
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 807 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Hydrogen – grunnstoffet som kan redde verden
The Avatar svarte på Wall Dorf sitt emne i Samferdsel og infrastruktur
Einig i den. Det eg prøvde å få fram er at dersom folk trur det er eit stort problem å frakte solenergi frå solrike områder til områder med lite sol via kablar så er det ingenting mot å bygge ein hydrogenfabrikk der hydrogen blir komprimert og køyrt ut på lastebilar. -
Hydrogen – grunnstoffet som kan redde verden
The Avatar svarte på Wall Dorf sitt emne i Samferdsel og infrastruktur
Tap i kablane er ikkje noko problem så lenge det er snakk om "overskotskraft" frå solcelleanlegg. Om delar av energien blir borte gjennom tap i kabeloverføring, eller energien går tapt ved å bruke energi til å utvinne hydrogen og komprimere gassen går nok fort for det same, litt avhengig av kor store avstandar det er snakk om. -
Eg støttar på ingen måte det russiske regimet, men det må vel være lov å seie at russiske myndigheiter har eit poeng når dei anklager vesten for å være forutinntatte mot Russland? Det er heilt klart at Putins regime har skuld i dette dødsfallet, men eg synes kanskje det er litt tidleg å konkludere med at Navalnyj har blitt drept av Putin. At Navalnyj har døyd på grunn av behandlinga han har fått av Putins regime er etter min meining udiskutabelt, men det finnes vel per no ikkje grunnlag for å hevde forgiftning som dødsårsak? Det er vel like sannsynleg at det er den dårlege behandlinga han har fått i fengsel som er dødsårsaken?
-
For å nyansere litt så kan du også sjå på dette som ei standardheving av eigedomen som kan gi grunnlag for ein ganske bra verdiaukning på bustadane i sameiget. Ein leikeplass vil være meir attraktivt enn ein tom gårdsplass, og alle alle leilegheitene i sameiget vil bli meir attraktive for småbarnsforeldre, og kanskje også besteforeldre som ynskjer ei leilegheit som også er tilrettelagt for besøk frå barnebarna. Så det er ikkje berre ulempar med dette sjølv om du personleg synes dette er ein ulempe akkurat no. Sjølv om det sikkert ikkje er ein ønskesituasjon for deg så kan det være at du kan selge leilegheita di med bra forteneste rett etter at leikeplassen er bygd. Då selg du deg ut før dei store utgiftene kjem, og for ein barnefamilie så er det vel nærmast perfekt med ein leikeplass rett utanfor vindauget. Du synes det er ein ulempe med støyen av leik utanfor vindauget, småbarnsforeldre vil nok heller sjå på det som ein stor fordel å kunne følgje med på leiken gjennom det same vindaguet.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Flertall for å kun ta imot ukrainere i Drammen
The Avatar svarte på Brother Ursus sitt emne i Oppslagstavlen
Sant nok. Men blant anna i dette kommunestyrevedtaket så har ikkje Drammen kommune vurdert individa, dei har berre bestemt seg for at det berre er dei med ukrainsk pass som skal få være lov å busette seg i Drammen. Det er per definisjon eit vedtak som bryt rasediskriminasjonskonvensjonen sjølv om det i dette tilfellet er meir nasjonalitetsdiskriminering.- 288 svar
-
- 3
-
-
-
-
Det dei tener på er husleiga, Det firmaet sparer på er at firmaet tek ikkje opp lån for å kjøpe halve bustaden, dei brukar av tilgjengeleg kapital. Det som då blir rentekostnaden til firmaet er kostnaden ved å låse opp pengane i å kjøpe halve huset ditt i staden for å plasserepengane ein stad der ein får høgare avkasting. I tillegg vil dei tene på verdiaukninga men den potensiell verdiaukninga er nok ikkje det firmaet baserer inntektene sine på. Deleige er som nemnt ei løysing som generelt sett blir dyrare, men som har fordelen at det kan hjelpe deg rundt eigenkapitalskravet sidan du ikkje treng å ta opp eit så stort huslån. Andre ting som du må være oppmerksom på er korleis kostnadar til vedlikehald og reparasjon blir fordelt. Eg reknar med at det gjennom avtalen er avtalt at det er du som må dekke 100% av disse kostnadane sjølv om du berre eig halve huset, men det må du sjekke nøye opp. Det er nok ein viss fare for at av den delen av verdiaukninga som kjem 100% frå din investering og ditt arbeid, så stikk firmaet av med halvparten. Du må også sjekke nøye kva rettigheiter du har til å kjøpe resten av bustaden og korleis verdien av den andre halvparten skal bereknast. Eg vil tru at du kan ende opp i ein situasjon der firmaet vil ha ein såpass høg pris når du er klar til å kjøpe dei ut at den einaste praktiske løysinga er at heile huset blir lagt ut til auksjon.
