
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 810 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Hva mener dere er de mest undervurderte utdanningene?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Utdanning
Det spørs litt kva du legg i undervurdert. Både sosiolog og musikkterapeut er undervurdert i den forstandstand at dei fleste ikkje veit kva kompetanse som ligg i disse utdanningane, men eg er ikkje einig i at dette er undervurderte utdanningar om du tenker på undervurdert som i utdanningar der det er enklare enn folk trur å få seg jobb. Musikkterapeutar kan bidra med nyttig kompetanse, men det er ganske langt mellom kvar gong eg ser stillingsutlysingar som spesifikt etterspør denne kompetansen. Etter mitt syn så er dei mest undervurderte utdanningane alle dei vanlege og litt kjedelige utdanningane som gir jobbar som det alltid er behov for sjølv om yrket ikkje gir særleg høg status. Fagbrev er nemt, kanskje særleg innafor bygg og anlegg, helse og omsorg, samt salg og service vil det alltid være behov for for fleire fagfolk. Lønnsnivået er eignetleg ganske bra og i mange jobbar er det i tillegg gode moglegheiter for å skaffe seg meir inntekt ved å jobbe overtid, ekstravakter eller rett og slett ein deltidsjobb. Eg er heilt einig i at innovasjon og entreprenørskap både er og blir ein viktig kompetanse, men eg er noko meir usikker på om utdanninga i seg sjølv er undervurdert. Dei fleste entrepenørar og innovasjonørar er tross alt sjølvlærte og har kanskje vel så mykje nytte av at dei har ei anna utdanning eller erfaring å lene seg på enn at dei har formalisert utdanning i entrepenørskap. Innanfor innovasjon så meiner eg at ein sjølvlært entrepenør har ganske like føresetnadar for å få ein god idé som ein som har tatt utdanning i faget. I tillegg så finnes det ein del yrker/utdanningar som har viktige funksjonar men som er såpass få at ein ofte ikkje tenker over dei. Den aller mest kjente gruppa her er vel heisreperatørane som er veldig få men som har fått mykje oppmerksomheit fordi dei tek seg godt betalt.- 21 svar
-
- 1
-
-
Kva akkurat du bør gjere eller ikkje gjere blir svært indivituelt, og vil også være avhengig av ein del ytre omstendigheiter. For å ta det kjedelege og praktiske fyrst: Korleis ligg du ann karakter og poengmessig? Ligg du såpass bra ann at du reknar med å også få studieplass på UiO til neste år om poenggrensa skulle gå litt opp? Om du er i faresonen så vil eg oppfordre deg til å søke med ein gong fordi det kan kreve fleire forsøk før du får studieplass. Dersom du både vil sikre deg studieplass og gjere noko anna enn å studere så må eg sjølvsagt nemne at dersom du får studieplass og deretter avtener verneplikt eller liknande så kan du halde på studieplassen i 2 år utan å måtte søke på nytt. Personleg så meiner eg at at dersom du tek deg eit friår så bør du ha ein slags plan for kva du vil gjere i friåret. Om du vil reise så bør du bestille reise og dra, og vil du jobbe så må du søke jobbar og jobbe (eller ein kombinasjon). Eg trur at det er lite lurt å ta eit år der du berre driver dank, dette vil både blir eit hol i CVen og det kan føre til at du får litt dårlege rutiner slik at det er vanskelegare å kome deg tilbake i "jobbmodus" med å stå opp tidleg om morgonane og jobbe fokusert heile dagen. Grensa med å ta eit friår som ein ferie som gjer at du kjem sterkare og meir fokusert tilbake til studiar og jobb, og ei friår der du berre blir ufokusert og får vanskar med å finne tilbake til ein god studiestruktur kan nok være tynn og veldig personavhengig. Det burde ikkje være eit problem at du blir ein sløving som ikkje klarer å sitte på studiebenken etter å ha fått smaken på det frie livet utan forpliktingar, men for enkelte kan det blir slik, særleg dersom ein ikkje har ein plan for friåret. Andre ting du bør vurdere er korleis du vekter ditt behov for å raskt kome ut i arbeidslivet og få skikkeleg inntekt, bustad og liknande, opp mot om du treng å ta deg eit friår for å pleie din eigen psykiske helse. Enkelte klarer berre å sjå på kor mange kroner dei har tapt ved å blir eit år forsinka ut i arbeidslivet medan andre er flinkare til å sjå stort på det. Etter fullført juss-utdanning så vil du mest truleg uansett få ein såpass godt betalt jobb at det ikkje burde være kritisk at du mister eit år med inntekt og pensjonsoppsparing. Tl;dr Du må nesten finne ut kva som er rett for deg. Mitt råd er at dersom du tek eit friår så må du ha meir enn ein laus plan for kva du ynskjer å bruke dette året til.
