
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det er sjølvsagt både greit og forventa at ein arbeidsgivar skal ta grep for å beskytte sine tilsette mot uheldige påvirkningar som til dømes netthets. At spelselskapet truer med sperre ute kundar som ikkje oppfører seg er ein heilt vanleg måte å behandle uønska kunder på. Det einaste det eventuelt kan stillast spørsmål ved er korleis ei slike utesperring skal gå føre seg. I praksis kan eg ikkje sjå for meg at dette er særleg problematisk, men det er likevel interessant å tenker over kva vilkår som skal leggast til grunn. Det er i alle fall to høgst relevante problemstillingar som kan gjere seg gjeldande: 1. Kor alvorleg og kva beviskrav skal det stilles før ein kunde blir sparka ut? 2. Har kunden rett på tilbakebetaling eller har selskapet rett til å behalde kundens pengar som ei "bot" når kunden ikkje lenger får tilgang til tenesten som det er betalt for? Ein skal sjølvsagt ikkje måtte tole uakseptabel oppførsel frå kundane, men det bør heller ikkje være heilt opp til selskapet når ein slutter å levere tilbodet som kundane har betalt for. Det er her det er stor forskjell på å kjøpe eit fysisk produkt kontra ein lisens. Har du kjøpt TV på elkjøp og etterpå kritisert dei tilsette på elkjøp så kjem det ingen heim til deg for å hente tilbake TVen som du har betalt for. Då er det betimeleg å stille spørsmål om det skal være tilsvarande adgang for eit spelstudio å nekte ein kunde tilgang til alle spela dei har kjøpt digitalt. Igjen så er dette relativt uproblematisk i praksis, så vidt eg veit så treng du berre Square Enix konto for å få tilgang til på onlinetenestene deira, og det burde være uproblematisk å nekte ufine kundar tilgang til onlinetenester, dette er tross alt berre ei gratis tilleggsteneste i spela. Men det er også enkelte spelstudio som krever pålogging også for å spele spelet off-line, og då er det etter mitt syn meir problematisk å nekte tilgang til spelet utan å gi økonomisk kompensasjon. Når Firewalk Studios trakk tilbake skytespelet Concord etter massiv kritikk så fekk alle som hadde rukket å kjøpe spelet full refusjon, mest truleg så kunne dei nok ha sletta spelet og beholdt pengane utan at kundane kunne gjort noko med det.
-
Æ, Ø og Å er uproblematisk ettersom ordninga med å bruke AE, OE og AA er godt standarisert slik at det er heilt uproblematisk å oversette navnet til system som berre støtter bokstavane A til Z. I dag er det heller ikkje eit veldig utstrakt problem med systemer som ikkje takler spesialteikn. Det er kanskje mest flyselskap og liknande som fortsatt har gamle system. Både nettadresser og epostadresser støtter i dag æ, ø og å, etterkvart som fleire bruker virtuelle tastatur så har det også blitt leikande lett å skrive alle slike bokstavar. Så har du to franske venner som heiter Maël og François så er det ikkje veldig krevande å stave deira navn heilt korrekt. For 20 år sidan så kunne det være litt utfordrande å heite Øyvind Åsen når du skulle bruke digitale system, men i dag er det heilt uproblematisk. I enkelte tilfeller der du til dømes jobber med internasjonal handel så kan det faktisk være ein fordel å ha eit navn som heilt tydeleg viser at du er norsk. Heiter du for eksempel Marcus Moss så er det heilt umogleg å gjette på kva land du kjem frå.
-
hvor mye kapasitet har leilighet i strøm?
