Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 805
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. 1. Om du bruker forsikring eller ikkje blir ei vurderingssak. Fordelen med å bruke forsikringa er at då er du og sikra om skadene skulle vise seg å være meir omfattande enn fyrst antatt. Du vil uansett kunne reise krav om at naboen skal dekke ditt tap, enten den relle kostnaden eller eigenandelen. Med ein slik nabo er det likevel ikkje sikkert at han har å pengar du kan kreve. 2. Kommunen har ikkje ansvar sidan treet falt ned heilt utanfor kommunal kontroll, ansvaret ligg her på den som sagde ned treet. Hadde treet blåst ned eller liknande så hadde det vært ei anna sak. 3. Det er sjølvsagt ikkje lett å skaffe nye tre, kommunen har ingen plikt til å plante nye tre og antageligvis så vil dei ikkje erstatte trea sidan dette både er til hinder for eventuell framtidig bruk av tomta, samt at det gir framtidige kostnadar ved å fjerne trea når dei blir for høge, eller erstatningsansvar om trea ramlar ned. Naboen din har erstatningsansvar for dokumenterbare tap, men det å miste tre som ikkje er dine er kanskje ikkje eit tap du er påført. Kommunen kunne også ha fjerna trea frå eiga tomt utan å ha ansvar for om det gir deg fordelar eller ulemper. I dette tilfellet så ville eg heilt klart brukt forsikringa, då vil også forsikringsselskapet ordne med trefellarar som kan fjerne treet. Å skulle utføre slik potensielt farleg arbeid sjølv slår meg som ein dårlig idé. Ein kan også fort risikere at det oppstår andre skadar i samband med fjerninga, så det er ein unødvendig risiko å ta om du ikkje har både kompetanse og utstyr til å gjere jobben sjølv. I samband med erstatningssøksmål mot naboen så er det også enklare å kreve eigenandelen tilbake sidan du også har ei tapsbegrensingsplikt. Har du brukt forsikringa så vil du vanlegvis ha oppfylt denne plikta ved at erstatningssummen er avgrensa til eigenandelen slik at ein ikkje risikerer større kostnadar dersom skaden skulle være større. Eit anna moment er at dersom det seinare dukker opp andre kostnadar så vil du nok heilt sikkert hellee ha eit forsikringsselskap å ta dette med, og ikkje måtte gå tilbake til ein litt ustabil nabo som verken har betalingsvilje eller emne.
  2. Eg vil nesten tru at dei planlegg å bruke sminke (muscle suit?) eventuelt CGI for å portrettere det fysiske. Om ikkje må dei gjere endringar i historiefortellinga sidan mykje av motivasjonen som driv karakteren forsvinn om rollen skal fyllast av ei tynn jente.
  3. Ser forresten at det ligg ute ein logg over nødvarsel som har blitt sendt ut. Det står ikkje over kor stort område nødvarselet har blitt sendt ut, men det er likevel litt interessant å sjå over gitt debatten tidlegare i tråden om dette varslingssystemet kjem til å bli forbeholdt reelle nødsituasjonar, eller om systemet blir misbrukt til mindre viktige meldingar. Nedafor har eg sitert dei hendingane som ikkje er testar eller openbare feilsendingar. Kort oppsumert så har ein ikkje brukt systemet veldig mykje. Den 30 juni så meldte politiet i Møre og Romsdal om jordras. Så den 7 august så skjedde det mykje. Politiet meldte kl 06.28 om væpna aksjon på Sørrollnes, og med ny melding kl 21.28 om at faren var over. I tillegg så vart det sendt ut fem farevarsel om ekstremværet hans, også dette 7 august. Eg veit ikkje kva områder dei ulike farevarsla vart sendt ut på, men eg tenker at det kanskje var litt unødvendig at både Statsforvaltaren og politiet sendte ut omtrent like farevarsel på omtrent same tidspunkt. Men som sagt så kan det være at varsla er sendt ut på ulike stadar slik Statsforvaltaren varsla eit område medan politiet tok ansvar for å varsle eit heilt anna område. Så om eg skal evaluere bruken av nødvarslinga i 2023 så må eg nok konkludere med at systemet tross alt er lite brukt, så det er i alle fall bra at vi ikkje blir spamma ned av nødmeldingar kvar gong det kjem eit vindkast. Eg litt usikker på om eg synes at ekstremværet Hans var akutt nok til å forsvare bruken av nødmeldesystemet. Ja det var eit voldsomt uvær, men det var eit varsla værfenomen som dei fleste burde ha fått med seg i dagane før uværet traff Norge. I tillegg var det så vidt eg kan huske også noko feil ved varslinga av ekstremværet Hans slik at det også var ein del som fekk nødmeldinga sjølv om dei var langt unna. Det var vel blant anna her på forumet fleire som meldte om at dei hadde fått nødvarselet sjølv om dei var i Oslo. Varselet om at det hadde gått fleire jordras, og at det fortsatt var fare for fleire ras tenker eg er heilt innafor det som nødvarslinga burde brukast til. Dette er tross alt ei hending som utgjer ein direkte livsfare for dei som eventuelt måtte være i området. Tilsvarande må eg nesten anta at varselet om ein våpna politiaksjon var såpass tidskritisk og potensielt livsfarleg at det sikkert var rett å bruke nødvarslinga for å åtvare eventuelle forbipasserande om at dei burde halde seg innendørs.
