Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 090
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er eigentleg to heilt ulike ting. Trusselen mot NATO er todelt. Den fyrste trusselen er ordinær krigføring der eit av medlemslanda blir angrepet og artikkel 5 blir tatt i bruk. Den andre trusselen mot NATO er er intern stridigheit der alliansen slår sprekker fordi det blir reist usikkerheit på om alle medlemslanda kan og vil kome til forsvar for eit medlemsland som er under angrep. Opptaket av Finland og Sverige viser at særleg Tyrkia og Ungarn ikkje er heilt på linje med resten av NATO-landa. Det kan utnyttast av framande krefter til å så tvil om at dersom til dømes Ungarn blir angrepet, vil då resten av NATO respektere sine forpliktingar til å kome til forsvar med alle sine ressurser, eller vil Bulgaria få smake sin eigen medisin der dei andre landa bruker månedsvis på å signere ei krigserklæring og kome til unsetting? Trusselen mot vestlege demokrati er som tidlegare nemt størst i frå interne krefter både legale politiske grupperingar og illegale terrorgrupper. Eit stor utfordring der er at NATO i liten grad gir oss vern for slike anti-dekomkratiske krefter ettersom trusselen ikkje er nødvendigvis er militær, og då har også NATO lite å stille opp mot.
  2. Slik eg ser det så er det to hovudpunkt som bør avklarast i forhold til din eigarandel av huset. Det fyrste går på måten dykk har satt opp husholdninga. Om det er slik at ho betalar renter og avdrag med sine pengar, medan du brukar dine pengar på å betale alle andre husholdningskostnadar (utanom maten som dykk deler på), så er det jo eit argument at det at du betalar for straum, internett, drivstoff, osv gjer at ho har råd til å betale ned på lånet som ei investering medan du må bruke pengane dine til reint forbruk. Etter mitt syn så hadde det mest rettferdige dersom du ikkje skal kjøpe deg inn i huset at dykk deler alle husholdsningsutgifter, og at ho åleine står for lånet. (Det bør sikkert også diskuterast kor vidt du bør bidra med ei form for "husleige" for å bu i huset). Om dykk gjer det på denne måten så er det veldig enkelt, då er det ho som eig huset 100% og du har verken eigarandel eller ansvar hus og tomt. Om dykk uansett ser for seg at du kjøper deg inn, men du ikkje har råd til å kjøpe henne ut med 50% per i dag så er det som sagt også eit alternativt at du startar med å betale 50% av renter og avdrag på hennar lån (der ho kan auke avdraget når ho får inn ein ekstra betalar). Så langar dykk berre ein enkel avtale om at du frå ein bestemt dato kjøper deg gradvis inn med eigarskap tilsvarande andelen du har betalt på lånet. Så om huset har ein verdi på 3 mill og du har spytta inn 30 000 på lånekostnadane så har du ein eigarbrøk på 1%, når du har bidrege med 300 000 kr så eig du 10%, osv. Og sjølv om du ikkje har råd til å ta opp lån for å kjøpe deg inn 50% så kan du ta opp eit mindre lån og kjøpe deg inn med ein betydeleg prosentandel, og deretter kjøpe deg inn med litt og litt større eigarandel etterkvart som du bidreg med lånebetalinga. Det andre momentet og det som gjer det komplisert er når ein skal sjå på eigarandel opp mot verdien av eigeninnsatsen i form av arbeid. Då blir det eit spørsmål om kva arbeidet ditt er verdt. Min fyrste tanke er at røyrleggararbeidet kan verdisettast som timesprisen for ein røyrleggar medan resten av arbeidet er det kanskje meir naturleg å bruke ein lågare timespris for ufaglært handtverkarbeid. Det sagt så er det ikkje gitt at det blir rett, for om du prissetter din del av jobben som om du var innleigd så kunne ho jo like gjerne betalt fagpersonar for å gjere jobben i utgangspunktet og då hatt eit firma som kan haldast ansvarleg for eventuelle feil. Ein stor ulempe