The Avatar svarte på stamkunde sitt emne i Hus, hage og oppussing
Du må gå via styret, men det er mest ein formalitet. Etter eierseksjonsloven § 25a så har du rett til å få sette opp ladepunkt for elbil i tilknytting til parkeringsplassen som du disponerer. Dette kan berre nektast med sakleg grunn, og det skal ein del til. Frykt for auka brannfare er til dømes ikkje vurdert som sakleg grunn til å nekte deg å sette opp ladepunkt. Dersom du ikkje disponerer eigen parkeringsplass så kan du kreve at styret etablerer ladepunkt som er tilgjengeleg for bebuarane i sameiget. Etter forarbeida i eigarseksjonslova så går det fram at ein andelseigar som disponerer eigen parkeringsplass må sjølv betale for ladeboksa, men at eventuelle oppgraderingar av stømnettet for å mogleggjere slik lading er ein felleskostnad som skal fordelast etter vanleg sameigebrøk. Det å få oppgradert kapasiteten er derfor ei styreoppgåve. Du er sikkert velkommen til å undersøke både kva som trengs og kva det koster, men pass på at det er styret som står som bestiller av jobben sidan det er styret som skal betale rekninga. Normalt sett så vil styret ønske å oppgradere slik at det blir lik lademoglegheit for alle bebuarane når ein fyrst går i gong med jobben, i staden for å bygge ut i mange steg etterkvart som at bebuarane skaffer seg elbil. Det er også styret som må ta stilling til korleis ein skal løyse det praktiske rundt betaling for elbilladinga. I praksis er det to alternativ i sameiger der bebuarane disponerer fast parkeringsplass, enten så tek ein den litt større installasjonskostnaden med å kople ladepunktet opp til kvar enkelt bebuars sikringsskap slik at du sjølv betalar for ladinga via vanleg straumrekning. Det vanlegaste ser likevel ut til å være at ein koplar ladarane til fellesanlegget i sameiget med avlesing av forbruk, som igjen danner grunnlaget for at styret sender ut eigen faktura for ladinga. Tl:dr: Dette er ein jobb du kan overlate til styret i sameige å ordne på sameigets rekning, deretter må du sjølv kjøpe ladeboks. -
Så bra. Den kostnaden spiser litt av investeringsbudsjettet ditt slik at det tek litt lengre tid å tene innigjen investeringa, men med tanke på at du nedbetaler mineren på ca 1 år så vil nok det å få lagt opp ny kurs ikkje koste deg meir enn ein måned eller to i profitt. Når ting ligg såpass til rette så er det jo meir eit spørsmål om du har har meir enn 50k å investere, klarer du å skaffe deg ein miner til så er dette prosjektet fortsatt lønnsomt på mykje under eit år.
-
Om du ikkje samarbeider og selger frivillig så må salget uansett innom retten for å kunne tvinge deg. Styret kan openbart ikkje legge din leilegheit ut for salg, om du ikkje samtykker så må styret skaffe seg ein dom og gå til Namsmannen for å få tvangssalget gjennomført.
-
Vita og Wanda, influencere i hardt vær
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Berre synd at dei er ekspertar innan fagfelt som ikkje er relevant. Når blei ein dagleg leiar av ein restaurant og ein restaurantsjef ekspertar innan mat-fotografering? Det einaste som er relevant her er jo om fotograferinga var unødig sjenerande eller ikkje. Ein må gjerne meine at det å fotografere maten er uhøfleg, men det er fullt ut akseptert på så og seie alle resturantar, også dei som er litt finare. Om restauranten ikkje ønsker fotografering så får dei sette opp eit skilt eller informere gjestane på anna måte. Så det einaste spørsmålet er om det er restauranten som har vært ufine mot influencerane, eller om det er influencerane som har vært ufin mot dei andre gjestane. -
Om vi også får fri kvar fredag sidan det er ein høgtidsdag for muslimar så skal eg ikkje seie nei takk til det, men du vil nok ikkje finne meg i moskeen kvar fredag av den grunn. Du finn meg forresten heller ikkje i kyrkja på søndagar for den slags skuld.
-
Charter-Hilde kritiserer utslitte realitykonsepter
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i TV-serier og -programmer
Med litt promille så henviste eg til NRK serien "fylla" og ikkje "helt Ramme sporter". Det var openbart at dei begge var regelrett dritings. Sjølv om dei drakk vin ved alle dei 23 vingårdane så var nok alkoholinntaket vesentleg mindre enn 23 einingar. Det starta med fulle vinglas men jo lengre ut i løypa dei kom så vart det mindre og mindre beger med vin. Ei alkoholeining med raudvin på 12% er 1,25 dl og mange av glasa dei fekk servert. Vedlagt er ein skjermdump av glas nr 20, dette 2 cl plastbegeret er i beste fall 1/3 fullt. Det er fortsatt mykje alkohol å helle i seg i løpet av 6 timar, men det er langt unna 23 alkoholeiningar. 12% alkoholprosent er også i det øvre skiktet for raudvin, eg tviler på at vingårdane har leita fram sine kruttsterke 15+% vinar til dette formålet. -
