Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 090
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det du trenger er dokumentasjon på eksakt kva du har betalt for internett. Dette skal normalt være faktura frå internettleverandøren som står i ditt namn. Den typiske problemstillinga er at mange har TV og Internett på same faktura, dersom kostnaden for internett ikkje er presisert så må ein ha stadfesting frå leverandøren på kor mykje av fakturaen som gjeld internett. Kor vanleg det er å få stadfesting på lor mykje av fellesutgiftene som er for internett skal eg ikkje gjette på, men det burde være ein smal sak for burettslaget gi deg stadfesting på. Det er tross alt berre burettslagets internettkostnad delt på talet på andelseigar som er med på å betale. Men også for burettslaget kan fakturaen fort være ein samlefaktura. Formålet med å kreve slik dokumemtasjon er både fordi det er eigne skattereglar for korleis du skal skattleggast for ekomtenester, men også for å sikre at det er nettopp du som har betalt rekninga. Om både du og sambuaren din får dekt internett gjennom arbeidsgiver så kan ikkje begge få refundert fullt beløp og på den måten få pengar for utgifter som du ikkje har hatt.
  2. Det er ikkje eigentleg ei hard grense, det er tyveri så fort ein med forsett skaffer seg uberettiga vinning eller forsøker å skaffe seg uberettiga vinning. Utfordringa ligg i kva ein kan bevise. Vektere har som nemt ein praksis på at det er tjuveri når du har forlatt siste betalingspunkt, men du kan også bli tatt i det du putter ei vare i lomma inne i butikken. Problemet er då berre at butikktjuven kan påstå at han/ho hadde til hensikt å betale ved utgangen og dermed unngå å bli tatt ved å betale for varen og gå. Eg tenker at det i begge tilfella er for tidleg å ta deg for tjuveri. Det er fyrst når du forlater kassa og er på veg ut med ubetalte varer at du kan takast for stjeling. I dei to eksempla så kan forklaringa være at du vil betale kvar bolle i to operasjonar sjølv om dei ligg i same pose. Til dømes at du vil betale kvar bolle på ulike kort. Kanskje er bolle nr 2 til din demente mor som du er ønonomisk verge for og derfor har hennar bankkort i tillegg til ditt eige. Eg tenker også at dersom kontrollen kjem mellom du har klikka "har du lagt til alle varer?" men før du har betalt, så vil det være for tidleg. Etter at du har klikka på at du har lagt til alle varer så har du ein siste sjans til å kryssjekke varelista mot varene du har i posen før du betalar. Det er ikkje berre varer som ikkje har blitt scanna inn som kan være feil, det kan også være varer som har blitt dobbeltscanna som du må be om bistand for å få korrigert før du betalar.
  3. Det er nesten enda viktigare enn vaske hendene at du er bevist på korleis du bruker hendene. Om du klarer å redusere kor mykje du tek deg sjølv i ansiktet så hjelp det mykje på. For det er stort sett då du kan stå i fare for å få virus som du har på fingrane i kontakt med dine slimhinner. Du treng ikkje å bli heilt paranoid, men greit å tenke på at det ikkje hjelp så veldig mykje med hanskar om du brukar den same hansken til å klø deg i auge, nase og munn.
  4. Om det ikkje er laktose frå melk eller gluten frå mjølet du reagerer på, då står vi vel eigentleg berre igjen med eggealergi som også kan gi diaré som eit av symptoma. Er dette noko som alltid skjer? For diaré kan sjølvsagt også skuldast matforgiftning på grunn av dårleg melk, at steikespaden er for dårleg vaska, og liknande. Et du veldig manger pannekaker når du fyrst lagar dette? Om du berre har ein intoleranse for f.eks. gluten så kan det være at du ikkje reagerer så sterkt på dei to grovskivene du et dagleg, men at du bikker over grensa dei dagane du lager pannekaker til middag og sett til livs 10 pannekaker av fint mjøl i staden for å ein middag med kjøtt/fisk og poteter.
