Jump to content

archanios

Medlemmer
  • Content Count

    4076
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

716 :)

About archanios

  • Birthday 04/08/1986
  1. Også fint at han har 9600K i teksten når det står 9400F på CPU-boksen...
  2. Det er heilt sjukt det United gjer i kveld. Nesten ikkje spelarar, sliter stort før pause, men slår ut PSG til slutt. Det er heilt vilt. Vi går ikkje vidare frå neste runde, men det gjer ikkje ein skjit. Med fire-fem mann inn til sommaren kan det her bli veldig, veldig bra
  3. Det her er faktisk ikkje mogleg. Det kan ikkje ha skjedd. Vi stiller med reservelaget. To av tre som kjem inn er ca 13 år og så går vi av banen med 1-3 i Paris!!!!!!!!!!!! Den første omgangen er drittdårleg, men fantastisk effektiv. I andreomgangen er vi gode, men ikkje like effektive. Og så får vi faen meg straffe på ein hands. Med ein dommar som hadde dømt PSG i alle situasjonar så langt. Det er sjukt. Det er billig, men vi er pokker meg vidare.
  4. Han hadde vel ikkje blitt ferdig med pressekonferansen. Hadde tatt ti timar å få oversikt over alle skadene og alle problema det medfører.
  5. United gir det ein heilhjarta innsats. Når ein må sette inn Chong og Greenwood borte mot PSG, så forstår ein at vi er på beinet, men samstunes er det sjukt kjekt. Så får det heller vere at vi går tapande ut av kampen, men Ole gjer jobben 110 %
  6. Får vi hive innpå det vi har igjen på benken så blir det eitt av to. Enten så blir det fullstendig nervøs, eller så blir det ein energi og ungdommeleg pågangsmot uten like. Tenk å hive innpå Greenwood og Chong/Gomes mot trøtte forsvararar. Det kan vere det perfekte scenarioet, men det er nok ganske utenkelig. Det er vel heller ikkje mulig med ekstraomgangar no? Blir det ikkje united-siger ved 3-3 pga bortemål?
  7. United med 1-2 til pause her er faktisk heilt vilt. Første 30 er elendige, med unntak av første to minutta, men etter 1-2 scoringa har dette blitt heilt ok. Heilt nødvendig å gå tilbake til fire i bakre leddet og Dalot har med eitt unntak sett bra ut. Kan vi gjere meir enn dette? Veeeeeel. Det ville vere å strekke både flaksen og diverse anna svært langt. Slik kampen har vore så langt er det vanskeleg å utelukke noko, men akkurat no er eg veldig happy om vi kan klare å sjå ut resten av kampen på eit skikkeleg vis, gje PSG skikkeleg kamp og ikkje dette for mykje frå kvarandre bakover.
  8. Veratti fekk ikkje, som skulle hatt først. Di Maria fekk, som kanskje var litt billig, sjølv om han er sein. Deretter skulle han kanskje hatt eitt til. Ooooof. Offside.
  9. HAHAHAHAHAHAHAHAH! Det skal faen ikkje vere mogleg. Vi kjem til å tape dette 5-2, men vi har scora to mål i Paris! Vi er elendige, men det er noko skikkeleg United over det som har skjedd når vi kjem inn på PSG sin halvdel.
  10. Det blir uansett ekstremt tøft når ein ikkje klarar å halde i ballen i det heile tatt. Det ser ut til å vere fire-fem fleire spelarar i blått enn rosa. 250 vs 25 vellykka pasningar første 25 minutta. United har ei pasning i minuttet! Då er det ikkje rart det blir vanskelig.
  11. Det var uansett ei vanvittig stor oppgåve å skulle reise til Paris med ti mann ute. Starten var sjølvsagt perfekt, men det blir for tynt mot eit så godt lag. Forsvaret har ikkje fungert godt nok slik ein har lagt opp no, spesielt på høgresida der det ser ut som at både Bailly og Young er svært usikre på kva dei faktisk skal drive med. Eit anna problem er at den midtbanen vi har i dag ikkje er i stand til å ta tak i ballen og halde den over tid. Vi får to-tre pasningar i laget og så må ein anten prøve å få til noko framover, eller så mistar vi ballen. Det er ikkje unaturleg når alle tre som startar på midten er andreval. Skulle ønskt at vi kunne klare å stå litt tettare opp i motstandarane, men vi er nok ikkje heilt der per i dag, med den troppen vi mønstrar til denne kampen. Høgresida vår defensivt må det nok uansett gjerast noko med, for der har vi ekstremt trøbbel med å plukke opp løp.