  4. Ja, nødvarselet slår på lyd om telefonen er på lydlaust og speler av alarmen på det høgaste volumet. Dette er sjølvsagt gjort for at du skal ha best mogleg sjangs for å fange opp varselet sjølv om du ikkje har telefonen i handa. Ein anna fordel er at om du ikkje sjølv har telefon som kan motta nødvarsel så er det ein god sjangs for at du får med deg at nødvarslet går på telefonane til andre i nærheita. Ulempen er for dei (relativt få) som av ulike grunnar treng å ha telefonen på lydlaust, så finnes det ingen alternativ til å få varselet på anna måte enn at skjermen slår seg på og at lyden kjem på maks volum. Jo det skal det være. Tyfonane blir testa to gongar i året, den andre tysdagen i januar og den andre tysdagen i juni. No har ein også lagt til test av nødvarselet på mobil. Om du ikkje høyrte tyfonane så er nok det fordi du var for langt unna nærmaste tyfon til å kunne høyre den der du oppholdt deg, eller fordi din nærmaste tyfon ikkje fungerte. Grunnen til at ein testar to gongar i året er fordi det ikkje alltid fungerer, for at tyfonen skal fungere så må signalet som kjem via mobilnettet eller nødnettet nå fram til tyfonen, deretter skal signalet registrerast og luftkompressoren må starte, og til slutt så må lufta frå kompressoren kunne straume fritt ut av tyfonen med tilstrekkeleg trykk og fart til at ein får lyd.
  5. Då er det vanskeleg for Studentsamskpinaden og argumentere med at hybelen ikkje er berekna for meir enn ein person, og også argumentet om at lokalet blir overbefolka blir svekka (sjølv om belastninga på fellesareala blir marginalt større). (Du får gjere som terroristen å saksøke Studentsamskpinaden for at det er menneskerettigheitsbrot å ikkje tillate besøk 😜)
  6. I denne samanhengen så må vel reglane til sporten sjåast i ein større samanheng enn den offisielle regelboka? I ishockey så har ein har uoffisielle reglar for slossinga, som blant anna at den som vil sloss fyrst kaster kølla og deretter tar av seg hanskane, om den andre spelaren også vil sloss så svarer han med å gjere det same. Frå artikkelen: Sjølv om reglane i sporten ikkje er fulgt, så kan det arguemnterast med at han har gitt sitt samtykke ved at konsekvensane ved å kaste hanskane burde være openbare og at slosskampen lett kunne vært unngått ved å ikkje besvare utfordringa. Det sagt så er det sjølvsagt rom for tvil ettersom TV-kameraet ikkje fanga opp det som skjedde før slaget, så det noko uklart om han som vart slått ned kasta hanskane frivillig eller om hanskane kan ha falt av under slossinga, eller fyrst vart kasta etter fyrste slaget for å kunne forsvare seg sjølv betre. Men hadde dette vært snakk om sjølvforsvar så ville det vel gi meir meining med å bruke kølla for å holde avstand i staden for å kaste hanskane.
  7. For meg framstår det ganske klart at det juridiske holdepunktet til Studentsamskipnaden er svakt. Sjølv dei mest objektive argumenta om kapasitet og reinhald vil aldri kunne brukast som eit generelt arguement for alle hyblar, ein må i så tilfelle vise til kvifor dette er ein urimeleg stor ulempe for utleigar i kvart enkelt tilfelle. Husleigelova har nokre eigne reglar for studentbustadar, som mellom anna opner for at ein kan avtale at opptak av husstandsmedlem må godkjennast. Men overnattingsbesøk er ikkje det same som opptak i husstanden. (Eg er også litt nyskjerrig på kvar ein sett grensa mellom ein vanleg gjest og ein overnattingsgjest? Er det slik at ein kan ha gjestar på dagtid men ikkje om natta? Må gjesten sove for at det er ulovleg? Kan ein ha nattegjestar som ikkje overnatter? Kan ein ha gjestar som søv på dagtid og er våkne heile natta?, osv). Argumenta om sikkerheit er også relativt svake. Det kan ikkje bety særleg mykje om det skulle være ein ekstra person som må evakuerast, særleg ikkje når denne gjesten har registrert seg slik at ein veit at den aktuelle hybelen så ligg det to personar akkurat denne natta. Om eg skal argumentere for studentsamskipnaden så ville nok eg ha fokusert meir på at formålet med studentbustadane er å gi eit billeg bustadalternativ for studentar, og at ein såleis har så lite ekstra plass at ein ikkje kan ha besøk, og at eventuelt besøk kan være ei unødvendig belastning