  5. Nei, i alle fall ikkje formelt sett. Det kan berre stillast krav om sikkerheitsklarering i jobbar der krav til sikkerheitsklarering er nedfelt i lov eller forskrift. Ei oppseiing på slilt grunnlag vil då ikkje være sakleg. Om den offentlege stillinga krev sikkerheitsklarering så ville det blitt stilt krav om dette. I dei fleste stillingar vil ein uansett ikkje ha tilgang til så mykje anna informasjon enn den informasjonen som er tilgjengeleg andre stadar, så om ein skulle bli pressa av framande statar til drive spionasje så vil dei fleste ikkje kunne levere opplysningar som er av interesse.
  6. Stusser litt på dette. Reint språkleg så vil ein enten få beskjed om at vedkommande ikkje har smittsomme sjukdommar, eller så blir ein gjort oppmerksom på at vedkommande har smittsom sjukdom. Synes dette var ein rar formulering. Slik eg ser det så har to to muligheiter. Enten så ber du om å få slutte umiddelbart eller at du blir overført til anna jobb på bakgrunn av at du mottok uriktige opplysningar. Eller så fortsetter du i jobben og gjer det beste ut av det. Bruker du vanleg smittevernsutstyr så er du ganske trygg sjølv ved pågåande utbrudd. Smitten foregår ved hudkontakt mellomtiden slimhinner slik at risikoen for smitte er liten ved kontakt mellom slimhinne og vanleg hud, som til dømes om du tek på pasientens slimhinner utan hanskar. Det er ein grunn til at dei fleste får herpes av kyssing eller sex. Bruker du eingongshanskar og munnbind så skal det mykje til for å bli smitta, og enda mindre sannsynleg er det å bli smitta via gjenstandar. PS. Om grunnen at du ikkje fekk vite om herpesen var at det ikkje var kjent så bør du sjølvsagt rapportere funnet.
  7. Sjølv om det sikkert finnes mange som sjølvmedisinerer på grunn av slik bakgrunn. Men hovudtyngda av dei som bruker rusmiddel gjer det fordi dei liker å være rusa, når ein er rusa så blir "alt" litt betre uavhengig av om ein har eit alvorleg traume frå barndommen, eller om ein berre synes det er ekstra behageleg å sette seg ned i godstolen etter ein lang dag med litt berusande middel. Sjølv om nokon drikk alkohol fordi dei er kalde og svoltne eller for å få blackout for å gløyme, så brukar dei fleste alkohol fordi dei likar å være litt brisen og i tillegg liker smaken.
  8. Ser at frå 2021 så vart regelverket mjuka opp med tanke på oppussing. Før dette så måtte pengane brukast på kjøp av bustad, bygging av bustad, og nedbetaling av bustadlån. Ordlyden no er vel at du kan bruke BSU på å "koste på og vedlikehalde eigen bustad", så det bør nok være litt meir enn berre å male, men bytte av vindu og montere eldstad er nok innafor. Eg trur ikkje at du må dokumentere at arbeidet er utført av fagarbeidarar, men du må dokumentere at pengane er brukt på bustaden og ikkje til anna forbruk. Dette kan til dømes være innkjøp av vinduer og anna byggematerial, ulempen er at det då kan bli krevande å dokumentere at vidauga har blitt eller blir montert i bustaden din, og ikkje blir til dømes solgt vidare. Sånn sett er ofte det enklaste å berre betale med lånet med BSU pengane, og deretter auke bustadlånet igjen for å få fri kapital til oppussing og slikt, det gjer dokumentasjonen mykje enklare.
  9. Det er vel openbart? Når ein skal argumentere ei sak så er det i tre måtar å skaffe seg kunnskap om temaet på: personleg erfaring som brukar/pårørande/profesjonell, akademisk kunnskap på bakgrunn av studiar, og til slutt å diskutere utifrå korleis ein trur ting heng saman. Dei som bruker rusmiddel vil ha fyrstehandkunnskap om temaet og dermed også ei meining om temaet. Sånn sett er det mykje verre med dei som ikkje har personleg erfaring og som uttalar seg utelukkande på korleis ein sjølv trur ting heng saman.
  10. Det er ganske mange som ringer etter ambulanse for sjølv bagatellmessige ting, har til og med personleg sett nokon ringe AMK for å få paracetamol mot hodepine. Tilbakemeldinga snakkar om fleire henvendingar til AMK, så det skal ikkje så mykje til å forestille seg at operatøren vart irritert og sa upassande ting etter gjentatte oppringingar. Behovet for å avslutte beklaginga med å seie at det var rett å ikkje sende ambulanse viser at AMK beklager utelukkande for at trådstarter ikkje var møtt med empati og rettleiing, og at dette ikkje skal forståast som ei beklaging for fagleg vurdering.
