
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 807 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Poenget er at trådstarter ønsker å kjøpe grovbrød. I kva grad grovbrød er sunt er eit heilt anna spørsmål som kjem heilt ann på kva du samanlikner det med. Det er ganske typisk at daglegvarebutikkane ikkje tek inn så mange av dei grovaste brøda sidan mesteparten av kundane vil ha 3/4 grovheit.Grovbrød som er 4/4 er ofte ikkje spesielt gode. Om det ikkje er eit alternativ å bake sjølv, og lokalbutikken ikkje har grovbrød, så er det eigentleg ingen andre alternativ enn å enten køyre til ein butikk eller bakeri som har grove brød, eller bestille heimlevering sjølv om begge alternativ medfører kostnadar. Mitt råd vil nok være å køyre til nærmaste by med stor daglegvarebutikk og der kjøpe opp masse brød som du fryser ned slik at du ikkje treng å reise så langt kvar gong du treng eit nytt brød.
- 283 svar
-
- 1
-
-
Eg får håpe at Verisure har rydda opp, men sikkerheita er aldri sterkare enn det svakaste leddet https://www.dagbladet.no/nyheter/delte-nakenbilder-av-kundene-1/75742651 Min personlege meining er at faren for brot på personvernet er større enn fordelen ein har gjennom å la vekterselskapet kameraovervåke leilegheita. Eg har ikkje nokon prinsipiell motstand mot overvåkingskamera, men eg vil ikkje ha overvåkinga via eit vaktselskap. Eg er klar over at alt som er tilgjengeleg via app over internett er utsatt for datainnbrot, men å la til dømes Verisure ha adminstratortilgang ligg utanfor min komfortsone. Med private overvåkingskamera så er det ikkje verre enn at dersom innbrotsalarmen går så kan eg sjølv logge inn for å sjekke kameraet og då melde frå vidare til vektaren som er på veg. Eg kan ikkje sjå for meg mange tilfeller der eg både ikkje er heime og heller ikkje har tilgang til å logge meg på systemet via mobiltelefonen. Kan sjølvsagt være akkurat i det eg sitt på flyet med mobilen i flymodus, men det skal ein del til at eg får innbrot akkurat då. Og skulle tjuvane slå til akkurat i det eg går ombord i flyet så er jo vektaren på veg uansett. Min påstand er at vektarselskapet selg inn overvåkingskamera fordi dei tener ekstra mykje på å også levere kameraer til kundane sine, samtidig som at det gir vekterselskapet muligheit til å ha fleire kundar utan å auke talet på vektarar som kan rykke ut sidan dei med kamera kan avklare unødige alarmar og dermed spare seg ei utrykking. Utan kamera så må vektarselskapet sende vekter uansett, med kamera så kan vektarselskapet stoppe alarmen og la være å rykke ut fordi det ser ut som at er OK på skjermen.
