The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
21 083 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Ja det er det som er tenkt, folk skal kunne køyre til hytta på fjellet med piggdekk og så får ein til og med helga etter påska til å legge om dekk. Regelen er at frå og med fyrste mandagen etter 2 påskedag så kan ein ikkje køyre på piggdekk (med unntak av når køyreforholda gjer det nødvendig). Det er likevel veldig merkeleg å ha ein regel der ein har fast dato på at ein ikkje får køyre med piggdekk før 1 november, men på andre sida baserer seg på bevegelege helligdagar. Andre påskedag kan være alt frå 24 mars til 27 april. Grunnen til at ein har reglar om tidspunkt for piggdekk er jo at ein ikkje ynskjer at folk skal køyre rundt på piggdekk heile våren, men det hadde vell både vært enklare og gitt meir meining dersom ein berre bestemte at piggdekka skal av 1 april, og så kan dei som skal på påskefjellet uti april bruke unntaket om å sko seg etter føret? Dersom påska er sein og våren kjem tidleg så blir det fort eit par månadar der ein køyrer med piggdekk på snøfrie vegar før ein må ta av piggdekka. Eg vil også tørre påstå at sjølv når ein skal opp på høgfjellet i påska så er det ikkje gitt at piggdekk er nødvendig så mykje som vegane blir salta i dag. Så lenge du ikkje du køyrer hovudvegane så er det vel ofte at du køyrer på svart og tørr asfalt heile vegen opp til alpintanlegget?
- 42 svar
-
- 1
-
-
Kvifor betalar dykk for snøbrøyting av ein kommunal veg? På kommunale vegar så er det kommunen som har ansvaret for vedlikehaldet av vegen, herunder ansvaret for snøbrøytinga. At velforeininga har organisert seg slik at dei sjølv betalar for snøbrøytinga tyder på at dette ikkje er ein kommunal veg. Du kan sjekke eigarforholdet veg å gå inn på https://vegkart.atlas.vegvesen.no og klikke på gata. Då får du opp ein pop-up der dei fire fyrste siffera er kommunenummeret deretter bokstavane KV og eit nummer for kommunal veg eller PV og eit nummer for privatveg. Når det gjeld sjølve velforeininga og kva dei kan pålegge deg så kjem det ann på organisering og eigarforhold. Dersom vegen og denne grasflekken ikkje er kommunal, men er privateigd som eit sameige beståande av dei seks einebustadane så er du deleigar av vegen og grøntarealet og må stå for din del av vedlikehald og kostnadsdekking. Du kan i ytterste konsekvens bli dømt til å betale erstatning til velforeininga/sameiget om du ikkje tek din del av ansvaret. Når det gjeld pynting og rydding så er det litt meir gråsone mellom ansvaret for stell og vedlikehald, og det som er rein frivillig dugnad for at det skal sjå fint ut i gata. Dersom vegen er kommunalt eigd og du ikkje er sameigar i gata eller grøntarealet så kan ikkje velforeininga tvinge det til å gjere noko. Det er ingen lover som regulerer ei velforeining, så velforeininga er akkurat slik som andre intresseorganisasjonar ei frivillig samanslutning der fleire går saman for å løyse oppgåver som fleire har interesse av. Den mest vanlege oppgåva er å arrangere dugnadar der ein ryddar og pyntar eit område der eigaren sjølv ikkje vil legge arbeid til. Typisk då ein kommunal veg der kommunen berre gjer det aller mest nødvendige som snøbrøyting, og så er det velforeininga som må arrangere søppelplukking, luking av ugress og slike ting som kommunen ikkje bruker tid på å utføre men som bidreg til trivsel i nærområdet. Andre områder som ei velforeining ofte ivaretek er at dersom ein registrerer velforeininga i Brønnøysundregisteret så kan ein søke om offentlege midlar til å finansere tiltak som å bygge eller utbetre ein leikeplass, osv. Ein vil også med ei formell registrering kunne være høyringspart inn til kommunens reguleringsplanar, som då vil ha større tyngde når det kjem frå eit vald styre i ei velforeining enn dersom det kjem frå ein enkelt huseigar.