med oppussing er at det ikkje alltid er arbeid som bidreg til verdiaukning i bustaden av særleg grad. Eit nyoppussa hus er fort enklare å selge, men om ein har brukt f.eks. 200 000 på nytt kjøkken så er det ingen automatikk i at huset blir prisvurdert til å være verdt 200 000 kr meir. (Og motsatt så kan det å bruke eit par tusenlappar på kvitmaling og ein malarkost til å freshe opp innvendige veggar gir ei verdiaukning på fleire hundre tusen sjølv om det medførte minimalt med arbeid). Her er det også stor fare for at det blir alvorleg med krangling når ein i ettertid skal prøve å bli einige om pengar, eigarandel og verdi av eigeninnsats. Særleg når det å "gi deg" ein for stor eigarandel også får betydning for hennar barn. For sjølv om ho kanskje sjølv ikkje er så opptatt av pengar og eiagarandel så blir det ekstra komplisert når ho også må tenke på at barna hennar skal ha igjen mest mogleg dersom det skulle bli slutt eller enda verre at ho skulle døy og så har ho gitt vekk mykje av arven til deg. Det er veldig vanskeleg å gi råd fordi det kjem veldig ann på korleis forholdet dykkar er, kva oppfatting kvar av dykk har, og om dykk i det heile tatt har ei felles forståing for kva som er planen med huset. Det som nok har minst potensiale for støy er nok om du kan leve med å avskrive det du har gjort fram til no, og at ved framtidig arbeid så lagar dykk ein avtale om kva det arbeidet betyr for din eigardel i huset. Det treng ikkje å bli mykje støy ut av dette, det viktigaste er då at ho på førehand får dei opplysningane ho treng for å vurdere kva ho vil gjere. Enten å bruke deg som "billeg" arbeidskraft i bytte mot at du går deleigarskap i huset og framtidig verdigstigning, om ho vil gjere jobben heilt sjølv og då også ta all forteneste for arbeidet, eller om ho vil bruke meir pengar på å leige inn handtverkarar til å gjere jobben. Det som det blir støy av er dersom ho trur at du har tilbudt deg å være med på å gjere jobben og så etterpå kjem og krever betalt utan at ho var førebudd på det.
  3. Du kan kjøpe deg inn utan å ta over 50% av lånet og 50% av huset. Mange gjer det slik at dei bidrar med å betale huslånet etter evne og at ein gradvis kjøper seg inn litt etter litt.
  4. Ein blir nok ikkje sjuk i den forstand (sjølv om nokre møter veggen og blir sjukemeldt på grunn av at dei er utbrente). Det er likevel to aktuelle faktorar. Den eine er at det å måtte tilbringe 40 timar i veka på jobben og i tillegget delta på alt som det er forventa at ein skal delta på utanom jobb blir ei større belastning enn alle klarer å handtere. Der den mest alvorlege samfunnsutfordringa er at mange venter med å få barn til dei har har fiksa karrieren og fått ein jobb som dei er fornøyde med. For mange tek det så lang tid at dei ikkje får barn i det heile tatt, eller kanskje berre eit barn som då ikkje er nok til å holde befolkninga oppe. Den andre faktoren er at det er ein del yrker der arbeidstakarane ikkje held ut i yrket sitt som lærarar og sjukepleiarar. Der vil det fort være samfunnsnyttig å gi dei mindre arbeidsbelastning mot at dei kan bli i yrket til pensjonsalder.
  5. Ein kan fint kome seg ut i rampelyset utan å klø andre politikarar på ryggen for å kome i situasjon. Så ein måte å få tillit frå velgarane heilt sjølv er ved å skrive gode politiske innlegg, helst som lesarinnlegg i aviser men kan også være på eigen blogg eller sosiale media. Etterkvart som ein får tilhengarar som er einige med deg så kan du danne eige parti og kome deg inn på Stortinget. Men det er klart at ein klarer ikkje å få tillit blant velgarane om ein ikkje klarer å skaffe oppmerksomheit. Sjølv om du sikkert kan gå rundt å banke på dører eller ringe alle frå Aage Aarud til Åge Årud, så er nok det urealistisk i dag.