-
Hvordan kan jeg endelig lykkes med å gå ned i vekt? Feiler gang på gang
The Avatar svarte på Lyseblå sitt emne i Helse
Det finnes sjølvsagt forskning som peiker i alle retningar, deriblant forskning som viser at dagleg inntak av heilmjølk bidreg til vektnedgang. Mjølk inneheld både fett og laktose (karbohydrat) og er i seg sjølv ikkje slankande. Forskninga som viser gode resultat med inntak av heilmjølk peiker på dagleg mjølkeinntak reduserer kjensla av svolt og då gjer det lettare å stå over porsjon nummer to. I tillegg viser forsøk at mange av forsøkspersonane skiller ut meir fett i avføringa når mjølk inngår i kostholdet. Kaloriinntaket er likevel viktig, så drikk du 1 liter med heilmjølk så tell dei kaloriane sjølvsagt med i heilheita. Det kan likevel være vel verdt eit forsøk. Om ein med å drikke eit glas med heilmjølk og ei brødskive til frokost så gir det deg mindre kaloriar enn om frokosten består av to brødskiver og eit glas med juice. -
Noko som er bra for personvernet, men mindre bra for sikkerheita når vakta ikkje logger seg inn på kamerafeeden før vekteren har komt fram. Eg skal ikkje påstå at det er eit utbreidd problem, men det har skjedd før at verdifull tid har gått tapt ved at ein ikkje bruker kameraet til å raskare få klarheit i at det er noko reelt på gang. Når det gjeld utleiers tilgang så må du rekne med at utleigar har full tilgang. Verisure på sine sider viser berre til at kunden må sette seg inn i gjeldande lover og regler og lenker til eit dokument som mellom anna seier at ein skal ivareta personvernet ved utleige og at ein i slike tilfeller er underlagt GDPR regelverket. Tilsvarande står det at ein bør unngå å overvåke toaletter og liknande rom der folk har spesiell forventning til probatliv. Eg finn ingenting som tilseier at Verisure tek ansvar for kvar kameraene blir montert, så om huseiger vil ha muligheit til å overvåke leigetakaren eller eigne gjestars dobesøk så ser det ut som at Verisure kjem til å montere kamera på dei romma som huseigar peiker på. Eg kan heller ikkje sjå at Verisure har ei løysing frå å unnta enkelte kamera, tvert imot så skryt Verisure av at huseigar får full kontroll i appen.
-
Skal starte butikk, men trenger lån. Hvordan går jeg frem?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Du har i all enkelheit to alternativ. Enten må du overtale investorar til å investere i bedrifta, då vil du typisk trenge gode analyser og prognoser for å overbevise potensielle investorer om at potensiell avkastning står i stil med risikoen ved å investere. Eller så må du søke lån på vanleg måte. For å få lån så må du kunne stille akseptabel sikkerheit. Det kan fort bli nødvendig å sette hus, hytte og bil som sikkerheit for eit slikt lån. Framtidig inntekt vil nok ikkje være akseptabel sikkerheit sidan du naturleg nok ikkje har forutsigbar inntekt når du skal starte bedrift. Du kan ikkje rekne med å få med deg banken som investor, så sikkerheit må du ha. Det er sjølvsagt lurt å søke tilskudd der du kan, det er "gratis" penger, men om du treng opp mot 1,5 mill utover eigenkapitalen din så vil du nok ikkje kunne hente inn dette gjennom offentlige tilskotsordningar. -
Kan ikkje forstå anna enn at VG ønsker at dei som kjenner til dette spanske laget skal kunne identifisere gjerningsmannen, litt på samme måte som når VG publiserer profilbilde av gjerningsmannen med ein sladd. Tanken er at dei som kjenner vedkommande umiddelbart kjenner igjen personen på ansiktsform, frisyre, osv. Det kan sjølvsagt også være at VG berre poengterer at gjerningsmannen ankom rettssalen i same kleda som han hadde på då han vart arrestert. Sjølv om videoen som VG har publisert av arrestasjonen er sladda så ser ein tydeleg at han er iført svart shorts og svart t-skjorte, og ein lysegrå sixpence eller caps.
-
Det er sjølvsagt eit definisjonsspørsmål på kva som er sundt, men eit generelt råd for å redusere karbohydrat er å servere proteinet medvtradisjonelle grønsaker i staden for pasta/ris. Om du tilbereder kylling ellet feit laks utgjer liten forskjell, det er tilbehøret og sausen som auker kaloriinntaket. Min personlege favoritt (som ikkje er veldig sunn) er vegetar burito. Bruk soyabase og bønner, med litt ost og kanskje rømme i ei lefse blir veldig god fredagsmiddag.
-
Privat import av legemiddel er ulovleg uavhengig av resept. Den enklaste løysinga er at du sjølv reiser tiø utlandet og tar med deg medisin i bagasjen, då er det lov så lenge du kan dokumentere at det er til personleg bruk og ikkje over godkjent mengde. Apoteket kan importere for deg, men om formålet med å slutte å selge legemiddelet i Europa var å berre importere eit nyare legemiddel så er det nok tvilsomt at apoteket ønsker å fortsette å selge begge legemidlane.