- 15 svar
-
- 2
-
-
Forskrift om prikkbelastning: Verken Skiltreglane § 5 og fartsreglane § 6 i vegtrafikklova eller § 2 i forskrift om prikkbelastning er avgrensa til å berre gjelde motorkøyretøy. Syklande vil såleis få same straffereaksjon som bilførarar, inkludert prikkar på førarkortet dersom ein har førarkort å sette prikkar på.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Arbeidspsykologiske tester i forbindelse med jobbintervju?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Mange testar er bygd opp slik at ein skal avsløre om du motseier deg sjølv, men det er fordi dette er den mest banale måten å sjekke om kandidaten er konsekvent i sine svar. Ofte kombineres denne teknikken med å ha svært mange spørsmål slik at du får ikkje same spørsmålet berre to gongar, du får det gjerne 4-5 gongar i løpet av testen, på den måten er det størst mogleg sjans for at kandidaten gløymer seg og svarer ærleg i staden for det som ein bør svare. Det finnes testar som forsøker å skjule denne kvalitetssjekken bak å skjule spørsmåla bak anna formulering, eller ved å bruke omvendt psykologi for å prøve å forutsjå at ein kandidat med personlegheits trekk X kjem til å svare uærleg på dette spørsmålet slik at når kandidaten har svart A så er det eigentleg svar C, men slike krumspring innfører nye svakheiter. I tillegg vil slik tolking av kva som er kandidatens eigentlege meining være basert på eit særdeles dårleg vitenskapleg grunnlag. For sjølv om det som kjenneteikner personlegheit X er at ein lyg på spørsmål om temaet Y, så er det ikkje sikkert at alle med personlegheit X svarer slik som den som har laga testen har tenkt, og om kandidaten då skulle svare ærleg og ikkje lyge så vil også resultatet av testen bli feil. Og med all mogleg frykt for å erte på meg ei heil yrkesgruppe, så meiner eg at psykologi er eit fagfelt med eit vitenskapleg grunnlag som har mykje meir til felles med statistikk enn vitenskap. Ein som er god på arbeidspsykologi kan nok på bakgrunn av erfaring og innsamla data seie at eit fleirtal av dei som har personlegheits X er slik og slik, men psykologien kan etter min meining aldri gi eit fasitsvar som gjeld for absolutt alle.- 48 svar
-
- 1
-
-
Som @Reg2000 skriv så kjem pengane frå ulike stadar. Enkelte russ jobbar deltidsjobb og sparer opp eigne pengar til å bruke på russefeiringa, andre organiserer seg og jobber det dei kallar "dugnad" som består i at dei som gruppe tek på betalte jobbar/oppdrag, eller at pengane kjem direkte frå foreldra. Og utan å generalisere for mykje, så er vel det største problemet at det er ein del russ som har mykje familiepengar å bruke på russefeiringa, og at det er disse personane som sett forventningar som er så høge at andre russ utan rike foreldre setter seg i gjeld for å prøve å nå opp på det nivået dei har forventningar om. Min (noko subjektive erfaring) er at der russen sjølv sparar opp og jobbar for pengane, og der dei drifter russegruppa som ein organisasjon med ein leiar/økonomiansvarleg, så gir dette god og nyttig erfaring. Reint praktisk er ofte utfordringa at det krev ein del støtte frå foreldre til å få hjelp til å organisere seg, lage (og forstå) kontrakter/avtalar, organisere økonomien, osv. Min (igjen ganske subjektive) meining er at mykje av problemet oppstår fordi russen ikkje har kunnskapen og erfaringa med å skulle forvalte felles verdiar på vegne av ei heil gruppa, og at mange av dei kommersielle aktørane regelrett utnyttar russens uvitenheit til å inngå avtalar som ikkje er spseiselt gode for russen sjølv. Det er mange dømer på alt frå at den kommersielle aktøren rettar seg mot den som akkurat har fylt 18 for å få ein signatur frå ein myndig person som kan ta på seg det juridiske ansvaret for resten av russen som på det tidspunktet er berre 17 år, til at ein tilbyr til dels urimelege leigeavtalar om leige av buss eller lydutstyr der ein både må betale høg leige og tek på seg ansvaret for sjølv utbetre feil og skadar som skulle oppstå i leigetida. Dette er avtalar som er relativt vanlege når motparten er eit firma, men som ligg ganske langt unna normalen for ansvar ein leigetakar vanlegvis tek på seg som privatkunde. Akkurat på dette området så er eg einig i eit myndigheitene godt kunne holdt dei kommersielle aktørane litt betre i øyrene for å gi eit ekstra vern til russen som med berre dagars margin har blitt myndige. Samtidig burde etter min meining dei vidaregåande skulane hatt opplæring i organisasjonskultur og grunnleggande avtalerett. Berre på forumet her finn vi mange trådar som omhandlar russ som har inngått ein kontrakt om kjøp av russebuss og som etterpå angrar og vil gå frå avtalen, og på den andre sida russ som sitter igjen med ein buss nærmast åleine fordi alle dei andre i russegruppa har misleghaldt sine kontrakter, og ikkje minst saker der russegruppa i ettertid kranglar om korleis ein skal selge bussen og fordele inntekter og gjeld fordi ein ikkje har inngått avtalar som regulerer det økonomiske ansvaret internt i gruppa. Så eg synes ikkje at eit forbod mot russe-buss/bil er ei god løysing, for det er mykje positivt også med å eige eit køyretøy i lag, alt frå erfaring om korleis det er å være deleigar i noko, til praktiske omsyn der bussen/bilen både blir eit sosialt samlingspunkt og kanskje også løyser praktiske utfordringar rundt transport som sikrer at alle kjem seg heim frå fest på ein fornuftig måte. Så synes eg også at det er viktig å påpeike at skrekkhistoriene som kjem fram ofte omhandlar berre nokre få russ, frå enkelte stadar i landet. Det store store fleirtalet av russekullet har ei langt meir lavmelt russefeiring enn dei som vi ser på nyheitene som har brent av millionbeløp på å male grafitti på bussen sin, fått komponert sin eigen russesong, og leigd lyd og lysanlegg til bruk i berre nokre få dagar.
