
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Er enig med deg at det her er forskjellsbehandling. At du får betalt som helsefagarbeidar er nok i utgangspunktet heilt riktig sidan du ikkje bruker økonomikompetansen din i denne stillinga, men forstår godt at det kjennes urettferdig ut at du har ein kollega som etter samme ordning burde vært lønna som ufaglært. Nå skal det sjølvsagt nemnast at ei viss utdanning bør det likevel gi å ha ein bachelorgrad sjølv om den ikkje er veldig relevant for jobben, om ikkje noko anna så er bachelorgrad i det minste ein dokumentasjon på at du er i stand til å tilegne deg kunnskap på eit høgt nivå. Det er likevel ikkje så lett å gjere noko med dette, sjølv om at argumentet om at det var lettare før høyres litt tynt ut så er det eingong slik at dette er noko som din kollega har fått framforhandla som personleg ordning, og då kan ein ikkje berre gå tilbake på den avtalen. Det beste hadde sjølsagt vært om alle andre kunne bli løfta tilsvarande, men det er nok lite realistisk å håpe på at at alle tilsette blir justert opp berre fordi ein har funnet noko som er "urettferdig" i lønnsnivået til ein av dei tilsette. Det du bør gjere er å be om lønnsregulering. Du har to openbare argumentasjonrekker. Den fyrste er å argumentere for at du har ein kompetanse i form av bachelorgraden som du bør ha uttelling for, og så vise til arbeidsoppgåver som du kan utføre der arbeidsgivar bruker av kompetansen du har gjennom bachelorgraden din utan å betale for den. Helst då arbeidsoppgåver som har noko med økonomi å gjere, eller administrative arbeidsoppgåver som du utfører. Gjennom å ha tatt ein bachelorgrad så har du også lært å skrive bacheloroppgåve som burde være ein verdifull kompetanse i alt skrivearbeid sjølv om temaet for bachelorgraden ikkje er like relevant for jobben du utfører. Den andre vegen du kan argumentere er at så ulikt lønnsnivå som ikkje gjenspeiler seg i prestasjon, utdanning, ansiennitet, osv går utover arbeidsmiljøet. Eit dårleg arbeidsmiljø er både eit brot på arbeidsmiljølova, men meir konkret så vil slik misnøye kunne føre til at alle som ikkje er forøgde med lønna si ikkje legger inn like stor arbeidsinnsats som dei ellers ville gjort, eller i verste fall driv å søker seg vekk frå bedrifta.
-
Den store forskjellen er at som økonom så får ei vanlegvis ikkje overtidsarbeid, så grunnlønna er det du får utbetalt. Det har absolutt sine ulemper å måtte jobbe overtid eller jobbe kvelds og natteskift også, men det er ein fin måte å få litt meir utbetalt på når ein har helse til å jobbe slik. Det er godt mogleg å tene godt også i eit lågtlønnyrke om ein berre får moglegheit til å jobbe nok timar. Det er likevel ikkje heilt samanliknbart å samanlikne ein med bachelorgrad som tener 700 000 kr på ei 37,5 timers veke og ein handtverkar som tener 700 000 kr fordi han jobbar 60 timar i veka.
-
Ja takk til flere sånne arrangementer!