-
Dette er i praksis lønnstrekk, det er berre lov i enkelte unntaksbestemmelsar. Eit av unntaka er når det er skriftleg avtalt med arbeidstakaren. Denne bestemmelsen om pålegg av avspassering av 37,5 time vil antagelegvis ikkje halde seg rettsleg då ein høgsterettsdom frå 2021 slo fast at ein generell avtale om lønnstrekk i arbeidsavtalen ikkje var gyldig, avtale om lønnstrekk må inngåast for kvart enkelte tilfelle. Det sagt så er detaljane i denne avtalen heilt avgjerande for kva som er rett tolking. Slik du legg fram avtalen om avspassering så høyres det ikkje ut som at det er eksplisitt avtalt at arbeidstakar kan redusere arbeidstida med ei veke utan at denne arbeidstida på førehand er innarbeida, men den eksakte ordlyden kan opne for andre tolkingar. Uansett så vil den generelle arbeidsavtalen på at ho har rett (og plikt) til å jobbe i full stilling bety at bruk av fleksibel arbeidstid ikkje kan brukast til å redusere årsverket frå 47 til 46 veker. Den totale arbeidstida på dette året må uansett bli 47 veker. Det einaste arbeidsgjevar kan gjere er å justere når arbeidet blir utført. I bedrifter som har litt sesongbaserte svingningar i arbeidsmengde utan at det er så store svingningar at det er snakk om sesongarbeid så vil ei typisk løysing være at ein har sommar-/vintertid der ein t.d. jobbar nokre minutt kortare det halvåret det er lite aktivitet og at arbeidsdagen er tilsvarande mange minutt lengre den tida det er høg aktivitet. I praksis så er dette i beste fall ulovleg permittering, og i verste fall er det lønnstjuveri. Ulovleg permisjon gir grunnlag for erstatningssøksmål og lønnstjuveri vil i tillegg gi grunnlag for at arbeidsgivar blir straffa med bøter eller to års fengsel for vanleg lønnstjuveri og seks års fengsel for grovt lønnstjuveri (som det fort kan bli aktuelt om dette er systematisk og gjeld så mange tilsette at det blir store summar). Så vil eg kommentere litt utanom jussen. Før ho står så sterkt på krava at ho blir permittert (og får berre 62,5% av lønna som dagpengar frå NAV etter arbeidsgivarperioden) eller kanskje blir nedbemanna og mister jobben, så bør ho vurdere kost nytte. Det kan sikkert være gode grunnar for at ein for å ha god jobbsikkerheit kan gå med på å få litt mindre i lønn no i januar/februar for så å få tilsvarande meir betalt til sommaren, men eg synes at dette er ei litt dårleg løysing. Om det er varierande arbeidsmengde gjennom året så ville eg heller prøvd å få på plass ein avtale der ein har kortare ordinær arbeidstid i periodar med lite å gjere og at ein jobbar litt lengre når det er mykje å gjere, men at dette arbeidet blir gjennomsnittsberekna slik at arbeidet totalt sett uansett blir eit fullt årsverk, og ikkje minst at den tilsette får den same summen utbetalt kvar månad uavhengig av antall arbeida timar. Dette fordi at ei forutsigbar inntekt som ikkje varierer er viktig for mange tilsette sin privatøkonomi. Og kan ikkje bedrifta tole å betale ut full lønn no når det er lite arbeid og få dette igjen ved at den tilsette jobbar litt meir om sommaren, ja då er økonomien så dårleg at ho bør finne seg ny jobb. Ein anna fordel med å sette opp ein plan for antall arbeidstimar for kvar måned er at dette gjer det også enkelt å forstå kva som er innarbeiding av arbeidstid som ein avspasserer seinare, og kva som er overtidsbetling der det etter arbeidsmiljøloven må utbetalast overtidstillegg. Det finnes også bedrifter der dei tilsette går med på lønnsreduksjon for å hjelpe arbeidsplassen gjennom ei nedgangsperiode der det kan være viktigare å sikre at alle tilsette har ein jobb i staden for å at nokon av kollegaene må miste jobben.