-
Fordi det er dårleg for matsvinnet. Sjølv om skrutoppa på melkekartong vart solgt inn som eit tiltak for å gi betre funksjonalitet og brukarvenlegheit, så var det også eit argument at skrutopp ikkje skulle gå utover miljøvernet. For oss som ikkje drikk så mykje melk så er det markant forskjell på kor lenge melka kan stå i kjøleskapet utan å ta til seg usmak med og utan tett kork.
-
Eg er langt på veg einig med deg, men samtidig så ser eg ikkje heilt at dette er eit russe-problem og ikkje eit ungdoms-problem. Russefeiringa er nok med å framhever behovet for å finne seg ein klikk, og då kanskje særleg fordi det på ein russe-bil/buss er ei heilt praktisk maksgrense for kor mange som kan være med i russegruppa utan at det blir forlite plassar på bussen til alle. Likevel er viktigheita av å finne seg ein gjeng tidleg, og aller helst alt på ungdomsskulen for å ikkje bli ståande utanfor meir eit ungdomsproblem enn eit problem med russefeiringa som såleis. Dei som blir ståande utanfor og ikkje får være med på ein russebuss er jo typisk akkurat dei same som sitt heime i helga fordi dei ikkje har blitt invitert med på fest.
-
Ja eg kan heller ikkje sjå korleis ein realistisk sett kan politisk flytte russefeiringa. Dei einaste måtane eg kan sjå er: Ved å lage forbod som rammar russen særskilt som til dømes tidlegare forslag om å forby raude og blå snekkerbukser, men dette er mildt sagt problematisk å forby i eit demokratisk samfunn. Sjølv om ein berre innfører det som eit klesreglement på offentlege skular så er det problematisk, å det å forby bestemte klesplass i det offentlege rom ser eg på som heilt umogleg. Ei anna løysing er dersom politikarane klarer å einast om å tilby ei offentleg russefeiring etter eksamenane som då må være attraktiv nok til at at russen vil benytte seg av muligheita, og som sikrar at ei slik offentleg russefeiring etter eksamen ikkje kjem i tillegg til den vanlege russefeiringa. Det einaste eg kan tenke meg på ståande fot (utanom gratis øl) er dersom Staten/Fylkeskommunen arrangerer attraktive gratiskonsertar til russen, og at ein finn ein måte å regulere slik at det er berre russ som har droppa den vanlege russefeiringa som får eit slikt tilbod om gratiskonsert. Det som nok er den viktigaste grunnen til at dagens russefeiring foregår før eksamenane er jo at etter eksamen så er skulen stengt. Så då har ikkje elevane lenger det møtepunktet. I tillegg så vil veldig mange av elevane som er ferdige med eksamen flytte relativt fort etterpå. For å få seg hybel den staden ein skal studere så må ein ofte ta over studenthybelen alt i mai/juni, og når ein fyrst har og betalar for ein hybel på ein ny plass så er det ikkje så rart at mange også flyttar inn i løpet av sommaren før studiestart. Så reint praktisk så vil "siste kveld med gjengen" for veldig mange russ være siste ordinære undervisningsveka før eksamenane starter. Når eksamenane startar så er mange heime og les, og dei som ikkje vart trekt ut til eksamen har fri og er ikkje på skulen. Og sjølv om det skulle være politisk vilje til å ha dei vidaregåande skulane opne også etter siste eksamen slik at elevane har ein stad å samlast, så er spørsmålet kva er det ein kan tilby elevane å gjere på skulen i slutten av mai / starten av juni som dei gidder å møte opp på framfor å ta sommareferie etter at siste eksamen er avlagt og undervisninga er over? Dei konkrete tiltaka som i følge VG artikkelen ligg føre er: Flytte russeferinga til etter eksamen -> Kan ikkje gjennomførast så lenge russefeiring er eit privat anliggande som skulen ikkje vil ta del i. Utvikle nasjonal strategi og handlingsplan for inkluderande russefeiring -> Rein skrivebordsøving, vil i beste fall føre til at skulen arrangere ein alkoholfri "graduation-day" sermoni for alle, som enten kjem i tillegg til den private russefeiringa eller som ikkje alle gidd å delta på. Forbod mot sidevente seter utanom rutetrafikk -> Kan gjennomførast, men problematisk med tanke på likebehandling at ein skal akseptere lågare trafikksikkerheit i kollektivtransporten enn i private køyretøy. Eg kan heller ikkje sjå at forslaget påvirker russefeiringa utover at russen må ha anna innredning i bussane, kan til og med føre til forventning om at russen skal ha to bussar. Ein festbuss med dansegolv til bruk når den er parkert, og ein buss til med vanlege busseter for russen å køyre etter festbussen med. Forby ståplassar utanom rutetrafikk -> Igjen same, vanskeleg å skulle ha unntak for privatpersonar. Sjølve forslaget er i bunn og grunn fornuftig. For det er jo noko rart at hovuderegelen