Bloomberg: Supertynn «iPhone 17 Air» kommer i år
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Ein mobiltelefon med 6,6 tommers skjerm og kanskje så tynn som 5 mm må da være å ekstremt utsatt for å blir bøyd? Litt avhengig av dimensjonen på skjermen og rammen rundt så vil ein telefon med 6,6" skjerm være ca 16 x 7,5 cm, og då blir 0,5 cm ganske tynt. Skal vi tørre håpe på at telefonen blir bygd med stålramme og ikkje mjuk aluminium? Eg ser appellen med ein tynn telefon, ein tynn telefon vil være langt meir behageleg å ha i lomma, med det vil ikkje være verdt det om ein må være forsiktig kvar gong ein setter seg ned for at ikkje telefonen skal knekke. -
Charter-Hilde kritiserer utslitte realitykonsepter
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i TV-serier og -programmer
Er heilt ueinig. Fyll blir ikkje framstilt som ufarleg. Episoden startar med ein advarsel om kor farleg det er, og når ein ser sluttresultatet så viser det at dette var heilt anna enn ufarleg når Emilie ender opp med å bli forslått med blodig ansikt og knekt tann. Det er på ingen måte eit glamorøst bilde på at overdrevent alkoholinntak berre er moro og ufarleg. Heile poenget med serien er jo også å vise fram rare sportar. Om vi skal være så kritiske til kva som er sport at vi berre godkjenner sportar som er moro og heilt ufarleg så har eg ei lang liste med "vanlege" sportar som må vekk frå fjernsysruta raskast råd. Alt av kampsport seier seg sjølv, ikkje bra med rollemodellar på TV som brukar vold. Eigentleg så tenker eg at vi fjerner all kontaktsport også, det hender seg at det er nokre brutale taklingar i fotball og handballkampar også. Skihopp er openbart livsfarleg, vi kan i alle fall ikkje ha rollemodellar som får folk til å ha lyst til å hoppe frå høge konstruksjonar. Sjakk promoterer ein dårleg livsstil som er alt for sittestillade, får det vekk. Einaste sporten som burde være lovleg på TV er løping og anna mosjonstrening som medfører liten fare for idrettsskader om vi berre passar på idrettsutøvarane våre ikkje trener for hard, vi vil berre ha blide mosjonistar i TV-ruta, ikkje snørrete langrensutøvarar. Også NRK må kunne tilby anna TV underholdning enn tippekamp og politisk debatt. Denne episoden av "helt Ramme sporter" er ingenting mot NRK serien "fylla" som i beste sendetid viste norske ungdommar drikke seg fulle på bygdefest. Riktignok hadde serien eit populærvitenskapleg tilsnitt der også negative sider vart belyst, men serien prøvde også å belyse dei positive sidene med alkohol, som blant anna fordelen med å ha litt promille i sosiale samanhenger. -
ChatGPT er ofte kreativ i sin framstilling, så ein juridisk trent språkmodell kan kanskje være til hjelp for å finne parallellar og samanhenger som mennesker ikkje har så lett å finne. Den juridiske metode er ikkje skrevet i stein, så ein språkmodell kan tenkast å finne støtte for ein argumentasjon etter straffeloven basert på kva som er rettspraksisen for til dømes jordlova eller ei anna tilsynelatande urelatert lov. Eg er ellers heilt einig i deg i at det mest nærliggande bruksområde for KI innafor jussen er til å søke seg gjennom store mengder tekst for å finne ut om nokon av dokumenta tek for seg problemstillingar som er relevant for din sak. KI verktøy er ganske gode til å finne igjen relevante sitat og avsnitt, særleg om du ikkje husker ordrett kva som stod der så kan du beskrive for KI'en kva du husker av sitatet og så finner KI'en fram sitater som stemmer med din beskrivelse.
-
Synes også at det har ein verdi med synkroniserte fridagar. Det er derfor eg heller ikkje er stor tilhengar til butikkar som held opent i helga og særleg då på søndagen. Eg ser riktignok at det er veldig praktisk, særleg for meg som jobber måndag til fredag så har eg personleg stor glede av at eg også kan velge å bruke fritida mi på å gå i butikkar, men eg unner dei tilsette å også ha fri i helga. For min del så kunne disse religiøse fridagane godt vært knytt opp mot andre markeringar. Til dømes så kunne også 16 mai med stor fordel vært ein fridag slik at denne dagen kan brukast til å stelle i stand til 17 mai. Vi burde også hatt nokre fridagar mellom sommarferien og jula, det er unødig at alle fridagane skal være samla på våren. Påska kunne godt vært bytta ut med ein litt seinare vinterferie for alle. Det hadde etter mitt syn også vært ein stor fordel om disse fridagane vart plassert på faste tider, at vi fortsatt skal drive å ta påskeferie utifrå når det var nymåne og ikkje utifrå kalenderen er etter mitt syn berre tull. Kan kirka legge Jesus sin bursdag til 24 desember til tross for at