  11. Eg anser meg som ganske liberal, men det skal svært mykje til for at det ikkje blir meir bruk ved legalisering. Dei som røyker i dag vil heilt sikker røyke like mykje etter ei legalisering. I tillegg har ein alle dei potensielle brukarane som i dag held seg til alkohol både fordi det er lovleg og fordi det er relativt god tilgjengelegheit utan å ha kontakter i miljøet. Mange av disse nye brukarane kjem nok ikkje til å fortsette å røyke sjølv om det er lov, men mange vil nok nytte sjansen til å prøve. Det som eg ser på som største utfordringa med legalisering er dersom også edibles blir kommersielt tilgjengeleg, det vil nok auke sjansen for at vi får fleire brukarar som held seg litt rusa heile dagen, og ikkje berre ruser seg som rekreasjon ein gong i blant.
  12. Negative konsekvenser er uungåeleg, nokon vil alltid overdrive, og dei ulempane vil nok gå over dei positive effektane. Slik er det jo med alkohol også, hadde alle hatt eit fornuftig forhold til alkohol så hadde det ikkje vært nødvendig med regulering. Eit anna problem er at dei positive sidene du nemner er i liten grad målbare. Det vil være nesten heilt umogleg å kunne vise til at det er hasjrøykinga som får folk til å møte på jobb og ha generelt høgare livskvalitet. Motargumentet blir alltid at disse fordelane oppstår til tross for røykinga, og at resultatet hadde blitt enda større ved forbod.
  13. Ja det blir det. Problemet med rus er at det ikkje berre er eit personleg anliggende, på eit eller anna tidspunkt blir det eit samfunnsproblem. (Det argumentet kan sjølvsagt også brukast om helseutgifter til alle som ikkje jogger to dagar i veka og får i seg sine fem grønsaker pr dag, men slike livsstilssjukdommar er det større politisk vilje til å betale for). Som du også nemner så vil kostnadane ved rusbruken delvis kunne kompanserast ved dei inntektene som ein kan ta inn i form av avgifter og skatt frå dei som kan jobbe med produksjon og salg av hasj. For dei som blir mest skadelidande og som dropper ut av arbeidslivet så vil rekneskapet aldri gå opp, men det er fortsatt betre at inntektene går til staten i staden for kriminelle nettverk. Det som verkeleg gjer rekneskapen vanskeleg er at skadevirkningane av hasj er kompliserte. For det fyrste er forskninga uklar, særleg i spørsmålet om ein har auka fare for psykiske problem om ein røykar hasj, eller om dei med psykiske problem oftare sjølvmedisinerer med hasj. Det betyr at det til sjuande og sist blir eit politisk spørsmål om kva politikarane trur er det rette svaret. Politisk sett er ytterpunkta så store at eg har vanskeleg for å sjå for meg at det kan bli einigheit om legalisering og regulering. Politikken består jo av eine ytterpunktet som meiner at alle som røyker hasj havnar på heroinkøyret, og på den andre sida dei som meiner at omsynet til fri vilje og retten til å bestemme over eigen kropp er eit så viktig prinsipp at fellesskapet berre må akseptere dei sosiale ulempene og kostnadane som uregulert narkotikabruk medfører.
  14. Det er mange ulike typer, ikkje alle får problem av røykinga. Dei som blir "pot heads" er nok i overkant synlege og gjenkjennelege. Men det er også mange som røyker som reint nytelsesmiddel ein gong i blant. Ein skal helst ikkje sette folk i bås, men det er ikkje berre folk som har droppa ut av skulen og blitt uføretrygda som røyker hasj, det er også ei stor gruppe av meir akademisk anlagte røykarar som ofte har høgt respekterte jobbar.
