
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Ulike trikkar vil nok ha ulike system for "dødmannsknapp". Slike sikkerheitsinnretningar kan ha ulike funksjonar, både at ein har eit handtak eller bryter som må holdast i ei bestemt stilling, men det kan også være ein knapp som føraren må trykke på med eit bestemt tidsintervall. Teknisk ukeblad har laga ein artikkel om denne aktuelle trikken etter akkurat denne ulykka: https://www.tu.no/artikler/det-kan-ga-opptil-35-sekunder-for-trikkens-nodbremser-slar-inn/552936 Det er dessverre ei plussak, men i artikkelen så står det at Oslo-trikken (SL-18) har to dødmannsknapper. Den fyrste er at det er ein sensor på køyrehendelen som løyser seg ut om føraren slepp køyrehendelen, den andre er ein pedal i dørken. Trikken vil stadig veksle mellom to ulike modusar, dei ein modus er at føraren må trykke kvart 5 sekund, og den andre modusen er at knappen må holdast inne og må sleppast kvart 30 sekund. Det medfører at dersom føraren får eit illebefinnande utan å sleppe knappen eller flytte foten så vil det ta opp til 30 sekund før alarmen går. Når alarmen går så får ein varsellys i 2,5 sekund, deretter ein lydalarm i 2,5 sekund, og fyrst etter 5 sekund med ignorert varsel så vil nødbremsene aktiverast. I denne modusen vil det kunne ta mellom 5 og 35 sekund før bremsene aktiver seg alt etter kvar i syklusen ein er i det føraren får eit illebefinnande. I den andre modusen der du må trykke kvart 5 sekund, så får du også 2,5 sekund med lys og 2,5 sekund med lyd, som då medfører at bremsene aktiveres etter 5 til 10 sekund alt etter kvar i syklusen ein er. Det er også gjort berekningar på at denne trikken hadde i fart på opptil 40 km/t ved avsporinga basert på videomaterialet som er samla inn. Med 10 sekunds forsinking på nødbremsinga så vil trikken då forflytte seg 110 meter før bremsene aktiveres, var trikken i den andre modusen slik at bremsene fyrst slo seg inn etter 35 sekund så kunne trikken potensielt forflytta seg 390 meter. Dei nye trikkane har også årvåkenheitsfunksjon som skal kunne gi betre overvåking av føraren, men her manglar det både regelverk og utprøving for korleis funksjonen skal brukast. Eit vist slingringsmonn må det uansett være på dødmannsknappen. Aktivert nødbrems kan både utgjere ein fare i seg sjølv, i tillegg til unødig slitasje på hjulsetta. Det er derfor ikkje ønskeleg at trikken skal gå i nødbrems kvar gong føraren treng å strekke på tommelen eller klø seg i panna.
- 58 svar
-
- 4
-
-
-
Det er også vanskelig å hindre utlendingar i å kome til Norge, mykje på grunn av EØS avtalen. Mange av dei som er ii organiserte tiggernettverk vil på papiret ha lovleg opphold fordi dei blir oppsatt med eit arbeidsforhold som igjen gir lovleg opphold. Sidan tigging ikkje er forbode så er det ingeting i vegen for at ein tigger både jobber og tigger. Om du stiller opp på grensa for å oppgi at du kjem frå eit EØS land men du verken har til hensikt å jobbe, studere eller feriere her i landet så vil du ikkje ha lovleg opphald og skal bli avvist, men det er det nok i praksis ingen som gjer. Erklærer du deg som turist så har du som EØS borger uansett lov til å feriere i Norge i tre månedar utan registreringsplikt, så det er fyrst på den fjerde måneden at det er ein risiko for å bli sendt ut av landet. Tigging er ikkje ei arbeidsinntekt, og dermed kan ein heller ikkje kaste ut ein "turist" fordi vedkommande skaffar seg inntekt ved å tigge. Det er derfor eg meiner at tigging bør forbys (innafor visse rammer), for då vil det å tigge ikkje kunne være ein lovleg måte å være sjølvberga på. For sjølv om ein ikkje har lov til å ha arbeidsinntekt om ein er her som turist eller student, så har ein lov til å ha ei (begrensa) inntekt. Både tigging, panting av flasker, og diverse småjobbar for private er i dag lovlege inntektskilder. NAV har eit avgrensa ansvar ovanfor personar med ulovleg opphald i Norge. Disse kvalifiserer ikkje til å bli medlem i folketrygda, men dei har likevel rett på sosialstønad. Vilkåret er at dei både ikkje klarer å forsørge seg sjølv og at dei ikkje kan forlate landet (for å bli forsørga i heimlandet). Sivilombodet har slått fast at NAV må gjere ei uavhengig vurdering på om personen er i stand til å forlate landet, og NAV kan ikkje kreve at personen tek kontakt med politiet for å bli pågrepet og sendt ut av landet. Dette er ein del av sosialtjenesteloven som skal syte for at alle som er i Norge skal få dekt sine grunnleggande behov, som hovudregelen skal ein ha lovleg opphald men det følgjer av andre reguleringar enn sosialtjenesteloven. Kor mykje dette tilbodet blir brukt av utanlandske tiggarar kjenner eg ikkje til, vil tru at det ikkje er veldig utstrakt bruk sidan mange av tiggarane har relativt god økonomi frå før for å kunne reise heilt til Norge, og grunnen til at dei reiser hit er fordi det er gode pengar å tene på å tigge. Dersom tigginga slår feil så har nok dei aller fleste pengar i bakhand til å kunne reise heim utan å gå via norske myndigheiter og risikere å bli sendt ut med innreiseforbod i fleire år. Og dei som ikkje har pengar til å kome seg heim kan tydelegvis ta kontakt med kirkens bymisjon for å få seg ein flybillett.
