Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 969
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Du kan òg besøke eller ringe ein seriøs tredjepart som forhandlar den ovnen. Dei bør ha erfaring med installasjon i nyare hus og kan kanskje gje nokre gode innspel. Du kan spørje Nordpeis, men fare for at svaret blir det som står på nettsidene: Ev. reklamasjon må du vel ta mot utbyggar som har ansvar for heile prosjektet? Det er dei som har kjøpt og fått ovnen installert.
  2. Om trekken fungerer greit ved opptenning kan du la døra stå åpen lengre for å få meir varme i pipa før du lukker den. Opptenninga kan gå fort med riktig ved og ev. briketter, men pipa blir ikkje varm av eit par minutt med god fyr i ovnen. Så lenge røyken går ut pipa er det ikkje noko problem å la døra stå på gløtt. Blir det for heftig tilførsel av oksygen kan du regulere ventilen for tilluft så den får mest gjennom døra. Med kald pipe er det kanskje ikkje nok trekk gjennom ventilen på ovnen til å halde det gåande. Ved å få meir varme i pipa får du meir løft frå den for å få nok luft inn ventilen når døra er stengt.
  3. Pipa er isolert for å unngå varmetap i pipeløpet og oppnå betre trekk når den blir varm. Det er eit relativt nytt hus. Kva med å ta ein telefon til dei som installerte pipa?
  4. Samtidig kan utgiftene til vedlikehald gå opp, så det er fleire faktorar enn verditap som speler inn. Du skal vere ganske uheldig for at ein 3-5 år gammal bil blir like dyr over like lang tid som å kjøpe ny bil, men det er ikkje nødvendigvis så veldig store forskjeller om bilen kun 2-3 år gamal. Smartepenger har ein del gode refleksjonar og reknestykke om dette: https://www.smartepenger.no/bilokonomi/375-skal-du-kjope-ny-eller-brukt-bil
  5. Zeph