  15. Ikkje ueinig, men eg trur det er urealistisk å få politisk fleirtal for å legalisere rusmiddel av høg kvalitet. For å få politisk fleirtal må ein nok gå musestega ved å fyrst tillate lettøl før ein kan tørre å foreslå salg av sprit for å ta den samanlikninga. Akkurat for cannabis så er ikkje forurensa stoff så veldig stor problemstilling, men for ein del andre rusmiddel så trur eg nok det kan være eit market for å kjøpe legal narkotika av svak styrke av kjent kvalitet, framfor å kjøpe illegale rusmiddel av ukjent kvalitet. For å ta den litt enkle samanlikninga så er det i dag relativt lite heimebrent i omløp ettersom tilgangen på høgkvalitets polsprit har blitt så god. Dette til tross for at spriten på polet både er dyrare og svakare enn heimebrenten.
  16. Det som eg synes er litt problematisk er at sjølv om ein har innsynsrett i offentlege dokument, så er det som du er inne på nesten berre lokalavisene som har kapasitet til å sette seg inn i dokumenta. I seg sjølv er det positivt at media kan sette seg inn i saker og vidareformidle ein kortfatta versjon til innbyggarane, problemet er kanskje helst at også lokalavisene har blitt tabloide for å kunne selge aviser, og då har journalistikken ein tendens til å vinkle sakene på ein slik måte at ein får mest mogleg engasjement og ikkje nødvendigvis for å få fram eit balansert bilde av saka. På dette området så synes eg at offentlegheitslova er verken fugl eller fisk. Mykje av dokumenta som blir lagt ut ligg ikkje opent tilgjengeleg, det ein får er overskrifta og moglegheit til å be om innsyn. Dette gjer terskelen for å faltisk lese dokumentet blir langt høgare enn det burde være. På den andre sida så blir det lagt ut mykje på postlistene som ikkje hadde trengt å være offentleg som søkarlister, søknad om kommunal bustad, søknad om å bytte skule, og liknande saker som ikkje burde være av offentleg interesse. (Ikkje forstår eg heilt kvifor lokalavisene absolutt skal liste opp kven som er søkarar til ledige stillingar når dei verken følger opp med å offentleggjere kven som fekk jobben, og at ofte så er dei mest interessante søkarane uansett blitt unntatt offentlegheit. Det burde ikkje være så interessant å sjå ei liste over alle ukvalifiserte søkarane som heilt sikkert ikkje får jobben uansett).
  17. For Thailand sin del så starta vedtok dei i 2018 å gjere cannabis til eit legemiddel som ein kunne kjøpe med resept frå lege. Det er vel for så vidt ei legalisering, men det er legalisert til dømes morfin i Norge. Du får kjøpt det på apoteket om du har legeresept, men det er ikkje fritt tilgjengeleg. Fyrst i 2022 fekk dei legalisering, men då berre for såkalla industriell hamp med lavt innhald av THC. No rapporteres det at Thailand snur, og at cannabis igjen blir ulovleg frå 1 januar 2025. Riktignok blir det fortsatt lovleg til medisinsk bruk, samt at dei som dyrker til medisinsk bruk kan søke om løyve til å dyrke. Eg trur likevel at poenget står seg. Det vil være fint mogleg med ei legalisering utan at det går over styr, det er berre eit spørsmål om å finne dei rette reguleringane. Det går fint ann å legalisere utan at det blir fri flyt, det som nok er vanskeleg er å finne ut korleis ei regulering skal foregå. Ein kan gjere som med alkohol å innføre aldersgrense og tidsavgrensing for når ein får kjøpe, men ein kan også regulere med å berre tillate at ein til ei kvar tid berre kan besitte x gram, at det ikkje blir lov å røyke nokon anna stad enn tilrettelagte uteplassar, eller kanskje til og med ved å innføre kvoter på kor ofte og kor mykje ein går kjøpe. Her er eg heilt sikker på at ein kan finne reguleringar som treff ein passeleg balanse mellom å skjerme barn og unge og samtidig tillate at voksne kan røyke rekreasjonelt.
  18. Bankane har ikkje problem med crypto i seg sjølv, det dei har problem med er å sikre at dei ikkje blir delaktig i kvitvasking ettersom banken er lovpålagt å hindre dette. Problemet for deg som kunde er at det er tungvindt å skulle dokumentere at du berre har kjøpt krypto med pengar frå lovleg inntekt, du må dokumentere at pengane har gått via ein kryptobørs som rapporterer til Norge, og du må dokumentere at du skattar av formuen som du har i crypto. Dette er einaste måten norske bankar kan sikre at dei ikkje hjelper deg med kvitvasking av illegal inntekt eller bruker crypto for å skjule verdiar frå norske skattemyndigheter.