-
Sliter med å selge typisk første gangs bolig i Oslo
The Avatar svarte på onkel_jon sitt emne i Privatøkonomi
Meklaren har ikkje alltid same interesser som selgaren. Ofte har meklaren kontraktfesta 6 mnd på seg, og sidan meklaren ikkje har kostnadar med bustaden så vil det for meklaren lønne seg å la bustaden ligge ute med høg prisantydning i håp om eit raskt salg og høg provisjon, og deretter senke prisen til eit realistisk nivå mot slutten av kontraktstida. Det er heller ikkje alle meklarane som er like flinke til å formidle fordelar og ulempar med forskjellige salgsstrategiar. Det er her openbart at meklaren har bomma på strategien når selgaren ønsker raskt salg. Det er ikkje gitt at det er meklaren sin skuld, det kan også være uflaks eller kalkulert risiko som gjekk feil veg. Eller kanskje mest sannsynleg, at meklaren ikkje har kapasitet til å fokusere nok på akkurat dette salgsobjektet. Det er uansett klart at selgaren må prøve noko nytt, og ideelt sett så er dette eit tema som meklaren burde sjølv tatt opp før det vart nødvendig å gå til eit forum for å be om råd.- 87 svar
-
- 1
-
-
Sliter med å selge typisk første gangs bolig i Oslo
The Avatar svarte på onkel_jon sitt emne i Privatøkonomi
Foretrekker heilt klart ditt kjøkken, ja det er litt mørkt men kjøkkenet i den andre leilegheita gir meg klare assosiasjonar til kommunale aldersbustadar. Ein detalj som eg ikkje la merke til før no, kvifor har du tatt bilde utan å slå på lysa? Kjøkkenet ditt ville fått ei heilt anna framtoning med lysa på. Er reknar med at du har lys under overskapa så dei burde ha lyst opp kjøkkenbenken, og som miniumum så må du slå på taklyset. Som sagt er eg ingen ekspert på interiør, og eg bukkar meg i støvet for fagfolk som kan faget. Men personleg så foretrekker eg at stova også viser korleis ein TV kan plasserast. Utan TV-skjermen så synes eg stova ser ut som eit venterom, og eg klarer ikkje å sjå for meg bruken av stova utan ein TV-skjerm. Skal ein fyrst gå for ein stil utan TV så ville ha dekt på stovebordet med kaffe-service slik at det ser ut som at du venter besøk, då får ein i det minste assosiasjonar til at det kan være fint å sitte i stova saman med gode venner. Dersom stylisten ikkje vil ha ein stor svart skjerm på bilda så går det ann å skru på TV'en og vise eit fint naturbilde eller liknande. Minimalistisk stil kan være fint det, og her kan det være meg det er noko galt med, men det ser forbaska kjedeleg ut å sitte i sofaen å stirre på ei lampe, særleg når heile bakveggen er kvitmalt utan noko som helst anna å feste augene på. For at stova skal gi meining utan ein TV, så burde du ikkje ha hjørnesofa, du burde hatt ein toseters sofa og ein lenestol og orientert heile stova mot vinduet. Hadde du satt opp ein TV så hadde du også fått skjult ledninga som går opp frå TV-bordet. -
Det er berre å prøve. Det er ikkje skummelt i det heile tatt, det skal mykje til å klare å skjære seg. I den grad du kan skjære deg så er det ved barbering rundt haka sidan det her er litt meir krevande å ha rett vinkel heile tida. Og skulle du få eit lite kutt så er det heilt uproblematisk, vanlegvis merker du det ikkje ein gong så du finner ikkje ut at du har skjært deg før etter at du har vaska ansiktet og ser litt blod. Slike barberhøvlar vart solgt som sikkerheitshøvlar og det er heilt umogleg å skjære seg på ein måte som meir alvorleg enn at du blir raud i huda der du har vært litt for aggresiv med høvelen. Om eg skal dra fram ein siste ulempe med DE-høvel så er det at du må være litt meir fokusert, sidan du berre har eit blad så må du heile tida passe på at du ikkje hoppa over eit område. Vanlegvis er det veldig enkelt sidan du ser kor barberskummet forsvinn. Det området der Gilette høvel med 4 blad verkeleg er bra er at det er ein fin høvvel om du barberer deg om morgonane utan å være heilt våken og utan å ha dusja eller vaska ansiktet fyrst.
-
Generelt enig i det, problemet er at anbefalinga som eg viser til ikkje er ein ekspertuttale som appelerer til autoriteter, helsedirektoratet er autoriteten på dette området. Ein kan sjølvsagt alltid diskutere om dei statlege direktorata har den fagkompetansen som dei burde hatt, men dette er noko heilt anna enn "eksperten" som seier det er sunt med sink-tilskot og som tilfeldigvis selg nettop sinktablettar under eige merkenamn.
