
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 826 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
La oss snakke om norsk antisemittisme
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Politikk og samfunn
Men er det på ein annan måte? Russiske og Belarussiske utøvarar fekk berre delta i OL dersom dei tok avstand frå krigen og deltaking i arrangement som kunne ansjåast som propaganda, og sjølv då fekk ein berre delta under nøytralt flagg. Det er ikkje lett å være russer i Norge om ein ikkje har tatt ein aktiv og uttalt motstand mot krigen. Vi kan ikkje konfrontere og kreve at ein tek stilling til det, men ein blir absolutt dømt om ein forheld seg taus ettersom det blir tolka som at ein støttar krigen. Det sagt så er det ein stor forskjell på å være jøde og å være israelsk statsborgar. Som israeler busatt i Norge så er det nok langt meir innafor å stille spørsmål om i kva grad ein støttar staten Israel sine handlingar, enn det er å skulle stille ein femte generasjons nordmann som tilfeldigvis har jødisk tru til ansvar for kva ein stat som vedkommande ikkje har tilknytting til gjer eller ikkje gjer. Det er ikkje som at vi stiller kristne nordmenn til ansvar for engelsk utanrikspolitikk sjølv om England har protestantisk statsreligion.- 292 svar
-
- 2
-
-
Eg tenker at det kjem veldig ann på korleis ein organiserer seg. Dersom dei tilsette på SFO sitt på eine møterommet og er tilgjengelege ved behov så treng ikkje den foresatte som er henta inn til å være barnevakt å ha særleg mykje opplæring. Går brannalarmen, det oppåstår slosskamp, osv så vil personalet være 30 sekund unna og kan ta seg av situasjonen. Dersom juleavslutninga skal være ein heilt annan stad slik at den/dei foresatte må ha alt ansvaret så vil nok det utløyse krav til at dei foresatte skal ha nødvendig opplæring til å løyse dei situasjonane som kan oppstå. Når det gjeld krav til politiattest, så er det ikkje krav til det ved slike oppdrag. Det SKAL krevast politiattest ved fast eller midlertidig stilling, men for utføring av oppgåver på slike stadar så er det slik at ein KAN kreve politiattest. Det er innafor lovkravet å sleppe til nokon utan politiattest eller pedagogisk kompetanse til å passe på barna i denne drøye timen det er snakk om, og i alle fall når det også er snakk om berre ein gong i året. Faren for at noko alvorleg kan skje blir etter mitt syn også mindre jo fleire føresatte det er som stiller opp. Eg tenker derfor at i staden for å være heilt imot ei slik løysing med foresatte som hjelper til, så er det mest hensiktsmessig å ta kontakt med SFO for å snakke om korleis ein løyser dette i praksis. Fyrste spørsmål er då om dei tilsette er tilgjengelege om nødvendig eller om dei blir utilgjengeleg. Er dei tilgjengeleg så er det sånn sett ein kompanserande faktor at alle dei tilsette er tilgjengelege og ikkje berre dei som vanlegvis er på jobb på denne tida. Det neste spørsmålet er at dersom dei tilsette er tilgjengelege, i kva grad er dei tilgjengelge? Det burde være fint mogleg å ordne med dobesøk på førehand i størst mogleg grad, og legge opp til at ein av dei tilsette ordnar med dobesøk som trengs i løpet av denne timen. Eg tek det eigentleg for gitt at det ikkje er slik at dei føresatte ønsker å følgje andre sine unger på do uansett, så eg hadde tenkt at det var naturleg at oppgåva til dei føresatte vil være å halde oppsyn med ungane og gi beskjed om det er behov for assistanse. Eg tenker derfor at det viktigaste og beste vil være at SFO-leiaren lagar ein instruks for kva dei foresatte som passar ungane skal og ikkje skal gjere. I tillegg til å definere eit minimum av føresette som må stille opp. Som minimum så bør ein kreve at det i alle fall ikkje er færre vaksne til stades enn ved normal drift.