- 8 svar
-
- 1
-
-
EU kontroll og service samtidig - hva gjøre først?
The Avatar svarte på Halloiluka sitt emne i Bil og motor
Det enklaste og beste er å ta begge delar samtidig på same verksted, då vil mekanikaren sjølv ta ting i fornuftig rekkefølgje for å kontrollere, dokumentere og eventuelt utbedre etterkvart som kontroll og service blir gjennomført. Om du absolutt skal ta kontrollane på ulike tidspunkt så tenker eg at det kjem litt ann på kor god stand bilen er i. Om du er usikker på om bilen i blir godkjent så kan det være hensiktsmessig å ta EU kontroll fyrst og deretter vurdere om det er hensiktmessig å ta service og reperasjon for å få bilen godkjent eller om det bli ein tur til bilopphøggaren. Om du uansett skal bruke bilen ei stund til så kan det være mest fornuftig å ta service og eventuelt reparasjon fyrst slik at du forhåpentlegvis får bilen godkjent på fyrste forsøk og slepp å kome tilbake etter å ha utbetra eventuelle manglar. -
Gammal tråd, men det er ein markant forskjell på kva som er formålet med matinga. Om matinga består av ein liten snacks for at fuglane skal kome og helse på men utan at du mater nok til at det erstattar anna mat så kan du gi dei det fuglane vil ha utan å tenke så veldig mykje på kva du mater dei med. Det er enkelte ting som fuglar absolutt ikkje skal ha som sjokolade og frø som er i frukt (fordi dei kan inneholde små mengder cyanid som fort kan nå skadeleg mengde ettersom fuglen har så låg kroppsvekt). Fuglane bør ikkje ha mykje fett, sukker og liknande som menneskemat ofte har mykje av, men det vil stort sett være uproblematisk om det er berre ein liten bit av f.eks. pølse eller ost. Tilsvarande rådet om hunde og kattefor, det går heilt fint i små mengder, men dersom ein skal mate fuglane fast og som nesten einaste matkjelde så må ein være særleg oppmerksom på at type fett, proteininnhold, aminosyrer, osv kan gjere fuglane sjuke over tid. Det er litt som å fore katten med hundemat, det går fint av og til men ettersom katten har ein del stoff som katten må få gjennom maten som ikkje hundar treng så vil katten få mangelsjukdommar og til slutt døy om katten får feil for over lang tid.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Dette med levekostnadar opp mot lønnsnivå er ein konsekvens av at vi i Norge har relativt flat fordeling av rikdommen. Det som ein utan jobb må ha for å kunne leve i Norge kjem fort veldig nært det ein som er yrkesaktiv må ha for å leve. Utfordringa med BSU ordninga er at det er for lite for seint. Stadig færre unge rekk å ha lang nok yrkeskarriere til å fylle BSU kontoen og samtidig få fult utbytte av skattefordelen. Skal ein spare på BSU utan å få skattefordelen (fordi ein ikkje skatter) så er forskjellen liten mellom å spare i BSU og anna sparing. Skal BSU-en faktisk fungere for at unge skal klare å spare opp nødvendig eigenkapital til å kome seg inn på bustadmarkedet så må BSU-ordninga utvidas betrakteleg, kanskje fyrst og fremst ved å auke maksalderen, men også makssummen som i dag ikkje hjelp så veldig mykje når ein skal kjøpe bustad.