-
Sliter med å selge typisk første gangs bolig i Oslo
The Avatar svarte på onkel_jon sitt emne i Privatøkonomi
Eg skal ikkje skryte på meg å være god på interiør, men kanskje du skulle prøvd med eit større teppe, eventuelt eit teppe til på golvet for å dempe litt det inntrykket som golvet gir. Det kan også være ei muligheit for å sette litt farge i leilegheita. Det å bytte golv eller male veggar får du nok ikkje noko igjen for. Største forskjellen mellom din leilegheit og denne naboleilegheita er at den ser lunar ut og er litt meir levd i og framstår som mindre tom, og det er tatt med områder som viser kor fint uteområdet kan være når det ikkje er vinter. -
Sliter med å selge typisk første gangs bolig i Oslo
The Avatar svarte på onkel_jon sitt emne i Privatøkonomi
Den leilegheita du lenker til er forholdsvis samenliknbar, men sjølv om den er eit lite hakk mindre så koster denne totalt 4,5 mill mot din 4,8 mill. Disse 300k utgjer ganske stor forskjell, der ein med 5x regelen må ha inntekt på 1 mill for å kjøpe din leiegheit mot "berre" 900 000 for å kjøpe denne du har lenka til. Det er betydeleg mange fleire som kan låne 4,5 mill enn dei som kan låne 4,8 mill. Ein anna ting er at den leilegheita du viser til har mindre areal, men den har fordelen av ein stor innglassa veranda som i alle fall på sommarhalvåret kan fungere som gjesterom/oppholdsrom. Så til tross for mindre stove og litt trangt kjøkken så gir denne leilegheita litt meir muligheiter enn din, badet er også litt romslegare enn ditt bad. Hadde eg kjøpt den leilegheita du lenker til så ville eg i tilegg vurdert å sette inn foldedør ut mot den innglasa veranaden slik at verandaen kan brukast som ein del av stova. Verandaen er ikkje isolert så det vil være kostbart å varme opp den om vinteren, men løysinga gir deg den fleksibiliteten om du til dømes treng å bruke verandaen som gjesterom nokre dagar om vinteren. Alt det sagt så har din leilegheit høgare standard totalt sett, spørsmålet er berre kor mykje det hjelp sett opp mot kva potensielle kjøparar har råd til å betale. Etter mitt syn så ligg mykje av kvalitetane du har vel så mykje på bygget og området, og du bør kanskje fokusere litt ekstra på dette. Dette er eit forholdsvis nytt bygg, så du kan nok med fordel også ha bilder som viser inngangsparti og heis, og kanskje også vise at bygget har nøkkelfri adgang i staden for å berre skrive det. Parkeringsplassen i garasje med lademuligheiter er eit stort pluss med din leilegheit, særleg når den følger med leilegheita og ikkje må leigast i tillegg, så det kunne du nok også fått tydelegare fram. Bildet som viser garasjeanlegget ser veldig rotete ut, det hadde hjulpet litt på om du hadde tømt din bod, både for ryddigheita men også for å visualisere størrelsen på boda. Så i staden for å fokusere på å selge leilegheita så burde du kanskje i større grad selge inn heile sameiget. Det er fint å vise til gode turområder i nærheita, men av og til så er det som frister folk mest den luksusen det er å bruke fjernkontrollen til å opne garasjeporten, parkere på eigen parkeringsplass, plugge inn ladaren, ta handleposen ut av bilen og ta heisa heile vegen opp til leilegheita. Husk at også sporty og aktive mennesker liker å ikkje trenge å ta trappa opp 3/4 etasjer kvar dag. Om du ikkje har fått solgt før snøen har smelta så bør du få tatt nye bilder tatt på sommarhalvåret (sjekk med meklaren om det selskapet har solgt leilegheit i same bygg før og kanskje har eit arkivbilde du kan låne? Du har alt lånt slike bilder til nærområdet forøvrig). Særleg leikeplassen ser trist ut når den er dekt av snø og umåkt, ikkje ein gong fotspor bort til leikestativa som kan gi illusjonen av at leikeplassen er i bruk. Sidan din leilegheit er lite eigna til barnefamilier så er det ikkje ein gong sikkert du bør prioritere å ha 3 bilder av leikeplassen. Det kan nemeleg godt være at dine potensielle kjøparar ser på det meir som ein ulempe enn ein fordel at det er leikeplass rett nedanfor verandaen. Sjølve verandaen kjem heller ikkje til sin rett når bildet er tatt om vinteren, men det får du ikkje gjort så mykje med akkurat no. Ein siste ting når det gjeld sjølve bilda så vises det kanskje litt for godt at du har flytta ut. Sjølv om stova er liten så ser den litt tom ut. Særleg det å få satt fram ein TV samt eit lite spisebord/frokostplass hadde gjort mykje for å framstille leilegheita som litt meir husleg. Også fråværet av bilder på veggane gir litt kaldt inntrykk av leilegheita, store kvitmalte veggar og attpåtil vinter utanfør stovevinduet får leilegheita til å sjå liten og kald ut, det du er ute etter er å få leilegheita til å framstå som liten og lun. Om du ikkje får den interessen du ønsker, så hadde eg nok sterkt vurdert å få leilegheita styla og få tatt nye bilder, du bør kanskje også vurdere å leige litt møblar/inventar. Heil personleg så er eg litt imot bruken av stylistar som pynter på ein måte som ingen faktisk ville budd, alt frå skjærefjøl med fersk frukt/grønsaker på kjøkkenbenken, til eit hav av pynteputer i senga, men merkeleg nok så fungerer det veldig godt på bilda, og er absolutt anbefalt å bruke litt pengar på.- 87 svar
-
- 2
-
-
Likevel opplyser helsedirektoratet at utifrå ei helsevurdering så anbefales margarin framfør smør. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/ekspertuttalelse-om-fett/hva-er-sunnest-meierismor-eller-plantemargarin Dette begrunna i at meiersmør inneheld meir metta fettsyrer enn margarin, altså konkluderer helsedirektoratet heilt motsatt. Helsedirektoratet dreg særleg fram at plantefett er meir gunstig for kolesterolnivået enn animalsk fett.
