
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det å kontinuerleg søke å avdekke vedlikeholdsbehov vil ligge godt innafor det som styret skal drive med, å ikkje forebygge skader vil være uansvarleg. Om dette i tillegg er direkte knytt til ei forsikringssak så er det nærliggande at formålet med befaringa er å avdekke om det er fleire ting som ein kan få dekt på same forsikringssak.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Problemet er måten det blir gjort på. I jakta på å fjerne offentleg sløsing så forsvinner det nokre babyar med badevatnet. Det store spørsmålet er kva sluttrekneskapet virker. Det er ikkje akkurat billig å gi offentlege tilsette 7 månadar med etterbetaling som sluttpakke heller. Sjølv om det isolert setter billegare å betale lønn i eit halvt år kontra i fire år (når det kjem ny president som skal opprette stillingane sopm førre president fjerna), så er det eit halvår med statlege lønningar som USA sine skattebetalarar får absolutt null igjen for pengane.
- 63 svar
-
- 1
-
-
Fellesnevnaren for alle jobbar som har vekeslange turnusar er at at arbeidet foregår ein stad der du ikkje enkelt kan kome deg heim etter arbeidsdagens slutt. Som til dømes arbeid off-shore eller arbeid som foregår på avsidesliggande plassar enten det er byggearbeid oppe på snaufjellet eller arbeid i utlandet. Det mest realistiske er nok å sjå på stillingar der du får moglegheit til å jobbe mykje og intensivt, slik at du kan ta fri i lengre periodar før du treng å jobbe igjen. For deg som i dag jobbar i helsevesenet med 3 delt skift så kan den enklaste løysinga være å gå ned i stilling og i staden basere deg på å shoppe vakter. Om du då jobbar doble skift to dagar på rad så vil du tjene nok til at du ikkje treng å jobbe meir veka etterpå. Då kan du effektivt sett lage din eigen arbeidstidsturnus så lenge du har liten nok stilling til at du ikkje har forplikta deg til ei fast arbeidstid. Sjølv om du skriv at du ikkje vil jobbe på skip, så kan det kanskje være ein idé å utforske moglegheita til å jobbe som medic på skip eller plattform. Det er ein vanskeleg jobb å få, men redningstjenesta kan kanskje også være aktuell? På redningshelikopter så er det ofte off-shore turnus fordi helikoptermannskapet må være på helikopterbasen heile tida.
-
Det er fort denne vegen det kan gå. I samband med at Sverige og Finland søkte NATO medlemsskap så forsøkte Putin å så tvil om NATO landa var villige til å ofre eigne soldatar i eit artikkel 5 forsvar. Det er dette som er den store svakheita til NATO alliansen, om medlemslanda ikkje er villige til å stille opp med eigne soldatar så er også NATO ein "papir tiger". Om NATO treng å involvere seg militært for å få til ei ei fredsavtale i Ukraina er eg ikkje like sikker på. Sjølv om at eg håper at det ikkje skjer så frykter eg at NATO er villige til å ofte Ukraina framfor å risikere at NATO alliansen rakner. Det sagt så trur eg at internasjonal deltakelse vil være nødvendig for å sikre varig fred. Dette vil då være ein jobb for FN å plassere ut nøytrale soldatar i både Ukraina og Russland for å på den måten gjere det vanskeleg for nokon av partane i gjenoppta krigen utan å få det internasjonale samfunnet på nakken.
-
Alt etter kva Trump og USA velger å gjere så kan det det tvinge fram langt meir direkte støtte frå resten av Europa. I spørsmålet om Russland så har USA og Europa forholdsvis ulike sluttmål. For USA så vil det nok være akseptabelt at Russland kjem ut av krigen med nye grenser som strekker seg langt inn i Ukraina. At Russland blir litt større utgjer ikkje særleg til endring i maktforholdet mellom USA og Russland. For Europa, og då særleg alle landa som grenser til Russland så vil det være vanskeleg å akseptere at Russland til stadig får flytte sin grense lengre og lengre inn mot Europa. Særleg dei Baltiske landa og til dels Polen er direkte trua av Russland sin utbredelse og vil nok ikkje akseptere ein fredsavtale som opner for Russland kan gjenta dette stuntet om nokre år og ende opp med å få anerkjent stjålet landareal som russisk territorium. I Norge og Finland er vi ikkje fullt like trua sjølv om vi deler grense til Russland, blant anna fordi vi har ein relativt beskjeden russisk busetting i våre grenseområder. Russland sitt angrep på Krim og seinare resten av Ukraina har vært basert på at Russland får støtte av etniske russarar som bur i området, og brukar dette som påskot for krigføringa. Det blir spennande å sjå kva Trump kan klare å bli einig med Putin om, og om den einigheita vil kunne aksepteres av Ukraina og resten av Europa. Om USA ender opp med å trekke sin støtte til Ukraina så ser eg ikkje vekk frå at EU/NATO kan sjå seg nødde til å plassere ut millitære styrkar langs heile russergrensa for å tvinge Russland til å måtte avsjå ytterlegare militære ressursar for å gjere det same. Det er absolutt ikkje utenkeleg at vi kan ende opp med å få krig eller i det minste treffningar langs russergrensa også i andre land enn Ukraina. Om eg skal være heilt realistisk og ærleg, så trur eg at den einaste realistiske måten å få på plass ei fredsavtale