  6. I dag er det nok ikkje rekna som skadedyr, men før var skjeggdyr rekna som skadedyr sjølv om dei fysiske skadene var svært avgrensa. Folk flest oppfattar det likevel som skadedyr, og særleg når huseigaren har vurdert det som relevant for ein kjøpar å vite om. Grunnen til at ein erklærer skjeggkre er jo fordi dei er ekkle, irriterande og kan føre til skade. Ein hadde nok aldri opplyst om at det er fluer i huset om sommaren sjølv om også husfluer kan være ekkle og irriterande. Min teori er som sagt at potensielle kjøparar oppfatter det slik at selger angir at sølv og skjeggkre er eit større problem enn det i realiteten er, og at potensielle kjøparar blir skremt.
  7. Å kjøpe hus er eit spørsmål om å vurdere alle aspekt, om påviste insekt veg tyngre i den vurderinga enn til dømes takhøgda i stova eller om motorsykkelen kan parkerast under eit takutstikk er det heilt umogleg å svare på. Men som eg skreiv tidlegare i tråden så kjem det veldig ann på korleis potensielle kjøparar blir informert. Om det fyrste ein ser når ein klikker seg inn på annonsen er det i årevis har vært problem med både sølvkre og skjeggkre så stoppar nok mange å lese der. Og når prisen i tillegg er redusert med 1,4 mill så er det nok mange som tenker at prisavslaget har samanheng med skadedyra. Men om det står at huseigar har fjerna skjeggkre, det innimellom blir observert sølvkre men ikkje andre insekt, at utekrana drypper, og at det knirker i boddøra så er det nok tvilsomt at det er akkurat sølvkre som fører til at poteniselle kjøparar flykter. Som selgar skal ein opplyse om alle relevante forhold, men ein treng ikkje å overdrive manglande heller.
  8. Det er eigentleg særdeles lite oppmerksomheit retta mot visepresidentane. Når kampen om å blir president står mellom to steingamle menn som kjemper om ein jobb som i sin natur medfører høg grad av stress så er det jo ganske store sjansar for at dei som blir visepresident faktisk kjem til å rykke opp som president i siste del av perioden. Så er heilt einig i at amerikanske velgarar burde ha meir fokus på støtteappratet som står bak presidentkandidatane, og langt mindre på den gamle gubben som skal stå å lese talane på TV.
  9. Dette var nok eigentleg forventa. Likevel så reagerer eg litt på at UiT no har konkludert med at det har blitt begått juks og at masteroppgåva må annullerast, når dei opprinneleg påpeikte feil og unøyaktigheiter i både tekst og kjeldehenvisning og likevel vurderte oppgåva som bestått med karakteren D. Sjølv om det i det opprinnelege karaktervedtaket ikkje står at det er juksa så framstår det som rimeleg klart at det er dette ein peikar til med feil og unøyaktigheiter. Då synes eg det er litt spesielt at ein oppgåve som UiT vurderte som god nok i 2014 då det sikkert var litt stas for dei å uteksaminere ein profilert ungdomspolitikar som i fleire år hadde vært leiar for Senterungdommen. Men no etter at det vart mediastorm og med indirekte spørsmål om UiT hadde vært for svake med sin sensur så har ein plutseleg snudd og vurdert oppgåva som for svak til å kunne fortsette å være godkjent. Det einaste som har endra seg er at det med nye digitale verktøy har blitt meir klart kor store delar av oppgåveteksta som har blitt kopiert frå andre oppgåver, men at det var henta ting frå andre oppgåver utan kjeldehenvisning var ikkje ukjent når masteroppgåva vart vurdert i 2014, snarare tvert imot var det jo dette som gjorde at karakteren vart svak.