  19. Eg kan sjå begge sider av saka. Å være ruspåvirka er ein skala. Promillegrensa på 0,2 er i praksis ei null-grense med ein liten sikkerheitsmargin, sjølv med den gamle grensa på 0,5 så er ein ikkje å rekna som rusa på alkohol, men ein er alkoholpåvirka. Sånn sett gir det meining at små spor av THC blir vurdert likt som med små spor av alkohol. Når det gjeld dette med at ein mister sertifikatet på bakgrunn av manglande edruelegheit sjølv om ein ikkje er rusa, så er eg heilt einig i at det virker inkonsekvent. Det er greit nok at førarkort er eit gode og ikkje ei rettigheit, men om ein skal straffe dei som bryt samfunnets normer ved å bruke ulovlege rusmiddel så burde ein også behandle andre lovbrytarar på same måten. Kvifor skal ikkje ein som innimellom røyker cannabis få ha førarkort på grunn av manglande edruelegheit og vandel, medan ein som har undratt seg skatt eller er dømt for vold skal få fortsette å køyre bil? Aggressive bilførarar kan potensielt utgjer ei vel så stor fare som bilførarar som innimellom ruser seg. Når ein tek førarkortet frå dei som innimellom ruser seg for å være sikker på at dei ikkje kan både ruse seg og køyre bil, så burde vel også folk som er hissige miste førarkortet i tilfelle dei skulle finne på å sette seg i bilen medan dei er sinte? For meg virker det å være heilt samanliknbare situasjonar.
  20. Ja einig med dei andre. Slik som setninga er formulert så avsluttes tilbakemeldinga med å stadfeste at det ikkje var (fagleg) grunnlag for å sende ambulanse på dine anrop til AMK. Trådstarter har likevel fått full støtte i at oppførselen til operatøren ikkje var slik som den skulle være. Med dette er det nok meint at sjølv om det ikkje var grunnlag til å sende ambulanse til deg, så skulle du fått ei langt meir sakleg forklaring på kvifor AMK ikkje ville sende ambulanse. Den grunnen kan være alt frå at trådstarters helsesituasjon ikkje var ein nødsituasjon (og skulle vært tatt med legevakt eller fastlege), men det kan også være at trådstartar hadde ein nødsituasjon men at på grunn av avgrensa med tilgjengelege ambulansar så vart det prioritert å bruke ambulansene til andre nødsituasjonar som krevde høgare prioritet.
  21. Ja det har vi, men som du påpeiker så har vi ikkje ein absolutt ytringsfriheit. Det er masse ting som du ikkje kan ytre utan å risikere straffeansvar, herunder ting som er underlagt tausheitsplikt enten gjennom avtale eller via lovpålegg som forbod mot hatefulle ytringar, osv. Kva slags samfunn ein ynskjer blir sjølvsagt ein politisk debatt der ein på den eine sida må vekte samfunnsnytten av at folk får ytre seg fritt og på den andre sida ulempen som ein må tole om alle får ytre seg heilt utan konsekvensar. Eg for min del lever fint med at alle aller meste av saklege ytringar er beskytta av ytringsfriheita, til og med ting som du har skrevet under tausheitsplikt på kan være straffefritt å ytre om dersom det er snakk om forhold som er så alvorlege at du får status og beskyttelse som varslar. Ein heilt absolutt ytringsfriheit betyr i praksis eit samfunn der ingenting anna enn dine eigne tankar er private. Ein absolutt ytringsfriheit vil gi legen din rom for å selge dine helseopplysningar, det vil være lov å oppfordre/påvirke ustabile personar til å drepe andre mennesker (det vil då til og med være beskytta av ytringsfriheita og gi detaljerte instruksar om korleis ein skal drepe). Det vil med ein absolutt ytringsfrigheit i praksis bli både lovleg og oppfordra til å drive spionvirksomheit mot bedrifter og statar, osv. Det er mange gode grunnar for at det bør være nokon avgrensingar for kva ein kan ytre seg om.