på er ved å la Russland få beholde dei områda som Russland i dag kontrollere og at Ukraina må akseptere dette tapet. For at det i det heile tatt skal være akseptabelt for Ukraina å gi slepp på disse områda så må det følgje med lovnadar og forsikringar frå Vesten, og då er det særleg NATO og EU medlemsskap som må tilbyast. På denne måten vil begge partar både vinne og tape. Ukraina vil tape landareal men vil vinne framtidig beskyttelse og gode føresetningar for økonomiske oppgangstider gjennom EU medlemsskap. Russland vil vinne landområder, men vil måtte tole enda ei lang NATO grense og eit Ukraina som berre blir orientert mot vesten. Så kan vi sjølvsagt håpe på at Putin er såpass pressa økonomisk at han aksepterer russisk tilbaketrekking, men noko krigserstatning trur eg vi kan sjå langt etter. Eg tviler likevel på at Trump er rette mannen til å få på plass ei slik fredsavtale, då særleg fordi eg ikkje kan sjå at Trump er villig til å gi Ukraina dei lovnadane og ressursane som trengs. Ukrainarane har litt lurt av ei stormakt tidlegare, då dei gjekk ut av Sovjetunionen så gav dei frå seg sine atomvåpen mot sikkerheitsgarantiar frå Russland. Om ukrainarane skal kunne stole på sikkerheitsgarantiar frå USA og resten av Europa så vil dei nok kreve forpliktande handlingar og ikkje berre ord. Ei mogleg løysing som ikkje innebærer NATO medlemsskap kan være at NATO med USA i spissen tek seg av grenseforsvaret til Ukraina, slik at eit nytt angrep mot Ukraina vil være eit direkte angrep på NATO soldatar.
-
Det er vanskeleg å lage gode reglar for studier. Det er litt same problemstillinga med arbeidsledige som mister sine dagpengar om dei bruker tida til å ta vidareutdanning for å bli kvalifisert til å finne seg ny jobb. Sjølv om utdanning er høgt subsidiert i Norge så er utgangspunktet at ein som student må forsørge seg sjølv, enten gjennom å leve på lån, deltidsjobb eller oppsparte midlar. Det vil også være problematisk å opprette særordningar som gjer det meir attraktivt å være student om ein blir sjuk, for det er ganske mange som er studentar sjølv om dei ikkje har ambisjon om å fullføre graden, til dømes så er det attraktivt å melde seg opp i fag som du ikkje har tenkt å avlegge eksamen i då dette er ein måte å skaffe seg billig lån gjennom lånekassen. Det er også veldig mange studentar som fyrst og fremst er arbeidstakarar i store deltidsstillingar og som berre studerer litt ved siden av. Det er derfor vanskeleg å skille mellom dei studentane som var på god veg til å bli arkitekt eller lege, og dei studentane som betalte semesteravgift for å nyte goder som billige lån, studierabattar på kollektivtransport, osv. Generøst er det ikkje. 23 000 kr i måneden utbetalt tilsvarer ei årsinntekt på omtrent 340 000 for ein arbeidstakar som ikkje har utigifter som gir skattefrådrag, dette tilsvarer den tariffesta minstelønna for ein butikktilsett som er over 18 år men utan arbeidserfaring. Det å sette korrekt trygdenivå er ikkje så enkelt, for på den eine sida så skal det ikkje være så generøst at det er fristande å misbruke ordninga, men på den andre sida så skal ein heller ikkje straffast fordi ein uforskyld har blitt arbeidsufør. Det optimale trygdenivået er å få nok pengar til å kunne levere normalt, men samtidig akkurat så lite at det er attraktivt å ta seg ein jobb om ein skulle bli delvis arbeidsfør igjen. Problemet er berre at det ikkje er slik systemet fungerer. Sjølv om ein heile tida seier at det skal lønne seg å jobbe, så gjer det i for liten grad det. Om du er 100% ufør men likevel kjenner på at du klarer å jobbe fire timar i veka så sitter du igjen med litt meir på papiret. Men når ein tek med kostnadar og tida som går med for å kome seg til og frå jobb så lønner det seg ikkje likevel når du berre skal jobbe nokre få timar. Dette er ikkje så enkelt å lage gode ordningar på. Vi må ha eit forsvarleg trygdenivå som sikrer at også uføre kan delta på heilt vanlege samfunnsaktivitar, som til dømes å unne seg ein tur på kino eller nokre øl på pubben. Men samtidig så må det ikkje være så godt betalt at eit ungdom som ikkje ønsker å jobbe på butikk ser sitt snitt til å lyge på seg ein usynleg plage som ryggsmerter eller utmattelse fordi det framstår som attraktivt å sleppe å dra på jobb når trygdeytinga er så god at det er knapt synleg på lønnsutbetalinga. Det er sjølvsagt lite motiverande å stå og slite ein låglønnsjobb når du ser at naboen får like mykje utbetalt utan å måtte jobbe. Om trygda blir justert mykje opp så forsterker dette problemet seg, og dersom minstelønningane blir justert tilsvarande som trygda så er det ingenting som endrer seg. Det er heller ikkje ønskeleg at vi skal ha eit system med matkupongar og kanskje også statleg utrekna behov for 1,4 kinobillettar i året, for å på den måten sikre at alle uføre berre får akkurat så mykje som dei treng til å leve "normalt". Då er det langt meir verdig å få trygda utbetalt i kroner og ører. Utfordringa då igjen er at ulike personar får ulikt igjen for trygda si alt etter kva ein blir trukket i skatt, kva ein har av bu- og transportutgifter, osv.