-
Sliter med å selge typisk første gangs bolig i Oslo
The Avatar svarte på onkel_jon sitt emne i Privatøkonomi
Når eg søker på finn.no i same område og filtrert på leilegheiter mellom 50 og 70 kvm så er det mange aktuelle konkurrentar. Din leilegheit er med fellesgjeld prissatt til 4,8 mill. Akkurat no så ligg det ute tre leilegheiter i same område med totalpris på 3,9 mill, leilegheitene er henholdsvis på 50, 56 og 63 kvm og er då ganske samanliknbare på størrelse. Din leilegheit har nokre kvalitetar med balkong og garasjeplass som følger med, men denne millionen i forskjell utgjer veldig mykje for kva fyrstegongskjøparar som får råd til å kjøpe. Din leilegheit er nok prismessig meir aktuell for unge pensjonistar som vil ha noko som er lite og praktisk og som har eigenkapital frå den forrige bustaden å bruke, meir enn at leilegheita er attraktiv for fyrstegongskjøparar. -
Tiggarane brukar ulike metoder. Sjølv om ein har veldig dårleg råd så har eg null tiltru til at nokon må gå rundt barbeint i sandalar om vinteren utan å ville det sjølv. Berre det å trekke plastposer over beina før ein trakker ned i sandalane utgjer stor forskjell for å unngå å fryse på beina. Eg er ellers einig i at tigging bør forbys, men det er då viktig at vi har eit hjelpeapparat som kan ivareta dei grunnleggande behova. Det å få offentleg bistand i staden for å tigge er også den beste måten å fordele ressursane på. At enkelte tiggarar får 500 kr gjennom å tigge på dei rette plassane medan den andre tiggaren skal være heldig om han får ein 20 kr i løpet av heile dagen, er enkelt og greit usolidarisk. Det som er vanskeleg med eit forbod er å finne rette balansen. For det er ein forskjell mellom dei proffe tiggarane som kler seg ut og dreg inn store summar i skattefri inntekt, kontra 14 åringen som har mista mobilen og som spør om å få ein 20 kr til å kunne kjøpe seg ein barnebilett og ta bussen heim. I tillegg så må vi lage regelverket slik at tiggarane ikkje drar fram ei sur blokkfløyte og kallar seg musikant i staden for. Eg synes også at NAV er for dårleg rigga til å hjelpe i typiske tigger situasjonar på grunn av at det er litt for lang sakshandsamingstid også når det er akutte behov som skal dekkast, og at mykje av korttids overnattingsalternativa er i praksis drifta gjennom veledige organisasjonar. Så kan det god være at det finnes "ekte" tiggarar, men løysinga på dette kan ikkje være at vi tillet ein relativ stor svart økonomi med pengar som vi ikkje har kontroll på. I tillegg så mister vi også oversikta over kven som treng hjelp og kven som får hjelp.
-
Hvor utbredt er egentlig Nice Guy-typen?
The Avatar svarte på Martelè sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Det blir nok litt definisjonsavhengig, men eg trur nok at i den norske befolkninga så er det langt fleire som heller i retning av "nice guy" i staden for "bad guy". Nordmenn flest er svært lite narsissistiske, noko som gir ein langt mildare framting samanlikna med andre land der ein er langt meir individualistiske. I tillegg så har vi i Norge eit veldig inkluderande samfunn, så det ligg nok også godt til oppdragelsen at alle skal behandlast med respekt. Og eit tredje moment er at Norge er eit av dei mest likestilte samfunna i verden, noko som fører til at vi feirer menn som vil være heimeverande og damer som jakter karriere. Ein typisk "bad guy" blir fort hamra ned av både skuleverket og samfunnet forøvrig, i Norge har vi relativt lite tolmodigheit med folk som til stadigheit skal gå sin eigen veg og som ikkje vil innrette seg med resten av samfunent.- 45 svar
-
- 4
-
-
-
-
På same måte som at man innanfor miljøvern snakker om "grønvasking" om ting som prøver å framstille seg meir miljøvenleg enn det eigentleg er, så burde vi ha eit tilsvarande ord for matvarer som prøver å framstå som sunnare enn dei er. Når det gjeld transfett heilt konkret så handlar vel det oftare om at ein velger den versjonen av ein matvare fordi den er billegare og ikkje fordi den framgår som eit sunnare alternativ?