- 5 svar
-
- 1
-
-
I tillegg til det @zanta skriv så er det jo også ofte slik at dersom ein ynskjer at noko skal skje i sameiget så må ein ha personar i styret som ynskjer å jobbe for å få til ting. Slik er det på alle ting som skal skje i eit sameige, enten det er snakk om å male bygget eller etablere nye parkeringsplassar. Har ein ingen i styret som ønsker å få til noko nytt så er det absolutt ingenting som skjer. Reint juridisk så vil vedkommande få tillit gjennom å blir valgt inn i styret, og igjen ved at generalforsamlinga stemmer for det ho har foreslått via styret.
-
Flertall for å kun ta imot ukrainere i Drammen
The Avatar svarte på Brother Ursus sitt emne i Oppslagstavlen
Rasekdiskrimineringskonvensjonen er berre kortforma. Det som står er: Så i tillegg til rase så er også forskjellsbehandling basert på avstamming, nasjonalitet og etnisitet ein del av konvensjonen.- 288 svar
-
- 5
-
-
-
-
Ulovlegheiter skal følgast opp av kommunen, og det at kommunen ikkje har prioritert det gir ingen garanti for at det ikkje kan blir krav om å rette opp manglane seinare. Det som var lovleg bygd opprinneleg men som i dag ikkje oppfyller krava er likevel "freda" så lenge det ikkje blir gjort endringar frå det som er originalt. (Det er nokre unntak for det som gjeld brannsikkerheit som har tilbakevirkande kraft, som til dømes at det i alle tilfeller er krav om røykvarslar i bustad uavhengig av om bustaden vart bygd i 1890 eller 2015). Dersom det blir gjort endringar av ei viss størrelse så får ein fort krav om å oppgradere til dagens standard. Dette kravet om å oppgradere til dagens bygningslov er det ofte er største risikoen ved å ha avdekte ulovlegheiter. Har du ei ulovlegheit som vart avdekt i 2004 så er det i dag ikkje godt nok å rette opp avviket til 2004-nivå, då må det oppgraderast til 2024 nivå. Det blir derfor ofte dyrare og dyrare jo lengre ein ventar før kommunen bestemmer seg for å kreve retting. Realistisk sett så skal det likevel mykje til for at kommunen kjem med krav om retting etter så lang tid. Vart det ikkje tatt tak i då avviket vart oppdaga så er det nok ikkje prioritert heller i dag. Største praktiske utfordringa er at det gamle avviket kan få ny aktualitet dersom du søker om å gjere bygningsendringar slik at det blir oppretta ny byggesak. Då kan du fort få krav om at du også må rette gamle avvik før du får ferdigattest på det nye arbeidet.
