
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 821 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Drikke alkohol for første gang. Hvordan drikke trygt?
The Avatar svarte på Letterboxd sitt emne i Helse
Pris og kvalitet heng saman, men du får ikkje kjøpt alkohol av dårleg kvalitet i Norge. I verste fall er alkoholen berre mindre god på smak. Når det gjeld øl så er det meir eit spørsmål om kva du liker. Øl som Corona har generelt ikkje rykte for å være eit godt øl, men det er mininga til dei som liker smaken av øl. Mange liker Corona nettopp fordi det smaker lite øl. Generelt sett så er det lurt å drikke alkoholsvak drikke, det tek litt tid før virkninga kjem så ved å drikke alkoholsvakt så har du meir kontroll på at du ikkje blir full for fort. Om eg skal gi eit meir konkret råd så vil det være at du drikk maksimalt 3 alkoholeinheiter den fyrste timen, og deretter berre ei einig per time. Då får du virkning av alkoholen og deretter nok alkohol til å holde dette nivået utan at det blir for mykje. Merk at dersom du er liten av vekst så bør du drikke mindre. Kva du skal drikke kjem til dels ann på personleg preferanse og til dels på tillært smak. Dei færraste liker øl fyrste gongane sidan det er uvant med bittet drikke når du er mest vant til søte smakar. Du kan kjøpe rusbrusnog liknande som smaker meir eller mindre brus, men merk då at det er lett å drikke for mykje for fort. -
Med atterhald på at svensk lovgiving kan være annaleis så er terror i Norge definert som ei handling som har til hensikt å: Forstyrre samfunnsfunksjonar, skape alvorleg frykt, eller tvinge myndigheitene til å måtte gjere noko som dei ellers ikkje ville gjort. Ei skuleskyting vil både forstyrre samfunnsfunksjonar og då særleg undervisningssektoren og nødetatane. I tillegg vil dette sjølvsagt spre alvorleg frykt både for dei som var direkte berørt og samfunnet forøvrig. Det einaste som manglar for å krysse av alle sjekkpunkta er eit manifest som krever politisk endring. Dette er terror.
- 197 svar
-
- 1
-
-
Det er vel tre måtar å løyse dette på. Legge møtet til ordinær arbeidstid Pålegge dette som overtidsarbeid med overtidsbetaling Eller å forskyve arbeidstida. Med siste punkt så meiner eg at du får eit anna tidspunkt for arbeidsstart den dagen. Om du f.eks jobbar på dagtid kl 8-16 og møtet skal pågå kl 16-18, så kan dette løysast ved at du utsetter arbeidsdagens start til kl 10 slik at du er på jobb fram til kl 18 utan å jobbe meir enn normalt.
-
Nei, når du har oppsigelsestid så er det avtalt ei minstetid for å gi beskjed før arbeidsforholdet blir avslutta, dette gjeld begge vegar både når det er du som leverer oppseiinga eller når det er arbeidsgivar som vil seie opp deg. Sjølv om det er skriftleg avtalt ei oppseiingstid så er det mulig å endre den avtalen, men då må begge partar være einige. Du har forplikta deg til å jobbe heile oppseiingstida, og arbeidsgivaren har forplikta seg til å lønne deg for heile oppseiingstida. Berre du kan løyse arbeidsgiar frå plikta til å betale deg lønn, og berre arbeidsgivar kan løyse deg frå din plikt til å møte på jobb. I tillegg så finnes det nokre unntaksreglar. Arbeidsgivar kan kreve at du går på dagen dersom arbeidstakaren har mislegholdt arbeidsavtalen eller gjort anna grovt pliktsbrot. Arbeidstakar kan i teorien gjere det same ved grove pliktsbrot frå arbeidsgivars side, men det er sjeldan relevant på grunn av eit sterkt arbeidstakarvern.
-
Ikkje meg bekjent, det har nok også med at det ikkje er fastsatte intervall for el-tilsyn, i snitt er det sagt at det skal være tilsyn kvart 20 år i bustadar, men dei siste åra har det blitt fokusert mest på å avdekke feil i nybygg slik at tilsyna i eldre bustadar har blitt nedprioritert. Når du neste gong kan forvente el-tilsyn vil derfor kunne variere veldig mykje så det blir nok vanskeleg å love at el-tilsynet skal kome tilbake om nøyaktig 20 år. Det er også en viss grad av erfaringsbasert kunnskap på kor ofte det bør være tilsyn i ulike områder. Bustadområder med hyppig eigarskifter utgjer ein større risiko ettersom ulike eigarar kan ha heilt ulike straumbehov, og fordi det er større fare for at nokon av dei tidlegare eigarane har utført elektrikararbeid sjølv.