for andre studentar å måtte forhalde seg til. For realistisk sett så er det nok ikkje så lett for ein student å skulle nekte ein anna student å ha ein på besøk. Eit anna moment som er særskilt for Svalbard sin del er ein spesiell bustadsituasjon der nesten alle bustadane er eigd av arbeidsgjevarar eller staten. For å bu på Svalbard utanom hotella så må ein ha jobb for å kunne få tilbod om å leige bustad av arbeidsgjevaren sin, eller som i dette tilfellet være student for å få tilgang til bustad frå studentsamskipnaden. Eg frostå rdet at det kan være ryddig for studentsamskipnaden å ikkje være med å legge til rette for at personar som ikkje har anna bustad på Svalbard likevel kan opphalde seg der under påskotet med å være gjest. Men samtidig så kunne det mykje lettare blitt regulert med ei tidsbegrensing i staden for forbod. Så kan det være at Svalbard er eit spesielt populært reisemål for mange å besøke om dei har moglegheita til å bære overnattingsgjest og få gratis overnatting med nokon dei kjenner. For då kan det sikkert til tider bli svært mange overnattingsgjestar i enkelte periodar, men igjen så burde slike problem kunne løysast på ein anna måte. Det som kanskje er største utfordringa med å krangle med Studentsamskipnaden er at dei har særdeles stor makt. Om dei finn ein grunn til å nekte deg vidare hybelleige så betyr det at ein i praksis mister studieplassen. For det finnes omtrent ikkje eit privatmarked bustadmarked ein kan leige på, er ein student så er ein heilt avhengig av studentsamskipnaden.
  8. Det er nok eit grunnlag for hevde menneskerettsbrot når han etter alle praktiske formål er avskjært frå å knytte sosiale relasjonar med andre enn personar som står på statleg lønningsliste. Men samtidig så er ikkje menneskerettigheitane så konkrete at hans situasjon som drapsdømt etter rettferdig og offentleg rettssak heilt klart viser at det er eit menneskerettigheitsbrot. I tillegg så er det ganske mange unntak frå menneskerettigheitene der det er nødvendig av omsyn til samfunnet forøvrig. Det dette eigentleg handlar om er kva form for risiko som det er akseptabelt at Staten tek. Breivik utgjer ein risiko, så vidt eg kan huske så var han vel til og med så idiot at han skreiv i manifestet sitt at det å hevde seg rehabilitert og angrande kunne være ein taktikk for å sleppe straff. Så då er jo han i den situasjonen at ingen kan vite om han faktisk har endra seg og kan blir ein lovlydig borgar eller om han berre venter på å få sjansen til å fortsette på same måten. Staten er no eigentleg anklaga for å psykisk terrorisere terroristen ved å ha strenge sikkerheitskrav. Samtidig så er det sikkerheitsmessig svært vanskeleg å endre på noko. For ikkje berre er Breivik i seg sjølv farleg, både fordi han er ein drapsmann som kan finne på å drepe på nytt, men også fordi han sjølv har opphøyd seg sjølv som ein slags profet som gjennom nettopp denne mennesklege kontakta han gjerne vil knytte utgjer ein fare for å inspirere og radikalisere likesinna. Men i tillegg til at han er ein farleg mann, så er han også ein mann som er i stor fare. Det er mange andre kriminelle (og lovlydige for den slags skuld) som kunne tenke seg å drepe han, så om han får omgås andre fangar i fengselet så er det ein reell fare for at det blir intern konkurranse om kven som klarer å kverke han fyrst og som kan få den æren. Og i tillegg til at det finnes saklege argumentasjon for å ha slike soningsforhold både for hans eiga sikkerheit og samfunnets sikkerheit, så er det i tillegg eit moment av at ein ikkje ynskjer å gi Breivik gode soningsforhold. Det kan derfor være vanskeleg å skille mellom soningstiltaka som er innført på reint nødvendig sikkerheitsgrunnlag, og soningstiltaka som er innført fordi ein ikkje ynskjer at Breivik skal få gode soningsforhold. Tross alt så har Breivik gode soningsforhold objektivt sett. Han er i dag i praksis åleine på ei avdeling over to etasjar, han har TV, PlayStation, treningsrom, kjøkken, og vel eigentleg det meste han kan ønske av underhaldningstilbod. Det einaste han manglar er denne sosiale omgangen, og den vil han sjølvsagt ha i tillegg til alle dei fordelane han i dag har utover det som vanlege fangar får tilgang på.