- 16 svar
-
- 3
-
-
-
La oss snakke om norsk antisemittisme
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Politikk og samfunn
Det er nøyaktig dette som er den russiske unskuldninga for krigen i Ukraina. At krigen var nødvendig for å demilitarisere og denazifisere Ukraina. Underforstått at militante ukrainske nazistar utgjorde ein trussel for Russland og/eller den russiske befolkninga i Ukraina. I tillegg vart det argumentert med at Russland skulle unngå ei større grense mot NATO som Russland anser som ein trussel, utan at det er heilt forståeleg korleis det vil hjelpe å underelegge seg Ukraina slik at Russland då hadde fått direkte grense til NATO landet Polen i tillegg til dagens grense mot Estland og Latvia i nord og Slovakia, Ungarn og Romania i sør. For ikkje å snakke om at det burde ikkje være ei veldig stor overrasking at Sverige og Finland blir utrygge på kva Russland i framtida vil finne på og derfor søker tryggheit gjennom NATO medlemsskap i staden for å prøve å være nøytrale.- 292 svar
-
- 2
-
-
I tillegg er det heller ikkje angrerett om alt har foregått digitalt med unntak av signeringa. Dette er juridisk komplisert der små detaljar kan ha stor betydning. Husleietvistutvalget skriv på sine sider at hovudregelen er at det ikkje er angrerett men at unntaket er når leigeavtalen er inngått som fjernsalg, noko som dei definerer slik "Fjernsalg er typisk en avtale om leie av bolig som blir inngått via telefon, sms, eller e-post, hvor utleier har lagt opp til at avtale kan inngås på slik måte". Det er tydeleg at ein bevist ikkje omtalar fjernsalg der leigetakaren har fått langt meir opplysningar, som ein vanleg nettannonse der husrommet er både fotografert og beskrevet med tekst. Det vil fortsatt være fjernsalg sjølv om leigetakaren har fått god informasjon, men samtidig er ein del av intensjonen med angreretten borte når ein ved hjelp av teknologi har fått gjennomført visning. Ein eventuell bruk av angrerett fordrar også at eksen er interessert i å kome seg ut av leigeavtalen, og det er ikkje gitt. Strengt tatt vil det være i eksens interesse å flytte inn i bustaden og kreve at trådstarter i henhold til avtalen betalar halve husleiga sjølv om ho ikkje skal bu der. Det er dette som gjer det avgjerande at trådstarter får ein god dialog med eksen om korleis dette kan løysast på ein minneleg måte, om nødvendig med forhandling. Utleigefirmaet vil berre ha ulempar med å gå tilbake på den inngåtte leigeavtalen. Ei heving betyr ekstraarbeid med å finne nye leigetakarar og med risiko for lediggang frå januar av. Og det å frita trådstarter fra det solidariske økonomiske ansvaret gir også utleigar mindre sikkerheit for å få pengane sine. Også her kan det å forhandle være løysinga, som til dømes at trådstarter tilbyr å betale X kroner for at utleigar skal gå med på å endre leigeavtalen slik at det berre er eksen som står ansvarleg for leigeforholdet.
-
Kva brukte du som saus? Kebabkjøttet frå Gilde er skinke med litt krydder, så i seg sjølv er det ikkje veldig spennande. Kjøttet har lite smak, så det viktigaste er at kebabkrydderet ikkje kræsjer med pastasausen.
-
Er du sikker? Spørsmålet er mest kva du ønsker å oppnå? Eg tviler på at styret kjem til å gi seg på det dei sjølv meiner er rett, så om formålet er ein offentleg beklagelse og framtidig aksept for opptak av bebuarmøta så trur eg det er lite realistisk. Husk at motparten din er glade amatørar med liten juridisk kompetanse. Dersom du skal adressere dette så bør du vurdere å gjere det som ei årsmøtesak, og innhente støtte for ditt syn. Då kan du kanskje oppnå eit årsmøtevedtak på at det skal være lov med opptak, at møteprotokollane skal signerast av vitnet, eller liknande regel som gjer at du oppnår det du vil, som i bunn og grunn er korrekte møteprotokollar. Ein privat krangel med styret har eg vanskeleg for å sjå for meg at du kan vinne, då er det betre å ta debatten offentleg. Og ein open debatt erbdet best å ta i årsmøtet der styret ikkje har siste ordet.
