
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Elkjøp kaller dette "som ny". Føler meg lurt. Hva mener du?
The Avatar svarte på Fattiglus sitt emne i Datamaskiner
Ein ting er oppetida ved at maskina har vært påskudd som utstillingsmodell, men produktet er ikkje "som ny" når det er tydeleg slitasje og bruksmerker. Kva som er passeleg rabatt på brukte ting blir ei subjektiv vurdering, men personleg så synes eg at prisavslaget som Elkjøp gir på varer som har vært brukt er for lite til at det er aktuelt for min del. Særleg med tanke på at verken eg eller Elkjøp veit korleis produktet har blitt brukt før det vart returnert. Elkjøp tek nok nesten fullpris fordi dei får solgt varen til den prisen, men eg synes ikkje rabattane er gode nok. Elkjøp reklamerer med at outlet varer kan ha opptil 50% rabatt, men mesteparten av det som står i hyllene har fått under 10% i rabatt.- 45 svar
-
- 2
-
-
-
Det er til sjuande og sist oss kundane. Eg vil uansett heller betale for ringledningar som kan byggast for ein billig penge, framfor å betale 5x så mykje for at eksisterande infrastruktur skal gravast ned, då denne løysinga berre løyser den delen av problemet som er straumutfall på grunn av trær. At netteigarane ikkje har gjort jobben sin med å både vedlikeholde og bygge ut straumnettet dei siste 50+ åra, og dermed påfører oss som er straumkundar i dag ei ekstra stor nettleige i framtida for å ta igjen etterslepet er også eit moment, men det er ein heil anna diskusjon.
- 56 svar
-
- 1
-
-
Det viktige i denne saka er ikkje straffa, det som er viktig er at det no er etablert ein rettspraksis på at det er straffbar deltaking i ein terrororganisasjon også når ein "berre" har vært med på å fasilitere for terroristane. Det er no fastsatt at du kan terrordømmast sjølv om du ikkje har stått for terroren sjølv, det er tilstrekkeleg å ha bidratt med matlaging, husstell og psykologisk støtte. Det var ikkje gitt at det forelå heimel i straffelova til å dømme, men no har vi slått fast at også støttespelarar kan terrordømmast. Betydninga av dette er at vi i framtida potensielt også kan terrordømme dei støttespelararane som hjelper terroristar under påskudd av å kalle det humanitært arbeid.
-
Eg trur at det handlar mest om størrelsen på bedrifta. Mange private selskap er litt mindre enn offentlege verksemder, då blir det kort veg til til den øvste leiaren som kan ta beslutninga om at det er greit å tilsette i 50% sjølv om ein var ute etter å tilsette nokon i 100%. I det offentlege kan det fort være ein svært lang veg å gå før du finn nokon som kan ta på seg ansvaret for å seie ja til å tilsette to personar i deltidsstilling i staden for ein person i full stilling.
- 21 svar
-
- 1
-
-
Intuitivt så tenker eg at det er mest hensiktsmessig å oppbevare uopna. Det vil overraske meg stort om Jabra ikkje har optimalisert produksjonen slik at i tilfelle øyreproppane også kan bli liggande usolgt på ei butikkhylle lengst mogleg. Eg tenker derfor at det er større sjans for at fabrikken har kontroll på å at batteria verken har for høg eller for lågt batterinivå, enn at du klarer å lade opp batteria til perfekt nivå for lading. Som ekstra bonus så vil også verdien på øyreproppane holde seg best mogleg om du oppbevarar dei i forsegla orginalinnpakking. Kven veit, kanskje du om nokre år finn andre gode øyrepropper, og då kan det være greit å ha moglegheita til å selge dei ubrukte øyreproppane. Blir proppane liggande liggande veldig lenge, så kan det til og med hende dei får ein liten samleverdi når du har oppbevart dei uopna. Eg tviler derfor sterkt på at det er hensiktsmessig for deg å ta i bruk øyreproppane. Skal du fyrst opne pakken for å ta i bruk øyreproppane så ville eg gjort det ved å la øyreproppane inngå som det tredje paret i din bruksrotasjon.
-
Det å bu på denne måten er uvanleg i Norge, men det betyr ikkje nødvendigvis at det er feil. Som med alt mogleg anna så kan det være mange ting som ligger bak, og det kan også være mange ulike ting som speler inn. Det treng ikkje nødvendigvis å være han som ikkje evner å flytte ut, det er ikkje heilt uvanleg at det er like mykje foreldra som ikkje vil at han skal flytte ut. Eller det kan være ein god kombinasjon av begge deler. Reknar med at det er veldig bekvemmeleg å leve slik. Han sparer husleige og foreldra har sannsynlegvis ikkje noko inntektstap ved at han bur på gutterommet ettersom dei garantert ikkje hadde leigd ut rommet om det stod tomt. Om han bidreg med nokre tusenlappar frå trygda si så dekker det heilt sikkert opp for det han forbruker i mat. Det som er mest bekymringsfylt er dette med at det ikkje virker som at han har nokon som helst ambisjonar om å skaffe seg ein jobb eller i det heile tatt kome seg ut av huset. Om han ikkje klarer å finne seg jobb så burde han i det minste prøve å studere for å skaffe seg ein kompetanse som fører til jobb. At han bur heime og sparer pengar på det er forsåvidt ein ærleg sak det. Det blir meir og meir vanleg at folk må flytte heim på gutterommet i nokre år etter at ein har starta i full jobb fordi det er einaste måten å få spart opp eigenkapital til å kome seg inn på bustadmarkedet. Eg tenker at det hadde ikkje endra situasjonen nevneverdig om denne kompisen din er 30 år og sitter i si eiga sjølveigarleilegheit og gamer heile dagen utan ambisjonar om å skaffe seg ein jobb. Eg ser ingen grunn til å kutte kontakten med kompisen din fordi at han bur heime, men det kan sjølvsagt være at det blir vanskeleg å oppretthalde kontakten når han berre viser interesse for gaming. Det store spørsmålet her er mest om du skal foreta deg noko eller om du berre skal la han fortsette. Eg har forståing for at når han nærmast har grodd fast framfor PCen på gutterommet så er det desto vanskelegare å bryte ut av dette mønsteret, så det spørs om han kanskje treng litt draghjelp for å ta skrittet.