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Det fine med ein slik arena er at alle som er der har samme mål og er opne for å prate med framande. I motsetting til enkelte andre sjekkearenaer er eit slikt arrangement skreddersydd for å gå åleine utan å ha med seg heile kompis eller venninegjengen. Eg synes det er litt overraskande at det er såpass få menn som møter opp på slike arrangement, men det er kanskje fordi mange dropper å møte opp nettopp fordi ein tenker at det berre kjem til å være mange menn og lite damer der. På uteplassar bruker det ofte å være heilt omvendt, også til den grad at ein før berre krevde inngangspengar frå menn medan damene fekk gratis inngang fordi det var einaste måten å få damene til å stille opp. Her burde nok absolutt fleire uteplassar kjenne sin besøkelsestid og arrangere slike møteplassar. Eit slikt arrangement er ein ypperleg måte å få ordna med fullt hus på ein heilt vanleg tirsdag når det vanlegvis går litt trått med alkoholsalget. I tillegg vil dei nok få god omsetting, både fordi dei aller fleste vil møte opp edru på eit slikt arrangement og dermed drikke all alkoholen på uteplassen, og i tillegg så vil nok dei færraste bikke over til å bli veldig fulle, så då er det også realativt lite mas og styr med fulle gjestar for uteplassen. Eg trur kanskje det til og med kunne lønt seg å "ofra" ein fredag eller laurdag for eit slikt lukka arrangement sidan det nok ville være like god omsetting som når ein opner for at fulle gjestar kjem ramlande inn dørene litt etter midnatt.- 20 svar
-
- 5
-
-
-
-
Psykolog er nok ein god idé, om ikkje anna for å få vurdert objektivt det du sliter med. Eg er ikkje psykolog, men så vidt eg veit så går ikkje psykopatar rundt og meiner at dei tenker og gjer onde ting, då det er nettopp dette trekket med å ikkje bry seg om kva andre meiner som gjer dei til psykopatar. Som hobby-psykolog så tenker eg at det er god sjanser for at du er heilt normal, men med eit snev av noko som liknar på "imposter syndrome" der du går rundt og samanlikner deg sjølv med alle andre som du opplever som "perfekte" mennesker som har alt på stell. Det er gode sjansar for at dersom du var tankeleser så hadde du blitt eksponert for langt sjukare tankar og idéar enn det du sjølv klarer å kome på. Det er derfor ikkje sikkert at du har ondare tankar enn alle andre, det kan fint være at du berre dømmer deg sjølv etter ein langt strengare standard. Det er ikkje heilt uvanleg at strengt religiøse og særleg katolikkar dømmer seg sjølv som syndarar for å tenke tankar som andre folk ikkje dveler ved i det heile tatt. Ofte er det dei som jobbar hardast med å framstå som oppadståande moralske mennesker som skjuler dei verste tankane. Husk også at tankar og fantasiar er ikkje det som avgjer om du er ond eller ikkje, det er handlingane som eventuelt er onde.
-
Kva som er "sunt" er både eit spørsmål om definisjon, og vil variere frå person til person. Eg vil nok gjette på at for veldig mange så er nok kaloriinntaket ein meir umiddelbar helseutfordring enn høgt saltinntak. Men om du klarer å kontrollere kaloriane så er det best å også redusere saltinntaket. Spørsmålet du bør stille deg er kor mykje eller lite potetgull du trykker i deg. Det hjelp lite med marginalt mindre kalorier i superchipsen om du et meir chips enn vanleg.
-
Pedagogisk Vikarsentral - lærervikar
The Avatar svarte på Robert Jordan sitt emne i Jobb og karriere
Garantert jobb vil du nok ikkje være, men det er mange skular/kommuner som mangler lærarar og lærarvikarar. Har du pedagogikken så er det mange som treng deg. Den eksakte tilgangen til oppdrag vil variere både med tid og lokasjon. Som i dei fleste andre yrker så er det fleire om beinet i byane, er du i stand til å flytte på deg så kan du nok jobbe omtrent så mykje du vil. -
Tariff - lønn Kurs og konferansemedarbeider (vert) Thon hotel
The Avatar svarte på LWK sitt emne i Jobb og karriere
Som i andre bedrifter vil det være opp til hotelldirektøren å fastsette lønn på det aktuelle hotellet (i samsvar med den overordna tariffavtalen/lønnspolitikken). Du vil heilt sikkert få uttelling for ansiennitet, utdanning, osv, hotellet vil ikkje klare å behalde erfarne medarbeidarar om alle får same lønna enten dei har jobba der i fire månadar eller 40 år. Kor mykje uttelling og kva som blir vektlagt er det berre dei som kjenner det eksakte hotellet som kan svare på. Lønnsnivået er fort forskjellig også frå by til by. Det beste og einaste konkrete rådet er å ringe kontaktpersonen for stillingsutlysninga for å spørre. -
Formelt ligg det til styret å fatte vedtak, men om andelseigaren ikkje innsåg eller burde innsett at forretningsfører har gått utover sin myndigheit så vil vedtaket likevel være gyldig og forpliktande. Styret i burrettslaget kan kreve erstatning for den feilen som foretningsfører har stått for, men i ei slik sak så er det ikkje noko konkret økonomisk tap å vise til. Sjølv om den andelseigaren som bur i burettslaget finner det nødvendig å flytte så blir det ikkje lett å skulle bevise at utflyttinga skjer i direkte samanheng med at foretningsfører har gått utover sin myndigheit. Forøvrig, kor lang tid har det gått? Søknaden blir automatisk godkjent om det går meir enn 20 dagar utan at søkaren har fått tilbakemelding.