-
Trump-kontoer for alle nyfødte i USA - en god idé?
The Avatar svarte på robertaas sitt emne i Politikk og samfunn
Det minner veldig om BSU ordninga vi har i Norge, låst konto med skattefrådrag. På samme måte som med BSU kontoen så vil nok ein slik Trump konto ha mykje av dei samme problema, nemmeleg at det berre er dei som er pengesterke som kan nyttegjere seg av fordelen. Utan å ha sjekka opp så vil eg tru at skattefrådraget med Trump konto medfører at det er foreldre og eventuelt arbeidsgivar som nyter godt av denne skattefordelen? Sidan arbeidsgiver er nemt og aldersgrensa på Trump kontoen er 18 år så er det vel tenkt at det er foreldra sin arbeidsgivar som utbetalar delar av lønna direkte til Trump kontoen som står i barnets navn?- 4 svar
-
- 1
-
-
- aksjesparing
- fond
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Sony saksøker Tencent for «Horizon-klone»
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det er nok ganske sannsynleg at dette er eit Horizon spel under ein annan tittel, jmf. det som er utalt med at spelet vart annonsert rett etter at Sony takka nei til å la Tencent få utvikle ein Horizon oppfølger. Eg er likevel spent på om søksmålet når fram. Sjølve konseptet med steinalderfolk omgitt av mekaniske dinosauruser er ganske unikt, men er det så unikt at ingen kan gjere noko liknande? Konseptet med superheltar med overmennesklege krefter er også ganske unikt, det er likevel fritt fram for kven som helst å lage ny superheltar. -
Bruker Death Stranding til å lure alderssjekk
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Sidan Discord lover at bilda blir sletta etter verifisering så betyr vel det at det er risikofritt for ein voksen person å hjelpe mindreårige i å få tilgang sidan bevisa blir sletta? Det er sjølvsagt berre tull at det ikkje er fare for at personsensitive data kjem på avvege, eg tviler sterkt på at Discord sletter alle bevis umiddelbart etter verifisering, eg er heilt sikker på at bilda forblir lagra i alle fall i nokre dagar nettopp for at Discord skal kunne manuelt verifisere kontoar. Til dømes vil nok bilder frå Death Standing fort bli lagt til i databasen over ansikt som ikkje blir akseptert. Eg er rimeleg sikker på at Discord frå før har lagt inn ei sperre på diverse kjendisar også, å finne nærbilde av ein skodespelar med ulike ansiktsutrykk er ikkje akkurat vanskeleg. -
Det er ganske mange av "årets ord" som er reine døgnflugene: https://sprakradet.no/nyord-og-rettskrivingsendringer/arets-ord/ Når snakka du sist om sportsvaske eller klimabrøl?
- 18 svar
-
- 2
-
-
Synes ikkje det er rett å utestenge laget om vedkommande ikkje er ein del av laget, konsekvensen av det blir at alle klubber med ambisjon om å vinne må spele utan tilskuarar i frykt for at ein eller anna kødd skal lage styr. Det er heller ikkje som at lag i tippeligaen blir umiddelbart diskvalifisert frå heile cuppe om ein "supporter" bryt forbodet mot bluss eller kastar ting inn på bana. Sjølve volden blir nok behandla som ei vanleg voldssak, der det å bli idømt erstatning eller oppreisning fort svir meir enn sjølve fengselsstraffa for voldsbruken.