  12. Utruleg godt med ein ny siger i går, men ein kan ikkje akkurat påstå at det var fantastisk imponerande det som vart levert. Mykje har sjølvsagt med dei mange skadane å gjere, men eg vil påstå at vi er litt heldige som kjem unna med tre poeng. Det blir heldigvis berre eitt baklengs, men kunne fort ha vore eit par til, for i periodar er forsvarsspelet nesten fråverande. Palace har nokre feite sjansar som ikkje blir utnytta og dei kjem som oftast på grunn av svakt forsvarsspel eller unødvendige balltap i farlege posisjonar. Sjå berre på situasjonane før reduseringa til Palace. Kor mange gongar har ikkje United sjansen til å få ein fot på ballen eller få beina den vekk, men i staden blir ein for passive, for forsiktige og i tillegg altfor svake i markeringane då ballen blir slått inn framom mål. Ein merkar veldig godt kor mykje mindre kontroll laget har med den midtbana vi stiller i går. Det blir for ofte til at ein slår vekk ballen tidleg, heller enn at ein klarar å halde ballen i laget, kontrollere tempoet i kampen og styre det heile dit ein ønskjer. Det hjelper heller ikkje at dei to på topp ikkje klarar å kombinere spesielt godt med dei på midten. Lukaku gjer det han skal med sine to scoringar, men det Sanchez leverer blir for tynt. Har nokre positive involveringar, men eg synest det går altfor seint med han kvar gong han får ballen. I staden for å sleppe frå seg ballen tidleg, gå på ny bevegelse og skape uro, så blir det for ofte slik at han vil gjere mest mogleg sjølv, og så går han seg til slutt fast eller så slår han vekk ballen når han først prøvar på pasning. Håpar han kan løfte seg med meir speletid, men det skulle også berre mangle med tanke på nivået det har vore på han i det siste. No ville det uansett bli vanskeleg når ein har så mange skadar. Vi såg jo også kor svekka laget vart med dei mange endringane mot Reading i FA Cupen, og difor er det litt urettferdig å vere for kritisk mot spelarane, som kanskje ville fungert betre om dei fekk kome inn i eit lag med færre endringar. Eg skulle likevel gjerne sett at både Fred og Sanchez leverte minst to hakk opp. Statistikken til OGS er det samstundes ingenting å seie på. 15 kampar, to uavgjorte og berre eitt tap er rett og slett uverkeleg bra og det er spesielt bra når ein klarar å skaffe seg resultat, sjølv med mykje skader og med prestasjonar som ikkje er heilt der oppe ein gjerne skulle ønskje. No kjem det ein svært spanande mars-månad, med returen mot PSG (som truleg ikkje får så mykje å seie), Arsenal borte, kvartfinale i FA Cupen og eit par ligakampar på heimebane som bør kunne gje tre poeng. Håpar vi har eit par karar tilbake allereie til Southampton-kampen i helga og ikkje minst at vi klarar å halde resten skadefrie i så stor grad som råd.
  13. Meget bra prestasjon av United i kveld. Godt å slå tilbake på den måten etter avslutninga på kampen mot PSG. Ikkje at United skaper enormt med sjansar i denne kampen, men nok til å få med seg eit par flotte mål, og når ein då ikkje slepper til særleg bakover, spesielt i den andre omgangen, så blir det rett og slett temmeleg komfortabelt på brua. Skal seiast at Chelsea har nokre brukbare sjansar i den første omgangen. Mellom anna får Higuiain stå heilt åleine og heade utanfor frå sju meter, men det blir mykje mindre farleg enn dei to vi scorar på fordi han omtrent står og ventar på ballen før headinga. Begge måla til united så er timingen på løpa og presisjonen på innlegga så god at det er ekstremt vanskeleg å forsvare seg mot og i tillegg "enklare" for spelarane som skal prøve å putte ballen i mål. To veldig flotte mål og totalt sett ein svært positiv kamp. Pogba får naturligvis mykje fokus etter ein slik kamp, men må seie at Herrera kanskje er min MOTM, for det han leverer i dag er enormt. Først på "alt", scoring og ein enorm innsats.
×
×
  • Create New...