- 63 svar
-
- 4
-
-
-
Som med andre ulovlegheiter så lønner det seg heilt fram til ein blir tatt. Det å føre kredittgivaren din bak lyset innebærer ganske høg risiko for liten gevinst. Om banken ikkje lenger vil ha deg som kunde og i tillegg advarar alle andre bankar om å ha deg som kunde så vil du ha store problem både som privatperson og bedrift. Det kan også være straffbart å gi banken uriktige opplysningar, alt etter omstendigheitene.
-
Dette blir også berre spekulasjonar, men det fyrste eg tenkte når eg såg at det var skyting på ei voksenopplæring var at det ville være 50/50 sjans for om dette var terror utført av ein høgreekstrem med rasistisk motiv eller om det var ein krigsskada innvandrar med pyskiske utfordringar som stod bak. Det også fint mogleg at dette kan dreie seg om ein "heilt vanleg" voldsepisode der gjerningsmannen er elev eller lærar og som tek sinnet sitt ut over sin skule/arbeidsplass.
-
Dette er vel også eit problem i Norge, dersom ein person blir vurdert som psykisk ustabil så er det ingen automatikk i at politiet blir varsla. Det er heller ikkje nødvendigvis slik at det er ønskeleg med ein slik automatikk ettersom det kan føre til at færre søker hjelp i frykt for at politiet skal blande seg inn. Sjølv noko så enkelt som å miste førarkortet fordi ein treng helseutredning kan føre til så store ulempar at ein unngår å søke hjelp, ryk førarkortet så ryk også både jobb og fritidsaktivitetar for veldig mange. Blir berre spekulasjon, men sidan politiet utelukker så mykje så handler det nok om eit høgst privat motiv, typisk mobbing eller anna opplevd urettferdigheit. Kombinert med psykisk sjukdom så kan nok det være forklaringa. Eg synes likevel at det er veldig tidleg for politiet å skulle dra nokon konklusjonar. At det ikkje er eit kjent ideologisk motiv betyr ikkje nødvendigvis at det ikkje er ideologisk motivert. Og terror er det vel uansett når ein på offentleg område skyt rundt seg? Det kan godt være at det verken er islamsk- eller høgreekstrem terror, men terror er det. Begrepet skuleskyting er korrekt så lenge dette er ein utdanningsinstitusjon, slik som ordet brukes så hadde det også vært rett å omtale ein skyteepisode på eit universitet som skuleskyting. Det er nok lett å assosiere skuleskyting med til dømes ein ungdomsskule, men vi har ikkje eigne ord for skyting på ulike utdanningsinstitusjonar, alt heiter skuleskyting. Reint praktisk så er det relevant å få fram at dette var skyting på ein skule og ikkje i til dømes eit kontorbygg eller liknande. Grunnen til det er at alvorlegheita ofte er større når det skjer skyting i skulebygg sidan det ofte er mange personar som er samla inne på eit og same rom, ofte med berre ei dør inn. Det gjer at ein skuleskytar potensielt kan rekke å skyte veldig mange personar før dei klarer å evakuere, som motsetting til eit kontorbygg der det ofte er færre personar samla på same stad og fleire fluktvegar.
-
Bramat.no er heilt ubrukeleg når ein berre sjekker innholdsfortegnelsen noko som ein like lett kan gjere sjølv når ein står i butikken. Det dei aller fleste er interessert i er om snacksposen som er dobbelt så dyr og med 1% mindre salt er verdt å kjøpe som snacks. Alle forstår at i staden for å kjøpe potetgull så er det sunnare å kjøpe isbergsalat, men det gir ikkje i nærheita av same kosen. Testen som tok kaka for min del var når bramat.no for nokre år sidan testa vaniljeis og kåra Firstprice som vinnaren på grunn av lågt fettinnhold. At fettinnholdet var lavt var ikkje så rart ettersom dette var einaste vaniljeisen i testen som (på den tida) ikkje inneholdt fløyte. At isen nesten berre bestod av sukker, glukose og kunstig vaniljesmak hadde vist ikkje betydning i det heile tatt. Det er min oppfatting også. Særleg dei to variantane som er smaksatt med cheddar og sourcream & onion oppleves som potetgull med litt meir tyggemotstand. Største ankepunktet er at det er ganske dyrt om eg ikkje huskar heilt feil. Kor sunt det er kan nok diskuterast. Produktet har berre halvparten så mykje fett som vanleg potetgull men 13g er fortsatt veldig mykje for å være flattbrød. Det er positivt at produktet har forholdsvis høgt innhold av protein og kostfiber, men kalorimessig er ikkje forskjellen veldig stor.