den historiske Jesus mest truleg vart født i mars basert blant anna på tidspunkt for lamminga, så kan også kirka berre bestemme at påska skal markerast den andre veka i april uavhengig av korleis månen står. Eg trur likevel at det vil være ein gedigen tabbe å endre på dette. Eg kjenner meg rimeleg sikker på at dersom ein startar å diskutere fjerning av kristne fridagar med argumentasjon om at det er så få kristne, så vil det fyrste motspørsmålet være kvifor skal folk då ha fri? Det er veldig stor fare for at ein slik diskusjon berre vil føre til fjerning av kristne fridagar utan at det blir erstatta med nye fridagar. Sist der vart rydda i helligdagane var når kong Christian VII innførte ei ny forordning i 1770, då vart talet på helligdagar i Norge halvert fordi kongen meinte at det var for mykje lediggang. Med denne forordninga så forsvant flotte fridagar som: tredje juledag, 13. dag jul, Marias budskapsdag, tredje påskedag, tredje pinsedag, jonsok, allhelgensdagen, osv. Disse tapte helligdagane vart sjølvsagt ikkje erstatta med feriedagar. Eg trur at det same kjem til å skje igjen om det blir ein ny prosess på kva som skal være fridagar. Eg tenker særleg at andre jule-, påske, og pinsedag skal være fridagar er lavthengande frukt, dei kan nok fort bli strøke med eit pennestrøk sidan det er nok å ha fri fyrste dag. Så dersom det blir snakk om folkeavstemming for å endre fridagane så kjem eg til å stemme imot. Sjølv om folket vil ha flest mogleg fridagar så vil nok Stortinget fokusere mest på kva det kostar Norge i tapte arbeidsinntekter at folk skal ha så mykje fri, så då er det stor fare for at det blir bestemt at det får holde med ferielovens 25 virkedager med lovpålagt ferietid. Politikarane sjølv har tross alt tariffavtale som gir dei rett på ei femte ferieveke meir enn lovens minstekrav, og stemmer dei for å pålegge befolkninga fleire arbeidsdagar i året så skal du ikkje sjå vekk i frå at politikarane blir belønna med enda ei ferieveke som bonus for å ha sikra AS Norge ekstra med skatteinntekter.
-
Synes nok du har eit litt urealistisk syn på kor lett ho kan få seg anna jobb. Når du i ein alder av 30+ ikkje har utdanning utover grunnskule, og du ikkje har anna arbeidserfaring enn å jobbe som barnehageassistent så er det ikkje lett å berre finne seg ein kontorjobb. Det må i så tilfelle være via gode kontakter, som til dømes denne bedrifta som faren hennar hadde. Når ho ikkje ein gong kan vise til at ho har erfaring med å bruke PC så får du ikkje kontorjobba kasta etter deg. I den grad det finnes konorjobbar utan kompetansekrav som i tillegg gir 800k i lønn så må ein forvente at det er svært mange søkarar. Snittlønna for ein kontormedarbeidar er 540 000 kr i året, dama di som er litt over 30 år er nok litt under snittet i alder og langt under snittet med erfaring, så realistisk sett så trur eg ikkje ho kan forvente å få tilbod om meir enn 500k i lønn på eit kontor, kanskje også mindre. Verdien av arbeidskrafta ho stiller med er nok relativt lik uavhengig av om ho jobber i barnehage eller på kontor, om ho bytter til ein kontorjobb så får ho arbeid som ho synes er kjedelig, men til gjengjeld vil ho være mindre utsatt for sjukdom. Men det er naivt å tru at lønna går mykje opp. Eg trur heller ikkje på at det er den ventande arven som gjer at ho "held ut" i eit lågslønnsyrke, eller har du inntrykket av at ho kjem til å seie opp jobben så fort ho får arva? Hadde ho vært motivert av at ho snart får ei stor arv, så hadde ho enten vært interessert i pengar slik at vi kunne forvente at ho hadde jobba hardt for å finne ein jobb med best mogleg jobb, eller så hadde eg eigentleg forventa at du hadde latt være å jobbe fordi planen er å kunne leve på arven når den kjem. Dykk to har nok eit veldig forskjellig verdisyn, og eg trur som sagt at du har eit veldig urealistisk syn på kva ho kunne fått til om ho hadde valgt eit yrke som for henne berre er ein jobb å gå til. For dei som liker å jobbe i barnehage så er nok fordelane langt større enn ulempane. For sjølv om lønna er dårleg, arbeidstidene ugunstige, og ein er utsatt for sjukdommar, så er det også mange fordelar med yrket. Dette er eit yrke som nok kjennes veldig meiningsfylt ved at ein jobbar med oppdra den komande generasjonen, i tillegg så får ho betalt for å leike med barna og har eit godt arbeidsmiljø. Eit personleg spørsmål er om dykk har eigne barn? Om dykk ikkje har det så kan ein av grunnane til at ho trives i barnehagen være at det oppfyller eit personleg behov for å jobbe med barn. Då kan det være at dersom ho hadde hatt barn heime så som ho kunne oppdra og leike med så hadde ho også blitt meir interessert i å jobbe med noko heilt anna.