- 47 svar
-
- 1
-
-
Hjelp. Verkstedene finner ikke ut hva som er galt med bilen min?
The Avatar svarte på Pluto8 sitt emne i Bil og motor
Har dessverre tilsvarande erfaring frå ein Polo eg hadde, den bilen hadde heilt andre problem men også der så vedvarte feila også etter verkstedsopphald til eg sjølv bytta batteri. Sjølv om spenningsnivået i batteriet var godt innafor det nivået det skulle være på så var det tydeleg at ei spenning i det lågare skiktet førte til at diverse sensorar ikkje fungerte som dei skulle. Det mest hysterisk irriterande symptomet var kanskje ein overfølsom bilalarm som kunne løyse seg ut berre ved at eit større køyretøy passerte min parkerte bil. Skulle tru at eit merkeverksted hadde litt meir kjennskap til feilsøking på modellane dei forhandlar. Å plugge til eit diagonseverketøy, starte bilen, og lese av "ingen feilmelding", det får eg også til. Når det gjeld denne bilen. Eit super-enkelt fyrste grep du kan gjere er å prøve å starte bilen med reservenøkkelen for å utelukke eventuelt identifisere om det er nøkkelen din som er problemet. Det kan rett og slett være at elektronikken i nøkkelen du bruker mest har starta å svikte. Det neste er som nemt å bytte bilbatteri. Særleg i samband med oppstart så er det fleire ting som dreg straum, alt frå bilradio til køyrelys, og om batteriet er litt svakt så kan det føre til diverse feilmedlingar.- 45 svar
-
- 3
-
-
Sliter med å selge typisk første gangs bolig i Oslo
The Avatar svarte på onkel_jon sitt emne i Privatøkonomi
Leilegheita framstår fin på bilda, så ingenting som skremmer vekk folk. Kanskje er leilegheita litt kjedeleg, men samtidig så er det dette som selger. Det kan være at du vil ha nytte av å leige stylist og møblar for å få leilegheit til å sjå så bra ut som den kan, men eg synes leilegheita ser tiltalande ut. Som andre har sagt så er det nok prisen som er problematisk, med lån og fellesutgifter vil denne leilegheita koste 31 000 kr i måneden. Det er nok få endelege som har råd til dette, så då er markedet par utan barn, noko som reduserer litt talet på potensielle kjøparar. Ellers så er markedet dårlegast no på vinteren, folk er meir på flyttefot om våren og om hausten. -
Burde ikke Erna Solberg gått av etter mannens skandale?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Prinsippet er likt uansett kva parti statsministeren tilhøyrer. At det vart media shit storm rundt Erna var nok til dels tilfeldig. Fordelen til Erna når katta fyrst er ute av sekken er at når hemmelegheita er offentleg kjent så er det ikkje lenger eit problem. Sånn sett er det mykje "skumlare" kva som eventuelt skjer i Støres nærmaste krets som det berre er utanlandske agentar som veit om. Det Erna skulle gjort annaleis er at ho skulle vært tydeleg på at ho hadde klare skiller mellom jobb og heimebane. Ho burde absolutt ikkje ha sagt nok om at ho snakka om jobb når berre dei to var til stades. No veit vik ikkje eksakt kva Erna snakka om, men berre mistanken om at Sindre kan ha fått vite om sensitive ting er nok til at dette vart ei stor sak. Det å måtte skille tydeleg på jobb og fritid er ikkje eit unikt for ein statsminister. Den som jobbar som psykolog kan ikkje snakke om sine pasientar til ektemannen i det heile tatt, heller ikkje når ein er forsiktig med å ikkje nevne namn og liknande. Dersom ein forsnakkar seg eller gir formykje informasjon som gjer at ektemannen kan danne seg ein antakelse på kven pasienten er så heng autorisasjonen i ein tynn tråd. Hadde Erna vært tydeleg på at uansett kva slags snusk Sindre har dreve med bak hennar rygg, så ville det være heilt utenkeleg at han ville sitte på eller kunne skaffe seg tilgang til sensitive opplysningar, også om han vart usatt for press, så hadde det ikkje vært eit stort problem. Det Erna kom farleg nært å måtte gå av på, var at ho ikkje klarte å overbevise om at Sindre ikkje kjente til nokon detaljar til kva som foregjekk på SMK. Det klarte ho ikkje, i staden så gjekk ho i forsvar for å bagatelisere det Sindre hadde gjort. Det var den tillitten ho hold på å miste, tilliten til at det ikkje var fare for Sindre kunne ha tilgang til sensitive opplysningar. Eg stiller nok også spørsmål ved om det i det heile tatt var lurt å få Sindre til å love at han ikkje skulle kjøpe aksjer. Då Erna vart statsminister så var det å opplyse om denne avtalen eit stort steg i å skape tillit til at Sindre og dermed ho sjølv kunne få økonomiske fordelar av å ha ein statsminister i husholdninga. I etterklokskapens lys når Sindre ikkje klarte å holde denne lovnaden så hadde det vært betre for tilliten at Sindre var heilt open på kva aksjar han til ei kvar tid kjøpte og solgte. Og for ordens skuld så har eg ingen grunn til å mistenke at Sindre prøvde (og mislyktes) med å bruke innside-informasjon til å