-, økonomiske- eller familiemessige forhold. Utan samanlikning forøvrig så er det jo slik i dyreverdenen at foreldra forlater nyknekte fugleungar i reiret om det er lite mat eller rovdyr som truar. Dei vaksne fuglane kan tross alt legge nye egg neste år og på den måten halde fuglebestanden oppe, så det å risikere voksne fuglar i fruktbar alder for å kanskje redde fugleungane er frå naturens side ikkje verdt risikoen. Så har vi mennesker sjølvsagt litt andre målekriterier enn berre det å spre genane våre til til neste generasjon gjennom å få flest mogleg barn som veks opp og får eigne ungar. Det er likevel eit viktig verdispørsmål. Eg meiner at abortdebatten har mange likeheitstrekk til debatten om behandlingstilbod til alvorleg sjuke. På eit eller anna tidspunkt så må myndigheitene sette grenser for kor kostbar behandling som skal tilbyast som del av den offentlege helsetenesta, og også om det i det heile tatt er hensiktsmessig å tilby behandling for at pasienten skal kunne leve litt lenger. Til dømes er det fleire MS-pasientar som ikkje får tilbod om den beste medisinen fordi det er for dyrt, og sjølv om dei fleste eldre har ein eller anna form for kreft så vil ikkje ein 80 åring få tilbod om kostbar kreftbehandling når ein uansett er i livets siste fase på grunn av alder. Eit siste moment som eg også synes det er lagt for lite vekt på er omsynet til helsepersonellet som skal utføre jobben. Skal helsepersonell tvingast til å gjere denne jobben som ein del av stillinga si? Skal ein kunne reservere seg? Skal ein kunne reservere seg delvis, som til dømes at ein berre er villig til å gjennomføre abort fram til veke 12 men ikkje til veke 18? Særleg på foster som nærmer seg levedyktigheit og etterkvart som teknologien blir betre, skal det være lov å gjere forsøk på å redde eit abortert foster? Og i så tilfelle, kva rettigheiter skal dette fosteret ha dersom det overlever? I dag så er det ofte slik at adopsjon ikkje er eit fullverdig alternativ til abort, mykje fordi mange ikkje ønsker å gå gjennom eit svangerskap for eit barn dei uansett ikkje skal behalde. Men også fordi dette barnet får rett til å få vite identiteten til sine biologiske foreldre, slik at ein vil måtte forholde seg til eit adoptert barn seinare i livet. -
Skatteetaten er riktig instans. Siden det er så lenge sidan så finn du det nok ikkje på altinn.no heller. Om du ikkje finn det ut så tenker eg at det berre er å skrive cirka når navnebyttet skjedde. Når du endra navn som barn så er det i praksis utenkeleg at du som barn har hatt aktivitet under ditt gamle navn som har betydning for sikkerheitsklareringa.
- 3 svar
-
- 2
-
-
Med ulike bankar så skjer ikkje betalinga nødvendigvis heilt med ein gong, utanom det så har det ingen betydning. Kva banken din tek i eventuelt gebyr kjem heilt ann på kva bank du har. Gåver frå privatpersonar ikkje skattepliktig, men gåver i slik størrelseorden skal meldast på eigenmeldinga. Gåva må sjølvsagt være reell, litt avhengig av omstendigheitene så kan du risikere at skatteetaten stiller spørsmål for å få klarheit i om det er ei gåve eller om det er betaling.