-
Ikkje heilt irrelevant nei: Same paragraf gjeld også for grov kroppskrenking. Likevel så vil det være ei grense i tid, og det spørs nok i denne saka at sjølv om SIAN folket fyrst kom med ei særleg provoserande ytring så er det begrensa kor lenge ein kan være sint og voldeleg før ein må påstå at ho burde latt sinnet gå over og tenke meir klart over kva det var ho gjorde. Er litt forskjell på smekke til nokon som akkurat sa noko provoserande til deg, og det å følge etter personen over ei lengre periode.
- 916 svar
-
- 1
-
-
Merk at også oppseiing i prøvetida må være sakleg. Forskjellen mellom oppseiing frå fast stilling og oppseiing frå prøvetid er at under prøvetida så kan arbeidsgivar også dra fram tilpasning til arbeidet, faglege dyktigheit og påliteligheit som kriterier. Dei to fyrste alternativa vil mest truleg ikkje være saklege. Det er ikkje din tilpassing til arbeidet som har vært problemet, og det er sikkert ikkje så lett å påstå at du ikkje har den faglege dyktigheita som skal til. Då gjenstår det berre siste delen som arbeidsgivar eventuelt kan prøve å bruke for å seie deg opp i prøvetida, men også påstand om manglande pålitelegheit kan være vanskeleg å bruke som oppseiingsgrunn. Dersom arbeidsgivar vil prøve å seie deg opp i prøvetida så vil nok det være med argumentasjon om at feilen du gjorde på på sikkerheitsklareringsskjema to demonstrerer at du ikkje har tilstrekkeleg pålitelegheit og at du derfor kan seiast opp. Ditt forsvar ved ei slik grunngjeving er då både at du nærmast vart pressa til å fylle ut skjemaet på nytt og at opplysningane du gav i intervju og det fyrste skjemaet tross alt stemmer. I tillegg kan det være at arbeidsgivar mister moglegheita til å påstå at ein utfyllingsfeil i skjema nummer 2 betyr at du ikkje er påliteleg om arbeidsgjevar ventar heilt til slutten av prøvetida. Om det var eit så stort problem å stole på deg i desember at det var sakleg å seie deg opp på det grunnlaget så er det vanskeleg å forsvare kvifor dei då ventar til slutten av prøvetida før dei gjer noko med saka. Grunnen til at det er 14 dagars oppseiingstid i prøvetida er jo fordi begge partar skal ha moglegheit til avslutte arbeidsforholdet relativt raskt.
- 60 svar
-
- 1
-
-
At ein vil tene pengar er sikkert også eit mål, men så lenge studentsamskipnaden heller ikkje tilbyr hotellovernatting der gjesten kan betale seg inn på så er nok ikkje dette den viktigaste grunnen i dette tilfellet.
-
Det spørs. Det fyrste spørsmålet er sjølvsagt om det blir påstått at du har ei særleg uavhengig stilling eller om stillinga er særskilt leiande? Sidan du har arbeidsavtale på at stillinga skal være begge delar så gir det deg i utgangspunktet friheit til å både sjølv bestemme om du trengte å jobbe, og dersom du finner ut at du treng å jobbe så skal du ha fullmaktene til å tilsette nokon andre til å gjere jobben. Sidan arbeidsavtalen er ulovleg så kan du enten kreve overtidsbetalt eller du kan nekte å utføre den delen av jobben som går utover ordinær arbeidstid (for ein som ikkje har særskilt leiande stilling). Realistisk sett så er det ikkje verdt arbeidet å kreve betalinga, då står du igjen med enklaste løysinga som er å ikkje gjere meir enn du rettsleg sett er forplikta til som vanleg tilsett utan særskilt leiande stilling, som igjen betyr at det er arbeidsgivar som må seie deg opp. Blir du oppdagt så må du på nytt vurdere om det er hensiktsmessig å reisen søksmål. Du jobbar no i ein bransje som et notoriske for låg emne til å følge lov og avtaleverk, så det blir også eit spørsmål om kva du giddet å bruke energi på. Denne bransjen er også notorisk for å til stadigheit gå konkurs, så det er ikkje gitt at det er pengar å hente sjølv om du har rett på betaling for alt arbeidet du utfører.