  9. Om det ikkje er avtalt noko anna i arbeidsavtale eller tariffavtale så er det reglane etter arbeidsmiljølova som gjeld. Arbeidstida skal i utgangspunktet være avtalt. Det følgjer av arbeidsmiljølova § 14-6 om minstekrav til arbeidsavtaler. I arbeidsavtalen skal det mellom anna være definert kva som er dagleg og ukentleg arbeidstid, og at dersom det er snakk om periodevis arbeid så skal arbeidsavtalen gi godt nok grunnlag for å berekne når arbeidet skal utførast. Om din arbeidsavtale ikkje oppfyller minstekrava så støttar ein seg til det som ein har praktisert som vanleg arbeidstid (fordi dette er beviseleg ei ordning som begge partar har stilletiande akseptert som greitt). Arbeid utover avtalt arbeidstid vil då måtte være basert på einigheit mellom partane. Så har arbeidsmiljølova nokre unntak. Du kan påleggast å møte på jobb dersom det er nødvendig for å avverge for for eller skade på liv eller eigedom, mot at ein minimum får kompanserande kviletid. Det at dette i det heile tatt blir eit spørsmål viser vel eigentleg at arbeidsavtalen er for dårleg eller at den blir ulikt oppfatta. Eg tenker at når du blir oppringt den same morgonen og bedt om å møte på jobb for å dekke sjukefråfall så må dette handterast på ein av følgjande måter: Det må være basert på at du som tilsett seier deg villig til å møte på jobb på kort varsel. For deg med deltidsstilling så må det då avklarast om den arbeidsdagen skal tellast som ein av dine tre vanlege arbeidsdagar, eller om den kjem i tillegg som ein fjerde arbeidsdag, samt eventuelt andre forhold som må avklarast på førehand. Du vil i utgangspunktet ikkje ha rett til overtidsbetalt (då må arbeidstida være meir enn 9 timar på ein dag eller 40 timar den veka. Tariffavtaler har ofte anna grense for overtid på 37,5 timar per veke). Det er ingenting i vegen for at ein kan forhandle der og då om å få dobbelt betalt, eller anna overtidsbetaling. Dersom du skal kunne påleggast å møte på jobb så må det være fare for liv og eigedom, at det kostar pengar at du ikkje kjem på jobb er ikkje eit godt nok grunnlag. Alle forespørslar kan du sjølvsagt takke nei til. Hadde du vært avtaleforplikta til å stille opp på kort varsel så hadde du ikkje fått spørsmål om du kunne jobbe, då hadde du fått beskjed om å møte.
  10. Slik som eg forstår spørsmålet så er du mest ute etter gode råd, men sidan det også er ein del underspørsmål så skal eg gå litt systematisk gjennom. Fyrst det praktiske. Punkt 1 er å snakke med din potensielle arbeidsgivar for å finne eit tidspunkt for intervju som passar dykk begge. Intervjua vil vanlegvis foregå på dagtid sidan den som tilsetter har dagarbeidstid, men ved å legge intervjuet til starten eller slutten av dagen blir det ofte litt enklare å få til. Det kan til og med hende at ein er villig til å ha ein litt lengre arbeidsdag for å gjennomføre intervjuet med deg. PS. Husk at ved å forklare at du jobbar nattevakter og har behov for eit meir passande tidspunkt så demonstrerer du også at du er ein pliktoppfyllande arbeidstakar. Du må ikkje finne på å la den potensielle arbeidsgivaren tru at du er villig til å skulke jobb for å gjere private ting. Dette svaret gjeld også i forhold til løysing av caser, legg du fram kva tid du har tilgjengeleg for å jobbe med caset så brukar det å være ganske kurrant å avtalt ein fornuftig tidsfrist som passar din arbeidsplan. Punkt 2 er å snakke med dagens arbeidsgivar dersom du må ha fri. Det er ikkje rett at du sjukemelder deg eller brukar eigenmelding, slik misbruk vil i beste fall føre til at du mister retten til å bruke eienmeldingar og i verste fall kan det være grunnlag for både lønnstrekk og oppseiing. Skal du gjere dette etter boka så må du avtale med arbeidsgivar at du får bruke ferie eller avspassering for å få fri. Om det ikkje passar at du får ta ut ferie så er neste steg å søke permisjon. Å få lønna permisjon kan du ikkje rekne med å få, men du kan søke om ulønna permisjon. Har du tariffavtale så vil retten til slik permisjon ofte følge av tariffavtalen, alternativt utifrå lokal personalhandbok. Har du ikkje nokon slike avtalar om permisjon så må du nesten berre forsøke å søke permisjon likevel, og grunngje dette med arbeidsgivar plikt etter arbeidsmiljølova å ivareta dei tilsette sin fysiske og psykiske helse, samt vurdere velferdsbehov. Normalt sett må bedrifta sine behov være ganske sterke for å kunne nekte deg ulønna permisjon. I dette tilfellet er nok arbeidsgivaren din alt på litt tynn is alt sidan denne nattejobben openbart påverkar helsa di negativt. Blir det veldig vanskeleg å finne eit tidspunkt for intervju så er det sjølvsagt alltids