-
Det som typisk går igjen som fagutdanningar som trengs i framtida så har vi helse og omsorgsfag, byggfag, elektro og data som ofte går igjen. Dette er også av dei mest vanlege og kjente fagutdaningane. Merk også at det alltid er behov for gode fagfolk og mindre behov for dårlige fagfolk. Kanskje med unntak av helse og omsorgsyrka som ofte krev auorisasjon i tillegg, og det er vanskeleg å få tak i nok folk som har lov til å drive med yrket så er det slik at du må være god i faget ditt for å være nokonlunde trygg på å få jobb. Av den grunn så bør du ta eit fagbrev som du også har litt interesse for. Du bør også tenke på om det kan være aktuelt for deg å ta vidareutdanning seinare sjølv om det ikkje er aktuelt i dag. Mange av dei tekniske fagbreva gir deg moglegheit til å gå vidare på til dømes ingeniørutdanning i ulike retningar, til dømes kan du med fagbrev i tømrarfaget kvalifisere til å bli byggingeniør og som elektrikar kan du seinare utdanne deg til elektroingeniør. Samtidig er det ikkje sikkert at du vil utdanne deg til ein kontorjobb, for mange er det langt meir fristande med ein praktisk jobb. Som ein med Asperger, er du veldig nøyaktig i jobben du gjer? I så tilfelle kan kanskje fagbrev i malarfaget være aktuelt. I mange andre ytker så er det ofte fokus på at du skal jobbe raskt enten du jobbar som tømrar eller elektrikar. Men når det skal malast ein vegg så er det mange kundar som er meir opptatt av at det blir eit pent resultat utan skjolder enn at det nødvendigvis går fort. PS. Du nevner parfymer. Eg kjenner ikkje til at det finnes eit fagbrev innafor parfymefaget (det finnes fagbrev innom ein del andre svært uvanlege fag som skomaker og fiolinbygger). Men ser det finnes bachelorutdanning i parfyme og kosmetikkprodukt, då med fokus på å drive eit parfymeri eller produsere sine eigne produkt. Det ser også ut til at dette tilbys som eit eitårsstudium. Det er sjølvsagt ikkje sikkert at du vil gjere hobbyen din til jobb, men det er ei moglegheit. Den store fordelen med ei slik utdanning er at det umogleg kan være mange andre som har tilsvarande kompetanse.
- 28 svar
-
- 2
-
-
-
Eg er ikkje heilt einig i kritikken din, men det er fordi eg ikkje les artikkelen som at NRK på nokon som helst måte støtter pastoren i sine påstandar. Om noko så tolkar eg artikkelen heilt motsatt, at her har NRK under dekke av nøytralitet stilt pastoren i eit så dårleg lys at det nesten tenderer til latterleggjering av pastoren. Eg tenker også at artikklar om slike meiningar frå religiøse leiarar gjer det langt lettare å kritisere kirka som institusjon. Å kome med tilsvar om kor latterleg det er å tru at det å drive med yoga maner fram onde ånder er så lavthengande frukt at det nesten blir for enkelt å kome med kritikk. For oss som er lite eller ikkje religiøse i det heile tatt så blir det enda vanskelegare å akseptere at den norske kirke skal få så mykje i statsstøtte når disse pengane blir brukt til dommedagsprofetiar om at det å drive yoga er farleg. Særleg når den kanskje største samfunnutfordringa vi står ovanfor er at færre og færre er fysisk aktive.