- 221 svar
-
- 2
-
-
Sliter med å selge typisk første gangs bolig i Oslo
The Avatar svarte på onkel_jon sitt emne i Privatøkonomi
Utelivet 😊 Det er nok veldig individuelt kva ein treng av plass. Dette er av tilsvarande størrelse som mange bur på som studenthybel under studiane. Med mindre du berre bruker leilegheita til å sove og stirre på TVen, så er det nok pårekneleg at du vil oppholde deg mest alle andre stadar enn i leilegheita. Til tross for det så var det nesten overraskande stort kjøkken, hadde kanskje tent at ein som bur i ei slik leilegheit hadde brukt mykje take-away. -
Solgte bolig for 600 000kr over takst på ti timer
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Ser ikkje anna enn overskrifta sjølv, så valgte å legge alt av godvilje til. Aner ikkje om ho pussa opp, ho kan også ha vært heldig og komt over ei budrunde utan budkrig, og så har ho rett etter på lagt ut leilegheita og denne gongen fått budkrig slik at leilegheita gjekk over verdivurdering. Ofte så gjer ein minst mogleg når ein skal flippe, så det kan også være at ho brukte denne eine dagen til å fikse det viktigaste, tok nye bilder og fekk budkrig i løpet av kvelden. Det kan til og med være så enkelt som at ho kjøpte ei leilegheit på tvangssalg som vart solgt uvaska og dermed ser lite tiltalande ut, og alt ho har gjort er å ta nedvasken og fått leilegheita til å framstå som 10 gongar finare. Nei, det er ikkje fullt så enkelt. Du kan fint forsvare at du berre har overnatta 183 gongar i løpet av året og du derfor har brukt bustaden som din primærbustad, men om du har leigd vekk bruksretten i eit halvt år. Det er meininga at det skal være din bustad, og at "unskyldninga" for at du ikkje har overnatta meir enn 183 gongar er på grunn av fornuftige ting som weekendturar, ferier, jobbreiser, renovasjon av badet, og liknande ting som gjer at det er heilt praktiske grunnar til at du ikkje kunne være i huset absolutt alle årets dager. Eg er litt meir usikker på korleis det stiller seg om du leiger ut leilegheita nesten halve året som kortidsopphold på til dømes airbnb, for då kan du nok i større grad argumentere for at dette har vært din heim heile året, du har berre lånt bort leilegheita når du ikkje sjølv kunne bruke den utan å gi frå deg bruksretten. Det trur eg vil gå bra. Det er verre når du på ingen måten kan overnatte i bustaden din neste månad fordi du har gitt ein leigetakar eksklusiv bruksrett. Eg veit ikkje kor vanleg det er, men eg ser til stadigheit på finn.no at det blir annonsert ubrukte kjøkkeninnredningar som berre har litt montert og demontert ein gong. Eg skal ikkje skulde på husflippere for dette, her trur eg kanskje det er vel så mykje utbyggarane som ferdigstiller ei leilegheit som dei ikkje har funnet kjøpar til endå. Då vil utbyggaren ofte montere opp billegaste kjøkkeninnreiinga slik at leilegheita kan selgast som nøkkelferdig. Den nye eigaren vil då ofte oppgradere til eit litt flottare kjøkken om dei har råd til det, så då blir IKEA kjøkkenet demontert og forsøkt solgt på finn.no framfor å ta kostnaden med å køyre innreiinga på dynga. I einebustadar så vil ofte løysinga i slike tilfeller være at den billige kjøkkeninnreiinga blir montert på vaskerommet, i garasjen, eller likanande rom, men i leilegheiter så er det sjeldan plass til å ha to kjøkken samtidig. -
Ikkje nødvendigvis. Grunnlova forbyr lover med tilbakevirkande kraft, men ein kan likevel innføre nye lover som påvirker rettigheiter og goder som du har i dag. Ein kan til dømes nedlegge eit forbud mot bruk av bestemte typar vedomnar, sjølv om omnane i dag er lovlege å bruke. Men ein kan ikkje vedta at slik bruk skal være ulovleg no, og så sende bøter til alle som har fyrt i vinter på bakgrunn av at det i dag kom ei ny lov. Det er massevis av krav som har blitt vedtatt som har tilbakevirkande kraft likevel, som til dømes kravet til at ein bil må være utstyrt med varseltrekant og refleksvest sjølv om bilen ikkje opprinneleg vart levert med slikt utstyr. Eller at bustadar må henge opp røykvarslar, også bustadhus som er bygde før røykvarslaren vart oppfunnen. Eit krav om at det frå ein bestemt framtidig dato ikkje lenger er lov å fyre i gamle vedovnar vil det være mogleg å vedta til tross for Grunnloven. Det var dette ein gjorde når ein for nokre år sidan satte forbod mot å bruke oljeovnar som brukte mineralolje. Då måtte alle huseigarane enten fjerne parafintanken sin og sende inn dokumentasjon på dette, eller så måtte ein bygge om og dokumentere at oljeovnen var ombygd til å bruke bioolje.