-
Salwan Momika skutt og drept i Sverige.
The Avatar svarte på En Gedi sitt emne i Politikk og samfunn
Er ikkje heilt sikker på at eg støtter koranbrenning, men det har mest fordi at eg ikkje ser på koranbrenning som ein spesielt konstruktiv måte å drive islamkritikk på. Eg er ganske sikker på at om vi så brente koranar og tegna Muhammed dagleg så vil den protestformen aldri føre til endringar hos konservative muslimar som svarer med vold. Skal vi få til endringar så må det gjerast i form av ein offentleg debatt. Islam vil ikkje "vekse opp" noko fortare ved å brenne koranen, det er vel så sannsynleg at "barndommen" til religionen vil vare lenger når ein heile tida minner konservative muslimer om at det er høgverdig å skulle forsvare ei bok. Kristendommen vaks seg ut av barndommen med reformasjonen der religion vart ei privatsak, og der det ikkje lenger var pålagt å gå i kyrkje kvar søndag, betale avlat for synder, osv. Vi hadde nok ikkje fått ein slik reformasjon i kristendommen heller om ein heile tida måtte offentleg forsvare sin kristne tru under trussel om bøter og fengselsstraff. Islam lir under mykje det same tankegodset, går du ikkje ut i gatene og lover død og fordærvelse over alle som kritiserer Islam så er du ikkje rekna som ein god muslim, og du risikerer å bli utstøtt. Dette fører til at det går inflasjon i å skulle framstå som god muslim, som igjen fører til voldsbruk. Det å provosere berre for å provosere er ei fullt lovleg ytring, men eg klarer ikkje å sjå kva som som er formålet. Det einaste du oppnår ved kraftig provokasjon er ei polarisering der folk må ta side. Då er det vel så sannsynleg at også moderate muslimar finn det mest hensiktsmessig å støtte dei konservative framfor å ta heilt avstand frå eigen religion. Det er enkelt å provosere, det er berre å finne rette knappen å trykke på så kan ein provosere kven som helst, men det at motparten blir sint er ikkje eit spesielt godt argument for at din ytring er viktig.- 137 svar
-
- 1
-
-
Det må eg seie meg einig i. Dersom ein har samla alle beredskapsfunksjonar i eit bygg så har eg vanskeleg for å sjå at det er mogleg å kunne være operative i krisesituasjonar utan ein plan B for straumtilgang. Likevel så er det ikkje utenkeleg at alle disse funksjonane fungerer heilt fint utan naudstrøm i tillegg. Er dette eit nytt bygg så er det uansett krav om at det skal være nødlys tilkopla batteribackup, slik at det ikkje blir mørkt i bygget før etter nokre timar. At det etterkvart blir kaldt i bygget kan være ei utfordring med langvarig straumutfall, men det er ikkje gitt at bygget må ha aggregat kapasitet som å drive 100% som normalt med påslåtte varmeomnar og TV på venterommet. Varmebehovet kan også løysast ved å bruke andre varmekjelder, det kan til og med være at det i ein slik krisesituasjon er heilt innafor at dei tilsette er ikledd ytterbekledning innendørs. Det blir nok ubehageleg for pasienten som skal kle av seg før ei undersøking på legevakta om bygget er straumlaust og heilt utan oppvarming, men det er ikkje ei uoverkomeleg oppgåve å sette inn ein liten gassovn for å varme opp legekontoret eller rett og slett at ein tek denne undersøkinga inne i ei oppvarma ambulanse som står parkert utanfor. Dei fleste slike beredskapsbygg skal uansett berre huse utrykningskøyretøy og personellet, det er relativt lite beredskapsoppgåver som blir løyst inne i sjølve bygget. Om vi snakkar om sjukehus derimot så blir det ein heilt anna situasjon. Eit sjukehus må kunne fungere tilnærma 100% også ved straumbrot, noko som betyr at naudstraumsaggregat som startar automatisk og som har kapasitet til å dekke sjukehusets straumbehov på alt frå medisinsk utstyr til varmeovnar. På eit sjukehus med mange pasientar som ikkje har helse til å bli flytta så vil det være krise om det blir kaldt inne. Disse pasientane kan ikkje berre kle på seg vinterjakka for å holde varmen på den måten. Om politistasjonen mister straumen så medfører nok det i praksis at ein utsetter alt av kontorarbeid til straumen er tilbake, og at ein heller prioriterer å sette seg i ein politibil for å patruljere rundt i distriktet framfor å sitte på eit mørkt kontor og vente til at straumen kjem tilbake. Det vil ikkje gå utover beredskapen at rapporten må skrivast neste dag eller at avdelingsmøtet må utsettast. Det som fell ut ved straumbrot er eigentleg berre kontoroppgåvene. Og skulle det bli heilt umogleg å opphalde seg på politistasjonen så kan ein lett flytte disse politioppgåvene til for eksempel sjukehuset der det er rigga opp med naudstraum, og så sette opp kontorarbeidsplassar inne på eit møterom på sjukehuset. Vil tru at dei aller fleste litt mindre bygg for nødetatane uansett har ein B plan på å rigge seg opp på alternativ lokasjon. Det burde være heilt unødvendig å ha naudstram på alle slike bygg.