eit alternativ å finne alternative måtar å gjennomføre intervjuet på. I fyrste omgang kan det være snakk om å ta intervjuet på telefon/video, fordelen med dette er at også du får danne deg eit fyrsteinntrykk for å vurdere om du er villig til å eventuelt bruke ferien din på å prøve å få denne nye jobben. Men det er heller ikkje heilt utenkeleg at intervjuaren kan kome til deg, eller at dykk kan møtast på halvvegen. Eit jobbintervju treng ikkje å foregå på eit møterom, det kan også ein prat på ein café. Så litt råd vidare på vegen. Som @Gaea skriv så kan søvnproblem være sjukemeldingsgrunnlag, særleg når det er sannsynleg at dette kan relaterast til jobben din som nattevakt. Du er heller ikkje eit godt teikn at det kan gå meir enn eit døgn utan søvn, og at du treng å bruke sovemedisin for å klare å sove når det passar deg best. Hadde eg vært deg så ville eg absolutt ha vurdert å seie opp nattevaktsjobben du har, ingen jobb er verdt å øydelegge helsa di for. Og dersom det er så ille som du seier så kan det å prøve å holde ut i denne jobben nokre månadar til være det som skal til for at du ender opp som heilt arbeidsufør. Det er alltid litt skummelt å seie opp jobben utan å ha ny jobb å gå til, men i forhold til dagpengar frå NAV så kan du få hjelp av legen din til å dokumentere at oppseiinga er helserelatert og dermed ikkje sjølvforskuldt slik at du skal ha karantenetid på dagpengane frå NAV. Eit anna alternativ som kan hjelpe deg fram til du finn deg ein jobb på dagtid som passar deg betre er å kreve å gå ned i stillingsprosent slik at du ikkje jobbar like mykje nattarbeid. Etter arbeidsmiljølova så kan du kreve dette når det er f.eks. helsemessige grunnar for det, og der dette kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for drifta. Kravet for vesentleg ulempe ligg ganske høgt, og litt avhengig av kor stor del av stillinga du vil seie frå deg så brukar det ikkje å være spesielt vanskeleg å tilby ei deltidsstilling som nattevakt til nokon andre.
  11. Eg er heilt einig, samtidig så gir ei slik tilnærming andre utfordringar. Enkelte naturinngrep gir folk flest betre tilgang til naturen, men ein må finne ein måte å regulere det på. Ein fordel med utbygging av vindkfraft er at ein får ein anleggsveg som gjer at fleire kan kome seg opp på fjellet. Eg forstår at det er øydeleggande for dei som for eiga maskin vil slite seg opp på fjellet for å sjå urørt natur, men det bør være mogleg å tilrettelegge ulike fjellområder til ulike formål.
  12. Strengt tatt kan det også være heilt motsatt av det trådstarter hevder. Kanskje er det elbilane som blir løysinga til å kompansere for eit dårleg straumnett? https://www.elbil24.no/nyheter/dette-ble-redningen-for-atle-genialt/80773246 Elbilar kan også fungere som ein buffer for å hjelpe å flate ut straumtoppane ved at bilen lader når det er lite straumbruk og at ein etterpå brukar av elbilbatteriet i staden for å bidra til å lage store straumtoppar. I dag er dette mest ein "kjekt å ha" funksjon på ein del elbilar, men ein kan også tenke seg i framtida at fleire legg opp straumnettet sitt for å kunne utnytte slike muligheiter. For Atle i artikkelen så måtte han ty til ei skøytelednign for å straum til vasspumpa i brønnen, men hadde han planlagt dette betre så kunne han plugga elbilen direkte til hytta og via sikringsskapet styrt fordelinga slik at berre det viktigaste fekk straumforsyning frå elbilen.
  13. Det er nok absolutt ein fordel for deg å ta kontakt med firmaet fyrst. Kven veit, kanskje tek firmaet ansvar og sørger for å utbedre mangelen før utflytting? Deretter er vel saksgangen at du retter eit krav til bedrifta som har stilt garanti. Dette beløpet må du nødvendigvis spesifisere, så sjølv om du ikkje treng å ha utført jobben på eiga rekning så må du ha innhenta fornuftige kostnadsanslag. Om dine krav er større enn det depositumsgarantien dekker så kan du sjølvsagt rette resten av kravet mot leigetakaren direkte. Då må du nok rekne med å måtte ta rettslege steg slik at du får ei utleggsforretning, som du då kan bruke vidare til å kreve inn pengane om det er pengar å hente. Det sagt så er likevel det viktigaste for din del å få klarheit i kva det er som har skjedd her slik at du veit heilt sikkert at dette er avtalebrot frå leigetakaren, og at dette er kostnadar som du kan kreve å dekt gjennom depositumet. Det virker litt merkeleg at leigetakaren nekter for å ha røyka inne når det er røyklukt i leilegheita, men det kan være at røyklukta kjem frå ei naboleilegheit og at røyklukta siv gjennom utettheiter i veggane. I så tilfelle så er det eigaren av naboleilegheita som er den du må gå etter.