- 118 svar
-
- 4
-
-
Solgte bolig for 600 000kr over takst på ti timer
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Er enig i dette. Det er kanskje ikkje den aller mest etiske inntektskilda å flippe bustadar for profitt, men det er samtidig heller ikkje veldig enkelt. Å flippe ein bustad medfører ein betydeleg risiko fordi ein må få tilført mykje verdi før det er lønnsomt. Fyrst så må ein sikre at ein får tjent innigjen dokumentavgifta. På eit hus til 5,7 mill så utgjer dette 125 000 kr rett til staten. Om ho solgte 600 000 over takst og fekk 6,3 mill for det same huset så må ho skatte 22% på gevinsten, kor stor gevinsten blir vil variere med kor store omkostningar som kan trekkast frå. Om ho selg utan eigedomsmeklar og andre fråtrekkbare utgifter så er gevinsten 475 000, som medfører 104 500 kr i skatteutgift. Alt etter kva andre kostnadar ho har så kan gevinsten ho sitt igjen med fort være nede i eit par hundre tusen. Absolutt godt betalt for å få flippa bustaden på 10 timar, men sett opp mot risikoen for å potensielt måtte legge ned mykje arbeidstid i eit slikt prosjekt så er det så godt betalt. Regelen er at du må ha eigd huset i minst 1 år. I tillegg må du ha budd i buset i minst 1 år i løpet av dei to siste åra. Dersom du kjøper huset du har vært leigetakar i så kan du ikkje rekne inn den tida du har vært leigetakar som bu-tid for å kunne selge skattefritt. Det at du skal ha budd der 1 år i løpet av dei siste 2 åra betyr at dersom du har budd i bustaden i minst 1 år så har du opptil 1 år på deg til å selge bustaden etter at du flytta ut. Dette gjer det mogleg å flytte ut før du har solgt, og det vil fungere som eit incentiv for å raskt få inn ein ny huseigar slik at huset ikkje blir ståande tomt. Folkeregistrert adresse har ikkje betydning, du må ha vært reell bebuar i minst 1 år for å kunne selge skattefritt. Som hovudregel er du rekna som busatt der du tilbringer din vanlege døgnkvile, som igjen betyr at du må ha tilbringt natta der i minst 183 av årets 365 dagar. (Her er det nokre unntak i forhold til jobbreiser og slikt). Det hjelp med andre ord ikkje å være folkeregistrert i bustaden medan du i realiteten har budd hos andre. Det kan være at du klarer å lure skatteetaten med ei falsk flyttemelding, men det at du kan lure deg unna skatt er ikkje det same som at salget er skattefritt. Det som gjer at bustadflipping generelt sett er mislikt er at det gjer det vanskelegare for andre å kome inn på bustadmarkedet. Ikkje berre kan ein bustadflipper snappe opp bustaden framfor ein fyrstegongskjøpar, men ved å flippe bustaden så bidreg ein også til at bustadane blir dyrare. Det er heller ikkje alltid at der er særleg miljøvenleg med bustadflipping sjølv om det er lønnsomt. Typisk eksempel er når husflipparen investerer 100 000 kr i ny kjøkkeninnreiing for å vise potensialet og klarer på den måten å auke bustadprisen med 200 000 kr. Den nye eigaren har då ofte sett potensialet men er ikkje fornøgd med akkurat dette kjøkkenet og går derfor i gang med å rive ut den splitter nye kjøkkeninnreiinga for å bygge sitt eige draumekjøkken. -
Dei reintbrennande omnane er veldig effektive, problemet i dag er nesten at ovnane er for effektive i forhold til husa dei blir monterte i. Med godt isolerte passivhus så avgir ei opptenning mykje meir varme enn det ein vanlegvis vil ha. Dette er kjempebra for dei som har nye passivhus og som brukar vedfyring som basisvarme, men dei aller fleste med passivhus dekker basisvarmen med elektrisk oppvarming sidan det ikkje er store panelovnen på termostat som skal til for å varme og og holde varmt eit hus som er så godt isolert. Eigentleg så burde regelverket som gjeld i dag med reintbrennande omnar vært omvendt, altså at det er dei som bur i gamle trekkfulle hus som blir pålagt å bytte til nye reintbrennande ovnar som er både meir energieffektive og meir miljøvenlige. At det i eit passivhus frå 2018 står ein gamaldags støyperjernsovn frå 60- talet som aldri blir brukt, vil ikkje ha betydning for forureininga. Det er sjølvsagt i dei husa der vedovnen er i nærmast dagleg bruk at det er viktigast å få inn dei beste ovnane. Eg skjønar sjølvsagt at det ikkje er mogleg å innføre kravet med tilbakevirkande kraft. Likevel, så trur eg at det hadde vært mykje betre om at alle som har gamle hus hadde kjøpt seg nye ovnar, og så kunne dei fått lov til å selge den gamle ovnen til dei som har nye hus. Inntekta frå bruktsalget ville fungert som eit tilskot for å gjere kostnaden med å bytte ovn lågare, og alle nyhus kunne fått montert seg ein billig vedovn til nødbruk og dermed ivaretatt eigenberedskapen ved straumbrot. Det er tross alt ovnane som det blir fyrt i som skapar partikkelutslepp, ubrukte ovnar forurenser ikkje.