  10. Det er også ulik arbeidstid i Norge. Dei fleste dagjobbar der ein har tariffavtale så er vanlegvis ei arbeidsveke 37,5 time utan betalt lunsj. Standard arbeidsveke etter arbeidsmiljølova er 40 timars arbeidsveke utan betalt lunsj. I tillegg er det ein del som seier dei har 40 timers arbeidsveke fordi dei er på jobb 8 timar om gongen og ikkje trekk frå at den ubetalte lunsjen ikkje er ein del av arbeidsveka.
  11. Ja. Det som eigentleg er det sjukaste er at anklager om valgfusk blir forsøkt omgjort med makt fordi det er "moralsk" rett, og når det ikkje gjekk å få omgjort valgresultatet med makt så var neste forsøk gjennom retten beståande av høgstrettdommarar utpeikt av presidentar på livstid. Den openbart demokratiske løysinga på eit valg som moglegens ikkje har gått rett for seg er jo å rykke tilbake til start og gjennomføre eit omvalg der ein særskilt syter for at alle som vil stemme får stemt, og at det blir kontrollert at den som avgir stemme både har stemmerett og at vedkommande berre får stemme ein gong. Men akkurat den framgangsmåten er nok lite interessant for Trump-gjengen ettersom eit slik kvalitetssikra omvalg både hadde blitt veldig dyrt, men også fordi ein er livredd for at dei store minoritetsgruppene skal få stemme slik som dei vil. Det er jo ein grunn til at det var færre valgkontor med dårlegare opningstid i fattige områder med stor andel svarte, for det var jo om å gjere å unngå at dei stilte opp til valgurnene ettersom det store fleirtalet då ville stemt for demokratane.
  12. Det ein blant anna støttar seg til er at det finnes forskning som viser at kvar gong ein blir forstyrra så tek det opptil 15 min å kome tilbake i same fokuset som ein hadde før ein vart forstyrra. Det er dette som er grunnen til at det ofte blir anbefalt at ein skal skru av alle epostvarsel både lyd og pop-up, fordi kvar gong den tilsette ser at ein har fått ein ny epost så mister ein fokus og startar å tenke på andre ting. Det var nok ei overforenkling av meg å seie at ein kan jobbe 6 timar utan lunsjpause med full konsentrasjon, men med ein kortare og meir intensiv arbeidsdag så kan ein spare inn tid ved at det blir mindre småpauser. Det er heilt sant, men poenget er at ein vil få arbeidsgivere til å tenke nytt. For det som er interessant for arbeidsgivaren er ikkje kor mykje ein betalar i lønn for å få utført ei bestemt mengde arbeid, det som arbeidsgivarane burde ha fokus på er kva lønnskonstadar ein har for å utføre X verdiskaping. På den måten kan ein få større inntekter ved å jobbe smartare i staden for hardare, som til dømes ved å ta i bruk automatisering. Meir relevant for dette temaet er at arbeidsgivar bør løfte blikket og sjå på kva som er dei reelle kostnadane ved å betale lik lønn for færre arbeidstimar. Punkt 1 er kva som skjer med produktiviteten, det er ikkje gitt at ein 20% reduksjon i arbeidstimar medfører ein 20% reduksjon i verdiskapning fordi den 20% som blir redusert er ikkje nødvendigvis dei mest produktive minutta, forhåpentlegvis er det dei minst produktive minutta som kan kuttast ved å redusere arbeidsdagen. Punkt 2 er at det kan være meir indirekte kostnadsreduksjonar dersom ein oppnår målsettinga med å redusere sjukefråværet på grunn av mindre arbeidspress. Dersom ein tilsett er sjuk i 5 dagar så vil dette koste arbeidsgivar 10 dagar med lønn fordi ein både skal lønne den som er sjuk og den som ein tek inn som vikar eller dei overtidstimane som ein må legge på kollegaene for å dekke inn arbeidet som ikkje blir utført. Dersom redusert arbeidstid bidreg til at det blir færre sjukefråvær med dei kostnadane det medfører så kan innteninga fort blir så stor at det er vel verdt å betale 100% lønn for 80% arbeidstid.