er at alle skal bruke bilbelte i trafikken, men med unntak for kollektivtransport der det blir dyrt og ha nok bussar med nok sitteplassar med belte til å ta unna transportbehovet. Skjerpa tilsyn mot den kommersielle russeindustrien -> Dette er strengt tatt urimeleg forskjellsbehandling av eit bestemt markedssegment. Men om det er snakk om meir ressursar til å føre tilsyn med kommersielle aktørar inkludert russeindustrien så er det noko heilt anna. Tilsyn for å syte for at alle som driv næring følgjer lover og reglar er veldig fornuftig, men ikkje om det berre skal gjelde enkelte typar næringar. Dialog mellom partane -> Kjempefornuftig, men per i dag så mangler det formalisering av kven som representerer russen. Dei fleste russestyrer er ikkje demokratisk valgt blant all russen, det er vanlegvis ei rolle som dei mest populære berre tek på seg. Ein skule kan til og med ha fleire styrer og fleire russepresidenter. Eg kan ikkje sjå at det er mogleg å gjere mykje anna enn å gi russen informasjon og rettleiing til at dei sjølve kan endre kurs. Mitt klare inntrykk er også at det er enormt stor forskjell frå skule til skule. Enkelte skular så drikk 18-19 åringar svært lite alkohol og er opptatt av å gjere det best mogleg på eksamen og vel kanskje å stå heilt utanfor russekulturen. Og på andre skular så har det gått heilt bananas der russefeiringa startar fyrste skuledag og ein brukar enorme summar på russebuss og festar i utlandet. Så fyrste og einaste steget ein kan gjere reint politisk slik som eg ser det er at skulen og då Fylkeskommunen må bruke pengar på å arrangere gode feiringar i regi av skulen, og ikkje berre drive undervisning og gi elevane beskjed om å organisere sosiale aktivitetar på privaten.
-
Egentlig er det vel eit større problem at norske bensinstasjonar i liten grad er designa utifrå ein tanke for organisering av fyllekø. Ein typisk bensinstasjon har ofte fire dobble pumper der ein kan fylle frå begge sider. Slik at maks samtidig fyllekapasitet er 8 bilar samtidig. Men det er sjeldan at det er merka opp eit område for å stille seg i kø, stort sett er det meininga at du skal svinge inn på bensinstasjonsområdet og stoppe ved den pumpa som er ledig. Enda verre er det eigentleg ved ladestasjonar der ei lang kø fort kan bestå av parkerte bilar der føraren har gått ut av bilen. Einaste stadane på bensinstasjonar der eg har sett at det er relativt vanleg å ha vegmerking eller skilting av kø er inn til vaskeautomat, men der er det kanskje litt meir kritisk ettersom mange vaskeautomatar er det slik at nummer to i køa betalar for sin vask før bil nr 1 er ferdig, og dersom nokon snik i køa då så får vedkommande ein "gratis" vask av den typen som nr. 2 hadde betalt for. Så i slike tilfeller så får nok bensinstasjonen ein del pes og må rydde opp gjennom å refundere kunden som betalte for ein vask som nokon andre tok og kreve inn betaling for den som sneik i køa. For sjølve drivstoffyllinga så er det litt enklare ettersom det er ingen som har førehandsbetalt før dei får parkert framfor bensinpumpa.
-
På sykkelsti utan skilta fartsgrense så vil det i utgangspunktet være dei generelle fartsgrensene på 50 eller 80 km/t som gjeld. Men merk at du kan likevel bli stoppa for å være uaktsom, særleg om sykkelvegen også er for gåande så kan sykling fortare enn kanskje 30 km/t bli vurdert som uaktsomt. Skal ein sykle fortare enn dette utan at det er dedikert sykkelsti berre for syklistar så bør ein bruke vegbana. Ja, du får prikker også om brotet på trafikkreglane foregår på sykkel. Nei du får ikkje bot for mobilbruk på sykkel, det forbodet gjeld spesifikt for fører av motorvogn. Men også her kjem aktsomheitsparagrafen inn der du kan bli straffa for farleg oppførsel i trafikken.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Då er det ikkje lenger likheit for lova, ein narkoman kan også gløyme å betale for seg. Saka stiller seg nok litt annaleis dersom denne narkomane også har ein historikk på tjuveri (som kanskje ofte heng litt saman), men at alle andre enn dei som jobbar i politiet skal dømmast for tjuveri utelukkande på at ein legg til grunn at den som går ut av butikken utan å betale utan moglegheit til å bli trudd på at dei gløymte å betale, medan politiet skal få tvilen til gode er ikkje spesielt bra for prinsippet om likheit for lova. Om noko så burde det være straffeskjerpande at uniformert politi ikkje er ekstra påpasselege med å oppføre seg skikkeleg ute i det offentlege rom, enten det er å betale for seg i butikken, ikkje køyre for fort utanom utrykning, eller å ikkje spytte på gata.