-
Nye bustadsbygg vil ofte ha krav om leiekplass fastsatt av kommunen. Ofte blir eit slikt krav satt som krav for å få ferdigattest for å på den måten sikre at leikeplassen faktisk blir bygd. Det er ikkje tilbakevirkande krav om å etablere leikeplass i/ved eksisterande bygningsmasse. Det å endre fellesareal frå eit bruksområde til eit anna bruksområde vil kreve 2/3 fleirtal på generalforsamlinga, merk at dersom det er eller har vært eit leikeareal i gårdsrommet så ligg det innafor styrets fullmakt å sette i stand eller fornye leikeplassen. Hadde eg vært deg så ville eg argumentert med at forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr setter strenge krav til sikkerheitsivået ved leikeapparata og at det blir krav til at sameiget må utføre jamnlege kontrollar og vedlikehald, og at dette må kunne dokumenterast ved tilsyn eller erstatningssak. For mange sameige, burettslag og velforeiningar så blir det ofte alt for dyrt å etablere leikeplass ettersom det er krav om at det skal foreligge dokumentasjon på alle leikeapparata oppfyller sikkerheitskrava. Det å berre sette opp nokre leikestativ utan slik dokumentasjon medfører ein stor økonomisk risiko. Eit anna praktisk spørsmål er at gjennomføring og dokumentasjon på korleis leikeplassen har blitt kontrollert vil fort være nok ei oppgåve som fell på styret å utføre sjølve, alternativt må det leigast inn personell til å gjennomføre kontrollen. Så ditt beste argument for å få med deg andre bebuarar til å stemme mot forslaget er å etterspørre kostnadsoverslag på kva som blir dei årlege kostnadane ved å kontrollere og vedlikehalde leikeplassen. Innkjøp og montering av leikeapparat er berre ein liten del av kostnadane.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Det som saken er at arbeidsgivaren din har nok hatt nokre forventningar til kva dei skal bruke deg til som ikkje er heilt like det som dei har anonnsert etter. Arbeidsgivar kunne lyst ut ei prosjektstilling, men då hadde dei fått færre søkarar og færre kandidatar å velge mellom. For dei aller fleste arbeidssøkande så er det mykje meir attraktivt med ei fast stilling. Det er eigentleg det du også sjølv seier, hadde denne stilling blitt lyst ut som prosjektstilling så hadde du ikkje søkt. Når du no ikkje lenger er sikkerheitsklarert så har arbeidsgivaren din fått eit problem. For sjølv om stillinga di ikkje skulle være låst til prosjekt som krevde klarering så er det tydelegvis berre slike arbeidsoppgåver dei har tilgjengelege akkurat no. Sidan dei ikkje har satt sikkerheitsklarering som eit stillingskrav så er dei profesjonelle nok til å forstå at dei ikkje kan seie deg opp sjølv om dei ikkje har så mykje fornuftige oppgåver å sette deg til. Kva som er arbeidsgivars motivasjon for dette blir berre spekulasjonar, men det kan være alt frå at dei akkurat no ikkje har så mykje arbeidsoppgåver til deg men dei jobbar med å finne oppgåver som du kan få ansvar for. Eller det kan være at dei bevist ikkje gi deg faglege utfordringar i håp om du kjeder deg så mykje på jobb at du sjølv bestemmer deg for å seie opp. Du har også heilt rett i at det ikkje er ditt problem at arbeidsgivar ikkje har satt sikkerheitsklarering som eit krav, og det er strengt tatt også grunnen til at du ikkje har fått ei oppseiing. Det er likevel du som må kjenne på konsekvensane av at du ikkje får jobbe med dei spennande prosjekta og må ta til takke med meir kjedelege arbeidsoppgåver som du både vil kjede deg med, og som på sikt vil føre til at din ingeniørkompetanse rotnar vekk ettersom du i liten grad får holde deg fagleg oppdatert. For meg framstår det som at arbeidsgivaren din er både rederleg og seriøs. Ein mindre seriøs arbeidsgivar hadde gitt deg sparken på bakgrunn av at du mista sikkerheitsklareringa sjølv om det ikkje var satt som eit formelt krav for stillinga. Det er likevel mykje av deg å forvente at du skal få spennande prosjektoppgåver likevel om firmaet i all hovudsak jobbar med prosjekt som krev sikkerheitsklarering. Du har fortsatt ein fast jobb, og du vil nok også fortsette å ha fast jobb i firmaet. Utfordringa for deg er at det er lite arbeidsoppgåver til deg. Det er akkurat som i mange andre jobbar der køyring mellom ulike lokasjonar er ein del av jobben men utan at det er satt eksplisitt krav om førarkort til stillinga. Om ein då mister sertifikatet så kan ikkje arbeidsgivar seie deg opp, men samtidig blir det mindre arbeid å utøfre om ein ikkje får reist ut ditt arbeidsoppgåvene faktisk er.
