Gå til innhold

Kamptråd - Manchester United vs Burnley


Snikpellik

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Ser at det ikkje er heilt komfortabelt bakover. Brukbare første 15, men så har Burnley fått vere litt meir med. Ekstremt viktig det Jones gjer i forkant av dei tre cornerane. 

 

Rashford har elles levert nokre heilt strålande gjennombruddspasningar så langt. 

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Noko må nok gjerast. Vi har temmeleg bra kontroll på kampen og Burnley får lite til sjølve, men det manglar eit knepp eller to frå United. Trur kanskje vi merkar litt forskjellen på eit lag med Herrera/Lingard kontra Lukaku/Mata, der det vil gå litt saktare og det er litt færre løp. Pereira har heller ikkje overbevist. Slår frå tid til anna nokre heilt eminente pasningar, som kanskje ingen andre på United kunne finne på, men så er det mykje anna som ikkje fungerer like godt. 

 

Vi har i utgangspunktet spelt oss til ein god del brukbare innleggssituasjonar og sånn sett burde det vere ein kamp som passar Lukaku, men vi har ikkje klart å få innlegg som faktisk er farlege og plutseleg er det han som skal stå og ta imot innlegga som er ute på høgresida for å slå dei. Greit å bytte litt posisjonar men alt til si tid. 

 

Synest heller ikkje vi har klart å bruke Rashford godt nok ute på venstresida. Han har stort sett skapt ting sjølv, men når han skal spelast opp av andre så er han for langt vekke frå mål og blir kanskje litt for stasjonær i perioder. 

 

Hadde eit håp om at vi skulle få med oss eit mål frå førsteomgangen. Då trur eg dette ville ha vore i boks og at Burnley ville skapt trøbbel for seg sjølv i forsøket på å utlikne. Det er masse rom utpå der, men vi må klare å utnytte det og med ei scoring rette vegen så ville vi få mykje å kose oss med utover i kampen. Så lenge det er 0-0 så må vi likevel vere noko forsiktige, fordi det skal så lite til for å få eit mål feil veg. Så skal det seiast at eg har vore imponert over Jones i dag. Han er jo oftast ei vandrande katastrofe, men han har gjort det aller, aller meste på ein svært bra måte i denne kampen. (eg får ta på meg skulda når han no scorar sjølvmål ti sek ut i andre)

 

Eg trur vi må få det til å gå hakket kjappare etter pause. Då kan det hende at både Mata og Lukaku må ut, evt Pereira. Mata gjer mykje fint, men det er ofte litt seigt og gir Burnley meir tid enn vi treng å gje dei. 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...