- 60 svar
-
- 1
-
-
Det brannutsatte området ser ut til å være ganske klart blått. Trump sine tilhengarar bur tydelegvis lenger inne i California.
-
Tenker at det uansett må gjerast ei konkret vurdering utifrå naboens føresetnadar for å kunne handtere brøytekanten, og kva som er å rekne som vanleg i dette området. I eit område som bruker å få mykje snø så må ein nok også forutsette at huseigarane er førebudde på å fjerne snø. Ein to meter høg vegg framfor innkjørselen kan være heilt uproblematisk for ein gardbrukar som disponerer både traktor og gravemaskin, medan ein brøytekant på 30 cm kan bli vurdert som heilt urimeleg i eit nabolag der det nesten aldri er kaldt nok til å snø. Eg tenker at det er rimeleg å gjere ei vurdering på om naboen har fornuftige forutsetningar for å kunne rydde opp. Det å ha tilgang til spade slik at ein kan fjerne ein brøytekant vil nok aldri være nokon vesentleg ulempe sett opp mot verdien av at vegen forbi huset er brøyta og framkomeleg. Men om all snøen frå gata er plassert i din oppkjørsel slik at det er nesten uråd å fjerne snøen utan tungt maskineri, så vil nok din ulempe med å være regelrett innesperra være såpass vesentleg at det framstår som urimeleg målt opp mot at resten av vegen er snøfri.
- 94 svar
-
- 1
-
-
Brannhydrantar er så og seie alltid kopla på det vanlege drikkevassforsyninga. Dette har med kostnadar å gjere. Det er likevel ein del ulemper med den løysinga. Det viktigaste er at ein må finne rette kompromisset mellom å kunne levere nok sløkkevatn og samtidig oppretthalde drikkevasskvaliteten. Til brannsløkking er det ønskeleg med så store røyrdimensjonar som mogleg slik at det er mest mogleg vatn som er tilgjengeleg, problemet er at jo større røyrdimensjonen er, jo større volum av reint drikkevatn blir ståande i røyra før vatnet når fram til kunden. Når du tappar drikkevatn så lar du vanlegvis kaldevatnet renne ei lita stund til du har fått tappa ut det stilleståande vatnet som har stått i røyret inn til ditt hus som har blitt varmt og som kanskje også fått dårleg smak. Dette fungerer fordi at hovudvassledninga i gata di har såpass med gjennomstrømming at det alltid er kaldt vatn i det røyret. Hadde vassrøyret i gata også hatt stor dimensjon så kunne ein risikert at også dette vatnet har blitt stilleståande og har fått dårleg smak. Problemet med eit eige sjøvannsnett er at dette er eit nett som må trykksettast, typisk då med at sjøvatnet må pumpast opp i høgdebasseng slik at sjøvatnet kan renne nedover ved hjelp av tyngdekrafta. For vanleg drikkevatn så vil ein i dei aller fleste tilfeller prøve å finne eit drikkevatn som ligg høgt oppe på fjellet, for på den måten kan ein bruke tyngdekrafta heile vegen og minimerer mengda med vatn som må pumpast rundt. Skadevirkningane av saltet vil variere veldig etter måten det er brukt på. Utfordringa med korrosjon gjeld hovudsakleg om ein brukar saltvatn på hus og liknande. Derfor prøver ein priært å bruke ferskvatn om mogleg, men sjøvatn fungerer også. Og sjølv om at eit hus som er sløkt med sjøvatn er utsatt for korrosjon, så er det tross alt billegare å bytte det elektriske systemet i huset enn det er å bygge opp eit heilt nytt hus fordi brannvesenet ikkje ville slukke med sjøvatn. Når det gjeld salt i naturen så er ikkje det gunstig for miljøet, men vanlegvis så er det ganske uproblematisk. Sjølv om sjøvatnet skulle være så salt at plantelivet døyr ut så må ein huske på at det er snakk om ei relativt smal stripe av skogen som blir utsatt for sjøvatnet. Den delen av skogen som er utbrent brukar ein ikkje sjøvatn på så der vil plantelivet kome tilbake, og på andre sida av der ein har sløkt med sjøvatn så er skogen heilt uberørt av brannen. Det vil ikkje nødvendigvis være meir miljøvennleg å unngå å bruke sjøvatn dersom det medfører at det er meir skog som går tapt i brannen. Særleg for disse rikingane så burde dette være tiltak som er lett overkomelege å innføre, ikkje er det spesielt dyrt heller. Slik som for Paris Hilton som mista sitt hus verdsatt til 8,4 mill dollar så hadde det ikkje vært veldig dyrt å brannsikra det, særleg når det er så kjent at dette området er utsatt for skogbrann. Eg trur nok også at ein kunne sikra seg med langt billegare metoder. Ved skogbrann så er største risikoen at glør og slikt legg seg under takutstikk, panel, osv. Ein treng ikkje nødvendgvis å pakke inn huset i aluminiumsfolie, ein kjem langt med harde flater og gnistfangarar der det må være lufting. Hadde eg eigd eit slikt dyrt hus i dette området så ville eg vurdert å montere utvendig sprinkleranlegg kopla mot svømmebassenget. Med eit avløpssystem som også kan rettast tilbake til bassenget så vil ein sjølv med vassmangel kunne sirkulere det same vatnet med hjelp av ei pumpe. Det skal ikkje mykje vatn til for å fukte huset akkurat nok til at gnistane ikkje får ta tak. At ein etter å ha aktivert systemet må bytte til reint vatn i bassenget burde være ein liten pris å betale, eit slikt sirkuleringsanlegg kostar ikkje meir enn prisen for ei pumpe og røyrleggararbeidet. Største problemet i forhold til bygningane som brenn ned ser ut til å være at det er bygd for tett, og openbart utan god nok brannsikring. På bilda ser det ut som at det er rimeleg klart at det har starta å brenne i eit av husa og så har det spreid seg som ei dominoeffekt til alle husa brann ned.