- 135 svar
-
- 3
-
-
Stort sett så er det uproblematisk med elbilar som har ladeport enten i fronten eller bake. Utfordringa kjem ofte på dei elbilane som har ladeporten på sida av bilen sidan ein då kan få utfordringar med at ladekabelen ikkje er lang nok, eller at ein må dobbeltparkere framfor ladestasjonen for å kunne lade. Det eigentlege problemet er likevel at enkelte ladestasjonar ikkje er universelt utforma med kablar som er lange nok til at ein får lada uavhengig av korleis ein parkerer. For det er eigentleg tilsvarande idiotisk at ein som har elbil med ladeport i fronten ikkje kan rygge inn på parkeringsplassen om ein ynskjer å lade. Når det gjeld påfylling av drivstoff så tenker eg at det er relativt uproblematisk. Vanlegvis stiller ein seg berre i den køa som passar best i forhold til kva side ein har påfyllinga. Det er sjeldan det er særleg med kø ved diesel/bensinpumpene uansett, og dei gongane det er det så er det ofte ei pen og ryddig kø fram til fylleområdet slik at den som står fremst i køa heilt fint kan både snu og manøvrere seg bort til den pumpa som passar best. I tillegg brukar fylleslangane å være lange nok til at det går fint å fylle diesel frå "feil side" likevel. Det sagt så er eg einig i at det hadde vært praktisk om dette var standarisert, til f.eks. at fyllepunktet skal være på førarsida. Men grunnen til at det ikkje er det er vel fordi ein slik standarisering kan bli dyrare. Det er heilt sikkert billegare for bilprodusenten å bygge identiske bilar der det er berre er ratt og instrumentpanel som blir flytta på avhengig av om bilen skal selgast i land med høgre eller venstrekøyring. Om drivstoffpåfyllinga også må speilvendast så blir det fort mykje dyrare. Og når ein då fyrst standariserer fylleside for drivstoff, kvifor ikkje ta den enda lengre å standarisere side for påfylling av spylarvæske også?
-
I praksis er veldig vanskeleg å bevise om ein hadde til hensikt å skaffe seg uberettiga vinning, det er derfor ein ofte legg til grunn at den som har passert siste betalingspunkt blir anmeldt for tjuveri fordi ein då vel å setje likeheitsteikn mellom den fysiske handlinga med å gå ut av butikken utan å betale med at ein då truleg hadde intensjon om å skaffe seg vinning. Det som er problematisk i denne saka er at ettersom denne politibetjenten blir trudd på at det var ei forglemmelse og at at beviset for at tjuveriet ikkje var med vilje var at tjuveriet ville kunne få konsekvensar, i dette tilfellet for tilsettingsforholdet i politiet. Ja då har ein opna døra for at nesten alle som nasker kan unskulde seg med at det ikkje var med vilje, og at dei sjølvsagt ikkje hadde ville risikere bot og rulleblad for så liten vinning som 150 kr. For det openbare motargumentet mot at beløpet er lite er vel at 150 kr ikkje nødvendgvis er eit ubetydeleg beløp for ein politibetjent som tjener 353 kr i timen. Ei typisk bot for nasking er vel rundt 3000 kr, så om ein sett størrelsen på bota opp mot verdien av det beløpet ein har blitt tatt for å naske så vil det medføre at den logiske konklusjonen er at ingen ville frivillig risikert mange tusen kroner i bot for å spare seg 100 kr. Samtidig så er vel mykje av grunnen til at bota er såpass høg at ein tenker at bota skal være avskrekkande også for dei gongane ein har naska utan å bli tatt. Alle som har yrke eller verv der tillit er viktig vil frå no av kunne bruke denne beskyldninga for å sleppe straff for nasking. Det er greit nok at politiet har eksplisitt vandelskrav for å kunne utøve sitt yrke, men same argumentet kan jo også brukast av til dømes ein lokalpolitikar som aldri hadde blitt gjenvalgt om det vart kjent at han var ein tjuv, eller røyrleggaren som aldri meir vil få beskjed om at husnøkkelen ligg under blomsterpotta om kunden viste at røyrleggaren var ein tjuv. Det eg savnar i det som er referert frå om i saka er eksakt kva vurderingar som spesialeininga for politisaker la til grunn når dei aviste saka med status om at det ikkje er bevist straffbare forhold. Det var ikkje spesielt utfyllande det som spesialeininga har lagt ut https://www.spesialenheten.no/avgjorelser/anmeldelse-for-mindre-tyveri/ Vurderinga var berre å slå fast at verdien på varene var 154,70 kr, at politibetjenten var uniformert og i teneste, at politibetjenten forlot lokalet utan å betale, og konklusjonen om at politibetjenten ikkje hadde til forsett å skaffe seg vinning og at manglande betaling var ei forglemmelse. Det kan være gode grunnar