- 44 svar
-
- 2
-
-
Tenker advokat er heilt unødvendig her. Trådstarter er part i ei tidsbestemt leigeavtale og har i utgangspunktet forplikta seg til å leige i eit år. Om du har juridisk rådgiving inkludert i innboforsikringa eller liknande så kan det være ein tanke, men skal trådstarter sjølv betale for advokat så kostar det meir enn det smaker. Det er ingen juridisk måte å vri seg ut av denne leigeavtalen på, så løysinga er å gå i forhandlingar for å avgrense betydninga av å være avtalepart. Der mest nærliggande er å få eksen til å gå med på å sjølv betale heile husleiga sidan det er han som bur der. Då er trådstarters ansvar avgrensa til å kunne risikere å bli holdt ansvarleg for eventuelt manglande husleige, noko som normalt ikkje burde ha stor praktisk betydning når eksen har fast jobb. Eit anna alternativ er derdom trådstarter og eksen kan bli einige i ein eigen avtale om korleis det kollektive ansvaret skal løysast i praksis, mest nærliggande at dersom trådstarter ender opp med å måtte betale fordi eksen ikkje har betalt så er dette å ansjå som privat gjeld som trådstarter kan kreve tilbakebetalt.
-
Ja. Avtalen vart bindande i det avtalen vart inngått (som ikkje nødvendigvis er det same som når du skreiv under). Du treng likevel ikkje å vente til overtakingsdatoen for å seie opp. Du kan fint seie opp før du flyttar inn, men om det er overtaking 1 januar og det er vanleg avtalevilkår om at oppseiingstida startar den fyrste i komande måned så har det lite praktisk betydning.
-
Då er det berre opp til utleigaren om han/ho aksepterer å inngå ei ny leigeavtale der du ikkje lenger er ein part. (Og sjølvsagt eit spørsmål om eksen fortsatt er interessert i bustaden utan å ha med deg). Om alle er einige så kan ein når som helst inngå nye avtalar. Om ein ikkje er einige så må avtalen seiast opp i samsvar med avtalevilkåra.
-
Avtalen er fullt ut bindande, du vil være solidarisk ansvarleg i samband med avtalen ut oppseiingstida. Du må bli einig med eksen om korleis dykk løyser dette på ein enkel og rettferdig måte.
-
Du og eksen kan seie opp leigeavtalen på dei vilkåra som står i leigeavtalen. Om din eks ønsker å inngå ny avtale så må det avtalast med utleigar. Det er ikkje sikkert din eks har økonomi til å ha leilegheita åleine, og det er ikkje sikkert utleiger ønsker å leige ut når det ikkje er to som er solidarisk ansvarleg.
- 28 svar
-
- 2
-
-
Vikeplikt for møtende når du har biler parkert på din side i boligfelt..
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Trafikk
Om ein skal løyse problemet med at du meir eller mindre kan kjøpe sertifikatet ved å oppsøke "snille" køyreskular så må det være eit opplegg for å kontrollere kvaliteten på køyreskulane. Det er stor fare for at vurderingane blir veldig ulike frå køyrelærar til køyrelærar, og dette vil forverre over tid fordi kumdane forventer å få bestått med færrast mogleg køyretimar, køytelæraren vil derfor bli pressa til å godkjenne eleven på normaltid for å ikkje risikere negativ omtale. Konkurransen mellom køyreskulane er stor, og veldig mange av dei potensielle kundane går i same klasse på den lokale VGS og snakkar nok mykje om kva som er beste og billegaste køyreskulane.- 43 svar
-
- 1
-
-
Trafikkontrollar treng ikkje å være tilfeldige, ein kvar billist kan stoppast for kontroll utan at det føreligg mistanke om nokonstraffbart. Det er ingen grunn til å tru at dette er tilfeldig, men det er innafor det som politiet har lov til når du sett deg bak rattet. Eg tviler sterkt på at bilen din blir spora då det krever ein del meir for å kunne gjere lovleg, det er nok meir at du er på radaren til politiet slik at dei følgjer ekstra med når dei ser deg eller bilen din.