  13. Gevinstane vil være ulike, og i enkelte sektorar så er det nok ikkje andre fordelar å hente ut enn at arbeidstakarar som jobbar mindre naturleg nok også blir mindre slitne, og deremed får mindre sjukefråvær. Formålet med 4 dagers arbeidsveke er primært at ein vil få ned arbeidsbelastninga i praktiske yrker. Då er ikkje tanken at effekten skal auke, men heller at ein kan oppnå betre stabilitet ved at arbeidsbelastninga går ned. I konsentrasjonsyrker så er det meir aktuelt å tenke at ein skal kunne klare å produsere like mykje på kortare tid gjennom effektivisering. I slike yrker så er det nok meir aktuelt å hente ut gevinstane med å innføre 6 timars arbeidsdag der ein sitt konsentrert i 6 timar fem dagar i veka framfor å innføre fire dagars veke. Teorien bak auka effektivitet med 6 timers arbeidsdag er at det er akkurat så kort at ein ikkje nødvendigvis treng å ha matpause midt i arbeidsdagen, færre pausar kan då gi auka effektivitet ved at ein får jobbe uforstyrra. På ein 8 timarsdag så vil dei fleste trenge både matpause, kaffepause, dopause, osv. I denne samanhengen kan konsentrasjonsarbeid være kontorarbeid, men også ein del industri der ein står ved samleband og jobbar mest effektivt når ein kjem inn i ein god og konsentrert arbeidsflyt.
  14. Storminga var heller ikkje tenkt som eit væpna kupp, sjølv om fleire hadde våpen enten på seg eller gøymt i nærområdet og såleis var førebud på å ta det eit steg opp. Så er det sjølvsagt ulike oppfattingar av kva som var det eigentlege formålet med storminga, sanninga ligg nok ein stad i mellom og at storminga ligg ein stad mellom fredeleg demonstrasjon og regelrett statskupp. Den jamne oppfattinga var nok at ein ynskja å stoppe senatet frå å godkjenne valgresultat som dei meinte var eit resultat av valgjuks, og ikkje nødvendigvis at ein ville begå statskupp ved å forkaste demokratiet og innføre eit diktatur. Tanken var nok å marsjere til Capitol Hill for å demonstrere og vise sin misnøye i eit forsøk på å få Senatet til å vente med å godkjenne valgresultatet.
  15. Angåande samnsetting av god mat og drikke så er det nok også i stor grad opp til personlege preferansar, og ikkje minst kva smakar ein sett pris på. Personleg så er det sjeldan eg finn gode kombinasjonar av mat og drikke (både øl, vin og alkoholfritt) som eg synes er heilt innertiar. Det er mange komboar som gir gode smakar men som @Sjørøver er inne på så er min personlege preferanse til blant anna julemiddagen øl/vin med relativt lite smak. Dette fordi eg foretrekk smaksnyansane i maten kanskje meir enn smaken av drikken. Til ein god biff så passar det bra med rødvin, kjøtt og rødvin har ofte smakar som harmoniserer godt, for meg personleg så synes eg ofte at ein med rødvin "skyller vekk" den gode kjøttsmaken. Det same gjeld med godt øl med mykje smak. Min personlege preferanse blir ofte å drikke litt god øl før maten kjem på bordet, deretter ete maten med berre litt nipping til øl (og akevitt ved julemiddag), og heller kose meg med resten av ølet etter at eg ferdig med middagen. Om eg veksler mellom mat og drikke så synes eg at eg mister dei gode ettersmakane frå både middagen og ølet.