tjene pengar. Det viste nok forsåvidt også fasiten ved at han berre holdt på aksjar i store selskap som driv med mykje forskjellig. Hadde han vært ute etter å misbruke opplysningar frå Erna så hadde eg forventa at han hadde kjøpt seg opp i langt meir nisjeselskap der aksjeverdien kan gå veldig mykje opp. Min betenkelegheit er at at Erna både svikta ved at ho ikkje hadde kontroll på Sindre styrte med og ved at ho ikkje klarte å overbevise om at Sindre ikkje fekk vite noko. At Erna ikkje hadde full kontroll på kva Sindre styrte med i all hemmelegheit er for all det forståeleg, strengt tatt hadde det vel vært grunn til å sende bekymringsmelding til politiet om Sindre ikkje hadde friheit til å gjere ting utan at Erna fekk vite det. Etter mitt syn så tok ho i alle tilfeller ein stor risiko ved å stole på Sindre, og sjølv om det er urettferdig å bli dolka i ryggen av ein du stoler så mykje på, så er det ein gong slik at det var Erna som statsminister og partileiar som må tåle konsekvensane av dei feil som blir gjort. Både feil som ho sjølv gjer, feil som ektemannen gjer, men det er også ho som ville måtte ta sin hatt å gå dersom det var partiet Høgre som gjorde noko galt med henne som øvste leiar. -
Det finnes ingen lover som krev at alder, kjønn og bakgrunn skal danne grunnlaget for ei tilsetting, men det er likevel ikkje heilt feil. I det offetnlege så skal alle tilsettingar følgje kvalifikasjonsprinsippet som enkelt og greit går ut på at det er den som er mest kvalifisert som skal få jobben. Utdanningsnivået er ofte det viktigaste kriteriet for å vurdere kven som er mest kvalifisert, men deretter så vil arbeidserfaring bli tildelt mykje vekt. I det offentlege kan det ofte være lettare å få seg jobb som godt voksen sidan ein då ofte kan skilte med både formalkompetanse og erfaring, og er såleis meir kvalifisert enn ein som berre har utdanninga og har mindre erfaring, og dermed så er faktisk alder og bakgrunn av det som blir vurdert og som kan gjere at ein statleg arbeidsgivar "må" tilby jobben til den eldste søkaren. Sjølv om kvalifikasjonsprinsippet berre gjeld for offentlege bedrifter, så er det vanleg praksis også i private virksomheiter å støtte seg til samme grunntanke. Både fordi ein tross alt er ute etter å tilsette den beste av kandidatane, men også fordi det kan motvirke støy og uro i organisasjonen at ein har ryddige tilsettingsprosessar.
-
Burde ikke Erna Solberg gått av etter mannens skandale?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Poenget her er ikkje at Erna ikkje viste alt om kva Sindre dreiv med bak ryggen hennar, det som var poenget er at Erna kan ikkje både være open med sin ektemann om kva ho jobbar med som statsminister og samtidig ikkje ha kontroll på kva som skjer bak ryggen hennar. Hadde ho klart å skille jobb og privatliv så hadde det ikkje spelt så stor rolle. Det som var kritikkverdig her er Erna som statsminister satt seg sjølv i ein situasjon der framande makter kunne ha pressa Sindre til å spionere på eller pressa Norges statsminister under trussel på å avsløre Sinders aksjehandel.- 26 svar
-
- 3
-
-
Det vil vi nok aldri få svaret på sidan Israel ikkje støtter opprettinga av ein palestinsk stat. Problemet koker uansett ned til eit spørsmål om kvar gensa skal gå. Dersom det blir oppretta ein palestinsk stat med dagens grenser så er det nok naivt å tru at den nye palestinske staten ikkje vil fortsette å gå til angrep for å ta tilbake "sitt" landområde. Tilsvarande vil det være heilt uaktuelt for Israel å skulle gi opp "sitt" område og trekke seg tilbake til den opprinnelege grensa, sjølv om det mest truleg vil sette ein endeleg stoppar for palestinske angrep. Og det tredje alternativet med å bli einige om ei ny permanent grense som begge partar er fornøgde nok med til at det blir varig fred er det nok værtfall urealistisk å tru at ein får til.
- 217 svar
-
- 2
-
-
Dette kan i alle fall burettslaget forhindre ved å fastsette reglar for bruken av garasjene. Praktiske avgrensingar som ofte er innført er forbod mot ting som brukar elektrisk straum ettersom slike garasjene ofte har lys og straum frå fellesanlegget, slike forbod bruker å rette seg særleg mot frysarar, vifteovnar og liknande ting som enten står å forbruker straum lenge eller som dreg mykje straum. I tillegg så er det også veldig vanleg med forbod mot oppbevaring av brannfarleg vare som propan og bensin då det finnes eigne reglar om maks mengder som det er lov å oppbevare i fritståande garasjer, og at i fellesgarasjer så må styret kunne forsikre seg at det aldri blir oppbevart over disse mengdene tilsaman. Den tredje regelen som eg ser veldig mange innfører er forbod mot å bruke garasjen som arbeidsrom/verksted, ofte med ein litt svak grunngjeving på at støyande aktivitetar ikkje skal være lov.