  14. Det viktigaste er at nødstarter/startkablar har overspenningsvern. Mitt inntrykk er at dagens nødstartere er utstyrt med overspenningsvern, så det meste av det du finn i butikkane er heilt kurrant å bruke. Forskjellen ligg då mest i kvaliteten og ikkje minst batteristørrelsen. Kva slags nødstarter du treng er litt avhengig av ditt behov. Om tanken er å ha ein nødstartar tilgjengeleg no når det er kaldt så ville eg vurdert ein med relativt lite batteri slik at vekta er lav nok til at du lett kan ta den med deg inn i varmen.
  15. Dette har med unntaka å gjere. Krava som gjeld står i TEK17 § 14-4. Det er ikkje lenger lov å montere varmeinstallasjon for fossilt brensel, i denne samanheng er dette fyringsolje og propan. Det er lov med bio-olje, bio-gass, samt ved. Alle småhus skal ha skorstein, men det er gitt unntak dersom bueininga har vannbåren varme eller dersom energibehovet er innafor kravet som gjeld for passivhus. I praksis betyr dette at mange nye hus blir bygd utan skorstein fordi det er ofte billegare å legge vannbåren varme i stova (bad, soverom, og liknande rom kan varmast opp elektrisk), eller fordi ein uansett bygger med mål om å oppnå krava til passivhus (og skulle ein ikkje få til å oppnå kravet så det alt for lett å jukse seg til ein godkjent passivhuskarakter). Dette gjer at svært mange bustadar i dag er 100% avhengige av elektrisk oppvarming. Sjølv om vannbåren golvvarme kan fungere ei stund ettersom vatnet i varmtvannsberederen held temperaturen ei god stund sjølv om straumen har gått, men samtidig så vil ein ikkje kunne pumpe rundt varmevatnet ved straumbrudd så om straumen blir vekke lenge så får ein eit problem. Når det gjeld trådens eigentlege tema så er det største problemet med overbelasta nett at straumnettet er for dårleg vedlikeholdt og utbygd. Kva vi brukar straumen på er mindre viktig. Innføringa av straumtariff var eit nødgrep for å prøve å bruke straumprisen som incentiv til å heller få straumkundane til å jamne ut straumforbruket sitt i staden for å investere i eit straumnett som taklar moderne straumbruk. Elbilar er såleis det "nyaste" tilskotet som bidreg til store straumtoppar, men det er eit vel så stort "problem" med induksjonsovnar, kaffetraktere, og liknande elektriske installasjonar som dreg mykje effekt som alle slår på omtrent samtidig om morgonen før jobb og på ettermiddagen etter jobb. For elbilane sin del så er nok den foretrukne løysinga at ein investerer såpass i infrastruktur til at ein kan tilbydast saktelading omtrent overalt der ein parkerer. Det burde være unødvendig for ein elbileigar som ikkje køyrer veldig langt om gangen å bruke hurtigladar med stor effekt fordi ein ikkje får saktelade heime, på jobben, eller utanfor butikken. Dette er ikkje eit argument for at slik ladetilgang skal være gratis, tvert i mot så må ein rekne med å måtte betale for ladinga. Men det må etablerast enkle betalingsløysingar som ikkje krever at ein må laste ned nok ein ny app og opprette brukarprofil på denne appen. Betalingsløysinga bør openbart være å "tæppe" kortet eller kanskje til og med myntinnkast om vi skal gå skikkeleg "old school".
  16. Arv speler i alle fall liten rolle lengre. Med dagens levealder så kan ein ikkje rekne med å motta arv frå sine foreldre før ein sjølv er pensjonist (og forhåpentlegvis har klart å etablere seg med hus). Eg er likevel ikkje einig i premisset at unge har det verre i dag enn før oljen (60-talet). At den økonomiske situasjonen har endra seg er eg heilt einig i, men den generelle levestandarden var lågare på 60-talet. På 60-talet var det fortsatt mange som måtte forholde seg til sikringskost og passe på å få i seg nok mat. Dagens unge kjem seg kanskje ikkje inn på bustadmarknaden, men dei går i det minste ikkje rundt utan å få i seg nok mat. Den norske oljen og ikkje minst strategien med å opprette oljefondet har gitt ein enorme forbetring av norske levevilkår, men samtidig så har den gitt nokre utilsikta skeivheiter. Grunnen til at vi har høge bustadprisar er nok mellom anna at mange nordmenn fekk ein del meir i inntekt i løpet av 70 og 80 talet og fekk då kjøpe seg relativt billege bustadar (om dei hadde råd til å låne pengar med tosifra rentesats). Dette gjer at vi har fått ein generasjon som har fått særleg god utteliing for sine bustadinvesteringar.
  17. Rekner med at "gamle kvite menn" er den tabloide vinklinga av søksmålet og at hovedtyngda i søksmålet i realiteten er søksmål for usakleg oppseiing og aldersdiskriminering? Eg veit ikkje kor gode rettigheiter dei tilsette har i slike amerikanske teknologibedrifter, men det er ikkje utenkeleg at han kan ha eit sakleg grunnlag dersom han vart sparka på grunn av alderen. Det sagt så reknar eg med at Activision Blizzard sitt sterkaste forsvar er at det er nødvendig å også ha tilsette som kan henge med i både den teknologiske utviklinga, samt den generelle samfunnsutviklinga. Ein sikkert krangle mykje på om ein spelutviklar tener mest pengar på å blir "woke" for å applere til unge og mangfoldige gamere, eller om det er best å fortsette å produsere spel slik ein "alltid" har gjort.