-
Det er eit godt gjett. Dersom ein lager ei "spesialepisode" om den karakteren så blir nok den forholdsvis lik Bill og Frank episoden ved at mesteparten av handlinga foregår i fortid. Så er det med litt skrekkblanda fryd at serieskaparane skal utbrodere med sine eigne historier. Det var innertier med den nye/justerte bakhistorien til Frank og Bill, spørsmålet er om dei er i stand til å gjenta suksessen. Det har vært ein litt lei tendens med seriar som er basert på eit eit anna kritikerrost medium enten det er bøker eller spel at serieskaparane trur at dei kan skrive om og "fikse" historien til det betre, med det resultat at sluttresultatet blir dårlegare. Heilt personleg så hadde eg foretrekt at slike eigenkomponerte historier satt i the last of us universet hadde blitt trekt ut som eigne spin-off serier. Både fordi det er historier som kan være interessant å følge i meir detalj, og fordii at dersom det skulle bli skikkeleg dårleg så kan ein sjå vekk frå heile spin-offen og berre forholde seg til hovudserien.
-
Trump er ikkje villig til å ville gi opp på noko, det finnes ingen mellomting å forhandle om, det er bare hans ønske eller ingenting. USA med Trump i spissen er ikkje arbeidstakaren i denne samanhengen, han er arbeidsgivaren som får arbeidstakaren inn på kontoret og som svarar ut forespørselen om lønnsauke med eit krav om lønnsnedgang. Nå er det ein gong slik at Trump er svært tilbakeholden med detaljane, han kjem med utspel i media og så må andre finne ut korleis forslaget eventuelt skal kunne realiserast. Trump har ikkje sagt noko som helst om å kjøpe ut innbyggarane, han kjem berre med ein lovnad om at dersom Gaza blir fråflytta så skal han finne investorar som kan bygge oppigjen landet. Denne oppbygginga vil uansett skje forutsatt at våpenkvila blir oppretthaldt lenge nok til å muliggjere ei oppbygging, og eg kan aldri sjå for meg at Senatet vil bevilge pengar til å kjøpe ut palestinerane i Gaza, i alle fall ikkje til nokon fornuftig sum. Reint praktisk så vil eit utkjøp være nærmast umogleg å effektivisere då ein ikkje ein gong har nøyaktige tal på folketalet lenger, så det å spore opp enkeltpersonane for å betale dei blir nok vanskeleg. Å betale direkte til Hamas vil bli feil på alle måtar, både fordi det er direkte støtte til ei terroristgruppe og fordi pengane då ikkje går til dei som skal ha pengane. Det er mulig amerikanarane kan stille seg opp ved grensa til Egypt og gi ein konvolutt med kontantar til alle som krysser grensa mot at dei lover å ikkje reise tilbake igjen, men igjen er dette urealistisk. Ei anna teoretisk muligheit hadde vært dersom Trump innvilga palestinerane kollektivt statsborgarskap i USA som kompensasjon, då hadde ein løyst problemet med at nabolanda ikkje vil ta imot palestinerane og sikra ei framtid som er meir forutsigbar enn å ha status som flyktning resten av livet. Men igjen, dette vil være heilt uaktuelt for Trump å innvilge. Når Trump foreslår å kjøpe Grønland så har han i det minste anstendigheit til å også la grønlenderane bli amerikanarar, han har ikkje satt som krav at grønlendarane skal flykte til Danmark eller til andre land som vil ta dei imot.