- 38 svar
-
- 4
-
-
-
Hensikta er ikkje å skremme trådstarter, hensikta er å svare ut kva som kan bli konsekvensane. Du har heilt rett i at den mest sannsynlege straffa er bot og førarkortbeslag. Korte fengselsdommar er likevel ikkje heilt uhøyrt sjølv om at ein god del av dei som blir dømde til fengsel får den straffa som betinga fengselsdom. Her er eit eksempel på ein som vart dømt til 30 dagars betinga fengsel. Bruken av ubetinga fengsel finn ein stort sett berre i saker der ryggeulykka har hatt dødeleg utfall, eller der ryggeulykka har skjedd i kombinasjon med rus. Det å legge seg paddeflat er på ingen måte eit "get out off jail" kort, men det skader sjølvsagt ikkje. Det avgjerande spørsmålet for straffenivået blir ei konkret vurdering av situasjonen, herunder skadeutfallet. Kva som er passande straffenivå (om i det heile) er heilt umogleg å avgjere berre basert på trådstarters kortfatta skildring. I denne konkrete saka så vil naboens vitneforklaring være av stor betydning. Om naboen deler trådstarters oppfatting og seier seg einig i at det var eit hending uhell, og kanskje også tek på seg litt av ansvaret for å ha gått bak bilen til tross for at han viste at TS skulle rygge så er det ikkje ein gong gitt at retten dømmer TS for å ha vært uaktsom. Men på den andre sida, om naboen forteller ei skrekkhistorie om korleis han hadde augekontakt med TS gjennom speilet og med eit glis om munnen starta å rygge medan naboen fortvilt prøvde å komme seg unna så fort krykkene kunne bære han så gir det sjølvsagt eit heilt anna inntrykk av situasjonen. Dette er det i alle fall viktig å få fram. Ved fastsetting av varigheita på førarkortbeslag så skal retten leggae vekt på den virkninga som tap av førarretten antas å ville få om denne virkninga er vesentleg større enn det som ein normalt legg til grunn. For deg denne urimelege virkninga det at ditt (eventuelle) tap av førarkort også gir negative konsekvensar for dine barn. Det er nok lurt å få belyst om ditt manglande førarkort kan få konsekvensar som at barna ikkje kjem seg på skulen, må slutte i fritidsaktivitetar, osv. Det er også ein tilsvarande heimel i tapsforskrifta som gir deg adgang til å søke om å få tapstida forkorta. Denne søknaden går då til politiet etter at du har blitt fråtatt førarretten. Terskelen for å innvilge slike søknadar er høg, men også her er det fokus på det som er av negative konsekvensar for andre enn deg sjølv. Du vil ikkje få innvilga avkorta taptid med argumentet om at det er upraktisk å være utan førarkort i tre månedar, men du kan få søknaden innvilga om du kan vise til at du treng førarkort for å kunne køyre din syke mor til regelmessig behandling på sjukehuset, eller for at barna skal kunne delta på fritidsaktivitetar etter skuletid. Ein anna vanleg grunn til å få avkorta tapstid er for lærlingar der eit langvarig tap av førarretten også medfører at ein ikkje får fullført utdanninga som ein har starta på.