-
Hydrogen – grunnstoffet som kan redde verden
The Avatar svarte på Wall Dorf sitt emne i Samferdsel og infrastruktur
Det er til dels sant, stortinget ønsker ikkje å slutte med fossil energi for ein kvar pris, og bra er det. Hydrogen er så energikrevjande å produsere og distribuere at det er ikkje verdt å bygge ned så mykje natur berre for å kunne produsere "miljøvennlig" hydrogen, hydrogen som berre har til funksjon å være ein erstattning for bensin og diesel. Batteriteknologien har komt for langt til at folk lengter tilbake til flytande drivstoff. -
Når det gjeld ein kategori for diskusjon så vil det nok fungere best at du lager ein eigen tråd for diskusjon i eit passande underforum. Ein slik tråd bør starte med å fastsette reglar og tema for tråden, det er mange underforum som har ein slik tråd så kikk litt på dei for inspirasjon. Når tråden etterkvart får litt fotfeste så kan du be administrator om å pinne tråden slik at den alltid står øverst. For andre tema så vil det hjelpe å kome med forslag om kva underforumet skal heite, kva beskrivelse som underforumet skal ha, og kvar underforumet bør ligge i forum-hierarkiet. For eksempel så kan eit forslag være at det bør være eit fjerde underforum under "helse, samliv og kjærlighet" som heiter "barn" eventuelt "barn og famile" for å få eit litt breiare nedslagsfelt. Å skulle dele opp i underforum for dei som prøver å få barn, dei som har blitt gravide og vurderer abort, dei som har opplevd spontanabort, og eit forum for barneoppdraging blir nok litt for voldsomt og det vil være vanskeleg å få god aktivitet i alle underforuma. Det beste er derfor å foreslå eit samleforum og heller splitte ut i ettertid om det er enkelte temaer som blir diskutert så ofte at det er behov for ein eigen kategori. Eit slikt underforum må nesten ha eigne reglar for saklegheit, om ikkje så riskerer vi at mykje av det uønska dramaet frå kvinneguiden sprer seg hit. Diskusjon.no må for all del ikkje bli ein fristad for brukarar som kvinneguiden har kasta ut.
- 33 svar
-
- 3
-
-
-
Hvem har skylda for at matte er blitt et snakkefag?
The Avatar svarte på lada1 sitt emne i Oppslagstavlen
Om ein skal skulde på nokon så er det læraren/skulen/kommunen. Om eg ser på dagens kompetansemål for matematikk i 10 klasse så synes eg måla er ganske gode: At elevane ikkje lenger skal pugge gangetabellen synes eg i utgangspunktet er ei god endring, i staden er fokuset på ting som er praktisk å kunne for dagens ungdommar som å berekne sluttsummen ved netthandel, vurdere sannsynlegheit og finne ut korleis ein kan rekne på praktiske problemstillingar. Eg ser likevel at ein kunne innført krav om at kva elev skal rekne ut 1000 ulike algebraiske likningar og 1000 ulike prosentoppgåver berre for å få mengdetreninga, men min påstand er at det er vel så viktig å lære kva problemstillingar som kan løysast med algebra. Du kan være kjempegod på algebra, men om du ikkje klarer å oversette; "18 raude epler utgjer 15%, i tillegg er det 40% grønne og 45% gule epler, kor mange av eplene er grønne?" så hjelp det ikkje å være god til å rekne ut svaret om du ikkje klarer å sette opp spørsmålet. Ei stor svakheit med denne læreplanen er at det i stor grad blir opp til læraren å gjennomføre ei subjektiv vurdering. For kvar enkelt skule eller kommune så er det gunstig å sette karakteren litt høgare enn det eleven eigentleg burde hatt, fordi dette slår positivt ut på mellom anna innbyggartalet sidan gode skular er ein av tinga som mange vurderer når dei skal flytte til ny kommune. -
Det går ikkje ann å sendebeit tydeleg signal om hundeeigarane har vært aktsome. I følge politiet så var hundane innegjerda og under oppsyn då dei rømte, og at hundeeigarane derfor har gjort det som er forventa av ansvarlege hundeeigarar. Konklusjonen er derfor at disse turistane ikkje har brutt hundelova. Så kan ein sjølvsagt stille spørsmål ved om det er så innlysande at turistane hadde sikra hundane på ein forsvarleg måte, og om minstekravet i hundelova er godt nok når hunden likevel klarer å stikke av. Det blir litt som når hunden er i band men likevel klarer å slite seg laus, kva ansvar skal ein hundeeigar ha i slike tilfeller?
- 2 svar
-
- 1
-
-
noen steder hvor man kan raportere inn kvinneguiden?