-
Flertall for å kun ta imot ukrainere i Drammen
The Avatar svarte på Brother Ursus sitt emne i Oppslagstavlen
Merk at hensikta med å ta imot ukrainske flyktningar er eigentleg ikkje å integrere dei i det norske samfunnet, formålet er å gi ukrainere midlertidig beskyttelse slik at dei er klare til å reise heim så fort dei/vi vinner krigen. Det er derfor eit vist element av symbolpolitikk ved at ein tek det for gitt at ukrainarane berre er her midlertidig fordi Ukraina-Russland krigen er ein krig som Ukraina skal vinne. I praksis så vil det nok ta lang tid før ukrainarane kan returnere, og mange vil nok blir såpass integrerte i Norge at dei kanskje ikkje ønsker å returnere heller. Krigen dreg ut i tid og sjølv når krigen blir vunnet så vil det ta lang tid med oppbygging før det er noko særleg å returnere til. I tillegg så har vi ein del ukrainske flyktningar som rett og slett har desertert frå militærteneste og som må forvente lange fengselsstraffer om dei returnerer. Det er likevel lettare reint politisk sett å ha aksept for å ta imot ukrainske flyktningar (som kommunestyrevedtaket frå Drammen tydeleg viser) ettersom ukrainarane har ein kultur og eit levesett som liknar meir på det norske. I tillegg har dei ukrainske flyktningane fordelen av at dei likner på andre nordmenn og at Ukraina har mykje større støtte i befolkninga enn andre land som er i krig og konflikt. Dette bidreg til at det er lettare å ta imot ukrainere med opne armar.- 288 svar
-
- 4
-
-
-
Ser at statistikken går frå 1 oktober til 1 oktober. Så når du vart tilsett i november 2017 så tilhører du statistikkgrunnlaget for 2017-2018, der 9 av 12 månedar er i 2018. Det gir nok meining å samanlikne din lønn med lønna til dei andre som også er tilsett i perioden 1 oktober 2017 til 30 november 2018. Også fordi dei fleste får sine lønnsjusteringar på våren/sommaren, så etter denne tellinga så er det hensiktsmessig å samanlikne deg som starta i november 2017 og fekk lønnsaukning våren 2018, med ein anna person som starta tidleg i 2018 og også fekk lønnsaukning våren 2018. Det er alltid rom for forhandling, og statistikken over kva som er gjennomsnittleg lønn basert på utdanning og eksamensår blant både arbeidarar og leiarar fordelt over heile landet er på ingen måte nokon fasit for kva du bør tene. Som det står i innleiinga på statistikken så er det berre leiarar og enkeltpersonar med årslønn over 2 mill som er tatt ut av statistikken. Kva som er eit akseptabelt lønnsnivå kjem også mykje ann på lokale forhold, som levekostnadar og arbeidsmarked. Det er openbart at dersom du får den lønna som ein gjennomsnittleg arbeidar med same utdanning og same eksaminasjon og som jobbar på ei gjennomsnittleg bedrift så er ikkje det nødvendigvis det som er rett lønnsnivå for akkurat deg og din bedrift. Jobbar du ein stad der du enkelt kan starte å jobbe hos ein konkurrent til høgare lønn så vil du normalt sett også få høgare lønn, og motsett dersom du bur ein stad der arbeidsplassen din er einaste aktuelle arbeidsplassen innafor rimeleg pendleravstand så er det ikkje uvaneleg at du får lågare lønn fordi arbeidsgiver veit at du ikkje kjem til å flytte for å ta deg ein ny jobb. Korleis du skal forhandle og argumentere kjem veldig ann på kva slags argument som er relevante for deg og din arbeidsplass.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Trur du må skrive litt meir om kva RFI statistikk er og korleis det blir brukt.