  18. Du får logge deg inn på vegvesenet.no og sjekke tilgjengelegheita. Dei tilsette på trafikkstasjonen har nok arbeidstid fram til kl 12 på julaftan, så i teorien kan det være at det også blir satt opp nokre få oppkøyringstimar den dagen. Realistisk sett så vil eg likevel tru at dei tilsette som kan tek avspassering denne halve arbeidsdagen eller at det ikkje blir opna for timebestilling.
  19. Bevisbyrden vil være høgare for å kunne ilegge dom for voldsbruk i idrettssamanheng enn elles. Dette fordi det alltid blir spørsmål om i kva grad offeret sjølv har samtykka ved å fyrst delta i sporten, og deretter eventuelt bidratt til slossinga. Eit anna moment er det ofte har lite for seg med strafferettsleg oppfølging når den sportslege straffa som typisk er utestenging og interne "bøter" som skal betalast til klubben for brot på interne instruksar. Særleg når det er høgt oppe i divensjonen så vil sjølv eit par kampars karantene ofte bety ganske store økonomiske tap for den som blir disiplinert.
  20. Eg synes det er sterkt kritikkverdig at chatbotten utgir seg for å være pyskolog, sjølv om Character.ai påstår at dei gjer det klart at det berre er oppspinn så er nok forvekslingsfaren urovekkande stor. Det sagt så handlar mykje av psykoterapien om å sette ord på og uttrykke det ein kjenner på, så om denne chatbotten ikkje setter diagnoser eller foreslår behandling så har nok tenesten ein verdi. Det er sikkert ikkje alltid det er nødvendig å betale ein autorisert psykolog 1000 kroner timen for å sitte å nikke medan klienten prater, så ein chat teneste der ein alltid får støttande og oppløftande svar kan nok være nyttig om den blir brukt på ein god måte.
  21. Bruker Podcast Addict som er gratis med eit reklamebanner nederst i appen. Av funksjonalitetar så vil eg særleg dra fram at den har ganske god støtte for å legge til virtuelle podcastar, eg brukar denne særleg for å legge til lydbøker som eg har lagra som lydfil på telefonen. To andre funksjonar som eg sett pris på sjølv om dei er ganske standard er støtte for Chromecast og automatisk backup mot skylagring slik at eg ikkje mister podcasts eller oversikt på kor langt eg har lytta om eg må bytte telefon. Av podcast anbefalingar så høyrer eg ein del på. 198 land med Einar Tørnquist. Geografipodcast som tek for seg eit land i kvar episode (av og til over fleire episoder) med fin blanding mellom faktaopplysningar, fun-facts og gjestar med tilknytting til det aktuelle landet. Lateral with Tom Scott. Eit slags panel-show som podcast med youtuberen Tom Scott og diverse gjestar som stort sett også er kjende frå YouTube. Formatet er at ein startar med ei setning som "i 2014 vart brukte iPhoner lagt ut til salg for opp mot $100 000, kvifor?" Og deretter skal deltakarane prøve å finne fram til svaret. Romkapsel. Ein podcast om ting som har skjedd i rommet, ting som skal skje i rommet, og om aktuelle tema som har med rommet å gjere.
  22. Synes dette både er veldig generaliserande og ikkje minst er kraftig overforenkling. Å støtte Palestina er ikkje det same som å støtte jødeutryddelse, her ignorerer du ganske mange nyansar. Om ein støttar Palestina, palestinarar, Israel eller jøder er på ingen måte ei politisk overbevisning som tilhøyrer venstresida, like lite som at det å være kristen ikkje er høgrepolitikk. Religion og politikk er ikkje det same, hadde det vært det så hadde vel alle kristne stemt KrF og ateistane hadde fordelt sine stemmer utover dei andre ikkje-relgiøse partia. Påstanden om at det er ateistar som proklamerer for folkemord trur eg rett og slett ikkje på. Argumentasjon for å utrydde ei religiøs gruppe er vel alltid religiøst motivert frå tilhengarar av ei anna trusrettning? Eller tenker du at ateistar går rundt og ønsker å utrydde alle religiøse og spirituelle slik at det berre er igjen ateistar og til nød agnostikarar?
  23. Min fyrste tanke er at dette er ein skade som liknar på den ein får om snø blir pressa opp mot bilen under brøyting. Det kan også forklare kvifor brøytebilsjåføren meiner seg uskuldig sidan det ikkje har vært direkte kontakt mellom brøytebilen og bilen. Uansett så er vel parkeringsselskapet utan ansvar her? Trådstartar må vel gå etter eigaren av parkeringsplassen som i dette tilfellet er Avinor?