- 8 svar
-
- 2
-
-
Litt forenkla så kan ein ikkje bli dømt til meir enn 21 års fengsel i den same (retts)saka, men ein kan bli dømt til 21 år fleire gongar. Ein gjerningsperson som har rana, voldtatt og drept ein person og blir tiltalt for drap vil under dette systemet tene på å legge alle korta på bordet og få maks 21 år. Ettersom voldtekt ikkje blir forelda så kan ein drapsmann risikere å seinare bli tiltalt for voldtekt utan at det blir dobbeltstraff sidan voldtekta ikkje var ein del av den opprinnelege dommen. Fordelen med dette systemet er at det gir fleire oppklarte saker ettersom det er ein "fordel" for lovbrytaren at alle lovbrota blir tatt opp i rettssaka, men ulempen er at ein lovbrytar som fyrst har gjort så mykje gale at ein må rekne med å få 21 år så vil ikkje nokre lovbrot til utgjete nokon forskjell. Det sagt så er sjølvsagt forvaringsdom alltid ei moglegheit. Ved forvaring så skal ein normalt ikkje dømmast til meir enn 15 år som minstestraff, men ein kan potensielt haldast innelåst livet ut. Den forvaringsdømte har likevel rett til å få vurdert forvaringsdommen kvart 5 år, så ein som blir dømt til forvaring kan i teorien sleppe ut lenge før om ein klarer å sannsynleggjere at ein ikkje lenger utgjer ei fare for samfunnet.
- 987 svar
-
- 1
-
-
Premisset om å rekne det om deg årslønn blir uansett feil. Skal ein samanlikne dette ei årslønn så må ein vel rekme det som lønn for 8 timar og overtidsbetaling for dei neste 16 timane, samt sjølvsagt overtidsbetalt for å "jobbe" kvar helg og i alle feriar. Så om erstatninga er lønn så er det vel lønn for tre fulltidsjobbar på kvardagar, samt kor en stor stilling det utgjer å jobbe 48 timars skift kvar einaste helg. Eg hadde heller ikkje jobba så mykje for så lite betaling.
- 987 svar
-
- 1
-
-
Dette. Ein hjertesjekk kan være alt frå å sjekke blodtrykket til å opne brystkassa for å sjekke hjertet reint fysisk i ein obduksjon. Alder og livssituasjon vil også påverke kva som blir vurdert som nødvendig.
-
Konsekvensen av din tolkning et at derson dykk blir einige om at begge flytter ut samtidig, men ho forlet bustaden 4 timar før deg så kan ho sende krav om husleige for 1/6 av dagen. For at du skal ha eit gyldig krav så må du kunne vise til at kravet kan heimlast i lov eller avtale. Om du flyttar ut og einsidig krev husleige så må du ikkje bli overraska om ho i beste fall nekter å betale, eller kanskje ho finner utgifter å legge på deg som å starte med oppussing utan deg for å heve at denne delen av salsverdien blir holdt utafor eigarbrøken, eller at ho krev at du må betale for din halvdel av arbeidet som ho gjennomfører som eigeninnsats. Dette vil sjølvsagt være tulle-krav men det er ikkje større tulle-krav enn ditt einsidige krav om husleige.
-
Det er openbart ikkje dette som er alternativet. Alternativet er mellom å flytte eller å sitte med gjeld oppover øyrene med litt betre isolert leilegheit. (Eller sjølvsagt å stoppe vedtaket).
