Det tok litt tid å venne seg til rygging med Tesla. Først skjer det lite, men så skal du ikkje langt inn med pedalen før du får veldig god fart, spesielt om du ryggar nedover. Hadde ikkje gjort noko om den var litt treigare bakover. Sjeldan det er behov for så høg hastigheit uansett.
Ellers har eg møtt fleire eldre med MEB (VAG) som har rota mykje med infotainment, app, innlogging osv. Og det med god grunn, for det er mykje rot og feil på dei systema. Av og til må du gjennom ein heil runde med reinstallering, logge inn på nytt, legge til bil osv. for å få ting til å fungere. Nokre feil løyser seg ved å dra ut og setje tilbake ein sikring i bilen.
VW sin app og alt det der er i tillegg levert av nokre andre, så Møller kan ikkje hjelpe med alt.