- 17 svar
-
- 2
-
-
Ja, og det er det som er spesielt skummelt dersom denne dommen blir ståande som rettspraksis. Om bruken av n-ordet isolert sett medfører at det som ytra n-ordet kan få seg eit knyttneveslag i ettertid utan at det medfører straff. Eit viktig moment her er også at voldsbruken skjedde ikkje ved fyrste møte etter at n-ordet vart brukt, dei to partane hadde ein fredeleg samtale på morgonen dagen etter, og fyrst seinare på dagen kom voldsbruken. Det hadde vært veldig enkelt om det var n-ordet i seg sjølv som gir deg frikort til å yte vold utstraffa, for då hadde alle vist at bruker du n-ordet så samtykker du i praksis samtidig for å bli utsatt for vold. Det som er vanskeleg her at det er voldsmannen sjølv som får definisjonsmakta på kva ein syntes var krenkande språkbruk, så då kan ein kvart ord eller gestikulering gi fritak for voldsbruk om ein berre hevdar seg kreka etter å ha fått lang omtenkningstid. Så vidt eg har fått med i denne saka så er det ikkje ført bevis for at voldsofferet brukte n-ordet med det formål å krenke, eller om det berre var uheldig ordbruk. For sjølv om den som var mottakar av ordet (eller venn av mottakren av ordet) opplevde det som krenkande så er det av betydning om ordbruken var vondt meint eller ikkje. Med denne dommen er vi på veg til å få ein æreskultur der ein med rettsvesenet velsignelse kan eskalere språklege krenkingar til voldsbruk ganske lenge etterpå. At det er straffefritt å slå til ein som slenger med leppa som umiddelbart tilsvar er ein ting, men når ein regelrett går heim og til tross for god omtenkningstid finn ut at vold er einaste svaret, så er det kjempeskummelet for rettssikkerheita. Om det er dette som er meint når det i straffeloven står at kroppskrenking kan gjerast straffefritt om det er gjengeldesle etter forutgåande særleg provoserande handling, så må vi endre lova. Enten ved å sette ein tidsfrist på kor lenge det kan gå mellom provokasjonen og gjengeldinga, eller aller helst at tilsvarande som med sjølvforsvar så er det ulovleg å bruke meir makt enn nødvendig. Å eskalere frå ordbruk til fysisk vold mange timar seinare burde være ulovleg. At vi kan vise litt forståing for ein person som blir krenka og som i sinne handlar urasjonelt nok til å bruke vold som direkte tilsvar er ein ting. Men det kan ikkje være slik at det no er lovleg at du etter å ha blitt fornærma kan gå heim og legge eit hevnplott.
- 47 svar
-
- 3
-
-
Fare for å få elektrisk støt ved å gå under en høyspentledning?
The Avatar svarte på rakd sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Nei Ja teknisk sett er det mogleg, men berre ved spesielle omstendigheiter. Som at mykje snø gjer atavstanden frå bakken til leidningane er mykje kortare enn normalt, at ein går og peiver med lang metallstang eller radioantenne, om høgspentkabelen er skada, om mykje snø/is på leidninga gjer at dei strekker seg og kjem nærmare bakken enn vanleg, osv. Normalt sett er det trygt å oppholde seg under høgspenkablar så lenge ein ikkje klatrar i stolpane eller på anna måte kjem uvanleg nært. Ein unngå i dag å plassere heilårsbustadar og liknande veldig nært høgspentleidningar for å være på den sikre sida i forhold til langvarig eksponering for elektromagnetisk stråling (og støy). Utanom å aktivt gå inn for å kome nært kraftleidningane eller være usedvanleg uforsiktig som å leike med drage med metallsnor ved høgspentleidningane så går det i praksis ikkje ann å få støyt. -
I eit sivilisert samfunn så må vi kunne forvente at uansett kor grovt du blir fornærma, så må du ha funne anna måten å ta igjen på dagen etter anna enn å bruke vold. At du viser berettiga harme og smekker til ein person som direkte tilsvar til ei fornærming er ein ting. Men når du har dratt heim og har hatt heile natta til å tenke ut kva som skal være ditt neste trekk, og du berre har komt fram til voldsbruk så tenker eg at du fortener full straffeutmåling. Kvifor ikkje bruke eit av dei mange andre alternativa? Som å svare med ein ny fornærmelse, du kan ta ut søksmål for æreskrenking, du kan heve deg over det, osv. Å bruke vold så lenge etterpå vil være ei opptrapping av konfliktnivået. Om ein fyrst skal hevne seg etter ei fornærming, så burde det vel være tilstrekkeleg med skadeverk på materielle verdiar framfor vold? Det er jo i det minste litt mildare sjølv om også skadeverk er ein voldsom eskalering frå stygg språkbruk. Dette er ein tulledom som skaper ein farleg presedens. Forsvaret til alle som blir sikta for vold kan frå no av være at voldsofferet kalla deg ein idiot i forgårs. Det treng ikkje ein gong å være sant, det er tilstrekkeleg at det kan være sant for at det ikkje er bevist utovernein rimeleg tvil at voldsbruken ikkje var berettiga.
- 47 svar
-
- 2
-