- 217 svar
-
- 1
-
-
Som nær Israel alliert så er USA ingen nøytral part, at USA tar over Gaza er i praksis det same som at Israel tek over. Når Trump vil at palestinerane skal flytte til andre land, og at Gaza skal byggast opp med uendelege arbeidsplassar og bustadar så meiner han openbart bustadar og arbeidsplassar for israelere. Heile planen er idiotisk lite gjennomtenkt, og skulle planen ha ein einaste muligheit for å fungere så må enten landet som overtek Gaza være eit land som palestinarane har tillit til, i praksis enten eit "nøytralt" land eller organisasjon som Sveits eller FN, eventuelt ein palestinskvenleg stat som Egypt. Den andre teoretiske muligheita for at denne planen kan ha ein sjans for å fungere er om Trump hadde nøyd seg med å jage ut palestinarane utan å gjenoppbygge Gaza. Hadde Trump kunne gitt ein garanti for at området blir ståande tomt i uoverkueleg framtid, så kanskje. Det er uansett ein vill idé, men i teorien kan det være ei løysing at når ein ikkje klarer å bli einige om kven som har rett til landområdet så må begge partar tape slik at ingen får bu på Gaza. Altså ein ny vri på den gamle "løysinga" om å atombombe heile Midtøsten. USA og særleg Trump manglar heilt den tilliten frå begge sider som må til for å kunne være eit verdenspoliti i dette området. Det einaste USA kan bidra med her er å bruke militære styrkar til å hjelpe Israel med å kaste ut palestinerane. Hadde det å ta over Gaza og be innbyggarane om å frivillig flytte til andre naboland vært eit alternativ så hadde Israel gjort dette sjølv for lenge sida. Heile poenget her er jo at palestinarane ikkje vil gi slepp på Gaza.
- 217 svar
-
- 4
-
-
Det kan være at gjerningmannen både har gyldig våpenlisens for jaktvåpen og eig eit eller fleire ulovlege automatvåpen. Det kan også være at gjerningspersonen er tilknytta militæret eller har fått lisens som våpensamlar eller noko slikt.
- 197 svar
-
- 1
-
-
Om du med KAM meiner Key Account Manager så er vel det stillingar som særleg blir vurdert på resultatoppnåing? Unntaket er kanskje i ei bedrift der ein bruker denne tittelen på dei som i praksis er kontormedarbeidarar som berre skal svare på telefon når ein tilfeldig kunde ringer, men du kan ikkje rekne med at du får jobbe i ei slik bedrift. Arbeidstakarar som har få arbeidsoppgåver å utføre blir sjeldan erstatta med nytilsette. Dei aller fleste kontorjobbar er fleksible både med arbeidstid og muligheita for heimekontor, og jo mindre avhengig du er av å være i kontakt med kundar/brukarar/kollegaer jo meir fritt står du vanlegvis til å utføre kontorarbeidet når det passar deg best. Samme når du nevner innkjøpsansvarlig/produktansvarlig, det du leiter etter i eit arbeidsforhold finner du ikkje i stillingar som sluttar på -ansvarlig. Det kan sikkert være chill å jobbe på innkjøpsavdelinga, men for all del unngå tittelen -ansvarlig. Husk også at dersom det er lite å gjere så kan det fort også bli ein veldig kjedeleg jobb. Skal du ha minst mogleg å gjere så ville eg nok sett på jobbar der du er i "beredskap" i tilfelle det dukker opp arbeid, enten det er å jobbe nattskiftet på ein døgnopen bensinstasjon eller sitte som ordensvakt på eit hotell eller eit museum. Heilt passivt blir det ikkje for det er alltids ein liten sjans for at det kan bli hektisk, men mesteparten av tida vil du nok berre trenge å være tilstades. Stillingar som resepsjonist kan ofte også være slike jobbar der du stort sett sitt i ro og venter på at nokon har behov for deg. Det vil nok være vanskelig å finne slike jobbar som berre krever at du er tilgjengeleg og som også gir muligheit for heimekontor. Dersom det er godt nok å ha ein jobb der du ikkje heile tida må levere resultat, så vil eg anbefale at du ser deg rundt etter jobbar der du skal utføre eit praktisk gjeremål. I slike jobbar så er prestasjonsforventinga ofte berre at du gjennomfører gjeremåla med bortimot same effektivitet som dei andre arbeidstakarane. Dersom det er snakk om forholdsvis enkle gjeremål så vil du nok oppleve at det fort går på autopilot. Døme på slike stillingar er å jobbe ved eit samleband der du utfører jobben som ruller forbi, jobbe som sjåfør der du skal køyre ei bestemt rute, reinhald der du skal moppe over X rom, osv.