-
Krutt er ikkje lett tilgjengeleg det heller, og sjølv om ein kan skaffe tak i svovel og saltpeter for å blande sjølv så krever det ein del eksperimentering å få rette kornstørrelsen og blandingsforhold til at kruttet har særleg med effekt. Dei aller aller fleste som "lager krutt" gjer det ved å samle krutt frå andre produkt, og då særleg ved å demontere fyrverkeri. Ein kan også skrape "svovelen" av fyrstikker og liknande og få ein kruttliknande substans, du får til å lage noko som smeller av dette, men du får lite sprengkraft til å drive eit prosjektil sidan forbrenninga ikkje er rask nok. Om faren er at folk lager primitive handkanoner ved å stappe krutt og kule i løpet og deretter antenne med flamme eller gnist så er det langt farlegare at folk har tilgang til metallrør i garasjen. Prøver du å lage ei handkanon av 3D printa plast så er det ei syltynn grense mellom at det du har laga er eit skytevåpen eller ein splintgranat. Butikkjøpt ammunisjon utgjer ein langt større fare, både fordi patronen innheld røyksvakt krutt som har høg effekt men ikkje minst på grunn av tennsatsen/tennhetta som gjer det mogleg å fyre av mekanisk. Det er lett å 3D printe eit våpen som kan generere eit hard nok slag mot tennsatsen til at skuddet blir avfyrt, det er forholdsvis mykje vanskelegare å lage ei lita kanon som er påliteleg nok til å avfyre når du vil det sjølv. Gamle kanoner og muskedundere er notoriske for at det er vanskeleg å få til ein gnist som antenner kruttladninga i ein slik fart at prosjektilet blir blåst opp. Utfordringa med ghost guns er at kombinert med moderne ammunisjon så kan nesten kven som helst lage veldig små skytevåpen som er lette å skjule i jakkelomma og som likevel er pålitelege nok til å fungere den eine gongen den treng å fungere. Drap og kriminalitet skjer, men sporbarheita på skytevåpena fører også til at mange blir tatt og dømt. Det er derfor det i ei drapsak er så viktig å finne drapsvåpenet, ettersom drapsvåpenet er knytt mot ein registrert eigar, som fører etterforskarane eit skritt nærmare ei oppklaring. Når jaktvåpenet ditt er registrert i ditt navn så vil terskelen vanlegvis være svært høg for at du låner ut dette våpenet på grunn av høg sannsynlegheit for at det gir deg negative konsekvenser. Berre det at det blir oppdaga at du har lånt vekk rifla til noko som ikkje er skikka kan være nok til at ditt våpenløyve blir inndratt. Det er sjølvsagt på ingen måte eit perfekt system med registrering av skytevåpen, men det hjelper på. Eit system for registrering av ammunisjon vil heller ikkje bli perfekt, men som minimum så vil det hjelpe ved at den som har lovleg kjøpt slik ammunisjon må oppbevare ammunisjonen forsvarleg, då ein risikerer negative konsekvenser ved å gå frå eit par skarpe skudd på skytebanen. Om rotete og byråkratiske registreringssystem skal være eit relevant argument mot registreringsplikt, så kan ein like gjerne også avslutte all registreringsplikt. Det burde ikkje være særleg mykje meir rotete at ammunisjonen er stempla med serienummer. Eg antek sjølvsagt at det må være rom for å registrere heile serier med ammunisjon, altså at du registrerer at du har kjøpt 100 patroner med serienummer 1 000 000 100 til 1 000 000 200, og ikkje at du fyller ut eige skjema for parton 1 000 000 100, 1 000 000 101, 1 000 000 102, osv osv.
-
Det er ein fin tanke, men det er ekstremt vanskeleg å få de til i praksis. I dette eksempelet så vil det å bruke Z som eit fredssymbol berre bli vridt til at russerane sin krigføring er fredsskapande. I alle fall no så vil russisk propagande dra stor nytte om vi i vesten startar å bruke Z teiknet, for det vil av russerane bli tolka som ei rein støtteerklæring. Med swastikaen kan det være meir realistisk å klare å snu oppfattinga av kva symbolet betyr. Dette fordi den negative betydninga er historisk og har blitt mindre framtredande. For sjølv om swastikaen fortsatt er mest kjent i vesten som eit nazisymbol, så har vi fått bruken av teiknet på såpass med avstand at det ikkje er rekna som eit støtande symbol når det blir brukt i nøytrale settingar. Symbolet blir fyrst støtande når det blir brukt i rasistiske samanhengar. Dette blir som med tillit. Det tek lang tid å bygge opp tillit, men det går fort å rive det ned igjen.
- 9 svar
-
- 2
-
-
-
Pruting hos forhandler vs privat på bruktbil, hva er din erfaring?
The Avatar svarte på DIYDari sitt emne i Bil og motor
Det er nok veldig varierande. Særleg i Norge der vi eigentleg ikkje har mykje til prutekultur. Du kan nok oppleve begge delar, alt frå at bruktbilen blir annonsert til 20% meir enn det selgar er villig til å selge bilen for, til bilselgarar som annonserer bruktbilen til 350 000 blank og er ikkje eingong villig til å fire seg ned til 349 999. Du må eigentleg berre sjå det ann, tegnet på at det er rom for å prute er om du ser at bilen er prisa for høgt. Om eg skal kome med eit generelt råd om pruting i Norge, så er det at dersom du vil prute så bør du gjere tidleg i prosessen. Om du avtalar å kome å sjå på ein bruktbil som er annonsert til 350k og du berre har med deg 300k i håp om at selgaren skal gi deg bilen til den prisen, då tek du ein veldig stor sjans. Sidan vi som nemt ikkje har prutekultur i Norge så er det rimeleg høg sannsynlegheit for at selgaren har satt prisen på rett nivå i utgangspunktet, og at forsøk på pruting vil bli sett på som at den potensielle kjøparen ikkje lenger er interessert i bilen. I andre land der pruting er vanleg så er prutinga ein invitasjon til vidare dialog. Eg må også legge til at når det gjeld bruktbilsalg så får også reglane rundt reklamasjon betydning. Som kjøpar har du rett til å reklamere på manglar ved bilen. Om det du reklamerer på utgjer ein mangel er mellom anna basert på ei vurdering av om bilen er i den stand som kjøper hadde grunn til å forvente utfrå kjøpssummens størrelse og forholda elles. Enkelt forklart så betyr det at jo meir du du har betalt for bilen, jo meir kan du også reklamere på. Og også motsatt, har du betalt veldig lite for bilen så kan du heller ikkje forvente like mykje av bilen. På dei summane ein vanlegvis snakkar om ved pruting så blir dette kanskje mest teoretisk, men i enkelte tilfeller så kan det faktisk lønne seg å betale 20k meir enn bilen er verdt sidan det kan opne for at du vinner fram med ei reklamasjonssak som kostar 30k å utbetre. Så då er vi tilbake til at du må vurdere kva som er bilens reelle verdi, og så må du vurdere om selgaren har satt rett prisnivå eller om selgaren har skrudd opp prisen for å kunne ha litt å prute på.- 9 svar
-
- 1
-
-
No er sikkert tilsynet overstått, men tenkte eg ville kommentere at dette er ein god plan. Det lokale eltilsynet skal ikkje berre avdekke avvik og gi pålegg, dei skal også rettleie og informere om elsikkerheit. Tilsynet er derfor ein god anledning til å få gratis tilgang på ein elektrikar som du kan spørre både om kva du må utbetre og kva du bør utbetre. Sidan du bur i ei gamal leilegheit der det sikkert er mykje som ideelt sett burde vært utbetra sjølv om det er lovleg, så er det særleg relevant å spørre kontrolløren om kva tiltak du eventuelt burde prioritere å få utbetra fyrst.