- 118 svar
-
- 5
-
-
Er heilt einig i at VG har her valgt ei vinkling som både kaster denne kvinna under bussen, og som samtidig ikkje gir eit sannferdig bilde av korleis det er å være ufør. Saka er vinkla som at VG vil sette søkelys på at 40 000 kr er alt for lite å, men inntrykket som den jamne leser sitter igjen med er heilt motsatt med 40 000 kr er alt for mykje, og så med alle anekdotene om den gongen då dei sjølv klarte å leve på 10 000 kr i måneden. At kvinna har gjeldsordning er ei så vesentleg opplysning at det grenser til uansvarleg å ikkje rette fokus på den delen av saka. Det ville gitt grunnlaget for ein heilt anna offentleg debatt, debatten om kor stort ansvar staten skal ta i å hjelpe arbeidsuføre som også er i eit økonomisk uføre. No veit eg ikkje om ho var gjeldsbetynga før ho vart ufør eller om gjelda kom etter ho vart ufør. Er det fyrstnemte så tenker eg at det ikkje er statens og samfunnets ansvar å i praksis ta seg av gjeldsnedbetalinga i form av høgare trygdeutbetalingar. Dersom det er det sistnemte så må ein sjå på trygdeordninga for å finne ut om det er mogleg å gjere tiltak som fører til at uføretrygda ikkje ender opp med å ta opp lån. Men igjen er det forskjell på om ein tek om kredittlån fordi ein ikkje får endane til å møtes, eller om ein tek opp kredittlån for å kunne fortsette ein lukseriøs livsstil som ein ikkje lenger har økonomi til å opprettholde. Eg forstår sjølvsagt at som ufør på gjeldsordning så er det fustrerande vanskeleg å få betalt ned gjelda ettersom veldig mykje av det du klarer å tjene utanom gjennom til dømes småjobbar gir avkorting i trygdeutbetalinga. Det å få auka inntektene er sjølvsagt vanskeleg når systemet er konstruert for at du berre skal få trygd etter behov, men det er jo litt av poenget at dersom ho er i stand til å sjølv tene f.eks. 10 000 kr i måneden gjennom eige arbeid, så er det 10 000 kr som fellesskapet ikkje treng å stå for gjennom trygdeutbetalinga. Særleg sidan hovudpersonen i denne artikkelen openbart ikkje tek dei beste økonomiske beslutningane, så er det enda større grunn til at VG burde anonymisert. Det er klart at det er dyrt å benytte seg fritidstilbod som du må betale for å delta på slik som bowling, kino, svømming, leikeland, spa, restaurant, osv, osv, men samtidig så er ikkje dette kostnadar som er veldig vanleg på eit typisk husholdningsbudsjett heller. Det å dra både på kino og på bowling same måneden er nok ikkje veldig vanleg for dei som er i full jobb heller, dette er aktivitetar som ein vanlegvis unner seg nokre få gongar i året. Det sagt så må eg understreke at eg har ingen holdepunkt for å "kritisere" at denne kvinna bruker pengar på bowling, for alt eg veit så kan dette være den einaste underholdninga som ho unner seg, og at dette kjem i staden for og ikkje i tillegg til anna kostbar underholdning som å abonnere på alle strømmetjenestene.
- 221 svar
-
- 2
-
-
-
Hvor utbredt er egentlig Nice Guy-typen?
The Avatar svarte på Martelè sitt emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Eg har ikkje same forståinga som din definisjon, men det hjelper likevel godt på diskusjonen å ha ein definisjon. Då forstår eg det slik at ein nice guy er ein manipulator, altså ein som på kunstig eller utspekulert måte søker å påvirke ein person i ei bestemt retning. Dette er karaktertrekk som eg ville tillagt bad guys, men eg er med deg på tanken om at nice guys tenderer til å manipulere ved å seie det som mottakaren vil høyre utan å meine det, medan bad guys tenderer meir mot å bruke direkte språk for å manipulere motparten til å opptre defensivt. Til dømes så ville eg sagt at det er bad guy oppførsel å fortelle på fyrste date at ein er ute etter langvarig forhold når planen er ONS med påfølgande ghosting. Med din definisjon så er dette nice guy oppførsel, sikkert fordi ein på denne måten framstår som snill og grei medan ein eigentleg berre tener sine eigne ønsker. Med denne definisjonen til grunn så er eg nok meir einig med deg at i at du på date nok møter på fleire nice guys som ikkje er ærlege om at dei berre er interessert i ONS, enn bad guys som er ærlege og opne om at dei ikkje er klare for å slå seg ned.- 45 svar
-
- 1
-
-
Det å skrive gode utlysningar er ein kunst. Eg har også inntrykk av at det innafor programeringsbransjen ofte blir stilt krav som er urealistiske eller til og med motstridane. Til dømes ved å kreve meir erfaring med bestemt programvare enn programmet har vært tilgjengeleg. Ein god stillingsutlysing skal tene to formål. Det skal både være til hjelp for arbeidsgivar å kunne sortere innkomne søknadar og ikkje bruke tid på søkarar som ikkje har rett kompetanse. Og for arbeidssøkaren så skal stillingsutlysinga gi ei realistisk bilde av kva som krevs for å få jobben, og dermed kan jobbsøkaren prioritere å bruke tid på jobbar som ein er kvalifisert for. Det sistnemte er også ei utfordring innafor kjønnsdiskriminering og lønnsforskjellar då det er ein tendens til at kvinner lar være å søke på til dømes ei leiarstilling fordi det står krav om 5 års erfaring fordi kvinna veit at ho berre har 4 års erfaring å vise til. Menn har ein større tendens til å sende inn søknad likevel fordi 4 års erfaring er nesten 5 år. Når arbeidsgivar då ender opp med å tilsette ein leiar med 4 års erfaring så går naturleg nok jobben til mannen som sendte inn søknad og ikkje til kvinna som droppa å søke.