-
Flertall for å kun ta imot ukrainere i Drammen
The Avatar svarte på Brother Ursus sitt emne i Oppslagstavlen
Reint faktisk så er dette eit diskriminerande vedtak, og sjølv om eg har forståing for arguementasjonen så er dette eit vedtak som eg er heilt sikker på at Statsforvaltaren vil erklære for ugyldig. Strengt tatt er det ikkje opp til kommunene å vurdere flyktningane. Det å vurdere beskyttelsesbehovet til flyktningar er ei statleg oppgåve, det kommunane skal ta stilling til er kor mange av dei som får innvilga asyl som kan busettast i den aktuelle kommunen. Dette vedtaket frå Drammen vil likevel kunne sjåast på som eit protestvedtak som løfter spørsmålet om korleis flyktningsstatusen blir vurdert opp til det nivået der det høyrer heime. Det som er vanskeleg med flyktningar er at det heng veldig saman med kva andre land gjer. Sjølv om ein i Norge hadde bestemt at ein skal prioritere flyktningar frå vårt geografiske nærområde så hjelp ikkje det når det kjem flyktningar frå andre land som har reist gjennom andre land og som no står på den norske grensa og søker asyl. Då må den asylsøknaden behandlast utifrå dei faktiske forhold, og ein kan ikkje utan vidare be flyktningen snu og heller søke asyl i f.eks. Sverige som ligg geografisk nærmare heimlandet. Det å vurdere det faktiske beskyttelsesbehovet er også i dag eit av vurderingskriteria, men så lenge spørsmålet om det foreligg eit beskyttelsesbehov er eit ja/nei-spørsmål og ikkje ein skala så vil det være vanskeleg å gjere ei objektiv vurdering på kor stort beskyttelsesbehovet for ayslsøkaren faktisk er.- 288 svar
-
- 2
-
-
Svaret på dette er i alle fall nei. Eigaren har einerett til bruk av seksjonen så tilgang må være basert på avtale, løyve, lov, eller eventuelt nødrett. I dette tilfellet så er det plikta til å gi sameiget tilgang for å vedlikehalde som blir gjeldande. Du har nok funnet rett paragraf i eierseksjonsloven. Etter same lov er bruksenhet definert som "et avgrenset areal av en seksjonert eiendom som en seksjonseier har enerett til å bruke til bolig eller annet formål", så sett opp mot vedlikehaldsplikta og eigars plikt til å gi sameiget tilgang så er også næringsseksjonen ei brukseining etter denne lova.
- 1 svar
-
- 1
-
-
At mange arbeidstakarar og arbeidsgivarar opererer med at 50% sjukemelding betyr at ein er på jobben halve tida endrar ikkje at det @Trond722 skriv er sant. Ein som er delvis sjukmeldt er også delvis arbeidsfør. Så sjølv om det ofte er enklare å rekne sjukemeldinga om til arbeidstid så er det også heilt innafor at den sjukmeldte er på jobben heile dagen og berre utfører x% av arbeidsoppgåvene. Det sagt så er det ikkje all sjukdom eller alle arbeidsplassar der ein kan tilby den sjukemeldte fornuftige arbeidsoppgåver. Arbeidsgivar er pålagt å lage oppfølgingsplan når sjukefråværet går over fire veker, men det er eit unntak der det openbart er unødvendig. Om trådstarter er i stand til å fyrst køyre i 3 timar og deretter sitte på buss i 3+ timar kjem heilt ann på kvifor ein er sjukemeldt.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Som alt mulig anna så kan sjølvsagt også me-too misbrukast til å slå politisk mynt, utan at det nødvendigvis er maktmisbruk. I denne konkrete saka så er begge sider einige i at det har vært episoder med uheldige episoder sjølv om Giske sjølv benekter å ha gjort noko meir konkret. At nokon prøver å bruke saka for å styre politikken i sin retning er nok klart, men eg stiller meg meir spørjande til kor mange det eigentleg er som synes dette er maktmisbruk frå dei som ikkje vil ha ein (nest) leiar som tidlegare har hatt dårleg oppførsel. Det sagt så er strid om leiarskapet og kva politisk retning partiet skal ta noko som heilt naturleg følgjer med når ein har eit stort politisk parti. Husk at heller ikkje Ap-medlemmer er ei homogen gruppe, det er masse ulike politiske meiningar også internt i partiet. Grunnen til at dei som har litt anna politisk syn enn dei andre i Ap fortsatt er medlemmer er fordi dei på den eine sida ønsker å påvirke partipolitikken til å gå meir i deira retning. På den andre sida så gir medlemsskap i norges største pari reell makt sjølv om ein ikkje alle medlemmane er heilt einige i alle vedtaka. Det er vel lenge sidan Arbeidarpartiet var eit parti for arbeidsfolket som dreiv arbeidarkamp, i dag er det på mange måtar berre namnet som heng igjen. Arbeidarpartiet kunne nok glatt delt seg i tre nye parti beståande av partimedlemmar som heller meir mot venstre, sentrum eller høgre enn dagens Ap-politikk. Men det gir langt mindre politisk makt å være mange små parti i staden for eit stort parti, sjølv om medaljens bakside er stadig maktkamp i kulissane om kven som skal være leiar og kva retning partiet skal ta.