- 54 svar
-
- 1
-
-
Betale ned på lån, eller fortsette med fastrenteinnskudd
The Avatar svarte i et emne i Privatøkonomi
Slik som prisstigninga har vært, og kombinert med stigande bustadprisar, så er det også aktuelt å finrekne på kva det vil koste deg å utvide nedbetalingsperioda og berre betale rentene og satse på at du løyser inn lånet ved eit framtidig hussalg. Om du om nokre år får 500k meir for leielegheita, og dei 1,1 mill du har i lån er mindre verdt i om nokre år fordi du har fått relativt sett mykje meir i lønn på same periode, så kan det være aktuelt å satse på at inflasjonen skal spise opp lånet. Denne planen er ikkje heilt utan risiko, sjølv om det er tvilsomt at det blir store økonomiske endringar i nær framtid, så er det alltid ein fare for at det skjer noko dramatisk som at bustadbobla sprekk, at du mister jobben, osv. Hadde eg vært det så ville eg nok gjort det same som du planlegg. Bruk sparepengane på å ta eit skikkeleg innhogg i huslånet, men behald litt på sparekontoen til fri bruk i tilfelle du treng pengane. Effektiv lånerente er høgare enn sparerenta, så når det ikkje er aktuelt å investere sparepengane i noko som potensielt kan gi høgare avkasting så er det like greit å betale ned gjelda. Det er nok ikkje det aller mest lønnsomme jamfør prisstiging og slikt, men der gir ingen risiko. Skulle det skje noko dramatisk med økomoni og rentenivå så er det langt tryggare å sitte med eit restlån på 700k kontra eit restlån på 1,1 mill. Det einaste eg ville vurdert å gjere analeis er at du kanskje bør våge å bruke 500k på å betale ned gjelda. Dersom du skulle trenge å kjøpe ny bil så er det både uproblematisk og raskt å auke huslånet med 100k om du har fleksibelt bustadlån. Det å sitte med mykje pengar på sparekonto med relativt låg rente er lite lønnsomt, særleg når du også har gjeld. Om du treng å kjøpe ny bil så vil du heilt sikkert ikkje ha behov for å kjøpe ny bil på dagen, det å vente to virkedagar på å få pengar frå banken. -
Vil også legge til at sjølv om overskriftene i denne regjeringskrisa handlar om Norges rolle opp mot EU, så handlar saka nesten utelukkande om miljøspørsmålet. Mesteparten av denne energipakka handlar om å forplikte seg til å foreta store investeringar for å oppnå dei målekriteria som EU setter for miljøvenleg straumproduksjon. Denne saka burde handle mykje meir om spørsmålet om kor mykje pengar vi i Norge skal forplikte oss å bruke på miljøvern når vi alt er best i klassen på dette området. Denne fjerde energipakken stiller blant anna krav om at at minst 32% av energien skal være fornybar innan 2030, i Norge er fornybarandelen alt over 70%. Då synes eg at politikarane i større grad burde diskutere om det er rett at vi også skal forplikte oss til å kutte energibruken med minst 32,5% i tillegg. For eit tilfeldig EU land som har ei målsetting om å kanskje klare å få kome seg opp til 32% fornybar energi innan 2030, og som i dag har kanskje 80% av energiforbruket sitt dekt gjennom kullkraft og liknande, så vil det ha enormt stor miljøgevinst å kutte i energibruken sidan sjølv om ein når dette målet så er mesteparten av energibruken fortsatt ikkje-fornybar. Å kutte 32,5% av 68% er tross alt betydeleg meir virkningsfullt enn det er for Norge å skulle kutte 32,5% av våre 28% med ikkje-fornybar energi. Det er jo betimeleg å stille spørsmål om a) skal Norge fortsette å være fremst i feltet seg når vi alt ligg godt ann, eller skal vi vente til at resten av Europa startar å hente oss inn?. Og b) dersom vi skal fortsette å redusere andelen av ikkje-fornybar energi, skal vi gjere tiltaka i Norge eller skal vi sponse EU-landa med å gjere tiltak i land der ein kan oppnå stor miljøgevinst med relativt lite pengar?