  24. Det er nok heilt riktig at ein del utrykk blir brukt omkvarandre, men sjølv så meiner eg at "outlet" ikkje kan oversettast til "tilbod". Ulike bransjar legg nok ulik meining i kva dei kaller for outlet-varer, men sjølv om varer som blir kategorisert som outlet-varer ofte er billegare enn det som er vanleg pris så er ikkje produkta på tilbod. Ordet "tilbod" betyr strengt tatt berre at ein selgar tilbyr ei vare for sal. I daglegtalen brukar ein vanlegvis ordet "tilbod" om varer som selgaren har gjort ekstra attraktive gjennom redusert pris. Altså at varen i ei periode blir tilbyd til ein redusert pris. Outlet var opprinneleg det same som fabrikkutsal, sjølve ordet betyr vel på norsk noko slik som "utløp" eller "utslipp". Ein outlet var at kundane kunne oppsøke fabrikken for å få kjøpe (eller hente ut) produktet til ein redusert pris. Den reduserte prisen var ikkje eit tilbod slik som vi omtalar det i daglegtalen for å gjere produktet meir attraktivt, den reduserte prisen skuldast vanlegvis at fabrikken hadde eit overskot av produkt som dei ikkje hadde kjøparar til og at det var betre å selge produkta frå fabrikken enn det var å skulle kaste produkta for å frigjere lagerplass. Men ein kunne også ha fabrikkutsal der ein solgte produkt som ikkje hadde god nok kvalitet til at produktet kunne selgast til ein grossist. Prisen som fabrikken krevde var då typisk lågare ettersom at produktet også hadde lågare kvalitet, typisk skjønnheitsfeil på til dømes klær eller møblar. Seinare vart det også meir vanleg med fabrikkutsal som ei ekstrainntekt, då vart produktet solgt til ein lågare pris enn ordinær butikkpris fordi ein då kutta mellomledda som skulle ha sin del av kaka. Seinare enn det igjen så var outlet litt omdefinert til å ha betydninga midlertidig butikk som spesialiserte seg på å kjøpe opp konkursbo for å selge varene og som derfor hadde heilt ulike produkt frå gong til gong. Veldig ofte var outlet-butikkar klesbutikkar som då solgte klær av ulike merker frå gong til gong (og ofte berre i dei størrelsane som det var minst omsetning på som veldig store eller veldig små størrelsar). At el-varebutikkane har starta å merke produkt med outlet-merkelappen er ganske så ferskt, og utan at det føreligg ein klar definisjon. Fellestrekket med outlet-varer er likevel ofte at det er varer som ein har relativt få av, enten fordi det er utgåtte modellar som ein skal slutte å selge, varer som ikkje er perfekte nok til å ta fullpris (til dømes fordi emballasjen er skada), eller at det rett og slett er brukte produkt. Ein annan fellestrekkar med outlet-varer er at dette er varer som ein selg billegare, ikkje fordi dei er på "tilbod" men fordi kundane ikkje er villige til å betale fullpris for ein slik vare. Grunnen til at mange bransjar tek til seg slike ord er at nettopp fordi ordet er udefinert i norsk markedsføringssamanheng, dermed kan ein lettare vri seg unna lovverket. I dag er det blant anna krav om at butikken må opplyse førprisen til produktet, og førprisen må være den prisen som varen har hatt i minst ein månad før butikken kan markedsføre varen til redusert pris som eit tilbud. Ved å då sette "outlet" som overskrift i annonsa og deretter sette prisen i tydeleg markert prisboble så kan ein gi forbrukarane inntrykk av at varen er tilbudt til ein lågare pris utan at dei får Forbrukartilsynet på nakken fordi dei har markedsført eit tilbod utan å opplyse om reell før-pris. I tillegg kan butikkane bruke "outlet" begrepet som ei unskuldning for å ikkje tilby reklamasjon og liknande forbrukarrettigheiter.
  25. Tenkte berre at eg ville kommentere at det også finnes eksempel på folk som har blitt svindla frå ein nesten tom debet-konto. Slik svindel går kort og godt ut på at ein blir lurt eller rettare sagt overtalt til å gi frå seg innloggingsinformasjon til ein konto utan særleg med pengar på, sikkert fordi at ein har tenkt at om det skulle være svindel så er det ikkje så mange kronene som står på spel. Men det ein då ikkje har tenkt på er at når ein loggar seg inn på nettbanken til ein nesten tom brukskonto så kan den som er innlogga enkelt bytte over til sparekontoen og også tappe den for pengar. Ofte er slik svindel relatert til online-dating der "nett-kjærasten" kjem med ei unskuldning for å trenge tilgang til ein norsk bankkonto, som at det er ei arv som dei vil ha utbetalt til utanlandsk konto, at familien treng å sjå banksaldoen for akseptere eit framtidig ekteskap, eller liknande unskulding for å få logge seg på nettbanken til offeret.
×
×
  • Opprett ny...