  16. Her er eg einig med arbeids og inkluderingsministeren som seire at innføring av slike arbeidstidsordningar bør være opp til partane å bli einige om. Det som Staten skal/må/bør gjere er å legge til rette for at vi har eit pensjonssystem som ikkje straffer dei som finner alternative måtar å organisere arbeidslivet på. I dag så taper ein uforholdsvis mykje i pensjonssparing ved å jobbe deltid og ikkje fulltid, og eg er ikkje utan vidare einig i at ein tilsett med 37,5 timers arbeidsveke i 100% stilling skal ha lik pensjonsoppsparing som ein som jobbar 30 timars arbeidsveke men som gjennom lokal avtale har fått dette definert som ei 100% stilling og med lønnsnivå som om ein hadde hatt 37,5 timers veke. For det fyrste så vil dette etter mitt syn bli ei urimeleg forskjellsbehandling som går langt utover det å avtale lønnsnivå. For det andre så er eg redd for for at tiltaket berre delvis vil fungere som tiltenkt. Ein del vi bruke det til å løyse tidsklemma og gå meir tid til andre samfunnsnyttinge aktivitetar frå å få barn til å holde seg frisk og arbeidsaktiv gjennom mosjon og trening. Men samtidig vil kanskje enkelte bruke denne ekstra tida til til heilt andre ting, og då primært deltidsjobbar for å auke lønna (og pensjonsoppsparinga). Om dette skjer så vil den tiltenkte gevinsten med redusert sjukefråvær og mindre utbrentheit forsvinne. Når det gjeld kostnadane ved å tilsette fleire, så trur eg nok dei kostnadane blir kompansert ved at ein får mindre sjukefråvær og mindre bruk av vikarar. Men, og det er eit stort men, for å hente ut gevinstane i form av mindre kostnader ved sjukefråvær så må ein ha ein tilsetrekkeleg stor mengde med tilsette for at ein i snitt skal få eit lavt og flatt sjukefråvær. For sjølv om ein med fleire tilsette og kortare arbeidsdagar førebygger langtidssjukefråvær som skuldast belastning og stress, så vil ein likevel ha det andre sjukefråværet som influensa, så noko vikarbruk vil ein nok likevel få. Det sagt så har sjukefråværet i barnehagar som denne artikkelen omtalar hatt eit ganske stabilt sjukefråvær på i underkant av 10%. Så sjølv om ein må tilsette nokre personar ekstra, så har det også ein kostnad at 1 av 10 tilsette til ei kvar tid ikkje er arbeidsføre og hever enten vanleg lønn frå arbeidsgivar dei fyrste 16 dagane, eller frå NAV ved lengre fråvær. I ein perfekt verden der anna innretting av arbeidsdagen eliminerer alt sjukefråværet så vil ein kunne auke grunnbemanninga med opp mot 10% utan å få ekstra kostnadar. Eg vil også legge til at ein anna bonus ved fire dagars arbeidsveke er at dersom ein tilsett blir kortvarig sjuk i 3 dagar så er det faktisk ein 40% sjanse for at sjukdommen kjem på dei dagane der den tilsette likevel har fri slik at det ikkje er behov for vikar, så det vil også bidra til reduserte fråværskostnadar at meir av fråværet kan bli lagt til arbeidstakarens fritid og ikkje til arbeidstid. Så kort oppsummert så meiner eg at det største hinderet for å innføre slike fleksible arbeidsordningar er at vi har eit pensjonssystem som belønner dei som har 40 timers arbeidsveke framfor dei som har sin verdiskapning og lønn frå å jobbe på anna måte.
  17. Korleis er opplysningane om skjegg- og sølvkre formulert? Blir det framheva som eit større problem enn det i realiteten er? Sidan dette er ganske vanleg og oftast eit lite problem, så det einaste eg kan tenke meg er at manglar som vedlikeholdsbehov framstår som meir overkomeleg å fikse opp sjølv
  18. Min erfaring med slike bokser frå Ægir var at sjølv om ein drar av heile loket så blir det fortsatt ikkje eit ølglas som er behageleg å drikke av ettersom boksa er kona på toppen og ikkje har rette kantar. Eg er også ganske sikker på at prisen var høgare for slike bokser, om ikkje anna fordi det er ei meir spesialløysing enn standardboksene som eg vil tru er billegare å kjøpe inn i stort.
  19. Om alt anna er likt så er det jo nærliggande å tenke at dei fleste kjøparar vil kjøpe hus utan manglar. Men når du skriv at det er ulik standard og alder så mistenker eg at selgar har overvurdert verdien som ligg i standard som dette huset har, og at kjøparane ikkje er villige til å betale det som selger vil ha.