- 159 svar
-
- 1
-
-
Eg er ueinig i premisset tråden. Støre fronter denne arbeidarpartipolitikken fordi Ap meiner at det er bra for Norge å være tettare knytt til EU. Sjølv om eg ikkje nødvendigvis er einig i det standpunktet så er det ikkje slik at Støre ved å ville innføre denne energipakken jobbar for å selge Norges uavhengigheit til EU. Det er fordelar og ulemper med alt. Arbeidarpartiet meiner at Norge er best tent med å være samarbeidsvillig og innfører dei krava som EU stiller ettersom det tross alt er relativt overkomeleg for Norge som frå før har miljøvenleg energi, og på den måte kjøpe seg "good will" som gir Norge ein gunstig forhandlingsposisjon når det blir snakk om å innføre regelverk som har større betydning for Norge. Senterpartiet har heilt omvent politikk, der dei meiner at det viktigaste er å stå utanfor eit samarbeid slik at vi sjølv bestemmer over norsk energiproduksjon, også om denne eigenrådigheita vil gjere det vanskelegare å samarbeide med EU på andre områder i framtida. Den største ueinigheita koker ned til eit spørsmål om kva linje ein skal legge seg på for å tene Norge best totaltsett. Å potensielt måtte betale ein høgare straumpris kan fort være ein heilt akseptabel pris å betale om vi får tilsvarande mykje meir betalt i andre enden.
- 159 svar
-
- 1
-
-
Så lenge dette har vært gjort i samråd med burettslaget og det har blitt presentert som eit tilvalg så reknar eg med at styret har vurdert tiltaket med og utan tilvalg, og at dette har blitt presentert for generalforsamlinga. Naboen har ikkje nokon rett til å ikkje ha innsyn, kanskje særleg når ho bokstavelegtalt kan dra for gardina for løyse dette problemet. Det å bygge levegg i ettertid kan potensielt være ei utfordring. Det er ikkje gitt at det er berre å bygge ein levegg utan at det medfører søknadsplikt til kommunen.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Salwan Momika skutt og drept i Sverige.