- 6 svar
-
- 1
-
-
La oss snakke om norsk antisemittisme
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Politikk og samfunn
Om det berre hadde vært så enkelt. Det er mange som har fått merkelappen antisemitt utan å ønske død over jøder eller vandalisere gravlunder, men fordi at på bakgrunn av å kritisere staten Israel så har andre tillagt deg antisemittiske meiningar som du ikkje har. Det er svært svært få her i landet som går aktivt ut og skriv eller seier at alle jødar må dø, og enda færre er det som aktivt går inn for det ved bruk av vold og vandalisme. Alikevel er det mange nordmenn som har fått merkelappen kasta etter seg, så då er definisjonen av antisemittisme langt mindre streng i daglegtalen enn din definisjon. Det er då betydninga blir utvatna. Det er nøyaktig det same som å kalle Frp for rasitiske når dei er imot innvandring. Når dei som står på venstresida berre antek at alle i Frp eigentleg ønsker død over alle utlendingar og at kirkebrannane heilt sikert er påtent av Frp sympatisørar. Det må være mogleg å skille snørr frå bart. Det er ein ting at det er lett å blande saman jødar som folk og den jødiske staten Israel, men når ein ikkje ein gong er einig i om at ein antisemitt skal være uttalt antisemitt eller om det er nok å anta at ein eigentleg har antisemittiske tankar innerst inne, det er då betydninga av ordet har mista sin betydning.- 292 svar
-
- 4
-
-
Det er riktig, men det er også fordi at slik dugnadsbetaling er ein måten å aktivt gå rundt regelverket. Dugnad skal strengt tatt være 100% frivillig, og helt utan forventning til produktivitet. Andelseigaren har ansvaret for å halde sin eigen bustad i forsvarleg stand (om ikkje anna er fastsatt i vedtektene). Sjølve bygninga og uteområda er er det burettslaget ved styret som skal halde i forsvarelg stand. Det vedlikehaldsarbeid som burettslaget ikkje kan eller vil utføre som dugnad må styret leige inn folk til å gjere. Ei slik utgift vil det være naturleg å dekke via fellesutgiftene som igjen følger eigarbrøken. Ved å fastsette denne ekstrainnbetalinga etter eigarbrøken så vil det i praksis bety at to andelseigarer med svært forskjellig eigarbrøk får svært ulik avlønning for 1 time med dugnadsarbeid. Samtidig så er det kanskje ikkje urimeleg at den som eig ein stor andel av burettslaget også er den som bør betale mest dersom ein ikkje møter opp. Dersom den eine av dei to andelseigane var ein stor næringsseksjon (som vel aldri sender representant til å delta på dugnad) så er det både rett og rimeleg at denne omvendte bota for å ikkje møte på dugnad er størst for den seksjonen som også representerer største eigarbrøken i laget?