til at spesialeininga i dette tilfellet kom til at dette reint faktisk var eit hendig uhell og derfor ikkje straffbart, men det vi som innbyggarar tolkar det som er at det som var avgjerande for konklusjonen var at dette dreide seg om ein politibetjent (attpåtil uniformert). Av heilt konkrete opplsyningar som eg gjerne ville hatt opplysningar om for å vurdere betre saklegheita av å henlegge denne saka er: -Når og av kven vart tjuveriet oppdaga? Her er det stor forskjell på om det var politibetjenten som kom uoppfordra tilbake for å gjere opp for seg. Eller vart tjuveriet anmeldt på vanleg måte, og det var fyrst når politibetjenten var tatt at påstanden om at ein gløymte å betale kom fram? -Har politibetjenten gjort opp for seg? Eller har politibetjenten både fått gratis lunsj og sluppet unna bot/straff? -Var det tenestemessige behov som gjorde at politibetjenten forlot butikken utan å betale, som til dømes at ein fekk eit hasteoppdrag? -Kan politibetjenten ha brukt det faktum at vedkommande var uniformert til å snike seg forbi betalingskøa og at det var derfor det ikkje vart betalt for varene? -Er denne politibetjenten fast kunde som gjennom lang historikk har vist seg som ein pliktoppfyllande kunde og at dette har vært medvirkande til at ein har trudd politibetjenten på at vedkommande denne eine gongen gløymte å betale? Eg skal ikkje være så politifientleg at eg tolkar absolutt alt som korrupsjon og vennetenester. For dersom denne politibetjenten hadde fått melding om knivstikking og måtte spurte ut av butikken og slenge seg i bilen så har eg sjølvsagt full forståing for at ein då ikkje tek seg tid til å stå i betalingskø, og at sjølv om ein burde kaste frå seg varene før ein spring ut så kan plutseleg gløme at ein hadde ei vare i neven i det ein sprang. For tilsvarande rom for skjønn ville eg også tillagt ein røyrleggar som i lunsjen får telefon om at no står vasspruten og han må kome umiddelbart å stenge av vatnet for å unngå at det blir store vasskadar. Akutte nødsituasjonar kan skje i dei fleste yrker, sjølv om det ikkje er i alle yrker at nødsituasjonane er direkte livstruande. Men basert på den grunngjevinga som spesialeininga har gitt så ser det ikkje ut til å foreligge slike spesielle omstendigheiter i denne saka, utover at ein har lagt full tiltru til at denne politibetjente berre er for distré til å huske at ein skal gå til kassa for å betale for lunsjen ein har vært inne i butikken å henta seg.
- 135 svar
-
- 1
-
-
KI scorrer betre på kreativitet på enkelte områder, men det er litt avhengig av kva slags kreativitet ein tester for og korleis ein tester. Særleg når det kjem til tekstgenerering så har KI ein overlegen kreativitet. Og særleg når det gjeld dette med å legge til undertoner i teksta, som å skrive teksta som engasjerande, trist, med ingen ord på meir enn to stavingar, sint, manipiulerande, osv. På meir kunstnerisk kreativitet så kan KI score høgare fordi KI i mindre grad lar seg avgrense. Eg har store vanskar med å forestille meg fysiske umoglegheiter medan ein KI fort spytter ut bilder som illustrerer dei merkelegaste fenomen. Det sagt så er det ein stor debatt om slike heilt unike skaparverk er ekte kreativitet eller om det er vilkårleg, men det er i utgangspunktet heilt likt debatten om ein bildekunstner som maler abstrakte linjer og malingsflekkar er kreativ eller berre tilfeldig i sin skaperprosess. Du har likevel heilt rett i at ein KI ikkje vil kunne søke opp og bruke tidlegare dommar utan at det blir lagt til mange tilleggsfunksjonar. Ein KI vil ofte basere seg på å gi resultat som likner ting som ein har sett ført. Så ein vil fort kunne emulere korleis ein dom skal sjå ut, men det er på ingen måte gitt at straffeutdømminga er basert på objektive kriterier. KI fungerer slik at fordi mange dommar konkluderer med 5 års fengsel så vil også KI prøve å skrive ein tekst som ender på same straffeutmåling fordi det er slik KI har lært at ein dom skal avsluttast. Eit anna stort problem med KI når ein skal bruke dette til å bearbeide store menger tekst, som til dømes arkivet over tidlegare dommar, er at KI fint kan generere sine eigne kjeldehenvisningar. Var ganske nyleg ein nyheitsartikkel frå USA der ein advokat/advokat-firma vart dømt for å ha brukt KI til å skrive argumentasjonen sin, og at denne KI-en bygde sin argumentasjon på tidlegare rettspraksis med saksnummer og det heile, men så viste deg seg at disse tidlegare dommane ikkje var ekte saker.