The Avatar svarte på En Gedi sitt emne i Politikk og samfunn
Synes ikkje det er så spesielt. PST skal vurdere kva som vil utgjere ein fare for Norge både politisk, materielt og for allmenheita. PST skal gjere disse vurderingane utan tanke for kven som er ansvarlege. Det å henge opp ei skyteskive på husveggen er både lovleg og beskytta av ytringsfriheita, det aukar likevel faren for at nokon ender opp med å skyte mot nemnte skyteskive. Det er objektivt sett tryggare å ikkje huse personar som provoserer, og då særleg personar som provoserer grupper som er tilbøyelege for å bruke vold. Det at dette no har skjedd understreker viktigheita av å kunne kritisere islam, men det har ingenting med PST sin sikkerheitsvurdering å gjere. Strengt tatt beviser dette at PST vurderte rett, hadde Momika vært i Norge så kunne denne skytinga skjedd i ei norsk leilegheit med den faren det medfører for dei andre i blokka. At Norge burde gitt han asyl og beskyttelse er i så måte ei heilt anna sak.- 137 svar
-
- 5
-
-
-
Kinesisk sjokk-app: – Ingen i verden så for seg at dette kunne skje
The Avatar svarte på Mr.M sitt emne i Oppslagstavlen
Det er nok liten risiko for at AI vil gjere oss dume, men vi kan fort bli både late og dårlege på kjeldekontroll. AI er eit kraftig verktøy når det brukes på rette måten. Å bruke AI til å spørre om oppskrift på pannekaker er relativt meiningslaust då det berre krever meir datakraft for å svare på eit spørsmål som du like enkelt kan skrive inn i søkemotoren. Det kan likevel ha nokre fordelar sidan ein språkmodell som vurderer om det er fyrste eller andre linken på Google som gir det beste svaret, og såleis sparer deg frå å skumme gjennom dei fyrste søketreffa, ein slik språkmodell gjer det også veldig enkelt å søke opp informasjon når du kombinerer den med talegjenkjenning slik at du kan stille spørsmålet munnleg. Det området der KI verkeleg er eit effektivt arbeidsverktøy er tekstbehandling, enten det er å lese gjennom ein 100 siders forskningsrapport og presentere dette som maks fire setningar, eller til å omarbeide forskningsrapporten som du sjølv har skrevet slik at den ikkje inneheld vanskelege formuleringar som lekfolk ikkje forstår. Skal du f.eks. oppsumere ei bok ved bruk av vanleg søkemotor så må du søke etter nokon andre som har laga ei oppsumering før deg, men KI så kan du fore den min heilt orginal tekst som til dømes di eiga dagbok og likevel få ei meiningsylt oppsummering sjølv om ingen andre har lest akkurat denne boka utanom deg og no denne KI motoren. Det er også mykje stilig som finnes, der ein kan bruke KI til å generere ein powerpoint presentasjon på 10 lysbilder om eit bestemt tema. Kor god kvaliteten blir kan nok variere, men bruker ein slike verktøy på rette måten så får du eit veldig godt utgangspunkt som du kan tilpasse etterpå. -
Det følger av myndigheitspyramiden. Heilt på bunnen ligg vegtrafikklova og trafikkreglane, du skal alltid følge trafikkreglane. Unntaket er der vegmerkinga gir beskjed om noko anna. Om vegmerkinga strider mot dei generelle reglane så er det vegmerkinga som gjeld. Deretter kjem skiltinga. Skilt har høgare prioritet enn vegmerking, så om det er skilta fotgjengarovergang så er det skiltet gjeldande sjølv om fotgjengarovergangen ikkje er malt i vegbana eller er dekt av snø. Neste trinn over der igjen er lyssignal. Får du grønt lys i eit lyskryss så får du forkjørsrett framfor den generelle regelen om vikeplikt frå høgre. Og heilt på toppen er politiets anvisningar. Om politiet dirigerer deg så overstyrer det både trafikklys, skilting, vegmerking og trafikkreglar.
- 58 svar
-
- 1
-
-
Skulle berre mangle. Det verste eg veit er når ein berre skrur ned skilta og lar vegmerkinga stå igjen. Då blir det berre usikkerheit om kva som eigentleg gjeld, dei som er lokalkjente og veit at skiltet er skrudd ned køyrer som vanleg frodi fotgjengerfeltet ikkje lenger er gjeldande, og alle som ikkje er 100% oppdaterte på kva byetaten har fatta vedtak om må køyre som at dette er ein gyldig fotgjengarovergang som ikkje er skilta. Får du litt snø i vegbana i tillegg så er det omtrent 50/50 på kven som oppdager at det er sebrastriper i vegen og dei som ikkje oppdagar det på grunn av manglande skilt. Og for ordens skuld; Trafikkreglane: Trafikant betyr alle som ferdes i trafikken. Det er derfor vi i til dømes ulykkesstatistikk skiller mellom mjuke og harde trafikantar.