- 63 svar
-
- 3
-
-
-
Kongen har laga forskrift, den finner du her: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-06-29-830 Det lokale eltilsynet er underlagt sentralt tilsyn som du skriv, men det er for å påsjå at netteigaren har oppretta eit eltilsyn som fører tilsyna som dei er pålagt. Altså er det slik at kongen i regi av justis og beredskapsdepartementet har delegert til direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap oppgåva med pålegge netteigarane om å utpeike eit lokalt eltilsyn som igjen fører tilsyn med alle elektriske anlegg. I teorien så kan Kongen lage ei forskrift som gir deg som huseigar fullmakt til å føre tilsyn med dine eigne installasjonar, men eg tvilar sterkt på at du kan hoste opp ei slik forskrift. Dersom eltilsynet ikkje slepp til for å gjere jobben så får du merknad og risikerer tvangsmulkt, altså ei bot som blir større og større jo lengre tid det går før avviket er lukka. At det lokale eltilsynet ikkje gidder å gå bruke maktmiddel for å gjennomføre tilsynet, medfører ikkje at heimelen ikkje er der. Kva det lokale eltilsynet kjem til å foreta seg vil nok variere mykje alt etter både arbeidskapasitet og ei risikovurdering av viktigheita av å få utført tilsyn med akkurat deg. Her er det stor forskjell på om eventuelle feil på ditt elektriske anlegge "berre" utgjer ein brannfare som då berre rammar deg sjølv, kontra det er fare for at det kan være ein jordfeil hos deg som aukar brann-/berøringsfaren hos alle naboane dine. Om eltilsynet følgjer vanleg saksforvaltning så vil du om ei stund få eit nytt varsel om tilsyn, ofte med førehandsvarsel om tvangsmulkt. Om du fortsatt ikkje slepper til eltilsynet så blir neste steg at du får vedtak om tvangsmulkt. Realistisk sett så er det likevel gode sjansar for at du ikkje høyrer noko meir, særleg om du er den einaste i nabolaget som nekta tilsyn.
- 63 svar
-
- 4
-
-
-
Heimelaga våpen har vært ei bekymring lenge, einaste forskjellen med tilgang til 3D-printing er at heimelaga skytevåpen no har blitt tilgjengelge for datakyndige som har for mange tommeltottar til å lage skytevåpen på verkstedbenken i garasjen. Det er mange som har laga ulovleg skytevåpen ved å sage av ei gamal sykkelpumpe og modifisere stempelet til å bli tennstift. 3D printa våpen av plast er med veldig få unntak berre akkurat gode nok til at det er mogleg å bruke våpenet som eingongsvåpen. 3D printa våpen som kan brukast fleire gongar brukar stort sett ekte våpendelar av metall på alle kritiske områder slik at plasten berre er det som held kammeret saman. Heile problematikken er uansett lett å løyse, det er å holde kontroll på kven som får kjøpe ammunisjon. Det går ikkje ann å 3D printe krutt og tennsats, så du kan lage så mykje skytevåpen som du berre vil enten det er med 3D printer eller på sløyden, uten ammunisjon så er det ingen fare. Slike "ghost guns" er mest ei utfordring i land som USA, men det er fordi at i dei fleste statane så er ammunisjon fritt tilgjengeleg. Det er ikkje ein gong nødvendig å kunne vise fram våpenløyvet. Det er riktig nok ei aldersgrense på 18/21 år i dei fleste statar, men dette er berre ei utfordring for 15 åringen som printer skytevåpen på gutterommet og som ikkje kjenner nokon som er gamle nok til å kjøpe ammunisjon. Det er nok alt for seint no, men eigentleg så er det ammunisjonen som burde hatt serienummer og registrering. Sjølve skytevåpenet er berre ein ufarleg gjenstand av metall og plast-/treverk, det er ammunisjonen som inneheld sprengladninga. Med slik registrering så ville berre dei som treng ammunisjon kjøpt ammunisjon, og ein ville måtte være like forsiktig med å gi frå seg ammunisjon som ein i dag er med å låne bort skytevåpenet.