- 104 svar
-
- 1
-
-
Vanskeleg å være ueinig i dette, men realistisk sett så vil den einaste måten å få god nok rettsikkerheit være ved å sette beviskravet mykje høgare enn det er i dag. I dag er det slik at for å dømt i sivile søksmål så er det krav om sannsynlegheitsovervekt. For å bli dømt i straffesaker så må det være bevist utover ein kvar rimeleg tvil. Skal ein då eit nivå over dette for å dømme i saker med dødsstraff så må ein nok sette krav om at skyldspørsmålet må bevisast uover ein kvar tvil, altså eit beviskrav som medfører at sjølv usannsynlege bortforklaringar må føre til frifinning. Får vi eit slikt system så blir det nok alt for mange alvorlege voldslovbrytarar som får gå fri fordi aktor ikkje kunne legge fram sterke nok bevis for ei dødsstraff. Og med eit slikt system så kan ein ikkje fyrst forsøke å få dødsdom, og får ein ikkje det så prøver ein igjen med fengselsstraff, og klarer ein ikkje det heller så prøver ein seg med sivilt erstatningssøksmål. Dette vart Norge felt på i saka mot Birgitte Tengs fetter som ein ikkje fekk dømt strafferettsleg men som i staden vart dømt sivilt for den same saka som han var frikjent for.
- 290 svar
-
- 2
-
-
Det må du nesten spørre om. Tviler på at eit stort bemanninsbyrå har så lettvinte rutiner at du blir informert om at du får jobben ved å få ein "godkjent" status og ikkje via eit brev eller ein telefonsamtale. Om eg skal gjette så har du fått merkelappen "godkjent" fordi nokon har vært inne å sjekka CVen din opp mot stillingskrava til stillinga du har søk og funnet ut at du er kvalifisert. Med andre ord så trur eg dette betyr at du er grovsortert som ein av kandidatane som det blir jobba vidare med.
- 1 svar
-
- 1
-
-
It depends. Especially on whether you are an employee or a freelance. As a freelance you will not have a guaranteed income, so that might be problematic if you are living on a tight schedule. It will be possible to live of this kind of work, but it really depends on how and when you work. As a primary job you will probably be better off in a more traditional job where you get a steady pay every month instead of having a income that depends on both how you work and if there is work to be found. How much you can earn will depend a lot. According to Foodora their carriers earns at average 218 kr/h, plus tips. Do note that a lot of carriers only works a few hours when during the busiest times, so that will increase the average. If you are planing on working 8-10 hours a day then you will also need to work at times where there is not much to do, so that will lower your average hourly pay. Personally I would advice you to find a job where you get a fixed hourly pay, and instead work part time as a food carrier when you can. It might be hard to make a good living with such a job. But if you work both hard and smart you could potentially earn quite well if you get the best trips with the customers that tips you well.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Vanskeleg å følge kva sak som er kva, men om du kan betale ned det kravet som går til lønnstrekk med sparepengar så bør du gjere det. Det er mykje betre å ha frivillige betalingsavtalar enn å måtte tvingast av Namsmannen. Kva lån du skal betale ned fyrst blir eit spørsmål om å rekne på rentekostnader. Du bør sjølvsagt prioritere det dyraste lånet fyrst slik at du får meir pengar tilgjengeleg som du kan bruke på å fortare betale dei andre låna.