- 68 svar
-
- 1
-
-
Trenden har snudd: flere piratkopierer igjen
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Det er ulike grunnar til å beholde ein lokal versjon. Den viktigaste er at også på nedlastingssider så har du ingen garanti for at filmen også er tilgjengeleg om nokre år. Det er også slik at versjonane som ligg på strøymetenestane kan være ulik frå orginalversjonen. Typiske eksempel er at scener som ein i dag reknar som rasistiske kan være klipt ut, eller at ein har tatt filmen gjennom eit automatisert prosess for å bli merka "remastered". Slike remastered versjonar har typisk fått høgare oppløysing men på bekostning av bildekvalitet, lysbalanse, osv. Til dømes et det i dag vanskeleg å finne dei opprinnelege Star Wars filmane, versjonen som ligg digitalt tilgjengeleg er stort sett remaster versjonen som har fått digitale effektar samt nokre endringar av enkelte scener. -
Fordi tiltale for drapsforsøk krever at det kan bevisast at den sikta også hadde til hensikt å drepe, og det er eit strafferettsleg kriterie som veg like tungt som utfallet av den fysiske handlinga. For kan det ikkje bevisast at ho hadde til hensikt å drepe og at ho trudde handlingane var eigna til å drepe, så må ho frifinnast (frå den tiltalen), då er det mykje lettare å bevise at ho både hadde til hensikt og måtte forstå at dei i bilen ville kome til skade. Ved å ta ut tiltale på grov kroppsskade så er det mykje meir sannsynleg at ho endet opp med å bli dømt for det ho er tiltalt for, og at ho ikkje blir frikjent.
- 916 svar
-
- 3
-
-
Som igjen viser at tiltalen for grov kroppsskade er meir korrekt enn drapsforsøk.
- 916 svar
-
- 4
-
-
-
Trenden har snudd: flere piratkopierer igjen
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Kva folk forventar er nok veldig ulikt. Det er heilt sikkert ein del som forventar at underholdning skal være gratis, og som skyr alle betalingstenester om dei finn gratis (ulovlege) alternativ. Men for dei aller fleste så er det nok fyrst og fremst ei forventning om at ein burde få betale for berre det ein vil sjå og at ein bør få sleppe å betale for ting som ein ikkje brukar. For strøymetenestane så var dette det viktigaste argumentet for å få folk vekk frå kabel-TV, for kvifor skulle kundane være bundne av store kanalpakkar der den som ville ha sportsapakken også måtte kjøpe tilgang til alle barnekanalane. Personleg er eg usikker på kva som er den optimale løysinga. Eg trur eg heller til at akkurat når det gjeld TV og film så hadde kanskje det beste vært ei løysing med mikrotransaksjonar slik at ein betalar ein liten sum for å få tilgang til ei episode, ein sesong eller heile serien. Fordelen med eit slikt system er at då vil ein heilt bokstaveleg stemme med lommeboka. Elskar ein Game of Thrones på HBO men hatar Succession så vil ein veldig enkelt demonstrere dette ved å kunne betale for den eine serien. I dag må du strengt tatt betale for tilgang til begge seriane, og det er berre sjåartala som indikerer kor godt likt serien er. Og strengt tattvil ein ikkje kunne lese ut av statistikken om sjåarane faktisk liker serien eller om serien berre blir satt på i mangel av noko anna å ha på TV-skjermen medan ein sitt og trykker på mobiltelefonen. Det som eg trur er ulempen dersom det blir mikrotransaksjonar er at eg mistenker at enkeltprisen for dei mest populære programma fort blir ganske høg, slik at dersom ein er interessert i fleire seriar samtidig så kan ein kanskje fort ende opp der ein uansett betalar det same som det i dag kostar å abonnere på 4-5 straumetenester, og blir det så dyrt så forsvinn litt av poenget. I ein drøymeverden så vil eg aller helst ha berre ei teneste der eg har ein profil og at denne profilen hjelper meg å halde kontroll på kva serier eg har sett, og kor langt eg har komt i serien. Det som er mest plagsomt med å måtte hoppe mellom straumetenestane fordi ikkje alle sesongane ligg på same tenesta er at eg fort mister oversikta over kva eg har sett. Og har du fyrst gløymt kor langt du var komt i ein serie så er det ofte svært tungt å skulle prøve å finne fram til kva sesong og episode som var den siste du hadde sett. -