  20. Argumentet et vel meir på at heile systemer for lading er dårleg tilpassa turistar, og det er nok ikkje noko noko enklare for utlendingar i Norge med bruksanvisning på norsk, og særnorsk betalingsapp.
  21. Har full forståelse for at det kan være utfordrande for turistar som har leigd elbil i Norge. Det er vanskeleg nok som fersk elbileigar. Mykje appar, ladestasjonar som kan være vanskelege å finne, osv. Mange ladestasjonar tilbyr også enkel Vipps betaling, men det er ei teneste som ikkje er tilgjengeleg utan norsk bankkort.
  22. Poenget er at du skal bu i den kommunn du er politikar i. Om du er innflyttar speler ingen rolle. Som lokalpolitikar skal du sjølvsagt påvirke politikken i din eigen kommune. MDG hadde ikkje hatt innflyting i det heile tatt i Oslo om det var lokalpolitikarane i nabokommunene som skulle meine noko om politikken i Oslo. I teorien kan du kome rett inn på Stortinget, men i praksis er det vanskeleg å få nok støtte om du ikkje har "gått gradene" via lokalpartia.
  23. Det går ann å karbonisere andre væsker enn berre vatn med Sodastream, men det bryt med brukarveiledninga ettersom det er større for for at det bruser over, og at det då blir kliss som i verste fall kan hindre ventilane i å fungere. I beste at du ikkje får ut kullsyre, i verst fall at du tetter sikkerheitsventilen slik at overtrykket ikkje slepp ut. Av andre væsker som er aktuelle å tilsette kulsyre i så kan det være alt frå brusrestar som har blitt slapp og som blir betre av meir kullsyre, i tillegg kan det være spennande å karbonisere f.eks. juice.
  24. Sodastream med cola-sirup frå Pepsi smaker fortsatt ikkje ordentlig Pepsi, det smaker i beste fall billigcola. Tilsvarande med 7up-siruppen, smaker ikkje ordentleg 7up men det smaker sitronbrus og det er kanskje godt nok for folk flest. Min personlege erfaring er at det blir minst like vellykka å lage min eigen brus basert på vanleg saft i staden for disse dyre sirupflaskene med brussmak. Har ikkje prøvd sodastrem på straum, den eg har brukar mekanisk knapp for å trykksette vatnet, og det fungerer godt nok. Eg trykksett to til tre gongar til eg høyrer lyden endrar seg og vatnet ikkje lenger tek til seg kullsyre.
  25. Ofte er det samanfallande at miljøvennlege vaskemiddel også er relativt lite harde, men det finnes også sterke syrer og baser som er 100% naturlege, men Svanemerket i seg sjølv er ingen garanti for skånsom vask. Eg tenker at det blir veldig situasjonsavhengig. Og sjølv om det er ein fare for å vaske vekk rustbehandlinga ved ugunstig innstilling på underspylingsdysene, så er jo spørsmålet om det er spesielt mykje betre utan underspyling. Å vaske bilen på undersida er notorisk vanskeleg å gjere manuelt. Eg tenker også at spørsmålet om manuell vask er betre enn maskinvask kjem veldig ann på den som vasker. Det er nok minst like stor fare for små riper i lakken om du står og skrubber for hardt, bruker høgtrykkspylaren med for høgt trykk eller hsr dysen for nært, eller andre feil. Og skal du vaske manuelt utan særleg mekanisk belastning så vil du ofte måtte bruke enten sterke vaskemiddel eller la vaskemiddelet stå å virke veldig lenge, og det er heller ikkje bra for lakken. Personleg så tenker eg at maskinvask er godt nok, og at det tross alt er enklare og billegare å lakke om bilen etter nokre år om du ikkje er fornøgd med at du har fått nokre miniriper etter børstevask, enn det er å utbetre rustskader på grunn av for lite vasking og underspyling.
×
×
  • Opprett ny...