  22. Eg reknar med at alle innboforsikringar har vilkåret om at forsikringa berre dekker plutselege og uforutsatte skader. Riving og liknande som skjer i samanheng med arbeid er ikkje ei slik plutseleg og uforutsatt hending, men det kan være det dersom handtverkarane med eit uhell skulle skade radiatorkassen, til dømes ved å miste ned vinduaget under montering slik at radiatorkassa blir skada. Men i eit slikt tilfelle så vil det være handtverkarane som må bruke sin forsikring for å dekke skaden. Fordelen med å være ein av dei siste som får montert nye vindu er at handtverkarane kanskje har fått seg noko erfaring frå andre leilegheiter på korleis arbeidet kan utførast utan at radiatorkassene blir øydelagt.
  23. Det kjem litt ann på kva som er avtalt (eventuelt kva du blir einig om). Men det klare utgangspunktet etter huseligelova § 10-2, 2.ledd er at "Er ikke annet avtalt, skal husrommet med tilbehør være ryddet, rengjort og i samme stand som ved overtakelsen, bortsett fra den forringelse som skyldes alminnelig slit og elde, og de mangler som utleieren selv plikter å utbedre." Du treng dermed ikkje å stille med nytt dusjkabinett før utflytting, men om det oppstår vasskader på grunn av at du dusjer utan eller med defekt dusjkabinett så kan det utløyse ytterlegare erstatningskrav. Utleigar må rekne med vanleg slitasje, men har rett til å få ta over eit husrom som er i same stand. Det betyr enkelt å greit at ein husrom som vart leigd ut med dusjkabinett må tilbakeleverast med dusjkabinett. Reint praktisk bør du ta ein prat med huseigar. For det fyrste kan du være heldig at huseigar vil ta på seg kostnaden sjølv for å ha kontroll på kva slags dusjkabinett som blir satt inn, og for det andre så kan det oppstå ueinigheiter om det dusjkabinettet som du skaffar tak i er "i samme stand" som det gamle.
  24. I all enkeltheit så har to to alternativ. Enten så må du ta studiepoenga ved andre utdanningsinstitusjonar og be USN om å godkjenne studiepoenga som grunnlag for å gi deg bachelorgraden. Om du går denne vegen så bør du gjere ein avtale om USN slik at du veit kva USN vil akseptere før du tek andre fag. Den andre vegen å gå er å ta kontakt med ein anna utdanningsinstitusjon for å få bachelorgraden gjennom den skulen, då må du få den nye skulen til å godkjenne faga og bachelorgraden frå USN. Kor lett eller vanskeleg det er å finne ei ordning kjem mellom anna ann på kva eksakt du mangler. Om du berre treng 23 reine studiepoeng så bør det være ein smal sak å få USN til å godkjenne studiepoeng innan eit par valgfag frå ein anna skule. Litt verre er det dersom du manglar studiepoeng i fagspesifikke emner. Innafor fagspesifikke emner så må oppfylle fagplanen til USN og du får ikkje godkjent studiepoeng som du har dobbelt opp ved at det også var tema i andre fag som du har tatt ved USN.
  25. At sjølve kontrakten ikkje er gyldig før begge partar har signert er for så vidt sant, men trådstarter har uansett ein gyldig avtale. Ikkje berre er det ein munnleg avtale (som er like gyldig som skriftelege avtalar), men trådstarter har også avtaleteksta som arbeidsgivar har utarbeida og som såles er eit bindande tilbod. Vanlegvis vil arbeidsavtalen være signert av arbeidsgivar når den blir sendt ut slik at det arbeidstakaren skal gjere er å sette siste signaturen på kontrakten og returnere ein kopi. I dette konkrete tilfellet er nok avtalen ikkje ferdig signert fordi den siste detaljen som var oppstartsdato ikkje var endeleg bestemt. Så formelt sett så blir det mest rett at trådstarter setter inn oppstartsdato og signerer, og at arbeidsgivar signerer til slutt for å stadfeste at også oppstartsdatoen er akseptabel. Etter Arbeidsmiljøloven skal skriftleg arbeidsavtale føreligge snarast mogleg og ikkje seinare enn ein månad etter at arbeidet har starta, så også lovverket legg opp til at dersom dette er snakk om eit varig arbeidsmforhold så treng det ikkje å føreligge ein skriftleg arbeidsavtale før etter at ein har starta i jobben, sjølv om hovudregelen er at arbeidsavtalen skal være skriftleggjort så tidleg som mogleg.
×
×
  • Opprett ny...