-
For min eigen del berre vrir og riv eg av korka, treng ikkje verktøy. Eg trur likevel at dette i svært liten grad blir oppdaga, for eg skrur tilbake korka slik som eg er vand med. Både for å hindre søl og flattrykte flasker når eg skal pante dei, men også fordi eg får meg ikkje til å rive av korka for å kaste den i restavfallet (eller naturen) i ein protestaksjon som berre eg får med meg likevel. Og i den grad Tomra skulle rapportere om ein aukande grad av panteflasker utan kork, så blir nok det brukt som dokumentasjon på at korkene må henge enda betre fast i flaskene, og ikkje som dokumentasjon på at det er på grunn av at korkene sitter fast at folk river av og mister korkene.
-
Det er mange som opplever at det er vanskeleg å få korka tett på igjen, kanskje særleg på melkekartongar slik at kartongen lekker. Og som påpeikt over at korka kjem i kontakt med ansiktet slik at du skrapar deg opp om du ikkje har revet av korka. Det blir som EU hadde innført påbod om å berre selge dieselbilar av miljøomsyn. For moderne dieselbilar er mindre forureinande enn bensinbilar om ein tenker på CO2, men det blir litt baklengs for oss i Norge som har komt så langt i å elektrifisere bilparken å skulle gå bakover i tid til å kjøpe dieselbilar i staden for benisinbilar.
-
Dårleg juss svar, men som vist til over så er du forplikta av kjøpsavtalen fram til avtalen er heva. At kjøparen ikkje kjem for å hente varen til avtalt tidspunkt vil normalt sett ikkje være grovt nok misleghald i seg sjølv til å heve avtalen umiddelbart. Det sagt så er den praktiske konsekvensen liten dersom det er du som mislegheld kjøpsavtalen og selg varen til nokon andre. For det fyrste er det stor sjangs for at den opprinnelege kjøparen har trekt seg frå avtalen, og realistisk sett så er det nok lite hensiktsmessig for deg å følgje opp kjøpsavtalen rettsleg for å tvinge den opprinnelege kjøparen til å gjennomføre kjøpsavtalen. Tilsvarande, om du berre selg tingen til nokon andre og den opprinnelege kjøparen likevel skulle kome i ettertid for å kjøpe tingen likevel, så er det den opprinnelege kjøparen som må reise sak mot deg for å få gjennomført kjøpsavtalen. Og sjølv om den opprinnelege kjøparen skulle gjere dette så er ditt ansvar vanlegvis avgrensa til å dekke tapet som opprinneleg kjøpar lir som følgje av at vedkommande må kjøpe eit tilsvarande produkt til høgare pris hos nokon andre. Så med mindre dette gjeld avtale om kjøp av ein gjenstand med stor verdi så er det nok ingen av partane som har interesse av å reise søksmål, noko som igjen er grunnen til at slik oppførsel er relativt vanleg på finn.no (frå begge partar).
- 16 svar
-
- 1
-
-
Nei det er eit EU krav. Men i motsetting til alle dei andre EU landa så er vi i Norge milesvis foran med eit fungerande pantesystem. Mange av dei andre EU landa har ikkje anna enn eingongsflasker. I andre land er dette ei god løysing, men vi i Norge er fleire skritt foran og har ei løysing som sikrer at vi får resirkulert både flaske og kork.
-
Eg er ganske sikker på at denne grensegangen ikkje er rettsleg avgjort. Det som står i trafikkreglane § 2, 4. ledd er Lova er lite presis utover at utrykningskjøringa er for vesentleg lette i tenesta og at ein må ha utrykningskøyretøy. Eg trur nok at dei fleste har løyst dette ved å lage interne retningslinjer for korleis og når utrykningskøyring skal foregå, men i utgangspunktet så er det veldig mykje som er opp til kvar enkelt førar av utrykningskøyretøyet å vurdere. Strengt tatt så er det ikkje ein gong presisert at lettelse i tenesta skal være relatert til arbeidsforholdet, men det seier kanskje seg sjølv at når du køyrer utrykning i politibil så bør tenesteoppdraget være politifagleg relatert, og ikkje fordi det er enklare for tensten du utfører i deltidsjobben din som budbilsjåfør. I eit slikt tilfelle så er det vel uansett meir aktuelt å gå etter førarern på grunnlag av misbruk av tenestebil kanskje meir enn for vurderinga av kva osm er vestnleg lettelse i tenesta. I denne aktuelle saken så er eg likevel ikkje i tvil om at ein som jobbar både i brannvesen og er frivillig i røde kors må avklare med arbeidsgivaren sin i brannvesenet om blålysa som er montert i privatbilen også kan brukast til røde kors oppdrag eller om det vil være å ansjå som misbruk av blålysa. For det vil nok også være ein del oppdrag der der begge organisasjonane skal ut på same hendinga, og kanskje til og med at det i slike tilfeller er ein fordel at brannmannen møter som brannmann hos Røde Kors for å til dømes koordinere, enn at vedkommande må velge mellom å køyre utrykning til brannstasjonen eller køyre vanleg til Røde kors.