- 10 svar
-
- 2
-
-
Om du har fått ordrebekreftelse frå selgar så har selgaren akseptert til tilbod om kjøp og det er inngått ein bindande avtale. Då kan du kreve oppfyllelse eller dekningskjøp. Dersom du berre har mottatt ei midlertidig kvittering på at selgaren har mottatt din forespørsel om å kjøpe, så er ikkje det nødvendigvis ein bindande ordrebekreftelse. Det er fortsatt ein del nettbutikkar som automatisk sender ut ordrebekreftelse, om det blir gjort utan å ha kontroll på lagerstatusen så er det ein risiko som selgar må svare for. Ved stort salgsvolum så er det nok lite hensiktsmessig med manuell behandling av alle bestillingar, men det fritek ikkje selgaren frå at det er inngått bindande avtale sjølv om det er selgers automatiske system som har svikta. Det einaste praktiske spørsmålet her er om dette er ein kamp som det er verdt å ta. Om du har slått til på eit godt tilbod så er det fort lønnsomt å kreve oppfyllelse frå selgaren og om nødvendig ta saken via forbrukartilsynet. Om dette er ein relativt standard vare til standard pris så må du nesten sjølv vurdere kor mykje tid du er interessert i å bruke på dene saka kontra å berre bestille hos ein annan selgar, om det faktisk er tomt på lageret slik at selger ikkje kan levere så må du uansett kjøpe hos nokon andre og kreve å få dekt mellomlegget som du har betalt for å kjøpe produktet til ein høgare pris hos ein annan selgar. Det er ikkje ein gong gitt at det er eit mellomlegg for den opprinnelege selgaren å dekke.
-
For å svare litt kryptisk så trur eg at den "store spoileren" kjem til å være ein større spoiler i serien enn den var i spelet. I spelet kom den avsløringa veldig tidleg for å sette utgangspunktet for handlinga. Eg kan veldig godt sjå for meg at serieskaparane kjem til å stokke litt om på korleis tidslinja blir presentert, slik at denne "store spoileren" frå spelet truleg ikkje kjem før mange episoder ut i sesong to. Eg kan til og med sjå for meg at denne scena fyrst blir avslørt heilt på slutten av sesong 2 og så vil resten av historia frå spelet kome som sesong 3. Det er ikkje gitt at sesong 2 kjem til å forholde seg fullt like slavisk til spelet som fyrste sesong gjorde, sidan det i neste sesong blir fleire karakterar å følge med på så vil eg tru at vi får litt kryssklipping i staden for å berre følgje ein karakter om gongen.
- 28 svar
-
- 3
-
-
Kritikken mot tLoU2 er sterkt overdreven, og var i all hovudsak farga av at enkelte anit-woke influensere hoppa til konklusjonar basert på lekkasjene i spelet, og spann vidare på den vinklinga fordi det genererte sjåartal. Dei to største kritikkane som dukka opp var direktefeiloppfatta, spoliere frå spelet. Det er også ein del som ikkje likte tLoU2 fordi historia ikkje gjekk den vegen dei ville, og det er ein ærleg sak det. Historia som utspeler seg er bekmørk og langt frå nokon gladhistorie, men det er etter mitt syn heilt i tråd med verdensbygginga. Det hadde sikkert blitt ei koseleg historie om ingen av karakterane dro ut på eventyr og alle vart værande i sine baser som er relativt godt beskytta mot zombier og omtrent sjølvforsyte, men det hadde blitt veldig kjedelig om vi skulle spele som Ellie som sitt rundt leirbålet i Jacksonville og koser seg med grønsaksskuppe frå eigen hage gjennom eit heilt spel. Konflikt og drama må til for å lage ei engasjerande historie.
- 28 svar
-
- 7
-
-
Blir spennande å sjå. Eg trur ikkje det er ein karakter frå fyrste sesong / fyrste spelet som blir vidareført til sesong 2, det kan være det men då er det rart at ein ikkje vil gå ut med kven som skal være skodespelaren. Sidan ein hintar til at karakteren vil få ei eiga episode slik som Frank gjorde i fyrste sesong så vil eg gjette på at vi får stifte nærmare bekjentskap til ein av bankranarane som som tydelegvis prøvde å rane ein bank i det zombieutbruddet skjedde eller umiddelbart etter zombieutbruddet. Dette er karakterar som vi i spelet får vite om gjennom å utforske bankvelvet.