- 19 svar
-
- 1
-
-
- inkassogjeld
- inkassoloven
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Slik bruk mot utmark har fra 2010 vært eksplisitt ulovleg etter lov om dyrevelferd. Regelverket skiller ikkje mellom dei uike typane av piggtråd som finnes, det er nok at gjerdet er eigna til å gi dyr unødig påkjenning. Unødig påkjenning er noko heilt anna enn til dømes smerte og lidingar, så strengt tatt skal ikkje mykje til for at gjerdet kan utgjere ei slik påkjenning for ville dyr. Og etter grannegjerdelova så er gjerder som er farlege for folk eller husdyr ulovleg. Så i ein hage mellom innmarka til to naboar så kan ein bruke piggtråd sålenge det ikkje er farleg, men mot utmark der det kan være andre dyr så er det ulovleg også om gjerdet utgjer ei unødig påkjenning. Så vanlege piggtrådgjerder som ikkje er spesielt spisse kan nok være akseptabelt mellom to naboar fordi eit slikt piggtrådgjerde ikkje er å rekne som farleg, men opp mot lovens ordlyd så trur eg nok at det er litt risikabelt reint juridisk.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Woke i moderne underholdningsindustri
The Avatar svarte på Reg2000 sitt emne i TV-serier og -programmer
Ja blir sikkert hylekor uansett. Men i akkurat denne samanhengen så er det jo snakk om ei filmatisering av ein musikal som er basert på L. Frank Baum sitt arbeid, så at visjonen har endra seg frå originalen er ikkje så overraskande. Eg ser i alle fall tre ulike retningar kritikken kan gå, så uansett kva filmskaparane hadde gått for så ville ein nok fått kritikk frå hylekoret. 1. Det kan bli kritikk på kvifor det er den mørke skodespelaren som må ikle seg grønn maling, men kritikken om det var motsatt hadde nok vært enda større om det var Adriana Grande som var iført og "greenface" og den mørke skodespelaren som fekk ha eigen hudfarge. 2. Det kan bli kritikk på at Adriana Grande er for etnisk latina, spansk, italiensk(?) til å være "whiteface" med blondt hår. 3. Og kritikken kan sjølvsagt gå i retning av at begge hovudrollene burde vært spelt av enten to kvite eller to mørke skodesplarar alt etter på kva side av ytterkantane kritikken kjem frå. -
Om ein fyrst skal gå for denne løysinga så foreslår eg at sjølve ringeklokka blir plassert hos naboen, og at trådstarter setter opp eit skilt som informerer om nettopp dette. Då blir det sikkert meiningslaust å snike i trådstarters hage ettersom naboen som blir spionert på kjem til å dra for gardinene. Lyden av ringeklokka er det ikkje sikkert denne dama synes er meir plagsomt enn å få tilsnakk av trådstarter, men om naboen blir varsla ved aktivitet i hagen så forsvinner heile hensikta med å spionere. Akkurat det å sette opp ei ringeklokke (eller lys) på sensor er ganske uskuldige tiltak, men sidan vi er på juss-forumet så vil eg oppmode til at ein er forsiktig med å legge ut noko som liknar på feller. Det vil fort kunne være straffbart med slike tiltak sjølv om det er på privat grunn. Etter grannegjerdelova er det mellom anna forbod mot gjerde som kan være farleg for menneske eller dyr. Sånn sett er eg litt overraska over at politiet har anbefalt bruk av piggrådgjerde sjølv om det "off the record". Sjølv om mange av dei lokale forskriftene med forbor mot bruk av piggtråd vart oppheva etter det vart innført eit generelt forbod om å bruke piggtråd for å regulere ferdselen til dyr, så gir det også ein peikepinn at det i mange forskrifter var forbod mot piggtråd også på grannegjerder med mindre gjerdet var ca 2 meter høgt. Kor høgt piggtråden er montert vil nok være eit viktig moment når ein skal vurdere om gjerdet er farleg for folk og dermed ulovleg eller ikkje. Generelt sett så er det nok slik at det ikkje skal være mogleg for mennesker å skade seg på piggtråden med mindre ein forsøker å klatre over gjerdet. Og skal ein fyrst gjerde inn heile hagen med eit gjerde som er vanskeleg å klatre over så finnes det også mange andre fullgode alternativ til piggtråd som ein kan bruke.
- 25 svar
-
- 1
-