-
For meg gir det fullstendig meining. Det er ikkje snakk om at kvinner er for dumme for å ta sitt eige liv, det handlar om metodevalg og kompetansen som trengs. Om den valde sjølvmordsmetoden er ein form for forgifting så krever det litt kompetanse om både virkning og dosering. Det er "lett" å svelge ein neve med piller, det er vanskelegare å berekne om dette utgjer ein dødeleg dose eller om det berre er nok til å bli veldig sjuk. Eg trur nok at uttalen om at menn har høgare sjølvmordskompetanse og din uttale om at kvinner er flinkare til å skaffe seg hjelp, kjem frå same grunntanke. Ein godt argumentere at kvinner er langt smartare, då kvinner oftare velger metoder der ein enten oppnår ønska resultat, og dersom dei ikkje oppnår ønska resultat så opnår ein at det blir oppfatta som eit rop om hjelp slik at ein får behandlingstilbod og potensielt kan bli heilt "frisk". Det er likevel litt uheldig å skulle knytte dette opp mot kompetanse, for det handler meir om grunnleggande ulikt syn på handling og utfall. Menn velgar oftare metoder som i høgare grad er dødelege, men som medfører at dei som likevel overlever, dei overlever med store skadar. Du treng ikkje doktorgrad i biologi for å forstå at det å hoppe frå hustaket er dødeleg, men du burde kanskje ha det før du velger å hoppe frå eit tak som akkurat ikkje er høgare enn at du overlever som rullestolbrukar med permanent hjerneskade. Eg er einig i at eit menneskeliv har stor verdi, og vi bør openbart ikkje bytte ut kirurgen på akuttavdelinga med ein dyrelege som kan foreta nødslakt på pasientar som har store skadar. Det eg ikkje er einig i er at verdien er uendeleg. Det er heilt klart mogleg å kvantifisere verdien av eit liv, til dømes ved at ein i ei ulykke prioriterer å hjelpe dei 5 pasientane som ein er nesten heilt sikker på at ein klarer å redde kontra å fokusere på den sjette pasienten med liten sjanse for å overleve sjølv med all tilgjengeleg hjelp. Om verdien hadde vært uendeleg så hadde ikkje verdien vært samanliknbar. 1 stykk uendelig verdi = 1 stykk uendelig verdi gange tusen, som igjen betyr at tapet av 1 menneskeliv er ein like store tragedie som tapet av 1000 menneskeliv. I det verkelege liv så har eit menneskeliv høg verdi, ikkje uendeleg verdi. Når det gjeld aktiv dødshjelp så blir det også eit spørsmål om når ein held pasienten i live av omsyn til at dei pårørande ikkje skal måtte starte sin sørgprosess, kontra når ein held pasienten i live av omsyn til pasienten sjølv. Dette er eit klassisk spørsmål som ein tek stilling til før ein tek med seg den gamle familiehunden til dyrelegen for avliving. Kor lenge er det forsvarleg er det å holde hunden live når hunden ikkje lenger er i stand til å gjere noko av det som gir ein hund glede, enten det er løpeturar eller godbitar, kontra når er det meir forsvarleg med avliving før hunden rekk å oppleve så mykje liding. Er det dyreplaging å holde ein hund innestengt utan daglege lufteturar så er det også dyreplaging å ikkje gi hunden lufteturar også når det er hundens helse som er hinderet.
-
Komplett kutter 65 ansatte
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det er synd at det går denne vegen for komplett.no. Det er ikkje så mange år sidan komplett var klart beste nettbutikken å bruke, der det var kundeservicen som verkeleg utmerka seg i positiv forstand. Det var ikkje alltid komplett var billegast, men komplett var ofte best på både rask levering og oppfølging. Om ikkje eg huskar heilt feil så var det vel også i pakkane frå komplett at det brukte å følge med litt snop som bonus? Det å kutte 18% av dei tilsette vil nok ikkje gjere underverk for leveringstid og respons på kundeservicen for å seie det slik. Det er nok eit viktig grep for at ikkje aksjeeigarane i Komplett Group skal trekke seg ut, men dette blir nok å spare seg til fant som det heiter. Eg har full forståing for at det er viktig å kutte kostnadar når det går dårleg økonomisk, det store spørsmålet er om ein no tisser i buksa for å holde varmen og på den måten utsette konkursspøkelset. Med mindre komplett med dette grepet enten klarer å tilby langt lavare prisar eller klarer å få opp kundetilfredsheita så vil nok problemet med færre og færre kundar berre forsterke seg. Sjølv små grep som å ikkje anbefale PostNord som leveringsalternativ kan utgjere forskjellen på om ein kunde brukar same nettbutikken også neste gong. Sjølv om det ikkje er Komplett.no sin feil at PostNord ikkje evner å levere pakkane på avtalt stad til avtalt tid, så er inntrykket kunden sitter igjen med at det er nettbutikken som er dårleg.- 34 svar
-
- 1
-
-
Vipps krever at den andre parten også har Vipps, og for å ha Vipps så er det ei rekke vilkår som må oppfyllast. Dei viktigaste vilkåra er at du må ha lovleg opphold i Norge, du må ha bankkort i ein norsk bank, du må ha mobiltelefon med abonnement frå Norge og du må være minst 15 år (det finnes riktignok også ei løysing der foreldre lager vipps konto kobla til sin eigen Vipps). Om guttungen er 14 år eller naboen din er polakk med polsk telefonnummer så kan du ikkje vippse til dei.