- 28 svar
-
- 2
-
-
-
Sidan det er fokus på beredskapen så er det ikkje all slik informasjon du nødvendigvis får innsyn i. For tilfluktsrom så medfører det at du normalt sett berre får vite om dei tilfluktsromma som er registrert som offentlige tilfluktsrom. Disse tilfluktsromma vil også vanlegvis være skilta frå gatenivå. Dei aller fleste tilfluktsromma er berre tiltenkt brukarane av det aktuelle bygget og har berre tilfluktsromskilt inne i bygget. Kan også nevne at når det gjeld tilfluktsrom så har ein dei siste 25 åra stoppa å bygge tilfluktsrom fordi ein vurderte faren for til dømes atomkrig som låg. Derfor vart pikta til å bygge tilfluktsrom som skulle beskytte både mot bomber, atomnedfall og stridsgass oppheva. No ganske nyleg så har myndigheitene fått meir fokus på tilfluktsromma, men ikkje heilt på same måte som ein tenkte under den kalde krigen. Akkurat no så ser det ut som at strategien er å få på plass fleire tilfluktsrom som kan beskytte mot tradisjonelle bomber men som ikkje har krav om gassfilter i ventilasjonsanlegget, toalett, førstehjelpsutstyr, osv. Det snakkes no mest om å tilrettelegge områder som frå før gir beskyttelse mot bomber som underjordiske garasjeanlegg, kjellarar, tunnelar og liknande stadar dei ein kan søke midlertidig tilflukt. Slik som situasjonne er akkurat no så ser det ikkje ut som at det er politisk vilje til å gjenoppta utbygginga av bomberom som er eigna for langvarig opphold.
- 54 svar
-
- 1
-
-
Er det myndigheitene som har satt fartsgrensene? Så vidt eg klarer å finne ut av så er det ikkje skilta med eigne fartsgrenser for trikk. Det finnes skilt for sporvegar som er oransje og med eit stort tal på der skilt med talet 1 betyr 10 km/t, talet 2 betyr 20 km/t, osv, men slike skilt har eg ikkje sett langs trikkeskinnene i Oslo. Så det får meg til å tru at det er Sporveien sjølv som har bestemt fartsgrenser for dei ulike rutene gjennom interne instruksar, og at det ikkje er myndigheitsfastsatte fartsgrenser. Trikken i Oslo har i alle tilfelle ikkje ei fastsatt fartsgrense på 30 km/t, fartsgrensa varierer og så vidt eg har fanga opp så er 40 km/t også veldig vanleg.
-
Eg skjønner poenget, men sjølv om at forskjellen er liten så utgjer det ein forskjell som samla sett kan være av betydning. Nå er ikkje det grove pølsebrødet spesielt grovt, men det har absolutt noko for seg om det å velge grovt pølsebrød gjer deg så mett at du ikkje kjøper ei baconpølse til. Det blir som floskelen som er vanleg i serveringsbransjen med kundar som bestiller hamburger med chips og som vil ha sukkerfri brus. Det er ikkje valget av drikke som står for størstedelen av kalorinntaket når du har bestilt chips, men det vil i vertfall ikkje hjelpe på kalorinntaket om du tenker at valget av drikke ikkje har betydning og derfor bestiller milkshake til burgeren. Alt hjelper om du prøver å gå ned i vekt, sjølv små valg kan summere seg opp i løpet av dagen og veka, som til dømes å smøre eit tynnare lag med smør på brødskiva (eller kutte det heilt ut), bruke mindre dressing på salaten, unngå kaloriholdig drikke, osv. Isolert sett betyr det ikkje så mykje, men det summerer seg opp.
-
Skulle egentlig tru at det var meir aktuelt å forby kyllingproduksjon før pelsdyrnæringa. Sjølv pelsdyropprettarar som ikkje bryr deg om dyrevelferd vil vel nødvendigvis bry seg om at pelsen ikkje er full av arr etter bitt og andre skader? Foe det må vel påvirke salgsverdien negativt? Ein kylling derimot blir til like fine fillear eller nuggets sjølv om kyllingen blir levert til slakting full av arr og beinbrot. Kyllingindustrien har gjort nokre grep for å betre dyrevelferden, men det kunne vel pelsdyrnæringa også gjort Er dette eit forbod som er gjort mogleg fordi pelsopprett er å rekne som luksusprodukt medan kyllingopprett er rekna som "nødvendig"?