-
Lønnsforhandlingene - krav om endring av stillingskode
The Avatar svarte på Bobly sitt emne i Jobb og karriere
Tenker at dersom det er relevant å bytte stillingstittel så er det også relevant å bytte lønnsnivå. Unntaket er sjølvsagt om endringa berre har som funksjon å være ei fjær i hatten til trådstarter som med denne endringa kan kalle seg seniorrådgiver samtidig som ein gjer nøyaktig den same jobben for nøyaktig den same lønna. Om det ikkje foreligg eit slikt behov for å justere lønna så ser eg heller ikkje kva som er hensikta med å sende inn kravet no, då kan ein like godt stille kravet om endra stillingstittel i samband med årets lønnsforhandlingar. Korleis "spesielle behov for å beholde" blir brukt vil nok variere veldig mykje, men om ein legg til grunn at denne bestemmelsen berre skal brukast når ein har fått nytt jobbtilbud så meiner eg at bestemmelsen objektivt sett er brukt feil. Heile poenget med bestemmelsen er at ein skal kunne bruke lønn for å behalde gode arbeidstakarar, dersom ein venter til at arbeidstakaren har brukt tid på å søke ny jobb, har fått tilbod om ein spennande jobb, og i tillegg fått tilbod om ei høgare lønn, så er denne arbeidstakaren alt på veg ut døra. Då vil det ikkje hjelpe å kome springande i siste liten med tilbod om litt småpengar for å fortsette i same gamle jobben. Det sagt så er det ikkje nødvendig å bruke denne bestemmelsen for å presse opp lønna til eit veldig høgt nivå, det er tilstrekkeleg å bruke bestemmelsen til å justere opp lønna litt når ein ser at lønna er litt låg samanlikna med kollegaen eller i dette tilfellet nabokommunen. Om ein venter til det føreligg eit konkret jobbtilbod så gambler ein eigentleg alt på at arbeidstakaren som har søkt seg vekk ikkje tørr å takke ja til ein ny jobb. Og skal dagens arbeidsgivar kome i siste liten med eit lønnstillegg så vil det medføre eit ganske stort lønnshopp på den arbeidstakaren som har fått eit jobbtilbod, noko som gjer at kollegaen då har relativt sett mykje lågare lønn. Det vil igjen føre til at denne kollegaen også søker seg ny jobb for å kunne kreve tilsvarande lønnsnivå, osv. Ei kommune som har dette som lønnspolitikk er openbart ikkje interessert i bruke denne bestemmelsen til noko som helst fornuftig, skal ein behalde flinke tilsette så er det alt for seint å kome med nytt lønnstilbod når den tilsette har fått ny jobb. Det einaste arbeidsgivar oppnår med slik strategi er at ein får budkrig mellom kommunen og den nye arbeidsgivaren, noko som presser opp lønna sidan det er to arbeidsgivarar som prøver å overby kvarandre for å få den same arbeidstakaren. Alle som har litt erfaring med budkrigar veit at det mest gunstige er å kapre auksjonen ved å gi til dømes husselgaren eit fornuftig tilbod før husselgaren opner for at andre interesserte kan kome med sine bud. Det du då får er det minste som arbeidsgivar kan sleppe unna med. Det er svært sjeldan at arbeidsgivar kjem uoppfordra med tilbod om å auke lønna di av betydning. Arbeidsgivar ønsker arbeidstakarar som leverer godt og krever lite, og slepp ein i tillegg unna med å lønne alle heilt likt utan å måtte bruke tid på å vurdere kven som leverer og kven som berre møter opp så er det berre positivt for arbeidsgiver. Skal ein ha meir lønn enn kollegaene som gjer ein dårlegare jobb så må du be om det. Det å diskutere lønn med leiaren er veldig viktig for at leiaren skal forstå kva lønnsforventningar du har, slik at leiaren kan velge å prioritere deg ved neste lønnsforhandling, for å på den måten unngå å miste deg til ein arbeidsgivar som er villig til å betale meir om du søker jobb der. Oslo kommune har ein heilt eigen tariffavtale. På mange måtar så liknar tariffavtalen i Oslo kommune meir på tariffavtalen til Staten enn den har til felles med resten av kommunenorge. Tariffavtalen til dei andre kommunane er eigentleg ganske lik tariffavtalen i privatsektor, det er faktisk overraskande mykje same prinsipp som ligg til grunn. Oslo kommune og Staten er veldig styrt av lønnstrinn der ein ser på dine kvalifikasjonar og leiter opp i tabellen kva lønn du skal ha. Både privat og kommunal sektor har det til felles at dei baserer seg på at alle arbeidstakarar skal ha ei lønnsfastsetting som er tilpassa den enkelte arbeidstakarens komptanse, innsats og kompleksitet i stillinga, dog med ei tariffesta minstelønn som seier at ein arbeidstakar med X kompetanse og Y ansiennitet skal ikkje ha mindre lønn enn Z. -