- 21 svar
-
- 2
-
-
Det er ikkje eposten din som er problemet. Problemet er at den som tilsetter vil ha alle søknadane levert i systemet då dette både gjer det enklare å samanlikne kandidatar ettersom lik informasjon står på same plass i alle søknadane, og kanskje aller viktigast så er det arbeidsbesparande sidan programmet også automatiserer prosessen frå å automatisk sende stadfesting på at søknaden er mottatt, til å generere brev med jobbtilbod til ein av kandidatane samtidig som at alle andre får epost med avslag. Dette er den moderne versjonen av å kreve at alle søknadar skal leverast på papir og at alle må bruke den same malen for at sjefen i det heile tatt skal gidde å lese søknaden. Ja det er nok sant. Har sjølv brukt Webcruiter på begge sider av bordet, og sjølv om det verktøyet heller ikkje er heilt 100% så er det langt mindre kronglete å fylle ut enn jobbsøkerverktøyet som trådstarter bruker. Eg veit at i alle fall Webcruiter støtter heilt fint å motta søknad som vanleg epost eller brev som ein enkelt importerer til Webcruiter slik at alle søknadane kan behandlast i same system. Har personen ein profil frå før så er det berre å søke opp den, alternativ kan du fort lage ein profil på kandidatens vegne med berre namn og fødselsnummer før du drar eposten inn i programmet. Uansett, så er det stor forskjell på kandidatane som utviser så dårleg teknisk innsikt at dei fyller inn feil informasjon i feil felt, kontra dei kandidatane som gir opp fordi brukergrensesnittet er håplaust tungvindt. Har du som jobbsøkar mange kurs og sertifiseringar som er relevante for jobben så er det mykje arbeid å skulle plotte inn linje for linje. Som tilsettar så har eg i slike tilfeller full forståing for at ein berre fyller inn dei aller viktigaste kvalifikasjonane og legger ved resten som eit filvedlegg. Eg tenker at den løysinga signaliserer evnen til å jobbe smart meir enn den signaliserte at jobbsøkaren ikkje klarte å fylle inn alle sine 50 sertifiseringar. Eg er forøvrig heilt einig med trådstarter om at det er svært dårleg design at alle datoar må velgast gjennom eit kalendergrensesnitt. Særleg om du sitt på PC så er det idiotisk at du blir tvungen til å sitte å klikke med musa for å velge rett årstall, rett måned, og til slutt rett dato, når det tek eit sekund å skrive inn datoen på numpadden. Særleg i eit jobbsøkarverktøy der du skal sette dato for fyrste og siste dag på kvar einaste utdanning, jobberfaring, kurs og sertifisering så må det kunne forventast at systemet må støtte at datoane kan skrivast med tastaturet. Dette er på nivå med system der du skriver inn telefonnummeret ditt med scrolle deg nedover frå 999 99 999 i staden for å berre skrive telefonnummeret. Her er ein link som er rein satire, men som all anna god satire så er det eit gjenkjenneleg element her: https://www.boredpanda.com/funny-worst-input-fields/
- 42 svar
-
- 2
-
-
Jo tida der førarkortet har vært midlertidig beslaglagt kjem til fråtrekk. Det eg tenkte på var at du slepp å gå rundt i lengre tid utan å vite om du blir frådømt førarkortet, og eventuelt kor lenge du må klare deg utan førarkort. Det å gå rundt utan å vite kva som skjer er også ei belastning. Har ein samtykka til midlertidig førarkortbeslag så er det ikkje heilt uvanleg at behandlingstida der du går og venter blir lengre enn sjølve tapsperioden. Som til dømes at du går rundt utan førarkort i 4 månedar før du får beskjed om at du mister førarretten i tre månedar og du kunne ha henta førarkortet for ein måned sidan.
- 76 svar
-
- 1
-
-
Har eigentleg sett for meg at ei mogleg løysing kunne være å ha digitale gåvekort med display som viser saldoen på kortet. Slike kort kan då enten brukast som vanlege bankkort med å tæppe utan at det er behov for PIN kode, eller ein kunne bytta korta som om det var kontantar. Altså at om eg har vært på finn.no og gjort avtale om å kjøpe ein sofa til 1000 kr så kan eg betale selgaren ved å gi han eit slikt gåverkort med inneværande saldo på 1000 kr. Om mitt gåvekort hadde hatt saldo på 1100 kr akkurat der og då så kunne eg enten ført over 100 kr frå gåvekortet til min bankkonto slik at gåvekortet får rett verdi, eller eg kunne tatt imot eit gåvekort frå selgaren pålydande 100 kr som vekslepengar. Så vidt eg klarer å forstå så ville vi då fått det beste frå begge verdenar, både digital betaling men også moglegheita til nytte pengar utan digital sporing ved å enkelt å greit betale med gåvekortet som fysisk betaling.