- 45 svar
-
- 1
-
-
Politiet har berre heimel til å gjennomføre vandelskontroll når ein søker om førarkort fyrste gong. Når ein tek førarkort fyrste gongen så kan politiet vurdere det slik at vandelen ikkje er godkjent, også utan at det føreligg ein rettskraftig dom. Det skal nok likevel være spesielle forhold som ligg bak eit avslag på vandel basert på vold, fokuset er vanlegvis på narkotikalovbrot og slike ting som er direkte relatert til bilkjøyring. Det er likevel stor forskjell på om du er anmeldt for vold etter å ha slått ein person, kontra om du er anmeldt for vold etter å ha køyrt ned ein person. Når du har blitt frådømt førarkortet så får du igjen førarkorten når du er ferdig med tapstida og ellers oppfyller dei krava som er satt for førerklassen. Dersom du har blitt frådømt førarretten og du må ta ny førarprøve så må du søke om førarkort, der vurdering av vandel er eit av punkta. Som ofte påpeikt så er ikkje førarkort ei rettigheit, så det er ikkje slik at du har rett til førarkort berre fordi du har gyldig helseattest og har bestått oppkøyringa.
- 13 svar
-
- 1
-
-
Vil også legge til at når fagforeiningar som Fagforbundet med fleire seier "lik lønn for likt arbeid" så meiner dei eigentleg "lik lønn for lik utdanningslengde", og det er noko heilt anna. Det kan ikkje være mange arbeidsplassar i dag som fortsatt praktiserer heilt ulik lønn for tilsette som har lik stilling, lik utdanning, lik prestasjon, osv. At dei som har tatt bachelorgrad i økonomi og jus får jobbar innenfor yrker som betalar langt meir enn kva som er lønnsnivået i bedrifter som tilsetter folk med bachelorgrad som barnehagelærar eller i offentleg administrasjon, det er ein heilt anna saka som handlar mest om kva som skal ligge til grunn for lønnsnivået, ikkje at arbeidet i seg sjølv er heilt likt men til ulik lønn.
-
Er enig med deg at det her er forskjellsbehandling. At du får betalt som helsefagarbeidar er nok i utgangspunktet heilt riktig sidan du ikkje bruker økonomikompetansen din i denne stillinga, men forstår godt at det kjennes urettferdig ut at du har ein kollega som etter samme ordning burde vært lønna som ufaglært. Nå skal det sjølvsagt nemnast at ei viss utdanning bør det likevel gi å ha ein bachelorgrad sjølv om den ikkje er veldig relevant for jobben, om ikkje noko anna så er bachelorgrad i det minste ein dokumentasjon på at du er i stand til å tilegne deg kunnskap på eit høgt nivå. Det er likevel ikkje så lett å gjere noko med dette, sjølv om at argumentet om at det var lettare før høyres litt tynt ut så er det eingong slik at dette er noko som din kollega har fått framforhandla som personleg ordning, og då kan ein ikkje berre gå tilbake på den avtalen. Det beste hadde sjølsagt vært om alle andre kunne bli løfta tilsvarande, men det er nok lite realistisk å håpe på at at alle tilsette blir justert opp berre fordi ein har funnet noko som er "urettferdig" i lønnsnivået til ein av dei tilsette. Det du bør gjere er å be om lønnsregulering. Du har to openbare argumentasjonrekker. Den fyrste er å argumentere for at du har ein kompetanse i form av bachelorgraden som du bør ha uttelling for, og så vise til arbeidsoppgåver som du kan utføre der arbeidsgivar bruker av kompetansen du har gjennom bachelorgraden din utan å betale for den. Helst då arbeidsoppgåver som har noko med økonomi å gjere, eller administrative arbeidsoppgåver som du utfører. Gjennom å ha tatt ein bachelorgrad så har du også lært å skrive bacheloroppgåve som burde være ein verdifull kompetanse i alt skrivearbeid sjølv om temaet for bachelorgraden ikkje er like relevant for jobben du utfører. Den andre vegen du kan argumentere er at så ulikt lønnsnivå som ikkje gjenspeiler seg i prestasjon, utdanning, ansiennitet, osv går utover arbeidsmiljøet. Eit dårleg arbeidsmiljø er både eit brot på arbeidsmiljølova, men meir konkret så vil slik misnøye kunne føre til at alle som ikkje er forøgde med lønna si ikkje legger inn like stor arbeidsinnsats som dei ellers ville gjort, eller i verste fall driv å søker seg vekk frå bedrifta.