-
Dette er kjernen i problemstillinga. Sjølv med gode statlege ordningar, så er det berre fordelar og ingen ulemper med å søke seg jobb som du enten ikkje får starta i eller som du kjem til å jobbe så kort i at du ikkje rekk å bli særleg produktiv. I tillegg så er du sikra ein jobb å kome tilbake til etter du er ferdig med permisjonen. Ein "enkel" løysing slik som eg ser det hadde vært om staten dekte vikarkostnadar ved foreldreperimsjon. Då hadde det til og med vært attraktivt for mange arbeidsgivarar å tilsette gravide og folk som har familieplanar. For det som er utfordringa med dagens diskrimineringslov er at særleg i tilsettingsprosessar så er det veldig vanskeleg å kunne bevise at det er diskriminering som ligg bak. To veldig beleilige unskyldningar for arbeidsgivar er at den gravide søkaren ikkje nådde opp basert på ei heilheitsvurdering av personlegheit og liknande subjektive ting, eller at ein tilsetter berre kvinner som minst 40+ og forklarar det med i denne bedrifta så verdsetter vi arbeidserfaring høgare enn formalkompetanse. Merk også at diskriminering basert på graviditet er i ei særstilling i diskrimineringslova ved at det er presisert at ved tilsetting og oppseiing så er det aldri lov med forskjellsbehandling. For dei øvrige diskrimineringsgrunnlag, kjønn, etnisitet, religion, osv så er det eit lite untak der det likevel er lov å forskjellsbehandle dersom formålet er sakleg eller der forskjellsbehandlinga er nødvendig for å oppnå formålet. Det vil til dømes ikkje være diskriminering om ateisten ikkje får stillinga som prost, eller 17 åringen ikkje får jobb som bartender. Slike vurderingar av saklegheit er som hovudregel aldri lov ovanfor gravide, med einaste unntaket der det er nødvendig for å beskytte mor eller barn. Sjølv ved bruk av dette unntaket så vil det berre gjelde spesifike arbeidsoppgåver og ikkje heile stillinga, i politiet så får til dømes ikkje gravide jobbe operativt og blir satt til andre arbeidsoppgåver ved graviditet.
-
Det som er vanlig burettslag som har eit avgrensa tal på garasjer/parkering er at ein har eit eige ansiennitetsrekneskap rekna frå tidspunktet andelseigaren har søkt om garasje. Ofte søker andelseigaren om garasjeplass ved innflytting men ikkje nødvendigvis. Det å berre følgje den vanlege burettslagsansienniteten kan også medføre ulemper slik at den andelseigaren som har budd der lenge nok til å lang ansiennitet "plutseleg" får tildelt ein garasjeplass som vedkommande må betale for enten ein treng garasjen eller ikkje. Det er også vanleg å sette krav om at for å kvalifisere til garasjeplass så må ein disponere bil, nettopp for å unngå at areal som er tiltenkt parkering blir brukt som boder. Hadde tanken vært å bygge utebod så kunn kvar garasje enkelt vært delt opp i tre mindre boder slik at alle i burettslaget hadde fått utebod. Løysinga for å få rydda opp her er nok praktisk sett meir politisk enn juridisk. Den mest hensiktsmessige løysinga er nok å fastsette eit reglement for bruken av å garasjene kombinert med ei garasjeleige. Hensikta er då å få dei andelseigarane som i dag disponerer garasje til å seie frå seg garasjen, enten fordi det kostar meir i leige enn det smaker eller fordi det blir innført avgrensingar som medfører at det er mindre attraktivt å ha ei garasje som ikkje kan brukast til anna enn parkering av køyretøy. Ein anna fordel med å ta høgare garasjeleige er at dette er også positivt for dei andelseigarane som ikkje ynskjer å bygge fleire garasjer sidan garasjeleiga som burettslaget krever inn vil kunne medføre lågare fellesutgifter eventuelt brukast for å forbetre andre forhold i burettslaget. Om ein står støtt på å bygge fleire garasjer som skal være "billege" å leige så vil dei andelseigarane som ikkje har bil heile tida stemme imot forslag om å investere i garasjer, så det å skru opp prisen er ofte virkningsfult i slike tilfeller. Målet er som nemt å få dei som prioriterer garasjeplass minst til å gi frå seg garasjen, og samtidig la det koste så mykje at det enten ikkje er venteliste eller at ventelista for garasjeplass er veldig kort. Samtidig så må ikkje garasjeleiga være så høg at ingen vil ha garasje.