- 58 svar
-
- 1
-
-
Kinesisk sjokk-app: – Ingen i verden så for seg at dette kunne skje
The Avatar svarte på Mr.M sitt emne i Oppslagstavlen
Om sensuren hadde vært innebygd så ville ikkje språkmodellen fyrst bruke tid på å lage eit svar som vises i eit brøkdels sekund før svaret blir fjerna og erstatta med eit standardsvar. Hadde sensuren vært innebygd så hadde eg forventa at språkmodellen hadde slått inn sensuren i det du skriv inn eit uønska spørsmål. Det virker openbart at DeepSeek fyrst må lese sitt eige svar, og deretter aktiverer sensuren.- 55 svar
-
- 1
-
-
Det vil nok variere svært mykje. Særleg i bedrifter som tilbyr denne stilliga til nyutdanna så er nok dette meir ei stilling som kunderådgiver med fancy tittel. Ein "ekte" key account manager har ansvaret for å følge opp bedriftens aller viktigaste kundar, altså dei kundane som har ei nøkkelrolle i bedrifta. Det er nok ingen bedrifter som vil legge denne jobben til ein uerfaren arbeidstaker ettersom ein risikerer å tape store inntekter om kunden ikkje er fornøgd. Dei fleste stadar vil du nok få din mistanke bekrefta ved at du hovudsakleg blir satt til å ringe dei som står på kundelista for å prøve å selge dei fleire tenester, og at du sekundert svarer på spørsmål frå kundane som ringer inn. Etter mitt syn (og det er sjølvsagt subjektivt) så meiner eg at det er meir korrekt å bruke ein tittel som "account manager" om jobben består i å serve alle eller ein stor andel av kundane. For å fortene tittelen som "key account manager" så meiner eg at det typisk bør være at du har ein kundeportefølje på berre ein handfull med kundar som representerer svært viktig inntekt for firmaet, der det då lønner seg å betale deg for at du skal være tilgjengeleg når denne nøkkelkunden treng oppfølging. Ein nøkkelkunde som kanskje åleine står for 50% av all inntekta til firmaet skal sjølvsagt sleppe å bli så irritert over å stå i telefonkø at han/ho går over til konkurrenten i staden for.
-
Det vil uansett ikkje være hensiktsmessig å reparere bilen før eit salg. Selger du den privat så er det gode sjansar for at ein interessert kjøpar er i stand til å reparere bilen sjølv. Gir du bilen til ein forhandlar i innbytte så kan dei sjølv få fiksa bilen til ein langt lågare pris sidan dei verken treng å ta avanse på delane som blir brukt og sidan dei kan gjere ein del av dette arbeidet når ein uansett ikkje har fakturerbart arbeid å utføre. Uansett kva du velger å gjere så vil du ikkje få 20 300 kr meir for bilen etter ein reparasjon, i beste fall gjer du bilen lettare å selge/bytte inn når den er reparert. Det kokar uansett ned til at du må gjere ei vurdering av kor mykje pengar du ønsker å få for bilen, kontra kor mykje tid du er villig til å bruke på dette. I all enkelheit så vil du ved innbytte få ein relativt låg sum for bilen men med den fordelen at du ikkje treng å bruke tid på verken annonsering, snakke med potensielle kjøparar, eller bruke tid på eventuelle reklamasjonar. Alternativt kan du selge bilen privat, då kan du ta deg betre betalt for bilen men du må også rekne med å bruke litt tid på å gjennomføre salget. Kva denne tidsbruken er verdt for deg blir høgst individuelt, er dette tidsbruk som du berre synes er gøy eller ser du på dette som ei arbeidsoppgåve? Om du kan bytte denne tidsbruken direkte i anna inntektsgivande arbeid så kan det fort være meir lønnsomt å heller bruke denne tida på å jobbe og få lønn for tidsbruken.
-
Blir litt off-topic, men ja: Og for å komme tilbake til On Topic. Den detaljerte prosjektringa av ein politistasjon eller ei legevakt må tilpassast det lokale behovet. Dei bygningsmessige formelle krava er omtrent like nesten uavhengig av kva bygget blir brukt til. Det er ingen automatikk i at slike bygg må ha naudstraum, dei kritiske funksjonane kan ivaretakast på heilt andre måtar. Alt frå at bygget er utstyrt med uavhengige straumkjelder til at ein planlegg for drifte som tilnærma normalt også når det er straumlaust. Korleis bygget skal prosjekterast blir avgjort av kva som blir lagt ut som funksjonskrav når anbudet om å bygge blir lagt ut.