    Elbil-tråden

    Er bilane identiske ellers? Nei. At ein bil går lengre enn ein anna gjer den ikkje nødvendigvis til ein betre bil. Det er totalen som betyr noko. Tesla sine bilar har lenge gått langt, men eg synest mange andre bilar som går 50-100 km kortare er betre bilar. Etter tre år med elbil har ikkje eg noko behov for å maksimere rekkevidde på eit framtidig kjøp. Det er alt for få ganger per år der rekkevidde over 3-400 km betyr noko for min del til at det blir høgt prioritert. Ein bil med mindre batteri er òg billegare.
  6. Ikkje at kjøleskap frå Samsung er så aktuelt, men det blir ikkje meir aktuelt med sånt.
  7. Har noko endra seg mtp. ventilasjon i huset? Nytt hus med mekanisk ventilasjon? Alle vifter som skal gå går og ev. spjeld i riktig stilling?
  8. Eg sto og kikka på sjokoladeplatene, men varianten med Kvikk Lunch og appelsin var ikkje der, så det vart ikkje kjøp.
  9. I min nettbank (DNB) blir skjermingsfrådraget lagt til beløpet for skattefritt uttak kvart år. Det er kanskje likt i andre bankar. Dvs. om du ikkje har nytta skjermingsfrådraget for eit år så får du det med vidare og vil bli lagt til beløpet for skattefritt uttak. Det beløpet vil stige utan at du kjøper meir til kontoen. Har du hatt fond i mange år, ev. har kjøpt eller solgt på ulike tider så er det ikkje lett å rekne ut skjermingsfrådraget, men når beløpet blir lagt til det skattefrie beløpet har du all informasjon du treng for å gjere vurdering av uttak mtp. skatt. Tar du ut heile det skattefrie beløpet i td. DNB så har du tatt ut alt innskote og heile skjermingsfrådraget. ————————————— Ellers er globale indeksfond tilbake på ny ATH etter Trump-duppen som tok til i februar i år. Sjølv med den er td. DNB Global Indeks 4.75% opp så langt i år. KLP-fondet er over 5%.
  10. 1000-2000 kroner.
  11. https://noroppgjor.no/privat-salg/ Det var endå eit hakk opp i pris.
  12. Meglaren me fekk pris på 20k av er han som selger bustaden familemedlemmet har kjøpt. Får ta nokre telefonar i morgon og avklare.
  13. Einig, spesielt sidan det var litt kort frist og ingen av oss har gjort dette før. Trur eg satsar på det, ev. prøver å prute på lokal megler. Edit: Propr skreiv at det tok minst tre veker, så om lokal meglar får det til raskare er det kanskje like greit.
  14. Eg skal sjekke med banken sidan det er lån involvert. Finnes det ei smørbrødliste eller er det så enkelt som å skrive ut kontrakt, skrive på alt, sende inn og overføre pengar? Selgar skal bruke pengane til kjøp av bustad, så om eg får gjennomført det ila. eit par veker kan dei unngå mellomfinansiering. Våre midlar kjem frå sparekonto og lån. Banken vil kanskje ikkje overføre pengar til selgar før dei ser at me har overtatt bustaden?
  15. Begge partar har ein stabil økonomisk situasjon, begge har finansieringsbevis og det er ingenting som tilseier at det skulle dukke opp økonomiske problem med nokre av partane.
  16. Når så mange andre her i landet får bygge innafor strandsona så hadde eg ikkje venta anna enn at kongen òg fekk lov.
  17. Det var litt sånt eg ville finne ut av. Kva gjer ein advokat som me ikkje kunne klart sjølve? Er det mykje greier med papir og sånt for å få det til? Er det noko du må ha advokat til? Kan banken kreve profesjonell involvering for å sikre seg sjølv? Eg ventar ingen tvist. Det er nær familie, me er godt kjent med huset og har takstrapport. Huset skal kjøpast med både eigenkapital og lån, men der har vel banken kontroll.
  18. Nokon som har erfaring med å kjøpe hus utanfor marknaden, td. av familiemedlem, der pris er avklart og du kun treng hjelp til det formelle? Meglaren dei me kjøper av har kontakt med skal ha 20 000,- for jobben. Propr skal ha 9900,-. Finnes det fleire alternativ, ev. mogleg å gjere det billegare? Eg er medlem i LO Favør, men klarte ikkje heilt å finne ut av kva det ville kosta å brukt advokat gjennom det. Nærmaste eg kom var 2019,- kroner timen hos Legalis.
  19. Har NextGenTel blitt betre dei siste åra? Eg meiner å hugse at dei gjorde det relativt dårleg på undersøkingar tidlegare. Det kan ha vore enkelttilfelle eg har fått med meg, og i tilbakemeldingsbransjen finn du alltid alt frå stryk til toppscore. https://www.aftenposten.no/digital/i/rP0W8w/disse-tv-og-bredbaandsleverandoerene-har-de-mest-og-minst-fornoeyde-kundene Huset me skal overta har pdd. Altibox, som då er det enklaste å overta, men eg skal sjekke med både NGT og Altibox for å sjå kva prisar dei kan gje.
  20. Når batteriet er lada opp er det ikkje nødvendig at det står på lading, men er traktoren sjeldan i bruk så er det ikkje dumt å lade litt av og til. Du finn ut om batteriet fungerer når du har brukt traktoren ein periode. Batteriet kan fungerer fint sjølv etter å ha vore heilt utlada. Det verste er om det står utlada over lengre tid.
  21. 30 GB er for lite. Eg har jobbtelefon med 100 GB, men sjølv det er lite om det blir strøymd 2-3 timar kvar dag. ICE (399/mnd) skrur ned frå 200 Mbit/s til 3 Mbit/s etter du har brukt 100 GB. Du kan få 100 GB til for 299,-, men då er du oppe i 700/mnd. Altibox skal ha 869,- for 150 Mbps. NGT skal ha 699,- for 50 Mbps og 749,- for 100 Mbps. Ein kan nok få eit oppstartstilbod hos Altibox med litt rabatt, og så ev. true med å skifte til NGT om prisen går opp igjen.
  22. Nokon som har testa Starlink eller sett andre alternativ for å få internett som er billegar nok enn 900/mnd for fiber til at det er verdt å prøve?
  23. Amazon har fungert veldig bra for min del. Det er stort sett ryddig og du ser sluttsummen før du kjøper.
  24. Zeph

    Prolaps

    Har eit eller anna i korsryggen etter styrketrening. Bøkene til Stuart McGill har vore veldig nyttige. Kan anbefalast til alle med ryggsmerter. Back Mechanic er ein god start. Kort oppsummert er å identifisere kva som fører til smerte og unngå dei rørslene. Det er mykje meir og nyttig informasjon i bøkene. Eg var til noko fysio, men det som gjorde ein forskjell var å endre måten eg bevega meg på.
×
×
  • Opprett ny...