- 21 svar
-
- 1
-
-
Tenkte eg dekte dette i innlegget mitt. Eg er av den oppfattinga at det er den som benytter tenesta som også bør bære kostnaden. Bankar tenker eg bør ha ei plikt til å ta imot kontantar, det er etter mitt syn litt av hensikta med ein bank. Om det er ein plass eg forventar å kunne ta med meg kontantar for å betale rekningar, eller at eg kan gå for å hente ut kontantar så er det i banken. Eg er fullstendig klar over at dei aller fleste bankane i dag er kontantlause og driv berre med rågdgjevingstenester, der du må gjere avtale på førehand om du skal levere eller hente kontantar. Det synes eg er feil veg å gå. Banken, og i alle fall alle bankar som fortsetter å ha filialer som er opne for publikum burde være dei siste institusjonane i samfunnet som sluttar å forholde seg til kontantar. Eg stiller store spørsmål ved kor praktisk det er å gå tilbake til kontantbetaling ved kriser. Ved til dømes straumutfall så vil nok dei aller fleste butikkar be kunden om å vente nokre minutt i håp om at straumen snart kjem tilbake, framfor å hente fram skrivesakene for å dokumentere transaksjonane og skrive ut kvittering. Det er nok også slik at sjølv om du har sedlar så kan du ikkje nødvendigvis forvente at butikken har vekslepengar til deg i ei krise. Skulle krisa vare lenge utan at vi får tilgang til digitale kontoar og betaling så er det uansett alt for lite kontantar i omløp til at økonomien kan gå sin gang med berre kontantar. Ein kjem nok veldig fort til det nivået at ein må krite i butikken eller skrive ut skuldnarbrev for å bruke det som betaling.
- 21 svar
-
- 2
-
-
Klandreverdig er det, men det er ikkje alle lovbrot som er så alvorlege at det av omsyn til befolkningas rettsoppfattelse er nødvendig med streng straff. Det har lite for seg å spekulere i ulike scenarioer, men sjølv om bilføraren har det objektive ansvaret så kan det foreligge både straffeskjerpande eller straffeformildande omstendigheiter.
-
Hva gjør man egentlig når pengene ikke strekker til?
The Avatar svarte på Tmz sitt emne i Privatøkonomi
Det er ikkje heilt rett at avdragsfriheit er ei kortvarig løysing. Slik som prisstigninga er no så vil eigentleg huslånet ditt betale seg ned sjølv så lenge du klarer å betale rentekostnadane. Om vi ser på prisendringane bakover i tid så kan vi på ssb rekne ut at ein tusenlapp i 2020 er i dag verdt 1200 kr. Fortsetter den aukinga i kjøpekraft på same måte også dei neste 5 åra så vil du i 2030 har 20% meir pengar sjølv om din AAP skulle forbli uendra. Kostnaden med å betale tilbake dei 2 millionane du har i lån blir mindre og mindre for kvart år fordi du får sterkare og sterkare kjøpekraft. Slik som situasjonen er no så er det ingen hastverk med å betale avdrag, lånet betalar seg nesten sjølv så lenge du klarer å betale dei månedlege rentene. Eg ville ha strekt meg veldig langt for å beholde bustaden, sjølv om det medfører nokre magre år. Om det blir for dyrt å fortsette å bu i bustaden så tenker eg at plan B får fyrst være utleige. Når det gjeld budsjettet ditt så kan eg berre gjenta det som har blitt nemnt før. Fyrsteprioritet er å kvitte deg med bilen, som minimum å få avgregistrert den. Får du kvitta deg med bilen så så sparer du pengar både på bilforsikringa og på parkeringsplass. Om bilen er lite verdt og du synes det er problematisk å få solgt bilen så er det også eit heilt kurrant alternativ å levere bilen til vraking og utkassere vrakpanten på 3000 kr. Det er sjølvsagt langt mindre pengar enn 20 000 kr, men til gjengjeld så er du 100% sikker på at det ikkje kan kome nokon kjøpar i ettertid med reklamasjonskrav. Ellers så bør du ta kontakt med lånekassen for å sjekke kva ordningar du kvalifiserer til. Du skal kvalifisere til å få sletta renter om du har vært på AAP i minst tre månadar. Du har nok potensiale til å kunne leve litt billegare på matbudsjettet, men det skal seiast at med eit matbudsjett på 100 kr per dag så ligg du alt ganske lavt. Det er kanskje likevel mogleg å presse budjsettet enda meir ned ved å optimalisere daglegvarehandelen, som å gjere større innkjøp om gongen, sjå etter datovarer, og prøve å lage mest mogleg mat frå grunnen av. Om du et mykje ris og slikt så kan det være mykje å spare på å dra på innvandrarbutikk og kjøpe ein sekk med ris om gongen. Det andre rådet er å prøve å spe på inntekta. Leigetakar er alt nemt. Sidan du har ein bil i lovleg stand så er også den bilen eit aktuelt utleigeobjekt om du ikkje selger den. I dag er det blitt meir fleksibelt med å jobbe samtidig som du mottek AAP, så om du klarer å finne ein deltidsjobb eller liknande så hjelper det sjølvsagt godt på.- 65 svar
-
- 3
-
-
Dei aller fleste bankar er veldig positive til å refinansiere huslånet så lenge verdien på huset er stor nok til å gi tilfredsstillande sikkerheit. Det er jo rein profitt at kunden fortsetter å betale på lånet lengst mogleg, og det er også minimal risiko sidan dei aller fleste hus enkelt kan selgast til eit beløp som dekker gjenståande huslån. Dersom kunden må ta opp eit vanleg billån så er det på ingen måte automatikk i at kunden bruker sin faste bank til slike forbrukslån, dei aller fleste vil sjekke med ulike bankar og lånegivarar for å finne dei gunstigaste betingelsane. Den einaste rasjonelle grunnen eg kan sjå til å nekte refinansiering av huslånet er om du bur så grisgrendt til at at huset i realiteten ikkje er salgbart, som då igjen betyr at verdivurderinga berre er teoretisk. Men det skal da særdeles mykje til at ei hus med 60% belåningsgrad ikkje er mogleg å få solgt til 60% av verdivurderinga. Sjølv grisgrendte hus vil vel være eit røvarkjøp om du får det til halv pris slik at banken får tilbake pengane dei har lånt ut?