Det er stor forskjell på om det er intelligensen som synker eller om det er målingane av IQ? Det at ein scorer lågare på IQ-testar kan ha mange årsaker, kanskje den viktigaste er om ein har opplæring i å tenke etter den same logikken som ligg bak IQ-testen. Det er ikkje utenkeleg at dagens generasjon har lite trening i å løyse abstrakte mønstergjenkjennelsesoppgåver og dermed får ein dårlegare score, men det treng sjølvsagt ikkje å bety at dei ikkje har høg IQ. Det har lenge vært kjent at IQ testane gir ein stor fordel til testsubjekt som har gjennomført vestleg skulegang, medan dei som ikkje har fått trening i slik oppgåveløysing har ein ulempe. Det er også ein relativt smal sak å pugge seg til ein høgare IQ score ved å øve på å ta slike testar, det i seg sjølv er også eit beivs på at IQ-testen testar noko heilt anna enn ein universal vurdering av hjernekapasitet. IQ-testane som blir brukt i dag er godt og vel 120 år gamle, ein kan nok trygt seie at verdenen vår har endra seg mykje på denne tida. Så til dømes emnen til å huske rekkefølga av komplekse talrekker er kanskje langt mindre viktig i dag enn emnen til å huske komplekse figurar i dag, men om testen fokuserer mest på talrekker så vil sjølvsagt dei som er smarte i dagens samfunn teste dårlegare på testen som sjekker etter kva som var høg IQ på 1920-talet.
- 67 svar
-
- 1
-
-
Dette. Å få på plass ei forpliktande avtale om tilbakebetaling burde være den minste barrieren, eit mykje større spørsmål om vedkommande/firmaet er villige til å halde avtalen om 2 år er jo om det er nokon som er i stand til å betale. Og som Herr Brun skriv, kva er "american law"? Ikkje berre varierer lovgivninga mellom dei ulike statane, men strengt tatt er vel også Canada og Boliva land i Amerika. Kort oppsumert så kan du ikkje rekne med at denne 50% av investeringa di er trygg. Går investeringa galt så vil du tape alt. Så om ein slik garantiavtale er viktig for deg så må du kreve at det blir stilt akseptabel sikkerheit for pengane dine, og det er ofte svært vanskeleg for eit firma som prøver å etablere seg sidan dei typisk ikkje har eigendelar å snakke om. Er det mogleg å halde kontaktpersonen din personleg ansvarleg slik at du kan kreve pengane av han/ho om det går galt? Og då igjen, bur vedkommande i eit land der du kan være i stand til rettsleg kreve din rett? Og har vedkommande inntekt/formue slik at det finnes pengar å ta av? Ulike land har ulike ordningar for å gå personleg konkurs, så enkelte stadar kan det å erklære seg sjølv konkurs være ein letvint måte å unngå pengekrav på.
- 21 svar
-
- 3
-
-
-
-
Sant nok, men det er reint fysisk vanskeleg å drepe ved at to køyretøy i same fartsretning kjem i kontakt med kvarandre, eller ved å presse det andre køyretøyet ut i ei flat grøft. Hadde samanstøtet vært front mot front, eller bilen vart forsøkt pressa inn i motgåande trafikk eller solide objekt langs vegen så hadde skadepotensialet vært så openbart at ein kunne forsøkt å føre bevis for at ho hadde til hensikt å drepe. Men slik saka står no så er det ikkje gitt at ein klarar å overbevise retten om at ho er skuldig i drapsforsøk, men det er nok rimeleg klart at det kan bevisast utover rimeleg tvil at ho hadde til hensikt å skade personane i den andre bilen.