Då høyres det eignetleg ut som at dykk har ein avtale om bruk av privatbil, riktignok ein dårleg avtale men likefult ein avtale på at arbeidsgivar berre dekker køyregodtgjerslene. Kva skjer om du ikkje har bil sjølv? Får du andre arbeidsoppgåver? Blir du satt saman med ein kollega som du kan sitte på med? Blir du henvist til å ta bussen? Eller vil sjefen då skaffe deg firmabil? Dette er fine kontrollspørsmål opp mot moglegheita for å få på plass ein betre avtale. Der arbeidstakaren jamnleg brukar privatbilen i teneste så er det vanleg å inngå ein avtale der ein får ei årleg godtgjersle i tillegg til kilometergodtgjersla. Eit kjapt googlesøk viser at sjukepleiarforbundet har ein avtale med kommunane om at godtgjersla kan være opp til 17 000 kr i året pluss kilometergodtgjersle etter statens satsar. Med ein slik avtale så er det nok meininga at denne summen også skal dekke forsikringar og slikt. Det arbeidsgivar får igjen for ein slik avtale er at arbeidstakaren pliktar då å ha bilforsikring som gir rett på leigebil, slik at arbeidstakaren alltid kan stille på jobb med eigen bil også om privatbilen må på verksted. Det kan i så tilfelle også være eit forhandlingskort for å få arbeidsgivar til å dekke eigenandelen din. Om du argumenterer for at du ser at risikoen for store kostnadar ved skader er for stor ved bruk av privatbil er så store at du ikkje lenger vil stille privatbilen din til disposisjon, så kan det være at du får arbeidsgivar til å love å betale disse 6000 kr i staden for å måtte skaffe deg firmabil som sjølvsagt blir langt dyrare.
-
Dagens studentar er generelt sett flinke til å bruke KI under studiane, eg veit ikkje om at det er haldepunkt for at jusstudentar er flinkare enn andre studentar. Det som dagens studentar lærer seg (ofte indirekte) er kva KI egnar seg til og kva KI ikkje kan brukast til. Eg trur nok at vi i tida framover vil sjå mange juksesaker på universiteta der studenten har gått over grensa mellom å bruke KI som studiestøtte og bruke KI til å svare ut oppgåvene. Innafor jussområdet så er KI eit nyttig verktøy til å mellom anna skrive om komplisert fagtekst til eit enklare språk tilpassa lesarar utan juridisk kompetanse. Det KI ikkje er like bra på for ein jusstudent er å lage kortversjon av lovtekster, dette frodi det ligg svært mykje meining bak kvart einaste ord i lova, så det å be KI om å skrive eit referat blir fort unøyaktig. Det er av samme grunn at ein bør være forsiktig med å sjølv oversette norske lover til f.eks. engelsk, lova kan fort få ein heilt anna ordlyd om du er unøyaktig med oversettinga. Dersom du treng ei lovtekst på eit anna språk så skal du enten vise til den engelske versjonen der det finnes, eller så skal du skrive din tolking av paragrafen slik at det er tydeleg at det er din forståing som blir presentert og ikkje nødvendigvis lovskrivers meining. Eg trur nok likevel at KI er nyttig også på det juridiske området, men då må det brukast på rette måten. Det som bekymrer meg litt er at det er ein fare for at fagleg svake juristar kan finne på å bruke KI til å genererer mykje svadatekst for å dekke over manglande kompetanse i håp om at både eigne klientar og motpartar blir avskrekka over lange dokument med juridisk svadaprat. Altså litt slik som når ein i burettslaget prøver å argumentere på årsmøte om at det bryter både menneskerettigheitane og yttringsfriheita å nekte flagging på balkongen, denne personen manglar stort sett juridisk kompetanse men satsar på at alle dei andre også manglar kompetanse og blir overbevist av argumentet om at ein ikkje kan stemme for eit menneskerettigheitsbrot.