- 29 svar
-
- 1
-
-
I prinsippet så er det bra at kontantar skal være eit tvungent betalingsmiddel, slik at det å ha bankkort eller anna digital betaling ikkje blir ei forutsetning for å kunne kjøpe varer og tenester. Ein ting er at det bør være mogleg å gjennomføre anonyme transaksjonar, men ein anna ting er at det må være mogleg å kunne gi naboen eller guttungen ein hundrelapp for å gå i butikken og kjøpe kjøttdeig til deg. Du kan ikkje låne ut bankkortet ditt eller mobiltelefonen utan å bryte brukarvilkåra, så skal du få hjelp til å utføre ei slik teneste utan kontantar så må du til med bankoverføring som fort kan ta ein dag om du og naboen brukar ulike bankar. Det einaste ankepunktet mitt er i kor stor grad ein skal kunne forlange å betale med både mynt og sedlar. For kontantar er begge deler, så om alle billettautomatar og slikt skal ha støtte for bankkkort, mobilbetaling, myntinkast og sedelluke så blir sjølvsagt automaten dyrare i drift, og då blir det igjen eit spørmål om kven som bør bære kostnaden ved dette. Det å skulle handtere fysiske pengar er relativt dyrt. Både må ein ha stor nok pengebehaldning til at ein ikkje går tom for vekslepengar, men det er også direkte kostnadar knytt til kontantar som at du må ha låsbart kasse eller safe, du må betale for at vekslepengane både blir levert og henta frå butikken din, osv. I tillegg til dette så er det ei viss ransfare med å ha store kontantbeløp i butikken, som igjen gir kostnadar ved at det alltid bør være minst to på jobb og a når pengane skal leveras i nattsafen så må det enten være fleire tilsette som går saman eller så må pengane hentast av ein vektar. Eg har ikkje klart å overbevise meg sjølv om at eg er villig til å betale f.eks. 5% meir for alle varene i daglegvarebutikken berre fordi nokre få kundar skal kunne forvente å få 994 kr når dei kjøper ein einsleg banan og betalar med ein tusenlapp. Min konklusjon er at det er bra at forbrukarane har rett til å betale kontant, og eg synes det er bra at regjeringa stramma litt inn på det unnaket som enkelte hotell benytta seg av ved å berre akseptere kortbetaling og så oppfylte dei lovens minstekrav ved å seie at du sjølvsagt kunne stikke innom hovudkontoret på Aker brygge for å betale kontant der om du ikkje ville betale med kort, for det er sjølvsagt eit heilt urealistisk krav å stille når du driv eit hotell i Tromsø. Samtidig så veit eg ikkje heilt om det er fornuftig at ein kvar pølsekiosk skal ha kassaapparat fulle av vekslepengar. Kanskje løysinga burde være eigne vekslebutikkar der du kan både ta ut kontantar og veksle om kontantane til valører som er meir hensiktsmessige for det du planlegg å kjøpe? Den teknologiske utviklinga går framover, så det er jo også eit spørsmål om kva som er fornuftig å fortsette med. Sånn sett er eg glad for at det ikkje er eit lovkrav at du skal få kjøpt frimerker alle stadar. I dag er det ei fullgod løysing at du enten går i postskranken og får skrevet ut ei strekkode som bevis på at du har betalt porto, eventuelt at du får kjøpe deg digitalt frimerke med ei kode som du kan skrive på brevet.
- 21 svar
-
- 1
-
-
Generelt sett så bør du trekke samtykket til førarkortbeslag, om ikkje anna for å framtvinge at din sak blir prioritert. Det å trekke samtykket til førarkortbeslag handlar ikkje om at du ikkje tek ansvar for ulykka, det betyr berre at du slepp å gå i usikkerheit i månedsvis medan politiet prioriterer alle andre saker. Ved å trekke samtykket så gir du politiet ein frist på tre veker på å ta stilling til om dette er straffbart eller ikkje. Er du heldig så får du tilbake førarkortet og beskjed om at saka blir henlagt før det har gått tre veker, eller i verste fall så får du før det gått tre veker beskjed om at det blir straffesak. I alle tilfeller så vil du få ei avklaring på kva som skjer i løpet av tre veker. Alternativet ved å oppretthalde samtykket er at saka di kan bli liggande i månedsvis utan at du får ei avklaring. Om du mister førerkortet for ei lenger periode så er det i alle tilfelle mykje betre at du får starte på tapsperioda så raskt som råd slik at du blir ferdig med tapsperioden utan å gå å vente på det. Om det er aktuelt med straff kjem heilt ann på dei eksakte omstendigheitene i saka, og då særleg om du har gjort deg skuldig i noko som er så klandreverdig at det av allmennprevantive grunnar er nødvendig å gi deg straff. Mest truleg så kan du nok forvente til at du får ei bot og eit halvt år utan førarkort for uaktsomheit. Det er ikkje heilt umogleg at det også kan være akuelt med fengselsstraff men det må vurderast særskilt. Det er nok særleg aktuelt å sjå nærmare på kva du eventuelt kunne gjort annaleis i den aktuelle situasjonen.
- 76 svar
-
- 4
-