-
Skorsteinen må du ha, men sjølve vedovnen kan du demontere. Kravet er at du skal kunne montere vedovn som sekundær varmekilde. Det vil garantert ikkje bli forbod mot å bruke ovnen du har, kravet vil hjelpe nymontering. Det du kan risikere er at dersom du demonterer ovnen så er det ikkje gitt at du får montere den på nytt etter at vedtaket har trådd i kraft sidan det berre vil være lov å montere godkjente ovnar. Det finnes også løysingar som oppfyller kravet til at du har muligheit for sekundærvarme utan å bygge pioe som tek opp plass i stova, kravet er at det blir oppført skorstein som varig løysing.
-
Er rimeleg trygg på at 30% av europeiske bustadar ikkje er avhengige av vedfyring. Dei aller aller fleste har vedfyring i tillegg til elektrisk oppvarming. Det vil være svært uheldig om det i framtida enten blir veldig dyrt eller umogleg å få tak i godkjent vedovn, særleg med tanke på eigenberedskapen. Eg tviler likevel på at det vil skje. Som tidlegare nemnt så er det heller ikkje slik at EU reglane er skrevet i stein, så om det viser seg at det ikkje er mogleg å lage vedomnar som oppfyller krava, så vil EU kunne gå tilbake på kravet. Eller mest realistisk så vil EU utsette innføringa for å gi bransjen meir tid til å finne gode løysingar.
-
Du har eigentleg identifisert dei to viktigaste kanalane. Mannen fastlege kan kontaktast for å legge igjen i bekymringsmelding på å vurder dei helsemessige forholda. Ulempen her er at det nok ikkje blir tatt tak i før neste gong mannen går til sin fastlege. Den andre måten er å tipse politiet når det er eit meir akutt behov for å gripe inn, som til dømes når du observerer risikabel køyring. Det einaste som ikkje er nemt er mannens pårørande som kan snakke med denne mannen og helst få mannen til å frivillig gjere tiltak. Her kan det kanskje være aktuelt for dei pårørande å overtale han til å selge bilen og heller legge inn søknad om å få drosjelapper for å ivareta det han har av transportbehov.
-
Men Norge har ikkje forvalta rikdommen på ein håplaus måte. I motsetting til Britane som også fant olje i Nordsjøen samtidig som oss så oppretta ein eit statleg oljeselskap som ved hjelp av byråkratar sikra at oljepengane vart langsiktig investert og som sikra at i staden for å ha kjøpefest i nokre få år så har vi no eit oljefond som vi berre tek ut avkastninga frå og som fortsetter å være ei økonomisk melkeku også etter at oljens storheitstid er over. Margaret Thatcher brukte dei britiske oljepengane på ein kjøpefest som førte til stor inflasjon med det resultat at verdien av £ stupte, som igjen førte til stor arbeidsledigheit i britisk eksportindustri. Unødvendig byråkrati er sjølvsagt alltid unødvendig, men det er sanneleg mykje byråkrati som er veldig nyttig også. Det snakkes ofte om kutting av offentlege utgifter, men det er ofte lite snakk om unødvendig tenestetilbod. Ein debatt om å kutte ugifter blir meiningslaus om ein ikkje starter med å diskutere kva slags samfunn ein vil ha. Det er kjempeenkelt å kutte i skulesektoren, det er berre å opprette større skuleklassar, mindre pensum, og mindre individuell oppfølging. Samtidig så treng ikkje tenestenivået være fort høgt heller, det er godt nok med klasseromsundervisning sjølv om det kvalitetsmessig hadde vært mykje betre om alle elevar hadde personleg lærar. Tilsvarande er det med alt byråkratiet rundt byggereglar, vi må tole å ta ein debatt på kvar grensa skal gå mellom at du som grunneigar skal få lov til å bygge det du vil, opp mot at du som grunneigar skal sleppe at naboen bygger ting som fører til ulemper for deg.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Litt off-topic, men dette med skrukorkene var rett tiltak på feil stad. Plasten som er i skrukorker er ein hardare plast enn det som er i flaskene og det viser seg at det i stor grad er flaskekorker som avgir skadeleg mikroplast som blir tatt opp av dyrelivet, dette er forøvrig også grunnen til at det vart innført forbod mot sugerør og eingongsbestikk medan det fortsatt er lov å pakke tre-skeia og papirsugerøret inn i plastpose. Så sjølv om at forslaget høyres idiotisk ut så er det faktisk ein god grunn at det var nettopp denne plasten som vart ramma av vedtaket. Det som er idiotien er at det er heilt meiningslaust å innføre eit krav om at plastkorka skal henge fast i landet som har verdens beste pantestystem der type 98% av all emballasje med pant blir returnert (med påskrudd plastkork). Sjølv om vi ikkje har eit tilsvarande pantesystem for eingongsbestikk og sugerør, så er heller ikkje dette eit stort problem i Norge der vi har høg tettheit av offentlege søppeldunkar som blir regelmessig tømt. EU kravet har stor betydning for EU-land som til dømes Portugal som fortsatt ikkje har klart å få på plass ei panteordning, men for Norge sin del så er det som å innføre krav om at alle sko må ha borrelås fordi det sparer miljøet om folk tek av seg skoa i gangen, det er heilt unødvendig i Norge der vi uansett gjer dette, også om vi har på oss fjellsko med massevis av surringer. Dette utsleppskravet til vedomnar kjem i same kategori, veldig fornuftig i land med tett konsentrasjon av vedomnar som spyr ut skadelege partiklar i byluft som alt er helsefarleg med svevestøv frå dekka til elbilar. Det virker likevel litt urimeleg å sette same kravet til ein einebustad på Smøla, og i alle fall når den same huseigaren må montere vedomn med kjempestrenge utsleppskrav har ei tønne i hagen som han bruker til å brenne søppel i fordi renovasjonstilbodet på Smøla ikkje er spesielt godt.