-
Samtidig så er det jo ein del som oppdrar barn på denne måten utan å bu saman på grunn av skillsmisse og liknande. Fordelen med to vennar som får barn saman er jo at dei fortsatt er på talefot, i motsetting til eit ektepar som har skilt seg og som kanskje knappast nok snakker med kvarandre.
- 26 svar
-
- 2
-
-
Flasker utan påskrudd kork var eit forsvinnande lite problem i Norge. Var det 100% av korkene som vart skrudd tilbake og flaska levert til pant? Nei, men dette var ikkje eit problem som måtte løysast for Norge sin del. Vi som har eit så godt automatisert pantesystem så kunne vi løyst dette mykje enklare, ved til dømes at du berre får utbetalt halv pant om korka mangler.
-
Poenget er at korkene satt fast i flaskene også før dette direktivet, ved at nesten alle skrudde korka tilbake på flaska før dei panta den.
-
Er SV det mest forsvarsvennlige partiet vi har her i landet?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
SV er ikkje mykje opptatt av forsvaret. Som nemnt var dei inntil nyleg motstandarar av NATO. Det mest forsvarspositive med SV er at deira alternativ til NATO medlemsskap var ein nordisk forsvarsallianse, men heilt utan vilje til å styrke forsvaret til å bli mektige nok til å kunne stå åleine. SV har heiletida hatt ein politikk på at vi skal bruke minst mulig på militæret. At dei no har vært med på å styrke forsvaret har nok meir med at tidene har forandra seg slik at SV har blitt tvungne til å endre politikk, enn at SV no har blitt eit forsvarsorientert parti. -
Som med mykje anna så er det eit problem at ein ofte må sjonglere fleire saker samtidig. Mikroplast er problematisk for mikroorganismar og til slutt matvaresikkerheita, medan matsvinn handlar meir om å redusere forbruk og energibruk. Eg er likevel heilt einig i at eg synes at iveren etter å innføre miljøtiltak gjer at ein innimellom mister gangsynet på kva som er formålet. Eg skjønner strengt tatt ikkje poenget med å innføre papirsugerør som er nesten ubrukelege som sugerør når den openbare løysinga er å slutte heilt med unødvendige sugerør. Tilsvarande med eingongsbestikk, istaden for å ta vekk plastgaffelen og erstatte den med ein dårlig trepinne, kvifor ikkje kutte eingongsbestikket heilt og la folk flest passe på å ha fleirbruksgaffel tilgjengeleg.
-
I utgangspunktet er eg einig i at Norge burde ha nok våpen, om så enkle våpen til å utstyre ein betydeleg militær styrke dersom vi må benytte oss av totalforsvaret og ikkje kan basere oss berre på profesjonelle soldatar. Det er likevel mange nyanser inne i bildet. Det fyrste er det reint praktiske, kor mange av disse AG3 geværa kunne vi på ein fornuftig måte satt på lager saman med nok ammunisjon til at framtidige soldatar både får nok skytetrening og ammunisjon til å være effektive i strid? Det gir ikkje spesielt stor militær slagkraft å utstyre 200 000 soldatar med to fulle magasin og bekjed om at dette må vare til krigen er over. Då er det betre med 20 000 soldatar som er trygge nok på sin HK416 til å kunne være effektive i strid, og samtidig ha rikeleg med tilgjengeleg ammunisjon. Eit anna moment som er viktig for Norge sin del er kor mange handvåpen som vi realistisk sett klarer å holde på ved ein innvasjon. Det er lite hjelp i å ha 200 000 våpen på lager dersom disse våpena er noko av det fyrste som ei okkupasjonsmakt tek kontroll over, skal vi ha våpen på laget så må vi også sikre at det er fornuftig sannsynlegheit for at våpena blir brukt av norske soldatar til forsvar, og ikkje av fientlege soldatar til å angripe oss. Så er det sjølvsagt også spørsmål om vi i det heile tatt har bruk for AG3. Det er ikkje ein gong sikkert at framtidas krig blir utkjempa av soldatar meg gevær i handa, det kan være at framtidas krig blir utkjempa på ein heilt anna måte. AG3 som våpensystem har grovt sett sin store styrke ved krigføring ute i skogen der treffningane er på ca 200 meters hold og der ein skyt singelskudd, til urban krigføring er det ikkje eit veldig godt eigna våpen samanlikna med andre gevær. Som nemnt så er eg heilt einig i at berre ca 20 000 tohandsvåpen er ei særdeles dårleg grunnutrustning, men samtidig så meiner eg at dersom ein hadde satt AG3 på lager så ville det gitt falsk sikkerheit. Det er tross alt ein grunn til at vi moderniserte med HK416 som ein totalt sett vurderte som eit betre våpensystem for norske forhold. Så burde vi sjølvsagt kjøpt inn langt fleire våpen, men eg er veldig usikker på om det ville vært hensiktsmessig med så mange som 200 000 gevær, mykje av dei pengane bør sikkert brukast til droner og rakettsystem som gir oss betre defensiv slagkraft.