The Avatar svarte på kittycat sitt emne i OT-baren
Det er nok litt arven etter det gamle hardware forumet, men om du ser på siste innlegg så ser du veldig fort at det som genererer mest aktivitet er politikk, økonomi, forhold, og tråder for forumleikar. Det er også ein del teknologitråder men er ikkje nødvendigvis eit gutte-tema. -
Du kan rekne det ut når du veit kor mange timar du med slik justering kan få sola til å treffe vinkelrett på solcellene. Eit panel på 1 kvm vil effektiv sett ha eit areal på 0,98 kvm når sola står 10 grader lavare. Ved 45 graders vinkel blir det effektive arealet ca 0,7 kvm. Min umiddelbare magefølelse er at nytten av å ha 100% av panelet vinkelrett på sola er alt for liten til at det lønner seg å komplisere dette med bevegelege solceller. Merk at sjølv om du kan spare inn nokre solceller ved å la solcellene følge sola så må du ha større avstand mellom solcellepanela for å hindre at nokon av solcellepanela havner i skyggen bak andre solcellepanel.
-
Ikkje direkte, men leigeavtalen kan ikkje ha vilkår som er mindre gunstige for leigaren enn det som følger av husleigelova. I tillegg så har avtalelova ei bestemmelse om at avtalen kan heilt eller delvis settast til sides om det er avtalt urimelige vilkår. Ofte vil den bestemmelse medføre at begge partar skal ha like rettigheiter og forpliktingar i avtalen, som til dømes at oppseiingstida er lik for begge partar. I dette konkrete tilfellet så er det lov å ha ulik oppseiingstid sidan denne vilkåret er til leigetakars gunst. Med ein slik avtale så har leigetakaren både forutsigbarheita i at utleigar ikkje kan seie opp avtalen før det har gått 3 år, samtidig som at leigetakaren har fleksibiliteten til å gå frå avtalen tidlegare.
-
Eg trur vi får dårlegare politisk styring ved å ikkje tillate yrkespolitikarar. Med mindre vi også endrer dei politiske organa slik at vi får fleire politikarar som har ansvar for berre ein liten del av politikken så vil innføringa av maks tenestetid på f.eks. 2 perioder defakto flytte meir av makta over på administrasjon og rådgivarar. Eg meiner at det største demokratiske problemet vi har er at saksgrunnlaga i dag er så omfattande at det er nærmast umogleg gå lese seg godt nok opp på sakene utan å ha dette som fulltidsjobb. Det er eit kjempeproblem at mange politikarar avgir sin stemme basert på korleis administrasjonen har oppsumert saka, fordi dei sjølv ikkje har hatt tid til å sette seg grundig inn i saka. Ved å stadig skulle sleppe inn ferske politikarar så vil administrasjonen måtte forenkle saksframlegga før dei leggast fram for politisk behandling, noko som igjen fører til at politikarane må fatte beslutningar på eit tynt grunnlag. Eg er meir positiv til at det bør kunne stillast større krav til politikarane. Ikkje nødvendigvis eit krav om minst 5 års arbeidserfaring som det var vist til lengre oppe i tråden, men det kunne godt være eit krav om at det på stortinget skal være ei viss spreiing av arbeidserfaring, utdanning og liknande. Eg skjønner problemet med at alle stortingspolitikarane aldri har tatt verken utdanning eller prøvd seg i arbeidslivet, men eg trur at ei god blanding hadde vært ei styrke. Då hadde ein både hatt dei med praktisk arbeidserfaring og som kan snakke utifrå den erfaringa, og ein kunne fortsatt hatt nokre yrkespolitikarar som gjennom sin politiske erfaring er gode i det politiske handtverket. Kunne det fungert å hatt eit krav om at stortingets samansetting skal reflektere befolkninga? Til dømes så viser statistikken at ca 35 % av arbeidsstokken har høgare utdanning, så då kunne det kanskje vært eit krav om det skal være ein tilsvarande andel av stortingspolitikarane som også har høgare utdanning. Ei slik speiling av befolkninga kunne ein då også brukt på andre områder også, som til dømes kjønnsbalanse, geografisk tilhøyrlegheit, osv.