- 916 svar
-
- 1
-
-
Reint objektivt så er det grunnlag for å ta frå deg autorisasjonen på bakgrunn av feil i det nye skjemaet du fyllte ut. Det er sjølvsagt både ein idiotisk feil og det var noko du i utgangspunktet ikkje skulle blitt pressa til å fylle ut på nytt. Men reint objektivt sett så har du levert eit skjema med manglande informasjon til tross for at du har på same skjema erklært at du har oppgitt det som er relevant. Samtidig så er du ikkje oppsagt, at du har blitt forespeila å sjå etter ny jobb gir ikkje grunnlag for å hevde usakleg oppseiing. Strengt tatt var det nok meint som eit godt råd, både fordi det er enklare for arbeidsgivaren som ikkje har eit godt grunnlag for å seie deg opp, samtidig som dei ikkje har fornuftige oppgåver til deg sjølv om du står på lønningslista. For din del vil det også være ein fordel å finne ein ny jobb, for sannsynlegheita for at du får gjort karriere i dette firmaet er liten. I verste fall blir du plassert på eit kontor utan fornuftige oppgåver slik at du etterkvart også blir fagleg utdatert og dermed vil få enda større vanskar med å finne ny jobb. Slik som du legg fram saka så ser det ikkje ut til å være så mykje som ein advokat kan peike på som urettmessig, eg trur derfor du har lite å hente på å hyre inn advokat i denne saka. Er du fagorganisert, eller har advokatbistand gjennom forsikringsavtale slik at du ikkje sjølv treng å betale rekninga så blir deg noko anna. Men om du skal betale advokaten sjølv så kan eg aldri sjå for meg at det vil lønne seg for deg. Særleg når saka di både er komplisert og uklar. Signal om at du burde finne deg ein anna jobb er langt frå det same som ei oppseiing.
-
Ja det er nok liten sjanse for å få jobb utan å søke, men vil også nemne at det kan vere eit alternativ å annonsere seg sjølv som tilgjengeleg. Dette gjer ein lettast gjennom tenester som LinkedIn der både potensielle arbeidsgivarar og rekrutterar kan finne deg, men realistisk sett vil dette være vanskeleg utan at ein har veldig attraktiv bakgrunn. Ein bør nok også jobbe ganske aktivt med å være synleg i sitt fagmiljø.
-
Vennskap og menneskerettighet? Fjotolf Brevik. rettssak.
The Avatar svarte på plankeby sitt emne i Juss
Sjølv om han har ei heil avdeling nesten for seg sjølv så har han sjølvsagt lite friheit til benytte seg av tilboda, han får sjølvsagt ikkje sjølv bestemme når han går til treningscella og når han vil gå til kjøkkenet. Spør du meg personleg så synes eg at Staten har funnet ei flott balanse, der Breivik sjølv opplever at han blir psykisk torturert, men samtidig har han akkurat nok fasilitetar og tilbod til at Staten heilt sikkert ikkje kjem til å bli dømt til å gi han meir friheit og tilbod. Eg synes også at det er heilt greitt at han ikkje vart skutt (slik som han sjølv hadde forventa og førebudd seg til), det er klart det hadde vært mykje billegare om han hadde blitt skutt men samtidig så trur eg nok at hans utsikter til å no måtte sone ein reell livstidsdom i form av forvaring oppleves som ei langt verre straff enn om han hadde fått den enkle utvegen. Eg trur også at det kan være litt avskrekkande for potensielt framtidige terroristar at ein må rekne med å bli tvungen til å leve med konsekvensane av handlinga si og at det å bedrive terror ikkje er ei lettvint løysing for suicidale.. Mitt einaste ankepunkt mot arrestasjonen er at eg synes politiet godt kunne skutt han bitte litt i ei arm eller ein fot, men elles så trur eg at det er til det beste at han fikk leve lenge nok til å motta straffa si. Sidan han blir sittande innelåst til han døyr av alderdom så håper eg at han held seg frisk og kan leve innelåst veldig lenge.- 18 svar
-
- 2
-