- 118 svar
-
- 4
-
-
-
Synes kanskje at bransjen smartmaler litt vel mykje, dersom EU innfører miljøkrav som er umoglege å innfri så betyr det sjølvsagt kroken på døra for vedomnsprodusentar og stopp i all ny-montering. Det er viktig å protestere, men sjølv om at EU-politikarane skulle fatte eit vedtak som ikkje fungerer i praksis, så vil ikkje vedtaket bli ståande. Det som er dramatisk for bransjen er at dagens bestselgarar må pensjonerast og ein må utvikle ny modellar, men det er omtrent heilt likt som då kravet til reintbrennande omnar kom i 1998, då måte bransjen også gå over til å produsere nye modellar med reintbrennande funksjon. At også denne bransjen må fornye seg etter 25 år synes eg ikkje er spesielt dramatisk. Det er likevel viktig at utsleppskravet blir satt på eit nivå som det er mogleg å oppfylle, og at ein får ein realistisk tidsfrist for å utvikle, produsere og sertifisere dei nye omnane. Eg synes likevel at det er litt vel seint for EU å innføre slike krav no. Sjølv om bransjen sjølv skriv at 30% av europeiske bustadar er avhengige av vedfyring så tviler eg sterkt på at det stemmer. Trenden i dag er at det er stadig færre som bruker vedfyring til primæroppvarming, dei aller fleste bruker vedfyring som ekstra oppvarming på dei kaldaste dagane, samt som reservekilde til varme ved straumutfall. Eit enda strengare krav til utslepp frå vedfyring får relativt liten betydning sidan det er færre som fyrer ofte og mykje. Så største konsekvensen med dette forslaget er at vedomnane blir meir avanserte og dermed enda dyrare, og at langt færre kjem til å prioritere å investere 50k+ for å montere vedomn som omtrent berre blir brukt ved straumutfall. Slike miljøkrav kan med fordel være mykje meir målretta, til dømes så er utfordringa med partikkelutslepp klart størst i tettbygde strøk. Særleg i sentrale bystrøk så finnes det også betre alternativ til at alle leilegheiter har sin eigen vedomn, som til dømes sentralfyr eller fjernvarme.
- 118 svar
-
- 2
-
-
SIFO budsjettet blir mest korrekt når ein ser på det over tid. For ei kortare periode som over nokre år så er det ganske enkelt å leve mykje billegare enn SIFO budsjettet, men det er fordi at det er ein del store utgifter som i SIFO budsjettet er gjennomsnittsberekna. Til dømes så innberekner SIFO budsjettet ein tusenlapp i måneden for klær og sko, dette beløpet er tilsynelatande høgt, og særleg når vi veit at mange av oss har nok klær i klesskapet som vi kan bruke i årevis før vi må ha noko nytt. Denne klesgarderoben utgjer likevel ein stor investering og hadde vi starta på bar bakke og skal fylle eit tomt klesskap skal vi holde på veldig lenge for at 1000 kr i måneden er nok til å fylle garderoben. Tilsvarande med utgifter til møblar. Når du fyrst har møblar så kan du nok klare deg resten av livet utan å kjøpe meir møblar, men om vi legg SIFO budsjettet til grunn som seier at ei husholdning skal sette av 540 kr per måned til møblar så må du spare ei god stund om du skal kjøpe ein sofa eller spisestuemøblement, dette kostar fort mange titusenar sjølv for relativt billige møblar. SIFO budsjettet tek også utgangspunkt i eit akseptabelt forbruksnivå. Det skal verken være eit minstebudsjett for dei som må snu kvar ei krone, men det skal heller ikkje være eit budsjett for overforbruk.
-
Som arbeidsufør så er det ikkje sikkert det er like lett å bytte dekk sjølv. Det er kanskje mindre tungt å vaske bilen manuelt men ein må då ha fasilitetar for dette, noko som ein nødvendigvis ikkje har i Bodø sentrum. Veldig mange som har elbil har i dag dekkhotell, då bilane har blitt tyngde, dekka større, og konsekvensen ved feil jekkplassering er større, så det gjer at mange foretrekker å betale seg ut av den risikoen.