- 76 svar
-
- 2
-
-
Du kan alltids spørre, men eg trur ikkje du skal rekne med å få positivt svar. I denne saken så ser eg ikkje at det er meir rett at det er arbeidsgivar som må betale for at ein ukjent person har køyrt inn i bilen din. Det kjem likevel ann på kva som er avtalt. Om det ikkje foreligg eigen avtale om bruk av privatbilen i jobbsamanheng så blir neste spørsmål om det er ein munnleg forståing for kva som skal gjelde. Då blir neste spørsmål kvifor du brukte privatbilen? Her tenker eg at det er forskjell på om du brukte privatbilen fordi firmabilen du har tilgjengeleg var utilgjengeleg og alternativet var at du satt på jobb utan å ha arbeidsoppgåver å utføre, kontra at det var du som valgte å bruke privatbilen sjølv om det var firmabil tilgjengeleg.
-
Diskusjonen vi ikke har om AI
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Er rart dette, på andre tekniske nyvinningar så er det nesten ikkje grense for kor negative folk flest er til nye system og debatterer kvifor det er betre å fortsette å bruke gamlesystemet. Eg trur nok at det er fordi KI har blitt eit moteord, alt er liksom så mykje betre om du kan reklamere med at du har tatt i bruk KI.- 69 svar
-
- 1
-
-
Trur eg ville prøvd meg med reparasjonsvoks https://www.obsbygg.no/gulv-og-tilbehor/gulvtilbehor/gulvlister/2335403 Det blir aldri perfekt, men får du fylt såret med matchande farge så blir det langt mindre synleg. Særleg om dette dreier seg om finer, noko som virker sannsynleg ettersom det er overflata på bordet som har forsvunnet med kaffekanna. Har dette skjedd ein gong så vil det heilt sikkert skje igjen, det blir veldig vanskeleg å bruke bordet som normalt om du heile tida skal være redd for slike sår, så då er det etter min meining betre å fylle inn med voks etterkvart som du får merker i bordet.
-
Lønnsforhandlingene - krav om endring av stillingskode
The Avatar svarte på Bobly sitt emne i Jobb og karriere
Det foregår særskilte individuelle forhandlingar heile tida. Det er ein eigen bestemmelse for å forhandle om ny lønn ved vesentlege endringar i stillinga eller når det er behov for å rekruttere eller beholde. Typisk så skjer dette når du har fått jobbtilbod ein annan stad og det er behov for å auke lønna for å unngå at du seier opp. Det er også meininga å bruke den bestemmelsen for å kunne premiere arbeidstakarar som gjer ein god jobb før dei blir så misfornøgde at dei søker seg vekk, men i praksis er det nok mange arbeidsgivarar som gambler på at dei tilsette ikkje er villige til å bytte jobb og derfor blir verande sjølv om lønna er dårleg. -
Lønnsforhandlingene - krav om endring av stillingskode
The Avatar svarte på Bobly sitt emne i Jobb og karriere
Det er i alle fall sterk positivt at leiaren støttar deg. Blir det skrevet referat frå lønnssamtalen? Det vil i så fall være lurt sidan du då kan legge ved lønnssamtalereferatet med lønnskravet ditt. Vær oppmerksom på at HR kan forsøke seg på å seie at dei skal sjå på det i samband med årets lønnsforhandlingar, det skal du ikkje nødvendigvis godta utan vidare diskusjon. Det gir nemmeleg ingen garantiar for at det skjer noko, og då er du betre tent med å bruke tida fram til lønnsforhandlingane på å fortsette å mase om du ikkje får tilslag no med ein gong. Kanskje unødvendig å seie, men husk på at målet er høgare lønn. Seniortittelen i seg sjølv er nesten verdilaus utan ei lønnsauke. Ikkje bli lurt til å seie deg fornøgd med ein litt finare tittel på lønnsslippen, ein tittel som kanskje ikkje ein gong kjem med på dørskilt/navnelapp/epostsignatur. -
Kjøp med deg ein slik: https://www.obsbygg.no/hage-og-utemiljo/snorydding/snoskuffer/2212439
- 23 svar
-
- 2
-