- 54 svar
-
- 2
-
-
-
Ein stemmer sjølvsagt med lommeboka. For min del så ser eg ikkje på Musk sin politiske ståstad som veldig avgjerande for kva produkt eg velger å kjøpe. Eg kjøper f.eks. skinke frå Gilde utan at eg har hatt ein einaste tanke for verken kven som er dagleg leiar i Gilde eller kven denne personen stemmer på. Det som eg synes er problematisk med å gi pengane mine til Tesla er at arbeidsforholda for dei tilsette er under ein kvar kritikk, og at Tesla har hatt ein del utfordringar i forhold til reklamasjon og reparasjonar. Med andre ord så er eg meir opptatt av kva verdiar Tesla står for som selskap, meir enn kva verdiar Musk som grunnleggar og eigar står for.
- 256 svar
-
- 2
-
-
diskusjon.no er for komplisert
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Tilbakemeldinger til forumet
Kva eksakt er det som er problematisk? Det er to enkle måter å svare direkte på innlegg. Enten trykke på "siter" knappen for å gå rett til å skrive innlegg med siteringsboks øverst. Eller å trykke på "+" knappen for kvart innlegg du vil svare på om det er fleire innlegg du vil svare på. Dette fungerer også like godt på både PC og mobil. Det einaste er at på mobil så kan det være litt knotete å manipulere siteringsbokser sidan forumet ikkje lenger har ein funksjon for å justere siteringskoden. Om ein på mobil bruker @ funksjonen @Eirikraude så er det notorisk vanskeleg å slette denne på mobil. Det som kan være ein ulempe når du skal sitere er at du ikkje får lage siteringspyramider, noko som av og til er nyttig for å holde tråden i kva som blir diskutert men som ofte førte til unødvendig store siteringspyramider med repetisjon som ein måtte scrolle seg forbi. Vil til slutt legge til at eg foretrekker sterkt denne forumstrukturen der alle innlegg kjem i kronologisk rekkefølge. På Facebook så får du ofte ei sortering basert på anbefalte innlegg, då er det ikkje mogleg å følge diskusjonen. Andre diskusjonsplattformer som Reddit har i tillegg tilsvar som legg seg direkte under den originale innlegget, noko som fungerer bra når ein skal diskutere kvart enkelt innlegg, men ikkje når ein skal følge diskusjonen på trådens tema.- 9 svar
-
- 1
-
-
- om diskusjon.no
- tilbakemelding
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Det er viktig at det ikkje er berre symbolpolitikk, og at eventuell elektrifisering av ambulansene blir basert på gjennomtenkte vurderingar. Største hinderet for elektriske ambulanser og for så vidt også for hybrid er etter mitt syn vekta. Alt i dag med dieselambulanser så er det ei utfordring å få inn det som ein ønsker av utstyr utan at bilen skal bli for tung i forhold til førarkortklasser og maks akselvekt. Hybridbilar blir ofte unødig tunge sidan dei heile tida må dra med seg eit drivstystem som ikkje er nødvendig på akkurat denne turen, enten der er vekta av dieselmotoren eller vekta av batteripakken. Eg er langt mindre bekymra for rekkevidda på ambulansane, men det krev sjølvsagt at eit også omorganiserer ambulansetenesta på ein slik måte at beredskapen ikkje blir redusert når ambulansen må stå på lading. Med elektriske ambulanser så kan ein sjølvsagt ikkje planlegge for at ambulansen skal være på hjul gjennom heile skiftet, og ei heller at neste skift skal ta over bilen direkte. Med elektriske ambulanser så må ein antagelegvis ha minst ei ekstra ambulanse i rotasjon slik at det ved hektiske skift er mogleg å køyre innom ambulansestasjonen for å sette ambulansen på lading og køyre ut med den ambulansen som står klar og er ferdig opplada. Ei delvis elektrifisering av ambulanseparken vil nok være det som gir samla sett best beredskap om ein klarer å bruke rett bil til rett oppdrag. Ein fordel med elbil er at ved straumutfall så kan det i mange tilfeller være enklare å plugge elbilen direkte til eit aggregat enn det er å skaffe diesel frå bensinpumper som treng straum for å pumpe dieselen opp frå dei nedgravde dieseltankane. Eg gjer meg også nokre tankar om at dersom det er nødvendig at ambulansen må kunne køyre lengre avstandar enn kva som er rimeleg å oppnå med elbil, så må vi sjå litt på den geografiske plasseringa av ambulansestasjonar og sjukehus.
- 54 svar
-
- 2
-