-
Den store fordelen med ein billig elbil er at den er både billig i innkjøp og billig i bruk. Då skjønner eg ikkje kvifor @PaladinNO sine spesifikasjonskrav til ein dieselbil fokuserer på innkjøpspris. Drivstoffkostnadane på ein elbil er minst halvparten av dieselkostnadane, ofte også langt billegare. Sidan behovet for å køyre 100 mil mellom kvar tanking er ein viktig spesifikasjon for deg så antek eg at dette er avstandar du køyrer ganske ofte, forskjellen i drivstoffkostnad er fort 500 kr alt etter differansen mellom straumpris og drivstoffpris. Ved så hyppige langkøyringar så vil du med dieselbil i liten grad kunne nyttegjere deg av dei dagane i veka der dieselen er relativt billig, er det tomt så må du fylle uavhengig av om dieselprisen er 18 eller 25 kr den dagen. Køyrer du slike avstandar med tilhenger også så blir det enda viktigare å tenke på drivstoffkostnadane. For at samanlikninga mellom elbil og dieselbil skal gi økonomisk meining så må du kjøpe dieselbil for mykje under 200 000 kr for å gjere opp for det faktum at ein tilsvarande elbil i same prisklasse kostar mykje mindre i bruk. Elbil er ikkje for alle. Sjølv køyrer eg bensinbil, men eg køyrer bensinbil vel vitande om at eg betalar ganske mykje for den luksusen det er at eg kan smekke på tilhengaren og køyre samanhengande i minst 6 timar utan ein beinstrekk. Eg har eigentleg ikkje behov for ein bil som har så lang rekkevidde, for omtrent 90% av køyreturane mine er på under 10 km, 10% er ikkje lengre enn 100 km, og langturar har eg kanskje 10 gongar i året. For meg er det lite fornuftig med bensinbil, men det er sjølvsagt veldig behageleg at om eg vil så kan eg sette meg i bilen og køyre non-stop utan å måtte kalkulere inn tidsbruk til pauser og lading.
-
Å sette bidragskravet utifrå BNP er ikkje eit perfekt system, men det er ein heilt akseptabel måte å tallfeste kravet på. At prisane frå leverandørindustrien endrer seg skal normalt sett ikkje utgjere så veldig stor praktisk bedtydning sidan høge prisar og fører til større BNP slik at det jamnar seg ut. NATO sett ei rimeleg forventning til at medlemslanda forsøker å få mest mogleg ut av pengane som blir brukt på forsvaret, så om vi i Norge startar å kjøpe ullsokker til 10 mill per sokkepar frå ein statseigd fabrikk berre for å kunne levere rekneskap som viser at vi har brukt 2% av BNP på forsvaret så vil det sjølvsagt ikkje bli akseptert av resten av NATO. Den aller største ulempen med å måle utifrå BNP er med høg offentleg tenesteproduksjon så vil også BNP stige sjølv om det berre er utgifter for staten. Dersom det skjer mykje ulykker slik at det blir fleire utrykkingar og fleire sjukehusdøgn så aukar det BNP sjølv om det er utgifter vi helst ville vært foruten. Likevel så er nok denne andelen av BNP også forholdsvis lik sidan NATO landa har relativt like økonomiske forhold. Ideelt sett så burde det være fleire måtar å oppnå målet på. Hensikta med kravet er at ingen av medlemslanda skal nedprioritere sitt eige forsvar for å skyve kostnadane over på dei andre medlemslanda, men du har heilt rett i at antall kroner brukt på forsvaret er ikkje nødvendigvis det same som at ein bygger eit sterkt forsvar. Det blir vanskeleg å måle resultata men i ein perfekt verden så burde medlemslanda kunne bidra der dei har beste forutsetningane for å styrke alliansen. For nokre land vil det kunne være å betale i reine pengar, for andre kan det være å stille med soldatar, andre har kanskje eit dårleg utgangspunkt for å trene eigne soldatar men kan kanskje kompansere med å produsere krigsmateriell til dei andre landa, osv. Utfordringa er berre at det då blir veldig vanskeleg å vurdere om alle bidreg likt inn til alliansen. Det blir som når ein kallar inn til dugnad i burettslaget. Det er ikkje alle som har helse til å utføre dugnadsarbeidet men dei kan fortsatt gjere ein verdifull innsats for fellesskapet ved å stille opp med kaffe og kaker slik at dei som er arbeidsføre held ut og jobbar i fire timar i staden for å stikke av etter ein halvtime for å ete lunsj.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Eltilsynet har lovheimel til å ha tilgang til elanlegget til ei kvar tid, tilsyn skal likevel varslast på førehand med mindre det anses som nødvendig med uanmeldt tilsyn. Det å varsle tilsynet vil normalt sett være mest hensiktsmessig, for det beste er jo om huseigar kaster seg rundt og får ein elektrikkar til å rette opp i alle feil, for då er det ikkje nokon avvik å påpeike og dermed også lite rapportarbeid og ingen oppfølgingsarbeid. Utanom det så har nok tilsynspersonellet sett det meste, så det skal nok være meget spesielt der du har inne på ditt private rom før kontrolløren reagerer. I alle tilfelle så kan det være lurt å ordne seg slik at du kan pakke ned det du skjemmes over å ha inne på det aktuelle rommet. Om ikkje det er el-tilsynet så kan det også være andre som har behov for å gå inn på dette rommet, alt frå nødetatar til takstmenn og handtverkarar.
- 63 svar
-
- 2
-