-
Se den første traileren for The Witcher IV
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Witcher universet har vært flinke til å skildre utanforskap på ein ryddig måte, men utan å gå til det steget at ein liten isolert landsby langt ute på landsbygda har alle verdens etniske bakgrunnar representert til tross for at folketallet er langt under 100 personar. Slik form for mangfold finner vi i moderne storbyar som resultat av at teknologien har gjort det enkelt å reise over store avstandar. The Witcher spela sin måte å vise mangfold på er gjennom metaforar om monster og monsterjegere, men det er kanskje ikkje alle som forstår det når ikkje "noen barn er gule og noen barn er rød, noen barn er hvite og noen nesten blå". Takker. Var det eg trudde at det også var ein slik referanse også i Witcher 3 spelet.- 69 svar
-
- 3
-
-
-
-
Se den første traileren for The Witcher IV
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Har absolutt trua på at Ciri kan bli ein god kvinneleg frontfigur utan at ein legg alt for mykje Mary Sue eigenskapar til karakteren. Kjenner meg veldig sikker på at Ciri kjem til å ha massevis av svakheiter og utfordringar. Når det gjeld woke-sida så var Ciri biseksuell i bøkene, og utan at eg heilt husker det så var det vel i det minste nokre hint og undertoner også i Witcher 3 på at Ciri likte jenter? Eg vil gjette på at eit av rollespelmomenta i dette spelet er at du som speler kan velge om Ciri skal være i eit forhold med ein mann eller ei dame. Eg rekner like vel med at det blir store ramaskrik og anklagar om at det er woke og urealistisk med ei lesbisk dame som svinger sverdet og tek ned skumle monster. -
Hvorfor er nedgang i befolkningstall et problem?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Det er eigentleg motsatt, framtidens eldrebølge må forhindrast med å få fleire barn (eller meir innvandring). Eldrebølga har ingenting med talet på gamle å gjere, det som betyr noko for eldrebølga er fordelinga mellom unge og gamle. Ideelt sett bør vi til ei kvar tid ha like mange 9 åringar som vi har 56 åringar, og med ein svak reduksjon i aldersgruppene frå pensjonsalder av. Du har likevel ikkje heilt feil. For dersom vi slutter å få barn (og stopper innvandring) så vil dagens barn utgjere ei siste eldrebølge som ikkje har ein yngre generasjon under seg.- 393 svar
-
- 2
-
-
Ja dersom ein ikkje aksepterer eit forenkla forelegg så må saka avgjerast rettsleg. Då er det alltid ein lite sjans for at saka blir henlagt og at saka aldri kjem opp slik at ein slepp heilt unna, men som hovudregel så skal saka behandlast i retten. Det er også ein liten sjans for at domstolen slår fast at det ikkje er lagt fram tilstrekkeleg med bevis for at du kan dømmast. Stort sett så er det nok bevis å ha logg frå lasarmålaren samt vitneforklaring frå politiet, men du kan sjølvsagt ha flaks der politimannen som stoppa deg roter saman din sak med ei anna sak og at det derfor blir tvil om politiet huskar rett. Om ein blir dømt i retten så vil du normalt få ei litt høgare bot samt saksomkostningar, det er likevel ikkje så avskrekkande mykje høgare bot du risikerer. I det forenkla forelegget så er det innrekna ein liten rabatt til dei som aksepterer det forenkla forelegget og får saka ut av verden. Ved straffeutmålinga så vurderes det om det finnes straffeskjeprande eller formildande omstendigheiter. Det at trådstartar angrer og er lei seg for lovbrotet kan gi grunnlag for ei mildare straff, særleg om det er fyrste gongen ein er tatt for eit lovbrot. Det er også rom for å legge vekt på den tiltaltes økonomiske evne, særleg om får store konsekvensar for den tiltaltes evne til å forsørge eigne barn og andre særdeles viktige økonomiske forpliktingar. Eg tenker at domstolen er nok relativt tjukkhuda for tiltalte som med tårer i augene lover å aldri bryte loven igjen, så ein skal nok ha veldig gode arugment for å få særbehandling. Det som kanskje kan være mest realistisk å få til er at bota erstattes av eller kjem i tillegg til samfunnsstraff. Det vil nok ikkje oppleves som mildare straff sidan det ofte er ganske mange timar som må jobbast dersom du blir dømt til samfunnsstraff, men det er sjølvsagt ein fordel å sleppe å betale ut i kontantar. Berre under forutsettninga av at du har eit arbeidsforhold der du får jobbe så mykje du vil. Dei aller fleste som har full jobb har arbeidsavtale på å jobbe 7,5 time kvar dag, og at ein berre unntaksvis blir pålagt overtidsarbeid når det er behov for det. Det er langt frå alle arbeidsplassar som kan akseptere at du jobbar 110% prosent på ei 100% stilling då dette gir høgare lønnskostnadar enn det som er budsjettert, samt at det føreligg lovar og regler for å hindre at tilsette jobbar formykje. Det du sparer på å køyre for fort til og frå jobb vil for dei aller fleste bli målt i fritid til å gjere andre ting, og ikkje som tapt moglegheit for inntektsgivande arbeid.