-
Dette er meir eit politisk spørsmål om korleis vi vil ha støtteapparatet vårt meir enn det er eit spørsmål om økonomi. Som ufør så kan ho heilt sikkert flytte ut på bygda og leige eit av dei mage fråflytta einebustadane for å få ned bustadutgiftene og fortsatt har bustad med fire soverom. Tilsvarande kan sjølvsagt barna gå for lut og kaldt vatn, der er det også mykje pengar å spare. Det politiske spørsmålet er kven som skal bære ulempane ved at ho er arbeidsufør? Dagens system er bygd opp med ein tanke om at sjukdom er noko som er uforskyldt, og dersom ein er så uheldig å bli arbeidsufør så skal ein få oppretthalde ein livsstil som ligg tett opp mot den livsstilen ein ville hatt som yrkesaktiv. Dette til forskjell frå å være arbeidsledig der du får dagpengar basert på inntekta du har hatt, men om du ikkje klarer å finne deg ny jobb innan 1 eller 2 år så blir du flytta over på sosialhjelp fordi ein tenker at då er det sjølvforskylt at du til tross for å være arbeidsfør ikkje har klart å skaffe deg jobb. Når dette systemet fungerer så synes eg det er ei fin løysing, om ein alt har vært uheldig og fått dårleg helse så er det ikkje nødvendig å straffe vedkommande ein gong til ved at ein må leve i fattigdom. Det er likevel ei stor utfordring at det er ikkje alltid systemet fungerer (eller at det ser ut til å ikkje fungere). Eg trur nok at dei fleste er einige i at dersom du som yrkesaktiv blir lam etter ei bilulykke så bør du få såpass utbetalt at du ikkje treng å flytte vekk frå både bustad og sosialt nettverk i tillegg, problemet er når enkelte klarer å få like mykje i uføretrygd som ved å arbeide ved å lyge på seg ein usynleg sjukdom. Det er då folk blir forbanna og tenker at dei også kunne tenkt seg å ha fri heile dagen til full lønn. Av og til er trygdesvindelen reell og andre gongar er dette berre eit feilaktig inntrykk som folk får. At denne kvinna i tillegg har barn utgjer ei ekstra utfordring då disse barna har forventningar om å kunne ha omtrent lik levestandar som jamnaldrande som har foreldre som ikkje har blitt uføre, det er heller ikkje rett at hennar ungdommar må klare seg til dømes utan mobiltelefon berre fordi mora er ufør. For er det ikkje mora sin skuld at ho er ufør så er det i alle fall ikkje barna sin skuld at dei har ei mor som er ufør. Det store spørsmålet er derfor kvar vi ønsker at nivået skal ligge. Det er kjempeenkelt å sikre at alle uføre og arbeidsledige verken frys i hjel eller svelt i hjel, men det er noko anna å opprettholde ein viss livsstandard.
- 221 svar
-
- 1
-
-
Google Maps: Nå ser man også «Amerikagolfen»
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Dette er ein halvseier for Trump så lenge det står "Gulf of Mexico (Gulf of America)", for då er amerikagolfen i beste fall eit sekundærnamn. Det sagt så irriterer det meg litt at Amerikagolfen gir litt meining sidan den ligg mellom nordamerika, mellomamerika og søramerika. -
For å utbrodere så har planlagt overtid blitt eit begrep som mange bruker. Arbeidsmiljølova krever berre at det må foreligge eit særleg og tidsavgrensa behov for overtidsarbeid. Vilkåret om at behovet er tidsavgrensa er oppfylt, det er tross alt ikkje vanleg med veldig mange personalmøter i løpet av eit år, det er likevel litt meir usikkert om det føreligg eit særleg behov. I praksis vil det å planlegge for overtidsarbeid ofte være brot på vilkåret om at det er et "særleg behov" for arbeidet. For å avgjere om det føreligg eit særleg behov for overtidsarbeidet så krev AML at dette skal drøftast med dei tillitsvalgte. Det er eit vilkår om at det berre er eit krav om drøfting dersom det er mogleg, men for eit planlagt møte så vil det alltid være mogleg å drøfte spørsmålet. Det er noko anna når det plutseleg og uplanlagt dukker opp 2 timar med hastearbeid heilt på slutten av dagen. TS har ikkje stadfesta kva arbeidstidsordning som er på arbeidsplassen, men det at det jobbes 37,5 timers veke på fastlønn indikerer at dette er dagtidsarbeid. Sidan arbeidstida er 37,5 timer så indikerer det at bedrifta enten har eller støtter seg til tariffavtalane, og då er maksimal arbeidstid per veke ved skiftarbeid 33,6, 35,5 eller 36,5 timar alt etter skiftordning. Ved vanleg kontorarbeidstid der alle dei tilsette er på jobb mellom kl. 08 og 16 måndag til fredag så vil det være vanskeleg å hevde at det var særleg behov for å legge personalmøtet utanfor ordinær arbeidstid. Møteaktivitet vil ein normalt forvente skal foregå i arbeidstida. Hadde det vært snakk om skiftarbeid, så hadde det vært noko anna for då vil det ofte være nødvendig å for delar av dei tilsette å jobbe overtid sidan møtet ikkje kan leggast til eit tidspunkt der alle er på jobb.
- 17 svar
-
- 1
-