- 34 svar
-
- 2
-
-
Avfallsortering, hysteri eller nødvendighet?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Sett i den store målestokken så er det mykje meir effektvt med indistruell vask, men dette handler meir om økonomi og lite om miljøvern. For renovasjonsverket så hadde det ideelle vært om alle innbyggarane vaska og tørka plastemballasjen, for då tener renovasjonsverket meir pengar sidan plast som kan leggast rett i smelteovnen er mykje meir verdt enn plast som fyrst må bearbeidast. Det er også ein ulempe for reonovasjonsverket at avfallet inneheld matrestar sidan det tiltrekker seg skadedyr som forårsaker problemer for drifta. Kompromisset har blitt ei anbefaling om at forbrukarane skal skulle plastemballasjen i kaldt vatn, det fjerner det meste av matrestane og kaldt vatn er nesten gratis i Norge og gir derfor eit ganske lite miljøavtrykk. Eg synes at det er litt problematisk med rolleblandinga mellom at renovasjonsselskapet både skal syte for at avfallet blir behandla på ein miljøvenleg og effektiv måte, og samtidig skal renovasjonsselskapet prøve å tene mest mogleg pengar på å bruke avfallet som ein ressurs.- 144 svar
-
- 1
-
-
Avfallsortering, hysteri eller nødvendighet?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Ja, ofte IR-kameraer, det brukes også vanlege kameraer som sorterer utifrå farge, fasong, og liknande. Panteflasker kan til dømes være like enkelt å sortere ut basert på flaskeprofilen i staden for å anaylsere kva plast som er i flaska. -
Med så høg CPU bruk så er det fort ein app som er skyldebukken. Det er fleire potensielle appar som du bør sjekke opp litt nærmare. Har du installert appar som apk fil frå andre kjelder enn Google play og som kan inneholde spyware? Mange appar for sosiale media, spel og liknande blir ofte liggande å jobbe i bakgrunnen. Det kan også være så enkelt som at ein av appane du nyleg har oppdatert inneheld ein bug som gjer at mobilen blir liggande å jobbe i bakgrunnenm, det vil også forklare kvifor straumforbruket peiker tilbake på prosessoren og ikkje på appen som er rotårsaken sidan det då ikkje er appen som jobbar. Det er fristande å anbefale ein fabrikkgjenoppretting som ofte blir anbefalt, men personleg sysnes eg det er litt drastisk å skulle slette heile telefonen utan nokon garanti for at det hjelp. Ein god start kan likevel være å sette mest mogleg av appane dine i djup dvalemodus og deretter restarte mobilen for å sjå om det hjelper.
-
Avfallsortering, hysteri eller nødvendighet?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Det kan også være slik som det var på sorteringsanlegget på Forus der dei blanda fleire typar avfall og sorterte det maskinelt. Maskinell sortering innebærer bruk av sensorar og teknologi til å sortere, magnetisk metall blir tatt ut av store magnetar, papir blir skilt frå plast etter å ha målt IR-stråling som er ulik alt etter type materiale. Glass og umagnetisk materiale kan skillast ut ved å riste avfallet over ei rist slik at dei tunge delane faller ned, osv. Ved maskinell sortering så er det eigentleg berre ein fordel med blanda avfall, der den viktigaste grovjobben er å sørge for at store knivblad opner alle plastbokser og pappesker slik at innholdet blir eksponert og kan analyserast av kameraene. Det finnes fortsatt manuell sortering der det står folk langs samlebandet og roter i søppelet, men det er mykje mindre effektivt, særleg om avfallet er blanda. Det er også anlegg som gjer slik du seier å dumper avfallet omtrent rett i forbrenningsovnen utan sortering, men det er dette ein ønsker å få slutt på sidan ein då også brenner avfall som det hadde vært meir nyttig å materialgjenvinne enn det er å berre ta ut varmeenergien.