-
Burettslag kan ikkje stiftast som aksjeselskap. Burettslaget er undelagt burettslagslova, og aksjeselskap er underlagt askjeloven. Aksjeloven er meir detaljert på det meste, inkludert korleis eit aksjeselskap skal styrast og organiserast. Det er derfor vanleg at når ein kjem opp i situasjonar som ikkje er omtalt i burettslaglova (eller eierseksjonsloven der det er eit sameige), så ser ein til korleis dette er løyst i aksjeloven og legg dette til grunn som "best practise" ettersom akjselselskap er drevet av profesjonelle.
- 44 svar
-
- 2
-
-
Brannmelder med bevegelses sensor i utleie leilighet. Problematisk?
The Avatar svarte på Evil-Duck sitt emne i Juss
Du må nesten informere om kva data som blir samla inn. Det viktigaste er likevel kva du bruker opplysningane til. At bevegelser blir logga er ikkje problematisk i seg sjølv, men det er eit problem om du går inn for å sjekke dataene utanom at det er brann eller at det ellers er innafor den bruken som det er avtale om. Merk at det et litt same problematikk med straumforbruk ettersom du sannsynlegvis kan sjekke når på døgnet leigetakaren er heime og brukar straum.- 3 svar
-
- 1
-
-
Det er i teorien mogleg å få retten til å dømme deg mindre strengt, men det skal nok ein del til når vi har såpass standariserte satsar for forenkla forelegg.
-
Eg kan ikkje forstå anna enn at dette er fastsetting av fellesutgifter og at det skal vedtakast av årsmøtet. Eg er også einig i at hovudregelen er at det er eigarbrøken som legges til grunn. Reint pragmatisk så ha eg sans for ordninga, då det ikkje er lov å bøtelegge manglande oppmøte, og ved at dette gjer det heilt legitimit å betale seg ut av dugnaden. Så spørsmålet er om det er verdt å krangle berre for å krangle.
- 16 svar
-
- 2
-
-
-
Måtte bytte eller bytta fordi det var leverandøranbefalinga? Det er lurt å høyre på kva bilprodusenten anbefalar, men merk at bilprodusenten har god sikkerheitsmargin både fordi ein vil at færrast mogleg får øydelagt registerreim før det har gått fem år. I tillegg så har bilprodusenten økonomisk incentiv til å anbefale hyppig utskifting til ny original registerreim.
-
Kanskje litt på sidelinja, men det er også så smått utruleg at bompengeinnkrevinga ikkje er administrert av Statens vegvesen og heller satt ut på anbud til fem ulike private selskap som har fått delegert kvar sin landsdel; Fjellinjen, Ferde, Vegamot, Vegfinans og Bompengeselskap Nord. I tillegg til Autopass ferje som er eit eige selskap. Alle brukar (idag) Autopass systemet, men for å få rabattane så må du identifisere rett bompengeselskap i forhold til kva vegar du køyrer mest på og inngå autopassavtale med akkurat dette firmaet. Burde det ikkje være så enkelt at alle som inngår autopassavtale som gjer det enkelt å kreve inn betlalinga får same rabatten overalt? Grunnen til at vi har brikker er at det er mykje meir tungvindt og dyrt å skulle ha fysiske bommer med betjening eller basere all innkreving på skiltgjenkjenning. For sjølv om eg har avtale i eit bompengefirma så er det også mykje lettare for bompengefirmaet i ein anna landsdel å kreve inn betaling frå meg når eg er registrert med brikke, så kvifor får eg ikkje same rabatten frå alle som har fordel av at eg bruker brikka mi?
- 96 svar
-
- 2
-